Hovudutskrift Tilstades på møtet: Aina A. Førde Irene Storøy Hege Rosvoll Melchior Leirmo Jens Edvin Hauge Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Asbjørn Sande Jens Edvin Hauge Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Aina A. Førde Frå adm. møtte: Frå org. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Behandla saker: Sak nr.: F.o.m. 007/16 t.o.m. 012/16 Synfaring: Diverse: Underskrifter: Utskrift til:
Sakliste 25.04.2016 Sak nr. Saktittel 007/16 Godkjenning av innkalling og sakliste 008/16 Godkjenning av møtebok 009/16 Referatsaker 010/16 Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetting - Høyring 011/16 Gjennomgong av saklista til Kommunestyret 012/16 Saker som kjem til
Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med 25.04.2016 007/16 SS nedsett funksjonsevne K1-16/868 Godkjenning av innkalling og sakliste Kva saka gjeld: Innkalling og sakliste til møte i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne til godkjenning. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Innkalling og sakliste til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne vert godkjend slik dei ligg føre. FHR-007/16 Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjend slik dei låg føre.
Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med 25.04.2016 008/16 SS nedsett funksjonsevne K1-16/867 Godkjenning av møtebok Kva saka gjeld: Møtebok for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne den 08.02.16. til godkjenning og underskrift. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møtebok for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne den 08.02.16 vart godkjend og skriven under slik den ligg føre. FHR-008/16 Vedtak: Møtebok for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne den 08.02.16 vart godkjend og skriven under slik den låg føre
Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med 25.04.2016 009/16 SS nedsett funksjonsevne K1-16/866 Referatsaker Ingen referatsaker er meldt inn. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Referatsaker vert vedtekne slik dei ligg føre. 1. Aina A. Førde og Hege Rosvoll har vore på kurs på Skei «Råd for menneske med nedsett funksjonsevne». På kurset tok dei med seg ein del tips heim, som Rådet kan ta i bruk: a) Rådet kan utforme ei informasjonsbrosjyre der ein informerer om Rådet, korleis dei arbeider, korleis folk kan melde inn saker og kva saker Rådet arbeider med. Ta med tlf.nr til leiar og nestleiar. Ein kan òg informere om dei forskjellige organisasjonane og ta med kontaktinformasjon til desse. b) Kan Rådet ha ein «Open halvtime»? Kan ein ha ein halvtime før kvart møte, der leiar og nestleiar er tilgjengelig til at folk kan kome med innspel til saker? c) Innkalling og møtebok bør ligge på heimesida til kommunen. 2. Aina har vore i Måløy på informasjon om Motivasjonsteknologi «Motitek», «Trening med mening». 3. Det har tidlegare vore snakka om vaksenopplæring for vår brukargruppe. Kommunalsjef Gro B. Abildsnes skal i lag med logoped Ivar Q. Hauge utforme retningslinjer for dette. 4. Inngongspartiet ved legekontoret i Svelgen har fått høg kant utanfor inngongsparti. Dette fører til at drosjene ikkje lenger kan parkere heilt ved døra, og det vert vanskeleg å gå over kanten. Det er då og ganske lang veg å gå rundt, dersom du ikkje kjem deg over kanten. Aina A. Førde har diskutert dette med administrasjonen i
Bremanger kommune, og det vert ordna opp i så snart dei skal gjere seg ferdig med området rundt Rådhuset. Det vert då fylt opp med asfalt, slik at drosja kan køyre inn, og det vert enkelt å gå rundt. Det skal samtidig lagast til 2 parkeringsplassar for handickapparkering utanfor Rådhuset. FHR-009/16 Vedtak: 1. Rådet utformer informasjonsbrosjyre, den skal leggjast fram på møte i september. Etter at informasjonsbrosjyre er klar, og folk er informert om «Open halvtime», vert dette satt i verk. Innkalling og møtebok for Rådet vert frå no lagt ut på heimesida til Bremanger kommune. 2. Teke til vitande. 3. Teke til vitande. 4. Teke til vitande.
Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med 25.04.2016 010/16 SS nedsett funksjonsevne K1-033, K3-&13 16/392 Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetting - Høyring Vedlegg : Dok.nr Tittel på vedlegg 119797 Høyringsnotat.pdf FHR-010/16 Vedtak: Rådet har følgjande merknad til høyringa: «Det bør ikkje vere mogeleg å slå saman Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne». Saksopplysningar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender, i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, ut et høringsnotat med forslag om en ny bestemmelse i kommuneloven 10 b om råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse. Høringsuttalelser skal gis digitalt på www.regjeringen.no/2475169. Høringsfristen er 20. mai 2016
Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med 25.04.2016 011/16 SS nedsett funksjonsevne K1-033 16/869 Gjennomgong av saklista til Kommunestyret Saka gjeld: Gjennomgang av saklista til kommunestyret sitt møte den 28.04.16 FHR-011/16 Vedtak: Ingen merknad til nokon av saken.
Styre, råd, utval Saksnr. Sakshands. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 012/16 SS K1-033 16/865 Saker som kjem til Saker kan kome til i møtet. 1. Biblioteket i Svelgen - Grinda på biblioteket er ikkje godt nok. Den er spinkel, tåler ikkje mykje og er lett å klemre seg på. - Er teleslynga på plass? 2. Frida Galaasen arbeider mot å få til musikkterapi i Bremanger kommune. Rådet støtter dette, og ønskjer å få tilsett ein musikkterapaut. 3. Det er eit stort problem i ytre Bremanger med at det ikkje er drosjer tilgjengelig når folk skal nytte TT-korta sine, og i andre situasjonar. Svaret er ofte at dei skal på langtur, og kan difor ikkje ta småturane. 4. Heis i private heimar, der det er tilrettelagt for personar som har nedsett funksjonsevne. Dersom heisen slutter å fungerer, vert det pr.no mykje telefonar fram og tilbake for å finne ut kven det er som har ansvaret, og korleis det skal gjerast for å løyse opp i problemet. Når heisen slutter å fungere, kven er ansvarleg? Er det utforma risikoanalyse for den brukargruppa som har heis i heimen? Er det ei oversikt over kven som har heis i heimane, og vert det fanga opp dersom nokon av dei ikkje fungerer? Korleis skal det løysast dersom heisen slutter å fungere? 5. Fleirbrukshall på Hauge treng betre mogelegheit for personar med rullestol. FHR-012/16 Vedtak: 1. Aina A. Førde tek kontakt med Espen i fht. Biblioteket i Svelgen. 2. Irene Storøy tek denne saka med vidare til Kommunestyret. 3. Jens Edvin Hauge tek saka vidare til Fylkeskommunen for å undersøkje rundt regelverket for køyring, prioritering av turar og kor mange drosjeløyver det er tilgjengeleg i ytre. 4. Aina A. Førde tek denne saka opp med kommunalsjef for helse, Randi Ytrehus. 5. Aina A. Førde tek denne saka opp med styret for Bremangerhallen.