Elev og lærlingombodets årsrapport for skole 2012/2013 Skolering for elevrådsleiarar og nestleiarar september 2012, Vestnes.
Innhald Innhald s. 2 Innleiing s. 3 Økonomi s. 3 Bakgrunn s. 3 Elev og lærlingombodet s. 4 Informasjonsarbeid s. 5 Samarbeid s. 8 Representasjon s. 9 Elev og lærlingombodets arrangement s. 10 Saker som elev og lærlingombodet har jobba med s. 10 Lærlingar s. 13 Vidare planar for skole 2013/2014 s. 13 Avsluttande kommentar s. 14 Tiltaksplan 2012 s. 15 2
Innleiing Elev og lærlingombodet vart oppretta av fylkestinget 12.12.2005 (T-sak- 69/05) og stillinga vart besett frå 1. august 2006. Ombodet har kontor på utdanningsavdelinga på fylkeshusa, men ligg administrativtunder administrasjonsavdelinga, administrativ seksjon. Elev og lærlingombodet rapporterer til fylkestinget etter skoleår. Denne årsmeldinga er for skole 2012-2013. Økonomirapporteringa er berre for 2012. Det er 17 elev og lærlingombod i Noreg, det er berre Hordaland og Troms som ikkje har eige ombod. Økonomi Budsjett for stillinga i 2012 var på 837 000. I 2012 er det brukt 771 829 kr. Det inkluderar lønn, fellesutgifter, reiseutgifter og arrangement i regi av ombodet. Ein stor kostnadspost er produksjon og trykk av Dagboka som sendast ut til alle elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. I tillegg til å gi viktig informasjon om elevrettar og elevdemokrati er dagboka også nytta som ein informasjonskanal for ungdomssatsingane til fylkeskommunen. God Helse, Ungt Entreprenørskap, Trygt heim for ein 50-lapp, Skoleskyss, Ungdomskortet og Aktiv Ungdom har også gitt bidrag til boka gjennom eigne informasjonssider. Utdanningsavdelinga har også bidratt med kr 100.000,- til produksjon av dagboka Bakgrunn for ombodsordninga Grunngjeving for oppretting av elev- og lærlingombod kjem fram i sak T-sak-69/05, utdrag frå saksframlegg: Elevane sine rettar og endringar i Opplæringslova har aktualisert saka om eit elevombod. Ein har her i fylket venta med å ta opp saka for å vurdere elevombodsordninga i samband med røynsler frå Ungdomspanelet. Saka blir no fremma etter politisk initiativ og påtrykk frå Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal. Opplæringslova 9a om elevane sitt fysiske og psykososiale arbeidsmiljø, legg sterk vekt på elevane sine rettar og plikter. Det blir og framheva elevane sin rett til medbestemming i opplæringa. Dette gir store utfordringar for skoleeigar. Resultata frå Elevinspektørane viser at elevane i den vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal ikkje er nøgde med situasjonen i dag når det gjeld medbestemming. Elevråda fungerar svært ujamt. Mange elevråd er passive i forhold til den elevmedverknaden og det elevdemokratiet som er lov og forskrift legg opp til. Mangelen på kontinuitet i elevråda er ei stor utfordring. Auka elev og lærlingmedverknad er eit viktig tiltak med tanke på å få til betre tilpassa opplæring for alle. Eit eige elev og lærlingombod kan sjølvsagt hjelpe til med å få større vektlegging av både elevrådsarbeid og elev og lærlingmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeidet på skolane. Samrøystes vedtak frå fylkestinget 12.12.2005 Det blir oppretta eige elev og lærlingombod i Møre og Romsdal frå 2006. Elev og lærlingombodet fordelast så langt som mogleg med 50% til elevombod og 50% til lærlingombod. 3
Nytt vedtak i fylkestinget - 13.10.200:9 Elev og lærlingombodet skal vere ombod for alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Dvs. at alle elevar og lærlingar ved offentlege og private opplæringsinstitusjonar der det blir gitt vidaregåande opplæring skal ha tilgang på dei tenestene som elev- og lærlingombodet tilbyr, samt bli gitt informasjon om dette. Elev og lærlingombodet må ha nok ressursar slik at det nye tilbodet til elevar i dei private vidaregåande skolane ikkje går utover det eksisterande tilbodet til elevar og lærlingar i dei offentlege vidaregåande skolane. Elev og lærlingombodet Denne teksten blir aktivt brukt til å presentere ombodet gjennom www.ungweb.no, Dagboka og gjennom presentasjonar: Elev og lærlingombodet skal hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål knytt til vidaregåande opplæring. Elev og lærlingombodet kan mellom anna: Hjelpe til med klager viss det er noko ved skolen eller i opplæringa som ikkje er som det skal Svare på spørsmål frå elevar og lærlingar Jobbe for å styrkje elevar og lærlingar sin medverknad i opplæringa Informere om rettar og plikter Leggje til rette for velfungerande elevråd Halde kurs i tema som er relevante for elevar og lærlingar, elevrådet og skolen Ta opp einskildsaker på vegne av lærlingar, elevar, elevråd eller skolar Kven kan ta kontakt? Alle som har spørsmål eller saker dei ønskjer å diskutere, for eksempel: elevar, lærlingar, lærekandidatar, foreldre, føresette, tilsette i skolen eller i bedrifter. Elev og lærlingombodet har teieplikt og er tilsett for å hjelpe elevar og lærlingar! Kontaktinformasjon: E-post: elevombud@mrfylke.no Post: Fylkeshusa, 6404 MOLDE Mobil: 975 01 202 Kontor: 712 58 018 Anna informasjon: Elev og lærlingombodet blir så langt som mogleg fordelt med 50% til elevombod og 50% til lærlingombod.elev og lærlingombodet er ombod for elevar og lærlingar under vidaregåande opplæring. Elev og lærlingombodet skal vere ei sjølvstendig stilling som rapporterar til fylkestinget. Stillinga skal også vere utforma slik at ombodet kan arbeide sjølvstendig, med støtte frå administrasjonen. 4
Informasjonsarbeid Det kjem nye elevar og lærlingar kvart år, og det er framleis elevar, lærlingar og spesielt føresette, som ikkje kjenner til ordninga med elev- og lærlingombod. Det er viktig å gje informasjon om at det finnast eit elev og lærlingombod og korleis elevane og lærlingane kan nytte seg av denne ordninga. Heimeside Elev og lærlingombodet har si eige informasjonsside på nettsida www.ungweb.no. Denne nettsida skal vere startsida for alle dei vidaregåande skolane i fylket og blir aktivt profilert av elev- og lærlingombodet. Elevar og lærlingar kan no sende direkte spørsmål til ombodet frå nettsida Det er aukande pågang med handvendingar som kjem frå nettsida på www.ungweb.no, men også frå www.mrfylke.no. 5
Skolebesøk Elev og lærlingombodet driv også informasjonsarbeid gjennom å besøke dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Elev og lærlingombodet har vore på skolebesøk på alle dei vidaregåande skolane i fylket sidan 2006. Nokre skolar tek initiativ fleire gongar i for å få besøk og nokre skolar må ombodet sjølv ta initiativ for å få lov til å komme på besøk. Skolebesøka består gjerne av elevrådsskolering, presentasjon av elev og lærlingombodets oppgåver, motivasjon til elevmedverknad i opplæringa, informasjon om rettar og plikter, elevdemokrati o.l. Nokre skolar har ombodet vore på fleire gonger etter førespurnad frå skolane. Etter profilering gjennom skolebesøk og gjennom skoledagboka som blir sendt til alle elevar og lærlingar, så aukar også mengda av enkeltsaker. Privatskolar Etter nytt vedtak i fylkestinget har elev- og lærlingombodet vore på besøk hos alle dei private skolane i fylket for å gjere ombodsordninga kjent for elevane. Ombodet har også vore i kontakt med alle rektorane for å gjere stillinga kjent. Dei blir også invitert til samling for elevrådsleiarar- og nestleiarar og får tilsendt skoledagboka. Distribusjon av årsmeldinga Årsmeldinga blir laga for rapportering til fylkestinget. Den vil også bli lagt ut på nettet og sendt til viktige samarbeidspartar, som f. Eks Ungdommens fylkesting. Anna informasjonsarbeid Elev og lærlingombodet har gjennom denne perioden haldt innlegg i mange forskjellige fora. Dette blant anna på lærlingsamlingar, på Ungdommens fylkesting, hos ungdomsråd og andre arenaer kor ombodet kan treffe ungdom under vidaregåande opplæring. Media Elev og lærlingombodet har også dette skole vorte synleggjort i media. Ombodet ser at media følgjar med på saker som ombodet er involvert i. Skoledagbok Elev og lærlingombodet har gitt ut Skoledagboka for fjerde på rad. Skoledagboka er fri for reklame og blir delt ut til alle elevane og lærlingane under vidaregåande opplæring i fylket. Elevane fikk den utdelt ved skolestart og lærlingane fikk den tilsendt i posten litt seinare. Boka blei trykt opp i 14 000 eksemplar i 2012 og har hatt ei stor effekt, spesielt blant lærlingane. Det har vore auka pågang av elevar og lærlingar som tek kontakt, etter boka blei sendt ut. Skolane har vorte flink til å ta i bruk boka, og fortel elevane kva nytte dei kan ha av boka. Det er også lærerar som tek boka i bruk. Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører for tida ei undersøking for å finne ut korleis satsinga på ungdom og medverknad blir opplevd av ungdom i fylket. For å kunne evaluere korleis skoledagboka blir brukt får ungdommane spørsmål om boka gjennom undersøkinga Men det er framleis utfordringar. Kvart år blir det gitt ut ei skoledagbok til skolane, som er fylt med reklame. I følgje opplæringslova har ikkje skolane lov til å gje ut denne boka jf. opplæringlova 9-6. 6
9-6. Om reklame i skolen Skoleeigaren skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter. Likevel får ombodet tilbakemelding om at skolar deler ut denne boka. Det er skoleeigaren sitt ansvar at skolane ikkje distribuerer denne til sine elevar eller på annan måte gjer reklamedagboka tilgjengeleg for elevane. Fylkesutdanningssjefen og ombodet har i samarbeid understreka dette ovanfor skolane. Kokeboka Oppskrift til eit fungerande elevråd Elev og lærlingomboda i landet har gått saman om å lage ei nasjonal elevrådshandbok. Kokeboka blei lansert og delt ut ved skolestart hausen 2009. Kokeboka har blitt delt ut på elevrådssamlingar. Elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal har vore med på å skrive nokre av kapitla i boka. Kokeboka For elevrådskontakten Elev og lærlingomboda i landet har også gått saman om å lage ei nasjonal håndbok for elevrådskontakten på skolen om korleis ein kan følgje opp elevråda på ein god måte. Boka blir gitt ut hausten 2013. Elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal har vore med på å skrive nokre av kapitla i boka. E-post til ombodet E-postadressa elevombud@mrfylke.no har blitt oppretta for å gjere det enkelt å ta kontakt med ombodet. Logo Elevar ved Akademiet i Molde har laga logo for elev- og lærlingombodet. 7
Samarbeid Elev og lærlingombodet er avhengig av støtte frå andre instansar i arbeidet med å gjere ombodsstillinga kjent. Det er også slik at ombodet i mange saker treng nokon å diskutere prinsipielle saker med. Ungdomspanelet Ombodet har vore til stades på fleire av møta til Ungdomspanelet og var også med på Ungdommens fylkesting. Samarbeidet har vore godt og vi tek opp saker som er til interesse for ungdom, elevar og lærlingar i fylket. Det er ombodet si oppfatning at Ungdomspanelet er ein viktig kanal for ungdom i fylket. Ungdommens Fylkesting (UFT) Elev og lærlingombodet fikk legge fram si årsmelding for ungdommens fylkesting og har deltatt som møteleiar fleire år på rad. UFT er ein flott arena for å treffe elevar og få vite kva som opptek ungdommane. Ombodet samarbeida også om aktuelle saker som skal behandlast på UFT. Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal Dei fleste vidaregåande skolane i Møre og Romsdal er medlem i Elevorganisasjonen. Ombodet har hatt eit samarbeid med Elevorganisasjonen som har bestått av felles skolebesøk, møte ved behov, diskusjonar rundt saker både av prinsipiell art og enkeltsaker. Elevorganisasjonen har fått gratis informasjon i skoledagboka 2012-2013. Omfang og innhald på samarbeidet varierar frå år til år. Ombodet ser gjerne at samarbeidet hadde vore enda betre. Elev og lærlingombod i Noreg Det er no 17 elev og lærlingombod i Noreg som møtast 2-3 gonger i. Samarbeidet med dei andre omboda har vore positivt for elev og lærlingombodet i Møre og Romsdal. Logo for Elev og lærlingomboda i Noreg: 8
Elev- og lærlingomboda i Noreg, på samling i Stavanger og på møte med Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vår 2011. Representasjon Elev og lærlingombodet er representert i forskjellige fora for å ivareta interessene til elevane og lærlingane. Utdanningsutvalet Elev og lærlingombodet har vore tilstades på nesten alle møta i utvalet og har sidan mai 2008 hatt plass i utvalet med talerett. Ombodet ser dette som ein viktig arena for oppdatering og ivaretaking av rettane til elevar og lærlingar. Yrkesopplæringsnemnda Representasjon i yrkesopplæringsnemnda er noko ombodet ser på som ein viktig del av arbeidet med fagopplæring. Andre fora ombodet har vore representert I tillegg er elev og lærlingombodet representert i fleire andre referansegrupper i Møre og Romsdal fylkeskommune. F. eks: prosjektet Betre læringsmiljø på Romsdal vgs. 9
Elev og lærlingombodets arrangement Kurs for elevrådsleiarar og nestleiarar september 2012 Det vart, som i fjor, arrangert ei samling for elevrådsleiarar og nestleiarar frå skolane. Kurset vart veldig vellykka og elevane ga gode tilbakemeldingar i evalueringa. På samlinga vart det også valt to elevrepresentantar og to vararepresentantar som møter med talerett i utdanningsutvalet. Lærlingsamlingar Skole 2012-2012 har det ikkje vore samling for lærlingar i fylket, men ombodet samarbeidar med utdanningsavdelinga om samlingar for 1. års og 2. årslærlingar 2013-2014. Det er mange lærlingar som ikkje er tilknytt eit opplæringskontor, og det vil vere ein viktig arena for å nå ut til lærlingar å drive førebyggjande arbeid mot heving av kontraktar. Saker som elev og lærlingombodet har jobba med Innhaldet i hendvendingar varierer mykje, men nokre saker går likevel att. Ombodet blir kontakta på telefon, SMS, e-post, Facebook, på skolebesøk og også ved besøk på kontoret. Nokre hendvendingar er enkle å svare på, nokre er svært tidkrevjande. Nokre klagesaker må følgjast opp med klagebrev, møter, oppføljingsmøte og tek lang tid. Ombodet oppmodar alltid den enkelte elev eller lærling om å løyse saka på lavast mogleg nivå. Dersom det ikkje lar seg løyse eller om vedkommande av ulike årsaker ikkje maktar å ta saka vidare sjølv, kan ombodet etter fullmakt representere eleven/lærlingen i saka. Talet på hendvendingar har auka markant frå 2006. Tidlegare har elevane tatt mest kontakt, men etter skoledagboka blei sendt ut til lærlingar har også talet på hendvendingar frå lærlingar auka. Det er ikkje laga statistikk i dei forskjellige fylka, men ut i frå diskusjonar med andre ombod har Møre og Romsdal et høgt tal på saker samanlikna med andre fylker. Alle saker frå 1. juni 2010 1. juni 2013 er registrert i ein database og ut frå denne kan vi generere statistikk: 10
90 1. jun 10-1. jun 11 80 70 60 50 40 1. jun 10-1. jun 11 30 20 10 0 Elevar Lærlingar Andre 60 1. jun 11-1. jun 12 50 40 30 1. jun 11-1. jun 12 20 10 0 Elevar Lærlingar Andre 11
40 1. jun 12-1. jun 13 35 30 25 20 15 1. jun 12-1. jun 13 10 5 0 Elevar Lærlingar Andre Eksempel på hendvendingar frå elevane fråver vurdering klage på karakter klage på lærar klage på vurdering arbeidsmiljø mobbing brot på opplæringslova mangel på vikarar organisering av opplæringa skoleskyss Eksempel på hendvendingar frå lærlingar løn i lærlingtida mobbing på arbeidsplassen heving av lærekontrakt mangelfull oppfølging av læreplan spørsmål knytt til overtid og vikararbeid lån og stipend korleis søke lærlingplass løn ved overtid retningslinjer ved fagprøven skoleskyss mangel på kvalifiserte instruktørar 12
Lærlingar Hendvendingane frå lærlingar har auka, noko elev og lærlingombodet er godt nøgd med. Elev og lærlingombodet ser på arbeidet med lærlingane i fylket vårt som utfordrande. Det er vanskeleg å nå ut til dei og fortelje at dei kan nytte seg av ombodet. Ombodet har deltatt på lærlingsamlingane til enkelte opplæringskontor. Ombodet ser det som svært positivt å bli kontakta av opplæringskontor rundt om i fylket. I tillegg legg ombodet vekt på å fortelje elevane at dei framleis har eit ombod når dei går ut i lære, for dei skolane det er aktuelt. Her finnes det eit større potensiale med å drive enda meir oppsøkjande verksemd. Utdanningsavdelinga besøker VG2-elever når dei skal søkje læreplass, ombodet har vore med tidlegare i år, men har ikkje fått invitasjon til å bli med på s runde. Vidare planar for skole 2013/2014 Elev og lærlingombodet skal forsette informasjonsarbeidet, skolebesøka og vidareutvikle stillinga. Arrangement Elev og lærlingombodet vil vidareutvikle samlinga for leiarar- og nestleiarar som er gjennomført i 2012. I tillegg vil ombodet invitere til eit arrangement under «fylkesplanveka» kor fleire andre arrangement som f. eks Mørekonferansen og Ungkonferanse. Skoledagboka Elev og lærlingombodet vil evaluere skoledagboka og halde fram arbeidet om ny skoledagbok til alle elevar og lærlingar hausten 2013. Skoledagboka skole 2012-2013: 13
Avsluttande kommentar Elev og lærlingombodet ser at arbeidet som blir utført er verdifullt og nødvendig. Talet og omfanget på hendvendingane variera frå år til år. Det er ulik praksis på dei forskjellige skolane og rundt om i dei forskjellige bedriftene. Nokre plassar følg dei lova så godt det lar seg gjere, andre plassar ligg dei i gråsona eller bryt lova. Ombodet er avhengig av at elevar og lærlingar tek kontakt for å kunne avdekke slike lovbrot og hjelpe dei. I nokre tilfelle har ombodet vore med på å forhindre fråfall og mange er svært takksame for at ombodet tek dei på alvor og forsvarar deira sak. Elev og lærlingombodet har fått kontakt med veldig mange lærlingar dei siste åra og ombodet håper dette vil sette lys på kor viktig det er med gode læreplassar og ei god oppfølging av lærlingane. Det er skremmande å sjå kor små konsekvensar det har får den einskilde lærebedrifta som ikkje gir god nok oppfølging til lærlingane. Elev og lærlingombodet vil påpeike at det er viktig at rutinar rundt oppfølginga av godkjente lærebedrifter og internkontroll i bedrifter blir evaluert. Det bør ha konsekvensar dersom man ikkje klarer å gje opplæring med god kvalitet til lærlingane. Klage på lærarar er ei sak som har utmerka seg over fleire år. Nokre av desse klagesakene har også vore av alvorleg karakter, med store konsekvensar for elevane. Mykje går spesielt på dårleg kommunikasjon mellom elevar og lærarar. Ombodet opplev at skolane tek alle saker som kjem frå ombodet på alvor, og er glad for å sjå at skolane er flinke til å ordne opp dersom ombodet tek kontakt. Med vennleg helsing Elev og lærlingombodet Møre og Romsdal fylkeskommune www.ungweb.no Mob: 975 01 202.molvaer@mrfylke.no 14
Vedlegg: aktivitetsplan 2012 Ivareta elevane og lærlingane sine interesser Kven (deltakarar og Delta i råd, utval og møter der elev og lærlinginteressene bør være representert Gjennom heile Rapportere til fylkestinget og presentasjon av ombodet for Juni 2012 det nye fylkestinget Møte i utdanningsutvalet og yrkesopplæringsnemnda Gjennom heile Ta opp aktuelle spørsmål på vegne av elevane og lærlingane Gjennom heile Gi ut Skoledagboka 2012-2013 Kven (deltakarar og Arbeid med innhaldet, inkl. samarb. med fagavdelingane + Anne Berit, Guri/Beate Våren Korrektur og Ingunn Juni Samarbeid med trykkeriet om design og trykking Juni Pakking og utsending. Undersøke om fellestenesta kan ta + resten av adm.seksjon August utsendinga. Informere elevane og lærlingane om deira rettar og Kven (deltakarar og plikter Skolebesøk og kursing av elevråda Primært på hausten Seminar for elevrådsleiarar og nestleiarar September Synliggjere mål og splan/kvalitetsplan for dei vidaregåande skolane for elevane. (i samarbeid med utdanningsavdelinga) Primært på hausten Samling for lærlingar, i samarbeid med fagopplæringa? Styrke elevane og lærlingane sin påverknad i eigen Kven (deltakarar og opplæringssituasjon Informere om tilpassa opplæring og motivere elevane til å ta meir initiativ i skolekvardagen Gjennom heile Ta initiativ til å få delta på skolebesøk med fylkesutdanningssjefen, saman med Per Hoem Våren Leggje til rette for realisering av opplæringslova og forskrifta om elevane og lærlingane sin rett til å delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa Kurse dei tillitsvalte og motivere til medverknad, få dei tillitsvalte til å vere ein rollemodell i klassen Kven (deltakarar og Gjennom heile Konflikthandtering og medhjelpar i enkeltsaker Gjennom heile Vere ei støtte for kollegiet Elev og lærlingomboda Kven (deltakarar og i Norge (ELON) Delta aktivt på samlingar og diskusjonar med elev- og Vår/haust lærlingomboda i landet Vere kontaktledd mellom elevane og Kven (deltakarar og skoleleiinga/skoleeigar mellom lærlingane og bedriftsleiinga Delta på lærlingsamlingar i opplæringskontora Gjennom heile Kokebok for kontaktpersonar for elevråd (saman med andre ombod) Kven (deltakarar og Gjennomføre Questback-kartlegging Januar 15
Delta aktivt på møter i prosjektgruppa Vår 2012 Arbeid med innhaldet i boka Vår 2012 Design, trykking og distribusjon av boka Vår/haust 2012 Informere elevar og lærlingar om elev og Kven (deltakarar og lærlingombodet Profilering av heimeside på www.ungweb.no og utvikling av felles heimeside for alle omboda i Norge Gjennom heile Dele ut brosjyre på skolebesøk og legge ved i kontrakten som lærlingane skriv Primært på hausten Skolebesøk Gjennom heile Delta på lærlingsamlingar Gjennom heile Delta på Ungdommens Fylkesting og legge fram årsrapport Hast 2012 Vere synleg i media Gjennom heile Lage brosjyre om elev- og lærlingombodet Kven (deltakarar og Når/frist Innhente tilbod og vurdere desse Februar/mars Arbeid med innhald og layout og Ingunn August/sept. Trykking og distribusjon Hausten Medhjelpar for elevar og lærlingar i enkeltsaker Kven (deltakarar og Ha god rutine på korleis saker blir mottatt og registrert, og bruke statistikken som blir generert Gjennom heile Jobbe for at elevar og lærlingar får god og effektiv hjelp Gjennom heile Styrke elevråda og demokratiet Kven (deltakarar og Kursing av elevråda Gjennom heile Utarbeide og oppdatere elevrådsperm til septemberseminar September Kursing i val og møteleiing September Lage elevrådspakke til elevrådsleiarane Før/etter sommar 2012 Samarbeid med Ungdomspanelet og delta på møta deira Gjennom heile Revidere Kokebok for elevråd Kven (deltakarar og Revidere innhaldet i boka Vår 2012 Innhente tilbod på design og trykking av boka Vår 2012 Distribusjon av boka til tillitsvalde i elevråd Haust 2012 Prosjekt Gullfisk Kven (deltakarar og 16
Oppfølging av prosjekt gullfisk (akvarium og gullfisk til alle elevråd) Organisere utlevering av ny gullfisk til dei elevråda som ønskjer å starte opp igjen prosjektet og ny presentasjon av prosjektet Gjennom heile Gjennom heile 17