Ullensvang herad Råd for funksjonshemma Møteprotokoll Møtedato: 22.05.2014 Møtetid: Kl. 13:15 14:45 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 013/14-022/14 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Mari Svartveit Hansen Ingar Rosten Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Nestleiar Bente Kristoffersen Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Tilleggssakskart nr. 1 Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Bufdir Deltasenteret dat. 14.05.14: Orientering om tilskot til arbeid med universell utforming Bente Kristoffersen Håkon Widding Torgeir T. Alvsåker Geir Midtun
Sakliste Sak nr. Saktittel 013/14 Godkjenning av møtebok 24.04.2014 014/14 Meldingar 015/14 Gebyrregulativ for Ullensvang herad 016/14 Årsmelding og rekneskap 2013 017/14 Sal av Vines skule 018/14 Kulturmidlar 2014 019/14 Ymse tilskot 1. halvår 2014 020/14 Søknad om tilskot til omlegging av kloakk - Hardanger folkehøgskule 021/14 Tilskot til arrangement i samband med Grunnlovsjubileet 2014 022/14 Søknad om kjøp av tomt til Mikkelparken på Bråvoll
013/14: Godkjenning av møtebok 24.04.2014 Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RFU-013/14 VEDTAK: Møteboka vart godkjent slik ho låg føre. 014/14: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Skriv som vart utdelt i møtet: Bufdir Deltasenteret dat. 14.05.14: Orientering om tilskot til arbeid med universell utforming Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RFU-014/14 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre.
015/14: Gebyrregulativ for Ullensvang herad RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING: Heradstyret vedtek nytt gebyrregulativ med nye forskrifter datert 11.03.2014. Vedtaket skal gjerast kjent lokalt og kunngjerast i Norsk Lovtidend. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. RFU-015/14 TILRÅDING: Heradstyret vedtek nytt gebyrregulativ med nye forskrifter datert 11.03.2014. Vedtaket skal gjerast kjent lokalt og kunngjerast i Norsk Lovtidend. 016/14: Årsmelding og rekneskap 2013 Heradsstyret godkjenner årsmelding og rekneskap for 2013. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. RFU-016/14 TILRÅDING: Heradsstyret godkjenner årsmelding og rekneskap for 2013.
017/14: Sal av Vines skule 1) Ullensvang herad sel gamle Vines skule på den opne marknaden med grunnlag i innhenta takst. 2) Bygget vert selt med så stor del av utearealet som er naudsynt for å nytta bygget til bustader og/eller næring. 3) Resten av utearealet vert kostnadsfritt overført til Vines Bygdalag frå Ullensvang herad. Bygdalaget betalar eventuelle kostnadar ved overføringa. 4) Rådmannen får fulllmakt til å avgjera deling av utearealet som skildra i punkt 2) og 3). 5) Vines Bygdalag får inntil kr 200.000 av salssummen til skulen, under føresetnad av at heradet får selt skulen for minimum kr 200.000. Kostnader ved sal (inkludert kart/oppmåling, annonser mv) skal likevel dekkast før det finn stad ei overføring av inntil kr 200.000 til Vines Bygdalag. Endringsframlegg frå Råd for funksjonshemma: Framlegg til nytt punkt, punkt 2 i rådmannen sitt framlegg går ut: Nytt pkt. 2. Bygda overtek det av arealet som er merka med raude strekar på kartet. Det arealet som er farga blått vert sameiga mellom kjøpar av Vines skule og Vines grannahus / bygda. Resten av arealet fylgjer med salet av Vines skule. Leikeapparat forann skulen skal fyllast inn på arealet Vines grannahus / bygda. Rådmannen sitt framlegg med endringsframlegg frå Råd for funksjonshemma vart samrøystes tilrådd. RFU-017/14 TILRÅDING: 1) Ullensvang herad sel gamle Vines skule på den opne marknaden med grunnlag i innhenta takst. 2) Bygda overtek det av arealet som er merka med raude strekar på kartet. Det arealet som er farga blått vert sameiga mellom kjøpar av Vines skule og Vines grannahus / bygda. Resten av arealet fylgjer med salet av Vines skule. Leikeapparat forann skulen skal fyllast inn på arealet Vines grannahus / bygda. 3) Resten av utearealet vert kostnadsfritt overført til Vines Bygdalag frå Ullensvang herad. Bygdalaget betalar eventuelle kostnadar ved overføringa. 4) Rådmannen får fulllmakt til å avgjera deling av utearealet som skildra i punkt 2) og 3). 5) Vines Bygdalag får inntil kr 200.000 av salssummen til skulen, under føresetnad av at heradet får selt skulen for minimum kr 200.000. Kostnader ved sal (inkludert kart/oppmåling, annonser mv) skal likevel dekkast før det finn stad ei overføring av inntil kr 200.000 til Vines Bygdalag.
018/14: Kulturmidlar 2014 Ullensvang herad fordeler kulturmidlane 2014 slik rådmannen har gjort framlegg om. Endringsframlegg frå Råd for funksjonshemma: Redusera Krossvoll kino sitt tilskot til 12.000 kr. Fordela 3000 kr. Ekstra til Nå musikklag og Ullensvang skulemusikklag Rådmannen sitt framlegg med endringsframlegg frå Råd for funksjonshemma vart samrøystes tilrådd. RFU-018/14 TILRÅDING: Ullensvang herad fordeler kulturmidlane 2014 slik rådmannen har gjort framlegg om med fylgjande endringar: Redusera Krossvoll kino sitt tilskot til 12.000 kr. Fordela 3000 kr. Ekstra til Nå musikklag og Ullensvang skulemusikklag 019/14: Ymse tilskot 1. halvår 2014. Framlegg frå Råd for funksjonshemma: Råd for funksjonshemma tilrår at søkjar 2 og 3 vert støtta med kr. 3500,- kvar. Resterande beløp vert disponibelt i siste halvår 2014. Råd for funksjonshemma sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. RFU-019/14 TILRÅDING: Råd for funksjonshemma tilrår at søkjar 2 og 3 vert støtta med kr. 3500,- kvar. Resterande beløp vert disponibelt i siste halvår 2014.
020/14: Søknad om tilskot til omlegging av kloakk - Hardanger folkehøgskule Formannskapet gjev avslag på søknad om tilskot. Framlegg frå Råd for funksjonshemma:.., men gjev fritak for tilkoplingsavgifta til offentleg leidningsnett. Rådmannen sitt framlegg med tilleggsframlegg frå Råd for funksjonshemma vart samrøystes tilrådd. RFU-020/14 VEDTAK: Formannskapet gjev avslag på søknad om tilskot, men gjev fritak for tilkoplingsavgifta til offentleg leidningsnett 021/14: Tilskot til arrangement i samband med Grunnlovsjubileet 2014 Ordføraren sitt framlegg til vedtak: 1. Kinsarvik, Utne og Ullensvang sokneråd til vert tildelt kr 20.000,- til Folkemusikkmessa frå Hardanger. 2. Agatunet venelag vert tildelt kr 8.500,- til Grunnlovsjubileumsutstillingane i Agatunet. 3. Skrivarens venelag vert tildelt kr 7.000,- til arrangement på Skrivargarden på Hesthamar i samband med Grunnlovsjubileet. 4. Vikgebygd, Hauso, Opedal og Kinsarvik skular får tildelt kr 5.000,- kvar i samband med markering av Grunnlovsjubileet. Samla tildeling, kr 55.500,- vert dekka av fondet for 1000 års staden (tusenårsskiftet), budsjettpost 2512. 05. 00 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
RFU-021/14 TILRÅDING: 1) Kinsarvik, Utne og Ullensvang sokneråd til vert tildelt kr 20.000,- til Folkemusikkmessa frå Hardanger. 2) Agatunet venelag vert tildelt kr 8.500,- til Grunnlovsjubileumsutstillingane i Agatunet. 3) Skrivarens venelag vert tildelt kr 7.000,- til arrangement på Skrivargarden på Hesthamar i samband med Grunnlovsjubileet. 4) Vikgebygd, Hauso, Opedal og Kinsarvik skular får tildelt kr 5.000,- kvar i samband med markering av Grunnlovsjubileet. Samla tildeling, kr 55.500,- vert dekka av fondet for 1000 års staden (tusenårsskiftet), budsjettpost 2512. 05. 00 022/14: Søknad om kjøp av tomt til Mikkelparken på Bråvoll 1) Hardangertun Familepark og hytter ( Hardangertun ) vert gitt rammeløyve til å festa tomt på Bråvoll i 30 år på vilkår av at heradsstyret vedtar framlegg til privat reguleringsplan utarbeidd av Hardangertun (sjå websak 14/497) 2) Rådmannen får fullmakt til å utarbeida festeavtale mellom Ullensvang herad og festar i samsvar med alternativ A) ovanfor. Grunnlaget for avtalen skal vera godkjend privat reguleringsplan, jf pkt. 1) 3) Dersom heradsstyret mot formodning ikkje godkjenner den private reguleringsplanen, eller andre forhold gjer at ein ikkje kjem til semje om planen, er heradet utan ansvar for eventuelt tap som Hardangertun lider som fylgje av at ein har lagt til grunn at godkjenning av planen ville finna stad. 4) Dersom heradsstyret mot formodning ikkje godkjenner planen, eller andre forhold gjer at heradet og Hardangertun ikkje kjem til semje om planen, kan Hardangertun velja å ikkje inngå bindande avtale om feste av tomt som omtalt i saka her. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
RFU-022/14 TILRÅDING: 1) Hardangertun Familepark og hytter ( Hardangertun ) vert gitt rammeløyve til å festa tomt på Bråvoll i 30 år på vilkår av at heradsstyret vedtar framlegg til privat reguleringsplan utarbeidd av Hardangertun (sjå websak 14/497) 2) Rådmannen får fullmakt til å utarbeida festeavtale mellom Ullensvang herad og festar i samsvar med alternativ A) ovanfor. Grunnlaget for avtalen skal vera godkjend privat reguleringsplan, jf pkt. 1) 3) Dersom heradsstyret mot formodning ikkje godkjenner den private reguleringsplanen, eller andre forhold gjer at ein ikkje kjem til semje om planen, er heradet utan ansvar for eventuelt tap som Hardangertun lider som fylgje av at ein har lagt til grunn at godkjenning av planen ville finna stad. 4) Dersom heradsstyret mot formodning ikkje godkjenner planen, eller andre forhold gjer at heradet og Hardangertun ikkje kjem til semje om planen, kan Hardangertun velja å ikkje inngå bindande avtale om feste av tomt som omtalt i saka her.
10