«VISS VI DEKKAR EIT LANGBORD I VERDA, KAN ALLE BLI METTE»

Like dokumenter
Sofies hemmelegheit.

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Brødsbrytelsen - Nattverden

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Ulsteinvik Bibelen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Elevundersøkinga 2016

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Minnebok. Minnebok NYNORSK

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Refleksjon og skriving

Jesus taler om sin død

KONFIRMANT OG FØRESETTEMØTE. Vår 2018

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

6-åringar på skuleveg

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bibelmeditasjonar om bøn

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

PÅSKEMÅLTID FOR FAMILIEN

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt


Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

Info til barn og unge

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Plassebakken Barnehage

Velkomen som konfirmant

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Velkomen som konfirmant!

OK, seier Hilde og låser.

Kva vil det seie å vere buddhist?

Helgatun / Danielsen

/

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Vintervèr i Eksingedalen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Jon Fosse. For seint. Libretto

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Transkript:

Tese, 15.2.2017: «VISS VI DEKKAR EIT LANGBORD I VERDA, KAN ALLE BLI METTE» Av Kirkens Nødhjelp v/gunnar Kartveit Teikneserien Peanuts Knøttene på norsk har ei stripe der Sofie kjem til hundehuset der Snoopy ligg på taket og søv. Lett oppgitt seier ho: «Du har det lett. Du gjer ikkje noko anna enn å eta og sova. Korleis ville verda sett ut viss alle berre åt og sov?» Og Snoopy svara: «Då ville alle vore mette og utkvilte.» Og dermed har me vel fått dagens svar? Umiddelbart kjenner mange av oss att bordverset Vidar Kristensen har skrive (ein sentral person i reformasjonsmarkeringa her i Norge) Herre, di jord, ho ber mat nok for alle Takk for den delen du vil vi skal få Lær oss å dekke eit langbord i verda Som alle kan reise seg mette frå. Men tanken er langt eldre. For i Ps 24, 1 les me: «Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til, verda og dei som bur der, er hans.» Dette er teke inn som ei av bønene som kan brukast i gudstenesta vår, etter takkofferet: Evige Gud, di er jorda og det som fyller henne. Alt vi eig høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende. (K eller L ) Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen. Eg ser for meg ein stor bolle, eller eit fat, der alle ressursane på jorda er samla, og der alle menneske kan koma og forsyna seg. Ressursane er gjevne oss av Gud, og ingen har meir rett enn andre til å forsyna seg.

Viktig spørsmål: Finst det mat nok til alle, slik at det er mogleg å metta alle? Svaret er ja. Ifg Verdas matvareprogram er det mat nok til 12 milliardar menneske. Og dei seier at det er nok mat, og det er nok næringsrik mat. Likevel er det svolt. Det finst litt ulike tal på kor mange som svelt, m.a. avhengig av definisjonen av sveltande. Dessutan er dette i mange høve menneske som ikkje stiller først i rekkja av dei det er lønsomt å telja. Men ein stad mellom ¾ milliard og 1 milliard ligg truleg talet. Altså mellom 1 av 10 og 1 av 7 menneske på jorda. Og der er eitt av svara på kvifor så mange svelt. Lønsemd. Dvs lønsemd for kven? For ting tyder på at investering i mat og vatn har mykje til felles. Og når det gjeld reint vatn er det slik at ved å investera 1 krone får fellesskapet att 8 kroner i gjennomsnitt. 8 kroner i gjennomsnitt. For fellesskapet, altså. Men ikkje alltid umiddelbart for dei som har høve til å investera. Går det i det heile an å dekka eit langbord som alle kan setja seg ned ved? Ja, eit slikt bord der me alle kan sitja nokolunde normalt og på begge sider av bordet, ville blitt ca 1,7 mill km langt. Dvs det er berre så vidt det har teoretisk interesse. Men la oss likevel tenkja oss at me sette oss ned ved same bordet. Kva ville me oppnådd med det? «kva viss?» Det er ei nyttig øving. Noko av det første me ville oppleva, var blikk. Me ville møta ansikt, og me ville møta blikk. Og det er alltid ei gåve. For blikk fortel mykje. Difor seier eg at me ville oppleva dei, ikkje berre sjå dei. Det ville gjeve svar på eitt av spørsmåla som blir reist rett som det er: Er det rettferdig at alle kan forsyna seg frå det same

bordet? Skulle ikkje einkvar få etter innsats? Når du møter eit blikk, ser eit medmenneske, vil spørsmålet om rettferd lett missa si kraft og falla til jorda. Viss nokon har vore ute for ei ulukke, startar me ikkje avhøyr om kven dei er, kva dei trur på, kvar dei kjem frå eller kvifor dei er her. Dei får hjelp fordi dei er menneske. Men kva med kriminelle? Litt etter 11. sept, 2001 starta eg på å laga ei novelle i tankane mine. Eg kom aldri lenger enn til starten, men den var slik: «I natt eg drøymde noko som eg aldri har drøymt før. Eg drøymde at eg sat til bords med nokon, og spurde ein av dei som sat der: Kva heiter du? Eg heiter Osama, sa han. Eg kjem frå Riyad i Saudi-Arabia der eg vaks opp ilag med familien min. Far min hadde over femti born, og det var kjekt, for me hadde alltid nokon å leika med.» Om lag så langt kom eg med novella. Bakgrunnen var nok Bush sin omtale av vondskapens akse som delte verda i vonde og gode. Etter kvart vart me kjende med Erik Hillestad sitt arbeid med «voggesongar frå vondskapens akse.» Også bin Laden var ein gong eit barn og hadde familie og andre som var glad i han, og vise versa. Mat er ein menneskerett, og det kristne menneskesynet gjer ikkje skil på folk. Vidare ville me opplevd at viss nokon et mykje, er det lite att til andre. Dvs at nokon må redusera sitt forbruk for at andre skal få nok. Og eg for min del er ikkje i tvil om at eg er mellom dei som må redusera forbruket mitt. For sjølv om eg prøver å leva nøkternt, er eg del av eit forbruksmønster som lever på bekostning av andre. For det tredje ville dei mange som i dag ikkje kan vera med og byggja samfunnet pga svolt og underernæring, kunna vore aktive samfunnsbyggjarar. Ein studie frå Guatemala viste at born som fekk næringsrik mat før dei fylte 3 år, vaks opp og fekk løn som var 46 % høgare enn kontrollgruppa.

Og for det fjerde ville mange krigar og konflikter vore unødvendige. For kjenner ein seg sett, treng ein ikkje føreta kriminelle handlingar, eller gå til krig for at andre skal sjå ein. Og ein treng ikkje kjempa seg til rettar ein har og kan gjera seg nytte av. MEN: Viss me ikkje kan samlast rundt eit verkeleg langbord, kva då? Eit virtuelt bord? Me er etter kvart vane med virtuelle løysingar: Me kan ha møte utan å møtast, me kan chatta utan å snakkast, og me sender virtuelle smil og klemmar til kvarandre. Så kvifor ikkje like godt eit virtuelt bord? Eg trur løysinga ligg ein stad mellom eit ekte og eit virtuelt bord. Løysinga er neppe spesielt original, men virkningsfull. I 2008 lanserte Kirkens Nødhjelp ein rapport om gruvedrift i Tanzania. Rapporten heitte «A golden opportunity», og fortalde korleis særleg to utanlandske selskap plyndra Tanzania ved å grava etter gull og ta 95 % av verdien med seg ut av landet. Då rapporten vart lansert, var eit 40-tals menneske frå Åsane menighet på tur til Tanzania, og fekk presentert rapporten. Og dei fekk også vita at det norske Oljefondet hadde aksjar i begge dei to gruveselskapa. Ein av pensjonistane i gruppa seier: «Eg kan ikkje reisa heim og vita at noko av pensjonen min kjem frå gruvene i Tanzania.» og i tråd med det som elles skjedde i Bergen på den tida, løfta han fram at «GULLET SKA HEM. HEM TE TANZANIA!» Dei fekk media på bana då dei kom heim, og saman med m.a. Kirkens Nødhjelp bidrog dei til at Oljefondet trekte seg ut av det eine gruveselskapet. Dét er å dekka eit langbord i verda. Ikkje halda fram med plyndringa av Afrika eller andre kontinent, men la dei bruka dei ressursane som finst i landet til mat, vatn, skule, helse, infrastruktur. Det nyttar å engasjera seg! Ein annan måte me alle har tilgjengeleg, er Fair Trade. Mange varer finst i butikkhyllene, og det undrar meg kor vanskeleg det er til å få folk til å bruka det langt, langt meir.

Ein tredje metode som også Kirkens Nødhjelp tok initiativ til - heiter «Initiativ for etisk handel». Dei ser til at skjortene våre og ei lang rekkje andre produkt blir produserte og transporterte på ein måte som sikrar arbeidarane ei orn tleg løn og trygge arbeidsforhold. Eit breidt spekter av norske bedrifter er medlemer der. FN har vedteke 17 berekraftsmål for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringane innan år 2030. Norge skal ta sin del, men det står att å laga ein plan for korleis vår del skal takast. Difor inviterer KN i år ungdom og vaksne til å be regjeringa om å laga ein plan. Det gjer me ved å skriva under bakpå desse lappane. I 2. Mosebok 16 les me om Israelsfolket som fekk brød frå himmelen, og fekk beskjed frå Moses om å sanka så mykje som dei trong til kvar dag, men ikkje la det vera noko att til neste morgon. Men somme let det vera noko att til neste morgon, dei sanka altså meir enn dei hadde bruk for. Då står det noko som eg synest er ein ubehageleg tanke: Det gjekk makk i det, og det stinka. Gjeld det også det som eg har sanka meir enn eg treng? Heilt til slutt: Høna og grisen som skulle eta frukost ilag. Og grisen sa: Kva vil du føreslå? La oss ta egg og bacon, seier høna. (Resten må eg ta på engelsk:) To you, that is a contribution. To me it s commitment. Takk!