Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

Like dokumenter
Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Prosjektnavn Barnas Matfestival 2016

Prosjektplan for DRAUMEPLASSEN

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Visuell Marknadsføring - Gloppen

Velkomen til Superhelg inspirasjonssamling! Klårt hovud Varmt hjarte Flinke hender God helse

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Kunstnerisk utforma og solide skilt som presenterer lokale attraksjonar

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

SØKNAD OM TILSKOT, «REGIONALT LEIARSTØTTEPROGRAM FOR SKULELEIARAR»

Skule i samarbeid med private gjev leksehjelp slik at leksene delvis vert gjort på skulen

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Skape stedstilhørighet for innvandrere for å sikre varig bosetting i kommunen

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 KVAMMALOKK REVISITED - LAKMUSTESTEN

SØKNAD OM TILSKOT, «FÅRESTILLING» - NASJONALT SENTER FOR ULL OG FÅR.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Søknad på «Støtteordning»

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Ny giv i den Samiske kommunen Karasjok

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Prosjektplan

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak 16/1508

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Mitt SULA. Rune Liavåg Molde Multietnisk turmiljø i Sula

Søknad Byregion Fase 2

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Søknad Byregion Fase 2

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

Søknad på «Støtteordning»

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Det gode liv i Steinkjer, Åpen Lys Glad - bygdebyen

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

PROSJEKTPLAN. Pendling Stressless - Bulyst. Delprosjekt Rekruttering til. v/ bygdeutviklingslaget Nye Bremanger. Visjon:

Søknadsnr Søknadsår 2012 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2012 Fjellfolk, havfolk og byfolk

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Søknadsnr Søknadsår 2014 Arkivsak Regionale utviklingsmidler i Lier, Røyken og Hurum (Region Vestviken)

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat

Frivilligpolitisk plattform

Tilskott til opplæring av barn og unge

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Sysselsetting som metode for befolkningsvekst i Andøy

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Søknadsnr Søknadsår 2014 Arkivsak 14/1968

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Søknad Byregion Fase 2

Prosjektplan. Framtidskommunen Høyanger. 06. oktober v.3

Eksempel frå Stord kommune

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Søknadsnr Søknadsår 2017 Arkivsak 17/4849

Søknadsnr Søknadsår 2014 Arkivsak Støtteordning Utviklingsprogrammet for byregioner 2014 Byregionen Harstad samspill imella bygd og by

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Søknad om tilskudd- næringsfondet

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

K2 Universell utforming mot nye høyder Fylkes- og kommunerettet arbeid med universell utforming Universell utforming Daletrekken.

Nye innbyggjarar nye utfordringar?

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Jubileumsforestilling for Danseverkstadane i fylke

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Søknad. RF

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 MELA Giske kommunestyre

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Søknad på NTFK: Regionale utviklingsmidler (RUP)

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Sarpsborg, 4. mai 2018

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Ny i Odda - inkludering i nærmiljøet

Søknad Byregion Fase 2

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

KOMMUNEREFORM- LOKAL PROSESS

Transkript:

Søknad Søknadsnr. 2016-0122 Søknadsår 2016 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn Kort b eskrivelse Europa og Norge står ovanfor ein stor flyktningsstraum. Mange har òg flytta over landegrensene for å søkje arbeid - gjerne med familie som kjem etter. Er lokalsamfunna og organisasjonane opne og klar til å inkludere minoritetane? 4H vil - saman med born, ungdom og vaksne med minoritetsbakgrunn - sette i gang eit forprosjekt i åtte månader for å kartlegge behov og utfordringar knytt til inkludering i organisasjonen. Målet er å kunne sette i gang eit treårig inkluderingsprosjekt frå 2017. Prosjektbeskrivelse 4H vil slå eit slag for togradersmålet. Parallelt med at verda ikkje skal bli for varm vil vi jobbe for eit varmare samfunn. For å kunne nå dette målet treng vi kunnskap. Kunnskap om kva som er utfordringane, kva dei med minoritetsbakgrunn vil og kva som eventuelt står i vegen for å kunne bli med. 4H Sogn og Fjordane og 4H Møre og Romsdal ønskjer derfor å sette i gang eit forprosjekt i åtte månader for å kartlegge behov og utfordringar knytt til inkludering i eigen organisasjon. Vi vil finne ut kva born, ungdom og foreldre med minoritetsbakgrunn treng og ønskjer for å kunne bli med. Målet med forprosjektet er å kunne sette i gang hovudprosjektet Togradersmålet eit varmare samfunn i 2017. Hovudmål: Gjennom kartlegging internt i 4H-klubbane og mellom minoritetsgrupper vil vi finne svar på behov og utfordringar knytt til deltaking og inkludering i 4H. Gjennom forprosjektet vil vi førebu eit treårig hovudprosjekt der vi jobbar for å nå "Togradersmålet eit varmare samfunn". Resultatmål: 1. Gjennomføre ei kvantitativ undersøking mellom 4H-medlemer om dagens situasjon og framtidige behov knytt til inkludering av minoritetsgrupper. 2. Gjennomføre kvalitative intervju om inkludering i 4H hjå utvalde medlemer og vaksne klubbrådgjevarar 3. Opprette kontakt med ulike innvandrarorganisasjonar og organisasjonar for funksjonshemma for å drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til deltaking i organisasjonslivet. 4. Gjennomføre kvalitative intervju med utvalde ungdomar og vaksne med minoritetsbakgrunn om - 1 -

deltaking i organisasjonar og fritidsaktivitetar. 5. Følgje opp ein eller to lokale 4H-klubbar som ønskjer å jobbe meir med inkludering. 6. Utvikle hovudprosjektet ved å definere mål, tiltak, organisering og samarbeidspartar. 7. Lage finansieringsplan og søkje om midlar slik at eit treårig hovudprosjekt Togradersmålet eit varmare samfunn kan setjast i gang i fleire fylke. 8. Dele erfaringane i prosjektet med andre frivillige organisasjonar. For å nå måla vil vi tilsetje ein prosjektleiar i 70% stilling i åtte månader. Regionleiar i 4H Møre og Romsdal og 4H Sogn og Fjordane vil vere prosjektleiar sin næraste overordna. Vi vil etablere ei styringsgruppe med representantar frå 4H, Funksjonshemmedes Fellesorganiasjon, innvandrarorganisasjon(ar) og eventuelt det offentlege, som skal ha det fagleg ansvaret i prosjektet. Kontaktopplysninger Funksjon Navn Adresse /poststed Søker / P rosjekteier Kontakt - person Prosjekt - leder 4H Sogn og Fjordane / 4H Møre og Romsdal Org. nr : 991796266 Åge Avedal Hanna de Groot Fjellvegen 11 6801 FØRD E Tjønneland 6811 FØRDE Sæla 6817 N AU STDAL Mobil 97072734 97072734 90287112 Mottatt offentlig støtte tidligere : Ja Kulturmidlar frå fylkeskommune, kr 310000 i 2016. Dette er ei årleg støtte til drift av og kulturarbeid for born og unge i 4H Sogn og Fjordane. Spesifikasjon Bakgrunn Vi søkjer midlar til eit forprosjekt i 2016/2017 med mål om å starte eit treårig hovudprosjekt innan inkludering frå 2017. Bakgrunnen for prosjektet er at 4H vil bli betre på inkludering av minoritetar i organisasjonen. Vi vil gjennom forprosjektet å få kunnskap som set oss i stand til å kunne jobbe målretta med tiltak lokalt for å få med fleire, spesielt born og ungdom, med minoritetsbakgrunn i det lokale organisasjonslivet. Vi ønskjer å kartlegge behov og utfordringar internt i organisasjonen og blant folk med etnisk minoritetsbakgrunn og med funksjonshemmingar. Vi trur ei brei tilnærming er nyttig i eit forprosjekt, og vil så utifrå dette avgjere kva grupper vi vil jobbe mest med i hovudprosjektet. Mange med minoritetsbakgrunn fell utanfor sosialt i samfunnet. 4H erkjenner denne problemstillinga, og ser at vi har ein jobb å gjere for å bli endå meir open og inkluderande, slik at vi kan nå Togradersmålet eit varmare samfunn. Prosjektmål Gjennom kartlegging internt i 4H-klubbane og mellom minoritetsgrupper vil vi finne svar på behov og - 2 -

utfordringar knytt til deltaking og inkludering i 4H. Gjennom forprosjektet vil vi førebu eit treårig hovudprosjekt der vi jobbar for å nå Togradersmålet eit varmare samfunn. Resultatmål 1. Gjennomføre ei kvantitativ undersøking mellom 4H-medlemer om dagens situasjon og framtidige behov knytt til inkludering av minoritetsgrupper. 2. Gjennomføre kvalitative intervju om inkludering i 4H hjå utvalde medlemer og vaksne klubbrådgjevarar 3. Opprette kontakt med ulike innvandrarorganisasjonar og organisasjonar for funksjonshemma for å drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til deltaking i organisasjonslivet. 4. Gjennomføre kvalitative intervju med utvalde ungdomar og vaksne med minoritetsbakgrunn om deltaking i organisasjonar og fritidsaktivitetar. 5. Følgje opp ein eller to lokale 4H-klubbar som ønskjer å jobbe meir med inkludering. 6. Utvikle hovudprosjektet ved å definere mål, tiltak, organisering og samarbeidspartar. 7. Lage finansieringsplan og søkje om midlar slik at eit treårig hovudprosjekt Togradersmålet eit varmare samfunn kan setjast i gang i fleire fylke. 8. Dele erfaringane i prosjektet med andre frivillige organisasjonar. Vi vil finne svar på om vi har nådd måla når vi veit om vi får realisert hovudprosjektet som er planlagt over tre år, og om vi ser at andre frivillige organisasjonar eller 4H i andre fylke brukar resultata våre til å få i gang inkluderingsprosjekt. Prosjektet svarar på fleire mål i støtteordninga. Dette er samfunnsutvikling på lokalt plan der vi bygger kunnskap og arbeider for betre folkehelse. Forankring Integrering og inkludering er viktige mål i samfunnet. I Stortingsmelding 45 (2012-2013), Frihet og likeverd Om mennesker med funksjonshemming er det sett som mål at «Personer med utviklingshemming skal ha anledning til å gå på nærskolen og delta i nærmiljøet, arbeid og fritid, og skal ikke henvises til en særlig tilværelse adskilt fra samfunnet for øvrig.» (punkt 3.2). Likeeins har Stortinget og regjeringa mål for integrering av innvandrarar. I Stortingsmelding 6 (2012-2013) En helhetlig integreringspolitikk blir det slått fast at: " Deltakelse i frivillige organisasjoner skaper muligheter for felles opplevelser, vennskap, identitet og tilhørighet. Deltakelse i frivillig arbeid bidrar til at man får kontakter og nettverk, og kan være viktig for deltakelse også på andre arenaer, som utdanning og arbeid. Gjennom deltakelse i en frivillig organisasjon kan for eksempel en nyankommet innvandrer i en kommune bli kjent med sitt nye lokalsamfunn" (punkt 11.2.1.). I Stortingsmeldinga peikar ein også på utfordringar i organisasjonslivet knytt til integrering og inkludering: " Til tross for et vitalt og mangfoldig organisasjonslandskap, faller noen grupper i samfunnet utenfor. Det er en tendens til økende sosiale forskjeller i det frivillige organisasjonssamfunnet" (punkt 11.2.2.). - 3 -

4H i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal erkjenner at vi må arbeide for å bli endå meir open og inkluderande, slik at endå fleire kan bli med i organisasjonen. 4H vil søkje samarbeid med organisasjonar for etniske minoritetar og med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon for å rekruttere til styringsgruppa og til kartleggingsarbeidet i forprosjektet. Prosjektorganisering Vi vil tilsetje ein prosjektleiar i 70% stilling i åtte månader. Prosjektleiar må ha god menneskeleg kompetanse og evner til å søke informasjon, bearbeide denne og komme med råd om korleis ein kan jobbe målretta med inkludering i organisasjonen. Regionleiar i 4H Møre og Romsdal og 4H Sogn og Fjordane vil vere prosjektleiar sin nærmaste overordna. Fylkesstyra i dei to fylka vil fastsette måla og ha økonomisk ansvar for prosjektet. Vi vil etablere ei styringsgruppe med representantar frå 4H, FFO, innvandrarorganisasjon(ar) og eventuelt det offentlege, som skal ha det fagleg ansvaret i prosjektet. Prosjektet vil bli evaluert fortløpande, og styringsgruppa og fylkesstyra bli orientert om framdrifta. Prosjektet vil bli evaluert gjennom sluttrapport våren 2017. Samarbeidspartnere I prosjektet vil vi bygge vidare på samarbeidet med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), avd. Sogn og Fjordane. I 2015 innleia 4H Sogn og Fjordane og FFO Sogn og Fjordane eit samarbeid om prosjektet "Godt tilgjengeleg", som handlar om tilrettelegging og haldningsdanning knytt til aktivitetar i naturen. Vi vil ta med oss erfaringane frå dette prosjektet inn i Togradersmålet, der vi vil ha endå breiare fokus på inkludering av menneske med funksjonshemmingar. Vi vil også søkje samarbeidspartar blant innvandrarorganisasjonar. Dette vil vere ein styrke for å komme i direkte kontakt med born, unge og vaksne som kan formidle behov og ønskjer rundt deltaking i fritidsaktivitetar og organisasjonslivet. Fylkeskommunane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil også vere samarbeidspartar gjennom rådgjeving og fagleg ekspertise. Aktiviteter Framdriftsplan 2. kvartal 2016 Prosjektplan klar. Søkje midlar og samarbeidpartar. 3. kvartal 2016 Etablere styringsgruppe og tilsette prosjektleiar 4. kvartal 2016 Setje i gang inkluderingsaktivitet i to 4H-klubbar 4. kvartal 2016 Kvantitative og kvalitative undersøkingar 1. kvartal 2017 Prosjektplan og finansieringsplan klar 2. kvartal 2017 Søkje om midlar til hovudprosjektet 2. kvartal 2017 Spreie erfaringane i andre fylke / organisasjonar 2. kvartal 2017 Sluttrapport, forprosjekt 3. kvartal 2017 Oppstart av hovudprosjektet Målgrupper - 4 -

Målgruppene er born, ungdom og vaksne med minoritetsbakgrunn som kan gje kunnskap om kva som er behova og utfordringane knytt til inkludering i organisasjonar. Målgruppa er også tillitsvalde og medlemer på lokalt plan i 4H. Resultat Vi har definert ulike resultatmål vi vil jobbe mot i prosjektet. Her vil vi peike på forventa resultat av desse resultatmåla: 1. Gjennomføre ei kvantitativ undersøking mellom 4H-medlemer om dagens situasjon og framtidige behov knytt til inkludering av minoritetsgrupper. Resultat: Vi finn svar på korleis ein jobbar med inkludering i dag og på kva utfordringar og behov medlemene i 4H-klubbane på lokalt plan ser. 2. Gjennomføre kvalitative intervju om inkludering i 4H hjå utvalde medlemer og vaksne klubbrådgjevarar Resultat: Vi får meir detaljerte svar på korleis 4H lokalt jobbar med inkludering og kva som blir sett på som moglegheitene og utfordringane. Vi vil også kunne finne svar på kva haldningar folk kan ha knytt til minoritetar. 3. Opprette kontakt med ulike innvandrarorganisasjonar og organisasjonar for funksjonshemma for å drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til deltaking i organisasjonslivet. Resultat: Vi vil kunne rekruttere deltakarar til styringsgruppa og eit panel som kan nyttast i dei kvalititative intervjua. Vi vil også kunne finne svar hos organisasjonane som kan nyttast i arbeidet med å forme eit hovudprosjekt. 4. Gjennomføre kvalitative intervju med utvalde ungdomar og vaksne med minoritetsbakgrunn om deltaking i organisasjonar og fritidsaktivitetar. Resultat: Vi vil kunne finne svar på korleis ein kan legge til rette lokalt for at fleire kan bli med, og kva behov og utfordringar ein ser knytt til deltaking i organisasjonslivet. 5. Følgje opp ein eller to lokale 4H-klubbar som ønskjer å jobbe meir med inkludering. Resultat: Vi vil kunne hauste direkte erfaringar frå lokalt arbeid med inkludering og moglegheiter og utfordringar knytt til dette. 6. Utvikle hovudprosjektet ved å definere mål, tiltak, organisering og samarbeidspartar. Resultat: Ein prosjektplan for eit treårig inkluderingsprosjekt. 7. Lage finansieringsplan og søkje om midlar slik at eit treårig hovudprosjekt Togradersmålet eit varmare samfunn kan setjast i gang i fleire fylke. Resultat: Midlar til å kunne sette i gang hovudprosjektet i 4H i desse to fylka, og hjelpe andre fylke til å setje i gang liknande prosjekt. 8. Dele erfaringane i prosjektet med andre frivillige organisasjonar. Resultat: At fleire organisasjonar jobbar for å bli betre på inkludering. Effekter - 5 -

Effektane vil vere auka kunnskap om arbeidet med inkludering internt i organisasjonen, samt auka kunnskap om behov og utfordringar knytt til deltaking i frivillig aktivitet blant minoritetar. Ein annan positiv effekt vil vere at dialogen og samarbeidet mellom 4H og minoritetsorganisasjonar blir styrka. Auka merksemd på inkludering i organisasjonen vil truleg også føre til at arbeidet med dette blir styrka lokalt, men effekten vil truleg først bli stor om ein set i gang eit hovudprosjekt. Då vil ein kunne sjå effekten ved at ein større andel av medlemsmassen har minoritetsbakgrunn. Det som er avgjerande for å kunne få god effekt av måla er at det er lokal vilje i 4H-klubbane, spesielt blant dei tillitsvalde, til å arbeide meir med inkludering. Det er også avgjerande at prosjektleiar jobbar godt for å få kunnskap internt og eksternt og at denne blir tatt med i planlegginga av eit hovudprosjekt. Det er størst risiko for at måla i forprosjektet ikkje blir nådd via den kvantitative undersøkinga mellom 4H-medlemer. Dette fordi svarprosenten kan bli låg og fordi enkelte kan avgje svar som er "politisk korrekte" framfor det dei eigentleg meinar. Tids- og kostnadsplan Tidsplan Framdriftsplan i vedlagt prosjektplan. Kostnads plan Tittel 2016 2017 2018 2019 2020 SUM Diverse 10 000 10 000 Kontorutgifter, administrasjon 50 000 50 000 Løn, sos. kost. prosjektleiar 8 mnd. 70 % 250000 250000 Marknadsføring, profilarbeid 10 000 10 000 Møtekostnader 10 000 10 000 Reisekostnader 25 000 25 000 Støtte inkluderingsprosjekto klubbar 20 000 20 000 Utgifter spørjeundersøkingar 5 000 5 000 Sum kostnad 380 000 380 000 Prosjektet er planlagt med prosjektleiar på plass frå 1. august 2016 til 31. mars 2017. Budsjettet er likevel sett opp for eit enkeltår, sidan det i praksis varer i åtte månader. Finansieringsplan Tittel 2016 2017 2018 2019 2020 SUM Eigeninnsats 4H 55 000 55 000 Mangfold og inkludering, LN U 75 000 75 000-6 -

Sparebanken Vest 75 000 75 000 Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 75 000 75 000 Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 100000 100000 Sum finansiering 380 000 380 000 Prosjektet er planlagt med prosjektleiar på plass frå 1. august 2016 til 31. mars 2017. Budsjettet er likevel sett opp for eit enkeltår, sidan det i praksis varer i åtte månader. Geografi 1400-Sogn og Fjordane Vedlegg sliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato Prosjektplan, forprosjekt Togradersmålet 2016-2017.pdf 390140 15.04.2016-7 -