Solund kommune Arkiv: K2 - U43 ArkivsakID: 16/668 JournalpostID: 17/69 Sakshandsamar: Tor Arne Hauge Dato: 06.01.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 004/17 FORMANNSKAP 17.01.2017 Uttale oppdrett matfisk på lokalitet Klungerholmen/Guleskjeret - Sulefisk AS Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Solund formannskap tilrår at det vert gjeve løyve til oppdrett ved Guleskjeret/Klungerholmen. Søknaden frå Sulefisk AS er veldokumentert og grundig gjennomarbeidd. Sulefisk AS er ein lokal aktør som har aktiviteten sin innanfor eit avgrensa geografisk område, noko som bør takast med i vurderinga. Solund kommune meiner at det er viktig at merknadane frå andre næringsaktørar vert vurdert grundig av faginstansar og sektor myndigheitane som har fått søknadane til uttale. 17.01.2017 FORMANNSKAP Handsaming: Representantane Svein Jardar Utvær og Vigdis Ravnøy ber formannskapet vurdere deira habilitet i saka etter 6, andre ledd, særlege forhold. Representantane er ikkje med i vurdering av eigen habilitet. Formannskapet finn representantane habile til å fatte vedtak i saka. Felles framlegg til vedtak v/ordførar: Solund formannskap tilrår at det vert gjeve løyve til oppdrett ved Guleskjeret/Klungerholmen. Solund formannskap legg vekt på at lokale verksemder skal ha høve til å utvikle seg vidare i kommunen og vil tilrå at tildeling av lokaliteten vert gjort med slik prioritering: 1. Sulefisk 2. Eide Fjordbruk AS
Votering: Det vart røysta alternativt mellom administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak og formannskapet sitt felles framlegg. Formannskapet sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. FOR-004/17 Vedtak i: Solund formannskap tilrår at det vert gjeve løyve til oppdrett ved Guleskjeret/Klungerholmen. Solund formannskap legg vekt på at lokale verksemder skal ha høve til å utvikle seg vidare i kommunen og vil tilrå at tildeling av lokaliteten vert gjort med slik prioritering: 1. Sulefisk 2. Eide Fjordbruk AS
Vedlegg i saka: 25.10.2016 Oversender søknad frå Sulefisk AS lokalitet Klungerholmen/ Guleskjeret 25.10.2016 Søknad om lokalitet Guleskjeret signert 25.10.2016 Vedlegg 6.1.3 Guleskjæret 1 25.10.2016 Vedlegg 6.1.3 Guleskjæret 2 25.10.2016 Vedlegg 6.1.3 Guleskjæret 3 25.10.2016 Vedlegg 6.1.3 Kartutsnitt 1 til 50000 25.10.2016 Vedlegg 6.1.3 Kartutsnitt Solund akvakultur 25.10.2016 Vedlegg 6.1.5 Avtale_Hordafor_2015_med_beredskap 25.10.2016 Vedlegg 6.1.5 Beredskapsplan massedød, sjukdom 25.10.2016 Vedlegg 6.1.5 Rostein AS 25.10.2016 Vedlegg 6.1.5 Slakteriet nødslakting 25.10.2016 Vedlegg 6.1.5 Tank og massetransport ensilasje 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Avliving og Destruering av fisk 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Bedøving av fisk 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Medisinering og behandling 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Miljøregistreringer 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Prosedyre_for_daudfiskhandtering 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Sulefisk AS-kvalitetshåndboka-innholdsfortegnelse 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Tiltaksplan mot sykdom 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Vask og desinfeksjon av anlegg etter utslakt 25.10.2016 Vedlegg 6.1.9 Veterinær fiskehelse og velferdsplan 07.11.2016 Oversending merknad til Søknad frå Sulefisk AS. lok Klungerholmen/ Guleskjeret 07.11.2016 Merknad til Søknad frå Sulefisk AS. lok Klungerholmen/ Guleskjeret 09.11.2016 Motteken søknad om etablering av ny oppdrettslokalitet for laks og aure ved Guleskjeret 23.11.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 23.11.2016 e-post 28.11.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 28.11.2016 e-post merknad til sak 16-668 Ledig lokalitet Sulefisk 01.12.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 01.12.2016 e-post Støtte til fråsegn frå HAFS Utvikling datert 22.11.2016 vedr 01.12.2016 HAFS Utvikling Fråsegn vedkommande oppdrettslokalitet ved Guleskjeret i Solund 07.12.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 07.12.2016 e-post Vedrørende Eide og Sulefisk sine søknader om ny lokalitet Klugerholmen/Gulenskjeret 08.12.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 09.12.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 13.12.2016 Tillegg til fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 14.12.2016 Fråsegn til oppdrettslokalitet ved Klungerholmen/Guleskjeret ved 14.12.2016 e-post Merknad til søknad frå Sulefisk vedr. lok. Guleskjeret / Klungerholmen 06.01.2017 Tilleggsopplysningar til søknad frå Sulefisk AS. lok Klungerholmen/ Guleskjeret 06.01.2017 guleskjeret_sd200_multigraph
06.01.2017 Miljorapport-MOM-B-Sulefisk-Guleskjeret-nov2016-Fishguard-1087-16 06.01.2017 Rapport-strom-Guleskjeret-Sulefisk-des2016-Fishguard-P-1087-16 06.01.2017 Risikoanalyse-fiskesjukdommer-spesifisert-3 06.01.2017 Risikoanalyse-fiskevelferd 06.01.2017 Risikoanalyse-sjukdomssmitte 06.01.2017 Tiltaksplan mot sjukdom 06.01.2017 4041-01 Bunnkartleggingsrapport Guleskjeret Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova (pbl) Arealdelen til kommuneplanen Kva saka gjeld: Kommunal uttale til søknad om løyve til etablering av oppdrett på ny lokalitet. Saksutgreiing: Solund kommune fekk 24.10.2016 oversendt søknad frå Sulefisk AS om løyve til etablering av akvakultur på ny lokalitet for oppdrett av laks, sjøaure og regnbogeaure ved Guleskjeret i Solund kommune. 05.01.2017 mottok Solund kommune tilleggsopplysningar til søknaden. Lokaliteten det er søkt om ligg innanfor eit område som i arealdelen til kommuneplan for Solund 2008-2020 er avsett til framtidig lokalitet for oppdrett av laksefisk. Søknaden har vore annonsert i Firda, BT og Norsk Lysingsblad, på heimesida til Solund kommune og på kommunehuset, med høyringsfrist 14.12.2016. Kommunen skal vurdere søknaden i høve kommunalt regelverk, i dette tilfelle kommuneplanen sin arealdel. Planstatus: Anlegget er tenkt plassert sørvest for Guleskjeret i Bjørnefjorden, der det i gjeldande kommuneplan er sett av eit område til framtidig akvakultur (lysblå farge). Det er i retningslinene til kommuneplanen sin arealdel punkt 5.1.1.3 opna for at fortøyningar til akvakulturanlegg ved behov kan gå utanfor avsett område til akvakultur dersom det ikkje er i konflikt med tilgrensande arealbruk. Heile anlegget, utanom fortøyningane som går mot aust, vert liggjande innanfor området som er avsett til akvakultur i overordna kommuneplan. Planlagd årleg produksjon på lokaliteten er 3120 tonn. Merknader Etter høyringsrunden ligg det føre 7 merknader til søknaden. Eide Fjordbruk AS (brev datert 13.12.2016) Eide Fjordbruk AS argumenterer i sin merknad for kvifor dei meiner at Solund kommune bør støtte tildeling av lokaliteten til dei framfor Sulefisk AS. Deira viktigaste argument er: Saksgangen - Sulefisk sin søknad var ufullstengdig Smittefaren vil vere den same uavhengig av kva aktør som driv på lokaliteten Eide Fjordbruk sitt store behov for nye lokalitetar Tilføring av produksjonsvolum vil gje ringverknader i lokalsamfunnet
Solund kommune meiner at det er viktig at merknadane frå Eide Fjordbruk AS vert vurdert grundig av faginstansar og sektor myndigheitane som har fått søknaden til uttale. Norwell AS (brev datert 21.11.2016) Norwell er eit eksportselskap som i all hovudsak er eigd av oppdrettsselskapa i Sogn og Fjordane. Norwell argumenterer for at Sulefisk AS, som lokal aktør skal få tildelt ein lokalitet framfor nye aktørar som vil inn i området. Fleire aktørar med ulike driftsmodellar kan gjere det vanskeleg å førebygge og handtere sjukdomsutbrot. Solund kommune meiner at det er viktig at merknadane frå Norwell AS vert vurdert grundig av faginstansar og sektor myndigheitane som har fått søknaden til uttale. HAFS Utvikling (brev datert 22.11.2016) HAFS Utvikling påpeikar at eignelege lokalitetar er i dag ei mangelvare langs kysten, og at det må forventast stadig sterkare konkurranse mellom selskapa om godkjende lokalitetar. Med mange nyetableringar av selskap, vil vi fort få ein meir kompleks logistikk- og smittevernsituasjon enn den vi hittil har hatt. HAFS Utvikling tilrår at ein i denne situasjonen satsar på det selskapet som har kontoradressa si og hovudaktiviteten sin lokalisert i kommunen. Solund næringssamskipnad (brev datert 28.11.2016) Solund næringssamskipnad stiller seg bak fråsegna til HAFS Utvikling. Solund kommune ser at konkurransen om eigna lokalitetar for oppdrett er stor og vil truleg bli enno større i åra som kjem. Dette kan vere ei utfordring for mindre aktørar som held aktiviteten innanfor eit avgrensa geografisk område. Firda Seafood Group AS (brev datert 05.12.2016) Firda Seafood Group AS ser med bekymring på at Hordalandsoppdrettarar som ei fylgje av omstrukturering ynskjer å etablere seg i Sogn og Fjordane ved å flytte biomasse nordover. Auka trafikk og transport av biologisk materiale inn og ut av Sognebassenget vil føre til auka risiko for smittespreiing. Lokaliteten bør tildelast Sulefisk om den skal nyttast. Solund kommune meiner at det er viktig at merknadane frå Firda Seafood Group AS vert vurdert grundig av faginstansar og sektor myndigheitane som har fått søknaden til uttale. Berte Ynnesdal (brev datert 07.12.2016 og 13.12.2016) På vegne av grunneigar i området vert det peika på at lokaliteten vil øydeleggja eit av dei beste kreps- og hummarområdene i denne delen av kommunen. Dei er og redd at villfisk som lever nær anlegget vert uspiseleg, og at anlegg på staden vil medføre støy. Rettane til laksefiske i sjø med kilenot vil bli vanskeleg å nytte om det vert lagt ut oppdrettsanlegg i området. Verdien på eigedomen vil verte kraftig redusert. Solund kommune har avklara arealbruken i området i kommuneplanen sin arealdel.
Nils Arne Steinsund (brev datert 08.12.2016) Grunneigarane i Steinsund har sine tradisjonelle kilenotplassar i Bjørnefjorden, desse vert øydelagde onm det kjem eit oppdrettsanlegg i området. Også fiske etter hummar, kreps og annan fisk vert negativt påverka av eit nytt opdrettsanlegg i området. Mogelegheiten for i framtida å kunne drive som kystbonde vil verte redusert. Solund kommune har avklara arealbruken i området i kommuneplanen sin arealdel. Vurdering: Sulefisk AS har utifrå sitt driftsopplegg behov for nye lokalitetar nært opp til deira eksisterande lokalitetar i Solund. Å få løyve til oppdrett på lokaliteten Guleskjeret er difor viktig for Sulefisk. Det er i dag to søkjarar på same lokaliteten. Ein lokal oppdrettsaktør Sulefisk AS og ein som vil vere ny i Sogn og Fjordane, Eide Fjordbruk AS. Dersom Sulefisk AS får løyve til oppdrett på lokaliteten vil det vere med å styrke utviklingsmogelegheitane for selskapet og gje auka verdiskaping lokalt. Merknadane frå grunneigarinteressene går i stor grad ut på at dei ikkje ynskjer at området ved Guleskjeret og Bjørnefjorden skal nyttast til fiskeoppdrett som omsøkt. Administrasjonen i Solund vurderer det slik at Solund kommune allereie har avklara arealbruken i området, og opna det for framtidig fiskeoppdrett når kommuneplanen sin arealdel vart vedteken i 2010. Solund kommune ser at konkurransen om eigna lokalitetar for oppdrett er stor og vil truleg verte enno større i åra som kjem. Dette kan vere ei utfordring for lokale aktørar som held aktiviteten innanfor eit avgrensa geografisk område. Etter endeleg vedtak utskrift til: Sulefisk AS Sogn og Fjordane fylkeskommune