Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen handlingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Programområda i handlingsplanen

Like dokumenter
Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Utviklingsplan for. Næringsarbeid Hyllestad kommune

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Handlingsplan 2. halvår 2013 Budsjett 2013

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

STRATEGIPLAN

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

HANDLINGSPLAN 2013 BUDSJETT 2013

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Frivilligpolitisk plattform

Prosjektplan. Framtidskommunen Høyanger. 06. oktober v.3

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

PROSJEKTPLAN. Forstudium. Kommunereforma

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Dykkar ref Vår ref Dato

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

Strategi Forord

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Kommunestruktur Prosjektplan - sonderingsfasen

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

HANDLINGSPLAN OMSTILLING INDRE FOSEN KOMMUNE Handlingsplan omstilling for arbeids- og næringsliv i Indre Fosen kommune 2017

INTERNASJONAL STRATEGI

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Dykkar ref Vår ref Dato

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Finnøy og Rennesøy kommunar

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

Søknad frå Fyresdal Næringshage AS om utviklingsstøtte og tilskot til omstillingskommuneprogram

Mandat for arbeidsgruppe

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

PROSJEKTPLAN. Forstudium. Kommunereforma

Kommunestruktur Prosjektplan for sonderingsfasen

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

FELLES UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS REGIONEN

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Statusrapport. Kommunestyret Monica Sølyst

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Forstudie Næringshage i Vinje

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Lærdal kommune Samhandling for berekraftig utvikling Omstillingsplan Lærdal Handlingsplan og budsjett 2015

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Omstillingsplan Lærdal

Prosjektplan Kommunal næringsutvikling

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

Program for. Årdal Venstre

Omstilling

Omstilling Dyrøy. Handlingsplan Versjon: september 2017

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Transkript:

Strategisk handlingsplan for næringsarbeid 2014

Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Kommunikasjon og informasjon i omstillingsarbeidet s. 4 1.3 Kommunikasstrategi s. 5 1.4 Roller og ressursar s. 6 2. Programområda i handlingsplanen 2.1 Om programområda s. 7 2.2 Overordna målsetjingar 2014 s. 7 3. Handlingsplan 2014 3.1 Om handlingsplanen s. 8 3.2 Prioriteringar s. 8 3.3 Målsetjingane s. 9 3.4 PG1 Meir robust næringsstruktur s. 10 P2 Utvikle Hyllestad Utviklingspark s. 11 P10 Felles tiltaksapparat i HAFS s. 12 P24 Rekrutteringsstrategi for lokalt næringsliv s. 13 P26 Reiselivsutvikling s. 14 P30 Kompetanseheving av lokalt næringsliv s. 15 P31 Entreprenørskap s. 16 3.5 PG2 Attraktiv kommune s. 17 P11 Omdømestrategi s. 18 P18 Næringsvennleg kommune s. 19 P21 Utvikle Hyllestad sentrum s. 20 P22 Bu og trivsel i Hyllestad s. 21 P25 Samfunnsentreprenørskap s. 22 4. Budsjett 2014 4.1 Budsjett 2014 s. 23 2

1.1 Innleiing Handlingsplan 2014 er det årlege styringsdokumentet for omstilingsarbeidet i Hyllestad. Den er tufta på den overordna utviklingsplanen for 2012 2015. I år vil også utviklingsplanen bli revidert, og lagt fram for godkjenning i kommunestyremøtet i desember 2013. Utviklingsplanen er grunnlaget for satsinga på omstillingsarbeidet, og er delt i to programområder: 1. Meir robust næringsstruktur 2. Attraktiv kommune Programområda har ulike perspektiv og målsetjingar, og skal saman innehalde prosjekt som har som overordna målsetjing å skape vekst i tal arbeidsplassar og folketal, samt gjere kommunen meir attraktiv for næringsliv og busetnad. I denne handlingsplanen vil det bli lagt vekt på avsluttinga av omstillingsperioden, og korleis det arbeidet som har blitt gjort gjennom perioden kan vidareførast. Denne handlingsplanen byggjer på tidlegare handlingsplanar, og er ei spissing av dei vedtekne satsingsområda. Planen byggjer på dei same programområda som ein finn i utviklingsplanen. I dette dokumentet vil ein finne ein oversikt over dei konkrete prosjekta som vert jobba med, samt effekt-, resultat og prosjektmål for desse. I tillegg inneheld planen informasjon om organisering, framdrift, kommunikasjon og informasjonsarbeid og budsjett med finansieringsoversikt. Handlingsplanen med budsjett utgjer saman med utviklingsplanen grunnlaget for søknad om forlenga status som omstillingskommune med tildeling av omstillingsløyving frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune for 2014. Hyllestad kommune skal inn i sin 3. og avsluttande periode med omstillingsstatus. Planen legg til grunn at ein får omstillingsstatus til og med 2015. Omstillingsarbeidet i Hyllestad er organisert som prosjektorganisasjon etter PLP-metoden til Innovasjon Norge. Hyllestad kommune ved ordførar er prosjekteigar. Ordførar er også prosjektansvarleg for det overordna omstillingsarbeidet. Prosjektleiar er ansvarleg for dagleg drift og oppfylgjing av det overordna prosjektet. Prosjektansvar og leiing på dei ulike delprosjekta er beskrive i dette dokumentet. Omstillingsstyret har fem faste representantar. Av desse er to valgt frå politisk leiing (formannskapet), og tre frå næringslivet (Hyllestad Næringsråd). Første vara frå kvar av desse organisasjonane møter fast. I tillegg møter representantar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Norge og rådmann i Hyllestad som observatørar med møte- og talerett. Godkjent av omstillingsstyret 4. desember 2013. 3

1.2 Kommunikasjon og informasjon i omstillingsarbeidet For å lukkast med omstillingsarbeidet, må det vere godt forankra i dei ulike målgruppene. Når ein no går over i ei utførande fase av arbeidet, er dette spesielt viktig. For å sikre forankring, er det ein føresetnad at arbeidet er kjent og forstått. For å lukkast med å informere og kommunisere omstillingsarbeidet, har ein valgt å utarbeide eigne retningslinjer for informasjons og kommunikasjonsarbeidet. I avsluttinga av prosjektet er det spesielt viktig at forventningane til det som har blitt starta av omstillingsorganisasjonen blir avklåra. Det fordrar at ein er tydeleg på kven som eig dei ulike aktivitetane, og korleis dei blir vidareførte hjå sine ulike eigarar i framhaldet av omstillingsperioden. Hensikta med planen er å definere klåre rammer for kva informasjon som kan og skal formidlast, og kvar den skal formidlast. Omstillingsarbeidet skal vere synleg og tilgjengeleg for alle som er interesserte i å halde seg oppdatert, og i tillegg skal ein særskilt vektlegge dei gruppene som er avgjerande for at ein når målsetjingane i dei enkelte prosjekta. Gjennom året vil informasjon frå omstillingsarbeidet kunne finnast på internett, både på kommunen si heimeside, eigne sider og gjennom sosiale medier. I tillegg vil omstillingsarbeidet vere synlege i lokalsamfunnet, både gjennom trykt informasjon, folkemøter og i direktekontakt med næringsliv, lag og organisasjonar. Dei digitale informasjonskanalane finn du her: www.hyllestad.no omstilling.wordpress.com www.facebook.com/omstilling twitter.com/omstilling hyllestad.origo.no 4

1.3 Informasjons og kommunikasjonsplan Alle tal er minimumsverdiar og per år. Kommunikasjonsstrategi 2014 Styremøter 10 Administrative møter 30 Eigne saker på nett 60 Omfang Styremøte Folkemøte E-post (sam.part.) E-post (nyheitsbre v) Blogg (eigen) Nettside (HK) SoMe (status) Mindre oppdateringar 1 x x Styresaker (offentlege) 2 x x x x Deltaking på offentlege arrangement 3 x x x x x Eigne arrangement - utadretta 4 x x x x x x x x Eigne arrangement - innadretta 5 x (x) x x x Møte med andre (offentlege) 6 x x x x Prosjektoppdateringar 7 x (x) (x) x x x (x) Prosjektmilepælar 8 x x x x x x x x Fristar, andre tiltak, indirekte relevant 9 x x Media (presse) Forklaringar: x = skal utførast (x) = skal vurderast. 5

1.4 Roller og ressursar i omstillingsarbeidet Kommunestyret Oppdragsgjevar og eigar av det overordna omstillingsprosjektet. Står for den lokale løyvinga til omstillingsarbeidet, og er mottakar av den fylkeskommunale omstillingsløyvinga. Vedtek omstilingsplanen, og er ansvarleg for rapportering til fylkeskommunen. Gjev mandat til omstillingsstyret. Leiar av omstillingsstyret Prosjektansvarleg for det overordna omstillingsprosjektet. Kan initiere, endre retning og stoppe prosjekt der måloppnåinga ikkje er tilfredsstillande, eller der føresetnadane endrar seg vesentleg. Økonomisk ansvarleg, ansvarleg for at avgjerder vert tekne, samt framdrift og resultat. Prosjektleiar sin overordna. Omstillingsstyret Ansvar for effektiv gjennomføring av omstillingsplanen. Skal gjennom si samansetting medverke at gode medverknadsprosessar vert sikra, og at det vert gjeve god og kontinuerleg informasjon undervegs. Utarbeidar forslag til handlingsplan. Er samansett av tre representantar frå næringslivet, og to frå politisk leiing i kommunen. Første varamedlem frå kvar av gruppene møter fast. I tillegg møter rådmann i kommunen, representant frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune og representant frå Innovasjon Norge som observatørar. Hovudprosjektleiar Administrativt ansvarleg for omstillingsarbeidet. Rapporterar til prosjektansvarleg, og har det operative ansvaret for framdrift og resultat i prosjekta. Sekretær for omstillingsstyret, og rapporterar innhald og økonomi i tråd med styret og styreleiar sine forventningar. Omstillingsorganisasjonen Står for den praktiske gjennomføringa av omstillingsarbeidet. Har ansvar for å følge opp den daglege framdrifta i dei definerte prosjekta, og jobbar saman med dei ulike prosjektansvarlege, -leiarane og arbeidsgruppene. Rapporterar til hovudprosjektleiar. Førstelinjetenesta for næringslivet I omstillingsperioden er den kommunale førstelinjetenesta for næringslivet underlagt omstillingsarbeidet organisatorisk. Det inneber at 50% stillingsressurs som næringskonsulent er ein del av omstillingsorganisasjonen, men arbeidsoppgåver tilsvarande stillingsressursen skal øyremerkast førstelinjetenesta sine arbeidsoppgåver. Den klårast definerte er sakshandsaming til næringsfondet. I tillegg kjem oppfylgjing av etablerarar, eksisterande næringsliv og anna arbeid forankra i handlings og utviklingsplanen for næringsarbeid. Finansiering Sjå eige kapittel om budsjett for omstillingsarbeidet på side 17. I tillegg vert det overført midlar tilsvarande kostnaden med førstelinjetenesta frå plan og utviklingsavdelinga i kommunen. 6

2.1 Om programområda Omstillingsarbeidet er delt inn i to programområde: «Meir robust næringsstruktur» og «Attraktiv kommune». Desse innheld fleire delprosjekt, som samla utgjer prosjektporteføljen i omstillingsarbeidet. I tillegg har omstillingsorganisasjonen ansvar for den kommunale førstelinjetenesta for næring, tilsvarande ein halv stillingsressurs. Når ein no går frå tre til to programområder i handlingsplanen, så er det for å spisse aktivitetane og fokusere endå tydelegare på at prosjekta skal bidra til å nå dei overordna målsetjingane. Programområdet «Meir robust næringsstruktur» inneheld i 2014 seks prosjekt. Hyllestad Utviklingspark og Hyllestad Næringsråd er a-eigarar av desse prosjekta, og dei er alle i forstudie eller forprosjektfasen ved inngangen av året. I kostnad utgjer desse 2/3 av omstillingsløyvinga utanom administrasjonskostnadane, og omstillingsorganisasjonen nyttar totalt 50% intern stillingsressurs på desse prosjekta. Programområdet «Attraktiv kommune» inneheld i 2014 fem prosjekt. HAFS Regionråd, Hyllestad kommune og Hyllestad Ungdområd er a-eigarar av desse prosjekta, og fire av dei er i forstudie eller forprosjektfasen ved inngangen av året. Omdømeprosjektet er i hovudprosjektfasen. I kostnad utgjer desse 1/3 av omstillingsløyvinga utanom administrasjonskostnadane, og omstillingsorganisasjonen nyttar 50% intern stillingsressurs på desse prosjekta. 2.2 Overordna målsetjingar 2014 Meir robust næringsstruktur Attraktiv kommune Mål: Minst 10 nyregistrerte bedrifter, og ei auke med 5 på bedrifter med tilsette. 4 nye bedrifter med meir enn 5 tilsette. Ansvarleg for gjennomføring: Hyllestad Utviklingspark AS Hyllestad Næringsråd Havyard Ship Technology Prosjekt i 2014: P2: Hyllestad Utviklingspark P10: Felles utviklingsapparat P24: Rekrutteringsstrategi P26: Reislivsutvikling P30: Kompetanseheving P31: Entreprenørskap Mål: 15 fødslar, 0 i nettoutvikling i innbyggjartal totalt, 0 i nettoutvikling i aldersgruppa 20 39 år. Ansvarleg for gjennomføring: Hyllestad kommune Grendalagsforum Hyllestad Ungdomsråd Prosjekt i 2014: P11: Omdøme P18: Næringsvennleg kommune P21: Hyllestad sentrum P22: Busetnad og trivsel P25: Samfunnsentreprenørskap 7

P# = prosjektnr. OO% = del av stillingsressurs i omstillingsorganisasjonen, B% = del av omstillingsløyvinga. Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen handlingsplan 2014 3.1 Handlingsplan 2014 Denne delen gjev ei meir inngåande beskriving av rammene for dei enkelte prosjekta. Dette er utgangspunktet for prosjekta ved starten av året, og prosjektansvarleg og prosjektleiar i det enkelte prosjektet kan endre innhald undervegs dersom det er teneleg. Alle prosjekta vert beskrivne med fylgjande: Aktuell prosjektfase med delmål Prosjektmål (resultatmål og effektmål) Kostnad og ressursbruk Eigarskap og ansvar Alle prosjekta skal ha individuelle prosjektplanar etter mal for PLP-arbeid. Nye prosjekt kan kome til, og skal godkjennast av omstillingsstyret. Prosjektansvarleg kan stoppe enkeltprosjekt. Det skal rapporterast til omstillingsstyret etter mal frå PLP i alle prosjekt, og sluttrapport skal alltid godkjennast av omstillingsstyret. 3.2 Prioriteringar Styret har gjennom arbeidet med denne planen lagt føringar for kva dei ulike prosjekta skal bruke av ressursar. Denne oversikten syner korleis fordelinga mellom programområda er gjort. Ein reknar at 3/4 av administrasjonskostnaden er knytt til PG1, 1/4 til PG2. Dette gjev ei fordeling på ca. 70/30. P# Namn OO% Budsjett B% 2 Utvikle Hyllestad Utviklingspark 0% Kr. 500.000 12,5% 10 Felles utviklingsapparat i HAFS 0% Kr. 50.000 1,25% 24 Rekrutteringsstrategi for næringslivet 20% Kr. 200.000 5% 26 Reiselivsutvikling 20% Kr. 200.000 5% 30 Kompetanseheving av lokalt næringsliv 20% Kr. 300.000 7,5% 31 Entreprenørskap 40% Kr. 600.000 15% XX Nye prosjekt PG1 Kr. 100.000 2,5% PG1 Meir robust næringsstruktur 100% Kr. 1.950.000 48,75% 11 Omdømestrategi 20% Kr. 200.000 5% 18 Næringsvennleg kommune 0% Kr. 150.000 3,75% 21 Utvikle Hyllestad sentrum 10% Kr. 200.000 5% 22 Bu og trivsel i Hyllestad 20% Kr. 200.000 5% 25 Samfunnsentreprenørskap 20% Kr. 300.000 7,5% PG2 Attraktiv kommune 50% Kr. 1.050.000 26,25% Administrasjon 80% Kr. 1.000.000 25% 8

3.3 Målsetjingane Omstillingsarbeidet er tidsavgrensa, og arbeidet skal kunne målast mot dei målsetjingane som eigarane har definert. På denne sida finn ein målsetjingane for 2014, som er ein del av dei overordna målsetjiange som er definerte i utviklingsplanen. Tala for 2014 og 2015 er målsetjingar. Programområde 1 har målsetjingar som er knytte til næringsliv og sysselsetjing. Dei øvste linjene markert med grønt er dei kriteria som omstillingsstyret ynskjer å måle måloppnåinga av arbeidet på. I tillegg ynskjer ein rapportering på dei andre opplista punkta for å vite noko om andre utviklingstrekk som på ulik måte kan gje ein indikasjon på næringsutviklinga i Hyllestad. 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Nyetableringar 5 4 8 11 2 10 10 Utvikling - bedrifter med tilsette 0 3 1 1-3 5 5 Utvikling - bedrifter med meir enn 5 tilsette 0-2 4-3 -1 4 4 Tal bedrifter 159 172 174 158 168 Tal bedrifter med tilsette 44 47 48 49 46 Tal bedrifter med meir enn 5 tilsette 26 24 28 25 24 Sysselsetting - arbeidsplassar i Hyllestad 704 660 607 710 Sysselsetting - arbeidstakarar i Hyllestad 506 517 504 501 Programområde 2 skal bidra til at Hyllestad kommune får ei auke i folketalet. Her har omstillingsstyret vurdert måltala ut frå ei analyse av no-situasjonen, statistikk frå SSB og erfaringar frå dei ulike prosjekta innanfor programområdet. Ein har valgt ut linjene i grønt som dei viktige måltala for å beskrive utviklingstrekka, og ynskjer også på dette programområdet å overvåke nokre andre utviklingstrekk for å underbygge dei utvalde måleverdiane. 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Fødslar 10 7 10 7 6 15 15 Netto folketalsauke 28-19 -22-33 -39 0 20 Netto utvikling 20-39 år -20 9-18 -9-17 0 25 Fødselsoverskot -2-6 -6-14 -6 Netto flytting 30-13 -16-20 -33 Brutto tilflytting 88 46 40 38 31 Brutto utflytting 58 59 56 58 64 Brutto folketalsauke 98 53 50 45 37 9

3.4 Meir robust næringsstruktur Programområdet «Meir robust næringsstruktur» er det viktigaste programområdet i omstillingsarbeidet. Grunnen til at Hyllestad er omstillingskommune er eit lite robust næringsliv, i den forstand at kommunen er svært avhengig av ei einskild hjørnesteinsbedrift. Gjennom omstillingsarbeidet vil ein arbeide for å få fleire arbeidsplassar i kommunen som ikkje er direkte avhengig av skipsverftet. Samstundes ynskjer ein å dra mest mogeleg nytte av den høge kompetansen som finst i og rundt miljøet på Kjøreneset. Dette skal skape eit meir robust næringsliv samla sett. «Utvikle Hyllestad Utviklingspark» er spissen i satsinga på nye arbeidsplassar. Gjennom å opparbeide og legge til rette næringsområdet som tidlegare var kjent som «Gamleverftet», ynskjer ein ny og framtidsretta næring velkommen. Ein ekstra styrke i dette prosjektet er eigarstrukturen, her står kommunen, Aria Invest AS med lokale eigarar og Havyard Ship Technology saman for å skape ny aktivietet. Arbeidet med å selje området og realisere aktivitet er og har vore den viktigaste einskildaktiviteten i omstillingsarbeidet. «Felles utviklingsapparat i HAFS» kan vere starten på framhaldet av omstillingsarbeidet. Her har alle HAFS-kommunane utanom Gulen gått saman for å utgreie mogelegheita for eit felle utviklingsapparat. Planen er at prosjektet skal vere ferdig utgreidd i løpet av 2014. Eksisterande næringsliv er viktig også for ny utvikling. Difor har Hyllestad Næringsråd engasjert seg tungt i omstillingsarbeidet, også i form av midlar. Det sterke engasjementet gjer det mogeleg å køyre tre konkrete prosjekt retta mot eksisterande næringsliv; «Rekrutteringsstrategi», «Reiselivsutvikling» og «Kompetanseheving» er alle prosjekt som rettar seg mot dei verksemdene som alt er i kommunen. Nytt i årets handlingsplan er ei relativt tung satsing på entreprenørskap. I dette programområdet lanserer me prosjektet «Entreprenørskap» som har som mål å etablere eit nyskapande og innovativt gründermiljø i kommunen. Med framoverlente og nytenkande verksemder som Havyard-bedriftene, fleire elektrobedrifter og andre, så er her eit godt grunnlag å bygge vidare på, og eit spennande miljø å komme til for nye gründerar. Prosjektet vil starte som forstudie der ein avklarar grunnlaget. Etter kvar vil ein kunne gå over i eit forprosjekt med konkrete etableringar, føresett at avklåringane er på plass. 10

Utvikle Hyllestad Utviklingspark AS Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forprosjekt Minst ei konkret avtale om etablering, og minst ti bedrifter til Hyllestad for å diskutere mogeleg etablering på HUP. 5 etablerte verksemder med totalt 30 arbeidsplassar på området. Hyllestad Utviklingspark er eit attraktivt område for nyskapande næringsliv, og har attraktive næringsklynger. - Karlegge aktuelle verksemder og miljø som kan vere aktuelle for etablering. - Møte og bearbeide interessentar. - Detaljplanlegge området. - Inngå avtalar med verksemder som ynskjer å etablere seg. Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad Utviklingspark AS Terje Eilertsen Micon AS v/ Arnold Michelsen Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 500.000 0% 25,6% Hyllestad Utviklingspark AS 11

Felles tiltaksapparat i HAFS Prosjektfase: Delmål: Forprosjekt Avklare og utarbeide grunnlag for oppretting av felles tiltaksapparat for dei aktuelle kommu- Resultatmål: Levert grunnlag for etablering av felles næringsapparat i HAFS. Effektmål: Aktivitetar: Styrka HAFS sin posisjon og kompetanse på næringsutvikling gjennom eit felles næringsapparat. - Utgreiing av rammetilhøve - Modellering - Vurdering og val av modell - Høyring - Konklusjon og etablering av interimstyre Organisering: PE (A): PA: PL: HAFS Regionråd Ole Gunnar Krakhellen Ekstern Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 50.000 0% 2,56% HAFS Regionråd / HAFS Næringsutvikling 12

Rekrutteringsstrategi for næringslivet Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forprosjekt Gjennomført minst tre aktivitetar for å auke synleggjeringa og rekrutteringsevna til lokalt næringsliv. Etablert faste møtestadar for bedriftene. Gjennomført minst fem konkrete synleggjeringstiltak. Meir synleg og attraktivt lokalt næringsliv. - Starte arbeidet med betre synleggjering av næringsliv og bedrifter på nett - Vurdere næringsavis / trykt næringsinformasjon - Samordne rekrutteringsbehov i bedriftene - Legge til rette for fleire møtestadar for næringslivet - Konkrete synleggjeringstiltak lokalt Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad Næringsråd Styremedlem i HNR OO, Joakim Systaddal Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 200.000 20% 10,26% HAFS Næringsutvikling, Hyllestad Næringsråd 13

Reiselivsutvikling Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forprosjekt Betre synleggjeringa av Hyllestad på nett. Auka aktiviteten hjå lokale aktørar i bransjen gjennom minst 2 samarbeidsprosjekt. Minst halvparten av reieslivsaktørane er profesjonelle og godt synlege på nett. Modell for infosenter på kort sikt er avklåra. Minst 5 samarbeidsprosjekt er operative. Meir profesjonell, lønsam og synleg reiselivsnæring. - Avklare driftsform og innhald for infosenter - Jobbe målretta med bruk av nett - Legge til rette for auka marknadskompetanse i næringa - Legge til rette for auka samarbeid - Gjennomføre demoar på nye produktpakkar Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad Næringsråd Leiar i reiselivslaget i HNR OO, Joakim Systaddal Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 200.000 20% 10,26% HAFS Næringsutvikling, Fjordkysten, Reiselivslaget i Hyllestad Næringsråd. 14

Kompetanseheving av lokalt næringsliv Prosjektfase: Delmål: Forprosjekt Gjennomført minst 5 kurs, og kartlagt behov for vidare kompetanseheving. Resultatmål: Gjennomført minst 10 kurs for minst 20 ulike bedrifter. Effektmål: Aktivitetar: Høg kompetanse i næringslivet i kommunen. Målretta jobbing med eiga kompetanseutvikling. - Gjennomført kurs i relevante emne som næringslivet sjølv har definert behov for - Måle verdien av kursaktivitetane - Kontinuerleg avklare behov for nye kompetansehevingstiltak - Hjelpe einskildbedrifter i å lage eigne kompetansehevingsplanar Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad Næringsråd Styremedlem i HNR OO, Joakim Systaddal Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 300.000 20% 15,38% HAFS Næringsutvikling, Hyllestad Næringsråd 15

Entreprenørskap Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Forstudie / forprosjekt Etablere gründermiljø i Leirvik med minst 5 deltakande verksemder. Etablert minst to fellesprosjekt med FoU-miljø. Etablert 10 bedrifter i gründermiljø i Leirvik. Gjennomført minst 5 FoU-prosjekt. Effektmål: Aktivitetar: Skape attraktivt miljø for nyskaping og entreprenørskap i Hyllestad. - Avklare rammer for felles gründermiljø i Leirvik (FS) - Finne tre konkrete bedrifter som vil etablere seg i kontorfellesskap i Leirvik (FS) - Inngå kontrakt med desse (FS) - Organisere mentorordningar mot eksisterande lokalt og regionalt næringsliv (FP) - Finne fleire bedrifter for å styrke miljøet (FP) - Følge opp konkrete behov frå etablerarmiljøet (FP) - Koordinere kontakt med relevante FoU-miljø (FP) Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad Næringsråd Styremedlem i HNR OO, Joakim Systaddal Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Kr. 600.000 50% 30,77% Ansvar for vidareføring: HAFS Næringsutvikling, Hyllestad Næringsråd. 16

3.5 Attraktiv kommune Programområdet attraktiv kommune skal bidra til at Hyllestad styrkar sin posisjon som nærings og tilflyttingskommune. Prosjekta i dette programområdet er retta mot samfunnsmessige utfordringar. Aktivt samarbeid og deltaking frå lag, organisasjonar og eldsjeler er viktige føresetnadar for å lukkast med dei ulike prosjekta. I tillegg er godt internt samarbeid mellom næringslivet, omstillingsorganisasjonen og kommuneadministrasjonen ein nøkkel for å gå frå gode planar og innspel til konkret handling. I denne planperioden vil prosjektporteføljen innehalde både vidareføringar av tidlegare oppstarta prosjekt, og heilt nye prosjekt basert på erfaringar og innspel frå dei som har engasjert seg på ulikt vis. Næringsvennleg kommune er eit av prosjekta som er kome godt i gang, og som skal bidra til å knyte kommuneadministrasjon og næringsliv tettare saman. På same måte held ein fram med å tenke omdøme og kommunen sin posisjon utad. Dette er internt arbeid, i kombinasjon med auka fokus på utadretta tiltak og mest av alt mobilisering av alle som på ulikt vis representerer kommunen vår. Prosjektet om å utvikle Hyllestad sentrum, har synt seg som eit prosjekt som engasjerar innbyggjarane. Her har ein etter kvart lagt eit godt grunnlag ved å skape ein arena der ulike aktørar set seg ned for å arbeide saman. Det har gjeve gode, konkrete og interessante resultat som gjev eit godt grunnlag å bygge vidare på. I same kategori kjem det nye prosjektet «Bu og trivsel i Hyllestad». Dette er nytt, men tek med seg dei beste elementa frå dei tidlegare prosjekta «Aktivitetstilbod for ungdom», «Lys i alle hus», «Integrering av utanlandsk arbeidskraft» og «Etablerar og tilflyttarvert». Her vil omstillingsorganisasjonen vere koordinator og fasilitator for dei laga og organisasjonane som ynskjer å skape nye aktivitetar som styrkar Hyllestad sin posisjon som tilflyttarkommune. Det heilt nye prosjektet i denne handlingsplanen er «Samfunnsentreprenørskap». Her rettar vi aktiviteten mot dei som ynskjer å lage bærekraftige tiltak i sitt lokalsamfunn. Omstillingsorganisasjonen si rolle er å bringe inn nyttig og nødvendig kompetanse for at det gode samfunnsengasjementet kan ta steget over i ei meir kommersiell form. Målet er at dette prosjektet, saman med det nye entreprenørskapsprosjektet for bedrifter skal bygge Hyllestad som ein skaparkommune. 17

Omdømestrategi Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forprosjekt Gjennomført minst 3 interne og minst 5 eksterne tiltak for å auke bevisstgjeringa på at ein har eit omdøme, og korleis ein forheld seg til det. Gjennomført minst 15 ulike omdømetiltak i kommuneadministrasjonen, for innbyggjarane og næringslivet. Gjennomført ny omdømekartlegging. Hyllestad kommune vert oppfatta som utviklingsorientert, attraktiv og framoverlent, både som tenesteytar, i næringslivet og som lokalsamfunn. - Betre infomrasjonarbeidet i kommunen - Bidra til nyskapande og inkluderande aktivitetar i kommunen - Legge til rette for at nye og eksisterande innbyggjarar kjenner seg velkomne - Utvikle ein kommunal identitet - Kartlegge og følge opp spesielt aktuelle grupper med tanke på befolkningsvekst - Bygge stoltheit gjennom positive arrangement Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad kommune Rådmann Bente Nesse OO, Joakim Systaddal Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 200.000 20% 19,05% Hyllestad kommune 18

Næringsvennleg kommune Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forprosjekt Gjennomført utvalde tiltak i tråd med anbefalinga frå forstudiet. Betre avklara forventningar til kommunen sin tenesteproduksjon mot næringslivet. Etablert ny kommunikasjonsstrategi mot næringslivet. Målt betring gjennom ny kartlegging. Hyllestad vert oppfatta som ein næringsvennleg kommune blant dei som driv verksemder i kommunen. - Betre kommunikasjonen mellom kommune og næringsliv. - Avklare forventningar på kva ein faktisk kan levere. - Arbeide med intern samhandling og rutiner - Arbeide systematisk med å betre digital infrastruktur i kommunen. Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad kommune Rådmann Bente Nesse Ekstern Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Kr. 150.000 0% 14,29% Ansvar for vidareføring: Hyllestad kommune 19

Utvikle Hyllestad sentrum Prosjektfase: Delmål: Forprosjekt Initiere minst 10 samarbeidsmøte for å planlegge og sette i gang nærmiljøtiltak på Hyllestad. Resultatmål: Bidra til oppstart av minst 5 ulike nærmiljøtiltak. Effektmål: Aktivitetar: Hyllestad vert oppfatta som ein god plass å bu, og ein plass som er rik på aktivitetstilbod for innbyggjarar i alle aldrar. - Etablere og arbeide med samarbeidsprosjekt for ulike lag og organisasjonar - Bidra til gode prosessar mellom ulike aktørar i utviklingsprosjekt - Skaffe grunnlag for fleirbrukshall - Fasilitere og hjelpe ulike utviklingsaktørar Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad kommune Bente Nesse PLU, Dag Ove Myklebust Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 200.000 10% 19,05% Hyllestad kommune, Hyllestad Idrettslag 20

Bu og trivsel i Hyllestad Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forstudie / forprosjekt Kartlegge, analysere og forstå kva som skal til for å skape trivsel og bulyst i Hyllestad. Gjennomføre 5 ulike tiltak for å betre kommunen sin posisjon, og evaluere desse. Gjennomføre minst 10 tiltak som bidreg til at kommunen si evne til å legge til rette for trivsel og auka busetnad vert betra. Hyllestad vert oppfatta som ein attraktiv kommune å busette seg i, og skårar høgt på trivsel hjå eigne innbyggjarar. - Kartlegge og forstå flyttemønstera til og frå kommunen - Utvikle velkomstpakkar til nye innbyggjarar - Bidra til ulike nyskapande trivselstilak - Legge til rette for utvikling i grendene - Legge til rette for auka trivsel for ungdom Organisering: PE (A): PA: PL: Hyllestad kommune Rådmann Bente Nesse OO, Rune Thorsnes Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 200.000 20% 19,05% Hyllestad kommune 21

Samfunnsentreprenørskap Prosjektfase: Delmål: Resultatmål: Effektmål: Aktivitetar: Forstudie / forprosjekt Utarbeide modell for å hjelpe tiltak i gang med samfunnsentreprenørskap. Finne og gjennomføre minst 5 ulike aktivitetar. Etablere 10 bærekraftige samfunnsentreprenørskapsprosjekt innan 2015. Hyllestad er har eit aktivt og nytenkande lag og organisasjonsliv som kjem opp med mange bærekraftige samfunnsentreprenørskapsprosjekt. - Utarbeide plan for å definere og hjelpe prosjekt til å bli samfunnsentreprenørprosjekt. - Kartlegge eldsjeler, i eller utanfor lag og organisasjonar i kommunen. - Utarbeide individuelle planar for tiltaka. - Gjennomføre oppstartsfasen i dei enkelte prosjekta. Organisering: PE (A): PA: PL: Grendalagsforum Leiar i grendalagsforum OO, Rune Thorsnes Kostnad og ressurs: Budsjettkostnad: Int. ressurs, OO: Del av program: Ansvar for vidareføring: Kr. 300.000 20% 28,57% Hyllestad kommune, involverte lag og organisasjonar. 22

4.1 Budsjett 2014 P2 Utvikle Hyllestad Utviklingspark P10 Felles tiltaksapparat i HAFS P24 Rekrutteringsstrategi for næringslivet P26 Reiselivsutvikling P30 Kompetanseheving av lokalt næringsliv P31 Entreprenørskap PXX Nye prosjekt PG1 Kr. 500.000 Kr. 50.000 Kr. 200.000 Kr. 200.000 Kr. 300.000 Kr. 600.000 Kr. 100.000 Sum «Meir robust næringsstruktur» Kr. 1.950.000 P11 Omdømestrategi P18 Næringsvennleg kommune P21 Utvikle Hyllestad sentrum P25 Bu og trivsel i Hyllestad P32 Samfunnsentreprenørskap Kr. 200.000 Kr. 150.000 Kr. 200.000 Kr. 200.000 Kr. 300.000 Sum «Attraktiv kommune» Kr. 1.050.000 Administrasjon Kr. 1.000.000 Sum kostnadar Kr. 4.000.000 Hyllestad kommune Havyard Ship Technology Marine Harvest Sparebanken Sogn & Fjordane Hyllestad Næringsråd Kr. 650.000 Kr. 150.000 Kr. 50.000 Kr. 50.000 Kr. 100.000 Sum, lokal eigendel Kr. 1.000.000 Tilskot, Sogn & Fjordane fylkeskommune Kr. 3.000.000 Sum, finansiering 2014 4.000.000 Overføringar frå 2013 til 2014 er beskrive i eige dokument. 23

Hyllestad kommune Omstillingsorganisasjonen Hyllestad, 6957 Hyllestad Tlf: 97 13 55 09 / 95 200 568 Revisjon 1 2013 24