[Skriv inn undertittel for dokumentet]

Like dokumenter
Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta Valprogram [Skriv inn undertittel for dokumentet]

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Hemsedal KRF Program

Politisk program for Jølster KrF

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Program for Masfjorden Venstre

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Program for. Seljord Venstre

Sandeid skule SFO Årsplan

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Skule og oppvekst. Venstre: 1. Vil ha ein god offentleg skule for alle, men også vera open for ein alternativ skulemodell

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Valprogram for Volda SV

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Frivilligpolitisk plattform

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ål Venstre. Ål Venstre

Resept for eit sunnare FørdeF

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

5 stk flotte bustadtomter til sals

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Kommunedelplan for oppvekst

HOVUDNETT FOR SYKKEL

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Program for. Sykkylven Venstre

Til veljarane i Tysnes

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Program OSTERØY HØGRE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Notat - utvikling av kommunesenteret Falkhytten

Oversyn over økonomiplanperioden

Internasjonal vidaregåande skule

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Plan for Liabygda SFO

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vi meiner at Sund bør få ein leksefri skule med ein skuledag som er tilpassa barna sin kvardag.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

FOR MENNESKER OG MILJØ

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Program for. Årdal Venstre

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

ETNE VENSTRE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

10/60-14/N-211//AMS

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Utkast til program Meland Høgre 2015

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Valprogram Sel SV

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

VALGPROGRAM FOR MILJØPARTIET DE GRØNNE SVALBARD

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

STRATEGISK PLAN

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

billeg mat har ein høg pris

Transkript:

[Skriv inn undertittel for dokumentet]

Målsettinga for politikken til MDG i Volda vil du kjenne att i tre hovudtema: Vi vil ha eit samfunn der folk har meir tid til kvarandre heller enn å jage etter meir forbruk. Gjere det enkelt og billeg å velje miljøvennleg transport. Omstillinga til ei fornybar framtid med økologisk berekraft må starte no. MDG vil lytte til dine ønskjer for eit godt liv, og vi tek imot forslag i alle saker på Facebook eller e-post volda@mdg.no. Sjå meir på: http://orsta-volda.mdg.no/ 1

HELSE OG OMSORG... 3 OPPVEKST OG SKULE... 3 KLIMASMART SAMFERDSEL... 4 LANDBRUK OG MAT... 5 MILJØ OG NATURMANGFALD... 6 AREALPLANLEGGING, NÆRINGSLIV OG ENERGI... 7 ØKONOMI... 8 KULTUR OG LEIK... 8 LIVSKRAFTIGE LOKALSAMFUNN OG INTERKOMMUNALT SAMARBEID... 10 2

Dei Grøne legg vekt på å fremje god helse og førebygge sjukdom ved å redusere ureining, fremje sunn mat og legge til rette for dagleg mosjon. Vi vil arbeide for livskvalitet gjennom kvardagsrehabilitering, nok sjukeheimsplassar, styrka bemanning og kompetanse i pleie- og omsorgstenestene, - og i psykiatrisk helseteneste. Vi går imot fjordkryssingane Hafast og Fefast mellom anna for å hindre nedlegging av Volda sjukehus. Kvart sjukehus må ha eige budsjett og eiga leiing, og få større fridom til å sikre korte ventetider og god pasientbehandling. revidere og realisere bustadsosial handlingsplan. bygge ut avlastingstilbod for personar med nedsett funksjonsevne. ha varierte bustadformer for menneske med funksjonshindringar. sikre og utvikle helsetenesta for ungdom. styrke farmasøytisk kompetanse i omsorgstenestene. styrke legekontoret med helsesekretær på ettermiddag og i helgane i samarbeid med Ørsta legesenter. arbeide for døgnkontinuerleg akuttilbod innan alle aktuelle fagfelt ved Volda sjukehus, også i feriar og i helgane. ha ein restriktiv skjenkepraksis og styrke førebyggande arbeid mot rusmidlar i samarbeid mellom føresette, helsestasjon, skule, politi og frivillige organisasjonar. gi rusavhengige tilbod om behandling og ettervern i offentlege eller ikkjekommersielle institusjonar. legge ned dei regionale helseføretaka og avvikle stykkprisfinansieringa. Øyra skule må fullførast så tidleg som råd i valperioden, og dimensjonerast etter bustadbygging i området. Vi må ha trygge skular og barnehagar i sentrum, Austefjorden, Bjørkedalen, Folkestad, Mork og på Lauvstad/Dalsfjorden. Dei Grøne vil oppretthalde eit pedagogisk godt barnehagetilbod med god bemanning, der born sine interesser vert ivaretatt. SFO må ha eit stabilt og allsidig aktivitetstilbod. at grunnskuleelevar i Volda skal ha leksefri alle helgar og to av skuledagane i veka. at kvar skule og barnehage skal ha eigen skulehage for dyrking av bær, frukt og grønsaker eller samarbeidsavtale med gard i nærleiken. 3

styrke symjeopplæringa. ha 15 elevar per kontaktlærar og styrke bemanninga i småskulen. bygge ny Øyra skule. ha ei allsidig skulefritidsordning. halde på Volda vidaregåande skule sine tilbod. at Høgskulen i Volda skal ha ei sjølvstendig leiing som kan samarbeide med andre høgskular og universitet i Norge og utlandet etter eige ynskje. I studiestaden Volda kryr det av barn og ungdom overalt. Fartsgrenser og trafikkreguleringa må tilpassast kollektivtrafikk, rullebrett, syklar, el-syklar, barnevogner, rullestolar og gåande slik at alle kan ferdast trygt og kome seg trygt fram utan bruk av bil. Meir enn 40% av innbyggarane disponerer ikkje bil, framtidsbyen må legge til rette for alle. Gangvegar og fortau bør danne hovudferdselsåra i tettbygde strøk. Eventuelle fjordkryssingar med bru eller tunnel kan MDG vurdere dersom det er billigare og meir miljøvennlig enn å drifte ferje i 10 år. Alle fjordkryssingar må vere tilrettelagde for syklande og gåande. Elektriske ferjer er ei viktigare satsing enn ferjefri E39. Nye tunnelar bør ha sykkelfelt som er skjerma frå bilstøy, eksos og støvpartiklar. Desse kan fungere som rømingsveg. ha fartsgrense på 40 km/t i det meste av 50-sona i sentrum. utvide 50-sona frå Vikane til utom Sanitetshuset. 50-grense i Nautvika. bygge heva gangfelt mellom anna i Kårstadvegen, Engesetvegen, Kleppevegen, Prestegata, Anders Vassbotnvegen, Ristevegen, Industrigata og på E-39 ved Sanitetshuset, aust for Munken, ved ferjekaia, ved Naustet grill, ved Snippa, i Elvadalen og ved Studentsamskipnaden. betre rutinene for vedlikehald av gangfelt. at busskonsesjonar må ha krav om el-bussar eller fossilfrie motorar. Ha kvilebenkar i bratte gater oppover frå sentrum. Storgata, Skjerva, Kleppevegen, Fjellvegen, Prestegata. gi namn til og skilte snarvegar og stiar. ha samanhengande skilta sykkelveg mellom Volda og Ørsta. ha hyppigare bussavgangar og ruteopplysningar på alle stoppestadar. ha ladestasjonar for el-bil ved ferjekaiene og ved bensinstasjonar. ha el-ferjer på Voldsfjorden. starte arbeid med reguleringsplan for rassikring på fylkesvegen i Dalsfjorden. få godstransport over på skip, og ha ein godt utbygd godsterminal i Volda/Ørsta. arbeide for bygging av Stad Skipstunell for godstrafikk, og på sikt elektrisk hurtigbåt mellom Volda og Bergen, og mellom Volda og Ålesund. 4

Matjord vil bli langt viktigare i framtida enn det er no når maten vår vert fabrikkprodusert og i stor grad importert. Vi må rekne med at maten til voldingar i langt større grad må produserast lokalt i framtida, og vi støttar alle tiltak for kortreist, giftfri og næringsrik mat. Alle innbyggarane bør ha høve til å dyrke litt mat til eige bruk.. støtte sentrumsnære lutbruk og parsellhagar. Legge desse til rette også for studentar, asylsøkarar og innvandrarar. omfanget av ureining under og kring oppdrettsanlegga må dokumenterast. MDG går imot konsesjonar for nye anlegg inn til eksisterande anlegg er lukka. ta vare på matjord for framtidige generasjonar. av omsyn til dyrevern bør bønder i Volda ha tilgang til mobile slakteri eller løyve til å slakte på eigen gard. søke miljødirektoratet om tilskot til lokale fisketiltak for å ta vare på og fremje berekraftig bruk av bestandane av villaks og sjøaure. i samarbeid med næringslivet i kommunen hindre import av for og mat som går ut over regnskog. at minst 50 prosent av alle kommunale matinnkjøp blir økologiske. 5

Framande artar konkurrerer ut stadeigne artar, og uønskt vegetasjon spreier seg raskt. Kommunen må setje i verk tiltak for å hindre dette. Organismar kring oppdrettsanlegga vert påverka av spillfor, medisinar, lusemiddel og avføring frå anlegga. Dette må kommunen følgje med på. gå imot etablering av snøskooterløyper for fritidskøyring. be om årlege rapportar på medisinbruk i oppdrettsnæringa i fjordane i Volda, og tilstanden kring anlegga. Gå imot meir oppdrett før alle anlegg i fjordane er lukka. så langt som råd unngå bruk av kjemiske sprøytemidlar glyfosat i kommunen. opprette hummarreservat i ein av fjordane i Volda. arbeide for lokale blåskjelvarsel. arbeide for at Volda kommune sin klimaplan vert eit overordna styringsverktøy i alle beslutningsprosessar. arbeide for at visjonane i Klimaplan for Volda 2010-2020 vert innfridd i neste handlingsplanperiode (2016-2020). tilsetje eigen miljøvernrådgjevar i kommunen. Volda Ørsta Reinhaldsverk bør ha ansvar for oppryddingsaksjonar kvar vår i samarbeid med "Hold Norge Rent". Matavfall må skiljast frå restavfall. VØR bør også fungere som utlånssentral for større hagereiskap. følgje opp tiltaksprogram for Søre Sunnmøre vassområde i regional forvaltningsplan i Møre og Romsdal vassregion (Vannportalen.no). arbeide for at det vert planta mange ulike treslag ved nyplanting etter hogst. at kommunen skal søke midlar hos Fylkesmannen til kartlegging, førebygging av spreiing, og fjerning av nokre av dei mest skadelege framande artane, og utvikle lokale løysningar for tiltak mot desse. (Platanlønn, hagelupinar, parkslirekne, sitkagran m. fl). Vi oppmodar hagesenter om å slutte med sal av høgrisikoartar. 6

Framsynte byplanleggarar satsar på at folk skal kunne nå arbeidsplassar, skular, butikkar og offentlig service med 10-15 minutts gangavstand. Dette minimerer trongen for vegutbygging, bilkøyring og nye samferdselsprosjekt. Fortetting av busetnad i Volda sentrum kan vere eit godt tiltak, men etter ein estetisk plan for å unngå blokkliknade bygg i etablerte einebustadsfelt. Samtidig må vi legge til rette for alle som vil busetje seg i smågrendene. I kommunen har vi svært mange vasskraftprodusentar som gir eit godt bidrag til beredskap og energi utan klimagassutslepp. MDG er, av omsyn til naturmangfald, særs restriktive til endå meir vasskraftutbygging. Oslo kommune tilbyr finansiering og gir huseigarar opp til 40% støtte til fornybar energi uansett prosjektstorleik, i tillegg til Enova-midlar. Sjå oljefri.no. Volda kommune må innføre slik støtte for å kome i gang med omstilling lokalt. Utbygging av småskala solenergi kan gi mange nye arbeidsplassar. prioritere miljøaspekt i sentrumsplanlegginga. sikre jordbruksareal for framtida. at byggfirma bør ha reduserte krav om universell utforming for ca 30 % av bustadane, det kan gi billige bustader for ungdom, og gir meir varierte bustadfelt. unngå monoton arkitektur ved fortetta bustadbygging. legge til rette for bustadbygging i småbygdene. ikkje opne for meir detaljhandel i Furene. prosjektere gang og sykkelfelt samanhengande frå Elvadalen til badeplassen Munken. prioritere naturmangfald og jordbruk på nordsida av Rotevatnet. gå imot bilveg til Rotsethornet. styrke energiberedskap på bygdene ved å tilpasse lokale kraftverk til lokale straumnett. legge til rette for solenergiproduksjon frå private bustadhus, bedriftsbygg og offentlige bygg. At Volda kommune støttar fornybarinvesteringar med 25% av utgiftene. 7

Veljarane må vere merksame på at Volda kommune har svært dårleg økonomi. I perioden 2015-2019 får kommunen store utgifter ved investering i ny Øyra skule. På lang sikt bør kommunale lån reduserast kraftig, for å unngå at framtidige generasjonar må finansiere våre ynskjer. Kommunen må ha høve til å regulere inntekter etter behov; i tillegg til avgifter er eigedomsskatt eit aktuelt virkemiddel, med skattefritaksreglar for verksemder, organisasjonar og private med dårleg betalingsevne. 286 hushald i Volda var under fattigdomsgrensa i 2012. Mange kan trenge eit lokalt NAVkontor for lettare tilkomst til hjelp med arbeids- og trygdespørsmål og tolking av formelle NAV-brev. Sosialsatsane må vere på eit slikt nivå at dei fattige slepp å engste seg for neste dag. prioritere bedrifter som ynskjer å etablere økologisk berekraftig og energieffektiv næringsverksemd ved eventuell støtte og tilrettelegging frå kommunen. at klimaplanen i kommunen skal fungere som styringsdokument for anna planarbeid. plassere kommunale investeringar i grøne fond, fornybar teknologi, og grønt næringsliv. Unngå kommunale pengeplasseringar i bankar som har kontor i skatteparadis. Be Kommunal Landspensjonskasse (KLP) kutte investeringar i fossil energi, som olje, kol og tjøresand. sikre at kommunal klimaplan vert oppdatert regelmessig saman med årleg budsjettarbeid. drive haldningsarbeid om økonomisk vekst. Økonomisk vekst er ikkje eit mål i seg sjølv. justere sosialhjelpssatsane slik at langtidsfattige kan ha god livskvalitet. Volda har eit rikt organisasjonsliv, mange kulturhus og gode naturtilhøve for leik og friluftsliv i alle aldrar. Miljøpartiet vil tilgodesjå kulturtiltak på alle nivå, særleg dei små organisasjonane som styrker lokalsamfunna i kommunen. Miljøpartiet ser særleg positivt på uformelle aktivitetar som stiller låge krav til anlegg, til dømes terrengsykling, skating, turorientering, trimpostar, seniordans, korsong og fleire. Ein eventuell storhall i denne perioden kan av økonomiske grunnar berre realiserast utan kommunale midlar, idrettslag i Ørsta og Volda bør samarbeide om dette. 8

Det er behov for ei løysing for livssynsnøytralt lokale der ulike livssynssamfunn kan gjennomføre sine seremoniar ved fødsel, ungdomsalder, partnerskap og gravferder. bygge klatrepark eller andre leikeapparat for born i sentrumskjernen. ha Frivilligsentralen som møtestad, koordinator og hjelpar for organisasjonar. at Kulturskulen i større grad samarbeider med skulane om konsertar og fellesarrangement. tilgodesjå alle organisasjonar ved støtte til kulturhus og arrangement sikre ungdomsklubben gode lokale. at Sunnmøre Museum kan inkludere den gamle oppmura vegen mellom Andaneset til Greivsneset som del av Volda bygdetun, Haualeitet. sjå til at funksjonshindra kan sleppe til som aktive kulturmenneske. at kulturtilbod for eldre må omfatte alle sjukeheimsavdelingar og heimebuande. arbeide for små lokale idrettsanlegg, det gir best effekt på folkehelsa. støtte breiddeidrett. beskytte allemannsretten, ikkje minst ved å halde strandsona open for fri ferdsel. 9

10-minuttsbygda: Framsynte byplanleggarar satsar på at folk skal kunne nå arbeidsplassar, skular, butikkar og offentlig service med 10-15 minutts gangavstand. Dette minimerer trongen for vegutbygging, bilkøyring og nye samferdselsprosjekt. Volda sentrum må leggast til rette for gåande og syklande, Miljøpartiet vil bygge vidare på 10-minuttsbygda. MDG vil ha eige NAV-kontor, legesenter og andre serviceinstitusjonar i både Ørsta og Volda sentrum. Vi ser at smådriftsfordelar i lokalsamfunnet er av stor verdi, og er svært skeptiske til kommunesamanslåing. For dei fleste i Volda kan livskvaliteten bli betre ved å senke tempo i kvardagen. «Voldasnigelen» var eit symbol for bygda i mange år. Vi kan ha mykje å lære av nordisk nettverk Cittaslow, der mellom andre Levanger er med. Kanskje Volda kan dempe fokuset på breiare og beinare vegar, og bli med i nettverket. Vi har også mykje å lære av økokommunen Tingvoll. Miljøpartiet vil følgje med på vedlikehald av kommunale bygg. Samfunnshuset og idrettshallen er viktige kulturbygg som må haldast i stand. Nybygg vil vi prioritere i denne rekkefylgja når økonomien gir rom for det: Øyra skule, Volda ungdomsskule, kulturhus, storhall. halde på Volda som eigen kommune. ha stengde butikkar på søndagar. samarbeide med nabokommunar om barnevern, renovasjon og andre godt etablerte samarbeidstiltak. styrke bemanninga på legekontoret i helgane i samarbeid med Ørsta legesenter. ha eige NAV-kontor i Volda sentrum. ha synleg politi utan våpen at kommunen har oppdatert informasjon om stønadar, arbeidsplassar, tomter og bustader for folk som vil busette seg i sentrum og på bygdene. eventuell kommunesamanslåing må kome etter ei grundig brukargransking og folkerøysting. 10

Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vere underordna sunne økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet. Vi har som mål å forme ein politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggande solidaritetsprinsipp: solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur. 11