Valprogram 2007 Austrheim Venstre

Like dokumenter
Program for Masfjorden Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Til veljarane i Tysnes

Ål Venstre. Ål Venstre

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

ETNE VENSTRE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Frivilligpolitisk plattform

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Program OSTERØY HØGRE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Frivilligpolitisk plattform

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Valprogram Sel SV

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Politisk Måldokument for Ungdommens Bystyre i Flora Kommune, Vedteke i møte 3 mai Revidert i møte 8 mars 2012.

Kommunedelplan for oppvekst

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Program for. Årdal Venstre

Program for. Seljord Venstre

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Politisk program for Jølster KrF

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Pedagogisk plattform

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vågsøy Arbeidarparti Program

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Ulvik Arbeiderparti Program

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Utkast til program Meland Høgre 2015

Den kulturelle nistepakken

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Budsjett 2017 Økonomiplan

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

Formannskapet sitt framlegg til budsjettvedtak for 2018:

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Dugnadsbok frå folkemøte

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Program Årdal AP

Transkript:

Valprogram 2007 Austrheim Venstre

MILJØ: Ubåten ved Fedje skal opp! I ubåten ved Fedje ligg det Ca. 65 000 Kg med kvikksølv, ein av dei farlegaste miljøgiftene som finns. No er det ein stor risiko for at kvikksølv lek ut i havet. Dette ville vere ein miljøkatastrofe av store dimensjonar, og vil ramme alle som bur her ved kysten. Austrheim venstre vil ikkje godta ei passiv haldning. Ubåten skal ikkje dekkast til, då dette kun er ei utsetjing av problemet. Austrheim venstre aksepterer ikkje at miljøproblemet vert vidareført til våre barn og barnebarn. Kvikksølvet må fjernast, no. arbeide for eit Kollektivtilbud som gjer det mogleg å velgja andre alternativ til privatbilisme. Arbeide for fleire gang og sykkelstiar. At kraftlinja frå Kollsnes til Mongstad må leggjast i kabel. Oppgradere og vidareutvikle kommunale friluftsområder og turstiar. Sikre og kontrollere apparater på kommunale leikeplassar. Opprette kommunalt tilskudd til privatpersonar som byter ut gamle, forureinande varmekjelder til nye (til dømes varmepumper, pellets-ovn og liknande) Tilsetje ein miljø og energirådgjevar for Austrheim og Fedje. Ved investering i nybygg og transportmidlar i offentleg regi, skal miljøeffektive løysingar setjast som krav.

NÆRING: Nyskapningskonferanse for unge etablerarar Heile tida treng vi nye arbeidsplassar i kommunen. Det betyr at dei bedriftene vi har, må få utvikle seg vidare, og at forholda blir lagt til rette for nyetableringar. Austrheim Venstre går inn for at kommunen, i samarbeid med Næringshagen, inviterer til ei årleg samling for unge menneske, til dømes 15-35 år, der tema er gode idear og nyskaping. Både skular, bedrifter og organisasjonar må medverke i rekrutteringsarbeidet til ein slik arbeidskonferanse. Unge etablerarar må trekkast inn i programmet, og ein nyskapingspris kan gjerne knyttast opp motsamlinga. Arbeide for å etablere ein pelletsfabrikk på Mongstad, mellom anna med Sitkagran som råstoff. Arbeide for raskare utbygging av ny vei over Radøy. Sørge for tilstrekkeleg med næringsareal i kommunen. Støtte opp om «inn på tunet»-prosjekt, til dømes Vesttun Gard. Arbeide for å få ei god gjestehavn i Austrheim. Utarbeide ein turistguide for kommunen. Legge forholda tilrette slik at eksisterende bedrifter i kommunen får gode utviklingstilhøve. At kommunen skal ta større ansvar for å etablere fleire lærlingplasser.

SOSIALT ANSVAR: Kontroll med speleautomatane Sjølv om no fleirtalet i Stortinget har vedteke å tvinge alle kommunar til å plassere ut speleautomatar, vil Austrheim Venstre likevel arbeide for at dette skal endrast og at kommunane sjølve skal bestemme i denne saka. Meir enn 70.000 menneske er speleavhengige. Skal nærdemokratiet ha meining, må den einskilde kommune kunne redusere dette helse- og miljøproblemet lokalt. Det kan ikkje vere rett at samfunnet, med opne auge, påfører ungdom og vaksne lidingar for livet. Staten må sjølvsagt kompensere inntektstap for frivillige organisasjonar. Gjera kommunale tenestetilbod meir effektive og serviceprega og innretta dei etter brukarane sine behov. Styrkja det rusførebyggjande arbeidet, og den lokale innsatsen for personar med rusproblem. Legge til rette for at frivillige organisasjonar, kommunale tenester og eventuelt andre kan bidra til et meir aktivt miljø og auka livskvalitet for bebuarane på Nordliheimen. Løyve midlar til ei henteordning for heimebuande eldre som ønskjer å delta på aktivitetar. Gjere friluftsområde tilgjengeleg for funksjonshemma. Byggje ut tilbodet ved Vestlia (framtidige bustadar for funksjonshemma) slik at bebuarane kan ta meir del i sosiale fellesskap.

SKULE: Ein ungdomsskule, to barneskular I Austrheim er det to ungdomsskular med 10 km avstand. Venstre meiner det ville vore betre utnytting av ressursane med ein ungdomsskule, både når det gjeld lærarkrefter og økonomi. Ei fersk undersøking blant ungdomsskuleelevar viser at dei ynskjer eit felles skulemiljø. Ein ungdomsskule gjer det lettare å byggja opp eit kreativt og trygt ungdomsmiljø i kommunen. På sikt kan dette vera med på å byggja ned kunstige grenser og styrkja relasjonane mellom innbyggjarane i Austrheim. Rusta opp skulen med vekt på eit godt læringsmiljø, inneklima og undervisningsmateriell. Rammetimetalet må haldast på eit forsvarleg nivå, og gje nok ressursar til dei som treng ekstra hjelpetiltak. Det må løyvast midlar til ekskursjonar og leirskule. Auka satsinga på informasjonsteknologi i undervisninga. Fri skuleskyss til alle med utrygg skuleveg. Styrkja helsesøstertenesta i skulen. Arbeida for at Kaland SFO må få eigne og funksjonelle lokale. Yrkesfaga må styrkjast, å få høgare status, både på ungdomsskulen og i den vidaregåande skule.

kultur: Kultur gir trivsel Kultur og næringsutvikling heng nøye saman. Folk som vil etablera bedrifter, eller som kjem for å bu og arbeida her, vil ha eit aktivt kulturliv. Hos oss er det dei frivillige lag og organisasjonar som er berebjelken i det rike kulturlivet som alt finst i Austrheim. Desse laga må få auka tilskot for å kunna gje eit endå betre kulturtilbod for innbyggjarane i kommunen. Satsa på kulturskulen ved å løyva pengar til å ferdiggjera og utstyra dei nye lokala (i det gamle legesenteret) som dei har flytta inn i. Arbeida for å realisera Austrheim idrettspark. Få ferdigstilt skulemuseet, og få det opna for publikum. Oppjustera det kommunale tilskotet til Austrheim Samfunnshus. Opna den kommunale kystkultursamlinga i Åråsbua. Den må gjerast tilgjengeleg for alle. Utnytta ordningane gjennom «Den kulturelle skulesekken». Etablera eit kulturstipend for unge, lovande talent frå Austrheim. Oppfordra til bruk av nynorsk i all marknadsføring, både av kommunen og næringslivet.

lokaldemokrati: Ja til direkteval av ordførar! Direkteval av ordfører har skapt lokal diskusjon og engasjement i forsøkskommunane. Den raud-grøne regjeringa har avslått å innføre ordninga nasjonalt. Austrheim Venstre meiner dette er ei sak for lokaldemokratiet, og vil gå inn for at ved kommunevalet i 2011, skal vår kommune søkje om å få direkteval av ordførar. Vi trur at dette vil skape større interesse for lokalpolitikken hjå oss. At grendelag og frivillige organisasjonar i kommunen i større grad skal trekkast inn i viktige saker før dei er avgjorte. At kommunen sine internettsider blir ei betre, oppdatert og utvida informasjonskjelde At forvaltninga er open og gir informasjon i forkant av viktige saker. At skulane i kommunen i større grad legg vekt på innsikt i nærdemokrati, lokale saker og lokalkunnskap om historie, natur og næringsliv. Arbeida for å oppretthalde og vidareutvikla barne og ungdomsrådet Arbeide for direkte val av ordførar. Auka samarbeidet med Hordalandsbenken på Stortinget for å få større gjennomslag for viktige lokale saker.

Vil du vite mer? Venstres prinsipprogram, stortingsvalprogram, notat om den sosiale liberalismen, politisk reknskap, enkeltsaker og uttalelser m.v. kan du lese meir om på www.venstre.no eller få i våre sekretariater: Venstres Hovedorganisasjon Møllergt. 16, 0179 Oslo telefon 22404350, telefaks 22404351 e-post: venstre@venstre.no Venstres Stortingsgruppe Stortinget, 0026 Oslo telefon 23313362, telefaks 23313872 e-post: stortingsgruppa@venstre.no Vil du vite meir om Austrheim Venstre? Gå inn på http://www.venstre.no/hordaland/austrheim/ Du kan også ta kontakt med vår førstekandidat: Liv Ulvøy Kjeilen, livukjeilen@yahoo.no, Mobil: 900 77 875 eller vår lokallagsleiar John-Kåre Krokene, jkrokene@broadpark.no, Mobil: 47 400 440 www.venstre.no/hordaland/austrheim