PASIENTINFORMASJON VED grep REKONSTRUKSJON
MÅL MED OPERASJON Mål med operasjonen er å oppnå eit funksjonelt grep i handa. OM OPERASJONEN Sener blir «omkopla» frå ein muskel med funksjon til ei sene/muskel med tapt funksjon. Dette kallast senetransposisjon. Nokre gonger kan stabilisering av ledd ved hjelp av tenodeser (forkorting av sener) eller full avstiving av ledd (artrodeser) vere aktuelt for å oppnå ynskja funksjon. Evna til å strekke handleddet er viktig for ein god gripefunksjon. Den mest hensiktsmessige donormuskelen i underarmen er brachioradialis som er ein albogebøyar. Denne kan koplast til ein håndleddsstrekkar og gi aktiv strekkevne i handleddet. Ved samtidig å lage tenodese av tommelfingerens bøyesene, og i forskjellig grad tenodeser av andre sener i fingrane, kan ein oppnå eit passivt nøkkelgrep, dvs eit grep der tommel møter yttersida av peikefinger som når ein held ein nøkkel. Passivt nøkkelgrep er det grepet som kan lagast når det berre er ein fungerande muskel i underarmen. Kva grep som kan lagast er avhengig av kor mange tilgjengelege fungerande musklar ein har i underarmen. FØR OPERASJONEN Før innlegging blir du kontakta av sjukepleiar ved Ortopedisk avdeling for informasjon vedrørande rutiner for blære- og tarmfunksjon, generelt hjelpebehov samt behov for spesialmadrass. Hugs å informere sjukepleiar om behov for følgje/personleg assistent. ENDRA HJELPEBEHOV Grunna restriksjonane er det delar av det personlege stellet du ikkje kan utføre. Dette kan føre til eit auka hjelpebehov dei første vekene etter operasjonen. Difor er det viktig å tenke gjennom om det kan vere aktuelt å auke assistentbehovet. 2
Når du er operert kan det vere nyttig med nokre hjelpemiddel for å overhalde gjeldande restriksjonar. For eksempel forflyttingsbrett, personløftar, mobil dusjstol eller elektrisk rullestol. Du får køyre manuell rullestol etter operasjonen, men ei handskinne du skal bruke kan gjere dette noko vanskeleg. Du må på førehand planlegge om det er behov for elektrisk rullestol i denne perioden. Dersom du har elektrisk rullestol og køyrekonsollen er på den opererte sida, bør denne flyttast over til motsett side. DAGEN FØR OPERASJONEN Du blir innlagt på Ortopedisk avdeling dagen før operasjonen. Du må vere i avdelinga før kl 12. Lege og sjukepleiar tar i mot deg, og du vil få snakke med ansetesilege, kirurgar, ergoterapeut og fysioterapeut. ETTER OPERASJONEN Etter operasjonen blir arm og hand gipsa. Dagen etter operasjonen blir gipsen erstatta av ei handskinne. SKINNE Handskinna skal stabilisere og halde handa i ei bestemt stilling. Denne skal brukast heile døgnet med unntak av trening og stell i 4 veker etter operasjonen. Deretter kun som nattskinne i ytterlegare 6 veker. Ved avstiving av tommel blir det tilpassa ei tommelskinne som skal brukast på dagtid frå veke 4 t.o.m veke 6 etter operasjonen. 3
RESTRIKSJONAR Restriksjonane avheng av type operasjon og vurderast alltid individuelt. Følgande restriksjonar er vanlege og kan vere aktuelle for deg: - Bruke skinne i 10 veker etter operasjonen - Ikkje strekke eller bøye fullt i handledd eller fingrar dei 4 første vekene etter operasjonen - Ikkje belaste handa ved forflytting dei 10 fyrste vekene etter operasjonen - Inga styrketrening av operert muskel dei 10 fyrste vekene etter operasjonen ADL- PERSONLEG STELL Det er viktig å vere så aktiv som mogleg ved personleg stell utan å bryte restriksjonane. I løpet av innlegginga informerer vi om kva restriksjonane inneber for deg, og korleis du kan leve så sjølvstendig som mogleg i desse vekene. Ein mobil dusjstol kan forenkle dusj- og toalettsituasjonar då ein ikkje kan belaste den opererte handa i forflyttingar. Bruk ein plastpose eller liknande over armen ved dusjing. Etter 4 veker kan du byrje å bruke den opererte handa i lettare daglege aktivitetar som å ete, pusse tennene etc. Oppstart av dette skjer ved 2. innlegging ved di regionale spinaleining ca. 4 veker etter operasjonen. FORFLYTNING Du skal ikkje belaste handa ved forflytting dei 10 første vekene etter operasjonen. Du vil få rettleiing i forflyttingsteknikk og manøvrering av manuell rullestol i løpet av innlegginga. TRENING Trening startar dagen etter operasjonen. Treninga består av bevegelsestrening 4 gonger dagleg dei 4 første vekene. 4
Du får opplæring på sjukehuset, og er sjølv ansvarleg for å gjennomføre treninga når du er heime. Ved utskriving får du med deg informasjon om restriksjonar, trening og vidare oppfølging. Heimetenesta i kommunen, fysioterapeut og/eller ergoterapeut på di regionale spinaleining blir også kontakta for denne informasjonen. Veka etter operasjonen får du eit opphald på di regionale spinaleining for å kome godt i gang med treninga du starta med på sjukehuset. Fire veker etter operasjonen blir du innlagt igjen på spinaleininga, der du startar med trening i daglege aktivitetar. Vidare oppfølging på regional spinaleining Du blir innlagt for trening veka etter operasjonen, og ca. fire veker etter operasjonen. Etter seks og tolv månader kjem du til poliklinisk kontroll. OPERASJONSVEKA Mandag Innleggelse før kl 12 Innskriving Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Operasjon Gipsfjerning Hevelsesbehandling Tilpassing av skinne Informasjon Trening Sjekk av skinne, eventuelt etterjustering Forflytning og rullestolteknikk Informasjon Trening Informasjon Trening Heimreise 5
KONTAKTINFORMASJON Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga, tlf 55 97 29 09 Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga, tlf 55 97 60 52 Spesialergoterapeut Bodil Stokke, Ergoterapiavdelinga, tlf 55 97 50 08 tetrateamet Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga Spesialergoterapeut Bodil Stokke, Ergoterapiavdelinga 6
Notater 7
www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus Telefon: 05300 2023430 - Bergen Grafisk as