Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Informasjon om Post 3 Barneposten

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Informasjon om Post 3 Barneposten"

Transkript

1 Klinikk psykisk helsevern for barn og unge Informasjon om Post 3 Barneposten 1

2 Innhald Informasjon om post Kva er post 3 Barneposten?...2 Kven får plass hos oss og korleis?...2 Kor mange barn er det plass til?...2 Kor lenge er barna her?...2 Kor lenge går barnet på skulen / i barnehagen under opphaldet?...2 Kontakten med post 3 Barneposten..3 Forvern 3 Utgreiing / behandling.3 Generelt om utgreiing / behandling 4 Praktisk informasjon:.5 Kva skal barnet ha med seg?...5 Om posten 5 Rom..5 Aktivitetar.5 Bruk av mobil og pc...5 Måltider.6 Permisjon / besøk 6 Private medisinar.6 Å hente og bringe barna i samband med helg, høgtidsdagar og ferier.6 Rømming, ulukke eller andre alvorlege hendingar.6 Utagering og bruk av fysisk makt. 6 Video...7 Forsikring..7 Parkering..7 Dekking av reiseutgifter. 7 Dagleg plan for barna 7 Foreldre med barn på post 3 - Barneposten...8 2

3 Informasjon om post 3 Barneposten Kva er post 3 - Barneposten? Barneposten er ein fem-døgns sengepost for utgreiing, behandling og strakshjelp for barn med psykiske vanskar (måndag morgon fredag ettermiddag). Barna er her saman med ein av foreldra på vekedagar, og reiser heim i helger og feriar. Barneposten er organisert under Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) ved Haukeland Sjukehus (Helse Bergen HF). Posten har 26 tilsette med tverrfaglig bakgrunn: lege, psykolog, vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, førskulelærar, sosialkonsulent, musikkterapeut og fysioterapeut. Vi jobbar i team. Kven får plass hos oss og korleis? Det er dei lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) som søker om plass. Post 3 Barneposten gir tilbod til barn frå 0 13 år. Innlegging krev ingen bestemte diagnosar. Det å verte innlagt på sjukehus kan vere krevjande. Både barn og foreldre kan oppleve dette som eit stort inngrep i kvardagen. Difor er det som regel barn, kor BUP og foreldra har samarbeidt om forskjellige tiltak, utan å lukkast, som vert innlagt hos oss. Kor mange barn er det plass til? Vi kan gi tilbod til åtte barn om gangen: seks heildøgnplassar. Ein heildøgnplass betyr at barnet bur og søv her frå måndag til fredag, samen med forelderen. Kor lenge er barna her? Behandlingstida varierer, basert på problemstillinga. Nokre barn er her i ei veke, men seks veker er vanleg. Opphaldet kan også verte forlenga eller korta av om vi ser behov for dette. Kvar går barnet på skulen / i barnehagen under opphaldet? Det er ein skule knytt til Barneposten. Den er lokalisert i etasjen over. Denne skulen er spesialisert i å gi tilpassa undervising. Skulen samarbeider med heimeskulen om undervisinga. Dersom det er særleg grunnlag for det, og det let seg gjennomføre praktisk, kan heile eller delar av undervisinga skje på heimeskulen under opphaldet. Vi har ikkje eigen barnehage. Barn i førskulealder er difor ofte i barnehagen sin på dagtid, dersom det let seg praktisk gjennomføre. 3

4 Kontakten med post 3 Barneposten Når barnet har fått plass ved Barneposten, startar forvernsfasen. Dette er ein fase for å verte kjend med kvarandre, og for gjensidig utveksling av informasjon. Forvern Forvernsmøte med foreldre / føresette og BUP-poliklinikk. Vi går gjennom tilvisinga, dykk fortel om barnet og om kva dykk treng hjelp til. Miljøpersonale frå Barneposten dreg på heimebesøk og presenterer posten for barnet. Foreldra får informasjon. Vi avtalar korleis vi skal samarbeide og korleis vi skal innhente informasjon frå relevante hjelpeinstansar og skulen. Dagbehandling eller døgnbehandling vert avklart. Barnet og foreldra / føresette besøker Barneposten og skulen. Utgreiing og behandling Utgreiing og behandling tek utgangspunkt i det foreldra og BUP ønskjer hjelp med, og kva informasjon dykk ønskjer frå oss. Som regel ligg det føre omfattande informasjon frå utgreiing i poliklinikken eller av andre instansar. Barneposten planlegg vidare utgreiing og behandling, basert på funn frå utgreiinga i poliklinikk og ønskjer frå foreldra og BUP om vidare utgreiing. Samtalar og observasjon er dei viktigaste metodane våre. Vi har kontinuerlig samtalar med foreldra om korleis vi legg opp observasjonar, kva det er vi skal sjå etter, og i etterkant, kva vi har sett. I tillegg vert alle barn undersøkt av lege. Den medisinske og barnepsykiatriske utgreiinga dekker eit breidt spekter. Funn frå utgreiinga og behandlingsresultat som har overføringsverdi til dei andre instansar som jobbar med barnet, vert diskutert med foreldra. Vi gir råd om tiltak som har effekt og som kan verte vidareført i regi av skulen og / eller andre instansar. Det vert laga rapportar som samanfattar funn frå utgreiing og behandling, og som inneheld råd. Etter utskriving tek BUP-poliklinikken over ansvaret igjen for vidare oppfølging. 4

5 Generelt om utgreiing og behandling Utgreiinga ved Post 3 Barneposten skjer i hovudsak gjennom miljøterapeutiske metodar. Det betyr at utgreiing og behandling mellom anna skjer i den daglege samhandlinga mellom barnet, foreldra, dei andre barna på posten og miljøpersonalet. Utgreiinga er delt i to: den eine delen er tilrettelagt det einskilde barnet i posten, den andre delen er forankra i dei daglege rutinar og aktivitetane i posten, og dermed i stor grad felles for alle barna. Den tilrettelagte delen kan bestå av følgjande element: Observasjon og kartlegging Individuelle samtalar med psykolog eller miljøterapeut kvar veke Bruk av psykologisk førstehjelp ( eit verktøy som kan hjelpe barn å takle vanskelege tankar, kjensler eller situasjonar) Reflekterande samtalar (ein metode for å lytte til samtalar mellom andre, og reflektere i etterkant for lettare å finne løysingar på utfordringar) Medikamentutprøving kan vere aktuelt Tiltak anbefalt av klinikken sine spesialteam (Autismeteam og Nevroteam) Tilpassa skuletilbod Felles element kan vere: Tydeleg struktur; dette skapar tryggleik og gjør kvardagen føreseieleg Emosjonell trening; oppgåver og samtalar som skal fremme meistring av eigne kjensler og kommunikative ferdigheiter Meistringsoppleving gjennom tilpassa og positive aktivitetar, som kan gi betre sjølvkjensle og tillit Sosial trening gjennom strukturerte og frie aktivitetar, saman med andre barn og vaksne Trening i daglegdagse ferdigheiter 5

6 Praktisk informasjon Kva skal barnet ha med seg? Tek med dykk tøy for ei veke. Husk regntøy, støvlar, badetøy, gymtøy og innesko. Leker og digitalt leketøy er tillate, det same gjeld plakatar, men alt dette takast med på eige ansvar. Miljøterapeutane skriv avtale med foreldra om spilletid. Vi er fleksible, og barnet må verte informert grundig om kvifor reglane gjeld. Om Post 3 Barneposten Posten har to felles stover med fjernsyn, dvd, spill, bøker og leiker. Det er eit felles toalett og dusj / bad. Posten har eigen kjøkkenkrok, der vi samlast til fellesmåltider. Det er også vaskerom. Med mindre anna er avtalt, vaskar vi tøyet til barna på posten. Det er tilgang til stort uteareal i same etasje, som er eigna til ballspill, sykling og andre uteaktivitetar. I underetasjen er det aktivitetsrom, med biljardbord, bordtennis og Playstation). For dei som trivst med kreative aktivitetar har vi eit hobbyrom til teikning og maling. Barn og vaksne går saman om å halde posten ryddig og triveleg. Rom Alle barn får eige rom. Ofte bur foreldra saman med barnet i same rom. Dersom det er rom ledig kan foreldre som ønskjer dette bo på eige rom. Det hender at barn og foreldre må bytte rom under opphaldet. Aktivitetar Etter skuletid deltek barna på forskjellige aktivitetar, både på og utanfor posten. Alt skjer etter avtale mellom dykk og miljøterapeutane. Behovet for observasjon kan ligge til grunn for ein aktivitet som vert vald. Vi kan nemne leikeplassar, fotball, sykling, kino, bowling, Fysak (aktivitetshall), tur til Akvariet, m.m. Mobiltelefon og bruk av PC Både barn og foreldre har anledning til å bruke mobiltelefon og pc på rommet, men ikkje i fellesareal. Mobiltelefon og anna digital underhaldningsutstyr er ikkje tillate på skulen eller på tur. Teamet kring barnet kan inngå individuelle avtalar. Vi har disse reglane av omsyn til tryggleik og for å sikre at private samtalar ikkje vert overhøyrd av andre. 6

7 Måltider Personalet dekker på og av i samband med måltider. Barn og foreldre kan ta kontakt med personalet ved spørsmål om matvarar som manglar på bordet. Alle vaskar hendene sine før måltidet, og set fat, kopp, glas og bestikk på kjøkenbenken etter måltida. Foreldra set grenser for eigne barn under måltida. Ulike grenser kan verte opplevd som urettferdig av nokre barn, men dette er naturleg. Permisjon og besøk Permisjonar og besøk vert avtalt med anten psykolog eller miljøterapeut på førehand. Dette for å ha best mogleg oversikt når vi planlegg ettermiddagar og veker. Nokre barn får tilbod om å gå ein dag i veka på heimeskulen under innleggingsperioden. Praktisk gjennomføring av dette vert avtalt med barnet, foreldra og skulen. Private medisinar Medisinbruk vert registrert på eit skjema som dykk for utdelt under heimebesøket (forvernssamtalen). Medisinar til både barn og foreldre må fyllast ut på dette skjemaet. Når dykk er innlagt på Barneposten vert alle medisinar oppbevart i medisinskapet på kontoret. Henting og levering ved helg, høgtidsdagar og feriar Med mindre noko anna er avtalt har foreldra ansvar for levering måndag morgon og henting fredag ettermiddag. Dette gjeld også feriar og høgtidsdagar. Rømming, ulukke og andre alvorlege hendingar Dersom eit barn rømmer frå post 3 Barneposten, vert foreldra varsla når barnet ikkje er koma att eller har vorte funne innan ein time. Leiinga ved Klinikk PBU og politiet vert også varsla. Leiting held fram til barnet har kome til rette. Ved ulukker eller andre dramatiske hendingar ved Barneposten, vil foreldra verte varsla så raskt som mogleg. Naudsynte tryggleiks- og hjelpetiltak vert sett i verk. Utagering og bruk av tvangstiltak Det hender at eit barn bruker vald eller er på ei anna måte til fare for seg sjølv eller andre. I ein slik situasjon kan miljøterapeutane halde barnet som eit tvangstiltak. Ein prøver å unngå dette og halding av eit barn vert berre brukt dersom andre forsøk på å løyse situasjonen ikkje har lukkast. Halding er ein metode som er underlagt eigne retningsliner og vert berre utført av personell som er lærd opp i denne teknikken. Kvar gang eit barn har vorte halde skal personalet ha ein gjennomarbeidande samtale med barnet om det som hende. 7

8 Videoopptak Videoopptak kan vere nyttig i behandling og rettleiing. For å kunne gjere opptak vil vi alltid be foreldra om samtykke, ved at dykk signerer ei samtykkeerklæring. Oppbevaring og sletting av opptak skjer i samhøve med lovverk og forskrift. Det er ikkje tillate for barn og foreldre å ta bilete eller gjere lyd- / billeteopptak av andre barn og vaksne utan at dette er avtalt og samtykke innhenta. Forsikring Barna er forsikra under opphaldet på post 3 Barneposten. Forsikringa dekker all aktivitet på posten, og aktivitetar utanfor posten, så lenge barnet er saman med personalet. Dette inkluderer transport i Barneposten sin bil. Parkering Når barnet er under 10 år: Parkering i Sentralblokka. Før utkjøring leverer foreldra billetten saman med eit eige skjema (fylt ut av personell ved post 3 Barneposten) til informasjonsdesken i Sentralblokka. Dykk vil da få utlevert ny billett som dykk bruker ved utkjøring. Når barnet er eldre enn 10 år: Parkering i Sentralblokka. Personalet på post 3 Barneposten fyller ut eit skjema. Det gjev mogelegheit for å kjøpe eit ei-vekes eller to-vekers parkeringskort til kr 350,- per veke. Det vert gitt opp til tre kort samstundes per pasient per opphald. Korta vert fornya etter behov. Foreldre har rett til å få dekka naudsynte utgifter knytt til reise til og frå behandling (som regel vert billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå næraste behandlingsstad lagt til grunn). Avstanden til behandlingsstad må vere minst tre kilometer og koste meir enn lokal minstetakst. Reiser knytt til permisjon vert ikkje dekka, det same gjeld stenging av posten i samband med helg eller høgtid. Dykk kan setje fram krav om å få dekka utgifta i etterkant. Meir informasjon på nettsida nav.no, pasientreiser.no eller hos vår sosialkonsulent. Pasientreiser har telefonnummer Dagsplan for barna Tidspunkt Aktivitet Vekking og morgonstell Frukost Skulestart (du får timeplanen på skulen) Lunsjpause på posten Undervisninga held fram - Lekselesing - Planlegge ettermiddagsaktivitet saman med foreldra Middag Aktivitetar etter individuelt behandlingsopplegg Kveldsmat og leggetid 8

9 Foreldre med barn pa post 3 Barneposten Det er ein føresetnad for eit opphald på Post 3 Barneposten at foreldra deltek aktivt i utgreiings- / behandlingsopplegget. Dette gjeld også foreldre som ikkje har den daglege omsorga for barnet, men som likevel er ein ressursperson i barnets liv. Deltaking frå foreldre kan omfatte: Vere til stades og delta i dei daglege rutinar og aktivitetar saman med barnet. Individuelle eller familiesamtalar med koordinator (pasientansvarlig behandlar) / miljøterapeut på Barneposten, eller i heimen, etter avtale. Deltaking på forverns-, innskrivings- og utskrivingsmøte (møte med andre involverte instansar til stades, til dømes skule, PPT, m.m.) Tett samarbeid med BUP-poliklinikken og med Barneposten, for å avklare kva det er dykk kan jobbe vidare med etter opphaldet. Samarbeid med andre hjelpeinstansar etter behov og avtale. 9

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 1 Innhold 1. Forord..3 2. Plan for overgang mellom barnehage og skule årshjul....4

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM VEGEN TIL EIT BETRE LIV For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE 1 EIGAR Sør-Fron kommune eig dei kommunale barnehagane. 2 FORMÅL Dei kommunale barnehagane i Sør-Fron skal drivast i samsvar med lov om barnehagar

Detaljer

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss): Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) Eidsvn. 7 4230 Sand Tilvising til PPT Unnateke offentleggjering (Off.lova 13/Forv.lova 13.1) Fyllast ut av PPT: Mottatt dato: Sign: Saksnummer PPI: Etternamn Fornamn

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR Omsorg TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar,

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune. BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006. 1 Innhald: 1.0 Generelt om støttegruppa:... 3 1.1 Innkalling

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle? Barn som pårørande i Helse Fonna Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle? Ved barneansvarleg Vigdis Espenes, koordinatorar Christense Eileraas Ek og Kari Vik Stuhaug Barne- og familieprogrammet

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar» Hå kommune Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar» Hå kommune (Mars 2014) 1. Bakgrunn og formål med planen. Vald i nære relasjonar har mange uttrykk og omfattar fysiske, psykiske, seksuelle og materielle

Detaljer

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule Rutinar for overgangen frå barnehage til skule FORORD Hausten 2008 oppretta Lindås kommune ei gruppe Tidleg innsats, som mellom anna skulle utarbeida rutinar for overgangen frå barnehage til skule. Gruppa

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak

Detaljer

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Visjon: Målsetting frå bygging av ny sjukeheim (Backertunet) 2005-2006:

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2014 2015 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Fagleg utviklar 30%: Solveig

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.

Detaljer

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune, Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune, ein samarbeidsmodell for å hindra brot i oppfølginga av barn, unge og familiar i risiko Styrarnettverk 04.11.2015 Aktuelt: 1. Bakgrunn

Detaljer

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei

Detaljer

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel

Detaljer

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2 KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør

Detaljer

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller

Detaljer

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage VENNEBUSSEN Vennebussen Mob. 951 92 616 (mellom 08.00 15.30) Skavøypoll barnehage V/styrar Janne Halsør tlf. 57 84 53 61 / 990 28 763 Skavøypoll barnehage V/sjåfør Magnar Bakke tlf. 944 87 404 (berre viss

Detaljer

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv Trudvang skule og aktiv læring Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1 Fakta om skulen Bjarte Ramstad, rektor 1-5 skule,

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN 2008/09 FORORD Kvalitetsutviklingsplanen for Blindheim barneskole

Detaljer

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN HELSE 1 BERGEN Haukeland universitessjukehus KJÆRE PASIENT OG PÅRØRANDE I dette heftet finn du informasjon som er aktuell for deg som er pasient på ein av våre sengepostar. Vi

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBAR OKSYGENBEHANDLING (HBO) Ved Seksjon for hyperbarmedisin behandlar vi pasientar med ulike sjukdomstilstander med 100 % oksygen under auka omgjevnadstrykk

Detaljer

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 VÅR VISJON: VI BRYR OSS OM, TEK VARE PÅ OG ER UNDERVEGS. 1 KVA ER EIN ÅRSPLAN? Ein årsplan er eit oversyn over den pedagogiske verksemda i barnehagen gjennom eitt

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF Tenesteavtale 3 Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF Samarbeid om ansvar og oppgåvefordeling i tilknyting til innlegging av pasientar som treng tilbod om behandling og/eller vurdering i spesialisthelsetenesta

Detaljer

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBAR OKSYGENBEHANDLING (HBO) Ved Seksjon for hyperbarmedisin behandlar vi pasientar med ulike sjukdomstilstander med 100 % oksygen under auka omgjevnadstrykk

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune For pedagog/assistent/vikar som jobbar i skule og barnehage i Naustdal kommune Krav til aktivitet 1.) Du skal ha regelmessing gjennomgang av og opplæring i prosedyrer for rutiner ved brann, brannøvingar,bruk

Detaljer

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman. Administrativt vedtatt 5.5.2013. 1 Formålet til barnehagen er mellom anna å ta vare

Detaljer

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

DEL I: REGLAR OVERORDNA: DEL I: REGLAR OVERORDNA: ALLE ELEVAR I GRUNNSKULEN OG VIDAREGÅANDE SKULE HAR RETT TIL EIT GODT FYSISK OG PSYKOSOSIALT MILJØ SOM FREMJAR HELSE,TRIVSEL OG LÆRING. 9a-3.ledd i Opplæringslova. 1.ÅTFERD: På

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer