FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Naustdal kommune P.b. 43 6806 NAUSTDAL Dykkar ref. Vår ref. Hermansverk hr/2000/2464/ M61 2000/6057 /471.1/GH A 15.01.2001 HOVE AVFALLSPLASS - STENGING AV AVFALLSPLASS - KRAV TIL ETTERDRIFT Vi viser til tidlegare skriv dagsett 24.8.2000 med vedtak om stenging av Hove avfallsplass for vidare mottak av avfall, og framlegg til vilkår for etterdrift. Vi takkar for dykkar svar dagsett 11.10.2000. Kommunen har hatt saka ute til høyring hos grunneigar, naboar og Naustdal grunnog elveeigarlag. Ingen har hatt merknader til framlegg til vilkår, og kommunen vurderer krava å vere normale i høve denne typen avfallsplass. I høve utkastet er krav til omfang og frekvens av vassprøvene noko redusert. Med heimel i 11, jf. 16 og 29 i ureiningslova, gir fylkesmannen med dette Naustdal kommune løyve til utslepp frå den nedlagte Hove avfallsplass (gbnr. 103/5, UTM koordinatar 32730 6827050). Løyvet gjeld på nærare vilkår for å avgrense, motverke og redusere utslepp frå deponert avfall../. Vedlegg. RAMME FOR LØYVET Dette løyveskrivet gjeld for avfall (jf. 27 i ureiningslova) som løyvehavar har motteke og deponert på Hove avfallsplass i perioden frå opning av plassen til 24.8.2000. Evt. avfall motteke etter den tid skal fraktast til lovleg handsamingsplass. GRUNNGJEVING Deponert avfall vil halde fram med å vere ei ureiningskjelde for utslepp til vatn og luft i ei årrekkje. Større avfallsdeponi kan ureine miljøet i svært lang tid. Lengd og type påverknad er avhengig av deponert mengde, type avfall og lengda på deponeringa. Nedbryting og utlekking av avfallsstoff, vil kunne føre til at avfallsplassen endrar karakter og utsjånad. Dersom ein ikkje har kontroll med gasstraumar, kan det føre til fare for ukontrollert innsig i nærliggjande bygningar eller infra- Adresse Telefon Landbruksavdelinga Telefon Tinghuset, Skrivarvegen 3 57 65 50 00 Hafstadvegen 48 57 72 32 00 Postboks 37 Telefaks Postboks 14 Telefaks 6861 LEIKANGER 57 65 50 55 6801 FØRDE 57 82 12 05 Internett: www.fjordinfo.no/fmsf E-post. Postmottak@fm-sf.stat.no Sakshandsamar: gosta.hagenlund.@fm-sf.stat.no
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 2 struktur for kommunikasjon m.v. og utgjere ein brann- og eksplosjonsfare. Standard ved avslutning av avfallsplassar i våre dagar er difor at deponia må følgjast opp ei tid etter nedlegging. Med omsyn til den teoretisk ekstremt lange nedbrytingstida for avfall i deponi, bør etterkontrollen generelt vare ved inntil vidare, men minst 30 år. Vilkår for etterkontrollen kan endre seg ved behov. Denne plassen har berre vore drive nokre få år, og det er deponert høvesvis lite matavfall eller miljøfarleg avfall. Dersom prøveresultata gir grunn til å endre vilkåra, ventar vi at løyvehavar tar det opp med fylkesmannen, som vil gje skriftleg vurdering. AVSLUTTANDE REGLAR A) Endring eller attendekalling av løyvet Med heimel i 18 i ureiningslova kan fylkesmannen gjere om eller setje nye vilkår i løyvet. Fylkesmannen kan om nødvendig kalle heile løyvet attende. Brot på føresetnadene for løyvet, eller brot på kommunen sine eigne vedtak om oppfølging av avfallsplan kan føre til revurdering av løyvet. B) Tilsyn og ansvar Fylkesmannen eller den han gir fullmakt, skal til ei kvar tid ha tilgang til alle delar av anlegget, journalar, rekneskap, interne vedtak, m.m. for tilsyn og kontroll, jf. 48-50 i ureiningslova. Drifts- og vedlikehaldsrutinar skal leggjast opp slik at ein til ei kvar tid har oversyn over anlegget og prosessane sine funksjonar og effektar. Ajourført informasjon skal når som helst, og utan ugrunna opphald kunne oppgjevast til kontrollør. Vedkomande som har fått utsleppsløyve er ansvarleg for at anlegget vert halde vedlike og drive slik at det til ei kvar tid svarar til formålet og vilkåra i løyvet. Alle verksemder som sysselsett arbeidstakar, er frå 1.1.92 pliktige til å ha eit internkontrollsystem som sikrar at lover og reglar innan helse, miljø og tryggleik vert følgd (jf. 52 b i ureiningslova og "Internkontrollforskrifta", seinast endra 6.12.1996). Fylkesmannen vil spesielt streke under plikta til å etablere og drive eit system som vernar om det ytre miljøet (vern mot ureining og ei betre handsaming av avfall). Sjølv om løyve er gitt, pliktar den som ureinar å svare erstatning som måtte følgje av ureiningslova og vanlege erstatningsreglar, jf. kap. 8 og 10 i ureiningslova. C) Ureiningsgebyr, straff Med heimel i 73 i ureiningslova kan fylkesmannen fastsetje ureiningsgebyr (tvangsmulkt) til staten for å sikre at tiltak og vilkår vert gjennomførde i samsvar med løyvet.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 3 Brot på dette løyvet, eller pålegg i tilknyting til løyvet, er straffbart etter ureiningslova, jf. kap. 10, dersom tilhøva ikkje vert råka av strengare strafferammer. D) Om klageretten Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda innan 3 veker etter at avgjerda vart mottatt. Eventuell klage bør grunngjevast og rettast til Statens forurensningstilsyn (SFT). Klagen skal sendast om fylkesmannen som kan ta klagen heilt eller delvis til følgje eller sende han til SFT til endeleg avgjerd. Med helsing Nils E. Yndesdal fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund seksjonsleiar (tlf. 57 65 51 44) Vedlegg: Vilkår for etterdrift Gjenpart m/vedlegg: Hordaland og Sogn og Fjordane tolldistrikt, p.b. 1893 Nordnes, 5817 Bergen Norsas AS, p.b. 264 Skøyen, 0212 Oslo SUM, p.b.349, 6801 Førde Intern: GH (2), VASS
Vilkår for etterdrift på Hove avfallsplass Side 4 VEDLEGG Vilkår for etterdrift av Hove avfallsplass i Naustdal kommune. 1. Omfang av løyvet 1.1 Mottak av avfall. Mottak av ein kvar form for reaktivt organisk og uorganisk avfall er forbode. Reine massar til utfyllings- og utjamningsføremål er tillate. Ved tvil pliktar løyvehavar på førehand å ta kontakt med miljøvernavdelinga hos fylkesmannen for avklaring. 1.2 Unntak. I særskilde høve kan fylkesmannen, dersom det ikkje strir mot anna lovverk, gjere unntak frå vilkåra i dette løyvet. 2. Sikring mot ureining og skjemmande tilhøve 2.1 Sikring mot vassureining. Overflatevatn (diffust tilsig, elvevatn) skal avskjerast før det kjem inn på deponiområdet. Grøftene skal ha kapasitet svarande til minst maksimal årleg avrenning i etterdriftstida. Røyr som er ført under fyllinga skal vere funksjonsdyktige minst så lenge som krav om etterdrift gjeld. Sigevatn og vatn som er påverka av sigevatn frå fyllingsområda skal samlast opp og førast via oppsamlingseining ved avfallsplassen i tette røyr til infiltrasjon i grunnen nedanfor avfallsplassen. Leidningane skal ha nødvendige inspeksjonspunkt og høve for staking og spyling. Alle røyr, koplingar, kummar m.v. skal utgjere eit varig tett system, og ha den nødvendige styrken til å tole nedgraving, vassmengde og den teoretiske oppstuvinga i leidningen. Krav til analysar av sigevatn er gitt i kap. 3. 2.2 Brannfare. På eller ved avfallsplassen skal det ikkje vere aktivitetar som kan føre til fare for brann i avfallet. Brannberedskapen på plassen må haldast vedlike i etterdriftstida i samsvar med krav frå brannvesenet. 2.3 Andre anlegg/installasjonar. Alle tekniske installasjonar på overflata som ikkje er nødvendig med omsyn til forsvarleg etterdrift eller opphavleg bruk, skal fjernast og området setjast tilbake til den stand det var før plassen vart etablert. M.a. må gjerde, lyspunkt, mottaksstad, port, skilt, mellomlagra avfall og anna løsøre m.v. fjernast. Overskot av materiale/anleggsrestar skal om mogeleg ombrukast. Første ledd er ikkje til hinder for at gjerde og port skal vere i fullgod stand så lenge plassen mottek reine massar i samsvar med vilkår 1. Så lenge som plassen mottek reine massar, skal det også vere eit tydeleg, vêrherdig skilt som opplyser om forbodet mot avfallsdeponering, og som inneheld opplysningar om næraste godkjende mottak.
Vilkår for etterdrift på Hove avfallsplass Side 5 3. Vern mot/kontroll av utslepp 3.1 Sigevatn. Det skal førast kontroll med avrenning og samansetjing av sigevatn. Samansetjing av sigevatnet skal dokumenterast. Krav til minimumsprogram går fram av tabellen: Parameter Frekvens 2 g/år Mengdemåling 4 Skjønnsmessig overslag ved prøvetaking Leidningsevne ph Turbiditet Fargetal Lukt Subjektiv vurdering er tilstrekkeleg Nitrogen (tot-n) Totalfosfor (tot-p) Jarn (Fe) Org. stoff (KOF e.l.) Kvikksølv (Hg) PCB Prøvetakinga skal skje utanom frostsesong, og prøvetidspunkt bør vere mest mogeleg likt frå år til år. Ved evt. brann eller andre ekstraordinære tilhøve skal frekvens auke. Omfang må også auke etter nærare krav frå fylkesmannen. Prøvetakinga skal halde fram inntil nytt vedtak vert gjort av fylkesmannen. Prøvetakinga skal følgje rettleiing frå fylkesmannen eller akkreditert laboratorium frå Norsk Akkreditering. Analysane kan berre utførast på laboratorium som er akkreditert for slike analysar av Norsk Akkreditering eller tilsvarande. Resultata skal takast vare på i minst 10 år, og samletal skal sendast årleg til miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i samsvar med vilkår 5. 3.2 Ferskvatn. Overflatevatn, elvar, innsjøar og grunnvatn skal ikkje verte påverka i nemnande grad av avfallsdeponiet eller aktivitetar i tilknyting til deponiet. Dette må dokumenterast ved prøvetaking i vassdrag. 3.3 Utslepp til luft. Lukt og evt. støv frå fyllingsområdet og lukt frå sigevatn skal til ei kvar tid vere så låg at busetnad og offentleg område ikkje vert nemneverdig sjenert. Om nødvendig må lukt- og/eller støvdempande tiltak iverksetjast. 3.4 Krav til andre granskingar eller tilleggsgranskingar. Innehavar av løyvet skal betale for kontrollmålingar som fylkesmannen må få utført når ein fører tilsyn med vilkåra for løyvet i samsvar med 48-51 i ureiningslova. Innehavar av løyve kan verte pålagt å koste og/eller delta i anna overvaking og/eller gransking av resipienten (vatn, jord og luft), jf. 51 i ureiningslova. 4. Tiltak på og drift av plassen 4.1 Kontroll med samansetjinga av avfallet. Ulovleg eller feillevert avfall skal straks leverast til godkjent handsaming.
Vilkår for etterdrift på Hove avfallsplass Side 6 4.2 Terrengtilpassing. Terrenget skal avsluttast slik at det er mogeleg å drive den aktivitet som er tiltenkt ved avslutting. Evt. graving og utfylling må gjerast slik at eksisterande grøfter til ei kvar tid er i fullgod stand, og hallingstilhøve mot oppsamlingsarrangement for sigevatn til ei kvar tid er i vare teke. 4.3 Utfylling. Evt. utfylling må berre gjerast med reine massar som nemnd i vilkår 1.1. Tilførte massar skal heller ikkje verke skjemmande. Søkk o.l. må etterfyllast med reine massar for å oppretthalde ei jamn overflate med fall til oppsamlingsgrøfter. 4.4 Dekkmassar. Deponert avfall skal dekkast til med minimum 50 cm reine massar. 4.5 Flygeavfall. Terrengtilpassing og tilføring av masse skal skje på slik måte at det ikkje er fare for flygeavfall. 5. Rapportering Fylkesmannen skal ha skriftleg rapport innan 15.februar kvart år om m.a.: Sigevassprøvene, sett opp i tabell, og kurvar som viser utvikling dei seinare åra. Levert mengde inert/ikkje reaktivt avfall inntil utjamning av plassen er ferdig. Tiltak som er gjort på plassen siste år. Evt. spesielle problem, uføresette hendingar o.l.