God Jul. Teiknekonkurranse Julemotiv Side 36. Hans Gustav på veg heim??? Side 14-17. Jula nærmar seg med stormskritt Side 3-4



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Teknikk og konsentrasjon viktigast

OK, seier Hilde og låser.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Anne-Cath. Vestly. Åtte små, to store og en lastebil

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012



ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

I N N H O L D. Forord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

6. trinn. Veke 24 Navn:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

FANTASTISK FORTELJING

Informasjon til elevane

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kom skal vi klippe sauen

MIN SKAL I BARNEHAGEN

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

MEDLEMSINFO. august 2009

Plassebakken Barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsplan for Hare November

Kva er økologisk matproduksjon?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Månedsbrev april 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

Brannsår, rus eller friheit?

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

/

Transkript:

Jula 2014 10. årgang Laussal kr. 50,- God Jul Hans Gustav på veg heim??? Side 14-17 Jula nærmar seg med stormskritt Side 3-4 Unge friluftsliv-elskarar Side 18-21 Julesnoptest Side 38-41 Teiknekonkurranse Julemotiv Side 36

USKEDALSPOSTEN Side 2 Leiar Spel igang med gode kort På denne plass i Uskedalsposten har vi opp gjennom åra gjeve uttrykk for mykje optimisme på vegne av bygda Uskedalen. Vi har peika på at vi ligg midt i kommunen, at vi er ei raus gåve frå naturen si side og at vi har ei dugnadsånd som få andre bygder, for å nemna tre handfaste fakta. Bygda med den gode kvardagen var ei overskrift, Gode kort på handa for Uskedalen ei anna. Korleis har det så gått? Er dei høge forventningar innfridd? Dei er no iferd med å verta det,dei gode korta er i stor grad klåre for spel. Fleire er allereie i spel og som eit døme kan trekkjast fram det ei lokalavis tidlegare i år kalla byggjeboom. Uskedalen har lenge hatt meir enn 100 tomter Og no skjer det verkeleg noko på tomtene: Ospelunden er under utbyggjing, Eikelandet er fullført og fleire sentrale områder som Øvre og Nedre Halsabrotet - er iferd med å verta fortetta. Men framleis vil vi etterlysa ei samla marknadsføring under mottoet BU I USKEDALEN. I ein slik kampanje må ein også trekkja fram eit aktivt kulturliv og aktivitetstilbod. Dette året har vi opplevd handfaste døme på kva vi kan få til på desse områda. Festidalen og kyrkjejubileet har vore to arrangement som har vekt oppsikt langt utover grensene våre og som framfor alt har hatt eit kvalitetspreg som må imponera nokon kvar. Festidalen er iferd med å gje festivalomgrepet ein ny og utvida dimensjon. Kyrkjejubileet har hatt ein oppsiktsvekkjande høg standard kunstnarleg og kreativt sett. Fleire av innslaga i begge hadde fortent dekning i riksmedia. Kva er gjort for å oppnå det? Enda fleire prosjekt som vi gjennom åra har lista opp er undervegs. Planleggjinga av sentrum og opprustinga av skulen er to døme. Utviklinga av Børnes industriområde er på gang etter lang ventetid og vi har fått eit utvida handelstilbod. For ikkje å snakka om SPAR som er eit strålande døme på at det går an å gjera det utrulege ut av ein landsens butikk. Jo.vi har mykje å glede oss over. Ola Matti Mathisen

USKEDALSPOSTEN Side 3 Jula nærmar seg med stormskritt Av sokneprest i Uskedalen Lina Håland som kjem i frå Julebygda i nærleiken av Sandnes. Foto: Ola Matti Mathisen. Jula nærmar seg med stormskritt. Forventningane ligg allereie i lufta. Me veit jo kva som kjem, men det er likevel ei forventning som kan tas og følast på. Butikkane er akkurat ferdige med Halloweenfeiringa og no kjem juletinga inn. Lys og dukar til å pynte heimen til advent, så til jul. Kva fargar skal vi gå for i år? Skal vi bruke den lilla løparen frå i fjor eller skal vi heller kjøpe ein ny i sølv eller gull, eller kanskje raud? Det at advent og jula handlar om forventningar er ikkje noko nytt. Det gjorde dei for 2000 år sidan og. Kanskje adventstida var mykje lengre enn den månaden den er no, om eg skal gå heilt tilbake til profetiorda om Jesu kome. Orda om Jesus var så store, så mektige. Denne Jesus måtte jo bli fødd i eit svært palass omringa av tenarar dag og natt. Forventninga var stor blant jødane etter ein frelsar som kom med pomp og prakt og kunne fri dei frå romarane som regjerte på Jesu tid. Men så kjem vi til Maria, ei vanleg landsens jente. Ho budde ikkje i eit palass, hadde ingen kvit hest. Ho var trulova med snekkaren Josef. Men til henne kom engelen Gabriel med nyheita om at ho var utvald av Gud. Ho skulle bere fram verdas frelsar. Ho, ei enkel, vanleg jente frå Galilea i Nasaret. Kanskje det derfor var så vanskeleg for Maria og Josef å finne ein plass å vere når dei måtte til Bethlehem for å skrivast i manntall? Dei var eit ungt par med eit esel, utan spesiell status og plass i samfunnet. Hadde det derimot vore eit par med høgare status som hadde kome med hest og vogn hadde kanskje folk lukka opp heimen sin til dei, kanskje hadde dei til og med gitt dei det beste rommet i huset. Men når folk såg Josef og Maria så såg dei vel fort at det ikkje var noko å kunne skryta til naboen om, så då lukka dei døra for dei. Vi veit jo at Maria og Josef fann ein stall, heldigvis. Dei fekk tak over hovudet, og det var varmt i stallen, eller fjøset, sidan det var sauer, kyr og esel der. Men kva om vi snur litt på historia? Kva om historia om Jesus var no i dag? Ville vi opna vore hus, våre heimar, for eit stakkars ungt par ein stormfull og kald julekveld? Ville vi forstå at verdas frelsar ville kome på besøk til oss ein julekveld, bli fødd i vår stove? Ein fin julesong av Tarald Aano heiter Lille Barn

USKEDALSPOSTEN Side 4 Lille Barn Tarald Aano Viss du blei fødd hos oss, litle barn, viss du blei fødd i kveld. Viss mor di var så trøtt, litle barn, men ikkje fant ei seng. Viss ho kom her og banka på, viss ho kom heim til meg: Ville eg forstå, litle barn, eller ville eg sagt nei? Viss englar kom i natt, litle barn, viss englar kom i sky Og eg var der og såg, litle barn, på englar i min by Og viss dei sa eg skulle gå til stede for å sjå; Ville eg forstå, litle barn, og våga meg av sted? Og om eg fant deg der, litle barn, ja, om eg fant deg der; Kva ville eg få sjå, litle barn, når eg var komet så nær? Om gata var din nye stall og asfalt var ditt strå; Såg eg kven du var, litle barn, ville eg forstå? Gud velsigne julehøgtida.

USKEDALSPOSTEN Side 5 Skribenten som elsket Skorpo Tekst: Olaf Agnar Gausvik, Illustrasjoner Reidar Johan Berle. Vi rodde i en ildmørj, - frå øya til Uskedalen gjennom Zodiakens dyrekrets. I mars 1965 døde Herbrand Lavik, skribenten i Bergen som hadde Uskedalsøya Skorpo i sitt hjerte. Han fortjener større oppmerksomhet enn han har fått og Olaf Agnar Gausvik har tatt på seg den oppgaven i dette nummeret av Uskedalsposten. Redaktør Ingemund Fænn skrev slik i Bergens Tidende ved hans bortgang: Lavik hadde i sin ungdom fartet viden om i verden og forsøkt seg i mange yrker - som korrespondent, laksefisker, gullgraver, sjømann og elevatorfører - før han endelig slo seg til ro hjemme. Slo seg til ro er kanskje et lite adekvat uttrykk. Lavik slo seg aldri til ro. Det lå ikke i hans lynne. Han var hele livet vandreren, bohemen. Som forfatter - i prosa eller bunden stil, hadde han ikke noen stor produksjon, men det han skrev, hadde kvalitetsstemplet, det engasjerte. Som teateranmelder i Bergens Tidende var han en institusjon. Like robust og streng som han kunne være i sin teaterkritikk, like vâr og følsom kunne han være i sine naturskildringer. Når han skrev om sin øy Skorpo, hvor han hadde et to hundre år gammelt hus, ga han uttrykk for en nesten sentimental kjærlighet til naturen, til naturens under, selv om fliren også da kanskje lå under.

USKEDALSPOSTEN Side 6 Herbrand Lavik var både kjent og omstridt. Som årets "julebok" har A/S Bergens Tidende og J. W. Eides Boktrykkeri valgt å trykke to essays som Herbrand Lavik skrev for noen år siden - nå illustrert av Reidar Johan Berle. Her stiger vestlandsnaturen klart fram for oss med alt sitt yrende liv på landjorden, i sjøen og i luften - alle de fine stemninger Vestlandet er så rikt på året igjennom. Kven var Lavik? Herbrand Lavik, (f. i Bergen 19. mai 1901, d. 22. mars 1965), norsk journalist og forfattar, son av J. Lavik. Studerte journalistikk og språk nokre år, var til sjøs, deretter redaktør i Florø og Leirvik. I 1937 debuterte han med novellesamlinga Frenzie's indianere, i 1945 kom Tolv dikt fra krigens tid. Same året kom romanen Tunet i det blå og i 1946 novellesamlinga Månehuset. Omstridd er omsetjinga hans av Samuel Pepys' dagbok (1942) og gjendiktinga av François Villons vers (1943). Frå 1945 var han ein skarp teateranmeldar i Bergens Tidende. Forfatterskapen hans blir karakterisert som røff og sakleg, med sans for det groteske og frodig liv, og med spor av Freuds psykologi. Kven var Berle? Reidar Johan Berle formga og illustrerte mange bøker, mellom anna Petter Dass Herrens Bøn (1956) og bøker for born. I ein lengre periode var Berle tilsett hos Eide Forlag og Bergens Tidende. Han fekk fleire prisar for bokkunsten sin, mellom anna Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin biletbokpris fleire gonger på 1970-tallet. Teiknestilen var prega av mellomkrigstidas kantete estetikk: forenkla, naivistisk og ofte med eit grafisk preg. Berle var den første vinnaren av Bokkunstprisen under «Årets vakreste bøker» i 1957. Av grafiske arbeid må særleg nemnast fargelitografiane til Draumkvedet (1966). Berle har også arbeidd med store utsmykkingsoppgåver, til dømes steinmosaikken i bygget til Bergens Tidende og betongrelieffet i Evanger kraftstasjon. SVANESJØ OG MORILD Ein ekte og djupfølt kjærleik til øya Skorpo - Etter hvert som dal og grend åpnet seg for oss, så vi det hvitne i alle bakker. Hvert tun var en svanesjø, det danset dunete hvite ballerinaer rundt alle hus. Vi satt i båten over til Skorpo og så et mangfoldig mirakel, for kalenderen var ikke kommet lenger enn til tolvte mai, men verden rundt oss hadde nådd langt inn i juni. Slik skildrar Herbrand Lavik sitt vårlege møte med Uskedalen og Skorpo. Han har reist frå Bergen med Hardanger-Sunnhordlandske, og lært omatt den gamle leksa at det berre er omvegane som fører fram - det å veksla mellom båt og buss og berre snika seg innpå. I resignasjon har han i seks timar humpa seg fram, men så tippar bussen litt framover ute i Lio, han får eit kort utsyn over hovudet på dei andre passasjerane, og ser Neset, "et femhundremeters strekk av bare blomstrende pæretrær og moreller, med kirsebær og plommer som et slags skyhvit underhekk". I lyriske vendingar omtalar han naturen, og med stor botanisk kunnskap, den varierte blomeprakta, og alle treslaga som og blømer. "Alt på en gang. Det lyser i all skog, det seiler ange over alle bakker". Dei som har vakse opp i dette landskapet, vil bli hjelpelaust og heimlengtande nostalgiske av å lesa

USKEDALSPOSTEN Side 7 Forsiden til verket Svanesjø og morild. essayet til Lavik. Folk som kjenner bygda, Storsund og Skorpo vil vonaleg kjenna seg att, og dei som aldri har vore der, vil truleg la seg riva med og få lyst til å sjå staden. Lavik var fødd i Bergen, men har gjennom det han skriv, gjort det heilt klårt kva som var hans ferieparadis. Heilt bergteken blir han av dei fire hundre epletrea i hagen på garden der han bur. "De hadde alle laget seg til, blomsterknoppene satt på dem som nøtter i alle røde fantasifarger fra cyklamen til vermilion og cerise. Og i den første uken var det som det hver natt hadde gått hundre flittige små japanerinner og arrangert tusenvis av små buketter. Hver morgen var tyve-tredve nye trær sprunget - det finnes ikke blomsterdekor satt opp med slik, raffinert eleganse som epleblomstene, og det finnes ingenting mer japansk. Etter åtte dager var garden totalt oppfylt av eplehagens ujordiske lys av nesten usannsynlig hvitt og nesten usynlig purpur." Nitid registrerer og omtalar Lavik og alt det som går føre seg i fugleverda. Den 15. mai gjel gauken for fyrste gongen det året. Han er utan familesorg eller sut, i motsetnad til alle dei andre som held på med sine biologiske plikter i form av reirbygging, egglegging og foring. Sjølvsagt kan vi vel seia, får hegren spesiell omtale. Lavik finn fram kikkerten, observerer og ser foreldra som landar på reirkanten og gulpar opp halvmelta småfisk til ungane sine. Dette går føre seg ute i Hegreskåro i ein skog som er jungeltett og oskekvit etter hundreårs guano. Forfattaren har studert korleis hegren, når han blir skræmd, kastar seg opp i veret og ser i ein augneblink ut som han korsfestar seg sjølv. "Og likevel er de ikke så asketiske som de ser ut. Selve syttende mai så jeg to av dem i kurtise - en ektemann og saktens en ennå uengasjert dame. Han tok frem sine beste flygekunster - brått lot han seg deise fire etasjer ende ned som en løpsk elevator, og så kom han seisende opp igjen i krapp spiral, som om han sirklet rundt en fabrikkskorstein." Vi får så ei nøyaktig og interessant innføring i korleis det i tidlegare tider vart drive falkejakt på hegren, og det med nær same entusiasme som ved tyrefekting. Men sluttmerknaden går likevel på at han er "den uspiseligste av all fugl, skrinn og tørr som en gardstaur, og med en usigelig smak av tran. Det er stankfuglen i vår flygende fauna", skriv Lavik og syner til lukta vi kjenner når vi ror framom Hegreskåro på dorgetur. Kanskje dette er grunnen til at Lavik ikkje kjenner seg sikker på at det burde vera hegren som skulle stå i den heraldiske plakaten til Skorpo. Han nemner hauken og hakkespetten som gode alternativ. Og så får vi ei artig soge om då hauken herja i høneshusa til både Langballe og Johannes Hauge. Med hagla får Johannes teke tre av beista, men det er fleire att ute i stupa. Hakkespetten og staren får til slutt si eiga historie.

USKEDALSPOSTEN Side 8 Den fyrste blir omtala som han som "sitter i stolpesko og morser iherdig, i et tempo som ingen telegrafist ville kunne følge", noko som går hardt ut over telefonstolpane, men er til glede for staren som får fine reirplassar i dei uthakka hola. Det er tydeleg at nett staren har eit godt rom i forfattaren sitt hjarta, men det året han bygde reir under taksteinen på ljorestova som Lavik budde i, heldt venskapen på å ta slutt. "Fra klokken tre om morgenen var det bråk der oppe som om det drev flyttefolk på". Ut frå den ornitologiske teorien om at fuglane syng for å markera revir, visste den søvnlause etter at han på alle andre vis hadde prøvd å fordriva fuglen, til slutt inga anna råd enn å sjølv klatra opp på mønet og sitja der og kvitra på det mest inntrengjande. "Siden kom de ikke igjen. I år lyttet vi nervøst hver natt etter larmen av takras ovenfra, men heldigvis hadde de akseptert vår førsterett. De holder nå til i et nytt stolpehull 20 meter fra oss, vi kjenner dem igjen på på at de fornærmet snur hodet fra oss, hver gang de lander med mat til gap-ungene sine. Og det må de få lov til. Som overbærende foreldre smiler vi bare. Slike bagateller sjenerer oss ikke, vi er jo kommet til Skorpo". MORILD - Og når vi rodde ut om kvelden, hadde den (sjøens scene) tatt i bruk morilden som spesiell teatereffekt. Inne under landskyggen rodde vi i en ildmørje som om vi allerede var havnet i svovelsjøen med færing og det hele. Og selv langt ute fra land, der flaten fanget alt lys under natthimmelen i et fint skimrende flak, fulgte effekten med, enda mer raffinert. Hvert åretak kalte fram et stjernebilde under sjøen, vi rodde herfra til Uskedal så å si gjennom hele Zodiakens dyrekrets. Det er no tidleg november og Lavik og kona er attende på Skorpo etter å ha slutta av sommaropphaldet der i slutten av august då øya etter to månader med glødande turke, låg der svidd og herja som om ho skulle ha vore kulisse i eit italiensk drama. Som vi straks skjønar, er det ikkje kvardagslivet Lavik ser, opplever og skildrar. Det er eit stort spørsmål om dei fastbuande alltid kjenner seg att i det han skriv. For han er på gjestebod på øya, plukkar ut attraksjonane og aktørane, studerer dei, lever med dei og omtalar det heile som eit scenisk spel. Teaterkritikaren Lavik finn her parallellar til fru Alving og Sara Bernhard, og sommarmorgonen er som ein trompetkonsert av Purcell med deklamasjon av Alphonse Daudet. Han minnest den heite sommaren som låg der mager som ein beduin og heit som eit beduintelt, og dreiv feriefolket til sjøs i færingen, eller gjorde dei til badegjester på stranda der dei glosteikte blåskjel og åt til kona kjende seg som ei havfrue, og han sjølv som ein kvalross. No på hausten er det soppen som er den store delikatessen, og på Skorpo finn dei blodrisker like utanfor grinda, eit spesielt bakkebråt med riddarmusserongar, kantarellar som mest ropar om å bli plukka, og piggsoppar blonde som jentehud. "Og rundt oss stod kjælen høstskog og spilte "L'aprésmidi d'un faun"". Frå sommarminna dukkar det og opp fire kjekke komediantar, fire herrar på byen i høgtideleg kjole og kvitt, og med umåteleg lange, raude naser. Det er tjeldar som Lavik tykte såg ut som om dei framleis var i ein nattgamal, men enno gentil rus, og som stod der på rad og venta på publikum som ein akademisk kvartett som hadde gløymt teksten. Kvar morgon hadde dei dukka opp for å sjå om det var meir blåskjel å få. Fonøyeleg er og historia om dei fire skodespelarinnene som spelte teater i skogen. Eigentleg var det fasanar som var sette ut av jeger- og fiskarforeiningen. Med tanke på forplantinga, var det også med ein han, ein flott kavaler, duellant og Don Juan som hadde mykje meir lyst på dei kvite italienske hønene på garden enn hoene av eigen art. Korleis det gjekk med han og hanen i hønseflokken, skal eg ikkje avsløra. "Men så kom kulingnatten og de to regndagene etterpå... Og Skorpo skiftet med en gang lynne. Siden da har uglene tutet sitt skremmende omen utenfor våre vinduer hver natt. Øyas voldsomme og nådeløse grunnlinjer ligger nakne og uornamenterte. Det sukker en Electra i hvert furutre. Det forvitrer en Orestes i hver eik. Skorpo har gått over til sitt vinterrepertoar: Den store greske skjebnetragedien".

USKEDALSPOSTEN Side 9 SLUTTORD Som nemnt, kom denne vesle boka ut til jul i 1965 som ei gåve- og minnebok til vener og samarbeidspartnarar frå Bergens Tidende og J. W. Eides Boktrykkeri A. S. Ho er på berre 30 sider, dei vakre illustrasjonane medrekna, og vart trykt i 2800 eksemplar. Interesserte kan framleis finna boka til sals for ein svært rimeleg pris, på ulike antikvariat som er lette å søkja seg fram til på internett. For alle som er glade i Skorpo, Uskedalen og forfattarskapen til Herbrand Lavik, er ho, etter mi meining, eit funn. Gdynia, Polen, sommaren 2014 Olaf Agnar Gausvik Rimeleg overnatting og frukost i ein lun og koseleg atmosfære, finn du sentralt i Uskedal sentrum. Ope heile året. Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen Tlf.: 53 48 60 39 Mobil: 90 08 41 36 Fax: 53 47 74 88 www.solheimturiststasjon.no email: solheim@knett.no

USKEDALSPOSTEN Side 10 TI OM JULA Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth Spørsmål: - Kva er det beste med jula? - Har du julekalender, evt. kva type? Anette Musland -Det er snøen -Ja. Sjokoladekalender. Valborg Sjøwall - Vera med familien - Ja, skulemusikken sin. Katrine Haugland - Vera heima med familien og ha god tid. - Ja, skulemusikken sin. Postmann Pat - All den gode maten. - Nei. Stian Sebastian Enes. - God mat og pakkar. - Ja, skulemusikken sin. Knut Bringedal - Ha fri, slappa av, god mat og vera ed familien. - Ja. Eg hadde skrapekalender i fjor. Kristoffer Flodsand - Eg feirar ikkje jula. - Nei. Jan Egil Apeland - Vera med familien og eta god mat. -Ja, skrapekalender. Lene Hjelmeland. - Advent. - Ikkje endå, men eg skal ha noko med godteri. Jonas Klette Hansen - Pakkar - Ja, med snop og lego.

USKEDALSPOSTEN Side 11

USKEDALSPOSTEN Side 12 Den fyrste julekvelden i Etiopia Av: Ola Matti Mathisen, Foto: Gunnar Kjærland og Parry Arestide Edit og Gunnar julekvelden i 1953 Gunnar og Edit Kjærland stortrivs i Hagetunet der dei no bur og også skal feira jul. Men dei let nok tankane gå attende til ei heilt annleis jul og Uskedalsposten har spurt dei om korleis dei opplevde den aller fyrste jula på misjonsmarken i Etiopia. Det var i 1953 året etter at uskedelingen hadde reist ut, Han har tilsaman vore i teneste som misjonær i 35 år for Norsk Luthersk Misjonsamband. No er han snart 92, men like sprek. Det var 11.- november 1953 dei kom fram til Moyale, som ligg berre 300 meter frå grensen til Kenya og i et svært varmt område. Ofte kjem temperaturen opp i 40-45 grader om dagen og det vert sjeldan kaldare enn 35 om natta. I den vesle landsbyen budde det mest araberar og somaliarar. Det norske misjonærparet rykka inn i ei jordhytte med bølgeblikktak som sto att etter dei italienske okkupantane. Taket og den kvite sanden i området verka ikkje akkurat dempande på temperaturen, Den som hadde køyrt dei dit på 3 dagar frå hovudstaden Addis Abeba var ein gresk lastebilsjåfør. Parry Arestide vart deira gode venn. Det var ikkje mange kristne i området med unnatak av eitpar familiar frå Kenya. Dei hadde Imidlertid vore med og starta skule og dreiv med evangelisering i området. Den greske sjåføren Parry vart ein god ven

USKEDALSPOSTEN Side 13 Huset paret frå Noreg budde i då dei kom til Moyale Julekvelden vart enkel for paret frå Noreg. Dei fann ein liten busk som vart juletre og måltidet var geitekjøt..dei åt saman med den greske sjåføren og las juleevangeliet i den varme kvelden, men drykken var ei spesiell oppleving fordi vatnet var svært salthaldig. Ein misjonær frå Bergen hadde arbeida i området ca. eit halvt år og reist heim før Edit og Gunnar kom og overtok arbeidet der. Den tidlegare misjonæren hadde begynt med ein skuleklasse. Dagen etter at Edit og Gunnar hadde feira julekvelden gjekk dei til skulen der dei samla klassen. En del andre kom også. Edit og Gunnar hadde nysteikte bollar med som dei delte med dei som var der. Så talte dei om jula og kvifor vi feira den, minnast dei to pionerane. For fyrste gong opplevde 10-12 elevar og deira foreldre ei kristen jul. medan deira jul var 7. januar. Å koma attende til Moyale i 1998 var ei stor oppleving for Edit og Gunnar, ikkje minst fordi det var reist ei stor kyrkje der. Det var plass til 300 i denne og ei fullsett kyrkje hylla pionerane frå 1953. Edit og Gunnar kunne slå fast at deira innsats som starta 47 år tidlegare hadde hatt rike frukter- Gunnar med skuleklassen i Moyale

USKEDALSPOSTEN Side 14 Hans Gustav på veg heim??? Av: Ola Matti Mathisen -Eg har alltid lagt vekt på å være meg sjølv, seier Hans Gustav Mussland (68). Han sit i det staselege huset sitt i Skårhaug og kan sjå attende på eit liv som det er få forunt å oppleva. Det har vore toppa av opphald i Midt-Austen, Kina, Estland og USA og uskedelingen har gjort ein jobb som det står respekt av. Toppen vart nådd då han vart kåra til æresborgar av sjumillionarbyen Qingdao.

USKEDALSPOSTEN Side 15 Hans Gustav framfor det fine huset sitt i Skårhaug. Foto Ola Matti Mathisen Men i første omgang skrur vi klokka attende til 22.desember 1945 då han vart fødd på Nedre Musland som nummer 2 i ein ungeflokk som stoppa på 6. Det innebar at han ikkje var odelsgut, den retten var det Ingolf som fekk.men ingen skal beskylda Hans Gustav for å ha dreve dank i unge år, han tok gjerne eit tak på bruket, til dømes med å gjeta geitene oppe i lia. Det var ei grei oppgåve, for då dei viltre dyra var høgt nok oppe var det berre å snu dei, fortel gjetarguten. Truleg lærte han då eit og anna som han fekk nytte av seinare i livet.. I alle fall seier han at han hadde ein fantastisk oppvekst. -Vi fekk jobba så mykje vi ville. Vi lærte stutt sagt å jobba. Det var verkeleg noko å ta med seg videre, seier han i dag. Første stopp på vegen ut i verda var Øystese der Hans Gustav gjekk statsrealskulen i 2 år med mellom andre Amund Matre som medelev, og Reidar Myklebust, Rolf Sunde og Bjørn Klette, som same periode begynte på Øystese Gymnas. Så gjekk han yrkesskule og ingeniørskule i Grimstad til han som 20-åring vart sanitetsmann i marinen og mellom anna var 1 år på jagaren KNM Bergen. Han har ikkje angra ein dag på den yrkesveg han valde og som praksis innebar teneste i SKL i Matre. Feriejobbar på Samyrkelaget, Hjønnevåg og Trelasten i Uskedalen har også vore nytteg ballast. Men då det vart ålvor gjekk han i 1970,etter endt ingeniørutdanning, rett ombord i det norske industrieventyret. I 1972 - som den første sveiseingeniør på eit Stord Verft i ein omfattande omstilling frå supertankarar til offshore. Det året bygde han også hus på Stord og vart der. 2 år tidlegare hadde han gifta seg med Brit Tove frå Skårhaug i Uskedalen. Aker Stord utvikla seg til ein gigant etter norsk målestokk frå 1200 til 3000 tilsette - og i dette konglomeratet fekk uskedelingen jobben som avdelingsleiar for kvalitet og programering av verktøymaskinar. Hans Gustav var der til 1981då han skifta til VVS Stord, der han i dei første 3 åra var teknisk sjef og deretter administrerande direktør fram til 1991. På det meste var det der 300 tilsette. Men så vart han henta til jobben som organisasjonsjef for Aker Elektro, størst i landet i bransjen med sine opptil 1500 tilsette. Sjølv kallar han den jobben både lærerik og krevjande.

USKEDALSPOSTEN Side 16 Hans Gustav spelar i Ungdomslaget i yngre år og under et slektstreff på Neset. Foto Ungdomslaget sitt arkiv og Ola Matti Mathisen. I 1994 bestemte Aker seg for etablering i Midtausten og Hans Gustav fekk jobben som leiar med hovudkvarter midt i Damaskus og avdelingskontor i Beirut og Jordan. Den jobben hadde han til 1997 da han vart henta attende til Aker Elektro og var marknadsssjef fram til 2000. Då venta eit nytt utanlandsoppdrag i Houston i Texas for Leirvik Sveis. Hans største oppgåve i USA var å få godkjenning av aluminium i Gulfen og han lyktes med det sjølv om det var krevjande prosess, der stålmarkedet var den største utfordringa. Deretter var han ein periode internasjonal marknadssjef for Leirvik Sveis. Men så kom ein periode som nok var høgdepunktet for uskedelingen: Etableringen til Shat Harding i Kina. Den engasjerte Hans Gustav med suksess i 4 år, men han vil gjerne også trekke fram gode støttespelarar - som Endre Eidsvik, også Uskedeling - Eg har berre gode erfaringar frå Kina, seier Hans Gustav som ikkje hadde vore i gigantlandet før og vart kasta rett uti det. Han opplevde kinesarane han hadde samarbeid med som unge, flinke og krevande. - Kva med to ord som startar på K - kommunisme og korupsjon? - Ein må akseptera deira styresett hvis ein vil komma nokon stad akkurat som dei aksepterer vårt. Eg lærte å leva med det. Og med omsyn til korupsjon har eg ikkje vore borti det. Korupsjonen begrensa seg til servering av middag og små gåver. Konklusjonen er at kineserane er svært dyktige og at du ikkje tullar med ein kinesar. Dei er effektive og raske når ein beslutning er teke. Men la meg legga til at eg også har gode erfaringar frå Midtausten. Eg vart oppriktig glad også i dei landa, og har gjevnleg kontakt. Hans Gustav har også ei viktig anna side: Han syng i koret Songlaget Stordabuen og har i alle år hatt pianotrekkspelet som sin trufaste fylgjesvenn uansett kor han har vore i verda. For det første tok han 40 kroner og då var han 15. Det var bryllupet til Astrid og Torolf Nerhus.Ein ekstra bonus var at brudeparet kjøyrde spelemannen heim ut på morgonen. Foreldra kjøpte det første spelet til han for 400 kroner då han var 12 og han har trulig spela i 200 bryllup. Mesteparten i heimedistriktet, og han har aldri teke meir enn 1000 i honorar. Etterkvart fekk han med seg ein gitarist - Amund Matre - og dei kjente Jubelgutta vart snart etablert og hadde stor suksess. Når det gjeld repertoar var dei gamle, gode tangoene populære. Hans Gustav får mykje ros for spelet, men meiner sjølv at han har for dårlig teknikk. Men det er ikkje tvil om at han er flink både med omsyn til rytme og presentasjon. Kva skal så globetrottaren ta seg til når han no nærmar seg 70? Skal han flytta heim til Uskedalen? Han har visse problem med å svara klårt på det. Men ein ting veit vi: Han vert uansett ikkje sitjande i Skårhaug og tvinna tommeltottar! Uskedelingen skal uansett ha ros for at han aldri har gløymt eller svikta kontakten med dalen og folket der han kjem ifrå. Hans Gustav har alltid vore ein ekte uskedeling og vil halda fram med å vera det så lenge han lever.

USKEDALSPOSTEN Side 17 Her er Hans Gustav saman med ordførar i Qingdao Guo Zhang og påtroppande leiar for Shat Harding i China. Foto privat Uskedeling om Hans Gustav: Sosial og får lett kontakt med alle. Hans Gustav under kåra til æresborgar av sjumillionarbyen Qingdao. Foto privat.

USKEDALSPOSTEN Side 18 Unge friluftsliv-elskarar Tekst: Thor Inge Døssland, Foto: Jan Øvstebø På tur til Børstølsvatnet - Tiurleik er kjempespennande! Det kan verkeleg anbefalast, seier 10 år gamle Kristian Øvstebø då eg har bede han og broren Andre(7 år) fortelje litt om alle naturopplevingane dei har hatt på dei mange turane dei har vore saman med faren Jan. Det blir ein samtale med stort engasjement der dei to gutane nærmast boblar over når dei hoppar frå det eine til det andre, for å formidle alt det kjekke dei har opplevt. - Eg kallar tiuren fuglenes konge fordi han er så majestetisk! Han går og trippar, strekkjer seg og brusar med fjørene, fortel Kristian medan Andre demonstrerer den majestetiske gangen og fortel at han nesten kan etterlikna rapelydane til den staselege fuglen. Dei fortel at dei leita i fleire år for å oppleva tiurleiken. Det vart mange turar der dei leita etter spor i snøen, talde tiurbæsj, og såg etter blindtarmstømming. - No har me endeleg funne plassen, og me har fått oppleve det flotte spelet 3 4 gonger. Dette føregår på våren, og dei har teltet ståande oppe frå første veka i april til byrjinga av mai. På turane dei ikkje treff fuglenes konge, har dei mange andre flotte opplevingar. Ein gong, då Kristian var 5 år, kom til dømes ein hjort tett inn på teltet. Utan pause er vi over på neste oppleving. - Orreleik er også flott, er dei to gutane einige om. Den er lettare å finna, og dei høyrer lyden mykje lengre. Kristian har lært seg lyden av orrhanen, og demonstrerer den på imponerande vis. - Orreleik har me vore på mange gonger. Første gongen var eg 2 år, fortel Andre som avslører seg som ein erfaren friluftsmann trass i at han berre er 7 år.

USKEDALSPOSTEN Side 19 Fisking i Sandvatna - På turane våre er det viktig med disiplin, seier Kristian, og på tiurleik er pappa på sitt aller strengaste. Då må det vera stille, og han er vaken mest heile natta. Men eg får vita at det ikkje er slinger i valsen i ein del andre samanhengar heller. Me kan ikkje vere solokjørarar når me klatrar i fjelltoppar, og når me leikar med vatn må pappa alltid sjå oss. Dersom dei er litt ugreie, kan det fort verta ein brå slutt på turen : - Viss pappa seier greitt, meiner han alvor. Då kan det vera me må pakka sakene og gå heim med ein gong, forklarar Kristian. - Noko det beste eg veit, er å fiska, seier Kristian, og Andre nikkar veldig einig. Favorittfiskeplassen er Vikastølen, fortel Kristian og greier ut om fangst, fiskeplasser og kultivering av fjellvatn. - Ja, eg har sett på facebook at de driv med isfiske og, seier og dreier samtalen inn på dette. - Ja, det er spennande, det! Me fiskar med blink og makk, og ein gong fekk me ein full Sparpose. Ein gong var det bikkjekaldt ute, isen var ein meter tjukk. Når det er så kaldt stikla det is i holet etter kvart. Me borer to hol i isen før me slår opp teltet. Eit hol i kvar ende på ytter-teltet. Me sit inne i teltet og fiskar, medan me fyrer med primusen for å halde varmen. Viss me har steikjepanna på primusen, kan fisken omtrent landast rett på den, fortel gutane med eit smil, og med glødande engasjement i augo om desse opplevingane. Teltlivet kan ha sine utfordringar. Huska du det, pappa, ein gong var det så tett skodda, og eg skulle ut å tissa. Eg gjekk rundt og rundt og rundt teltet, minnest Andre og ler godt. - Eg har eit godt tips om at ein må alltid bruka Isfiske frå teltet i Steinsvatnet fjellduk når ein skal eta varm mat. Eg har erfart at det går gjennom soveposen, og eg fekk stort brannsår på låret, fortel Kristian og legg til, - eit anna godt tips er at om det er veldig kaldt, er det kjempegodt med varmeflaske i soveposen. - Eg og har tips, føyer Andre til etter å ha høyrt på broren, medan han viser eit arr på høgre kneet. Når du brukar øks, må du sikta på stamma, ikkje på kne. Då skjer det som skjedde med meg. - Me må tola litt kutt og skråmer når me driv med friluftsliv, legg storebroren til, og ein padlar ikkje kajakk utan å velta ein gong. Det gjorde eg i januar. Det var kjempekaldt, men eg var godt kledd og hadde redningsutstyr så det gjekk bra. Sist sommar hadde Kristian ei spesiell naturoppleving. Han var ved Bjellandsvatnet i Åkrafjorden der faren, onkel Trygve og fleire bygde ei flott og spesiell hytte. I samband med det fekk han vere med på fleire helikopterturar, og så budde dei i ein lavvo i vekene. Ein dag kom Kristian over ei rypemor med 7 kyllingar. Typisk nok spelte ho skada i venga si til ungane var i sikkerhet. Då flaksa ho brått rett ut, og fauk som ein meister, skildrar han det han opplevde. Det er ikkje berre levande ting dei to gutane legg merke til i naturen. - Eg er kjempeinteressert i steinar og har ei flott steinsamling heime, fortel Andre som drøymer om å bli arkeolog. Dermed er samtalen brått dreia over på ei klebersteinhylle i nærleiken av varden på Ingahogg. - Der har me rissa inn namna våre, og me kan sjå at pappa gjorde det same då han var 5 år. Bestemor og bestefar sitt namn er der og. Eg trur det er rissa namn der i 250 år, fortel Kristian samstundes som gutane fortel at pappa har spika ein bjørn i kleberstein. Kristian syns og det er kjempegøy å gå fjelltur i mørket, og legg ut om ein tur saman med faren til Storhaug.

USKEDALSPOSTEN Side 20 Fisketur på Vikastølen Skikkeleg fjellstav må ein friluftskar ha. Oktobertur. Kristian ca. 5år gammal. Koseleg på tur Sliten etter å ha gått opp lia i vårsnøen. På leit etter tiur. Åkra På ridetur til Bjellandsvatnet.

USKEDALSPOSTEN Side 21 Orreleik er flott - Det er så trygt og godt i skogen, og mykje koseleg å prata om. Ein gong overnatta vi under open himmel. Det var fantastisk, med stjerneklart ver, satellittar og stjerneskot. Då ønskte eg meg ein Snickers-sjokolade, og den fekk eg på butikken dagen etter. Faren supplerer med at det er ikkje alltid dei store turane som skal til. Dei har hatt mange kjekke overnattingar i telt både i hagen og på terrassen. Intens nikking frå gutane stadfester at dei er einige. På nokre av turane er og mamma, Claudia, og veslesystera Katrine på 5 år med. Det er ekstra kjekt. - Katrine er blitt veldig flink. Ho går til Storhaug, og første gongen ho reid på hesten til onkel Trygve, var ho kjempeflink, berettar storebroren stolt, og held fram medan han vert supplert av Andre: - Mamma trur eg må vera den beste mammo som gjev oss lov til å oppleve dette! - Ja, det kjem vel med at eg slepp å halda ho med selskap med chips og dip kvar fredagskveld, legg Jan lunt til. - Lars Monsen er vårt største førebilete, fortel dei to gutane, ja, ja utanom pappa då, legg dei til etter å ha tenkt seg om. Dei har sett mykje på Lars Monsen sine program på TV og på nettet, og dei har vore og høyrt på han i Etne. Dei er imponert over formidlingsevna hans. Men jammen er pappa flink til å fortelja og! Han har to favorittar: Beveren og elgen og Reven og harepusen som han fortalde til oss då me var små. Dei er like kjekke enno! Og så er det så kjekt å høyre når han fortel om det han gjorde då han var ung, seier dei to nærmast i kor, og ansiktsutrykka understrekar det dei nett sa om førebilete. Planar om nye eventyr har dei flust av! Rypejakt ved Folgefonna, dykking i Åkraelva og tur til Femunden er noko. Godt med ein blund under open himmel. Me har så mykje planar at, avsluttar Kristian. Eg er imponert over kunnskapen dei to gutane har tileigna seg. Det er tydeleg dei brenn for livet i naturen. Og dei får mykje med på kjøpet. Oversikten når det gjeld lokale stadnamn og lokalhistorie elles har vore imponerande gjennom heile samtalen. Sjølv om dei er hekta på friluftslivet, syns dei og andre ting er kjekt: fotball til dømes. Padletur er også kjekt

USKEDALSPOSTEN Side 22 Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth Kokosbringebær Tid: 40 minutt Ca 35 stk 150 gr kransekakemasse 1 dl tjukt bringebærsyltetøy 3 dl revet kokos Riv kransekakemasse på eit rivjern. Tilset syltetøy og kokos. Form til små runde boller. Oppbevar konfekten kjølig. Trøffelegg Tid: ca 45 minutt 4 stk Du treng : 4 egg Olje Fyll: 225 gr mørk sjokolade 25 gr smør eller margarin 1 dl kremfløyte 0,5 dl melis Pynt: smelta mørk sjokolade sjokoladestrø el 2 dl melis ½ eggekvite Konditorfarge Stikk hol i begge endane på egga. Holet i den butte enden kan vera størst. Blås ut innhaldet med hjelp av eit sugerøyr. Skyll eggeskala med varmt vatn. Set dei i ein eggekartong så vatnet får renne ut. Hell litt olje i kvart eggeskal, og vend på egget slik at olja fordeler seg inne i egget.set skalet med eine holet ned så olja får renne ut. Brekk sjokolade i små bitar. Smelt den saman med smør over vannbad. Kok opp fløyte og rør inn saman med melis i sjokoladen. Rør trøffelmasen heilt glatt. Fyll den i papirkremmarhus, og fyll dei tomme eggeskala. Trøffelen stivnar ganske snart, så du må fylle egga når trøffelen er varm. Set egga ein kjølig plass nokre timar. Server egga i skalet sitt, evt kan du dekorere dei med vannmaling. Du kan og ta av noko av skalet på toppen og pensle sjokoladeegget med smelta sjokolade og så strø sjokoladestrø på.

USKEDALSPOSTEN Side 23 Karamellfylte sjokoladeformer (glutenfrie) Tid: ca 1 time pluss tid til å stivne 16 stk 100 gr lys kokesjokolade Fyll: 1 dl kremfløyte ½ dl sirup ½ dl sukker 1 ts vaniljesukker Smelt sjokoladen over vannbad. Glaser innsida og botnen av små konfektformer av metall med den smelta sjokoladen. La dette stivne. Kok opp fløyte, sirup og sukker i ca 15 minutt til ein tjukk karamellmasse. Tilset vaniljesukker. Ha litt av massen i formene. Dekk dei med smelta sjokolade. La formene stivne på ein kjølig stad. REDAKSJONEN SINE FAVORITTAR! Helena: Havrekjeks med sjokolade i midten. Emma: Kakemenn Jul for Helena: Når pappa er nisse og når nissen kjem inn.familien min. Jul for Emma: Jul, tenkjer på feiring med familie. Nissen som kjem. Ha snøballkrig og aka i snøen. Eta den gode julematen og desserten. Snø og aka.

USKEDALSPOSTEN Side 24 Julesteming frå Gardsbarnehagen Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth Madel, Helene og Andrea koser seg ute. Dei har nettopp funne egg. Vi såg at tidligare avisredaksjonar hadde vore i barnehagen ved skulen og intervjua dei om jula. Difor bestemte vi oss for at vi ville opp å besøkja Gardsbarnehagen i år. Vi blei teken godt i mot og møtte mange som ville snakka om jula med oss. Helene Bjørnebøle Kva er det besta med jul -Masse familie Kva ønsker du deg til jul. -Ny jakke Korleis feirte du jul når du var liten. -I lag med mamma og pappa og vi åt god mat Kjøper du juletre eller finer du eit. -Kjøper Kva jule fodredelse har dåke -Baking og julemusikk Kva pake vil du ha mjuk eller hard -Ja takk begge deler Kva liker du å gjerai jula -Slappe av og sjå koselige filmer Kvem har du feirt jul med -Foreldre, svigerforeldre og familie Liker du best å feira jul heima eller vekke -Heima Madel Kva er det besta med jul? -Eta. Kva ønskjer du deg til jul? -Traktor. Kva har du til julamat? -Kaka og pinnakjøt. Kjøper du juletre eller finer du eit? -Finn i skogen. Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard? -Mjuk. Kva liker du å gjera i jula? -Eta snop. Kven har du feira jul med? - Mamma pappa og Victoria. Liker du best å feira jul heima eller vekke? -Heima.

USKEDALSPOSTEN Side 25 Ingrid, Alexandra, Randi og Madel skal til å eta frukt. Alexandra Kva er det besta med jul? -Å leika. Kva ønskjer du deg til jul?. -Leike. Kva har du til julamat? -Kaka og pinnakjøt. Kjøper du juletre eller finn du eit? -Finner i skogen. Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard? -Mjuk. Kva liker du å gjera i jula? -Eta snop. Kven har du feira jul med? -Mamma, pappa, Markus og Bjarne. Liker du best å feira jul heima eller vekke? -Heima. Randi Nybakk Kva er det besta med jul? -Tenne stearinlys. Kva ønskjer du deg til jul? -Ny dyna og puta. Korleis feirte du jul når du var liten? -Med farmor og bestemor og familie. Kjøper du juletre eller finn du eit? -Kjøper plasttre for det er allergi i huset. Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard? -Mjuk. Kva liker du å gjera i jula? -Sova lenge. Kven har du feira jul med? -Næraste familien. Liker du best å feira jul heima eller vekke? -Heima.

USKEDALSPOSTEN Side 26 Telegrafen i Uskedalen - del 2 Av Gerd Stoknes, Herøysundet Redigert av Kristian Olav Bringedal Telegram på 22 ord frå Olav Bringedal på MT GARD til brudeparet Klara ( f. Mæland ) og Torvald Karlsen, sendt over Bergen Radio 10.juni 1951 kl. 07 frå Rødehavet. Signert Sunde ( bud ). Fra Rødehavet jeg et ønske vil sende, gid hell og lykke aldrig må ende. Gratulerer Dette innlegget er ein av fleire artiklar om handel, post, DS kai/ekspedisjon, hermetikkfabrikk og telegraf på Beinavikjo. Vi syner til Uskedalsposten 1/2014 der Arnhild Myklebust fortel om det å koma til bygda for å arbeida på Telegrafen og seinare på stasjonen i Teigen. Vi føl opp dette tema og let Gerd Stoknes frå Herøysundet dela sinne livsminne frå arbeidet på Telegrafen.

USKEDALSPOSTEN Side 27 Beinavikjo 1960, Telegrafen leigde heile 2. høgda i det nye murbygget til venstre på bilete.foto:uskedal Ungdomslags fotoarkiv, Aslaug Lyse Herøysundet: Kristi Mehl frå Rosendal, Bjørg Tornes frå Flatråker, Ingebjørg Dønhaug frå Herøysundet og Kristine Nordheim frå Norheimsund. Telegrafbestyrer Valvatne flytta til Uskedalen og budde i 2. høgda på Beinavikjo. Dei andre fast tilsette frå Herøysundet var busette og hadde familie der. Dei hadde avtale om drosjeskyss og delte på transportkostnadene. Nokre år fekk dei eit lite skysstilskot frå Telegrafverket. Systrene Sofie Haugse og Gudrun Isaksen ( fødde Myklebust ). Begge hadde arbeidet sitt på Telegrafen, Gudrun frå 1928 til 1971, Sofie frå 1935 til 1971. Sofie og Gudrun er tildelt Deltakarmedaljen ( 1946 ) for tapper innsats som sambandsoperatørar på telefonstasjonen i Uskedalen krigsdagane i april 1940. Gudrun var styrar på telegrafen på denne tida. Telefondamene Kontrollstasjonen i Herøysundet vart lagt ned seint på hausten 1951 og flytta til det nye bygget på Beinavikjo. I tillegg til dei damene som er nemnde i intervjuet med Arnhild Myklebust, må vi ta med systrene Gudrun Isaksen og Sofie Haugse. Dei hadde lengst tenestetid og var dei eldste på stasjonen. Frå Herøysundet kom desse med til Uskedalen: Telegrafbestyrar Valborg Valvatne og damene Olga Bie, Hannemor Bringedal, Clara Myklebust, Målfrid Torkelsen og Gerd Stoknes. Så må vi ta med unggjentene som alle fekk opplæring på stasjonen i Livsnerve og møteplass. Post og telefonsentraler batt bygdene saman og opna sambandet til utanverda.

USKEDALSPOSTEN Side 28 Butikken Ved flyttinga frå Herøysundet til Uskedalen i 1951 var framleis butikken i Gamlehuset. Der dreiv seniorane Sigurd Arnesen og Karina Arnesen. Seinare, då butikken vart flytta over i det hye bygget, var det junior Sigurd Arnesen ( Siggen ) og kona Olga Helene som dreiv handel. Det var ein god butikk med eige bakeri og eit stort og variert vareutval. Rikstelefon 1918-kopling bord og veggmodell. Telefondamene utan familie og fast bustad flytta og budde på hybel i Telebygget. Mange kom til etter kvart. Nokre fekk opplæring ved Uskedal stasjon. Andre kom hit fordi småstasjonane på bygdene vart nedlagde. Andre funksjonar Helge Ripel frå Dimmelsvik var ein stødig montør. I heile sitt vaksne liv var han tilsett i Televerket. Så var det dei som hadde oppgåva som teknisk fullmektig,- Ein Hansen frå Nord Noreg og ikkje minst Ole Woxmyr frå Tvedestrand. Vi hadde god utsikt til Skorpo. Kvar morgon kom Bernt Langballe tøffande i ein liten motorbåt fullasta med store mjølkespann. Nokre gonger kom tenestejenta,sølvi, åleine. Ho var ei sterk dame og lempa dei tunge spanna opp på kaien. Sølvi vart gift Løyning og bur i dag i Herøysundet. Dei hadde fire søner. På kaien stod Arne på Sanden klar med lastebil for transport vidare til Mjølkelagshuset og seinare til meieriet på Seimsfoss. Telegram Det var to typar telegram, vanlege telegram og festtelegram ( LX ) Med mange sjøfolk frå bygda, kom det ofte helsingar over Rogaland eller Bergen Radio. Telegrafiske helsingar vart anten henta i skranken på Vikjo eller leverte på døra med bud. Av reingeringspersonalet tek vi med fru Fykse. Ho budde i 3. høgda og i ledige stunder sydde ho for folk. Rakel Ljosnes var den av alle som hadde lengst tenestetid på vask. Så var det bud, mellom anna Aslaug Sunde. Det nye bygget Ved flyttinga kom vi alle til eit nytt, stort og flott bygg med store og romslege lokale. Telegrafverket leigde heile 2. etasje. Med eit eldre og brukt sentralvarmeanlegg frå ein bystasjon i Bergen, kunne det vera vanskar med halda varmen i romma. Murhus med dårleg isolasjon og tynne vindaugo gjorde sitt til at det ofte var kaldt. Bygget stod halvvegs ut i sjøen og på vindfulle dagar rista bygget. Vi var ofte redde når storstomen slo til. Telegram over Bergen Radio til Ingeborg ( f. Skeie ) Bringedal, henta i skranke i Bergen, 30. juli 1945. Mannen hennar, skipsførar og krigsseglar Knut O. Bringedal, mønstrar av MT GEISHA ( Knudsen OAS ) 9. august 1945 og kjem heim til Uskedalen straks etter. Nokre helsingar hadde faste tekstar. Av julehelsingar tek vi med to tekstar som ofte vart brukte. Helsing frå sjøen: «Samme julestjerne, kjære står og lyser på vår vei. Ingen avstand, ingen breddegrad kan skille deg og meg «Helsing frå heimen: «Når juleklokker kimer sin hilsen over jord, i julens stille timer går tankane ombord»

USKEDALSPOSTEN Side 29 Vaskedama på skulen Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth Likar du jobben din? -Ja det er veldig triveleg og eg møter masse folk. Kor lenge har du jobba som vaskedame på skulen? -13 år. Korleis er det å vaska toaletta kvar dag? -Litt opp og ned, men det går stort sett greit Jobbar du åleine eller ilag med nokon? -Ja stort sett jobbar eg åleine, men av og til kjem det andre. Kor mange gonger har du vaska 5.klasse sitt rom i år? -Anna kvar dag. Kva er endra når det gjeld vask før og etter oppussinga? -Veldig masse skit etter oppussinga. Kva synest du om å vaske når alle elevane er på skulen? -Går fint, heilt greit. Har du nokon gode vaskeråd til jul? -Ein treng ikkje så mykje såpe i vatnet som vi gjerne brukar. Kva er yndlingsjulematen din? -Pinnakjøt. Biletet til venstre: Ingunn Olsen har vaske på skulen vår i mange år. Takk skal du ha! JULEPRESANGER! HUSFLID PRODUKTER HAGE PRODUKTER TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER SALG AV VED VASKERI: -dyner, madrasser, tepper, klær, soveposer, kjeledresser m.m. RETRO BRUKTBUTIKK: Lonavegen 18, Husnes. Tlf.952 15 155 KV AS TLF: 53 47 55 00 epost: post@kvekst.no

USKEDALSPOSTEN Side 30 La oss gjøre det gode og ikke bli trette Av Ola Matti Mathisen Det var bra frammøte denne dagen i starten på 1990-talet. Frå vinstre sit Hanna Sunde, Kristbjørg Arnesen, Margit Myklebust, Jenny Haugland og Agnes Nerhus. Frå vinstre står Edith Sunde, Jorunn Svåsand, Sofie Kristoffersen, Helga Haugland, Margrethe Hansen, Fretsy Myklebust, Ruth Stormoen og Solveig Haugland Olsson. La oss gjøre det gode og ikke bli trette, for vi skal høste i sin tid. Dette sitatet frå Galatarbrevet gav hovudkasserar Rolf Jacobsen i Den norske sjømannsmisjon att då han takka for seg i 1969. Opp gjennom åra forfatta han rørande mange varme takkebrev til foreningane for innsatsen og ein av dei var den i Uskedalen. Det var all grunn til å takka, for i 1950 hadde den tradisjonsrike basaren i Helgheim til dømes gjeve eit overskot på 1690 kroner og det var mykje pengar den gongen. Til saman i Bergen og Hordaland krets som var den største i landet med sine 416 foreningar hadde det på 100 år kome inn 12 millionar til det verdsomspennande arbeidet. Og Sjømannsmisjonen var saman med Redningsselskapet det lag som ga størst basarutbytte her i bygda. Mange tykte nok det var vemodig då foreningen her la inn årene etter 100 år i 1991, men det var ingen annan utveg: Formann Solveig Haugland Olsson hadde vore leiar i 10 år og helseomsyn kravde sitt. Men det var ein lokal epoke som dermed vart avslutta, ettersom det var generasjon nummer 3 som kasta inn handkledet. Takkebrev frå leiinga til foreningen i Uskedalen

USKEDALSPOSTEN Side 31 Stikkene går og dei som strikkar er (frå vinstre) Hanna Sunde, Sofie Kristoffersen og Fretsy Myklebust (Foto: Privat) Pengetelling dagen etter ein av basarane (Foto: Privat) Solveig med diplomen som mor hennar fekk av leiinga. (Foto: Ola Matti Mathisen) Jacobine Bino Haugland hadde vore formann til 1960 og Jenny Mollo Haugland frå 1972 til 1981. Jenny, mor til Solveig, fekk sin fortente takk i form av ein diplom i 1992. Der takkast og heidrast ho for trufast teneste. Men billedmaterialet ber bod om at strikkepinnene gjekk til siste slutt for å skaffe basargevinstar. Basarinntektene var noko varierande, men i den fyrste etterkrigstida var dei naturleg nok relativt stabile: Til dømes var dei 1575 kroner i 1947, 1740 i 1952 og 2542 i 1954 men gjer vi så eit sprang til 1980 kjem ein opp i 9000 kroner. Basaren var alltid både laurdag og sundag seint i februar, og det var vanleg å få avgarde 50 pakkar til sjøfolka til jul. Ein rapport frå 1986 fortel at 5 pakkar var kome inn under gudstenester i kyrkja, at det var kjøpt gåveting for 829 kroner til 27 pakkar og samla inn 12 pakkar i butikken. Dette vart tilsaman 44 pakkar. Kjøpet omfatta mellom anna bøker, sokkar, løparar og labbar. Under basaren var det ein vanleg programpost at nokon frå misjonsleinga synte film frå verksemda rundt om i verda. Gjennom året var det også mykje anna som skjedde, til dømes kretsstemne og andre stemnar. Kvitteringar frå ein av butikkane i Uskedalen fortel at det var eit allsidig utval av gevinstar. I 1984 signaliserar leiinga i Bergen at dei treng mange pakkar også dette året, helst dobbelt så mange som sist. Pakkene var minst like aktuelle som 25 år tidlegare. Og så måtte ein ikkje gløyma brevet som skulle liggja inne i pakka! Leiinga meinte det var det viktigaste og anbefalte at det vart skrive eit felles brev i foreningen. Det røyna på mot slutten på 1980-talen, men kretsleiinga streka under at det framleis var bruk for misjonen på alle felt der dei hadde sitt arbeid. -Så lenge det er båter å betjene vil våre kirker være åpne. Det er økonomien som sier stopp for mange stasjoner og det merkes mer og mer at utgiftene stiger, skriv kretsleiinga. Derfor er det så viktig at vi her hjemme klarer å øke utgiftene, heitte det i eit rundskriv. Korleis er så situasjonen i dag for sjømannsmisjonen? -Den har nå i 130 år vore representert i 20 til 30 land samtidig og mottoet har heile tida vore å fylgja den norske flåten. Etterkvart har det vorte færre sjømenn frå Noreg og difor vert stasjonane no drive meir med sikte på fastbuande nordmenn. Krumtappar i sjømannsmisjonen i Uskedalen rundt 1990. Frå høgre sit Solveig Haugland Olsson, Jenny Arnesen, Margit Myklebust og Kristbjørg Arnesen. (Foto: Privat)