Teknisk notat Til: Ullensvang Herad v/: John Ove Rørnes Kopi: Fra: NGI Dato: 20. mai 2011 Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Prosjekt: Skredfarevurdering for asylmottak i Kinsarvik, Ullensvang herad Utarbeidet av: Hedda Breien Prosjektleder: Hedda Breien Kontrollert av: Øyvind Armand Høydal Vurdering av skredfare for asylmottak Innhold 1 Innleiing 2 2 Terreng 2 3 Skredfarevurdering 5 4 Forslag til sikring 6
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 2 1 Innleiing På oppdrag frå Ullensvang Herad ved John Ove Rørnes har NGI vurdert skredfaren mot asylmottaket i Kinsarvik og om området stettar krava til nybygg i klasse S3. Synfaring vart gjennomført 2. mai 2011 av Hedda Breien og Øyvind Armand Høydal, begge NGI. Utdrag frå Forskrift om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift TEK10) i Plan- og bygningsloven: 7-3. Sikkerhet mot skred (1) Byggverk hvor konsekvensen av et skred, herunder sekundærvirkninger av skred, er særlig stor, skal ikke plasseres i skredfarlig område. (2) For byggverk i skredfareområde skal sikkerhetsklasse for skred fastsettes. Byggverk og tilhørende uteareal skal plasseres, dimensjoneres eller sikres mot skred, herunder sekundærvirkninger av skred, slik at største nominelle årlige sannsynlighet i tabellen nedenfor ikke overskrides. Tabell: Tryggleiksklassar ved plassering av byggverk i skredfareområde Sikkerhetsklasse for skred Konsekvens Største nominelle årlige sannsynlighet S1 liten 1/100 S2 middels 1/1000 S3 stor 1/5000 Asylmottaket kjem i klasse S3. Lova gjev moglegheit for at faren for bygg og tilhøyrande uteareal reduserast ved fysiske tiltak. 2 Terreng Asylmottaket ligg sørvest for Kinsarvik sentrum, under ei om lag 800 m høg fjellside (figur 1). Fjellsida er for det meste skogkledd, med blandingsskog av blant anna furu, bjørk, or og osp. Terrenget er gjennomsnittleg over 30 o bratt, delt opp i fleire trinn med vertikale og delvis overhengande skrentparti (figur 2). Området asylmottaket ligg på er nokså flatt, men ligg nær fjellsida. Ei vel definert ur endar omkring 50 m bak husa. Nokre meter utanfor denne ura ligg nokre større blokker (opp mot 10 m 3 ). Mottaket ligg på ein rygg der elva har erodert seg ned bakanfor. Under kvart skrentparti oppover i fjellsida ligg det urer, nokre stader med nylege utfall.
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 3 Figur 1 Oversiktskart over området. Asylmottaket avmerka med raud ring. Figur 2 Fjellsida over asylmottaket. Asylmottaket markert med raud ring.
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 4 Figur 3 Området like bak asylmottaket (kvitt og raudt hus) med den næraste skrenten samt ei stor blokk (raud ring) synleg. På same kote ligg det fleire slike blokker. I skogen like bak denne blokka ligg ei veldefinert ur. Figur 4 Venstre: Blokka i figur 2 sett ovanfrå. Asylmottaket i bakgrunnen. Høgre: ura like bak asylmottaket.
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 5 Figur 5 Eksempel frå skrentene i fjellsida over asylmottaket. 3 Skredfarevurdering Alle skredfaretypar er vurdert. NGI ser på faren for steinsprang som dimensjonerande i denne fjellsida. Dei mange skrentpartia, både like ovanfor asylmottaket og lenger oppe i fjellsida, er kjeldeområder for utfall av stein. Det er mindre sannsyn for snø- og jordskred. Steinsprang skjer gjerne om våren og hausten, anten som følge av frysing/tining og rotsprenging eller pga. store nedbørmengder som fører til høgt vasstrykk i sprekkane i fjellet. Frittliggande blokker kan også bli sett i rørsle av slike prosessar. Steinsprang og steinskred beveger seg ved glidning, rulling og sprang. Dei fleste steinsprang stansar i ura og representerer ikkje nokon fare for aktivitetar utanfor. Tal steinblokker som forserer ura er oftast under 10 % av det som dannar ura. Nokre steinblokker passerer ura fordi dei er vesentleg større enn blokkene i ura og lett rullar over ujevnheitar, eller fordi dei har stor fart og sprett forbi ujevnheitane. Dei fleste av desse stansar like utanfor foten til ura og talet avtek raskt utover.
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 6 Figur 6 Eksempel på større steinblokker som har rulla ut i flatt terreng etter å ha forsert ei lang ur. Ljøsne, Lærdal (Foto: NGI). Mange av utfalla frå skrentpartia ovanfor asylmottaket vil stoppe på avsatsane nedanfor kvar skrent. Om lag 180 moh. er det også ein rygg som verkar som ein naturleg fangvoll for blokker frå skrenten over. Nokre større utfall vil likevel kunne nå ned mot asylmottaket. Reknemodellar viser også at dei fleste blokkene stoppar på avsatsane, men at ein ved nokre tilfeller kan få blokker som når inn på området til asylmottaket. Dei store blokkane lengst nede er vurdert å liggje nær grense for skred med sannsyn 1/1000 per år. Vi vurderer sannsynet for skred mot asylmottaket til å liggje mellom 1/1000 og 1/5000 per år. Området stettar dermed ikkje krava til bygg i klasse S3 (1/5000 per år). Dette er vist i vedlagde faresonekart 02. 4 Forslag til sikring For at området skal stette krava for bygg i tryggleiksklasse S3 må det setjast i verk sikringstiltak. Dette kan gjerast i form av ei utgraving (grøft) kombinert med voll på den naturlege avsatsen like bak asylmottaket. Den effektive høgda på sikringstiltaket må vere minst 4 m. Det vil vere gunstig om mesteparten av slaget frå steinblokkene går ned i bakken og ikkje direkte mot den delen av vollen som er plassert over dagens terreng. Vi føreslær difor ei ca 2 m djup utgraving i dagens terreng og at det leggast opp voll slik at den effektive høgda (grop + voll) blir minst 4 m. Det naturlege terrenget kan brukast så sant dette er mogeleg, og ryggen i den nordlege delen av avsatsen forlengast sørover. Det er usikkert kor grunt det er til fjell, slik at den praktiske utføringa må vurderast nærare ved detaljprosjekteringa. Sprenging kan vere aktuelt.
Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 7 Figur 7 Forslag til omtrentleg plassering av sikringstiltak. Erfaring og forsøk tilseier at vollen bør byggast med oppstramma vollside mot fjellsida på 3:1 (72 o ). Dette fordi ein ynskjer å unngå at steinblokker rullar over vollen, men heller reflekterast noko. Rotasjonsenergien gjer at rullande steinblokker lett forserer ei slak vollside. Den oppstramma vollsida kan byggjast som tørrmur eller med gabionkassar. Vollen skal absorbere støyt og bør ha ein viss masse av lausmassar i tillegg. Bruk av gabionkassar på støytsida av vollen gjev ei god energiabsorberande flate. På nedsida (mot asylmottaket) kan vollen ha slak helling, plantast til og gli naturleg inn i terrenget. Fangvollen er vist som prinsippløysing i figur 8. Vollen bør vere 2 m brei i toppen, helle 1:1,5 på nedsida og ha ei 2 m djup utgraving med helling 1:2 ovanfor vollen. Dersom det velgast tørrmur skal denne ha ei effektiv høgd på 4 m og bør vere ca 1 m brei i botnen, 0,5 m brei i toppen og gå 0,5 m djupare enn utgravinga, dvs. at tørrmuren blir 4,5 m høg. I samband med tilbodsutarbeiding for oppsetjing av voll må vollen detaljprosjekterast. Tala kan verte noko endra i detaljplanleggingsfasen.
Figur 8 Prinsippskisse av fangvoll med gabionkassar som gjev ei oppstramma vollside mot fjellsida (ikkje målbar). Dersom vollen fell litt i terrenget kan dette gje naturleg drenering av overflatevatn forbi vollen. Evt. vatn kan ledast inn til naturleg grøft eller forsenking i terrenget for å unngå uønskt erosjon og problem med vatn ned mot bygningane. Dokumentnr.: 20110319-00-2-TN Side: 8
± Tegnforklaring Vurdert område Kartlagt område Oversiktskart Kinsarvik, Ullensvang Skredfarevurdering for asylmottak Dokument 20110319-00-2-TN Utført HBre Kontrollert 0 100 200 OAH 400 m Godkjent Målestokk (A3): 1:4 000 HBre Kart nr. 01 Dato 2011-05-19
± Tegnforklaring Vurdert område Kartlagt område Faresone Nominell årlig frekvens >= 1/5000 >= 1/1000 Skredfarevurdering, faresonekart Kinsarvik, Ullensvang Skredfarevurdering for asylmottak Dokument 20110319-00-2-TN Utført HBre Kart nr. 02 Dato 2011-05-19 Kontrollert 0 100 200 m Målestokk (A3): 1:2 000 OAH Godkjent HBre
Kontroll- og referanseside/ Review and reference page Dokumentinformasjon/Document information Dokumenttittel/Document title Vurdering av skredfare for asylmottak Dokument nr/document No. 20110319-00-2-TN Dokumenttype/Type of document Rapport/Report Teknisk notat/technical Note Oppdragsgiver/Client Ullensvang Herad Emneord/Keywords steinsprang Distribusjon/Distribution Fri/Unlimited Begrenset/Limited Ingen/None Dato/Date 2011-05-20 Rev.nr./Rev.No. 0 Stedfesting/Geographical information Land, fylke/country, County Hordaland Kommune/Municipality Ullensvang Sted/Location Kinsarvik Kartblad/Map 1315 I Ullensvang UTM-koordinater/UTM-coordinates Sone 32 N6695089 E374032 Havområde/Offshore area Feltnavn/Field name Sted/Location Felt, blokknr./field, Block No. Dokumentkontroll/Document control Kvalitetssikring i henhold til/quality assurance according to NS-EN ISO9001 Rev./ Rev. Revisjonsgrunnlag/Reason for revision Egenkontroll/ Self review av/by: 0 Originaldokument HBre OAH Sidemannskontroll/ Colleague review av/by: Uavhengig kontroll/ Independent review av/by: Tverrfaglig kontroll/ Interdisciplinary review av/by: Dokument godkjent for utsendelse/ Document approved for release Dato/Date Sign. Prosjektleder/Project Manager Skj.nr. 043