HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201307074-2 Arkivnr. 053 Saksh. Vabø, Anne-Kathrine; Rødseth, Marit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.10.2013 FRÅSEGN TIL HØYRING AV NY «STATLIG PLANBESTEMMELSE FOR LOKALISERING AV KJØPESENTRE OG HANDEL» - MILJØVERNDEPARTEMENTET SAMANDRAG Miljøverndepartementet har sendt forslag til ny Statlig planbestemmelse for lokalisering av kjøpesentre og handel på høyring, med høyringsperiode frå 1. september til 25. oktober 2013. Føresegna skal avløyse gjeldande rikspolitiske føresegn for kjøpesentre. I føresegna vert det gitt forbod mot etablering av handel på over 3000 m 2 utanfor by- og tettstadssentrum. Forbodet gjeld ikkje for by- og tettstadssentrum, bydelssentre og lokalsentre. Føresegna gjeld framfor regional plan vedtatt før 2008 og råkar difor vår plan som vart vedtatt i 2002. Føremålet til ny statleg planføresegn på høyring samsvarer i hovudsak med gjeldande fylkesdelplan og vedtatt planprogram til ny regional plan. Klare og føreseielege reglar er positivt for både private og offentlege aktørar, ikkje minst for handelsnæringa. Regionalt handlingsrom er sikra ved at den statlege planføresegna kan avløysast av regionale planføresegner. Fylkesrådmannen tilrår nokre mindre endringar og presiseringar i føresegna. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Forslag til ny statleg planføresegn for lokalisering av kjøpesentre og handel samsvarer i hovudsak med gjeldande Fylkesdelplan for senterstruktur og handel og vedtatt planprogram til Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel. Forbodet mot å etablere kjøpesenter utanfor tettstadssentrum er i tråd med gjeldande regional plan. 2. Fylkesutvalet ser trong for eit klårare regelverk for etablering og utviding av handelsverksemder. Fylkesutvalet føreset at regionalt handlingsrom vert sikra ved at den statlege planføresegna kan avløysast av regionale planføresegner.
3. Fylkesutvalet er positiv til at både regionale retningsliner for sentrumsavgrensing og fastsetting av sentrumsgrensar i kommuneplanar vert lagt til grunn for praktiseringa av føresegna. 4. For å styrke by- og tettstadssentra er det avgjerande at handelens omfang vert tilpassa storleiken på staden og det omland som skal betenast. Rune Haugsdal fylkesrådmann Bård Sandal fylkesdirektør Regional utvikling Vedlegg: 1. Høyringsbrev, Miljøverndepartementet 03.09.13 2. Høyringsutkast til ny Statlig planbestemmelse for lokalisering av kjøpesentre og handel FYLKESRÅDMANNEN, 17. oktober 2013: 2
1. Bakgrunn Miljøverndepartementet har sendt ut forslag til ny Statlig planbestemmelse for lokalisering av kjøpesentre og handel på høyring, med høyringsperiode frå 1. september til 25. oktober 2013. Føresegna skal avløyse gjeldande rikspolitiske føresegn for kjøpesentre (FOR 2008-06-27 nr. 742) som trådde i kraft 1. juli 2008. Regulering av kjøpesenteretableringar vart første gong gjennomført i 1999 gjennom den såkalla «kjøpesenterstoppen». Rikspolitisk bestemmelse om midlertidig etableringsstopp for kjøpesentre utenfor sentrale deler av byer og tettsteder (RPB) vart fastsett ved Kgl. res. 8. januar 1999 og trådde i kraft 1. februar 1999, med varigheit til 2004. Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel vart vedtatt av Fylkestinget 12. desember 2002. Fylkesdelplanen avløyste den rikspolitiske føresegna om midlertidig etableringsstopp. Frå juli 2008 vart fylkesdelplanen gjort juridisk bindande ved at Regjeringa vedtok gjeldande rikspolitiske føresegn for kjøpesentre som gjorde regional plan juridisk bindande. 2. Innhald i utkast til ny statleg planføresegn I dette avsnittet blir innhaldet i forslag til ny statleg planføresegn kort referert, utan vurdering av konsekvensar for regionale interesser. Utkast til Statlig planbestemmelse for lokalisering av kjøpesentre og handel omfattar seks paragrafer, samt utfyllande kommentarar til dei seks paragrafane: 1. Formål 2. Virkeområde 3. Regler for lokalisering av kjøpesentere og handel 4. Behandling av søknad om samtykke 5. Behandling av nye planer 6. Ikrafttredelse, varighet, virkning Alle dokumenta til høyringa kan lesast på denne linken: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/hoeringer/hoeringsdok/2013/planbestemmelse-kjopesentrehandel.html?id=734894 Gjeldande forskrift FOR 2008-06-27 nr. 742 Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre kan lesast her: http://www.lovdata.no/for/sf/md/xd-20080627-0742.html Informasjon om Rikspolitisk bestemmelse om midlertidig etableringsstopp for kjøpesentre utenfor sentrale deler av byer og tettsteder (RPB) frå 1999 2004 kan ein finne her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/veiledninger/2000/t-1317-planer-og-bestemmelser-forkjopes.html?id=275119 2.1 Hovudinnhald og endringar frå gjeldande forskrift 1. Formål Det er gjort greie for både føremålet med den nye statlege planføresegna og det langsiktige målet, dette samsvarar med gjeldande statlege planføresegn. I høyringsutkastet er det gjort tydelegare at føresegna ikkje berre gjeld kjøpesentre, men omfattar all handelsverksemd. Vidare er det eit tydelegare fokus på kva føresegna skal sikre, nemleg: «at nye handelsvirksomheter lokaliseres innenfor eller i tilknytning til eksisterende by- og tettstedssentre, og med god kollektivdekning og tilgjengelighet med sykkel og gange.» I utfyllande kommentar vert det slått fast at føresegna gjeld for bydelssentra og lokalsentra tilsvarande som for tettstadssentra. 3
2. Virkeområde Her er det ikkje gjort nokon endringar. Den statlege planføresegna skal gjelde for heile landet. 3. Regler for lokalisering av kjøpesentre og handel Gjeldande statlege planføresegn seier at kjøpesentre berre kan etablerast/utvidast i samsvar med gjeldande fylkes(del)planar. I utkast til ny statleg planføresegn vert det gitt forbod mot etablering av nye handelsverksemder, samt utviding av eksisterande verksemder, med over 3000 m 2 bruksareal utanfor by- og tettstadssentrum. Forbodet gjeld ikkje for by- og tettstadssentrum, slik dei er avgrensa i kommunale og regionale planar. Forbodet gjeld heller ikkje varar som tidlegare har vore omtala som «plasskrevjande», dersom desse vert lokalisert i tilknyting til sentrum, eller innafor etablerte handelsområder. Av di «plasskrevjande» kan tolkast ulikt er handelsverksemd som ikkje vert omfatta av forbodet lista opp i føresegna. Dette gjeld handelsverksemd der den dominerande delen av vareutvalet er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggevarar, samt utsal frå hagesentre og planteskular. Dei utfyllande kommentarane til paragraf 3 har vorte meir spesifisert og her inngår følgjande: - Berekning av bruksareal - Kva forbodet ikkje omfattar - Utfyllande om sentrumsavgrensing - Konkretisering av handelsomland, -omfang og -utforming 4. Behandling av søknad om samtykke Her vert det spesifisert at Fylkesmannen kan gi samtykke til å vike frå 3 i føresegna dersom dette ver vurdert til å samsvare med føremålet i 1. Fylkeskommunen skal høyrast. 5. Behandling av nye planer Mens det i gjeldande statlege planføresegn er fastsett at gjeldande fylkes(del)planar skal leggast til grunn for kjøpesenterplanlegging, vert det i høyringsutkastet lagt opp til at det er den nye statlege planføresegna som skal leggast til grunn for både nye regionale og kommunale planar, samt reguleringsplanar. 6. Ikrafttredelse, varighet, virkning Her vert det slått fast at den nye statlege planføresegna vert gjeldande i intill 10 år eller intill den vert avløyst av ei regional planføresegn som er i tråd med 3, eller som oppfyller føremålet i 1 utan vesentlege avvik frå 3. Den nye statlege planføresegna vil gjelde føre alle regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar vedteken før 01.07.2008. 2.2 Inndeling av ulike soner i forhold til sentrum I utkast til ny statleg planføresegn vert etableringsmoglegheit og forbod knytt til ulike soner. Her følgjer ei oversikt over soneinndelinga: - Innafor sentrumsavgrensinga: Avgrensinga av by- og tettstadssentrum er det som avgjer kor ny handelsverksemd over 3000 m 2 kan etablerast. Innafor sentrumsavgrensinga kan slik handel etablerast. Regionale planar kan fastsette retningsliner for avgrensinga, den eksakte avgrensinga vert fastsett i kommuneplanens arealdel. - Utanfor sentrumsavgrensinga: Utanfor sentrumsavgrensinga kan handel opptil 3000 m 2 etablerast, dette vert grunna med at daglegvarebutikkar og liknande skal kunne etablerast her for å dekke lokale behov. Slik handel kan likevel ikkje etablerst kor som helst, lokaliseringa skal vurderast utifrå formålsparagrafen ( 1) og prinsipp om samordna areal- og transportplanlegging. - I tilknyting til sentrum: Handelsverksemder der ein dominerande del av vareutvalet er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggevarar, samt utsal frå hagesentre og 4
planteskular kan lokaliserast i tilknyting til sentrum. Områder som ligg inntil det definerte sentrum vert rekna som i tilknyting til sentrum. - Etablerte områdar for handel som ikkje ligg i tilknyting til sentrum: Handelsverksemder der ein dominerande del av vareutvalet er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggevarar, samt utsal frå hagesentre og planteskular kan lokaliserast i slike områder. Det vert spesifisert at denne type handel skal etablerast innafor føremålsavgrensingar gitt i gjeldande kommuneplanar. Det kan altså ikkje etablerast nye områder for handel som ikkje ligg i tilknyting til sentrum. 3. Vurdering av regionale interesser I dette avsnittet vurderer vi i kva grad regionale interesser er ivaretatt i utkast til ny statleg planføresegn. 3.1 Generell vurdering Klare og føreseielege regler Regional plan for senterstruktur og handel i Hordaland (Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel) er under arbeid. Føremålet med planarbeidet er å utvikle ein robust og føreseieleg senterstruktur for å sikre attraktive senter og ein balansert utvikling i Hordaland. Planprogrammet slår fast at senterstrukturen skal leggje til rette for lokal handel, tilgjengelege private og offentlege tenester, miljøvennleg transport og attraktive lokalsamfunn. Målsettingar i vårt planprogram er i samsvar med føremålet i utkast til ny statleg planføresegn. Handelsnæringa vektlegger føreseie og like køyrereglar. På eit nyleg avhalden temamøte om kjøpesenter- og handelsproblematikk i samband med vårt planarbeid fekk vi bekrefta at klare og føreseielege reglar tener næringa. Vår eigen gjeldande plan Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel frå 2002 er vanskeleg å praktisere. Ei spørjeundersøking om fylkesdelplanen blant kommunane og regionale statsetatar hausten 2011 tyda på at planen var lite kjent, at dei ikkje visst om at retningslinene er juridisk bindande, og at fylkesdelplanen er vanskeleg å omsetje til praktisk planlegging. Inntil ny regional plan er vedteken kan det vere tenleg med eit klårare regelverk som kan skape føreseielege rammer for private og offentlege aktørar. Det er positivt at føresegna tek opp i seg at problemstillinga om nedbygging av dyrka mark. Vi stiller likevel spørjeteikn til at det berre er eitt omsyn som vert trekt frem spesielt. Medan strandsone og kulturminne har eigne føresegn, vert omsyn til andre viktige tema som friluftsliv, biologisk mangfald, og grønstruktur slik utelat. Statleg føresegn og regional plan Den statlege føresegna kan avløysast av regionale planføresegner. Planprogrammet til ny regional plan for senterstruktur og handel i Hordaland opnar for at det vert laga regionale føresegner, vi har altså intensjon om at den statlege planføresegna skal avløysast relativt raskt. Plan- og bygningsloven gir regional planmynde moglegheit til å gi samtykke til å setje i verk tiltak som vert omfatta av regional føresegn (PBL 8-5). Kommunar og Fylkesmannen skal høyrast. Samtykke til å fråvike den nye statlege planføresegna vert lagt til Fylkesmannen ( 4) og Fylkeskommunen skal høyrast. I ein overgangsfase med statlege føresegner som styringsverktøy kan denne arbeidsdeling vere relevant. 3.2 Vurdering av regler for lokalisering av kjøpesentre og handel ( 3) Forbod mot kjøpesentre utanfor by- og tettstadssentrum 5
Forbodet mot å etablere kjøpesenter utanfor by- og tettstadssentrum samsvarar med gjeldande fylkesdelplan og føremålet i planprogrammet til ny regional plan for senterstruktur og handel. Plasskrevjande varer Det er positivt at omgrepet «plasskrevjande varar» vert klargjort og spesifisert. Dette har vore utydeleg og gjort planlegginga lite føreseieleg. Sentrumsavgrensing I høyringsutkastet vert det lagt til grunn at regionale planar kan fastsette retningsliner for avgrensing av sentrum, mens den eksakte avgrensinga skal fastsetjast i kommuneplanens arealdel. Vi er einig i dette og ser det som ein fordel med både regionale retningsliner for sentrumsavgrensing og ein eksakt fastsetting av grensar i kommuneplanar. Dersom det ikkje er fastsett ei grense i kommuneplanen og ikkje eksisterer regionale føringar skal areal sett av til sentrumsføremål, kjøpesenter og forretning knytt til det tradisjonelle sentrum leggast til grunn. Bruk at omgrepet tradisjonelt sentrum inneber stor tolkingsmoglegheit. Det er spesifisert at føresegna skal gjelde tilsvarande for bydelssentre og lokalsentre, som for by- og tettstadssentra. Her kan det spesielt verte vanskeleg å praktisere planlegginga basert på eit slikt omgrep då desse ofte er nyare senter. Det finns ingen offisielle definisjonar eller kriterier for avgrensing av sentrum i tettstader. Avgrensinga av ulike sentra, både by/tettstadssentrum og bydels- og lokalsentre, kan av ulike årsaker vere krevjande. Sentrumsavgrensing vil vere eit sentralt punkt i det vidare planarbeidet regionalt og i kommunane. Sentrumsavgrensinga og handel innafor sentrum må vurderast utifrå føresegnas føremål og generelle prinsipp om samordna areal- og transportplanlegging. Handelsomfang For å styrke by- og tettstadssentra er det avgjerande at handelens omfang vert tilpassa staden og det omland som skal betenast. Dette vert omtala i dei utfyllande kommentarane, men vi etterlys at dette kjem tydelegare fram i føresegna. Det kan vere ei utfordring å skape ein god balanse mellom ulike sentra i senterstrukturhierarkiet, det er difor viktig at føresegna og legg føre at ny handelsverksemd må lokaliserast i forhold til regional/kommunal senterstruktur. Det er ønskjeleg å stimulere til kvalitet ved planlegging av ny handel. At det i utfyllande kommentarar vert slått fast at bygningsmassens utforming skal verte tilpassa stadens bygnadsstruktur er viktig. Vi etterlys at dette og kjem tydelegare fram i føresegna. Ny handel må tilpassast omgjevnadene både når det gjeld arkitektonisk utforming, skala og struktur. Slik kan vi unngå å få handelsverksemder i sentrumsområda med utforming som dei store kjøpesentra bygd utanfor. Det er ønskjeleg med ein byggjestruktur med eit bymessig preg som balanserer bygnader og dei offentlege romma mellom bygningane. Føresegna vil ikkje leggje restriksjonar på daglegvarehandel nærast mogleg forbrukarane. Dette er i samsvar med føremålet i gjeldande regional plan om at det bør leggjast til rette for at alle større bustadområde har eit senter med daglegvarehandel innafor rimeleg gang- og sykkelavstand. Føresegna opnar for etablering av handelsverksemder på opp til 3000 m 2 utanfor by- og tettstadssentre, bydelssentre og lokalsentre. I Hordalandssamanheng er dette eit høgt tal. I gjeldande regional plan vert det kravd uttale ved handelsetableringar på over 1500 m 2. 4. Oppsummering Føremålet til ny statleg planføresegn på høyring samsvarer med gjeldande Fylkesdelplan for senterstruktur og handel og vedtatt planprogram til Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel. Føresegnas forbod mot å etablere kjøpesenter utanfor tettstadssentrum er i tråd med både gjeldande regional plan. 6
Det er ønskjeleg med klåre og føreseielege reglar for handelsetablering. Dette er positivt for både private og offentlege aktørar, ikkje minst for handelsnæringa. Regionalt handlingsrom er sikra ved at den statlege planføresegna kan avløysast av regionale planføresegner. Det er positivt at både regionale retningsliner for sentrumsavgrensing og fastsetting av sentrumsgrensar i kommuneplanar vert lagt til grunn for føresegna. Ved praktisering av føresegna kan derimot ulike sentrumsavgrensingar, samt omgrepet tradisjonelt sentrum vere uklårt. Dette bør klårgjerast. At handelens omfang skal verte tilpassa størrelse på staden og omlandet som skal betenast, samt at nye handelsbygg må verte tilpassa omgjevnadene både når det det gjeld arkitektonisk utforming, skala og struktur, er omtala i dei utfyllande kommentarane til paragraf tre. Dette er ikkje med i sjølve paragrafen, paragraf tre bør difor utvidast til å inkludere dette. 7