KVINNHERAD KOMMUNE KULTURKONTORET TILSKOTSORDNINGAR FRIVILLIG KULTURARBEID I KVINNHERAD KOMMUNE Revidert xx.xx.2011 1
GENERELLE RETNINGSLINER 1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til: Medlemsbaserte lag og organisasjonar Opne ungdomstiltak Personar Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad. Desse kan ikkje søkje om tilskot: - Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser. - Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen. - Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter. - Aksjeselskap - Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar. - Politiske parti/organisasjonar - Næringsaktørar som t.d. skjenkestader Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet. Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve. 2. Det kan gjevast følgjande type stønad: 1. Driftstilskot til lag og hus 2. Byggetilskot 3. Underskotsgaranti ved opne arrangement 4. Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker 5. Frivillige tiltak 6. Ungdomstiltak 7. Kjapt svar Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt. Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på feil ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar. Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema. Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse. 3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement. Revidert xx.xx.2011 2
SÆRLEGE RETNINGSLINER 1. DRIFTILSKOT TIL LAG OG HUS Driftstilskot vert gitt til: Lag som driv kulturaktivitet for barn og unge hovudsakleg innan kommunen. Laget må ha minst 6 medlemer som er under 18 år. - Driftstilskotet bygger på medlemstal og aktivitet. - Laget skal vere ope for alle og ha eit demokratisk vald styre. Barneforeiningar med få vaksne leiarar er unnateke frå kravet om styre. - Medlemsbaserte lag skal ha medlemskontingent. - Opne ungdomstiltak får tildelt tilskot etter eit snitt på oppmøtte deltakar i løpet av året. Lag som eiger opne lagshus innan kulturkategorien, både idrettshus, kulturanlegg, bygdehus og bedehus kan søkje. Det er eit vilkår at lagshuset er ope for alle. Generelle retningsliner: Årsmelding og rekneskap skal følgje søknaden. Kommunen tek atterhald om rett til å kontrollere medlemskartotek/innbetalt medlemskontingent. Det skal vere dokumentert at det er trong for tilskot. Ved høge bankinnskot vert det berre gitt tilskot dersom det kan dokumenterast planar for bruk av midlane. Følgjande utgifter skal ikkje vere med i grunnlaget for tilskot: - Utgifter til mat og drikke - Utgifter til gåver og stønad til prosjekt / tiltak utanfor kommunen m.m. - Utgifter som det vert gitt kommunalt tilskot til over anna tilskotsordning. - Utgifter til inntektsgjevande tiltak. Driftsstønad vert fordelt ein gong i året. Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside. Søknader skal leverast innan fristen. Vedlegg kan ettersendt etter avtale. Driftstilskot til lag: Grunnlag for utrekning av tilskot: - Det blir gitt tilskot etter talet på aktive medlemer. Aktive medlemer er styremedlemer og dei som driv fast med dei aktivitetane som er omfatta av føremålet til laget. Passive medlemer er medlemer som berre har hjelpe-/støttefunksjonar og som ikkje deltek i den ordinære verksemda laget driv. - Det skal vere eit visst aktivitetsnivå i laget. I gjennomsnitt må dei aktive medlemene ha vore med på laget sine aktivitetar minst 10 gonger føregåande år. Laget vert plassert på ein aktivitetsskala etter det gjennomsnittlege talet på øvingar / treningar / faste møte Revidert xx.xx.2011 3
dei aktive medlemene har i løpet av eit år. Dess høgare aktivitetsnivå, jo høgare tilskot for kvar medlem. For å få tilskot må laget ha utgifter til lagsdrift. Tilskot er avgrensa til maksimalt 50 % av totale driftsutgifter med ovannemnde unntak trekte frå. Til musikkorps vert det i tillegg gitt eit tilskot på inntil 50 % av utgifter til kjøp, reparasjon og banklån til kjøp av nye instrument. Maksimalt tilskot er kr. 10.000,-. Innkjøp av notemateriell kan reknast med til utgifter. Tilskot til samarbeids-/kontaktorgan Kontaktorgan, som har minst 5 medlemslag i Kvinnherad kommune, kan få eit administrasjonstilskot på inntil 50 % av driftsutgiftene med fråtrekk av utgifter. Tilskotet vert gjeve på grunnlag av rekneskap for føregåande år. Kontaktutvala må søkje på lik line med laga. Regionale samanslutningar som gir tilbod som ikkje finnast i Kvinnherad kan søkje på same vilkår som lokale lag. T.d. Sunnhordland kammerorkester Tildeling av driftsstønad til frivillige lag vert gjort etter felles fordelingsnøkkel for alle typar lag. Driftstilskot til huslege, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg Til delvis dekking av utgifter til eigne og leigde lokale, hus og anlegg for kulturell verksemd vert det gitt ei prosentvis dekking av dokumenterte driftsutgifter. Tilskotet skal ikkje overstige 1/3 av årlege faste utgifter. Inntil 40 % av total fordelingssum kan nyttast til dette tilskotet. Spesifisert driftsrekneskap for eige hus/anlegg skal følgje søknaden. Følgjande postar blir trekte frå utrekningsgrunnlaget: - Leigeinntekter - Finanskostnader som det er gitt tilskot til over anna kommunal tilskotsordning (t.d. Byggetilskot) - Utgifter til inventar/utstyr Tilskot til leige av hus/lokale/anlegg blir berre gitt til ordinær lagsverksemd for barn og unge. Det blir ikkje gitt tilskot til leige i samband med inntektsgjevande arrangement. Kopi av spesifiserte bilag for leige skal følgje søknaden. Revidert xx.xx.2011 4
2. BYGGETILSKOT Til rehabilitering og bygging av private leikeplassar, friluftsliv-, idretts- og kulturanlegg kan kommunen gi eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent byggekostnad. Dersom byggekostnadene vert lågare enn venta, skal tilskotet reduserast tilsvarande. Det er ein føresetnad at laget / organisasjonen syter for ein eigendel på 1/3 av kostnaden. Ved større nybygg / ombyggingar skal planane vere godkjende av kommunen. Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året. Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot. Komité for oppvekst, kultur og idrett fordeler Byggetilskot innafor vedteke budsjett ein gong i året. Det må søkjast på fastsett skjema. Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside. Normalt er søknadsfristen 15.02. Søknader, som ikkje er imøtekomne eit år eller som har fått ei delløyving, må fornyast kvart år. 3. UNDERSKOTSGARANTI VED OPNE KULTURARRANGEMENT For å stimulera til kulturtilbod av høg kvalitet kan det gjevast underskotsgaranti til: større arrangement som går utover det som er laget si eiga normale drift. T.d. jubileum, store satsingar eller samarbeid. Andre satsingar av høg kvalitet, dette etter vurdering. Reine inntektsbringande arrangement med føremål å skaffe inntekter til eit lag, prosjekt e.l. vil til vanleg ikkje få underskotsgaranti. Det er ein føresetnad for å få garanti at profesjonelle, honorerte kunstnarar, forfattarar, foredragshaldarar o.l. som ikkje er ein del av laget sin vanlege drift opptrer/medverkar. Det kan gjevast underskotsgaranti på inntil 1/3 av utgiftene. Arrangementet må være realistisk og gjennomførbart. Det er ikkje høve til å budsjettere med eit underskot. Følgjande utgifter blir godkjende som grunnlag for utrekning av eventuelt tilskot: - Honorar til kunstnarar og utøvarar m.m. (Honorar til lag /organisasjon/utøvar som får tilskot over anna kommunal tilskotsordning på kulturområdet skal ikkje vere med i utrekningsgrunnlaget.) - Reise-/opphaldskostnader for honorerte kunstnarar og utøvarar m.m. - Utgifter til marknadsføring av slike arrangement. - Leige av teknisk utstyr som er naudsynt for arrangementet. - Administrasjonsutgifter (telefon og porto m.m.) - Husleige. Revidert xx.xx.2011 5
Arrangementet må vere kunngjort og ope for publikum. Det er ein føresetnad for tilskot at arrangementet gir inntekter i form av billettar e.l. Søknad om underskotsgaranti må sendast Kvinnherad kulturkontor på fastsett skjema i god tid før arrangementet. Budsjett for tilskipinga skal følgje med. Ved underskot må ein så raskt som mogleg, og seinast ein månad etter arrangementet, melde inn til Kulturkontoret at garantien vert utløyst. Rekneskap for tilskipinga skal følgje med. 4. TILSKOT TIL LOKALE SAMLINGAR, SKRIFTER OG BØKER Etter søknad og vurdering kan det gjevast tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker. Det er ein føresetnad at arbeidet vert utført på frivillig basis og at tiltaket ikkje skal gi søkjaren inntekt. Tilskot blir gitt på følgjande vilkår: - Registrering og oppbevaring av materialet skjer i samsvar med gjeldande retningsliner. Rettleiing kan ein få på kulturkontoret - Søknaden må innehalde budsjett for tiltaket og ei framstilling av omfanget av arbeidet - Kvinnherad kommune får vederlagsfritt og etter avtale eit bestemt antal bøker til bibliotek og lokalhistorisk samling - Kvinnherad kommune får vederlagsfritt kopi eller tilgang til det innsamla materiale - Innsamla foto vert ein del av den kommunale fotosamlinga og vert registrert og digitalisert i biblioteksystemet Bibliofil. 5. FRIVILLIGE TILTAK Tilskotet skal nyttast til ekstraordinære tiltak som ikkje er omfatta av andre kommunale ordningar, jamfør Tilskot til allment Kulturarbeid i Kvinnherad Kommune. - Kurs/kompetanseheving Leiar- og motivasjonskurs for alle med styre- og instruktøroppgåver i frivillig sektor. Kompetanseheving og utvikling støtte for deltaking på kurs og konferansar med fokus på motivasjon, fornying, auka frivilligheit og mål om å heve kvaliteten på arbeidet. - Aktiviserande tiltak for eldre Tiltak frå 3. sektor særleg retta mot dei eldre i kommunen. Det kan vere pensjonistfestar eller andre aktiviserande tiltak. - Tiltak for unge Tiltak der det frivillige skipar til aktivitetar for born og unge i feriane. Tiltak der det vert gjort ein ekstra innsats for å skapa nye aktivitetstilbod for unge. Haldningsskapande arbeid for born og unge. Det kan vere rusførebyggjande tiltak/ tilskipingar og ekstra tiltak i MOT programmet. Revidert xx.xx.2011 6
- Tiltak for andre Tiltak der det vert gjort eit stort frivillig arbeid til beste for lokalsamfunnet. Dette er ofte tiltak der ein har frivillig, men manglar midlar til naudsynt innkjøp for å utføra ei teneste. I andre høve finst det gode støtteordningar, men ein manglar arbeidskraft. Det som merker seg ut her er såkalla kulturvernoppgåver - restaurering, rydding, merking og skilting. - Tiltak der lag og organisasjonar gjer ein ekstra innsats for å inkludere nye grupper i frivillig aktivitet, t.d. flyktningar, uorganisert ungdom og funksjonshemma. - Andre ålmennyttige tiltak kan verte vurdert Retningsliner 6. UNGDOMSTILTAK Midlar til ungdomstiltak skal lysast ut to gonger i året, vår og haust. Det er Ungdomens kommunestyre Kvinnherad som deler ut tilskotet. Kven kan søkje: Lag, organisasjonar og grupper som har ungdom i Kvinnherad som målgruppe for sine aktivitetar Einskildpersonar kan søkje om tilskot dersom dei aleine er ansvarleg for tiltak som kjem ungdom i Kvinnherad kommune til gode. Kva kan ein søkje om: Tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak for ungdom. Ekstra tiltak for ungdom som skil seg frå den ordinære drifta til laget/organisasjonen Tilskot til realisering av nye tiltak for ungdom Tilskot til etablering/vedlikehald av bygg, materiale, utstyr og investeringar som er med på å gje eksisterande tiltak eit løft. Vilkår for tildeling: Tiltaket skal vere spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 13-20 år. Tiltak retta mot andre aldersgrupper kan vurderast i særskilde tilfelle. Tiltaket skal vere geografisk plassert, eller ta utgangspunkt i ei plassering i Kvinnherad kommune. Tiltaket skal vere ope og tilgjengeleg for all ungdom i Kvinnherad kommune og ikkje vere avgrensa til små eller spesielle grupper. Tiltaket skal vere rusfritt Tiltaket skal ikkje vere basert på forteneste eller på annan måte knytast til kommersiell verksemd. Tiltaket skal ikkje påføre kommunen ekstra driftsutgifter utan nærare avtale. Ein kan berre få tildelt tilskot frå UKK ein gong kvart kalenderår. Revidert xx.xx.2011 7
Retningsliner 7. KJAPT SVAR Kven kan søkje Ungdom mellom 13 og 20 år som bur i Kvinnherad kommune og som ynskjer å driva med kulturaktivitet utover dei etablerte aktivitetane i eksisterande lag og organisasjonar. Både enkeltpersonar og grupperingar av ungdom kan søkje. Kva og kor mykje kan du søkje om? Oppstart av kulturaktivitet/prosjekt. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Innkjøp av utstyr og materiell kan få opp til 50% av kostnadane i tilskot Utvikling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Formidling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Eigenproduserte opne kulturarrangement kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Øvre grense for tilskot er kr. 5000,- pr. gong. Søkjar kan få tilskot 2 ganger pr. kalenderår Ein kan bare få tilskot frå ordninga Kjapt svar ein gang pr. år Vilkår for tildeling: Kjapt svar søknaden skal knytas tydleg til eit prosjekt. Vi krev ei beskriving av korleis det ein søkjer pengar til inngår i eit prosjekt, d.v.s vi gjer ikkje pengar til ein gitar dersom ikkje søkjar viser til at gitaren skal brukast i bandsamanheng, søkjaren har meldt seg på gitarkurs eller gitaren skal brukast i annan relevant samanheng Rapport skal leverast innan 14 dagar etter at pengane er utbetalt Du får svar på søknaden din innan ei veke og pengane vil vere på kontoen din i løpet av to veker. MISBRUK Dersom ein person, organisasjon eller eit lag gir urette opplysningar eller bryt retningslinene for stønad, mister vedkomande retten til stønad for minst eitt år. Revidert xx.xx.2011 8