17.02.17 Falkenstein B7 10 REKKEHUS MED EINEBUSTADKVALITETAR 2 stover, 4 soverom, 2-3 bad/wc, vaskerom, 2 balkongar/ takterrassar, carport og hage. BRUKSAREAL: frå 127,6 m 2 til 146,9 m 2 + sportsbod frå 5,3 m 2 til 9,1 m 2 SOVEROM: 4 FINNKODE: 9035 6220 TA KONTAKT MED: Bente Andenæs, tlf: 90 82 14 17, ba@gravdal.no www.gravdal.no/falkenstein Halbrendsøyra 2, 6801 Førde Telefon: 47 87 40 00 www.gravdal.no
Nyt det gode livet på Førde si solside 2 På Falkenstein er det trygt og godt å bu i gangavstand til Førde sentrum. Du bur på same tid urbant og landleg med kort avstand til både naturen og byen. Anten du snører på deg joggesko, fjellsko eller finsko er vegen kort. Du har nærleik til det meste du treng for å leve godt, i eit av dei mest solrike bustadområda nær Førde sentrum. Du treng ikkje køyre ungane til verken barnehage, skule eller fritidsaktivitetar. Når du bur her treng du i praksis berre ein bil. Det ligg to barnehagar i Kyrkjevegen, og skular frå 1.-10. klasse ligg like ved feltet. Til Hafstad og Mo og Øyrane vidaregåande skule går du på under 15 minutt. Til Førdehuset, med kino, bibliotek, symjehall og idrettsanlegg spaserer du på gode fem minutt. Falkenstein B7 består av 10 rekkehus med einebustadkvalitetar, planlagt for at det skal vere så praktisk for deg å bu her som råd: Bilen køyrer du nesten til inngangsdøra. Nærleiken til alt gjer sykkel til eit godt framkomstmiddel. Den parkerer du under tak ved inngangen for hus 5-10, medan for hus 1-4 set du sykkelen i carporten. Du har anten 2 balkongar, eller ein balkong og ein takterrasse. Saman med plasseringa på solsida gjer det Falkenstein B7 til ein stad der du kan nyte livet ute. Du har og eigen privat hage, der du kan du nyte kaffien med gras under tærneog lytte til fuglekvitter. Rekkehusa ligg høgt og fritt, med fantastisk utsikt over Førde, i eit etablert bustadområdet som på folkemunne blir kalla solsida i Førde. Når ein skal velje kvar ein vil bu, er det viktig at både store og små vil kunne trivast. Falkenstein B7 blir ein del av eit godt etablert bustadfelt med mange ungar. Her vil også borna dine finne leikekameratar, noko som gjer det attraktivt for heile familien å bu her. Desse husa har også sin eigen nærleikeplass. Falkenstein er eit reint bustadområde, utan næringsverksemd i nærleiken. Det gjer det til eit roleg bustadområde. Vi har lagt vekt på å skape moderne, praktiske bustadar med gode løysingar. Rekkehusa har si unike planløysing. Difor er det viktig at du studerer alle planløysingane, så du finn det huset du likar best. Vi veit også at mange ønskjer å sjølv sette sitt preg på huset. Om du er tidleg inne i byggeprosessen er det mogleg å gjere endringar inne slik at du får akkurat den bustaden du drøymer om. Fasadeendringar er dessverre ikkje mogleg.
Fantastisk utsikt til alt det beste I nytt rekkehus på Falkenstein ligg alt til rette for at du skal trivast. Her er det fantastisk utsikt over Førde frå Viefjellet til Halbrendsnipa og vidare vestover. Anten du sit i stova eller på balkongen får du ei utsikt dei fleste berre kan drøyme om. Som bonus har du sol frå tidleg morgon til langt på kveld. På Falkenstein bur du innafor bompengeringen så du køyrer gratis til Førde sentrum og tilboda der. Men som du vil sjå, er vegen kort til det aller meste du treng, anten det er skule eller barnehage, butikk eller kulturopplevingar, kafé eller treningssenter. Du går eller syklar raskt til små og store hendingar i kvardag og helg, og du vil nok stadig oftare velje vekk bilen når du skal noko. I praksis treng du berre ein bil når du bur på Falkenstein. Til Førde Sentralsjukehus er det mindre enn 10 minutt med bil. 4 5
Utedagar innedagar Det skal vere godt å bu på Falkenstein, anten det er sol eller regn. Vi har vi lagt stor vekt på å både skape gode uterom og at det skal vere koseleg inne. Og når vêret spelar på lag, skal du vere ute for å slappe av og kose deg på balkongane/takterrassen. Med eigen hage i tillegg kan du faktisk nyte utelivet på tre plan. Så veit vi at Førde ikkje berre er tilgodesett med blå himmel og sprudlande sol. Difor har vi gitt den eine balkongen takoverbygg. Her kan du sitte tørt under overbygget med eit pledd over deg og sjå på regnet og nyte utsikta over Førde. Å sitte inne i stova bak store vindauge med panoramautsikt, når vêrgudane føler for å utrykke sitt vekslande humør, er også fascinerande. Her er det lunt og godt, men om du vil ha det ekstra koseleg fyrer du i omnen. Nærleiken mellom stove og kjøkken gjer matlaginga sosial. Du kan prate med familie eller vener i stova medan du diskar opp. Så kan du late vêr vere vêr og nyte god mat og drikke, vel vitande om at når det endeleg tek slutt, ventar hyggelege stunder og late dagar med soling og kos på terrassen igjen. 6 7
Nyt inne eller ute Kjøkken og stove på hovudplan, med utgang til balkong. Store vindauge gir fin utsikt mot Førde. Vi legg stor vekt på å bygge moderne og funksjonelle bustader, som fungerer i folk sin hektiske kvardag. På hovudplan er det ei romsleg stove og kjøkken i open løysing, med utgang til balkong. Der kan du nyte frukost, lunsj eller middag. Dei store vindauga i stova gir kontakt med livet utanfor, og gjer det lyst og triveleg inne. 8 9
Høg kvalitet gjev høg trivsel 2 stover og 4 soverom gir rekkehusa einebustadkvalitetar. Du har eige vaskerom og 2-3 bad/wc. Opphaldsarealet ute er løyst slik at du har uteplassar frå alle etasjar. Utgang til eigen hage i underetasjen, balkong med takoverbygg på hovudplan og balkong/takterrasse i 2. etasje. I tillegg er det eit stor fellesareal med opparbeidd nærleikeplass like ved. Denne leikeplassen høyrer til desse rekkehusa. Frå balkongen i 2. etasje kan du nyte kveldssola med ein kopp kaffi og samtidig følgje med på ungane som leikar der. Trygt og godt for både liten og stor. Falkenstein B7 ligg i eit etablert bustadområde, med mange born i nærområdet. Her vil borna dine finne mange leikekameratar. Vi veit at fritid er eit viktig gode i hektiske kvardagar. Trivsel er også å sleppe å gjere noko. Difor brukar vi vedlikehaldsvennleg fasade med Møre Royal kledning, ikkje berre på veggane, men også på terrassegolva. TV-stove i 2.etg., hus 1-4. Vindauga har aluminiumsråmer. Alt for at du skal bruke minst mogleg tid til vedlikehald, og mest mogleg tid på å nyte fritida di. Bustadane er energivennlege, med lågt energiforbruk. Det fører igjen til låge energikostnadar. Balansert ventilasjon, som sikrar eit godt inne-miljø, er standard. 10 11
Norsk kvalitetskjøkken Kjøkkenet er frå Huseby, eit norsk kvalitetskjøkken. Kvitevarer frå Miele er inkludert i prisen, og består av kjøl/frys, keramisk platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Er du tidleg inne i prosessen, kan sjølvsagt kjøkkeninnreiing endrast og tilpassast ditt behov. Det er også høve til å velje andre kjøkkenmodellar enn den vi har planlagt, slik at du kan skreddarsy ditt drøymekjøkken. Kjøkken og stove ligg på hovudplan, og har utgang til balkong med takoverbygg. Balkongen er godt skjerma frå naboen. Dette er ei praktisk løysing som gjer det enkelt å nyte måltida ute i sommarhalvåret, uansett vêr. Kvart rekkehus har si unike planløysing. Det er mange ulike variasjonar av kjøkken- og stoveløysingar. Studer planløysingane nøye for å finne den du likar best. Du kan også velje omnstypar som ikkje krev brannvegg bak. 12 13
Loftsstove i toppetasjen med takterrasse. Ei stove til alle Eit hus med mange opphaldsrom gir fleksibilitet. Det er kjekt å bruke tida heime saman som ein familie, men i blant treng ein fleire rom å boltre seg i. Til dømes når ungane har vener på besøk. Bustadane har 2 stover, der begge har utgang til uteplassar. Ein kan også få tre stover i nokre av husa. Denne illustrerast på neste side. Det er også kort veg til hagen. Perfekt for familiar med born eller ungdom i huset. Tenk kor herleg det er å kunne la ungane ha si eiga TV-stove, medan praten går mellom dei vaksne rundt middagsbordet. Eller du kan sjølv trekke deg tilbake og sjå på TV i fred og ro, medan andre kan løyse verdsproblem rundt spisebordet. 14 15
Hus 5-10 har moglegheit for ei tredje stove i underetasjen som alternativ løysing. 16 17
Her er det godt å bu. Frå stova kan du gå rett ut på balkongen. Med kort veg til kjøkkenet er det lett å nyte måltida ute når véret innbyr til det. Illustrasjonsfoto av stove i hus 2,3 og 4. 18 19
Stove- og kjøkkenløysing, Hus 1. 20 21
Illustrasjonar ulike stover. Øvst til høgre Hus 9, 2. etasje. 22 Stort bilete viser stove og kjøkken Hus 9. 23
Bad, WC og vaskerom Rekkehus 1-10 har fått romslege baderom, som er utstyrt med dusjhjørne, vegghengt toalett og vask med innreiing. Sidan mange synest det er herleg å kunne nyte eit varmt bad og slappe heilt av, har vi laga moglegheit for badekar i alle rekkehusa om ein ønskjer det. Om du er tidleg inne i prosessen, kan vi også tilpasse badet og endre på innreiing etter dine ønskje. Avløp og avtrekk kan ikkje endrast. Rekkehus 1-4 har bad i underetasje og på hovudplan. Vaskeromdelen i underetasjen er skilt av frå badet med Langlo skyvedører. Rekkehus 5-10 har bad i underetasje og i 2. etasje, samt WC på hovudplan. Her har ein i tillegg også eit eige vaskerom i underetasjen. Alle vaskerom ligg i tilknytning til badet. Ein kan også innreie vaskerommet med skåp og hyller. Det gjer dette til eit praktisk, oversiktleg rom. Bad i 2 etg. i hus nr 5-10. 24
Vaskeromdelen i underetasjen på hus 1-4 er skilt av frå badet med Langlo skyvedører. 26 Som tilvalg kan bestillast vegg med skyvedør (som vist på illustrasjonsbiletet). 27
Romslege bad i underetasjen. Her kan ein få plass til badekar om ønskjeleg. Illustrasjonsfoto for hus nr 5-10. 28 29
Koseleg hovudsoverom med store vindauge med utsyn over Førde. God søvn på to plan Alle bustadane på Falkenstein B7 har 4 soverom. 2 av dei ligg i underetasjen. Her finn du også eit romsleg soverom, med direkte tilkomst til din private hage. Om sommaren kan du rusle rett ut i hagen og strekke på deg i morgonsola. I 2. etasje finn du 2 soverom, med den same gode utsikta over Førde som frå stove/kjøkken på hovudplanet. I dei lyse og trivelege soveromma blir det også godt å vere for dei yngste i familien. 30 31
Soveromma har varierande vindaugsløysingar. 32 33
Trivsel ute og praktisk kvardag På Falkenstein har vi lagt stor vekt på gode uteområde for både store og små. Inne i tunet er det planlagt uteområde med eigen nærleikeplass for borna som bur i hus 1-10, og opphaldsstad for dei vaksne. Med balkong/terrasse vendt mot tunet, er det lett å ha kontroll på ungane når dei er ute og leikar. Parkering ligg nær inngangspartiet på bustaden. Via fortau langs køyreveg, går du trygt til Førde sentrum på cirka 10 minutt. Barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, kino, symjehall og mykje meir ligg berre ein kort spaserturar unna. Til Førde Sentralsjukehus tek det mindre enn 10 minutt å køyre. Som eit ekstra gode, i tillegg til nærleiken til alle sentrumstilboda, ligg bustadane innanfor bompengeringen rundt Førde. Det gir deg gratis biltilgang til alt i sentrum. Vi trur også at når du venner deg til å bu så nær sentrum vil du også stadig oftare velje å gå eller sykle. 34 35
Fleksible og smarte løysingar Rekkehusa på Falkenstein B7 er tilrettelagt for Smarthus-løysingar, slik at du kan velje å installere dette no eller seinare. Med Smarthus-løysingar kan du trådlaust kontrollere lys og oppvarming, låse opp dører og styre musikk via telefon eller nettbrett. Du får melding på telefonen dersom det skjer noko med huset når du ikkje er heime. Du kan generasjonstilpasse bustaden, samt installere og styre ulike tryggleiksløysingar. Dette er noko av det som er tilgjengeleg, og du kan lese meir om Smarthus-løysingar på www.intin.no. Vår elektrikar kan også orientere meir om moglegheitene. Som planteikningane på dei neste sidene viser er dei 10 rekkehusa teikna med bad/vaskerom i underetasjen og bad/wc på hovudplan. Rekkehus 5-10 har også bad i 2. etasje. Det er to soverom i underetasjen, og to i 2. etasje. Alle rekkehusa har romsleg open stove/kjøkkenløysing på hovudplan, og TV-stove i 2. etasje. Nokre av husa har også moglegheit for ei tredje stove. Alle rekkehusa har to balkongar/takterrassar og eigen privat hage. Om du ønskjer å prioritere annleis, er det rom for individuelle løysingar. Det er det vi meiner med fleksible og smarte løysingar. Alle rekkehusa har si unike planløysing, også der det er same storleik. Difor er det viktig at du studerer alle 10 husa, så du finn akkurat den planløysinga du likar. 36 37
38 39
40 41
42 43
44 45
46 47
48 49
50 51
52 53
54 55
56 57
Situasjonsplan Kjøper du bustad på Falkenstein skal alt vere praktisk og trygt, for liten og stor. Du kan parkerer bilen i carporten, som ligg i nærleiken av inngangsdøra, nett som ved ein einebustad. Vi har også sett av plass til 5 gjesteparkeringsplassar til felles bruk, og laga ein romsleg snuplass, slik at det skal vere praktisk for dei som nyttar bil å komme seg til og frå bustaden. Felles nærleikeplass er plassert inst i tunet. Her kan ungane leike trygt utan å komme i nærleiken av bilar. Vi har plassert leikeplassen oversiktleg. Du kan sitte på balkong/takterrasse og nyte kveldssola, og ha god oversikt over ungane som leiker på leikeplassen. Trygt og praktisk for store og små. Ved inngangen til feltet har vi plassert ei felles avfallsbod. Her er det plass til avfallsdunkane i eine delen, medan ein finn sportsboder til rekkehus 2, 3 og 4 i den andre delen. Her er det også ei felles reiskapsbod, med plass til felles plenklippar med meir. Postkassane vil også bli plassert her. Rekkehus 1 og 5 til 10 har sportsbod ved inngangen sin. Alle bustadane får sin eigen utekran. Hus nr 2 Hus nr 3 Hus nr 4 Ti grunnar til å kjøpe nytt 1. Låge omkostningar ved kjøp. Du betaler berre 2,5 prosent dokumentavgift av tomteverdien, og ikkje av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad. 2. Fast pris. Ingen hektiske bodrunder du veit på førehand kva du må betale for bustaden og kva den vil koste deg månad for månad. 3. Trygt kjøp. Etter første år i bustaden vert det utført ein kontroll der ein sjekkar at alt er i orden med bustaden. Du har i tillegg 5 års reklamasjonsrett. 4. God tid til sal av eigen bustad. Du får god tid til å førebu flytteprosessen og selje den bustaden du alt har. 5. Lågare straumrekning. Alle våre bustadar har godt med isolasjon i golv, veggar og tak, samt at vindauga har god isolasjonsevne. Nye bustadar har lågare energiforbruk, noko som er bra for klimaet og gjev reduserte driftskostnader. 6. Betre lydisolering. God isolasjon gjev det ikkje berre ein energivennleg bustad, du får også særs god lydisolering. Dette er viktig for trivselen du skal ha i din nye draumebustad. 7. Særpreg. Du har større moglegheit til å påverke materiell og fargeval, samt designløysingar i bustaden. 8. Ingen kostnadar til oppussing. Bustaden får moderne og god utforming og stil. Du reduserer risikoen for uføresette kostnadar. 9. Nytt miljø. Du får høve til å bli ein del av eit heilt nytt bustadmiljø, der ingen har budd før. Dette fører ofte til eit sosialt og godt naboskap. 10. Alt er nytt. Det gir deg ei god kjensle av å vere den første som bur i bustaden. ATTERHALD: Alle opplysningar i salsprospektet er gitt med atterhald om at vi har rett til å gjere endringar som er tenelege og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden vesentleg. Kjøpar aksepterer at utbyggjar har rett til å utføre slike endringar. Alle illustrasjonar er av illustrerande art og kan avvike frå levert sluttprodukt. Vidare vil det kunne vere unøyaktigheiter og avvik på utsikta i dei ulike interiør- og eksteriørillustrasjonane. Der det er avvik, gjeld leveransebeskriving og salskontrakt framfor denne salsoppgåva. Vi tek også atterhald om kommunal godkjenning og tilstrekkeleg oppnådd førehandssal. Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransebeskriving og i salsprospektet. 58 59
Rein Design Falkenstein i Førde Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med: Bente Andenæs Tlf: 90 82 14 17 ba@gravdal.no Gravdalgruppa Gravdalgruppa er ein påliteleg og profesjonell samarbeidspartnar når du skal byggje bustad. Vår oppgåve er å tilfredsstille ønskja du har til den nye bustaden samtidig som vi ordnar alt det du ikkje har tenkt på! Med over 50 års erfaring frå bustadbyggjebransjen, er vi ein solid og trygg partner når du skal gjere ei av dine største investeringar. Vi er opptatt av å byggje attraktive og moderne bustader, og leverer nøkkelferdig om ønskeleg. Gravdalgruppa har hovudkontor i Førde, og består av Gravdal Prosjektutvikling as, Gravdal Bustadprosjekt as og Gravdal Bygg as. Hovudaktiviteten er totalentreprisar innan privat sektor, fortrinnsvis i bustadmarknaden. I eit normalår sel vi ca. 50 bustader og omset for om lag 200 millionar. Les meir om oss og prosjekta våre på www.gravdal.no Følg med på våre prosjekt på facebook: www.facebook.com/gravdalgruppa Halbrendsøyra 2, 6801 Førde Telefon: 47 87 40 00 www.gravdal.no/falkenstein www.gravdal.no