1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1. STUDIEPROGRAM Eit studieprogram er eit fleirårig studium som fører til ein bachelor- eller mastergrad. Studieprogrammet skal gjere greie for hovudliner, profil og omfang for studiet. Kvart studieprogram skal ha ein eller fleire studieplanar. 2.2. STUDIEPLAN Ein studieplan er ein plan for korleis studiet kan/skal gjennomførast for å føre fram til eit særskilt kompetansenivå. Studieplanen gir ei grundig utgreiing av strukturen og innhaldet til studiet, samt kva krav som vert stilt for opptak og gjennomføring. 2.3. UNDERVISNINGSKALENDEREN Undervisningskalenderen er ei oversikt som viser alle undervisningstilbod og andre faglege aktivitetar i løpet av studieåret, som kurs, prosjekt, seminar og rettleiing. I Undervisningskalenderen inngår nærare spesifiserte aktivitetar som er felles for heile institusjonen. Denne delen av Undervisningskalenderen vert kalla Felleskalenderen. 2.4. STUDIEPOENG Studiepoeng er mål for arbeidsmengda i studiet. 60 studiepoeng tilsvarer eitt år med fulltidsstudium. 2.5. SEMESTERVURDERING Studentvurdering er ei formell, intern vurdering av det faglege nivået og den faglege framgangen som studenten har oppnådd ved fastsette stadium i studiet. 2.6. EKSAMEN Eksamen er den formelle vurderinga av det faglege nivået studenten har oppnådd ved avslutninga av eit studieprogram. I eksamensvurderinga skal eksterne sensorar delta. 3. STUDIEPROGRAM Styret vedtek med heimel i Uhl. 3-3 kva for studieprogram som skal opprettast, eventuelt kva studieprogram institusjonen skal fremje forslag om overfor godkjennande styresmakter. 1 Styret har i møte 21.09.05 fastsett forskrifta med heimel i ny lov av 1. april 2005, 3-3, 2 ledd.
2 4. STUDIEPLAN Studieplanen skal innehalde: Målsetjing for studiet Studiestruktur og innhald med eventuelle obligatoriske delar Arbeids- og undervisningsformer Vurderingskriterium og prosedyrar, jamfør punkt 7 og 8 Opptakskrav Studieplanen vert godkjend av styret med heimel i Uhl. 3-3. 5. UNDERVISNINGSKALENDER Undervisningskalenderen vert utarbeidd for kvart studieår for å gjennomføre intensjonane i studieplanane. Den skal innehalde ei konkret oversikt over studieåret sitt tilbod om undervisning og andre faglege aktivitetar, i form av kurs, prosjekt, seminar etc. Undervisningskalenderen inneheld element som: Felleskalenderen for hele institusjonen Felleselement på avdelingsnivå Fagspesifikke delar Felleskalenderen vert fastsett av rektor. Elles vert Undervisningskalenderen utarbeidd av avdelingane og godkjend av dekanen. 6. STUDIEKONTRAKT/UTDANNINGSPLAN Ved opptak til KHiB skal det inngåast ein studiekontrakt mellom studenten og institusjonen. Studiekontrakten skal etablere eit forpliktande forhold mellom institusjonen og kvar einskild student, klargjere dei pliktene institusjonen har overfor studenten, og dei rettar og plikter studenten har overfor institusjonen. Med studiekontrakten skal det følgje ein individuell utdanningsplan tilhøyrande eit studieprogram. Etter det første studieåret kan det gjennom utdanningsplanen verte etablert eit meir individuelt studieopplegg for studenten etter avtale med hovudrettleiar. Utdanningsplanen skal reviderast årleg. I masterstudia vert den individuelle utdanningsplanen erstatta med den vidareutvikla prosjektutgreiinga. Krava til kunstfagleg/designfagleg kompetanse ved slutten av eit studieprogram kan ikkje fråvikast gjennom utforminga av den individuelle utdanningsplanen/vidareutvikla prosjektutgreiinga. Ved starten av kvart studieår utpeikar institusjonen ein hovudrettleiar for studenten. Denne vert utpeika etter konsultasjon med studenten, og ut frå ei samla vurdering av faglege behov og dei tilgjengelege personalressursane til institusjonen. Når ein student vert teken opp, skal studenten sin hovudrettleiar verte utpeikt innan utgangen av september. Styret fastset studiekontrakt og mal for individuell utdanningsplan.
3 7. PROSEDYRAR FOR VURDERING 7.1. BACHELORPROGRAM Studenten skal vurderast i høve til fagleg framgang og nivå ved slutten av kvart semester. Vurderinga skal ta omsyn til den samla faglege framgangen i arbeidsperioden, og vere i samsvar med dei vurderingskriteria som er fastsett i studieplanen. Vurderinga vert gjort av hovudrettleiar og ein annan fagleg tilsett utpeika av dekanen. Vurderinga skal slå fast om studenten samla sett har hatt tilstrekkeleg fagleg framgang i forhold til studieplanen/utdanningsplanen til å ha greidd den aktuelle arbeidsperioden på eitt semester (tilsvarande 30 studiepoeng). I samband med vurderinga skal studenten få ei nærare tilbakemelding om status på den faglege framgangen gjennom hovudrettleiaren. Det skal fastsetjast retningsliner for denne tilbakemeldinga. Nærare føresegner om prosedyre for vurdering kan fastsetjast i studieplanen. 7.2. MASTERPROGRAM Studenten skal vurderast ved dei tidspunkt og i høve til dei kriteria som er fastsett i studieplanen. I samband med vurderinga skal studenten få ei nærare tilbakemelding om status på den faglege framgangen gjennom hovudrettleiaren. Det skal fastsetjast retningsliner for denne tilbakemeldinga. Nærare føresegner om prosedyre for vurdering kan fastsetjast i studieplanen. 7.3. FØRESETNADER FOR VURDERING Grunnlaget for at slike vurderingar kan skje, er at studenten har gjennomført/greidd dei delane av studieplanen, eller den individuelle utdanningsplanen, som er fastsett/avtalt som obligatoriske. Dersom slike obligatoriske delar ikkje er gjennomført, kan dekanen etter tilråding frå hovudrettleiaren likevel avgjere at studenten skal vurderast. Om den faglege framgangen i eit slikt tilfelle, og ut frå ei samla vurdering, vert sett på som tilstrekkeleg, er det naudsynt at dei obligatoriske delane kan gjennomførast i løpet av dei neste 12 månadane. 8. EKSAMEN Alle studieprogram vert avslutta med ein eksamen. Føresetnadene for å verte oppmeld til eksamen, er at studenten har greidd dei tidlegare vurderingane som vert kravd i høve til denne forskrifta, jamfør punkt 7.1, eller studieplanen, jamfør punkt 7.2. Studenten skal vurderast i høve til måla i studieplanen / den individuelle utdanningsplanen, og dei kriteria for vurdering som er fastsett i studieplanen. Hovudrettleiar og to eksterne sensorar oppnemnt av dekanen vurderer eksamensarbeidet. Karakteren som vert gitt er Greidd eller Ikkje greidd. Etter avslutta eksamen skal studenten gjennom hovudrettleiaren få ei nærare tilbakemelding om status på det faglege sluttresultatet. Det skal fastsetjast retningsliner for denne tilbakemeldinga.
4 Styret fastset nærare reglar i Eksamensreglementet. 9. IKKJE GREIDD STUDIESEMESTER/HOVUDELEMENT *) /EKSAMEN Ein student som ifølgje punkt 7 ikkje får godkjend semesteret/hovudelementet *), må ta det gjeldande semesteret/hovudelementet på nytt. Studenten kan få same semester/hovudelement vurdert ytterlegare to gonger. Ein student som ifølgje punkt 8 får karakteren Ikkje greidd ved eksamensvurderinga, kan ta opp igjen denne eksamenen ytterlegare to gonger. Dersom studenten ikkje får godkjend resultat etter tredje gongs vurdering i samsvar med punkt 7 eller 8, misser studenten studieretten til det aktuelle studieprogrammet. *) Jamfør masterprogramma si definisjon av hovudelement i studiet. 10. KLAGE Ein student kan klage dersom: studenten ikkje får godkjend den individuelle utdanningsplanen / den vidareutvikla prosjektutgreiinga, jamfør punkt 6 studenten ikkje vert teken opp til vurdering av gjennomført semester/studiedel pga. manglande gjennomføring av obligatoriske delar av studiet, jamfør punkt 7 vurderinga ved slutten av eit semester/hovudelement konkluderer med at studenten ikkje har vist tilstrekkeleg fagleg framgang til å ha greidd arbeidsperioden, jamfør punkt 7 studenten ikkje greier eksamen ved slutten av eit studieprogram, jamfør punkt 8 Ved klage etter første, andre og tredje strekpunkt vert klagen vurdert av dekanen, hovudrettleiar og ein annan fagleg tilsett oppnemnt av rektor. Ved klage etter fjerde strekpunkt vert klagen vurdert av ein ny kommisjon med eitt internt og to eksterne medlemer oppnemnt av dekanen. Dei faglege vurderingane kan ikkje påklagast vidare, men eventuelle sakshandsamingsfeil kan påklagast til styret ved Kunsthøgskolen. 11. VITNEMÅL Studentar som har gjennomført eit studieprogram og har greidd avsluttande eksamen får utdelt vitnemål som dokumentasjon på oppnådd grad. I tillegg til vitnemål skal studentane få eit forklarande tillegg på engelsk, Diploma supplement. 12. FRITAK Studentar som har avlagt eksamen ved andre institusjonar, eller på annan måte kan dokumentere gjennomført utdanning, kan søke om fritak for delar av studieprogrammet dei er tekne opp til. Fritak vert normalt gitt i form av tilsegn om fritak for avtala delar av studiet.
5 13. INNPASSING Søknad om innpassing inneber at den tidlegare eksterne utdanninga til ein søkjar vil verte vurdert som erstatning for tilsvarande nivå i eit studium ved KHiB. Ein søknad om innpassing krev grundig dokumentasjon av innhald og nivå på den tidlegare utdanninga. Innpassing vert gjort i høve til dei aktuelle årstrinn i studiet. 14. NEDLEGGING Om eit studieprogram vert lagt ned, skal det normalt arrangerast eksamen for dette studieprogrammet i to påfølgjande semester etter siste ordinære eksamen, sjølv om det ikkje føreligg noko undervisningstilbod. Høgskoledirektøren kan i særskilte høve vedta å avgrense denne moglegheita. 15. BACHELORGRADEN Bachelorgraden ved Kunsthøgskolen i Bergen vert gitt for dei treårige studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette, og for studium på same nivå som er gjennomført i samsvar med godkjend individuell utdanningsplan. Styret kan vedta at særskilte kombinasjonar av kortare studieprogram skal gi rett til denne graden. I bachelorgraden skal det inngå eit sjølvstendig arbeid som skal utgjere hovudgrunnlaget for eksamensvurderinga, jamfør punkt 8. Omfanget av det sjølvstendige arbeidet vert fastsett i Eksamensreglementet. 16. MASTERGRADEN Mastergraden ved Kunsthøgskolen i Bergen vert gitt for dei toårige studieprogramma som byggjer på bachelorgraden og som vert oppretta i samsvar med føresegnene for dette i Uhl. 3-3 (2). For dette studiet gjeld Forskrift om Mastergradar fastsett av UFD den 02.07.02. I mastergraden skal det inngå eit sjølvstendig arbeid på 60 studiepoeng. Dette skal utgjere hovudgrunnlaget for eksamensvurderinga, jamfør punkt 8. I denne eksamensvurderinga skal det leggjast vekt på at studenten demonstrerer tilstrekkeleg kompetanse til å kunne møte dei utfordringane og standardane som profesjonslivet vil krevje.