Aust-Telemark vassområde (VO) Møteprotokoll Vår dato:25.09.12 Møte Møtestad : Styringsgruppemøte : Atrå, Tinn landbrukskontor Møtedato/-tid : 13. september kl 12-14.30 Møteleiar: Lise Wiik Møtereferent: Liv R. Flå STYRINGSGRUPPA: Til stades: Lise Wiik (leiar) Eivind Ørnes (nestleiar) Lena Romtveit Edgar Gundersen ARBEIDSGRUPPA: Til stades: Ingrid Strande Arne Kjellsen Bjørn Bjørnsen Jon Tvitekkja Nicolai Østhus Liv R. Flå Forfall: Dorthe Huitfeldt Marte Berdahl Bjørn Bjørnsen Telemark fylkeskommune (Tfk) Notodden kommune Telemark fylkeskommune (Tfk) Fylkesmannen i Telemark (FM) Øst-Telemarkens Brukseierforening (ØTB) Prosjektleiar (PL) Notodden kommune I tillegg deltok Svein Asland, Statkraft på møtet. Nr. Sak 03.01 Møteinnkalling og referat frå møtet 10.04.12 godkjent 03.02 Innspel til nasjonal gjennomgang og prioritering av komande revisjonssaker vedr.vassdragskonsesjonar Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og direktoratet for naturforvaltning (DN) har fått mandat til å gjennomgå dei 340 vassdragskonsesjonane som kan koma til revisjon innan 2022/ lage ei nasjonal perioriteringsliste for revisjon av desse vassdraga der Side 1 av 5
minstevassføring og/eller magasinrestriksjonar kan vera aktuelle tiltak, d.v.s. vassdrag som krev tiltak ut over standardvilkår for å nå miljømåla. NVE og DN har invitert vannregionmyndigheita (VRM) til å koma med innspel til den nasjonale gjennomgangen/ prioriteringa. VRM har bedd vassområda koordinere arbeidet på lokalt nivå. I Aust-Telemark vassområde er det i praksis konsesjonsvilkåra for Mår Gjøystreguleringane som kan opnast for revisjon, medan ny reguleringskonsesjon for øvre del av Møsvassreguleringa ligg til sluttbehandling i OED og Tinnsjå fekk nytt manøvreringsreglementet ved kgl.res. 17.11 2006. NVE har lagt opp til å få innspel til prioriteringslista i tabellform. Det vart laga eit forslag til innspel for Mår Gjøyst reguleringane på denne forma (sendt ut med møteinnkallinga 04.09.12), laga ut frå resultata i karakteriseringa og innspel frå brukarinteressene til vesentlege spørsmål. Vidare er det teke inn innspel frå i tabellen angåande effekten av reguleringane på leveområda for villrein på Hardangervidda. Tabellen er ikkje fullstendig. ØTB og har sendt eigne brev med innspel til revisjonsgjennomgangen. (Kopiar av brevet frå til NVE og brevet frå ØTB til Buskerud fylkeskommune (VRM) vart sendt til styringsgruppa 12/9). har lagt ved tabellen frå Aust-Telemark VO i sitt brev til NVE. Arbeidsgruppa sitt forslag til vedtak: Ingen forslag til vedtak. - Styringsgruppa gjev einstemmig tilslutning til tabellen utarbeida av Aust-Telemark vassområde som innspel til revisjonsgjennomgangen. - Brev frå til NVE og brev frå ØTB til VRM er teke til etterretning. - Det må anmerkast i innspelet frå vassområdet at vi forutsett at den nasjonale gjennomgangen av revisjonssaker ikkje vil forseinke slutthandsaminga av ny konsesjon for Møsvassreguleringa. - Styringsgruppa ønskjer å ta ei befaring i området for Mår Gjøystreguleringane på føresommaren 2013. 03.03 Vesentlege vassforvaltningsspørsmål på høyring Dokumentet Vesentlige vannforvaltnings-spørsmål for vannregion Vest-Viken er sendt på høyring med høyringsfrist 31.12 12. Vesentlege spørsmål for vassområde Aust-Telemark er lagt ved dokumentet (del 2). - Prosjektleiar (PL) minner kommunane om høyringa/ høyringsfristen. - PL utarbeider eit forslag til saksframlegg som kan nyttast i alle kommunane i vassområdet. - Kommunekontaktane drøftar forslaget i sin kommune/ tilpassar forslaget til sin Side 2 av 5
kommune. - Det er truleg mest hensiktsmessig at kommunar som er med i fleire vassområde (Vinje, Notodden), lagar ei sak som omfattar alle vassområda i kommunen. - Be kommunane sende kopi av høyringssvara til vassområdet. - Styringsgruppa går gjennom fråsegnene frå kommunane og brukarinteressene, og evt. vektlegg innkomne synspunkt i eige høyringssvar. Styringsgruppa slutta seg til delar av forslaget, med følgjande endringar etter drøftingar på møtet: - PL bør ikkje lage eit forslag til saksframlegg til bruk i kommunane (PL har utarbeida dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for vassområde Aust-Telemark som er eit vedlegg til høyringsdokumentet. Ein uavhengig sakshandsamar bør lage framlegget). - Høyringssaka bør handsamast i den enkelte kommune (administrativt eller politisk), - Styringsguppa vil ta eit overordna ansvar for at det som er viktig for vassområdet er handsama i høyringa. Styringsgruppa vil vurdere på eit seinare tidspunkt om dei skal sende eit eige høyringssvar. - PL minner kommunane om høyringa/ høyringsfristen. - PL bør ikkje lage eit forslag til saksframlegg til bruk i kommunane. - Den enkelte kommune handsamar høyringa (ei sak i kvar kommune sjølv om kommunen deltek i fleire vassområde) og sender svaret til VRM, med kopi til vassområdet. - Styringsguppa vil ta eit overordna ansvar for at det som er viktig for vassområdet er handsama i høyringa. Styringsgruppa vil vurdere på eit seinare tidspunkt om dei skal sende eit eige høyringssvar. - 03.04 Eventuelt 1. Informasjon om fotokonkurransen Vann i Telemark Alle vassområde innafor Telemark samt Telemark fylkeskommune står som arrangør av fotokonkurransen. Fylkeskommunen og tre av vassområda påtok seg det praktiske arbeidet med konkurransen. Formålet med konkurransen var å gje informasjon om arbeidet etter vassforskrifta og skape interesse for vatn generelt. Vidare vil konkurransen kunne skaffe fotomateriale til bruk i vassområda/ vassregionen. Fotokonkurransen har tre tema: - Vann og friluftsliv (20.06.12 31.07.12). 75 innsendte bidrag - Påvirkninger i vann (01.08.12 31.08.12). 35 innsendte bidrag. - Vann som energikilde (01.09.12 31.10.12) Det vart informert om konkurransen/ arbeidet etter vassforskrifta på ein Side 3 av 5
pressekonferanse med Telemarksavisa (TA) der Fylkesmannen, fylkeskommunen og dei fleste vassområda deltok. Elles vart konkurransen kunngjort ved annonse i TA og Varden, og det vart sendt ut pressemelding med konkurransereglar til alle lokalavisene i fylket og til web-ansv. i kommunane/fylkeskommunen for utlegging på heimesidene. Vidare blir konkurransen/ arbeidet etter vassforskrifta omtala i TA (og evt.andre aviser) og på eiga facebook-side etter kvar periode når finalebilda blir lagt ut til avstemming og når vinnarbildet frå denne periode blir presentert. Konkurransen bidreg derfor til å fokusere på vassforvaltningsarbeidet som blir gjort i Telemark. 2. Opplegg/ gjennomføring av opent temamøte om fisk: - Overordna tema for møtet bør vera Vassdragsreguleringar og fisk der tidlegare forslag til tema Konsekvensar for fisk og næringsdyr av vassdragsreguleringane i Møsvatn og Mårvatn kan inngå. Åge Brabrand (Naturhistorisk museum, UiO) som har gjort fleire fiskeribiologiske undersøkingar i Møsvatn kan stille på møtet. Passar best for Brabrand i november. Prisoverslag: Ca kr. 3000 + kjøring. - Oppdrett i mærer i regulerte vatn bør vera tema på eit seinare møte (J.f. sak 02.02, pkt.1 på møte 10.04.12). - Innlegg av Jan Heggenes om fiskeribiologiske undersøkingar i Tinnsjå, med vekt på storaure og reduserte gyteforhold i innløpselvene. - Innlegg av Bjørn Erik Lauritzen i Telemark JFF (representant for fiskeinteressene, jf. sak 02.02, pkt. 1 på møte 10.04.12) - Møtet bør arrangerast meir sentralt i vassområdet enn Skinnarbu, forslag om Rjukan. - Ei arbeidsgruppe med fiskeforvaltar Finn Johansen, Dorthe Huitfeldt og Liv R. Flå arbeider vidare med opplegg og gjennomføring av møtet. Styringsgruppa godkjente forslaget, med følgjande kommentarar: - Jan Heggenes jobbar for tida i Canada. - Eit innslag om oppdrett i mærer vil kunne trekkje meir folk, men greit at ein ventar med dette temaet til eit seinare møte. Det bør trekkjast inn i eit møte om næringsutvikling i utmarke, der fylkeskommunen kan stå som arrangør. 3. Lønsauke for prosjektleiar (PL) På møtet i styringsgruppa 10.04.12 vart budsjettforslaget for 2012 oppjustert med kr. 35.000 i høve til generell løns- og prisauke, ut frå ein prosentsats på 2 % (sak 02.03). står som arbeidgjevar for PL, og ber no styringsgruppa bekrefte ein lønnsauke for PL for 2011 og 2012 ( har ikkje utbetalt lønstillegg i 2011). PL er organisert i naturviterforbundet. Tillitsvald for naturviterne i opplyser at lønsauken for naturviterne var ca 2 % i 2011, men at forbundet har ei forventning om 6 % i 2012. Styringsgruppa må avklare lønsauken for PL. Side 4 av 5
Kommentarar: - som arbeidsgjevear for PL må avklare lønsauken. - Lønsstigninga for 2012 er enno ikkje fastsett, og ei forventning på 6 % er truleg for høg. - Uheldig at det vart sett ein fast prosentsats for lønsheving på styringsgruppemøtet 10.04.12. Dette var meir gjort for å finne kronebeløpet budsjettet skulle hevast med. Leiar i styringsgruppa tek kontakt med for å avklare korleis styringsgruppa/ kommunen bør gå fram i denne saka. Styringsgruppa for Aust-Telemark VO, Lise Wiik leiar Side 5 av 5