St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4

Like dokumenter
Høyring forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Regjeringa har lagt ut eit høyringsnotat, der dei ber om innspel til innretning på eit havbrusfond. Høyringsfrist er sett til 18. februar.

Kapittel I. Generelle føresegner

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

St.prp. nr. 19 ( ) Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Utanriksdepartementet

Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Fylkesutvalet

Oppdrettskonsesjonar på Vestlandet

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

Dykkar ref Vår ref Dato /MAB 23. januar 2009

Saksframlegg. Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

HØYRINGSBREV - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN.

Lofoten Sjøprodukter AS Saksbehandler: Erik Staurset Andresen Veronika Nøstvold Mortsundveien 379 Telefon:

Utkast til merknader til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2009.

Prop. 46 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Utanriksdepartementet

Politiske rammevilkår for havbruksnæringa

Prop. 28 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

HØYRING - FORSLAG TIL INNRETNING AV HAVBRUKSFONDET

Ot.prp. nr. 49 ( )

St.prp. nr. 5 ( )

St.prp. nr. 19 ( ) Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Utanriksdepartementet

Ot.prp. nr. 77 ( ) Om lov om endringer i akvakulturloven

Kvam herad. Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakultrrelatert verksemd i Hardangerfjorden-høyringsuttale frå Kvam herad

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Merknader til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2009.

Prop. 127 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Prop. 25 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015

Høring - forslag til forskrift om tildeling av tillatelser til havbruk med laks, ørret og regnbueørret i sjøvann Grønne tillatelser

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Prop. 29 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Prop. 128 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Levande fjord levande vassdrag Kva gjer Regjeringa

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

St.prp. nr. 30 ( ) Om endringar på statsbudsjettet for 2003 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

St.prp. nr. 16 ( )

Prop. 65 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Styrking av investeringstilskotet til

St.prp. nr. 60 ( )

St.prp. nr. 17 ( )

Tabellar for kommunane

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Barne- og likestillingsdepartementet

Dykkar ref Vår ref Dato

2 6 JAN 2009 Arte 3/3-^> y Saksh "

St.prp. nr. 15 ( )

Slakteriet AS (SF-F-30) - Tilsagn om utviding av løyve til slaktemerd lokalitet Hesteneset i Flora kommune, Sogn og Fjordane.

Høringssvar forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbueaure i sjøvann 2009

Prop. 31 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

St.prp. nr. 20 ( ) Om endringar i statsbudsjettet 2007 under Barne- og. likestillingsdepartementet

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

-fl- P4AR HAIVIAR

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

St.prp. nr. 27 ( ) Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Kultur- og kyrkjedepartementet

Tabellar for kommunane

Spørsmål og svar til tildelingsrunden 2013 for tillatelser til oppdrett med laks, ørret og regnbueørret.

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

AHA! Arbeidsprogram Heilskapleg akvakulturforvaltning. Oppstartskonferanse AHA! Leikanger 6. april 2011

Prop. 26 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

St.prp. nr. 15 ( )

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet

REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR

Vedtaksbrev. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 16/457-2/FA - U43, HistSak -

Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Hanson, Siri. Ragnhildstveit, Jomar. Ihler, Gurid. S.

St.prp. nr. 9 ( )

Utkast til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Om endringar av løyvingar i 2006 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Saksbehandlar: Elisabeth Aune, Næringsavdelinga Sak nr.: 15 /

Forskrift om tildeling av løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2013

Ei berekraftig forvaltning av lokale fiskeri- og havbruksressursar nasjonal politikk utfordrar kommunane

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Prop. 37 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Utanriksdepartementet

Innst. S. nr ( ) Innstilling til Stortinget fra næringskomiteen. Dokument nr. 8:103 ( )

Departementet stiller totalt 85,5 mill. kroner til disposisjon for Siva i 2016.

SAKSFRAMLEGG. Høyringsuttale - utkast til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

Høyring av forslag om videreutvikling av produksjonsavgrensingssystemet

Ot.prp. nr. 56 ( )

HØYRING AV FRAMLEGG TIL INNRETNING AV HAVBRUKSFONDET

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

SAKSGANG FORSLAGTIL FORSKRIFTOM SÆRSKILDEKRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGER FJORDEN- HØYRINGSUTTALEFRA JONDAL KOMMUNE.

Livet i havet vårt felles ansvar. Fiskeridirektoratet. Oppgåver knytt til vassdirektivet. Fiskeridirektoratet Region Vest Hanne Marie Utvær

Regelverk og rammebetingelser. Hva skjer?

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Prop. 23 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Høyringsnotat utkast til forskrift om kapasitetsauke i lakse- og aureoppdrett i 2015

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Prop. 24 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag om stortingsvedtak)

Møte i Hovudutval for plan og næring den

Statusgrunnlag Hardangerfjorden

MELDING OM VEDTAK. Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2015/ Roger Andersen,

Innst. O. nr. 88. ( ) Innstilling til Odelstinget fra næringskomiteen. Ot.prp. nr. 77 ( )

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Transkript:

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2008 2009) FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) Tilråding frå Fiskeri- og kystdepartementet av 7. november 2008, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Stoltenberg II) 1 Bakgrunn I «Strategi for en konkurransedyktig norsk havbruksnæring», som vart lagt fram i august 2007, gjorde regjeringa det kjent at det skulle leggjast opp til ein ny tildelingsrunde for laks, aure og regnbogeaure i 2009, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007 2008). I framlegget til statsbudsjett for 2009 i St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Fiskeri- og kystdepartementet står det at regjeringa har bestemt at det skal tildelast nye løyve til oppdrett av laks og aure i 2009, men at regjeringa tok sikte på å komme tilbake til Stortinget med talet på løyve og regional fordeling, tildelingsmåte og vederlag, kriterium og eventuelle vilkår og budsjettkonsekvensane i Tilleggsnr. til St.prp. nr. 1. 2 Talet på løyve Det står i «Strategi for en konkurransedyktig norsk havbruksnæring»: Det vil bli gjennomført en ny runde med laksekonsesjoner i 2009. Videre tas det sikte på årlige tildelingsrunder tilpasset veksten i markedet, for å skape forutsigbare rammebetingelser for næringen. I 2002 og 2003 vart til saman 90 løyve delt ut i to rundar med fast vederlag. For dei fleste løyva vart vederlaget sett til 5 mill. kroner, som var i tråd med fleirtalssynet i Innst. O. nr. 123 (2000-2001) om lov om endring i lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. (vederlag ved tildeling av konsesjonar for matfiskoppdrett av laks og aure). 10 av løyva prøvde ein å tildele i Finnmark mot eit vederlag på 4 mill. kroner. Løyva vart tildelte i 2002, men fråfalne pga. manglande innbetaling av vederlag. I 2003 melde ingen søkjarar seg interesserte. I 2006 vart løyva i Finnmark tildelte i ein lukka bodrunde med prekvalifisering. Etter tildelingane i 2002 og 2004 er rammevilkåra til lakseoppdrettsnæringa endra: 1. januar 2005, då avgrensinga av løyva vart endra frå merdvolum i kubikkmeter til Maksimalt Tillaten Biomasse (MTB) samtidig som fôrkvoteordninga vart avvikla. Dette innebar ein relativt betydeleg auke av produksjonstaket for dei gitte løyva. 1. januar 2006, då akvakulturlova tredde i kraft, jf. Ot.prp. nr. 61 (2004-2005) om lov om akvakultur og Innst. O. nr. 99 (2004-2005). Kap. 1050, 1427, 5309

2 St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 2008 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) Gjennom desse endringane er det klargjort at departementet ved konsesjonssystemet set eit øvre tak for produksjonskapasiteten, medan næringsaktørane sjølve har ansvar for å vurdere kor mykje av denne kapasiteten det er marknadsmessig tenleg å utnytte, og dei må uansett halde seg innanfor fastsett MTB, både på konsesjonsnivå og på lokalitetsnivå. Departementet har, i vurderinga av kor mange løyve som skal tildelast i 2009, sett på omsynet til berekraftig vekst, medrekna miljø- og fiskehelseomsyn, marknadsutviklinga sidan 2005 og vidare marknadsutsikter og utviklinga hos andre store produsentland. Volumveksten i norsk laksenæring har dei seinaste åra vore betydelig (7 % i 2005, 4 % i 2006, 21 % i 2007). Til no i år har slaktekvantumet auka med 4 % i høve til same periode i fjor. Overslag for vekst i slaktevolum for 2008 er på 3,5 4 % i høve til 2007 og 9 10 % for 2009 i høve til 2008. Dei seinaste åra har det utvikla seg ein vedvarande sjukdomssituasjonen i Chile. Det har samstundes vore ein jamn etterspørselsvekst etter oppdrettslaks, på mellom 5 og 10 % årleg, men som no er venta å gå ned. Dette har ført til at laksenæringa i delar av landet er nær full utnytting av gjeldande MTB-grense. Det er ikkje lett å seie kor raskt dei nye løyva vil gi auka produksjon fordi det heng saman med kven dei går til. Løyve som blir tildelte oppdrettarar med unytta, klarert lokalitets-mtb, kan bli utnytta i 2009. Aktørar som først må klarere nye lokalitetar og deretter setje ut utstyr og smolt, får ikkje slakteklar fisk før i 2010/2011. På denne bakgrunn blir det lagt opp til å tildele 65 nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009. Regjeringa ønskjer å utvikle og utvide den økologiske produksjonen innanfor havbruk, og ser på det som ein interessant produksjonsnisje med ein veksande marknad, særleg i EU og USA. Regjeringa legg difor opp til at 5 av dei 65 løyva som blir tildelte i 2009 blir øyremerka søkjarar som ønskjer å satse på økologisk havbruk. 3 Regional fordeling På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet har Fiskeridirektoratet utarbeidd etter samråd med Mattilsynet og Havforskingsinstituttet ein rapport som vurderer kva geografiske område som er meir og mindre eigna for auka oppdrettsverksemd i 2009, sett ut frå omsynet til miljø og fiskehelse. Fiskeridirektoratet vurderer det slik at kysten sør for Hustadvika (Møre og Romsdal) PD-sona for tida er mindre eigna for ny vekst i lakseoppdrett, primært på grunn av pankreassjukdom (PD). Regjeringa har vurdert regional fordeling av løyva med utgangspunkt i miljømessig berekraft og distrikts- og næringspolitiske omsyn. Finnmark har Tabell 3.1 Talet på Fordeling av Fiskeridirektoratets matfiskløyve dei nye regionar i dag Fylke løyva Finnmark... 83 Finnmark... 7 Troms... 86 Troms... 8 Nordland... 144 Nordland... 15 Nord-Trøndelag... 7 Trøndelag... 147 Sør-Trøndelag... 8 Møre- og Romsdal... 103 Møre og Romsdal... 5 Sogn og Fjordane... 5 Vest... 233 Hordaland... 5 Sør... 80 Resterande kystfylke... 0 Økologiske... 5 Totalt... 876 65 Dei økologiske løyva er i utgangspunktet ikkje bundne til fylke eller region.

2008 2009 St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) 3 lågast utnyttingsgrad, medan produksjonstaket i form av tildelt MTB er nær ved å bli nådd i Troms, Nordland og Trøndelag. Ein har også vurdert kvar dei viktige villaksstammane er å finne og kvar belastningane er størst som følgje av lakselus og rømming. På grunn av den rådande miljø- og sjukdomssituasjonen meiner regjeringa at det bør tildelast relativt få løyve på Vestlandet, og at dei som blir tildelte blant anna blir nytta aktivt til å stimulere til å endre lokalitetar for å lette PD-nedkjempinga. Før den neste tildelingsrunden vil Fiskeri- og kystdepartementet samarbeide med Miljøverndepartementet om eit heilskapleg fagleg grunnlag og utvikle kriterium for lokalisering av nye løyve som skal styrke omsynet til berekraft og villaks. Det går fram av Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen), at fordelinga av havbruksløyve skal flyttast til regionalt folkevalt nivå. På denne bakgrunn vil fylkeskommunane bli gitt ei rolle i tildelingsrunden i 2009, jf. pkt. 5. Fylkeskommunane si nye rolle frå 2010 vil ikkje endre rolla til dei statlege fagetatane (Mattilsynet, Kystverket og Fylkesmannen) i behandlinga av nye eller større lokalitetar. Konsultasjonen i 2009-runden vil innebere at den aktuelle fylkeskommunen uttalar seg om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir oppdrettsverksemd. Løyva vil bli tildelte på fylkesnivå. Fordelinga er framstilt i tabell 3.1. 4 Vederlag og tildelingsmåte 4.1 Generelt Erfaringa frå tildelingsrundane i 2002 og 2003 viser at det var vilje til å betale for løyva med 5 mill. kroner, medan 4 mill. kroner var for mykje i Finnmark. Ved fastsetjing av vederlaget kan det takast utgangspunkt i eit overslag over verdien til konsesjonen basert på objektive kriterium, dvs. utrekning av den avkastninga konsesjonen isolert kan gi. Utrekning av ein teoretisk verdi for ein konsesjon byggjer på vurderingar av framtidig utvikling. Eit slikt overslag vil difor vere usikkert, særleg sett i lys av uroa i finansmarknaden. Vederlaget bør vere rimeleg sett i høve til den framtidige innteninga som konsesjonen gir høve til, slik at det er mogleg for drivarane av konsesjonane å forrente den kapitalen som er nødvendig både til vederlaget og til dei andre innsatsfaktorane. Omsynet til å hindre spekulasjon og vidaresal talar på den andre sida for at vederlaget blir sett relativt høgt. Vidare tilseier prisutviklinga i samfunnet generelt og betre marginar innan lakseoppdrett også eit høgre vederlag enn i 2002- og 2003-rundane. 2009-tildelinga vil bli basert på faste vederlag og søknadsbehandling med prioritering ut frå visse kriterium, jf. pkt. 5. På denne bakgrunn blir vederlaget, bortsett frå i Finnmark, sett til 8 mill. kroner per løyve. 4.2 Vederlaget i Finnmark I 2002 vart 10 av løyva forsøkt tildelte i Finnmark mot eit vederlag på 4 mill. kroner. Løyva vart tildelte, men fråfalne pga. manglande innbetaling av vederlag. I 2003 vart løyva lyste ut på nytt til same pris, men ingen søkjarar melde seg. I 2006 vart løyva i Finnmark tildelte i ein lukka bodrunde med prekvalifisering. Løyva vart tildelte mot vederlag på mellom 50.000 kroner og 2,9 mill. kroner. På denne bakgrunn bør det i Finnmark takast utgangspunkt i marknadspris for løyva i finnmarksrunden i 2006. Dei lågaste prisane var i Aust-Finnmark der infrastruktur og driftsforhold inneber større utfordringar enn i Vest-Finnmark. Basert på dette blir vederlaget i Finnmark sett til 3 mill. kroner per løyve. 4.3 Samla proveny På bakgrunn av talet på løyve i pkt. 2, regional fordeling i pkt. 3 og storleiken på vederlaget i pkt. 4.1. og 4.2 vil statens samla inntekstproveny bli på inntil 485 mill. kroner, som blir foreslått løyvd på kap. 5309, post 29. 5 Kriteria, vilkår og vidare prosess for tildelinga Utveljing av søkjarar vil skje etter søknadskonkurranse der det i prioriteringa særleg skal leggjast vekt på følgjande kriterium: Mindre aktørar i næringa. Søkjarar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg. I den såkalla PD-sona, jf. pkt. 3, vil det i tillegg komme inn eit prioriteringskriterium om å bruke tildelinga aktivt til å stimulere til å endre lokalitar for å lette PD-nedkjempinga. For dei 5 løyva som er øyremerka økologisk sertifisert produksjon vil det vere eit vilkår at oppdrettsverksemda blir i samsvar med gjeldande produksjonsreglar for økologisk havbruk, dvs. EUs pro

4 St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 2008 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) duksjonsreglar. Det er ein følgje av EØS-avtalen at nye reglar som no blir utarbeidde blir implementerte i norsk rett. Det kan setjast vilkår som medverkar til at dei kriteria som er avgjerande for tildelinga blir etterlevde. Det ligg til grunn at tildeling berre skal skje ved lokalisering i kommunar med kystsoneplan. Fiskeri- og kystdepartementet vil med det første sende på høyring eit utkast til tildelingsforskrift der det blir gjort nærare greie for rammevilkåra for den kommande tildelingsrunden. Fylkeskommunen vil bli konsultert i spørsmål om skjønn knytt til kriteria og geografisk plassering innanfor fylket. 6 Andre tiltak i samband med tildelingsrunden I samband med tildelinga av nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure blir det fremma forslag om å løyve 3 mill. kroner per konsesjon til aktuelle fylkeskommunar over kap. 1050, ny post 60, totalt inntil 195 mill. kroner. Midlane blir løyvde som frie midlar og blir utbetalt etter talet på nye løyve som blir tildelte i dei enkelte fylka. Løyvinga for dei økologiske oppdrettsløyva vil bli fordelt mellom dei fylkeskommunane der konsesjonane blir etablerte. Det er ein føresetnad at Fiskeri- og kystdepartementet ikkje gir tilsegn om støtte til fylkeskommunar før vederlaget for oppdrettsløyva i det aktuelle fylket er innbetalt. I tillegg blir det foreslått auka løyving på 20 mill. kroner til tiltak for villaksen over Miljøverndepartementet sitt budsjett, kap. 1427, post 21. Fiskeri- og kystdepartementet t i l r å r : At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009). Vi HARALD, Noregs Konge, s t a d f e s t e r : Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) i samsvar med eit vedlagt forslag.

2008 2009 St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) 5 Forslag til vedtak om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2009 (nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009) I statsbudsjettet for 2009 blir det løyvd under følgjande kapittel: I Utgifter: Kap. Post Formål Kroner 1050 Diverse fiskeriformål: 60 (ny) Tilskot til fylkeskommunar... 195 000 000 1427 Direktoratet for naturforvaltning 21 Spesielle driftsutgifter... 224 326 000 mot tidlegare foreslått kr 204 326 000 5309 Inntekter: Kap. Post Formål Kroner Tilfeldige inntekter 29 Ymse... 535 233 000 mot tidlegare foreslått kr 50 233 000 kystdepartementet ikkje gir tilsegn om støtte til fyl keskommunar før vederlaget for oppdrettsløyva i det aktuelle fylket er innbetalt. II Tilskotet på inntil 195 mill. kroner til dei aktuelle fylkeskommunar utgjer 3 mill. kroner per løyve som blir tildelt. Det er ein føresetnad at Fiskeri- og

Trykk: A/S O. Fredr. Arnesen. November 2008