MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 28.10.2013 Utsett møte frå 16.10.13 pga dødsfall Start kl.: 09.10 Slutt kl.: 16.00 Til stades på møtet Medl.: Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik, Marit Aakre Tennø, Jon Ove Lomheim, Ernst Veum. Forfall: Anette Stegegjerdet Norberg, Ivar Buskaker (død 14.10.13) Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Morten Vigdal, Finn R Skare Rådmann Jarle Skartun, Næringssjef Olav Grov sak 121-123 og deler av sak 126. Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun sak 125. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 120/13 13/2556 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 121/13 13/2478 Olav Høyheim Einan. Lån til bruksutbygging 122/13 13/2410 Mette Østerbø. Søknad om finansiering 123/13 13/2626 Luster Bok AS. Søknad om finansiering 124/13 13/2413 Gaupnetunet A/S - Søknad om generelt skjenkeløyve 125/13 13/2147 Budsjett 2014, økonomiplan 2014-17, planleggingsprogram 2014-17. 126/13 13/2557 Referat- og drøftingssaker
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
120/13 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 17.09.13 vert godkjent. Underskrifter: Marit Aakre Tennø og Geir Arve Sandvik. 121/13 Olav Høyheim Einan. Lån til bruksutbygging Olav Høyheim Einan, 6869 Hafslo, får innvilga eit rentefritt lån stort kr. 397.000,- gjennom næringsfondet til bruksutbygging for sau på La gnr. 144, bnr. 1. Lånet skal vera avdragsfritt første 2 åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen. 122/13 Mette Østerbø. Søknad om finansiering Mette Østerbø får eit oppstartingstilskot stort kr 30.000. Tilskotet vert finansiert av post 32503.14703.402 123/13 Luster Bok AS. Søknad om finansiering Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med følgjande endring: Utviklingstilskotet vert endra frå kr. 75.000 til kr. 50.000,- Luster Bok AS får eit utviklingstilskot stort kr 50.000 til å gjennomføre prosjektet med å legge til rette for netthandel. Tilskotet vert finansiert ved forbruk av 32503.402.14703.
124/13 Gaupnetunet A/S - Søknad om generelt skjenkeløyve Med grunnlag i ruspolitisk handlingsplan får Gaupnetunet A/S generelt skjenkeløyve for drikk som inneheld opp til 60% volumprosent alkohol, Gruppe 1, 2 og 3. (øl, vin og brennevin) Løyvet gjeld for spisesal, lobby, møterom, romfløy innandørs på til saman ca 330m2. I tillegg vert det gitt løyve til uteskjenking på område utanfor resepsjon samt hage ved sida av bygningen (mot fylkesvegen), på tilsaman ca 1000 m2. Løyvet gjeld for perioden fram til 31. mars 2016: Styrar: Hans Olav Sandvik Reservestyrar: Bjørg Anette Sandvik. Skjenketid. Skjenking av brennevin skal vere avslutta kl. 01.00 Skjenking av øl og vin innandørs skal vere avslutta kl. 01.30 Skjenking av vin og øl utandørs skal vere avslutta kl. 23.00. 125/13 Budsjett 2014, økonomiplan 2014-17, planleggingsprogram 2014-17. Budsjettdrøftingane vert ført vidare på neste møte. Rådmann tek med seg innspel i vidare arbeid. 126/13 Referat- og drøftingssaker Orientering skrifteleg: Eksternt: - Samhandlingsnytt oktober (13/170-8) referert. Internt: - Framlegg til møteplan for 2014 Det vert nytt kommunestyre 30.01.14 og kst. 20.02 vert flytta til 27.02.14. - Rapport over delegerte vedtak referert. - Møteprotokoll kontrollutvalet frå møte 20.09.13 referert.
Orientering i møtet: Norsk Hydro, Energi. Besøk av Hydro for informasjon om utbyggingsprosjekt i Fortun og tiltaksplan for Fortunselva m.m. Utsett til onsdag 30.10.13. Ordførar: Sognefjellstunnelen, arbeid med å få fram konseptvalutgreiing. Sogn Regionråd: - Høyanger vil ev melde seg inn att i Sogn Regionråd. - Tilflyttingsprosjekt i Sogn Regionråd - MVA sak med Sogndal er oppgjort. Rådmann: Sogn skisenter, organisering av prosjekt, avtale med Bystøl/Hønsi. Rådmann orienterte om tilpassing og utvikling i arbeidet. Formannskapet poengterte at det er viktig at heilskapen i utviklingsarbeidet på Heggmyrane vert fylgt opp i vidare arbeid. Utleige av kontor til Fylkesmannen på rådhuset. Rådmann orienterte om utleige av eitt kontor ekstra til fylkesmann/naturforvaltar. Tiltaket krev mindre ombygging ved at møterom teknisk vert gjort om til to kontorarbeidsplassar. Næringssaker Breiband. Rådmann/næringssjef orienterte om grei utvikling i arbeidet med å sikre breiband via radiolink, jf tidlegare sak. Det vert vurdert å leggje fram ei ny sak med tiltak for betre mobildekning og breiband. Saka vert tilpassa ny søknadsrunde for eksterne tilskotsmidlar. Tørvis Rådmann/næringssjef orienterte om status etter årets sesong som har vore positiv sett i høve føresetnadane. Det er eit avtalt opplegg for oppgjer av restansar til kommunen. Skjolden resort. Rådmann/næringsjef orienterte om status for sesongen. Stor cruiseaktivitet i -13, nedgang i -14, ein prøver å utvikle nærare samarbeid med Flåm. Det er lagt fram planar om helikoptertilbod/helikopterlandingsplass nær til kaien. Næringsbygg sørsida utvikling A/S. Rådmann/næringsjef orienterte om behov for å drøfte kapital/finansiell situasjonen i selskapet/bygget. Det vert ev lagt fram sak for næringsutvalet. Sogndal fotball. Rådmann/næringssjef orienterte om førespurnad frå selskapet. LMI. Rådmann/næringssjef orienterte om eigarskapsutvikling og status for aktiviteten i Gaupne. Ev byggeprosjekt i Gaupne er aktuelt, men det er for tida ikkje framdrift i saka. Fondsutvikling. Rådmann/næringssjef orienterte om status for næringsfondet.
Drøfting i møtet: Heggmyrane, jf notat av 10.10.13 som er vedlagt. Politiske føringar for vidare arbeid? Rådmann orienterte. Det vart lagt fram brev frå Johannes Hauge av 21.10.13. Formannskapet hadde ikkje spesielle merknader til notatet av 10.10.13. Formannskapet ser det ikkje som aktuelt at veg/mellombels veg skal kryssa skiløypene. 50-års markeringa, status og vidare. Felles aktivitetsdag i grunnskulen 01.10 osv, notat av 10.10.13. Ordføraren orienterte. Det vert ikkje lagt opp til markering av jubileet 07.11. Dette vert utsett til 19.12 inkl. ei orientering frå Oddmund Hoel omkring historien om kommune-samanslåinga. Formannskapet stilte spørsmål omkring ein ev ny kommunesang. Det vert elles vist til notatet. Budsjettarbeidet er eiga sak. Eventuelt/innspel i møte: Kontrollutvalet si handsaming av byggjesak i Solvorn. -Rådmann orienterte. Utvikling på Harastølen. -Ordføraren orienterte. Dagsorden for møtedagen; 09.00-11.00 Sakshandsaming, inkl møte i klagenemnd. 11.00-15.30 Budsjettdrøftingar. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.