nr april 2012 Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 36

Like dokumenter
nr april 2014 Blir 2014 eit toppår for Førde IL Orientering? Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 38

årsmelding Skulesprinten 2012: Førde IL Orientering årets DNB-sprintarrangør

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Førdebodstikka 2013 regn og vått men bra deltaking Foto: Heidi Lise Bakke

Organ for Førde IL orientering

Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!! nr april 2015

nr april 2011 Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 35 Det er da vakkert!! mange naturidyllar møter o-folket

nr våren 2016 Sesongstart i Movika 13. april! 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s

årsmelding

årsmelding FØRDE IL ORIENTERING Auka deltaking på nærløpa Skulesprinten 2009 ein suksess

årsmelding

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Frå DM 5. september: Alan Cherry, Varegg - vann H 21. Foto: Marius Dalin

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Årsmelding for O-gruppa 2015

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Foto: Heidi Lise Bakke. Leiar Tor Christopher Fink Mobil

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Treningsløpsinstruks 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6-åringar på skuleveg

INSTRUKS FOR LØYPELEGGJARAR, LØPSLEIARAR OG MEDHJELPARAR O-GRUPPA VOSS, SESONGEN 2018

Bruk av driftsmidlar Frifond

HOLMØYSKARRENNET 2002

Sørreisa O-lag O-JAKT ARRANGØRMAPPE KART:

Innbydelse O Festivalen 2012

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Etiming på nærløp. Dersom du får opp vinduet under er filene fra forrige løp flyttet, og du må oppgi hvor systemfilen ligger.

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

INVITASJON til Etne Cup 2007

Klubbkonferansen Arbeidsgruppe 4 FFO/Ekstratilbud

Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

MIDTSOMMERSPRINTEN MIDTSOMMERLØPET CAMP STOKKE CAMP OSLOFJORD 16, 17. OG 18. JUNI 2017 MIDT I VESTFOLD

Velkommen til songarstemne i Florø!

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

Sist oppdatert: 2018/04/20 18:34 1/5 Nyttårsløpet. Rolle Løpsleder Sekretariatsleder Løypelegger Startleder Salgsleder Klubbens arrangementsansvarlig

Lagledermøte mandag 25. september på Idrettens hus Ullevål stadion - Presentasjoner AKERSHUS OG OSLO ORIENTERINGSKRETS

REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM I ULSTEINVIK

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

INFORMASJON FOR OPPMENN

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Styret foreslår følgjande endringar på pris ved lån/ leige av klubbens kajakkar:

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

etiming og eventor i AAOK karusellen

etiming og eventor i AAOK karusellen

Vintervèr i Eksingedalen

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Rekrutteringsplan FBK Voss

Stemnehandboka for NKSF

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Telenor Xtra FFO. Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Klasser Starttid Løypelengde Drikkestasjoner. Herrer 5km, Damer 5km Fellesstart kl ,9km Etter 3km

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

: Lilly Schøyen, Atle Hamar, Martin Hopland og Yngve Thorsen (adm.)

N Æ R T U R. i Førde

PM for Veteranmesterskapet og Modum 2-dagers september 2016.

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Innbyding til Fjord O 2018

I tillegg er det premie til alle i klassen "Timeklubben" som fullfører på under timen.

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Eksamen våren Fag: MAT1001 Matematikk 1P-Y. Eksamensdato: Tysdag 13. mai Kunnskapsløftet. Vidaregåande trinn 1. Yrkesfag.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn. 5 personar. 2 FAU-repr + vara og 2 klassekontaktar.

LØRDAGSKJAPPEN Lørdag 22. April 2006

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen TRL2002 Transport og logistikk. Programområde: Transport og logistikk.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Opprydding i mapper og filer

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Retningslinjer for Kongleriket Miniputt-arrangement

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

Transkript:

1 nr april 2012 www.fordeorientering.com Ho Dagmar rota fælt i orienteringsterrenget vårt (Fleire bilde frå hennar herjingar inne i bladet) Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 36 Hugs O-festivalen 22.-24. juni på Beitostølen og særleg Fjord-O West 2012 26.-29. juni på Voss

Ny sesong i etterkant av Dagmar Da er det på tide å ønske velkommen til ny orienteringssesong. Vinteren har gitt mindre snø enn i fjor så mange av løpsområdene våre er blitt tidligere løpbare enn året før. Vinteren har derimot bydd på andre utfordringer enn mye snø. Orkanen Dagmar brakte store ødeleggelser til kysten men også til skogen og dermed mange av våre løpsområder. Utover våren blir mye av dette ryddet og dette vil kunne gi en del endringer i kartene våre. Vi jobber med å oppdatere dette men noen løpere vil kanskje oppleve utfordringer knyttet til at veivalget bringer dem til områder preget av orkanens herjinger. Jeg ber dere utvise normal forsiktig i skog og mark i årets sesong. Tor Christopher Fink Leder Førde IL Orientering Innhald i dette nummer Rekrutteringsrådet aktivitetar i 2012 side 3 Terminliste nærløp og K-løp side 5 Nærløp 2012 kartområde og samlingsplassar side 6 Prosedyrer og rutiner for Nærløp side 7 Turorienteringa 2012 side 9 Teknisk Råd informasjon i forkant av sesongen side10 EKT-utstyr til arrangement side 12 Lager og utstyr på FIL-huset side 13 Sesongen kan by på ein del uryddig terreng O-posten nr. 1. 2012 side 2

Rekrutteringsrådet - aktivitetar i 2012 Skulesprinten 2012 Torsdag og fredag i veke 21 og 22 (siste del av mai) vert det full O-aktivitet på Soleide. I det flotte området på Soleide vil det desse fire dagane mellom klokka 10-14 vere om lag 500 femte-, sjette- og sjuandeklassingar frå alle barneskulane i sentrum i sving med å finne orienteringspostar. Her kan alle elevane sykle til og frå skulen sin, springe N- løype og EKT-sprint,- alt under kyndig vegleiing av røynde folk frå O-gruppa i Førde i tillegg til lærarane dei har med seg. Desse dagane er om lag 10 stk frå O- gruppa i sving på dagtid med instruksjon og arrangement. Ein stor og verdifull innsats for å spreie Den glade bodskapen om orientering (sitat: Helge Schei). Råtasskarusellen 2012 Dette er eit av O-gruppa sine tilbod for ivrige jenter og gutar mellom 6 og 12 år. Etter stor suksess med dette tiltaket i 2011, satsar vi som i fjor på tysdagen som arrangementsdag. Det er fleire grunnar for dette: Vi vil gje eit tilbod for dei som er opptekne med andre idrettar på nærløpsdagen som er onsdag. Vi vil ha fullt fokus på denne aldersgruppa og gje eit tilbod om instruksjon og oppfølgjing berre for dei. Dei aller ivrigaste har no høve til orientering to dagar i veka. (Fire samlingar om våren og to om hausten). Arrangementsstadene er i hovudsak sentrumsnære med lett tilkomst. Tidsplanen for kvar dag er frå kl 18:00 til ca. kl 19:00, og dato og stad for arrangementet ser du av tabellen under. Dato Stad Merknad Tysdag 17. april Førde ungdomsskule Tysdag 24. april Slåtten skule Tysdag 1. mai Vieåsen (Ballbana) I samband med Sunnfjordorienteringa Tysdag 8. mai Flatene skule Tysdag 28. august Langeland skisenter Onsdag 5. september Førde vassverk Saman med nærløp O-posten nr. 1. 2012 side 3

Program for Råtasskarusellen 2012 Vi har først ei lita samling. Kort instruksjon. Lette løyper på avgrensa område. Ferdig trykte løyper. Tidtaking (Alle får låne EKT-brikker). Alle får premie på siste samling. Premie for dei som er med på flest løp (Råtass og nærløp til saman) Pølsefest / Grilling på Langeland skisenter (28. august) Tilbodet har svært låg terskel. Her skal alle ha utbytte av å vere med. Alle skal lukkast frå første dag. Tilbodet er gratis På kvar av desse tysdagane stiller O-gruppa med ein eller to vaksne, pluss fleire aktive ungdomsløparar som medarrangørar og hjelparar. Men NB! Vi er avhengige av at borna har med seg vaksne Velkomne til fart og spenning med kart i hand! (Vi brukar ikkje kompass) Fylg også med på Førde orientering si heimeside www.fordeorientering.com for nærare førehandsinformasjon og reportasjar etterpå. ********* Prøv orienteringsspelet Catching feature Catching feature er eit orienteringsspel der du kan prøve deg som orienteringløpar på datamaskina di. Dette er ein morosam måte å trene på, samt å få forståing av å «oversette» kartet til terrenget, pluss å bruke kompasset. Spelet kostar ein del å kjøpe, men du kan laste ned ein gratis demo-versjon direkte frå spelets nettside. (http://www.catchingfeatures.com/) Sjå også Norsk Orienterings offisielle skuleside www.o-skolen.no O-posten nr. 1. 2012 side 4

Terminliste Nærløp og K-løp 2012 Dato Kart/Område Stad Arrangør(ar) Merknad APRIL Tirs 10. Førde sentrum Førde Ungd.skule Reidar Eide + medhj. "Råtass" Ons 11. Klappene Soleide Kjell Arne Hjellbrekke/Svanhild Handal Nærløp Tirs 17. Slåtten Slåtten skule Reidar Eide + medhj.(eli Numm. ) "Råtass" Ons 18. Sjukehusparken Høgskulen Sivert Vinj. Årdal/Håvard N. Os Nærløp sprint Tirs 24. Flatene Flatene skule Reidar Eide + medhj. "Råtass" Ons 25. Moskog Moskog Tore Reikvam/Åse Reikvam Nærløp MAI Tirs 1. Tefre Vieåsen (Ballbana) Egil Nestande løypeleggar K-løp Sunnfj.orienteringa Ons 2. Tefre/Vieåsen Vieåsen (Ballbana) Gunnar Gytri løypeleggar K-løp Førdebodstikka Tirs 8. Førde sentrum Førde barneskule Reidar Eide + medhj. "Råtass" Ons 9. Skjervane Bulingstjønna Yngve Årdal/Johan Magerøy Nærløp Ons 16. Digernesvatnet Etterlid Marius Dalin/Synneve Kalstad Nærløp Ons 30. Grimelandshaug Angedalen skule Harald Hjellbrekke/Ove Naustdal Nærløp JUNI Ons 6. Vassenden Jølster Skisenter Gunnar Gytri/Øyvind Nesse Nærløp Ons 13. Bringeland Flyplassen Jostein Fredly/Steinar Lote Nærløp LM lagsmesterskap Ons. 20 Digernesvatnet Høgda aust Torodd Os/Bjørn Olav Øvrebø Nærløp JULI AUGUST Ons 8. Halbrendslia Reset Gaute Strømme/Merete Larsmon Nærløp Ons 15. Langeland Høgda Torodd Os/Trygve N. Os Nærløp Tirs 21. Reidar Eide + medhj. "Råtass" Ons 22. Naustdal Tambarsjelvar IL Nærløp Tirs 28. Reidar Eide + medhj. (Eli Numm.) "Råtass" Ons 29. Digernesvatnet Masdal Egil Nestande/Jan Erik Øygard Nærløp SEPTEMBER Søn 2. Naustdal Tambarsjelvar IL K-løp Haustbløyta Ons 5. Digernesvatnet Førde Vassverk Tor Christpher Fink/Øyvind Nesse Nærløp Ons 12. Digernesvatnet Viestølsvegen Helge Schei/Håvard Nummedal Os Nærløp Ons 19. Furebø Kjerrestad Harald Hjellbrekke/Johan Magerøy Nærløp OKTOBER Fre 5. Naustdal Tambarsjelvar KM Natt DESEMBER Ons 26. Helge Schei Romjulsløpet O-posten nr. 1. 2012 side 5

Nærløp 2012 kartområde og samlingsplassar (Terminlista og kartet kan du også laste ned frå vår nettside www.fordeorientering.com ) O-posten nr. 1. 2012 side 6

Prosedyrer og rutiner for Nærløp (Oppdatert mars 2012) Generelt 1. Vi har ein løypeleggar (den som står fyrst på lista)og ein medhjelpar. Løypeleggaren har ansvaret for å legge ut ei A-løype ca 4-5 km, ei C-løype på 2-3 km og ei N-løype. (Sprintløyper skal leggast opp etter vinnartid på ca 15 min). Om du som løypeleggar vil kvalitetssikre løypene med nokon i gruppa, ta kontakt med Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande. Medhjelparen har ansvar for rakettløypa. Han har ansvar for å ta med og å returnere teknisk utstyr til rakettløypa: 6 stk. postbukkar + 1 stk. ekstra startbukk, rull med merkeband og 1 stk. ekstra MTR. Medhjelparen skal førebu ein del sosiale tiltak, som; lagstelt, informasjon og frukt, saft og ev. bollar. Dei to ansvarlege samarbeider om registrering av deltakarar, innkrevjing av startkontingent, sal av sesongkort og informasjon. I god tid før løpsdagen 1. Merk deg dato og stad for det løpet du skal ha ansvaret for, dersom du ikkje kan på oppsett tid må du byte med ein annan på lista. 2. Byte mellom løypeleggarar/medhjelpar må meldast nærløpsansvarleg. 3. Seinast fredag før løpet sjekkar nærløpsansvarleg at dei som er sett opp kan ta nær-oløpet, han melder deretter inn rette opplysningar til standardannonsa i Firda. (frist fredag Kl. 15:00) 4. Seinast søndagen før løpet legg løypeleggaren ut informasjon på http://firda.origo.no. Namn: Nærløp orientering. Gjentaking: til løpsdato. Legg inn: skildring (viktig) og bilede (mindre viktig). Regi: Førde IL orientering. Tilgang: alle. Huk av i boks Bruk ropert. Løypeleggaren legg ut tilsvarande info på www.fordeorientering.com 5. Planlegg løypene, ta minst ein tur i terrenget som planlegging. Bruk då utskrift av kartet som du får ved å vende deg til teknisk råd. 5. Legg gode løyper, 4-5 kilometer A-nivå (krevjande) og ca 2-3 kilometer C-nivå (løyper med klare haldepunkt ved postane). N-løypene kan ikkje bli for lette. 6. Bruk løypeleggarprogrammet i Ocad til å teikne inn løypene. Kontakt Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande i god tid før løpet om du treng hjelp til innteikning av løypene i Ocad og hjelp til utskriving av kart med postomtale. Skriv ut om lag 20 kart i kvar løype. Seinast dagen før løpet 1. Hent nødvendig utstyr (Utleigebrikker, MTR, kart, skjermar, plastlommer, plakatar) på lageret i FIL-huset. (Torodd har nøkkel) 2. Sett 2 stk. (MTR) Mini Time Recorder, på lading frå kveld til morgon (utan å røre batteriet) 3. Sett ut postane i A-løype og C-løypa, N-postane må ein sette ut løpsdagen. 4. Ha klar informasjonen du skal henge opp, informasjonsfoldarar, nye innbydingar til o-løp. 5. Ha mottatt revidert namneliste frå Harald Hjellbrekke (Tlf: 977 12 051) 6. Hugs å kjøpe frukt, ev. bake eller kjøpe minst 40 bollar som du tek med på løpet. 7. Hent plastdunk med plass til 15 liter vatn, saft (må kjøpast for kvar gong) og drikkebeger på lageret (FIL-huset) 8. Hent lagsteltet på lageret, samt eitt bord og 2 stolar, pluss infotavle på lageret (FIL-huset) Løpsdagen, før løpet 1. Vere klar til å ta i mot deltakarane 15 minutt før oppsett tid.(17:45). Då må all førebuing vere ferdig. 2. Merk vegen fram til frammøtestaden med o-skjermar (viktig) 3. Ha sett ut alle postane med EKT-eining. Bruk ei vanleg EKT-eining til målpost. 4. Hugs eigen startpost (som er merka START). 5. Sett opp informasjon om sal av sesongkort og startkontingent. 6. Sette opp lagsteltet, (dersom regn eller fare for regn), stol og bord, ha klar saft og bollar. 7. Ha klart eit pengeskrin med vekslepengar. O-posten nr. 1. 2012 side 7

Under løpet 1. Løypeleggaren og medhjelparen tek i mot påmeldinga og betaling på ulike løyper, kryssar av på revidert namneliste og fyller ut manglande opplysningar (telefon, e-post, m.m) 2. Dei yter ulik service ( frukt, ev. bollar, saft, trøyst og ros, påminning om neste løp) Oppslag Startkontingentar: Til og med 11 år Kr 10 Brikkeleige : Til og med 19 år Gratis 12-19 år Kr 20 frå 20 år Kr 20 Over 20 år Kr 50 Det er høve til å delta i Rakett og N-løype for same kontingent Etter løpet Medhjelparen skriv resultatliste og sender denne elektronisk til: FIRDA avis: sporten@firda.no, STATISTIKK: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net KASSERAR: egil.nestande@online.no 1. I resultatlista til Firda avis skal det stå tider frå A-C-løype, damer/jenter for seg. I resultatlista frå N-løypa skal det berre stå delteke, (ikkje tid). 2. Betale den samla startkontingenten inn til konto i Sparebanken Sogn og Fjordane v/egil Nestande, Kvamane 7, 6800 Konto: 3700.07.15094,og sende kvittering på innbetalt beløp, pluss kladd av deltakarliste frå nærløpet til Egil Nestande. 3. Sende kladd av deltakarlista til Harald Hjellbrekke. 4. Ta inn postar og utstyr slik at alt er tilbake på lageret (FIL-huset) seinast laurdagen etter løpet. Hugs at utstyret er svært verdifult når vi brukar EKT. 5. Sett inn alt utstyr på lageret og lever nøkkel tilbake til den du har lånt den av. Teknisk råd Torodd Os: Tlf: 913 95 912 e-post: torodd.os@enivest.net Egil Nestande: Tlf: 906 22 156 e-post: egil.nestande@online.no Helge Schei: Tlf: 907 26 290 e-post: helge.schei@mentor.no Rekrutteringsrådet Reidar Eide: Tlf: 977 81 858 e-post: reidar.eide@enivest.net Sunneve Kalstad Tlf: 911 52 942 e-post: sunneve.kalstad@vegvesen.no Kaotisk i Tefremarka der Dagmar har fare fram O-posten nr. 1. 2012 side 8

Turorienteringa i 2012 Turorientering er eit av Norges største mosjonstilbod. Gjennom turorienteringa gir over 180 klubbar kvart år eit variert trimtilbod til meir enn 60.000 menneske. Førde IL Orientering har hatt dette tilbodet som ein del av vår årlege aktivitet sidan tidleg i 1970-åra. Oppslutninga om turorienteringa har variert gjennom åra, men har vanlegvis vore 100-150 deltakarar. Etter auka oppsluting i 2010 fekk vi i 2011 ein markert nedgang i deltakartalet. Målet for 2012 er igjen å auka oppslutinga slik at vi minst når samme antal deltakarar som i 2010. På noko lenger sikt bør det vera eit mål å få 5 prosent av innbyggarane i Førde til å delta i turorientering. Kartområda i Førde i år er: (kartet på side 6 viser kvar områda er å finne) Digernesvatnet (Langs Hunsrasta til Brulandsstølen og Digernesvatnet) Digernesvatnet (Langs vegen og stien inn mot Viestølen) Bingeland (med utgangspunkt i Djupedalen) Moskog opp til Mostølen Langeland (Bekkeholten - Hafstadstølane) Turorienteringskonvoluttar med kart og registreringskort vil bli lagt ut for sal hos G-sport, Førde Sport og Din Sport i første halvdel av mai. Sjå annonse i Firda og info på Det skjer - sidene når opplegget er klart. Postane vil stå ute til midten av oktober. Som i fjor vil det bli høve til å registrere postane gjennom turorientering på nett, sjå http://turorientering.no/forde. Aktuelt turorienteringsområde i 2012 Eitt av områda der du vil finne turorienteringspostar i år er langs Hunsrasta opp til Brulandsstølane og utløpsosen av Digernesvatnet. På denne turen får du også høve til å ta ein forfriskande dukkert i Bekkjavatnet ved det idylliske utløpet av Hunsrasta. Forsommaridyll ved Hunsrasta og Bekkjavatnet O-posten nr. 1. 2012 side 9

Teknisk råd informasjon i forkant av sesongen Utstyr I vinter er det med spesiell tanke på Instruksjonsrådet, kjøpt 1 stk. MTR4 komplett, pluss 30 stk. løparbrikker for instruksjon og skulebruk. Vi har også starta med gradvis utskifting av dei eldste posteiningane ved å kjøpe 10 stk. nye, slik at dei aller eldste i år kan takast heilt ut og berre nyttast til rakettløype. Dette gjeld postbukkane med nummer frå 84 til 108 (med unntak av 1. stk. nr 100). Vi er såleis rimeleg godt forsynte med arrangementsutstyr, og har i 2012 følgjande: Antall (stk) Type utstyr Merknad 1 Elektronisk startdisplay ESD2 I lag med Sogndal IL 73 Posteiningar Pluss 18 gamle frå år 2000 4 Starteiningar 4 MTR4 komplett m/skrivar 1 Måleining m/rs232 1 Startklokke 150 Postskjermar Halvparten nye eller lite brukt 2 Telt (Regnly og Tunneltelt) Regnlyteltet er gammalt Bord pluss 2 stolar Må snart skiftast Kartarbeid I 2012 siktar vi mot å ha ferdig nytt kart på Flatene og lia ovafor austover til Bystien. Planlagt omfang på dette kartet er frå Halbrend skule i vest til traseen for Bystien i aust, og frå Flatene i nord til Bekkjavatnet i sør. Kartet vil erstatte nåverande kart Flatene skule/ Halbrend skule. Planen er å ha kartet ferdig til opninga av Bystien i september. I tillegg til dette kartet har vi sluttføring av resynfaring og oppdatering av den vestlege delen av Langeland/ Bringeland. Fleire andre kart må også korrigerast på grunn av herjingane til Dagmar i vinter. OCAD 10CS-løypeleggingsprogram Vi har ein klubblisens av løypeleggingsprogrammet OCAD 10CS. Denne gir høve til å laste ned programmet til 10 maskiner (brukarar) frå adressa www.ocad.com. Interesserte kan kontakte kasseraren Egil Nestande (e-post: egil.nestande@online.no) for å få tildelt lisensnummer og nødvendig informasjon for nedlasting og aktivering av programmet. Nærløpsarrangørar som vil nytte OCAD 10CS til løypelegging må i tillegg få tilsendt aktuelle kartfiler frå ein av følgjande: Helge Torodd Gunnar Egil helge.schei@mentor.no torodd.os@enivest.net eller torodd.os@arki.no gunnar.gytri@orientering.no eller gunnar.gytri@enivest.net egil.nestande@online.no O-posten nr. 1. 2012 side 10

Kartplan fram mot 2020 Førde IL Orientering har ikkje hatt nokon oppdatert kartplan sidan midten av 1990-talet. Men i samband med rullering av Kommunedelplan for idrett og friluftsliv har vi overfor kommunen fremja våre planar for kvar 4-årsperiode som den kommunale planen gjeld for. Registrering av anlegg i Kommunedelplan for idrett og friluftsliv er eit vilkår for å kunne søke om spelemidlar. Førde kommune har stort sett tatt omsyn til vår innspel, og for nåverande plan, 2009-2012, fekk Førde IL Orientering registrert 4 anlegg: Moskog og Langeland/Bringeland som løpskart, og Grimelandshaug og Bystien som nærmiljøanlegg. Med unntak av nærmilijøanlegget Bystien er alle våre kart for inneverande kommundelplanperiode fullførte. Vi har fått innvilga og utbetalt spelemidlar til både Grimlandshaug og Moskog, og Langeland/ Bringeland er av Førde kommune ført opp som prioritert anlegg for tildeling av spelemidlar i 2012. Temamøte om kartplan og kartarbeid Etter initiativ frå Gunnar inviterte Teknisk Råd til eit medlemsmøte med kartplan og kartarbeid som tema. Møtet vart halde 27. mars, og dei 6 som møtte fram hadde ein grundig gjennomgang av ymse moment som vi bør drøftei samband med kartplan fram mot 2020, m.a.: Kva treng vi av orienteringskart framover, både på kort og lengre sikt Kva har vi kapasitet til, vurdert både ut frå kostnad og kapasitet til å lage kart Tilgang på terreng/ område for orientering Det siste punktet vart særleg grundig drøfta, og eitt moment som vart vektlagt var at før nye større kartprosjekt blir sett i gang må vi vurdere nøye kvaliteten på terrenget. Styret har ikkje sett nokon tidsfrist for ferdigstilling av kartplanen, men Teknisk Råd vil arbeide vidare med dei momenta som kom fram på medlemsmøtet. Til hausten startar sannsynlegvis kommunen arbeidet med Kommunedelplan for idrett og friluftsliv for neste 4-årsperiode, 2013-2016, og i denne bør vi prøve å få med minst 2 anlegg (konkurransekart) og 2 nærmiljøanlegg. Viktig kartarbeid på kort sikt, i tillegg til løpande oppdatering av ekisterande kart, er revisjon og oppdatering av kart i tilknytning til skulane. Ved oppdatering bør desse karta teiknast etter den internasjonale sprintnormen (ISSOM). Kinna er eit aktuelt område for kartlegging i nær framtid O-posten nr. 1. 2012 side 11

EKT-utstyr til arrangement EKT-utstyr Posteiningar m.m. Dato: 01.04.2012 Posteiningar Posteiningar Posteiningar Posteiningar Nr. U/lys Nr. U/lys Nr. U/lys Nr. U/lys 31 1 71 1 111 1 151 32 1 72 1 112 1 152 33 1 73 1 113 1 153 1 34 1 74 1 114 1 154 1 35 1 75 1 115 1 155 36 1 76 1 116 1 156 37 1 77 1 117 1 157 38 1 78 1 118 158 39 1 79 1 119 159 40 1 80 1 120 160 41 1 81 1 121 161 42 1 82 1 122 162 43 1 83 1 123 163 44 1 84 1 124 164 45 1 85 1 125 165 46 1 86 126 1 166 47 1 87 1 127 1 167 48 1 88 1 128 1 168 49 1 89 129 1 169 50 1 90 1 130 1 170 51 1 91 1 131 1 171 52 1 92 1 132 1 172 53 1 93 1 133 1 173 54 1 94 1 134 174 55 1 95 1 135 175 56 1 96 1 136 176 57 1 97 1 137 Mål/sistepost 58 1 98 138 249 2 59 1 99 139 Sum 4 0 60 1 100 2 140 Sum totalt 61 101 1 141 88 0 62 102 1 142 Starteining m/to piggar 1 63 103 1 143 Starteining m/to piggar 1 64 104 1 144 Starteining m/to piggar 2 65 1 105 145 Løparbrikke Versjon 2 66 106 Utgått 146 Løparbrikke Versjom 3 67 1 107 1 147 Instruksjon- og skolebr. 72 68 108 1 148 Avlesingsenhet, RS232, USB 1 69 1 109 1 149 MTR4 70 1 110 1 150 MTR4, komplett m/epr3 4 Sum 34 0 Sum 35 0 Sum 15 0 Skrivar EPR3 66, 68, 86, 89, 98, 99 Koder som ikkje finst Utfylling: Batteri til EPR3 Posteiningar kjøpt 2000 Posteiningar kjøpt 2005 Splittkabel til MTR Posteiningar kjøpt 2004 Posteiningar kjøpt 2006 Emit Time Recorder ETR3 Posteiningar kjøpt 2012 O-posten nr. 1. 2012 side 12

Lager og utstyr på FIL-huset Lagerrommet på loftet av FIL-huset er ikkje det lettast tilgjengelege når postbukkar, bord og stolar, telt m.m. skal berast ut og inn. Men stort sett fungerer det bra berre vi alle passar på å halde det ryddig. Alle som har henta, eller levert tilbake utstyr har sikkert sett oppslaget under på døra til lageret: (???) Viktig om bruk av utstyr! Alle som brukar utstyr frå lageret er ansvarlege for at utstyret blir levert tilbake og plassert på ordna måte. Postbukkar/ posteiningar: Etter bruk skal desse plasserast i nummer-rekkefølge. Hugs skikkeleg reingjering - dra ikkje masse jord og skitt inn på lageret. Meld frå om eventuelle feil og manglar. Postskjermar: Bruk berre skjermar av B- og C-kvalitet til nærløp og treningsløp. A-kvalitet er for konkurranse. Etter bruk løys opp alle unødvendige knutar på opphengssnora, sorter og plasser skjermane i rett boks. Våte skjermar må hengast til tørk. Reparer gjerne skjermane, men gjer det skikkeleg. Afrika-reparasjonar med hesjestreng, fiskesnøre o.l. blir ikkje godtatt. Tidtakarutstyr: MTR-rekorderar og skrivarar er dyrt utstyr som må brukast med fornuft. Etter bruk - pass på at rett utstyr blir plassert i rett koffert. Hugs å få tilbake utlånte EKT-brikker. Meld frå om eventuelle feil. Forbruksutstyr: Plastlommer, termisk papir, limband m.m. Legg ubrukt utstyr tilbake på rett plass. Meld frå om manglar. Telt: Etter bruk i regnvêr må teltduken henge til tørk før samanpakking. Pass på at stenger, pluggar o.l. som høyrer til vedkommande telt blir pakka i rett pose. Hald orden på lageret! (Lagerleiaren egil.nestande@online.no, tlf.: 906 22 156) O-posten nr. 1. 2012 side 13

Og slutt tar vi med.. korrekt oppheng av postskjermar (Detaljert framgangsmåte for folk som tar utsetting av postane verkeleg på alvor) Postbukk og stikke for postskjerm er plassert ved postdetaljen Skjermen er tredd ned over poststikka til rett høgde Skjermen er festa i sporet i stikka, og heng fritt, men trygt mot vêr og vind utan å hamne i tretoppane eller som ei klyse på bakken O-posten nr. 1. 2012 side 14