Nord- og Midhordland jordskifterett Rettsbok Sak: 1200-2013-0041 Hammersland Gnr. 45 i Sund kommune Oppstarta: 03.12.2013 Avslutta: 04.12.2013
RETTSMØTE Møtedag: 03.12.2013 Stad: Hammersland i Sund kommune Sak nr.: 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45, Sund kommune Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova 88 Jordskiftedommar: Cathrine Liss Hoddevik, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Partar: Jordskiftedommaren Eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad ved advokat Thomas Nygaard Inngåing av rettsforlik Eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland Eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad Eigedomane ligg i Sund kommune. Til stades: Olav Magnar Hammersland, Lisbeth Kristin Leistad, Thomas Nygaard og Sverre Austegard. Frå jordskifteretten møtte også overingeniør Stig Kogstad. På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var sett saman på. Ingen kjende til noko som kunne tilseia at jordskiftedommaren var ugild. Følgjande dokument vart framlagde: 1. Krav om sak ved jordskifteretten frå advokat Thomas Nygaard datert 03.10.2013 Vedlegg 1. Brev frå Sund kommune datert 23.05.2013 Vedlegg 2. Nabovarsel om oppførte tiltak på gnr. 45 bnr. 18 Vedlegg 3. Merknad til nabovarsel frå Olav Hammersland datert 10.06.2013 Vedlegg 4. Brev på vegne av Lisbeth Leistad til Olav Hammersland datert 19.06.2013 Vedlegg 5. Brev frå Olav Hammersland datert 05.07.2013 Vedlegg 6. Brev på vegne av Lisbeth Leistad til Olav Hammersland datert 09.07.2013 Vedlegg 7. Skyldskifte på gnr. 45 bnr. 18 datert 24.06.1961 Vedlegg 8. 2 utskrifter frå Seeiendom.no 2. Forkynning av krav til Olav Hammersland, datert 14.11.2013 3. Brev frå Olav Hammersland, datert 22.11.2013 4. Innkalling til rettsmekling, datert 28.11.2013 Ingen nye dokument vart lagt fram. 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 1
Eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland og eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad var samde om at forhandlingar om forlik skulle førast. Partane vart gjort merksame på verknaden av eit rettsforlik, under dette at eit rettsforlik har same verknad som ein rettskraftig dom. Det blei etter dette inngått slik: Rettsforlik: Mellom eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland og eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad er det i rettsmøte i dag inngått følgjande rettsforlik mellom våre eigedomar: 1. Grensa mellom gnr. 45/10 og gnr. 45/18 går slik som grensa er merka og innmålt i rettsmøte i dag. Nord- og Midhordland jordskifterett utformar grenseskildring og kart for denne grensa. 2. Området på nedsida av garasja på gnr. 45/18 skal ikkje ha busker ellar anna som er høgare enn 1,5 m. Dette punktet, punkt 2 i forliket, skal gjelde frå i dag 3/12-2013 og 15 år fram i tid. Området er innteikna på kart datert 3/12-2013. 3. To plommebusker og hekk (sydprest) i området på nedsida av garasja på gnr. 45/18 skal innan 1. mars 2014 fjernast av eigar av gnr. 45/18. 4. Eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland akseptera oppsatte bod, i nordvestre hjørne på gnr. 45/18, sin plassering og utsjånad. 5. Dette rettsforliket er ikkje rettsleg bindande for naboeigedomar. 6. Eigar av gnr. 45/18 Lisbeth Kristin Leistad dekker eigne kostnader til juridisk bistand og dei samla jordskiftekostnadane. 7. Vi er merksame på verknaden av eit rettsforlik, under dette at rettsforliket har same verknad som ein rettskraftig dom. Eigar av gnr. 45/10 Olav Magnar Hammersland Forliket er opplest og vedtatt. Hammersland i Sund kommune 3. desember 2013 Eigar av gnr. 45/18 Lisbeth Kristin Leistad Cathrine Liss Hoddevik Jordskiftedommar 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 2
Kopi av kartvedlegg til punkt 2 i rettsforliket, datert 3. desember 2013. Kopien inntatt i rettsboka har ikkje korrekt målestokk. Jordskiftedommaren orienterte kort om vidare sakshandsaming og erklærte rettsmøtet for avslutta og saka utsett inntil vidare. Retten heva. Hammersland, 03.12.2013 Cathrine Liss Hoddevik 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 3
RETTSMØTE Møtedag: 04.12.2013 Stad: Statens hus i Bergen Sak nr.: 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45, i Sund kommune Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova 88 Jordskiftedommar: Cathrine Liss Hoddevik, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Partar: Jordskiftedommaren Eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad ved advokat Thomas Nygaard Grenseskildring, fordeling av jordskiftekostnadar og avslutning av saka. Eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland Eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad Eigedomane ligg i Sund kommune. Til stades: Ingen av partane var innkalla til dette møtet. Følgjande nye dokument vart framlagde: 5. Rettsforlik mellom eigar av gnr. 45/10, Olav Magnar Hammersland og eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad, datert 3. desember 2013. Vedlegg 1. Kart, datert 03.12.2013. 1 Grenseforklaring og målegrunnlag GRENSESKILDRING Jordskiftesak nr. : 1200-2013-0041 Kommune: Sund Vedteken av: Nord- og Midhordland jordskifterett Koordinatsystem: Euref89(WGS84) Sone 32 1. GRENSESKILDRING I den etterfølgjande grenseskildringa er dei oppgitte retningane i henhold til kart nord med 400 gon inndeling av sirkelen. Dei oppgitte avstandane er horisontalmålt og koordinatane refererer seg til Euref89 (WGS84) sone 32. Grensa og grensemerka er teikna på kart nr.125222 i målestokk 1:500. Det er brukt godkjente grensemerke av aluminium påstempla jordskifteretten sitt emblem. 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 4
Ved måling av grensepunkt er det brukt GPS (Topcon) med krav til kvalitet i samsvar med jordskifterettens prosedyre for utføring av RTK måling i områdetype 2,- tetttbygd/utbyggingsområde med kartkvalitet FKB-B. Maksimalt tillatt punktdeformasjon for områdetype 2 er på 0,1 meter. Målte grensemerke skal ha ein målenøyaktighet som skal ligge på 1/3 og mindre av overstående feilgrense. Grense 1 Eigedom til venstre: Gnr. 45 bnr. 18 Eigedom til høyre: Gnr. 45 bnr. 10 Grensa starter i grensa mot gnr. 45/2, og går vidare i retning 11,83 gon til Punktnr Beskrivelse Retning Avstand X-koordinat Y-koordinat 1 JSR jordmerke 6686079,51 282447,43 11,83 17,37 2 JSR bolt i stein 6686096,58 282450,64 328,01 1,53 3 Umerket grensepunkt 6686097,23 282449,26 317,72 29,34 4 JSR bolt i fjell 6686105,30 282421,05 319,86 9,93 5 Grensepunkt i murkant 6686108,34 282411,59 317,46 12,23 6 JSR bolt i fjell 6686111,66 282399,82 315,74 3,87 7 JSR bolt i fjell 6686112,60 282396,07 206,06 7,98 8 JSR bolt i fjell 6686104,66 282395,31 184,34 12,79 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 5
9 JSR bolt i fjell 6686092,26 282398,42 160,18 5,64 10 JSR bolt i fjell 6686087,68 282401,73 Grensa går vidare i retning 146,31 gon til steingjerde i grensa mot gnr. 45/2. 2. Andre avgjerder 2.1 Jordskiftekostnader Jordskiftekostnader og gebyr skal dekkes av partene i samsvar med jordskifteloven 74. På bakgrunn av dette vert kostnadene slik: Registreringsgebyr kr 4.300.- Partsgebyr (1,8 kr. 860 2) kr 3.096.- Grenselengdegebyr (2 kr. 860) kr 1.720.- Grensemerker (8 kr. 75) kr 600.- Sum kr 9.716.- Eigar av gnr. 45/18, Lisbeth Kristin Leistad skal dekke kostnadane i saken, jf. punkt 6 i forliket, datert 3. desember 2013. Kostnadene er som følgjer: Gnr./bnr. Eigar Skal betale Har betalt Skuldar Har til gode kr kr kr kr 45/18 Lisbeth Kristin Leistad 9.716,00 4.300,00 5.416,00 0,00 SUM 5.416,00 Dei pålagde beløpa forfell til betaling 15 dagar frå forkynningsdatoen. Dersom du skuldar pengar vil dette bli krevd inn av Domstoladministrasjonen i eige brev. 2.2 Avslutting av saka Saka blir avslutta i dette møtet. 2.3 Forkynning og mogelegheit for anke Forkynning skjer etter reglane for postforkynning. Fristen for anke er ein månad frå forkynning. Reglane om anke er lagt ved forkynninga. 2.4 Iverksetjing Saka trer i kraft når den er rettskraftig. Saka er rettskraftig når ankefristen er ute. Dersom saka blir anka, blir saka rettskraftig når ankesaka ikkje lenger kan ankast. 2.5 Matrikkelføring Jordskifteretten vil setja fram krav om matrikkelføring av saka, når saka er rettskraftig. 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 6
2.6 Tinglysing Saka vil bli tinglyst på følgjande eigedomar i Sund kommune: gnr. 45/10 og gnr. 45/18. Retten heva, saka avslutta. Bergen, 04.12.2013 Cathrine Liss Hoddevik 1200-2013-0041 Hammersland, gnr. 45 Nord- og Midhordland jordskifterett 7