Rundskriv 4/11 Kontaktperson: Finn Walland Vår dato: 13.01.2011 Vår referanse: 201100001-4/001 Rundskrivet erstatter: 4/10 Vedlegg: Kopi til: Godkjente omsetningsledd frukt og grønt LMD, GPS (Grøntprodusentenes Samarbeidsråd) Postadresse: Postboks 8140 Dep. NO-0033 Oslo, Norway Besøksadresse: Stortingsgt. 28 Telefon: +47 24 13 10 00 Telefaks: +47 24 13 10 05 E-post: postmottak@slf.dep.no Internett: www.slf.dep.no Org.nr.: NO 981 544 315 MVA Bankkonto: 7694 05 02280 Innsending Årsoppgaver for produksjonsåret 2010 gjeldande Distrikts- og kvalitetstilskot frukt og grønt og potetproduksjon i Nord-Norge, samt søknad om tilskot til fruktlager Vi syner til forskrift av 1. juli 2002 nr 778 om tilskot til fruktlager og godkjenning av omsetningsledd. Dette rundskrivet har generell informasjon om tilskot til frukt og grønt (DK tilskot) og om tilskot til matpotetproduksjon i Nord-Norge. Det omtalar også vilkår for å vere godkjent som omsetningsledd og spesielt om korleis årsoppgåva for DK tilskotet skal fyllast ut og sendast inn på e-post til arsoppgave@slf.dep.no Vidare finn ein informasjon om tilskot til fruktlager og innsending av søknad Innsendingsfrist for årsoppgåve for DK- tilskot og søknad om tilskot til fruktlager er begge 15. februar 2011. 1. Tilskot til grønt- og potetproduksjon 1.1 Søknad om tilskot til grønt- og potetproduksjon Produsentar (etter dette kalt føretak) kan søkje om distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker (inkludert salat på friland) av klasse I eller betre sortering. Føretak som dyrkar matpotet i Nordland, Troms og Finnmark, kan søkje om distriktstilskot for potetproduksjon av matpotet i Nord-Noreg. Søknad om tilskot til grønt- og potetproduksjon inngår i søknad om produksjonstilskot i jordbruket med søknadsfrist 20. januar. Alle produksjonar med rett på tilskot må vere levert til omsetningsledd godkjente av Statens landbruksforvaltning. Den produksjonsmengda føretaka gjev opp i søknaden, vert kontrollert mot årsoppgåva som omsetningsledda har sendt inn. Føretaka får utrekna tilskot i høve til minste mengd i anten eigen søknad eller som sum frå årsoppgåvene.
Statens landbruksforvaltning Side: 2 av 5 1.2 Følgjande produksjonar gjev rett på tilskot: Produksjonskode Produksjon Eining 001 Eple kg 002 Pærer kg 003 Plommer kg 004 Morellar kg 005 Kirsebær kg 011 Jordbær kg 012 Bringebær kg 013 Solbær kg 014 Rips kg 016 Hageblåbær kg 021 Stikkelsbær kg 031 Tomat kg 032 Slangeagurk kg 033 Salat (òg frilandssalat) stk 060 Potet produsert i Nord-Noreg kg 1.3 Krav til omsetningsledd Statens landbruksforvaltning (SLF) ønskjer å presisere nokre av vilkåra for å vera godkjent som omsetningsledd: Godkjente omsetningsledd skal sende årsoppgåve over mottak av aktuelle produkt frå kvart einskild føretak og føretakssamanslutning for perioden 1. januar 31. desember føregåande år. Frist for innsending er 15. februar, jf. 4 punkt 5 i forskrifta. Omsetningsleddet pliktar å gje SLF melding om det skjer endringar av blant anna namn, adresse og selskapsform, jf. 8 i forskrifta. Ved manglande oppfylling av dei forutsetningane og krava som vart lagt til grunn for godkjenninga, kan SLF trekkje godkjenninga attende, jf. 4 punkt 4 i forskrifta. 1.4 Innsending av årsoppgåver for DK-tilskot frukt og grønt. For at føretaka skal få utbetalt tilskot til grøntproduksjon, må omsetningsledda sende inn årsoppgåve til SLF, jf. 4 punkt 5 i forskrifta. Den produksjonsmengda føretaket gjev opp i søknaden om produksjonstillegg, vert kontrollert mot sum mengd pr produksjonskode i årsoppgåver som omsetningsledda har sendt inn. Omsetningsledda må nytte organisasjonsnummeret til føretaket i årsoppgåvefila når dei rapporterar inn det som er mottatt av produksjonar med rett på tilskot i perioden frå 1. januar til 31. desember 2010. Legg merke til at det gjeld omsette varer i 2010 og ikkje produserte varer. For at søknaden frå føretaket skal kunne handsamast, må organisasjonsnummeret i årsoppgåva samsvare med organisasjonsnummeret på søknadsskjemaet. Årsoppgåva skal sendast inn som tekstfil (bruk Windows Notisblokk, Notepad eller liknande til å lage fila) via e-post: arsoppgave@slf.dep.no. Merk emnet ( subject ) i e-posten med: Årsoppgåvefil grønt 2010 og namnet på omsetningsleddet. Viktig: E-posten skal innehalde opplysningar om talet på produsentar og totalmengde kg/stk av frukt/bær/veksthusgrønsaker som er med i årsoppgåvefila.
Statens landbruksforvaltning Side: 3 av 5 Årsoppgåva treng ikkje vere stadfesta av revisor. SLF kan krevje å få tilsendt revisorattestert årsoppgåve når det er nødvendig, jf. 4 punkt 5 i forskriften. Frist for innsending av årsoppgåva er 15. februar 2011. 1.5. Faktorar for omrekning Omsetningsleddet har ansvar for at den oppgjevne mengda er rett og i samsvar med den eininga som satsen er gjeven i (kg eller stk). Slangeagurk skal reknast om til kg: Slangeagurk: Slangeagurk: Slangeagurk: 24 stk/kasse, omrekning: Slangeagurk: 28 stk/kasse, omrekning: 1 stk = 0,360 kg 1 kasse = 10,000 kg 10 kg/24 stk = 0,417 kg 10 kg/28 stk = 0,357 kg Salat: Alle leveransar skal gjevast i stk, og kvanta levert til salatfabrikk. Salat pakka i pakningar à 100-200 g = 1 stk (til dømes feltsalat). Bær: Kvantum skal gjevast i kg og ikkje i korger. Når det gjeld produktslag som inngår i ei produktblanding, må omsetningsledda utarbeide gjennomsnittsvekter for kvart vareslag som har rett på tilskot i blandinga. Omsetningsledda må informere SLF om dei aktuelle produktblandingane og rekne ut gjennomsnittsvekter. Gjennomsnittsvektene må brukast av omsetningsledda som omrekningsfaktor ved innrapportering av årsoppgåver til SLF. Omsetningsledda må og opplyse dei aktuelle produsentane om utrekninga av gjennomsnittsvekt slik at dei kan oppgje korrekte opplysningar på søknadsskjemaet sitt. 1.6 Minstekvantum Kvart føretak må i sum ha levert over eit minstekvantum for å ha rett på tilskot og levert mengd blir summert frå alle omsetningsledd pr produsent. Tabell 1 nedanfor viser minstekvantum pr produkt eller produktgruppe som gjev tilskott. Omsetningsledda må difor rapportere for alle søkegode føretak alle produkt slik at det kan summerast for kontroll om minstekvantum er levert. Tabell 1. Minstekvantum for å ha rett på distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker pr føretak. Produkt Minstekvantum Frukt 2 000 kg Bær 1 000 kg Samla for tomat og slangeagurk 2 000 kg Salat 5 000 stk
Statens landbruksforvaltning Side: 4 av 5 1.7. Innhald i årsoppgåva Årsoppgåva skal vere samansett av tallrekkjer à 41 tal pr linje, der kvar einskild produksjon levert av eit føretak skapar ei talrekkje. Ledd i talrekkja Posisjon i talrekkja Antall siffer Tilskotsår (01:04) 4 0+Organisasjonsnummer omsetningsledd (05:14) 10 0+Organisasjonsnummer føretak (15:24) 10 Produksjonskode (25:27) 3 Mengde/eining (28:35) 8 Avdelingsnummer (36:41) 6 Tilskotsår 2010 Organisasjonsnummer omsetningsledd Identifiserer omsetningsleddet og skal ha 10 siffer (0+9). Org.nummeret må vere det same som er oppført på SLF si liste over godkjente omsetningsledd. Organisasjonsnummer føretak Er henta frå Enhetsregisteret og skal ha 10 siffer (0+9). Det er viktig at omsetningsledda brukar rett organisasjonsnummer på føretaket i årsoppgåvefila. Vær særleg merksam på om det har vore eigarskifte på garden. Produksjonskode Kvar vekst/produksjon har ein unik produksjonskode, jf. pkt 1.2. Det skal være 3 siffer i produksjonskoden inkludert innleidande 0. Mengd Antall kg/stk som føretaket har levert til omsetningsleddet frå 1. januar til 31. desember 2010. Hugs omrekningsfaktorane, jf. pkt. 1.5. Mengdefeltet skal ha 8 siffer og fyllast ut med innleiande nullar der det trengs. Avdelingsnummer Dette feltet skal nyttast av omsetningsledd som har fleire avdelingar, for å kunne skilje mellom dei ulike avdelingane. Dersom omsetningsledd berre har ei avdeling, skal feltet fyllast med nullar. Utsjånad Eksempel på innhald i ei fil for årsoppgåva: 20100912094572092605021900200004892000000 20100912094572092605021900300005400000000 20100912094572093100171001100011500000000 20100912094572093100171001300000560000000 Filnamn Filnamnet skal vere 2010 + 0 + organisasjonsnummeret til omsetningsleddet + txt. Filnamnet kan då sjå slik ut: 20100912094572.txt
Statens landbruksforvaltning Side: 5 av 5 Format Fila skal lagrast som rein tekstfil f.eks.txt i Windows Notisblokk. Innsending Fila skal sendast som vedlegg til e-post til arsoppgave@slf.dep.no 1.8 Om innsending av årsoppgåver Årsoppgåvene må berre sendast til e-postadressa ovanfor. Ikkje bruk generell e-postadresse til SLF. Om du får vanskar med å lage fila med oppgåva på formatet beskrive i pkt. 1.7, kan du ta kontakt med Finn Walland på same e-postadresse som årsoppgåva skal sendast til. Det må presiserast at det er særs viktig at fristen for innsending vert halden for at produsentane skal få tilskotet dei har krav på. 2. Tilskot til fruktlager 2.1 Tilskot til fruktlager for produksjonsåret 2010 Det følgjer av forskrift 1. juli 2002 nr 778 om tilskot til fruktlager og godkjenning av omsetningsledd 5 første ledd, at for å ha rett på tilskot til fruktlager må fruktlageret i gjennomsnitt av dei tre siste åra inkludert søknadsåret, ha motteke minst 100 tonn frukt årleg frå minst 8 tilslutta føretak. I dei første åra etter oppstart gjeld gjennomsnittet dei aktuelle åra. Vilkåret om at grunnlag for berekning av tilskot berre gjeld tilslutta føretak med rett på distriktsog kvalitetstilskot og vilkåret om at eit føretak berre kan vere tilknytt eit fruktlager er oppheva. Søknadsskjema for fruktlagertilskot og forskrift om tilskot til fruktlager og godkjenning av omsetningsledd finn ein på SLF si internettside: https://www.slf.dep.no/no/produksjon-ogmarked/frukt-og-gront/tilskudd Søknaden om tilskot til fruktlager kan sendast til Statens landbruksforvaltning som vanleg post eller som vedlegg til e-post, men då må han skannast inn i vedleggsfila. Søknaden skal vere stadfesta av revisor. Søknadsfristen er 15. februar 2011. Med helsing for Statens landbruksforvaltning Aage Ramsfjell seksjonssjef Finn Walland seniorrådgjevar