Ferje-opprør. Driftstoggen i ruta Årvik -Koparnes kan vere dropen som gjer at begeret endeleg renn over. No kan det sjå ut til at ein også vaknar



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsplan for Hare November

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

INFORMASJON om førestellinga:

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Til deg som bur i fosterheim år

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

mmm...med SMAK på timeplanen

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Stemnehandboka for NKSF

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Valdres vidaregåande skule

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

5. Soknerådsmøte mai Referat

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

M/S NYBAKK SI HISTORIE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Brødsbrytelsen - Nattverden

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Frå dikt til teikneserie

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

MEDLEMSINFO. august 2009

Sandeid skule SFO Årsplan

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kva er økologisk matproduksjon?

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Samansette tekster og Sjanger og stil

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Transkript:

1 SYNSTE MØRE TORSDAG 23. 23. SEPTEMBER 2010 Vi forhandlar: TORSDAG 23 SEPTEMBER 2010 NR 34 ÅRGANG 41 DENNE VEKA Teknologi i særklasse Onshore FishTec AS med færøyingar og vanylvingar i spissen har utvikla løysingar innfor landbasert oppdrett som kan verte revolusjonerande på verdsbasis. Sterke kapitalinteresser har og tru på det som kan verte storindustri med base i Vanylven. SIDE 7 Ferje-opprør Driftstoggen i ruta Årvik -Koparnes kan vere dropen som gjer at begeret endeleg renn over. No kan det sjå ut til at ein også vaknar på fylkesplan. Leiar i samferdselsutvalet, Frank Sve, krev alle kort på bordet. SIDE 4 og 5 Markerte jubileum Jubileum kjem av eit hebraisk ord som tyder å blåse i horn, forklarte sokneprest Svein Kvamsdal under høgtidsgudstenesta i Dalsfjord kyrkje søndag. Og det høver godt - for hundreårsjubileet har vore feira med song og musikk gjennom heile året. Denne helga var så visst ikkje noko unnatak med konsert laurdagskvelden før den høgtidssame markeringa i kyrkja søndag. SIDE 9 Hoppande glade TV-profilar Denne nyttårskvelden vil det nok verte rekordmange vanylvingar som benkar seg for å sjå NRK Super på Barne TV. Då kjem episoden som no er spela inn i serien Her er eg, der Kristina (t.v) og Andrea Løvold (8 år laurdag) går nyttårsbukk i Åheimlida. Men det kan fort bli fleire TV-stjerner frå området vårt. Mange har vore på audition for roller i barnetv-serien "Vaffelhjarte". SIDE 6 www.synste.no

FØDDE DØDE 2 HELSINGAR Ivar Slagnes, Slagnes, døydde 16. september, 72 år gammal. INNSAMLING Demensaksjonen 2010 Kari Ristesund stikk innom og vil takke både dei som ga pengar til dette viktige arbeidet, og til dei som stilte opp og gjekk rundt med bøsser. Vi snakkar naturlegvis om Demensaksjonen 2010. Det var helselaga i kommunen som sto for innsamlinga. Hakallestranda helselag fekk inn 5.517 kr, Åheim Helselag 7.722,50. Eidså har ikkje helselag lenger, men der vart det likevel samla inn 4.985,-. Rovde Helselag fekk inn 5.630, Syvde Helselag 8.408,50 og Helselaget Vårsol på Fiskå kr. 19.468,50. Den samla summen som uavkorta går til Demensaksjonen, vart kr. 51.731,50. I fjor var summen 39.903 og året før der igjen 33.556,50. Så igjen, tusen takk til alle for den flotte innsatsen, seier Kari Ristesund. TAKK Tusen takk for gåver og helsingar til 60 års dagen min. Gunnar Krokå Robin V. Vedvik Gratulerer tenåringsguten min med dagen sin på torsdag 23.09 Håper dagen blir super for dei:- ) Stor klem fra mamma Gla i dei :-) Agnes Ekremsæter 80 år! Vår spreke og snille mamma ble hele 80 år i går 22.9. Vi takker for ei koselig feiring i lag med deg i helga! Stor bursdagsklem frå alle dine. Kristoffer Velle Kvalsvik Vi vil gratulere broren vår med 18 års dagen, 27. september :D Lykke til me hybelbuing og lappen :) Stor klem frå alle sammen heime Vår alles kjære Atle Midtbø fyller 50 år den 24. sept. jubilanten og nokre av gratulantane blir bortreist på dagen (Riga) lukke helsinger sendes på sms den dagen. Atle Knut Midtbø 50 år :-)) Gratulere me dagen til en strålande ektemann og far :-)) Håpe du får ei super feiring i Riga! Helsing frå Seterjenta og begge karane dine Atle Midtbø Gratulerer so mykje med 50 års dagen din imorga den. 24. sept. Beste helsing mamma og systene dine med familie. Ronja Seline Sande Vi vil gratulere den snille og gode storepiå vår med 8-års dagen! Vi er veldig glade i deg. Gode klemmar frå Lea, mamma og pappa. Bonnie og Mira, nusse og puseliv. Torill Velle og Frank Willy Utgård Vi vil gratulere tanta og onkelen vår så masse med dagane 22. og 23. september:) Stor klem alle sammen på Fiskå, Jessheim og Flisneset Sunniva Velle Vedeld Hjelp, du he blitt TENÅRING!!! kor fort tida går! E ikke lenge sia ej trilla di i vogn og dolla me di:) Gratulere so mykje me 13 års dagen snuppa :D Håpe du får en fin bursdag og lykke til vidare på ungdomsskulen! Stor bursdagklem Isabell Sunniva Velle Vedeld Vi vil gjerne få gratulere den flotte jenta vår med 13-års dagen den 24. september. Klem frå bror, mamma og pappa, mormor og morfar, farmor og farfar. Svein Tore Velle Vi vil gratulere verdens beste onkel med 30 års dagen :D Håpe du får en knall bursdag ilag med tante på Jessheim:) Vi e alle glade i dej;) Stor klem Fiskå - Flisnes og Hundeivikgjengen Knut M. Myklebust fyller 90 år 23. september. Ein elegant 90-åring med stokk og mange talenter, er ofte på reise med buss og fly, heia fram AAFK til gull i finalen i Oslo, vitjar gjerne slekta både i bygd og i by. Forteljer frå nær og fjerne tider. Er sterk og modig og arbeider gjerne. Har alltid ein vittig replikk på lur. I bulega saman med Lilly Sigvarda har han koselige dager. Snart skal han feire sin 90 årsdag med slekta på Loen. Vi håpar du får ei fin feiring av dagen i Sykkylven, og vi gler oss alle til ei flott feiring på Loen. Gratulerer med dagen og vi er stolte av deg. Helsing Sykkylvsgjengen. Knut Myklebust Kjære, gode oldefaren vår. Gratulerer så mykje med dei 90 år. Store klemmar frå Matilde, Olai, Kristian, Hanna og Thea. Hipp hurra for tøffingen og sjarmøren vår, Joakim Mathias Røys Stave som fylte 5 år, 22. september. Håper du hadde ein flott bursdag. Mange klemmar frå Renate Amalie, Susann Eline, mamma og pappa Hjarteleg takk for gode ord, hjelp og støtte, blomar og helsingar i høve mor vår, Oddrun Holsvik, sin bråe bortgang. Også tusen takk for minnegåva til Fredtun på heile kr. 5.330,- Kjærleg helsing til alle frå Ragnhild, Bodil og Magne m/familiar. KYRKJA Søndag 26. september Inga gudsteneste i kyrkjene i Vanylven. Dalsfjord kl. 20.00: Sokneprest Evy Kvamsdal. Presentasjon av konfirmantane. Takkoffer: Sjømannskirken/ Norsk kyrkje i Utlandet. Ervik kl. 11.00: Sokneprest Kari Leine Balog. Hausttakkefest. Selje kl. 20.00: Sokneprest Kari Leine Balog. Tomasmesse. Søndagsskule Fiskå, skulen, kl. 10.30 Matilde Ekremsæter Vil gratulere den kjekke tanta mi med 8 års dagen 24. september. Glad i dej:) Kos og klem fra Olivia:) Resten av gjengen helser også! Gine Seland Hellebust Vil gratulere verdens beste jente med 22 års dagen:) Feiringa fe vi ta igjen når praksisen e over :) Kjempe gla i dej <3 Klem Isabell Turid Velle Hipp hurra, mormora vår fylle år den 24. september ;) Gratulere så masse me dagen! Vi e glade i dej;) Klem alle barnebarna dine Sosialt samvær i Syvde Sosialt samvær sa du? Ja,nettopp. - Sist laurdag altså. Nei, ikkje om kvelden!.- Det var på beste dagtid. Frå kl tre til seks. Ja, nettopp. Vi har hatt gåande desse treffa ei tid. Ein gong i månaden.- Nei, du har ikkje visst om det. Jau, det var kjentgjort. Ei lita annonse i Synste Møre. Denne gongen var det spesielt. Jau det var det! Vi hadde besøk av Brødrene Fløtre frå Lauvstad. Alle fem altså. Og så ei syster. Dei hadde berre ei, altså. Ei på deling! -- Og så voks dei opp på ein gard oppe på Nakkja. Kort veg til Syvde. I luftlinje, altså! - Dei voks opp med eit Haugenorgel, anno 1904. Ei gullgruve for ein barneflokk frå 30-åra. Som hadde anlegg og trott. Så Haugen-produktet måtte på slippen fleire gonger! Men så vart det fleire instrument etter kvart. REFERAT BRØDRENE FLØTRE: Vi har ikkje bilete frå samkoma i Syvde, men her er Fløtre.Brørne er her fotografert under ei tidlegare vitjing i Vanylven Dette var berre begynnelsen. Den siste fortsettelsen var altså sist laurdag. I Bygdestova i Syvde. Ein uvanleg gild ettermiddag, med musikk og song over ein lav sko. Og eit interessant historieglimt i ord og bilder frå vår nære fortid. Og ord til ettertanke. Og ei romsleg, sosial kaffistund. Eg gjev meg ikkje til med å spesifisere meir. Du kan spørje dei som var der! Vi storkosa oss! RV

DØYPTE KINO Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. 3 Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr 22. APRIL Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo. Telefon 22 41 56 80 Telefax: 22 41 19 80 William Eikrem Nordmark vart døypt i Syvde kyrkje 11. juli. Foreldra er Kamilla Eikrem Nordmark og Kjetil Nordmark. Ulrik Andre Thunem blei døypt i Vanylven kyrkje 5. sept. Foreldre er Ingunn og Vidar Thunem, Fiskåbygd Kvar er kvalitetskrava? Dei mange driftsstogga for ferjene vi har opplevd siste tida, har vekt harmen i folk. Ikkje berre opplever ein trasige hindringar i vegen når ein skal ut og reise. I tillegg får ein ei kjensle av å vere ein salderingspost ein kan skalte og valte med det er ikkje så nøye. Slik opprører folk. Med rette. * Og som det så ofte er i slike saker: Ikkje berre er det vanskeleg å få henge bjølla på katten. Det er minst like vanskeleg å finne katten! Det er lettare å blåse seg opp og seie at no må ein kvan ta ansvar enn å stige fram og verkeleg ta ansvaret. * Hovudproblemet synest å ligge i at ein ikkje har greidd å bygge konkrete kvalitetskrav inn i anbodsdokumenta, men hatt hovudfokus på økonomisk vinning. Annleis er det vanskeleg å forstå når eit selskap kan gå ut med ein slik serie av ulike driftsvanskar som det vi har sett siste tida. * Konsekvensane av slike stadige vanskar er at folk misser tilliten til både selskap og transportveg. Trafikken tek nye vegar, bort frå usikre ferjesamband der ein kan risikere å bli ståande att på kaia. I sin tur førar dette igjen til lågare prioritering av sambandet for folk vel då andre vegar! * Det blir hevda av folk som sit slik til at dei burde vite det, at ein denne gongen har fatta alvoret. Gjev det var så vel! Vidar Parr RESERVE: Fjord1-ferja Solnør er no leigd inn som reserveferje i Åravik - Koparnes (FOTO: Kjell Brenne) Leon Jøsok vart døypt i Vanylven kyrkje 5. september. Foreldre er Elise Sandvik og Tom Jøsok. Første onsdagen kvar månad Første onsdagen i månaden --- kva er det med den? Jau, då legg Vanylven sokneråd opp til temakveldar på Misjonshuset på Åheim! Vi tenkjer oss eit opplegg tilsvarande dei såkalla Alfa-kursa. Det vil seie at vi får undervisning om eit emne, og at det vert sett av god tid til samtale og utveksling av synspunkt. Tema vil dreie seg om det som har med kristen tru og kristent liv å gjere, og vil veksle mellom sentrale punkt i vår tru og dagsaktuelle spørsmål. I tillegg til det saklege innhaldet må også ramma kring det heile nemnast. Vi satsar på at vi skal ha det triveleg i lag desse kveldane, og difor vil kveldsmaten vere ein viktig del på kvart samvere. Det vert utarbeida ei lita brosjyre med oversikt over dagar og tema. Men no veit du allereide dagane: det er første onsdagen i månaden, altså. Ein treng ikkje vere fast kyrkjegjengar eller vere samd med alle hine for å bli med på desse temakveldane. Det gjer det heile berre meir spennande om vi får bryne oss litt på kvarandre sine synspunkt. Såleis er temakveldane på Misjonshuset på Åheim opne for absolutt alle. Og altså --- det er den første onsdagen i månaden det skjer. sjs Endå eit åløkje? Ikkje før har vi med god hjelp løyst ei fiskegåte frå Syltefjorden, før det dukkar opp ei til. VIDAR PARR Eg har fiska mykje makrell i mi tid, men aldri fått ein slik. Om det er eit åløkje av arten, for å nytte ordet Marie Lovise nemnde i avisa, eller om det er eit kvart anna, veit eg ikkje, seier Jon Sylte. Vi tek fram gardintrapp, tommestokk og fotoapparat. Ved hjelp av trappa får vi manøvrert oss i høgde til å få biletet av fisken. Tommestokken fortel at han er vel 53 cm. Jon har vege fisken. 1,7 kg viste vekta. Vi skjer også eit kutt i kjøtet for sjekke at det kvitt. Det er det. Vi registrerer at stripene langs ryggen er annleis enn hos dei vanlege makrellane. Jon har heldigvis eit par spor- og hovudlause eksemplar av dei i ein plastpose i bilen. Internett fortel oss at makrellen kan blir ofseleg stor, faktisk 10-12 cm lengre enn det beistet vi har liggjande på disken. Men så var det desse stripene. Vår konklusjon Vår fiskekyndige journalist fekk hard medfart sist i saka om brisling eller sild, som altså viste seg å vere ein sardin. No er han lysten på revansje, og kastar seg over intense stu- diar på nettet. Utpå ettermiddagen er konklusjonen klar: Dette er ein stripete pelamide ein art i makrellfamilen. Denne fisken er det mykje av i Stillehavet der han gjerne blir kalla bonito. Han var til dømes svært vanleg føde på Kon-Tiki. Fisken FISK FISKEN plassert på disken i Synste Møre - går nesten frå side til side i ei oppslegen avis. 1,7 kg veg han og vel 53 cm måler han frå spord til snute. Og apropos snute, så er kanskje dei kvasse tennene synlege i den forstørra versjonen av hovudet vi har teke med. STRIPENE er annleis enn på vanleg makrell. Det ser vi tydeleg då Jon hentar ein "vanleg" makrell og legg ved sida av storfisken. SJEKKA kjøtet gjorde vi og. Men det var "markellfarge". kan bli opptil fem kilo og nærme seg meteren i lengde. Men som han seier: Eg veit ikkje om eg torer skrive det. Stadfest på TV Så ringjer Jon igjen fredagskvelden. På TV har dei vist ein fiskar på Sørlandet som har fått nett denne fisken - og her har altså journalisten fått uventa hjelp og støtte. Så då spør vi. Er det følrste fangst nordom Stadt - eller har andre fått bonito i båten?

Turvegen fekk vass-skade 4 Vanylven Utvikling AS gir fleire sjansen til å bli med: Vil utvide aksjekapitalen Vanylven Utvikling utvidar fristen for å teikne aksjar i selskapet til 30.november. Vi gjer dette for å få å gi endå fleire verksemder sjansen til å bli med i selskapet, seier styremedlemene Karin Helgøy og Hildegunn Knardal. VIDAR PARR Det er mange verksemder som er med i Vanylven Utvikling AS. Utifrå prinsippet om at saman er vi sterke, ønskjer likevel styret å ta ein ekstra runde for å prøve å få med endå fleire. Difor har ein vedteke å utvide fristen for teikning for nye aksjonærar, seier Karin Helgøy og Hildegunn Knardal. Aksjeselskap Både store og små verksemder er viktige å få med. Kanskje dei store tenkjer at dei er godt etablerte og ikkje treng eit slikt forum. Men vi treng dei som har tyngde. Og for dei store bedriftene er dei små viktige. Det vert eit fattig samfunn om dei små forsvinn. Derfor er det viktig at alle blir med til felles beste, seier Karin Helgøy. Vanylven Utvikling AS er ein interesseorganisasjon for næringslivet drive som eit aksjeselskap eigd saman med Vanylven kommune. Næringsdrivande skal eige 60 % av aksjane i selskapet. Ein aksje kostar 1000 kroner, og for dei minste kan ein aksje vere nok. Kvifor? Dei to i styret ser at verksemda har klare fordelar av å vere med i Vanylven Utvikling AS. Forutan AKSJETEIKNING: Hildegunn Knardal og Karin Helgøy er begge med i styret for Vanylven Utvikling AS. No utfordrar dei store og små verksemder i Vanylven som enno ikkje har kjøpt aksjar til å gjere det dei koamnde vekene. den mulegheita til påverknad som ligg i ein slik organisasjon, nemner dei: Tilgang på kurs til redusert pris, eit nettverk som kan auke kompetansen, gi auka samhald og samhøyrigheit for store og små verksemder som driv næring i lokalmiljøet og få tilgang til fellesarenaer som gir mulegheit til støtte og trivsel i kvardagen. Eg vil og særskildt nemne ein gjennom det som kallast SMB-prosjektet kan få gjere seg nytte av profesjonelle konsulentar for å hjelpe og utvikle økonomien til bedriftene, seier Hildegunn Knardal. Sterk har Tysdag morgon stengde Tide ferjesambandet Årvik Koparnes. Ferja "Austevoll" vart teken ut og sett inn på sambandet Larsnes Åram Voksa Kvamsøy. Ein heil dag med driftskvile på hovudsambandet på fylkesveg 61 har sett sinna i kok, både blant reisande og politikarar. KJELL BRENNE Dei som tysdag morgonen var oppe tidsnok og fekk med seg lokalnytt på NRK fekk der vite at Koparnesferja var innstilt inntil vidare og at Lauvstad- og Åramferja var alternativa. Mange fekk derimot ikkje vite noko før dei kom til Koparnes og fekk sjå ein enkel plakat om at ferja var innstilt. Mange vart frustrerte over ferjekaoset som oppstod og mange måtte innsjå at dei ikkje nådde fram til avtalte tider. Bakgrunnen for ferjestansen på Koparnes skuldast at ferja "Os" på sambandet Skjelten Lepsøya Haramsøya fekk problem og måtte takast ut av trafikk. Tide si resserveferje var på reparasjon. "Austevoll"vart teken ut av Kopanesruta og dirigert over på ruta på øyane. Ferja her "Kvam" vart sendt nordover. Denne er klassifisert for å tole ei meir havstri rute som på Haramsøya. I den forvirra situasjonen som oppstod tysdagsmorgon, vart det også problem på rute 01. Det hopa seg opp bilar på ferjekaiene på Larsnes og Åram og "Austevoll" måtte inn med ekstraturar for å ta unna. Det første også til at "Austevoll" måtte dryge ut med turane til Voksa og Kvamsøya. Først i halv-sekstida på ettermiddag var ei ny reserveferje på plass på sambandet Årvik Koparnes. Det var ferja "Solnør" som Tide leiger frå Fjord 1. Denne ferja vil gå i sambandet denne veka. KAOS: Måndagsmorgonen var det kaos igjen. Dette biletet er teke på Åram der køane vaks av bilar frå Koparnes som skulle over fjorden. (FOTO: Endre Vorren, Vestlandsnytt) Løvoll meiner det går på tillten laus: Aldri vore så ille Krev betre samkøyringar Formannskapa i Sande og Vanylven krev eit utvida og forbetra ferjetilbod på Årvik Koparnes og Larsnes Åram Voksa Kvamsøy. Dei hadde saka føre på fellesmøtet forrige veke. På Årvik Koparnes gjeld det å få "tetta" dei to opphalda på dagen med ferjeavgangar. Det gjeld i tidsromet mellom klokka 9.30 og 10.30 og mellom 13.30 og 14.30 frå Koparnes. Det blir også kravd ein seinavgang frå Årvik klokka 00.15 og at ferja vert liggande på Koparnes i beredskap, klar til å ta "flyferja" frå Koparnes klokka 4.45. Formannskapa var også opptekne av å få betre tilpassing mellom dei to sambanda slik at det eine kan nyttast når ferja i det andre sambandet ikkje går/ har pause. Per Arne Lillebø (Sa-KrF) meinte næringslivet burde få fram ein enkel informasjonsfoldar, slik dei har gjort det i Sogn og Fjordane. Det vart av Helge Støylen (Sa- Tverrpol.) påpeika at folk på øyane må ha eit ferjetilbod dei kan lite på. I deira bedrift på Kvamsøya tek dei ikkje sjansen, men reiser heller til Ålesund dagen før. Vidare at nattferja yrkedagane vert utvida til også å gjelde laurdagar og søndagar. Per Arne Lillebø (Sa-KrF) påpeika at vi er ein del av Helse Midt. Mange brukar flyplasen i Hovden. Det burde vere eit sterkt krav å få flyavgangar derifrå direkte til Trondheim. Kjell Martin Vikene (Sa-Ap) påpeika at Timeekspressen frå Volda/Ørsta burde gå gjennom Eiksundsambandet til Ulstein Hareid og at bussruter frå ytresøre korresponderer med denne. Det handlar om eit rettmesig tilbod i ein region på 25 000 menneske. KJELL BRENNE Varaordførar Magne Løvoll vil ha slutt på ferjekaoset. No må nokon ta ansvar. Dette går på tilliten laus for vårt viktigaste ferjesamband, krev Løvoll, som denne veka fungerer som ordførar i Vanylven. KJELL BRENNE Løvoll som ikkje bur så langt unna ferjekaia på Koparnes, kan ikkje minnast ein så omskipla ferjesesong med så mange rokkeringar og ombyte på grunn av ferjekluss. Han meiner det har bygt seg opp ei

Asfalt i Brudevika 5 300 på dansen me over Tide-stans Beklagar sterkt Regionsjef for Tide, Ronny Vågsholm, beklagar veldig sterkt driftsstansen på Koparnes Årvik tysdag. som no SOLNØR er leigd inn i sambandet Årvik - Koparnes. Reserveferja skulle ver på plass straks, seier varaordførar Magne Løvoll. tillitskrise blant trafikkantane til dette ferjesambandet, noko som også fører til at reisande omgår dette sambandet. Dette viser også att i nedadgåande trafikktal. Han er heilt samd med Frank Sve (sjå eigen artikkel) i at det no må på plass ei reserveferje. Dette er hovudåra her på ytre, ein viktig lekk på strekninga Ålesund Nordfjord og eit samband både lokalbefolkninga og næringslivet er avhengig av. Då blir det for enkelt å vise til Åram-Larsnes og Lauvstadferja som alternativ. Gong på gong opplever Årvik-Koparnes å vere salderingsposten når problema oppstår. Dette finn vi oss ikkje i lenger, seier ein bestemt Løvoll. Han er forferda over at Koparnessambandet har vore stengd ein heil dag på grunn av for lite ferjekapasitet. Løvoll viser til den svekka tilliten til Koparnes-ferja etter mange avbrot. I dag er det mange som ikkje tek sjansen på at ferja går som normalt om morgonen, men reiser heller til Ålesund kvelden før og overnattar der. Her er ei rekkje folk i distriktet som er bundne opp til avtalar og som er avhengige av eit sikkert ferjesamband. Då er det svært så lettvint å berre rykkje bort ferja og vise til omkøyringar som i praksis fører til nye problem på dei sambanda. Er det slik at heildagsavbrotet på Årvik Koparnes ikkje får konsekvensar for Tide, er kontrakta dei har med Statens Vegvsen og som fylket no har overteke som er altfor dårleg. Det må krevjast i slike tilfelle der Tide har problem med å skaffe reserveferje at fylket grip inn og syter for å få leigt inn ei erstatningsferje frå eit anna stabilt selskap som umiddelbart kan ta over og drifte sambandet, påpeikar Løvoll. Sve om ferjefarsen på ytre-søre: Fylket må ta grep -Viss Tide utan vidare kan stenge eit riksvegsamband som Årvik-Koparnes utan at det får konsekvensar, må Statens Vegvesen stillast til ansvar. Leiaren i samferdselsutvalet, Frank Sve, er lei ferjerotet og vil be fylket rydde opp. KJELL BRENNE Sve er rett og slett sjokkert over den behandlinga trafikkantar er ute for når ferja i eit hovudsamband på ytresøre blir nappa bort ein heil dag. Han kjem med flengjande kritikk. Ei arrogant haldning med null respekt for reisande. Slik kan vi ikkje ha det. No får vi gå kontraktane som Statens Vegvesen har inngått med Tide grundig etter i saumane og sjå om her er kontraktbrot. Har selskapet alt på sitt tørre og innanfor inngådde avtalar, er det Statens Vegvesen som må stillast til ansvar, fastslår Frank Sve (biletet). Samferdselsleiaren er oppteken av å ta nødvendige grep for å sikre stabile og akseptable ferjetilbod. Vi opplever no same sirkuset med Tide som vi hadde med Fjord 1 i sommar. Då måtte fylket inn med fem millionar for å få på plass to nødvendige reserveferjer. Denne gongen er det Tide. Samferdselsutvalet må ta saka og så får fylketinget løyve dei nødvendige midlane som skal til. Så får vi i neste -Dette er ein situsjon vi så avgjort ikkje ynskjer. Når han først oppstod, hadde vi ikkje anna val enn å ta ut ei ferje. Ei totalvurdering av heilskapen tilsa at dette måtte bli Årvik Koparnes, seier regionsjefen for Tide Møre og Romsdal og Trøndelag. Kor lenge vil den innleigde reserveferja "Solnør" frå Fjord 1 vere her? Vi satsar på at vi skal ha vår eiga ferje "Frafjord" på plass fredag. Ho har vore på reparasjon på Vegsund Slip, men er vonleg i orden att då. Ho vil gå Årvik-Koparnes til "Os" er komen attende i rute nordanfor. Då er "Kvam" tilbake på rute 01 Larsnes Åram-Voksa-Kvamsøy og Austevoll tilbake på rute 02 Koparnes Årvik. Forstår du at folk blir frusterte over så spontane avbrot? -Ja, så absolutt. Skaden på "Os" kom nokså akutt og vi fekk hast for å bøte på dette. Eg skal vidare innrømme at august har vore ein lite hyggjeleg månad med mange ferjekluss, men fram til då har vel ferjedrifta i år vore nokså stabil og lite klanderverdig på ytre-søre, seier regionsjef Vågsholm. omgang sende rekninga til vegvesenet om det er dei som sit med ansvaret for denne elendigheita. Samferdselsleiaren fryktar for at Staten Vegvesen har spinka og spart og forhandla fram lavpriskontrakter og at forbrukarane no får rekninga i form av ein elendig ferjekvalitet. Viss Tide kan ta ut eit hovudsamband utan at det får konsekvensar for selskapet, er det grunn til å setje kontrakta under lupa og sjå om Statens Vegvesen har laga ei kontrakt der ein har kjøpt katta i sekken. For det er no eingong slik at kjøper du ein Lada, så kan du ikkje forvente Mercedeskomfort, kommenterer Sve. Staten har frå 1. januar 2010 overlate ansvar for drifta av riksvegnettet med tilhøyrande ferjesamband til fylket. Sve er redd dei har arva reine søppelkontraktar frå staten. Dette må vi gjere noko med. Når nye kontraktar skal inngåast. må akseptabelt reservemateriell og sikker driftsstabilitet vere eit ufråvikeleg krav, understrekar Sve.

Endringar i vallova - lokalt syn på saka Ein del forslag frå Kommunal- og regionaldepartementet til endringar i vallova har vore ute til høyring. Dette har vore handsama også i Vanylven. Det forslaget som har gitt mest diskusjon og som kanskje flest er opptekne av, er forslaget om at: Ein kandidat kan be seg friteken frå å stå på valliste ved kommunestyreval og fylkestingval dersom vedkomande legg fram erklæring om at han/ho ikkje sympatiserer med vallista. I utgreiinga frå departementet vert det vist til at det å måtte stå på ei liste og kunne verte vald mot sin vilje kan vere i strid med FN sine konvensjon for menneskerettar. I Vanylven kommune sitt svar til høyringa trekk ein fram at det å nominere berre kandidatar som er spurde føreåt kan gjere at dei som står på listene er meir motiverte og villege til å ta på seg verv. Samstundes ser ein mellom anna ein fare for at mindre kommunar kan få vanskar med å stille nok personar på listene og at det kan verte færre lister. Totalt sett finn ein at argumenta for å kunne be seg friteken er større enn argumenta mot forslaget og støttar det som er lagt fram. Ein seier seg og samde i forslag som går på tidspunkt for innlevering av lister og krav til forsegling av valurner. Derimot gir ein tilbakemelding på at ein ikkje meiner listekandidatar bør utelukkast frå val til røystestyra. Ein rapport frå OSSE peikar på at dette gjer at interessekonfliktar kan oppstå. Her skriv kommunen: Det er godt mogleg at dette er problematisk i land med relativt skjøre demokrati. Med dei demokratiske tradisjonar og respekten for sjølve valet som vi har i Norge, kan vi ikkje sjå det skal vere grunnlag for å gjere endringar her, sjølv om vi forstår problemstillina frå OSSE. Her i kommunen, som i mange kommunar i landet, er det vanleg at listekandidatar og sentrale politikarar utgjer ein del av røystestyra. Dette er personar som har kunnskap om val, har forståing for det arbeidet som ligg i å avvikle val og er sentrale ressurspersonar i lokalsamfunnet. Det fungerer godt og vi opplever det ikkje som problematisk. OLE MAGNE KVALSVIK Håpefulle vanylvingar og andre er for tida inne til prøvefilming for hovudrollene i TVserien med utgangspunkt i boka Vaffelhjarte av Maria Parr. 6 Med TV-skjermen i sikte Mange unge vanylvingar håpar i desse dagar å kome på fjernsyn. For Andrea og Kristina Løvold på Åheim er innslaget alt i boks. OLE MAGNE KVALSVIK Dei fleste vil kjenne til serien Her er eg frå Barne-TV. Eva Westvik i NRK Sogn og Fjordane har sidan 2004 laga 39 av desse små portretta av born i kvardagslege situasjonar. No er tolv nye episodar spelte inn og skal sendast på NRK Super utover hausten og våren. Den første gjekk alt måndag som var. På nyttårsaftan I ei av episodane, som skal sendast nyttårsaftan, er det tvillingsystrene frå Åheim det handlar om. Og innslaget er spelt inn nettopp på nyttårsaftan i fjor, der dei to jentene går nyttårsbukk i byggefeltet i Åheimlida i lag med vennar. Dei var her og filma frå klokka tre til halv tolv om kvelden, så det var to stuptrøytte jenter som gjekk til sengs, fortel mor, Lilli Ann Bakkebø. Ho fortel at det var heilt tilfeldig at Kristina og Andrea vart plukka ut. Vi var på ein campingplass på Lom, og der var også Eva Westvik med dottera si, og så kom ho bort og spurde om vi kunne tenkje oss at dei vart med i serien. OLE MAGNE KVALSVIK Denne og førre veke har fleire hundre unge frå heile Sunnmøre vore inne til ein første audition for å verte plukka ut til dei to rollene. Mellom dei som har prøvd seg er også fleire titals unge frå Vanylven, og det vil nok vere mange som går rundt med bankande hjarte i spaning om i første rekkje å verte plukka ut til vidare prøving. Vi har ikkje sett noko tal på kor mange det blir, men plukkar ut dei som vi meiner har potensiale. Det kan godt verte så mange som 50, 60, eller 70 stykke. Om vi så må gå ei tredje runde med nokre av desse vil tida vise, seier auditionansvarleg Jan Terje Eidset. Framfor kamera Vi tok ein prat med Karoline Frå kvardagen I lag med sju andre av borna som skal vere med i dei tolv nye episodane var dei to systrene måndag på avslutningsfest for serien i Måløy. Tanken bak serien er at ungar skal kunne sjå andre som snakkar og lever som dei sjølve og kunne sjå at deira eigen dialekt og kvardag er like bra som noko anna. Dei to har fått sjå det ferdige resultatet mange gongar. Det var kjekt å vere med. Det einaste var at vi måtte gjere same tingen mange gonger, fortel dei to jentene. NRK var nemleg ikkje alltid nøgde med første opptak og det hende at dei måtte synge nyttårsbukksangen opp att fleire gongar. Fleire kjende ansikt NRK utvekslar og program med TV-selskap i andre land, og episodar i Her er eg - serien har vore viste i fleire land i Europa, i Asia og Afrika. Så kven veit om dei to ein dag vert fjernsynskjendisar i Kina? I alle fall trur vi NRK Super på nyttårsaftan vil få rekordmange sjåarar i alle aldersgrupper i Åheimområdet i år. Og spesielt i Åheimlida, der Mange vil bli Lena og Trille Sætre (9) og Andrea Lillebø Grønvold (10) som er to av dei som var i Volda sist veke, Andrea onsdag og Karoline torsdag. Vi fekk ein lapp med tal og kva tid det var vår tur, fortel Andrea. Og så måtte vi vente veldig masse, seier Karoline, så vi forstår dei har fått prøve baksida ved å vere på audition. Vi vart kalla inn i grupper på fire-fem i gongen og så måtte vi står framfor kamera og seie namnet vårt, kor gamle vi er og kva vi likar å gjere i fritida. Vi måtte også seie ei setning på fleire måtar, med glad stemme, sint, sur og kjempeglad stemme, seier Andrea. Og vi måtte seie ting som vi ikkje meinte til ein person som ikkje var der, som til dømes at: Eg er ikkje glad i deg, fortel Karoline. Til neste runde? Så spørst det om nokon av dei vert mellom dei heldige som om nokre veker får beskjed om at dei går vidare til neste runde i prøvefilming. Har de tenkt på at de kan verte kjendisar som alle vil kjenne frå fjernsynsskjermen? Vi har tenkt litt på det, men det trur vi vert berre artig, seier dei to jentene. NYTTÅRSBUKKAR: Med klarver og glitrande snø var forholda dei beste då NRK filma Andrea (t.v.) og Kristina Løvold som nyttårsbukkar til serien Her er eg. (FOTO: NRK Sogn og Fjordane, Arne Stubhaug) fleire kjende ansikt dukkar opp på skjermen. Og så nyttar det ikkje lenger å gøyme ting under senga for Andrea og Kristina, for no vert gøymeplassen avslørt på fjernsyn for både far og mor og resten av landet. PRØVEFILMA: Andrea Lillebø Grønvold (t.v.) og Karoline Sætre håpar det vert ein av dei som vert plukka ut til å spele rolla som Lena i TVserien om Lena og Trille.

7 Eineståande oppdrettsteknologi i Vanylven: Satsar på verdsmarknaden Med løysingar dei meiner er best i verda, vil Onshore Fish Tec AS erobre marknaden for landbasert oppdrett. OLE MAGNE KVALSVIK Selskapet, med base dels i Vanylven og dels på Færøyane, har fleire år jobba med løysingar for resirkulering og reinsing av vatn. Frode Sørdal og Arild Skorge har i lag med færøyingane Richard Rognsøy og Hørdur Wardum stått sentralt i arbeidet sidan dei i 2001 starta med oppdrett av torsk i selskapet Fjord Gadus. Då dei nokre år seinare etablerte seg i dei tidlegare lokala for smoltproduksjon på Sighaug, satsa dei frå første stund på reinsing av sjøvatnet som vert brukt gjennom partikkel- og UV-filter som sikrar fisken vatn av beste kvalitet. På veg ut vert og vatnet reinsa for avfall og næringsstoff som vert utskilt i slamfilter og kan nyttast som gjødsel. Energisparande Med utgangspunkt i dette har det vorte arbeidd vidare med tanke på teknologi der vatnet i staden vert resirkulert. Resirkulering av vatn vil verte svært viktig innan oppdrett. Det gjeld særleg i forhold til kostnader. Ved å gjenbruke vatnet, vil det vere langt energisparande i forhold til å pumpe det opp frå sjøen. Det gir dessutan ein heilt annan kontroll over vekstmiljøet i forhold til temperatur, lys, oksygen, fiskevelferd og rask vekst. Forsøk har vist at laks på kort tid kan nå ei vekt på fem kilo og har ein kvalitet som er etterspurd og gir ein høg pris, fortel Frode Sørdal. Unik løysing Det vert i dag levert fleire løysingar for resirkulering av ferskvatn til bruk i lakseyngelproduksjon. Resirkulering av sjøvatn har vist seg langt vanskelegare i forhold til å fjerne CO2 som bygg seg opp i vatnet. Det er her vi har utvikla teknologi som løyser problem ingen andre har klart å løyse og patenterar i desse dagar eit heilt unikt system for CO2- stripping, fortel Arild Skorge. Tru på prosjektet Dei to, og selskapet, meiner framtida ligg på land når det gjeld oppdrett. Difor er det og fleire investorar, særleg frå Vanylven, som har tru på prosjektet og har investert solid i selskapet. Vi har lett for å tenkje laks og Norge med sine særeigne kystforhold, men vi skal hugse OPPDRETTSTEKNOLOGI: Styring av CO2-innhaldet i resirkulert vatn er den mest nyvinnande teknologien i dei unike løysingane for landbasert oppdrett som Frode Sørdal (t.h.) og Arild Skorge vil tilby verdsmarknaden. Her står dei framfor demonstrasjonstankar av det som vil utgjere produksjonseiningar i anlegga. Tanken til venstre skal innehalde fisk, medan den til høgre vesentleg vil innehalde mikroalgar for biologisk reinsing av vatnet. Bak dei ser vi pumpehuset der det skal plasserast mekanisk filter på taket. at det finst andre land utan slik kyst og med andre artar fisk, seier Arild Skorge. Eit av hovudsamarbeida på dette stadiet er difor til dømes eit oppdrettsselskap i Frankrike. Men også i land som Norge og på Færøyane vil det få mykje å seie gjennom å kunne ha smolten lengre på land og sikre betre overleving og vekst i sjø. Det vil og gjere at ein har fisken kortare i mærdene og får større produksjon. Mange fordelar Men framtida ligg nok på land. Berre tenk på arealet som mærdene krev med sine fortøyningar. På grunn av kontroll over miljøet med til dømes sjukdomar og lakselus, og vassparametre som straum og bårer, kan ein i tankane på land og ha tre-fire gongar så stor tettleik på fisken. Kvar tank er dessutan ein eining for seg, noko som gir større driftstryggleik, til dømes i forhold til spreiing av eventuell smitte, seier Frode Sørdal. Etter forsøk i mindre skala i vinter, er no ein fullskala demonstrasjonstank på plass ved anlegget på Sighaug. Vi har hatt kundar på besøk NTERESSE: Færøyingane Richard Rognsøy (t.v.) og Hørdur Wardum (med ryggen til) står sentralt i utviklinga av produktet. Her er dei på besøk hos oppdrettar i Frankrike som er eit av landa der ein har kome lengst i forhold til avtalar om levering. (FOTO: Frode som er så imponerte at dei helst vil flytte fisken hit, ler Frode Sørdal. Ser stor framtid Oddvar Strand er styreleiar i Onshore FishTec AS og for tida også inne som dagleg leiar i verksemda. Det vi snart er klare å levere vil ha eit enormt potensiale, ikkje berre når det gjeld produksjonsutstyr, men og at vi kan tilby kompetanse, opplæring, overvaking og serviceavtalar. Vi ser føre oss å etablere ressursar lokalt som kan hjelpe kundar med å planlegge og bygge tilpassa løysingar og såleis også få mange interessante arbeidsplassar i vårt område. Med å selje anlegg til fleire titals millionar kroner, snakkar vi innan 2014-2015 om sal og omsetning for betydelege summar, meiner Strand. Gjer avfall til gjødsel Eit anna spanande prosjekt som er på gang, uavhengig av resirkuleringssystemet, er omdanning av slamavfall frå fiskeekskrement og fôrspill til økologisk gjødsel. Her er ein i samarbeid med Global Enviro i Selje, som produserer maskiner til formålet, og det er gjort vekstforsøk ved Landbrukshøgskulen på Ås. Fiskeavfallet blir blanda med andre stoff, SIDEPRODUKT: Avfall frå fiskeoppdrett har vist seg å ha gode eigenskapar som økologisk gjødsel. som eksempel oske frå brenning av biologisk materiale (trevirke). Samanlikna med kunstgjødsel har det ikkje same styrke, men har vist seg å ha betre langtidseffekt. Det kan til dømes vere aktuelt for kornbønder utan dyregjødsel, men har mange bruksområde og vi ser også her eit stort potensiale, fortel Sørdal.

Med ro i sjela og enkel bagasje 8 Dalsfjord ky Festgudstenesta i Dalsfjord-kyrkja var velregisert, vakker og verdig. Om ein ikkje visste kva som ligg i omgrepet festgudsteneste før, så vil alle som var til stades, skjøne det no! VIDAR PARR Vakkert pynta kyrkje. Festkledd kyrkjelyd. Inn toga prosesjonen med klokkar Kari Laila Aksnes i spissen, følgt av både lek og lærd knytt til kyrkja og mest biskop Ingeborg Midttømme til slutt. Alt til tonane av Dalsfjord mannskor som frå galleriet song Kom til den hvitmalte kirke. Kva kunne høve betre slik ein dag? Preike av biskopen Dei mange prestane delte på tenesta i dei ulike ledda i gudstenesta. Ein fin, symbolsk handling var det at sokneprest Kjell-Roger Isene og klokkar Kari-Laila Aksnes saman med dei to lysberarane gjekk ned midtgangen og las evangeli- teksten mellom kyrkjebenkane. Biskop Ingeborg Midttømme held preika over den teksten som blir nytta når ei kyrkje vert vigsla, forteljinga om det som skjedde den første pinsedagen, og kvifor vi ikkje berre har ei kyrkje, men også er ei kyrkje. Ei engasjert, gjennomarbeidd preike med vekt på ordet omvending Song Vi nemnde at mannskoret song til opning. Og dei song mot slutten av høgtida. Då Johan H. Grimstad sin praktfulle Lova Herren mi sjel før prosesjonen toga ut til ventande festmiddag på Vesttun. PROSESJONEN kjem inn: Klokkar Kari Laila Aksnes ber krossen, Søskenbarna Hanna og Elin Aksnes ber lysa. Bak følgjer så soknerådleiar Jan Øystein Aksnes og prestane Kjell Roger Isene, Olav Gading, Svein Kvamsdal, Gunnar Skrede, prost Kjetil Frøysa og godt skjult heilt bak: biskop Ingeborg Midttømme. Per Christan Hopen frå Tønsberg fann seg enkelt nattely då han natt til måndag overnatta ved misjonshuset på Åheim på veg til Stadlandet. OLE MAGNE KVALSVIK Med underlag av reinskinn og sovepose fora med avklipp frå dunjakker, kjøpte på loppemarknad, hadde vandraren funne seg nattelege under taket som er bygd fram for å beskytte varmepumpa på baksida av huset. Då vi kjem til staden er frukosten unnagjort og han har stilt seg ved vegkanten i ferd med å haike seg vidare mot Stadlandet. Dagen før er han komen frå Lillehammer. Med surfebrett og telt er han på veg til Hoddevika eller Ervika, der han i næraste framtid vil campe, nyte naturen, fiske og surfe. Eg vert eit par veker, eller eit par månadar, det vil tida vise, seier 32-åringen. Tok ny retning Han har tidlegare arbeidd først som snikkar og dreiv seinare ein stor butikk med internettshop i Tønsberg, ved sida av å eige eit par bustadeigedomar. Det gav mykje pengar, men lite livsenergi og fridom, seier han. I 2007 tok han difor ei ny retning i livet. Han kvitta seg med alt og reiste først til Australia eit år, der han reiste rundt og budde der det fall seg og opplevde landet. Det neste året gjekk ferda PÅ VEG TIL STADLANDET: Per Christian Hopen ved misjonshuset på Åheim måndag morgon. KRYPINN: Der hadde han funne enkelt og tørt nattelege under taket for varmepumpene. vidare rundt i Indonesia og andre land i Asia. Bort frå det materielle Etter heimkomst har han og sambuaren hatt tilhald i ei hytte i skogen utanfor Tønsberg. Vi må ha noko som gjer at vi har det varmt om vinteren. Vi har ei avtale med eigaren av ein vandreheim i nærleiken om å hjelpe til med ein del praktisk, mot at vi får nytte dusj og internett, seier Hopen. Han fortel om eit stort tal med menneske som har teke konsekvensen av å ville fri seg frå eit liv med materielt jag og bur på liknande vis rundt i landet. Det vert fleire og fleire i samfunnet som får eit vaknande medvit om å heller søkje etter indre verdiar i staden for å jage etter dei ytre. Vere for seg sjølv I sommar har han og mellom anna vore i Finland, der om lag 2 000 menneske var samla i ein camp utan styrt system og der alle delte med kvarandre. Det var flott, men mange menneske rundt ein heile tida, så no vil eg oppsøkje einsemda og vere for meg sjølv. I lag med andre menneske vert det at ein held seg til ei rolle som speglar av korleis ein ventar andre ser ein. Fri frå dette kan ein finne fram til den ein eigentleg er og gjerne oppdage at hendingar i barn dom og ungdom har sperra for utviklinga av denne personlegdomen, seier Hopen. Fase i livet Vi spør om korleis det vert med ei hytte i skogen om han vil ha born. Ut i frå at dei ser på andre og samanliknar, ville det kanskje vere vanskeleg. Vi får sjå. No er eg i denne fasen. Seinare kan det verte annleis. Det eg i alle fall ser ved å leve slik, er kor utruleg mykje gode menneske som finst, seier Per Christian Hopen. Og straks etter vi har avslutta vår samtale med han, stoggar ein bil med syklar bakpå og brett på taket som tek han fram til målet på Stadlandet. Fylte kyrkja m Me er vel av dei som burde avlyst. Men me har aldri spelt i ei kyrkje før, så det ville me ikkje gå glipp av, sa ein småforkjøla vokalist i Nuthin Fancy, Bjørn Breivik og gav med det uttrykk for dugnadsånda og spelegleda som prega konserten laurdagskvelden. VIDAR PARR Intensjonen, sa soknerådsleiar Jan Øystein Aksnes, var nettopp å vise noko av breidda i musikklivet i Dalsfjorden, då han ønskte velkomne eit talrikt publikum som nesten fylte kyrkja. Blanda drops Countrycompagniet opna ballet. Vi har sett og høyrt dei før, men besetninga har ein tendnes til å variere litt med friturar og arbeidsøkter. Såleis var det manko på slagverk denne gongen, men derimot hadde ny medlem på fele dukka opp: Sølvi Erviksæter Sjåstad. Etter feiande countrylåtar, slo Kvinneklang til frå galleriet. Men eige gitarakkompagnement fylte dei kyrkja med frisk songlagsmusikk. Og med desse to utgangspunkta hadde ei langt på veg alt vist noko nettopp av breidda. Og så altså kyrkjedebutant Nuthin Fancy. Nuthin er amerikansk sørstatslang for nothing og bandet spelar vanlegvis rock med nokså kraftig lydbilete. Men denne laurdagen parkerte vi dei elektriske gitarane heime og tok fram akustiske instrument, seier Per Arne Riksheim. Han fortel at gjengen har spela saman sidan dei gjekk i barneskulen. Så kom ein periode med danseband i ungdomen, til ein no har kome saman igjen for moro skuld i Nothin Fancy. Og moro var det også å høyre dei! Og igjen breidde og kontrast: Rett etter Nothin Funny var ferdige, framførte Odd Føtre Amazing Graze! Mo plitt åleine med kyrkjeorgelakkompagnement av Erlend Koppen. Bluegrass og stev Dalsfjord bluegrassband er ein herleg gjeng som i tillegg til musikken, også har replikken i orden. Dei sleit litt med stemminga og Olav Sætre sukka: Det er vel like greitt å skifte namn til Dalsfjord suregrasband! Bandet har godt tak på publikum og då dei avslutta med Kven kan seia ut den glede var det taktklapping og tendensar til hoiing mellom dei hundre år gamle veggane i kyrkja. Godt då å bli roa ned til slutt

rkje 100 år 9 BISKOP Ingeborg Midttømme på preikestolen. KYRKJE i festskrud med flott blomsteroppsett i kordøra. KOR: Dalsfjord mannskor og organist Erlend Koppen. ed lokal lyd KVINNEKLANG frå galleriet BLUEGASS: Jan Øystein Aksnes, Olav Sætre og Kurt Gjøsdal utgjer, saman med Magne Aksnes på bass, Dalsfjord bluegrassband. Her avslutningsnummeret. med ei gammal, åndeleg vise : Jeg vet om en kilde som ingen kan tømme song Per Erling Parr Sætre. Det var vist fleire som skulle ha vore med om ikkje halsesykje og anna styggheit hadde lagt kjelkar i vegen. Men dei som var med fekk til overmål vist oss det vi for så vidt har visst lenge: Det er eit imponerande musikkliv i denne fjordtarmen! STEV: Per Erling Parr Sætre avslutta med stev. INNLEVING: Odd Fløtre framførte "Amazing Grace" NUTHIN FUNNY er gamle musikalske travarar. Vi ser Per Arne Riksheim (t.v) og Bjørn Breivik framme. Bak til venstre skimtar Arnstein Furnes på tangentinstrument, medan Tor Mork er skjult bak slagverket sitt.

10 Grått vêr, lys dag Medan regnbygene silte frå ein grå og mørk vestlandshimmel heile helga, skapte Åheimfest trivsel og stemning i haustdagen laurdag. OLE MAGNE KVALSVIK Sjølv om veret la ein liten dempar på det heile, gjekk det meste etter programmet. Åheim Bygdeutvikling står i spissen for arrangementet i lag med ungdomslaget Fram og andre lag og organisasjonar i bygda. Jon Thue, leiar i ÅBU og leiar i ungdomslaget, Vidar Solheim, seier seg svært nøgde med dagen. Det var kjekt å sjå kor mykje folk som møtte fram i slikt ver. Utanom bålbrenning, volleyball og modellflyging vart vel det meste gjennomført, og det virka som dei som var til stades koste seg og hadde det triveleg, seier dei. Mobilisering Thue nyttar høvet til særleg å takke Trond Løvold og Sibelco Nordic som stilte utstyr til disposisjon for rigging og nedtaking av telt og scene.. Noko av det mest imponerande med slike tilstellingar er likevel å sjå kor bygda mobiliserer og går i lag om å få det til, for ikkje å snakke om kor mange praktiske og dyktige ressursar vi kan drage vekslar på. Det viste seg ikkje minst under oppsetting og nedtaking av det store teltet, der vi søndag måtte ta alle veggane inn i ungdomshuset og moppe dei og henge dei til tørk, og taket vart teke fram i symjebassenget på skulen og lagt ut i romet. Utan all slik hjelp ville det ikkje vore råd å gjennomført dagen i det heile, legg han til. Sentrumsnært Og som sagt gjekk det meste etter programmet. Nytt var å bruke det store teltet som er kjøpt inn til felles bruk som senter for det som gjekk føre seg. Her var det salsutstillingar, kaffi og kaker og underhaldning i samarbeid med ungdomshuset rett ved sida. Her var og den populære gratisfrukosten. Så kunne ein ta paraplyen fatt ut til aktivitetar som palleløp, som rett nok vart litt amputert (sjå biletsak), til sykkelritt, eller inn på butikkane for å sjå på deira tilbod. For å få med seg fotballkampen og det som vart presentert på Thueskulen, måtte ein gjerne ta bilen fatt, men også dit var det mange som fann vegen. FOR GAMAL OG UNG: Dagen baud på noko for dei fleste. Ei ansiktsmåla Hedda Endal Giil var ikkje så fole interessert i seniordansarane, men syntes dei var flinke. ANSIKTSMÅLING: Utover dagen vart det mange fargerike barneansikt å sjå. Her ser vi kunstnaren, Lilly Ann Bakkebø, i sving med å måle Ingvild Jensen, Tiril Hasund er alt ferdigmåla. (FOTO: Kjell Brenne) PALLELØPET fekk vanskar med stri elv etter dei rekordstore nedbørsmengdene. Til venstre ser vi Cassandra Løvold (t.v.), Vilde Hasund og Håkon Skorge Stranden klare til palleløp kl 11, men stri straum gjorde at pallane vrengde seg (midten). Litt etter gjorde oppbløytte sponklossar at heile brua slitna på midten. Praktiske arrangørar fann likevel råd og brukte den delen som dreiv inn til elvekanten (til høgre) til å gjennomføre løp der seinare på dag.

11 Steinbra på skulen FRUKOST: Matbutikkane SPAR og Coop stilte også i år med gratis frukost. Eit populært tiltak. Her ser vi Grethe Nygård studere på kva ho skal ha på brødskiva. (FOTO: Kjell Brenne) THAILANDSK: Sjølv om det var kaker og vaflar i teltet og mange fann vegen til nydeleg fiskesupe på Thue, var kanskje høvet til å kjøpe seg ein middag det ein sakna under bygdedagen. Utanfor veggen til Coop var det likevel ei god erstatning i maten Somboon Svehaug frå Stadlandet baud fram. Medan, frå høgre: Kjell Kriken, Unni Vidnes Kriken og Idar Hellebust nyt velsmakande grillspyd og vårrullar, ventar Torill Belden og Jørgen Sjåstad Belden (sitjande) på at meir skal vere ferdig. (FOTO: Kjell Brenne) VANN VED: Næringslivet i bygda og utstillarane i teltet gav velvillig gevinstar til lotteriet som vart halde. Marie Westerås vart den heldige vinnar av to sekkar ved. Her er det produsent og glad gjevar av gevinsten, Lars Herman Hermansen, som ser til at premien kjem i dei rette hender. PÅ GAMLE TRAKTER: Det er lenge sidan Olav Sæter (med cap) spelte i åheimdrakta. Her kikar han saman med Kirsten Thue Hvattum og Ottar Ekremsæter likevel interessert på lagsdraktene til Åheim IL som Ingunn Hånes byr fram. (FOTO: Kjell Brenne) På Thue skule var det også i år stor interesse både for Valborgsamlinga og fotoutstillinga i første etasje og for fiskesupa og godpraten på loftet. Men ikkje minst fekk mange med seg det heilt unike som var utstilt i kjellaren. OLE MAGNE KVALSVIK Etter oppryddinga etter flaumen som trengde inn i vår, er lokala i kjellaren på den gamle skulen pussa opp og gullsmed Bjørnar Ekremsæter har fått inn mange av sine produkt i det ytste romet, medan meir og meir kjem på plass i det som skal verte Norsk Olivinsenter i det største romet innanfor. Steinsenter Tidlegare bulystkoordinator Espen Wingaard er ein av initiativtakarane til prosjektet. Laurdag var han omvisar og forteljar, og kunne orientere dei som møtte fram om alt frå stein som er tre milliardar år DVERGSUTTAR: Birthe, her framme til venstre, på 56 ct (karat), er ein av dvergsuttane som har namn. gamal til arbeidet som føregår på Sibelco Nordic i dag. Olivinførekomsten er noko heilt særsynt og spanande i verdssamanheng, og ein kan undre seg over at det ikkje har vorte gjort noko i forhold til å presentere dette før, sa Wingaard. Dvergsuttar Mest fokus var det sjølvsagt på samlinga av dvergsuttar, stein som ein trudde dei underjordiske hadde eigarskap i. Slike suttar eller ferdig vokste peridotkrystallar som det egentlig er uhyre sjeldne. Om ein berre sjekkar kva som ligg tilgjengelig på internett, vil ein sjå kor utruleg unikt dette er, fortel kulturleiar Jermund Rekkedal, som er ein av dei som har stått bak å få denne samlinga på plass. Men på grunn av sin eigenart kan ikkje steinane ha fast tilhald i senteret før ein får betre tryggingstiltak. Stein er så mangt Ein viktig bidragsytar til det STEIN ER IKKJE BERRE STEIN: Alt det som, frå høgre: Inge Hellebust, Bjørnar Ekremsæter, Jermund Rekkedal og Espen Wingaard har framføre seg her, er stein teken rett i frå eit olivinbrot. Medan steinen til høgre har høgt magnesiuminnhald, kan han blandast med andre meir mot venstre for å få lågare innhald. Men dei grøne i midten er då for porøse til å lage singel og den svarte lengst borte inneheld serpentin som gjer massen mørk. Steinen lengst til venstre har lege i dagen og er oksydert på overflata. som er utstilt, er også Inge Hellebust som ansvarleg for produksjonen ved sandanlegget på Sibelco og har lang erfaring frå verksemda som driv verdas største olivinførekomst. Han er dessutan generelt interessert i stein og har utanom mykje av det som gjeld olivin, levert det som er i ein av montrane, som inneheld stein frå utlandet. Han viser og fram alminneleg produksjonsstein rett i frå brotet. Denne har høgt magnesiuminnhald og er svært fast, medan denne har lågare innhald og er pørøs, slik at han ikkje kan brukast til singel. Denne svarte har høgt innhald av serpentin og lite magnesium, viser han og fortel korleis ulike graderingar kan blandast for å få til dei ønskte eigenskapane. Og vi skjønar at olivin er ikkje berre olivin. Noko ein kan lære meir om ved å besøkje senteret.

Vassendrittet på sykkel under Åheimfest levde verkeleg opp til namnet sitt. OLE MAGNE KVALSVIK/KJELL BRENNE Regnet sila ned då tolv syklistar starta med ei promenaderunde, eller såkalla master nede i sentrum. Deretter bar det laust med ein kilometer flatt, før stigninga opp mot Kvile tok til. Her sanka syklistane godt med syre i føtene gjennom tre kilometer med motbakke, før det var spurt den siste kilometeren inn til Vaulen. 12 Vassfylt ritt til Vassenden HELSESTAFETTEN I samarbeid med helsekoordinator Gry Bringsvor og kommunen starta vi før sommaren ein stafett der vi vil la personar i bygdene våre svare på kva dei gjer i forhold til fysisk aktivitet. Sist veke var det kommunelækjar John Bekkenes som hadde stegteljaren. Han enda på om lag 39 500 steg. Det vart ein lang joggetur søndag, litt fotball og elles ei ganske normal veke, fortel han. Løyperekord Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik tok også i år turen til Åheim og imponerte med ny løyperekord. Etter 14.38 første året og 13.30 i fjor, seinka han i år rekorden til imponerande 12.51. Attenåringen har i år gjort det bra i Norgescupen for junior og vunne fleire lokale sykkelritt. Han stilte difor i eigen klasse under rittet og var om lag ein kilometer føre nestemann. Og etter rittet var det heim att for å trene intervalløkt, fortel bestefar, trenar, sjåfør og altmulegmann, Astor Notøy. Lokale Lokalt viste Frode Refsnes seg sterkast, føre brørne Bakkebø. På sjuande plass finn vi A-laget sin Per Kennet Hovdevik, som kom rett frå fotballkamp. Eg trudde eg skulle klare å ta piffen ut av han ved å la han spele i 90 minutt, stønna ein sliten trenar, Henning Hansen, som kom eit halvt minutt bak. SAMDE: Dei sluttar seg til same kommentaren Per Kennet Hovdevik, Britt Nerland og Kåre Nygård: Hardt, men vi vil prøve att neste år! I kvinneklassen sette også Britt Nerland pers, men har litt fram til Kristin Maurstad sin rekord på 19.09 frå 2008. Kristina i landstoppen Talentfulle Kristina Thunem syner trass i mangelfulle treningstilhøve at det går an å hevde seg i Norgestoppen i friidrett. OLE MAGNE KVALSVIK Kristina har dei to siste helgane delteke på det store GD-stemnet på Lillehammer sist helg og Sparebanken Møre leikane på Høddvoll denne helga. Medan det på Høddvoll var ufyselege vertilhøve, var det langt betre på den raske bana på Lillehammer, der det og vart personleg rekord i seks av dei åtte øvingane ho stilte opp i. Om det er fordi det er dette som er lettast å trene på, eller fordi genane og talentet er ekstra stort her, skal vi ikkje ha sagt, men som vanleg var kuleresultata best. 10,18 meter på Lillehammer gav nok ein gong over 1 000 Tyrvingpoeng (1006) og langt bak var ho ikkje på Høddvoll med 10,11 meter. Der vart det også førsteplass i dei seks øvingane ho deltok i, medan det på Lillehammer vart førsteplass i kule og 60 meter hekk (10,68). Vidare vart det tre andreplassar med 29,87 på 200 meter, 4,59 meter i lengde og 26,52 meter i spyd, og det vart tredjeplass på 100 meter (14,25) og på 60 meter (8,75 i heat, 8,81 i finale). Fjelltur med attraksjon Søndag vert det høve til fjelltur med eit ekstra høve til å studere naturen sine krefter. OLE MAGNE KVALSVIK Ein del vil hugse at vi i fjor hadde bilete frå resultatet av eit lynnedslag på Fiskåfjellet nedanfor Storebøra, litt ovanfor hytta Blåsenborg. Det er no sett opp eit skilt i sentrum av der lynet slo ned, med ti armar som greinar seg ut som ein blekksprut. Om ein følgjer denne sørlege råsa mot Storebøra, er det berre ein liten avstikkar på 30-40 meter bort til det litt spesielle skiltet, laga med fantasi, men på bokmål. Anten ein vel å ta turen åleine, Resultat Menn: 1. Martin Notøy Nevstad, Ulstein&O 12.51 2. Frode Refsnes, Kjerringrytt. 15.10 3. Kjell Bakkebø, Kjerringryttarane 15.19 4. Anders Bakkebø, Åheim IL 15.30 5. Marius Ekremsæter, Åheim IL 17.03 6. Hans Arne Kupen, Bryggja 18.31 7. Per K. Hovdevik, Åheim IL 19.29 8. Henning Hansen, Åheim IL 19.56 9. Matz Åsebø, Åheim IL 20.55 10. Kåre Nygård, Eidså 21.13 11. Otto Drage, Åheim IL 28.40 Kvinner: 1. Britt Nerland, Åheim IL 21.57 (23.31) eller vert med på Syvde IL sin fellestur til Storebøra søndag, kan det vere interessant å ta med dette som eit ekstra sjeldsyn på vegen. Men elles skulle utsynet over fjella på Hovda vere freistande nok om veret blir etter meldingane. SKILT: Dette særprega skiltet markerer sentrum av lynnedslaget i fjor. Vi lar etter kvart stafetten nærme seg mål, men går denne veka ned til ein av Bekkenes sine medarbeidarar på golvet, Britt Karin Taklo, som arbeider på sjukeheimen på Fiskå. Kva betyr fysisk aktivitet for deg? Ikkje så mykje. Eg går så mykje på jobb at det i grunnen vert nok. Kva gjer du for å halde deg i form? Lite utanom jobben, men eg likar å gå tur og ei runde innover forbi gravplassen og ut att på vegen med musikk på øyretelefonane er kjekt. Korleis virkar fysisk aktivitet på di totale helse? Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det. Kanskje eg burde vore litt meir aktiv utanom arbeidet? Har du vore på nokon av postane i vanylvsturen? Nei, eg kjenner ikkje til dei. HEKK er ikkje det som er lettast å få trent på for Kristina Thunem, men også i denne øvinga hevdar ho seg godt i landssamanheng. Her vinn ho øvinga på Høddvoll i helga. (FOTO: Jens Inge Ringstad, Dimna IL)

13 Festspel av Åheim Eit målsvolte Åheimlag fekk alt til å stemme mot ein frustrert divisjonsleiaren Hovdebygda i toppkampen laurdag. Alt frå start tok heimelaget det grepet som trenar Stig Rune Løvold hadde lova i Synste Møre. Og like stridt som regnet rann ned over Åheimfest-arrangementet i sentrum, rann måla inn på Løvold. KJELL BRENNE Eit spelekåt heimelag slo an måltonen mot eit delvis redusert mannskap frå målhovdingen Ivar Aasen sine heimetrakter. Nils Svein Hansen teikna seg for 1-0 då han som sistemann på eit innøvd cornertrekk peiste ballen i mål. Per Kenneth Hovdevik skaut inn 2-0 frå straffepunktet, 3-0 vart backduoen sitt byggverk. Ein offensiv Sondre Hasund på venstrebacken køyrde heilt fram og la inn der ein framstormande høgreback Kai-Jonny Venøy skar innover mot bortre stolpe og sopte ballen i buret. 4-0 kom som gevinst etter dagens taktiske oppskrift med høgt press. Nils Svein Hansen var kjapt framme og forstyrra, Runar Aahjem Løvold vann ballen på midten og trædde HØGTRYKK: Åheim heldt eit hardt trykk i Hovdebygda sitt målfelt. Her ser vi ei batalje på eit cornerinnlegg. Åheimspelarar i kvite trøyer er frå venstre: Per Kenneth Hovdevik og Torgeir Halsen medan Lars Petter Bjørlykke bak kjem stormande til. han fram til Lars Petter Bjørlykke som avslutta på fagmann vis. Etter pause jamna spelet seg ut noko før Åheim fekk igjen mållysta. Torgeir Halsen vart hekta og sette sjølv straffa i nettet, Kai-Jonny Venøy vart trenarane sitt nye offensive backfunn i ein 4-3-3-formasjon med løpssterke sidebackar og ei krigande midtbane. Venøy sveipa inn 6-0. Torgeir Halsen sette målpunktumet 7-0 med nok ein ball i buret. Åheim hadde åttande ballen inne, men målet vart annulert for offside. Åheim viste årsbeste og framstod som eit komplett og offensivt spelande lag. Veteranen Per Kenneth Hovdevik spelte midtstoppar, var forsvarssjefen og dirigenten i ein patent firar saman med midtstopparkollega Ole Johnny Westerås og sidebackane Venøy og Hasund. Dette verka også inn på Bogason i mål. Han hadde lite å gjere og gjorde ingen feil dei gongane han var i aksjon. Midtbana med Rønnestad, Løvold og Brobakke greidde å halde trykket oppe som produsentar av skapande og varierte pasningar på spissane. Både Halsen og Pedersen var nærkampsterke og kombinerte godt saman. Pedersen leverte årsbeste. Uromomentet Nils Svein Hansen var stadig tett på og forstyrra. Sjølv fekk han gevinst med å opne målkalaset. Innbytarane voks også med sine oppgåver der blant anna Lars Aahjem fekk vist sine takter som keeper, eit emne som kan bli god og Jørn Kragseth fekk avslørte at han KAMPFAKTA kan meir enn på backplass. Eit uvanleg daudt og redusert Hovdebygda hadde ikkje dagen. Fleire sentrale spelarar var borte og når dei får ein mann utvist i første omgang etter hekting, så veikna kampevna. Med sju mål i protokollen pynta Åheim kraftig på målskilnaden i høve Hovdebygda. Ørstalaget er favoritt til opprykk viss dei då ikkje snublar i innspurten, i går kveld borte mot Tjørvåg). Åheim spelte også i gårkveld borte mot Bergsøy 2. Etter 1-0-tapet mot Ørskog: Ser dei langt etter 4.divisjonsplassen? Vi skulle så gjerne ha halde oss i fjerdedivisjon. Men er vi ikkje gode nok, så er vi ikkje gode nok, sa ein skuffa Odd Arne Seljeset etter kampen på Eidså, Men då vi ringjer onsdag er tonen ein annan: Eg trur dette skal gå bra, eg! VIDAR PARR Og det kan han sjølvsagt ha rett i, ialle fall om vi ser matematisk på det. Det skil fem poeng opp til Blindheim på den magiske femteplassen og berre måskilnaden gjer at Vigra held den svært usikre kanskje-dersomslik-og-slik-skjer-i Nord-Noreg - plassen. Når så fire kampar står att og alle har sjansen til å ta maks tolv poeng, så er det klart at sjansane er der. Her er likevel eit stort men. Skal ÅVK greie den vanskelege avslutninga i år, kan dei ikkje tape mot lag bak seg på tabellen. Ørskog var eit lag som dei burde slå og rekna med å slå. Dessutan var situasjonen søndag den at både Blindheim og Vigra hadde tapt. Sjansen til å skaffe seg det naudsynte forspranget til Vigra og ta eit godt jafs inn på Blindheim var openberr. Dermed kunne ein kanskje senke skuldrane litt på veg til dei vanskelege oppgåvene som står att. Slik gjekk det altså ikkje. Og når dei ikkje greidde det søndag, har dei seg sjølve å takke. Det nyttar ikkje å snakke om billege straffespark og feil idømt offside. Motstanden var langt frå imponerande, sjølv om ørskogbygdarane kriga det dei vann i regnveret. Søndag var ÅVK rett og slett ikkje gode nok. Slike kampar kan ein ikkje spele ustraffa. Og litt av straffa kjem alt i kveld: No må dei ta poeng og helst vinne mot Ørsta på bortebane. Det blir vanskeleg. Men greier dei det ikkje, byrjar sjansane for å stå i divisjonen for alvor å bli teoretiske. I alle fall viss Vigra og eller Blindheim skulle finne på å vinne. Trur det går bra Eg trur vi må ha 10 poeng for å vere sikre, og vi bør slå Ørsta. Men eg trur vi greier det, eg! Vi har eit godt lag og får vi marginane på vår side - noko vi slett ikkje har hatt siste tre kampane, får spruten og overskotet tilbake - ja. så skal det gå bra, seier Odd Arne Seljeset. Han er elles samd i at Ørskogkampen var ein nedtur og at laget må ta ansvaret for det sjølve. Eg har grunda mykje på kva som gjekk gale. Kanskje hadde vi køyrt for hardt på med trening i griseveret dagen før kampen, slik at spelarane var tunge i beina og mangla den spruten og overskotet som skulle til? Ørskog var ikkje gode, men dei slost for livet og dei har heller t ikkje gitt opp kampen om å hal- TABELL Lars./Gur. 18 13 2 3 61-27 41 Ørsta 18 12 2 4 47-24 38 Langevåg 18 11 4 3 42-25 37 Sykkylven 18 10 3 5 38-22 33 Blindheim 18 8 5 5 44-32 29 Vigra 18 7 3 8 48-43 24 ÅVK 18 7 3 8 36-34 24 Ørskog 18 6 3 9 36-46 21 Vartdal 18 5 3 10 32-54 18 Ellingsøy 18 4 4 10 34-50 16 Skodje 18 3 5 10 31-52 14 Åmdal 18 2 3 13 16-56 9 de seg idivisjonen, seier Odd Arne Seljeset. Vi må spele opp mot vårt beste, ha marginane på vår side og litt tur med korleis dei andre gjer det. Slår det til, er vi i 4.divisjon også neste år. Viss ikkje rykkjer vi ned berre for å ta sats oppatt, seier ein optimistisk ÅVK-trenar.

14 INNLEGG Om P. M. Røwde Enkelete, ikkje minst ungdomar, spør kven P.M. Røwde var. Opplysningane nedanfor kan kanskje vere klargjerande. Peter Mathias Bretanus Røwde var fødd på Rovde i 1876. Den pietistiske læraren i bygda gav elevane lite oppmuntring. Heller skjenn og irettesettelsar dersom den kristne lærdomen vart for lite påakta. I 13 års alderen prøvde Peter Mathias å selge konvoluttar og brevpapir til bygdafolket. Men læraren likte heller ikkje dette. Medelevane beundra imidlertid Peter Mathias fordi han summerte lange talrekker med 4-tal samstundes nedover til sluttsummen, utan å bruke mente, slik dei gjorde. Utan positiv omtale og oppmuntringar, følte Peter Mathias seg lite verdsett. Men i sitt indre, - visste han at han ikkje var så dårleg som læraren meinte. Ein dag sa han til nokre medelevar, at han ville gå opp på fjellet og fram på stupet av Blåhammaren. Klarer eg det, så klarer eg alt, sa han. Då han kom ned igjen frå fjellet, - etter å ha utført dette vågestykket, var han svært sjølvstendig. No går eg amtskule i Ørsta og reiser så til ein slektning som har fabrikk i Amerika, sa han. Då han som 15 åring pakka klart for Amerikareisa, og tok lokalbåten til Ålesund, - vart han svært sjøsjuk. BYSTEN av P.M. Røwde står no i tunet han vart fødd i på Rovdestranda. Han såg at reisa med Amerikabåten likevel ikkje ville passe for han. Derimot vart han oppglødd over å sjå butikkane i byen. Og då han kom i prat med eigaren av P.D.Stavseth manufaktur, fekk han arbeid med ein gong. Peter Mathias likte seg svært godt som butikkmann. Rydda og fann restar av stoff i skuffer, hyller og på bakromma. Med gamle lave prisar. Desse restane kan du annonsere som salgsvarer, til oppsette prisar, sa han til ein forbausa butikkeigar. Då dette vart gjort, reiste stoffrestane ut gjennom dørene på kort tid. Petter Matias opparbeidde kontakter med grossistar og handelsreisande. Han fann ut at han hadde behov for middelskule, - som han gjennomførte, etter verneplikta i H. M. Kongens Garde. Deretter arbeidde han hos grossistar i Bergen og Kristiania. 24 år gamal, hadde han lagt seg opp så mykje pengar at han starta si eiga bedrift ; Røwde & Co. Han samarbeidde med Gislaved i Sverige, som produserte gummikalosjer for å ha på sko og fottøy. Røwde kjøpte 100.000 kalosjer for salg i Norge, og sette igang norsk produksjon i samarbeid med Gislaved. Han starta Viking gummivarefabrikk i 1906 og produserte støvlar, kalosjer og andre gummivarer. Etter kvart vart dei populære Viking gummistøvlane å finne i dei fleste norske heimar. Då fabrikken brende ned i 1913, planla Røwde straks ein ny fabrikk. Men utbrotet av første verdenskrig forsinka planane,- til 1920. Det var lenge eit problem å få til høg nok kvalitet på sykkelog bildekk. Men då Røwde fekk tak i spesialisten Dr. Erwin Koch frå Riga, vart dette problemet løyst.etter kort tid var kvaliteten så høg, at Ford i Detroit bestillte Viking Bildekk til 50.000 bilar. Røwde viste kunnskap om reklame då han sette opp det store Viking bilhjulet, som vart eit symbol og kjennemerke, ved Gamle Mossevegen i Ås kommune. I 1932 overtok han ein gummivarefabrikk i Mjøndalen. I 1938 ein annan fabrikk i Stavanger. P.M.Røwde vart no rekna som ein svært dyktig industrimann, som klarte å løyse dei mange problema som oppsto, i depresjonstida. Askim vart ein industriby, der folket sette opp statue av Røwde medan han enno levde.ei slik statue kom også opp på Rovde. På Voksenkollen hadde han og kona Ragna ein herskapeleg villa på 1000 kvm., - der dei ofte hadde selskap med grossistar, vitenskapsmenn, kjende nordmenn, som Henrik Sørensen, Per Krohg, Jan Heiberg, - og med Ungarske, og andre utanlandske adelsmenn. Røwde var Ungarns General Consul i Norge framover til 1947, samtidig som han hadde tittel som kommandør av det ungarske Fortjeneste Kors. Han var medlem av Aker herredsstyre 1929 31. Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1932. Formann i Manufakturgrossistenes Landsforening 1925 31. Offiser av den franske Æreslegion. Og ridder av den svenske Vasaorden. Røwdes svigerson Arvid Brodersen oppretta i 1992 : P. M. Røwdes stiftelse, som støttar forskning for norsk økonomisk utvikling.stiftelsen er administrert av Institutt for Samfunnsforskning i Oslo. P.M.Røwde var raus mot heimbygda si. Han gav eit stort kyrkjeorgel til Rovde kyrkje i 1920. Han sende også mange kasser med gummisko til Rovde. Ja så mange kasser, at det også vart vart fordelt gummisko heilt inn til nabobygda Ulvestad, - noverande Lauvstad. Eg er no pensjonist, og kan hugse kor populære desse gummiskorne var.sæterjentene brukte skorne fordi dei var vasstette i det myrlendte sæterområdet.og gutungane på skulen likte skorne ekstra godt fordi dei sat som klistra mot berg og stein, ved klatring oppover bratte berg og bergkliprer. Odd Karstein Fløtre PÅ TRÅDEN Ikkje motorferdsel på turveg Eg frykta det ville kome, seier Arnbjørg Tryggvason Røvig, og siktar til innspelet i førre nummer av Synste Møre om å tillate avgrensa motorferdsel på den nye turvegen frå Brandal til Sandvika. Vi er busette på Austlandet, men har hytte i området turvegen tek til i Brandal. Vi har gitt løyve til bygging av veg på vilkår av at det ikkje skulle vere open for motorferdsel. Vi er godt nøgde med måten vegen har blitt bygd på, korleis skogen er behandla og alt dette som vi var samde om. Men som sagt: Motorferdsel skulle ikkje tillatast. Det var ein føresetnad, seier Arnbjørg Tryggvason Røvig. Open dag på brannstasjonar over heile landet 345 brannstasjonar over heile landet opnar portane for publikum under Brannvernveka 20.-25. september. Brannvesenet ønskjer å inspirere born og vaksne til å sjekke branntryggleiken og ha brannøvingar heime. Lokalt er det open brannstasjon på Fiskå laurdag. - Dei siste åra har vi sett ein forsiktig nedgang i talet på bustadbrannar, men dessverre ein uhyggjeleg auke av omkomne i brannar. Open dag på brannstasjonen gir oss eit eineståande høve til å kome ut med eit viktig brannførebyggjande bodskap no som vi går inn i den tida på året då talet på bustadbrannar normalt aukar, seier brannsjef Lasse Rindal Brannøvingar står sentralt i den landsomfattande kampanjen. I tillegg til open dag på brannstasjonane, vert det arrangert ei nasjonal brannøving med over 300 000 deltakarar i 3 000 bedrifter, skular, barnehagar, institusjonar og offentlege kontor landet rundt. Brannvesenet utfordrar samtidig fleire til å ha brannøvingar også heime i sin eigen bustad. - Borna har brannøvingar i barnehagen og på skulen, medan mange vaksne har jamleg øvingar på jobb. Men det er heime vi oppheld oss mesteparten av døgnet, og det er der brannfaren er klart størst. Derfor burde det vere opplagt at vi har brannøvingar heime òg, seier Rindal og oppmodar alle familiar til å bli med på den nasjonale brannøvinga. Brannstasjonane sin open dag er lagt opp som ein familieaktivitet. Her får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Dessutan vert det delt ut brannverncaps til borna. - Borna er kanskje våre viktigaste ambassadørar for å auke branntryggleiken i heimen, blant anna fordi dei lærer om brannvern i barnehagen og på skulen, seier konserndirektør Line Hestvik i If Skadeforsikring. Meir enn 1 av 4 foreldre har opplevd at borna uoppfordra har spurt om eller påpeika ting rundt branntryggleiken heime, i følgje ei undersøking TNS Gallup har gjennomført for If. Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, If Skadeforsikring og brannvesenet. Lokalt er det Vanylven Brannvern som står for gjennomføringa av arrangementet. Her VITJING på brannstasjonen er ei artig og lærerik oppleving der ein kan få prøve både hjelm og site i brannbil. Her eit bilete frå ein tidlegare open dag. inviterer vi til open dag på Fiskå stasjon laurdag.

Nord om kyrkjedarden på Rovde ligg ein krossmerkt stein ein trur kan vere ein del av den gamle Preikesteinen. AV HALLSTEIN LJOSÅ Det har vore kyrkje på Rovde i uminnelege tider. Det er også mykje som tyder på at her har vore ein krosstad. Det er ein heilag stad der folk samlast og høyrde messe før det var bygd kyrkje. I festskriftet som kom ut i 1972 til 100 års - jubileet til noverande kyrkje skreiv Anders Søvdsnes om kyrkjene på Rovde. Og der heiter det: "Kva tid Ordet fyrste gang lydde frå kyrkjebakken på Rovde, hev tidi gløymt. Det kan vere verd å nemne at på bakkekanten nord for kyrkjegardsmuren låg ein stein som vart kalla "Preikesteinen". Då kyrkja som no vart bygd, vart steinen sundskoten, men noko av den ligg att. I eldre tid vart staden her ved kyrkja kalla "Korsen". Det ligg nær å tenkje seg at her hev vore ein av desse korsstadene, som det var fleire av her på Vestlandet. På desse stadane vart det reist ein steinkross. Det var ein helga stad der folk samlast og høyrde messe. Fellesrådet i Vanylven hadde i haust ein tur kringom til kyrkjene for å gjere seg kjende. På Rovde vart det også fortalt om Preikesteinen. Truleg ligg delar av han nord for kyrkjegardsmuren (sjå eigen artikkel). AV HALLSTEIN LJOSÅ Dette tykte tidlegare prosjektleiar i bulyst, Espen Wingaard var interessant, og då han noko seinare var med å lage turopplegget: Vanylvsturen, den ein ved sida av trimmen skal gjere seg kjend med kva som er verdt å sjå og oppleve i kommunen, fekk han med eit punkt for Preikesteinen, eller Krossteinen, ved kyrkja. Parallell utvikling Det er slik at i landet vårt har det vore ei parallell utvikling. Slik ein finn det ein stad, finn ein gjerne noko liknande andre stader, seier Wingaard og røpar ikkje berre si historiske interesse, men også den kunnskap han har skaffa seg i Vanylven. I heiden tid vart gudehova lagt på ein sentral stad ved sjøen der det også var god utsikt. Når så kristendommen litt etter kvart fekk innpass, og Kva tid den fyrste kyrkja på Rovde var reist, er det uråd å få visse for. Rovde kyrkje er nemnd i Trondhjems Stifts Reformats 1589. Men ho var visseleg langt eldre. Kyrkjene i grannesoknene, er nemnde i Aslak Bolt si jordbok 1432, og sume av dei langt tidlegare. Men Rovde kyrkje åtte ikkje jordgods, og er soleis ikkje nemnd i jordbøkene. Rovde er av dei største og truleg eldste garden i soknet. Skipsreidet og seinare sokna fekk namn etter Rovde. Det er rimeleg å tru, at her alt frå heiden tid har vore samlingsstad og tingstad. Og ein må tru at her hev vore bygd kyrkje minst like tidleg som i grannesoknene. I Norske kirkebygninger i medelalder og nutid 1888, skriv professor dr. L. Dietrichon, at Raudvinjar kirkja var ei stavkyrkje. ( namnet Raudvinjar kirkja, peikar attende til gamalnorsk tid) Når det i "Norske Fornlevninger" heiter, at "kun Coret var levnet" av den gamle stavkyrkja, og når det om kyrkja som er nemnd i 1721-1722, er sagt at "Coret er af Staver, og Kirchen i sig self af Tømmer," må ein skyna dette so at den gamle stavkyrkja hev kome til nedfals, eller hev vorte forlita og utenleg, og hev vorte riva, slik at berre koret og kanskje noko meir av den gamle stavkyrkja 15 Preikesteinen på Rovde det skjedde over sjøen frå England, vart det halde messe der det hadde vore gudehov. Men først laga dei ein kross i blodsteinen, altaret, der det hadde vore ofra. Seinare kunne det verta reist ein steinkross. Då var det ein keltisk kross. Så kunne det også verte bygt kyrkje der. Det må vere god grunn til å spørje om det har vore ei slik utvikling på kyrkjestaden på Rovde. Gudehov vart krosstad -Det er fleire stader i Rogaland ein har ei slik historie at eit hev stede att. Det som stod att av den gamle stavkyrkja hev so fått tilbygd eit nytt og kanskje større kyrkjeskip i timberlaft. No avlidne arkitekt Wilhelm Swendsen ved Nidarosdomen, skriv at han kan tenkja seg at dette tilbygget "har stået på den eldre kirkes svillemur" Når det i 1721 1722 er sagt at den timberlafta kyrkja "er en meget Eldgammel og Slet Kirke", Del av historisk heilskap FAKSIMILE frå bladet Aktuelt gudehov har vorte ein krosstad, der har vorte reist ein steinkross, og seinare har det også vorte bygd ei kyrkje. Og namnet Korsnes har ein både i Sande og på Slagnes. Det som er spennande med Rovde er at det ligg svært lageleg til ved sjøen, har gammal busetnad, ein gammal gard som har gitt namn til område i nærleiken, og elles fyller mange av dei kriterium ein ventar å finne, seier Wingaard Han fortel at då Terje Brattberg styrar på Austråtgarden, historikar som held på å skrive DEL AV PREIKESTEINEN: På siste soknerådsmøte tok soknerådet turen nord om kyrkjegardsmuren for å leite etter steinen som har innhoggen ein kross og har vore kalla "Preikesteinen". Tja - ganske overbevisande var kommentaren, det kan vere rette steinen dette. F.v. Øystein Blom, Per Olav Hånes Lena Nordal Vedeld, Ingeborg Sundnes og sokneprest Ivar Austrheim. vil ein lett kunne tenkje seg at koret og det som elles kanskje stod att av den gamle stavkyrkja, peika langt attende i katolsk bok om fru Inger til Austråt, var på Eidså og heldt foredrag, tok Wingaard han med til Rovde. Då han fekk vite at her var Knardal der det vart bygt båtar, og her ved utgraving var funne restar etter langhus, kunne han seie: Då må her også vere ei kyrkje. HISTORIE: Espen Wingard fatta interesse for steinen og la han inn som post i Vanylvesturen - avmerka med dei karaketristiske raude og kvite pilane. (ARKIVFOTO: Ole Magne Kvalsvik) tid for den fyrste Rovdekyrkja som ein veit om." Så langt Anders Søvdsnes. : Unnskyld meg, lager de sånne lenger? Det er musikar og artist Ingrid Bjørnov som spør i siste nummer av Aktuelt - medlemsblad for Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Og bakgrunnen er det inntrykket helselagsdamene frå Kvamsøy Helselag gjorde då dei under 100-årsmerkeringa for organisasjonen stilte på scena i Oslo rådhus framfor både kongen, Oslo-ordføraren, helseministeren og ein fullsett sal. "Det skinner i nypusset bunadssølv da damene fra Kvamsøy helselag i Møre og Romsdal med verdighet entrer scenen for å da i gang "Bannersang", skriv bladet. Og etterpå kommenterer altså musikalsk ansvarleg under opninga, Ingrid Bjørnov det heile slik: Forsangerne i Rådhuset tok knekken på meg. Av alle de flotte kunstneriske innslagene og blomstrende taler, var det disse damene fra Kvamsøy helselag som traff med sterkest. Rett inn i hjerteroten... Og når jeg ser og hører disse bautaene av noen damer, tenker jeg at det kan komme hvilken som helst utfordring, krig og katastofe. De ville stått støtt gjennom alt! Unnskyld meg, lager de sånne lenger?

VI GRATULERER 16 16 SYNSTE SYNSTE MØRE MØRE TORSDAG TORSDAG 23. 23. SEPTEMBER SEPTEMBER 2010 2010 Sessa ved Sessane Vi ga hverandre vårt ja den 29. mai i vigra kirke. Tusen takk til familie og venner for at dagen ble uforglemmelig. Kathrine Shanta Tørlen og Rune Michael Akslen Vi giftet oss 24.07.10 i Hadsel kirke. Tusen takk til alle som delte dagen med oss og bidro til en perfekt dag, og takk for alle hyggelige hilsninger og gaver. Line Grongstad Jenssen og Jan Erik Jenssen. Fotograf Angelica Kværnø, SA studios Første vekene i september fekk skulane nytta godveret både til fjellturar og annan aktivitet. Eidså skule tok måndag 6. september turen til 4H-hytta på Takset. Då var det kjekt å ha fin og utbetra veg oppover lia til å gå på. På biletet har gjengen teke ein rast ved Sessane og smakar på nista medan augo flyg utover den vakre Syvdefjorden. Dette er ein tur vi anbefalar alle til å ta, skriv rektor Jan Hånes ved skulen til avisa. RASTEPAUSE: Elevane ved Eidså skule nyt nistematen ved Sessane undervegs til 4H-hytta.(FOTO: Svein Morten Sandnes) Bjarne Lunde var første utfordrar til fylkestoppen i mars, og hamna på andre plass. Musikken er hobby nummer ein for 40-åringen frå Ålfoten. Dei siste 15-åra har Bjarne Lunde stort sett reist som trubadur og einmannsorkester. Før det er det nok mange som hug- UTELIV Bjarne Lunde på Rosenlund sar han som eitt av medlemane i Lundes Trio, der faren har vore primus motor i snart ein mannsalder. Neste helg er Bjarne på Rosenlund. Med godhug for blomar Om ein flyttar frå hus og heim til ein trygdebustad, er det ingen grunn til ikkje å gjere det heimleg og vakkert rundt seg. OLE MAGNE KVALSVIK Ein kjenning av ho som er innom avisa, peikar på kor blomerikt og fint Johanne Myklebust har gjort det i trygdebustaden ved sida av Coop på Fiskå, der ho no har budd ein del år. Difor tar vi eit besøk ned og kan ved sjølvsyn sjå både koselege blomar ved inngangspartiet og ikkje minst blomeprakten i den vesle hagen mot sjøen. Sjølv meiner ho ikkje det kan vere noko å ha i avisa. Det vert ikkje som då eg budde på Syltedalen og hadde meir energi å styre med slikt. Til gjengjeld har eg betre tid no, men så mykje vert det no ikkje med det, seier Johanne. Alle vil vel ikkje vere einige i det og var glade om dei fekk det til så fint i hagen. Og spesielt gjeld det for dei som bur i ein trygdebustad og kanskje ikkje er så opplagde eller førlege til å stelle med hage og blomar. Det som derimot er mindre vak- kert, er dei kvitna og målingsslitne terrassedørene langs heile bustadrekkja bortover. Midt i dei velstelte blomane hos Johanne stikk det seg ekstra ut. Ja, du kan no tru eg har prøvd å seie i frå om det nokre gongar, utan at noko skjer, seier Johanne. I EN DEILIG HAGE: I godt ver likar Johanne Myklebust å sitje mellom blomane ho har i hagen nedanfor trygdebustaden sin. Om ho fekk oppattbeisa døra bak ho og gjerne klipt trea bak fotografen slik at ho får betre utsyn mot sjøen, ville det vore enno betre.

Bygderadio Vest Torsdag 23.9.2010 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte 08:20 Sommartonar 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Skumma kultur (Reprise) v/sylvi Maria Kornberg 12:00 Kaffi pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte 13:20 Ettermiddagstonar 16:00 Skumma kultur (Reprise) v/ Sylvi Maria Kornberg 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program frå Fosnavåg 19:00 Kveldstonar 20:00 Evangeliske tonar 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio 17 Lone DYNEN det lille ekstra HAUST = STRIKKETID Nytt pleddgarn, 350 g pr. nøste Fredag 24.9.2010 08:00 Tankar i tida 08:10 Program frå Fosnavåg 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik 11:15 Program frå Fosnavåg 12:00 Kaffi pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Program frå Fosnavåg 16:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik 16:15 Program frå Fosnavåg 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Skumma kultur (Reprise) Sylvi Maria Kornberg 19:00 Klassisk time 20:00 Spørretevling v/ø Bakke 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Nattsending A O Grimstad Laurdag 25.9.2010 11:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 21:00 Radio Sentrum Sundag 26.9.2010 09:45 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 10:00 Norrøna Radio 11:00 Møteopptak Betel Volda 13:00 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 13:15 Helgatonar 17:00 Søndagstimen 18:00 Helgatonar 20:00 Møteopptak Betel Volda 20:30 Helgatonar 21:30 VKS-sending Måndag 27.09.2010 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte 08:15 Morgontonar 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 12:00 Middagstimen 13:00 Tankar i tida og Menneske eg møtte 16:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 19:30 Radiobingo 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Tysdag 28.9.2010 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte v/ Arne Grimstad 08:15 Morgontonar 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 12:00 Kaffi pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte Kvalitetsdyner i 90% hvit gåsedun og 10% hvit gåsefjær Rutesydde dyner med innvendige vegger for å unngå gjennomsying og dermed varmetap Trekk i slitesterk, duntett bomullslerret godkjent med Øko-Tex Standard 100 sertifisering Rondanedynen 12 stjerners kval. 140x200 cm veil 2589,- 1298,- 12 stjerners kval. 140x220 cm veil 2798,- 1398,- Diamant soft pute 10 stjerners kval. 50x70 cm veil 750,- 375,- D Y N E N 16:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program frå Fosnavåg 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Onsdag 29.9.2010 08:00 Tankar i tida 08:15 Program frå Fosnavåg v/ Paul Sundnes 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 12:00 Kaffi pausen (RS) Centrum Fargehandel - Tlf.: 70 02 08 00 Eit abonnement på lokalavisa = noko å gle seg til, kvar veke! 13:00 Tankar i tida 13:15 Program frå Fosnavåg v/ Paul Sundnes 16:00 Reprise av nattsendinga Arne Ola Grimstad 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Kveldstonar 20:00 Folk fortel v/ A O Grimstad 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Torsdag 30.9.2010 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte v/ Arne Grimstad 08:20 Folk fortel v/ A O Grimstad 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Skumma kultur (Reprise) Sylvi Maria Kornberg 12:00 Kaffi pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte 14:00 Ettermiddagstonar 16:00 Skumma kultur (Reprise) Sylvi Maria Kornberg 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program frå Fosnavåg 20:00 Evangeliske tonar 21:00 Radio Sentrum 22:00 Norrøna Radio Ny tråd - Kashmir alpakka Mykje nytt frå Centrum Fargehandel Tlf.: 70 02 08 00 Våre åpningstider er: mandag - fredag 09-17, lørdag 09-15 Arne Ola Grimstad i nattsendinga på Bygderadioen I morgon kveld er Arne Ola sett opp som vert på nattsendinga. No kolliderer dette med andre arrangement som sender verten ut av Ørsta, så då vert han ikkje å høyre live frå studio, men han har lova å lage til program som skal gå til vanleg tid. Innringingar vert det nok lite av, og konkurransane får vente til neste gong. Arne Ola lovar ein slags lapskaus, det vil seie litt prat og opptak frå tidlegare tider, mykje god og lokal musikk. Så det er vel verdt å skru på bygderadioen likevel. synste møre

18 Bytt til mer kraft. 353 TrioBrake Veil pris inkl. mva 7.000:- Inntil 1.600,- for din gamle sag Rosenlund, 2. okt. kl. 20 Mykje godt frå havet, kr. 390. Dans m/bjarne Lunde kl. 22 kr. 150. Mat/dans kr. 490. Båtskyss frå Kvamsøy 19.30, via Åram og Larsnes (ca. kl. 19.50). Tilbake etter dansen. Buss vert sett opp etter avtale. Påmelding; 913 02 460/913 02 500 Tips oss når noko skjer og få Synste Møre-krus som takk! Akkurat nå får du inntil 1.600, i innbytte for din gamle, fungerende motorsag ved kjøp av en Husqvarna 353 TrioBrake. (Tilbudet gjelder til og med 15. nov) ÅHEIM SENSO AUTO TLF. 70 02 40 65 Byggeår: 1989 Tomteareal: Festetomt, areal 1300,9m 2 BRA: 157m 2 ADVOKATANE MAURSET - KNARDAL - HEGGEN SYNSPRØVE Off. godkjent optiker - øye for ditt syn Tlf. 57 85 15 62 - Måløy P-rom: 129m 2 Copyright 2010 Husqvarna AB (publ). All rights reserved. www.husqvarna.no Utvikle deg sjølv og ekteskapet ditt? Ekteskapsdialogweekend 12. - 14. nov. på Sunnmøre folkehøgskule. Meir info. på www.ekteskapsdialog.no Prisant.: kr 750 000,- Tingl.gebyr: kr. 1.548,- 2,5%dok. avg.: Av prisantydn. kr. 18.750,- Visning: tirsdag 28.09. kl 17-19 Einebustad Åheim. Einebustad i Torvikfeltet er for sal. Huset er på to etasjer. Hovudetasjen inneheld stove, kjøkken, dusj/wc, soverom, trappegang. Underetasjen inneheld hall, 2 soverom, bad/ wc, boder/uinnreia del. Nærare opplysningar kontakt advokat Per Maurset,Sentrumsgården, 6783 Stryn, tlf 57 87 18 66. Salsprospekt/bodskjema på våre nettsider www.knardal.no. KNALLTILBOD FRÅ NYSTØL & FAGERHOL 25% Faste køyreruter: Tirsdag: Kvamsøy Onsdag: Åheim Torsdag: Åram Eidså Sandsøy Fredag: Syvde Rovde Lauvstad Varer som skal utkøyrast, må bestillast dagen før! BYGGFAG Nystøl & Fagerhol AS TILBODET gjeld veke 38 og 39 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no www.nystol-fagerhol.no www.byggfag.no Gjer som oss, sats på kjende leverandørar!

ROVDE Velkomen på forsamlingshuset søndag 26. sept. kl. 15.30. Vi innviar det nye pianoet. Musikk, korsong, kaffi, lynutloddning m.m. Styret 24. - 26. september Sjøborg Kulturhus, Quality Hotel, Ulsteinvik TV2-PASTOR EGIL SVARTDAHL Fredag kl 19.00 Lørdag kl 19.00 Søndag kl 11.00 Kollekt til Tv-Inter sitt arbeid. HØSTPRISER Espegard ATV-hengere til mange formål Kontakt oss for informasjon om nærmeste forhandler. www.espegard.no 3570 Ål Tlf 3208 6330 Det originale varmepumpehuset Impregnert overbygg Ubehandlet overbygg Kampanjepris 1390,- inkl. MVA inkl. MVA Kampanjepris 990,- inkl. MVA inkl. MVA Pynt opp fasaden. Vi gir 5 års garanti. Norskprodusert. Passer de fleste pumper på markedet. Enkel å montere. Flatpakket, sendes over hele landet med Posten. www.coverconsult.no - Tlf: 45 66 77 78 BASAR Åheim Misjonshus Fredag 24.09 kl 18 Andakt v/ Eivind Landro Song v/ Barnekoret Fram. Salg av mat Loddsalg Ope Hus kl 20-23.30 VELKOMEN I regi av TV-Inter og menighetene Sion, Filadelfia og Bibelsenteret. Sykkylvsbladet er lokalavis for Sykkylven. Avisa har eit godkjent opplag på 3.017, og kjem ut to gonger i veka, kvar onsdag og fredag. JOURNALIST (vikariat) Ein av våre journalistar skal ha permisjon frå 1.1.2011 til 1.1.2012. Vi søkjer etter ein medarbeidar som har interesse for lokaljournalistikk, og som vil vere med i eit team som arbeider med dei fleste stofftypar. Fotografering er óg ein del av jobben. Vedkomande som vert tilsett må disponere eigen bil. Løn etter avtale. Sykkylvsbladet vert redigert på nynorsk. Fleire opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til redaktør Frank Kjøde, tlf. 70 25 48 48 / 915 47 701. Skriftleg søknad med attestar, vitnemål og referansar vert å sende innan 1. oktober til Sykkylvsbladet, Storgata 16, 6230 Sykkylven eller på e-post: frank.kjode@sykkylvsbladet.no Tretjære av topp kvalitet til hytter og hus direkte til forbruker 3570 Ål Tlf. 3208 6330 www.espegard.no Varmepumper/ kjøleanlegg salg - service & kontroll Tlf. 700 23 990 Har du noko du ikkje treng lenger - eller manglar du eit kvart? Prøv ei annonse i lokalavisa. Rubrikk annonser for private under kjøp/sal/leie kr 50,- pr. innrykk + mva 19 Eldrefest Eldrerådet og pensjonistlaget held fest for å markere den internasjonale eldredagen på Eidsåtun 6. oktober kl. 15. Godt program. Bill. kr. 50,- Middag, kaffi og kaker Bindande påmelding innan 2. okt. (inntil 140) Tlf. 700 24 063-99 64 98 62 700 20 104-98 45 04 32 Annonsa bet. av: 1800,- 1150,- LÆRAR- UTDANNING? EG? Ja, kanskje er dette nettopp noko for deg! Hausten 2011 startar vi opp med desentralisert grunnskulelærarutdanning på deltid i region Nordfjord/Søre Sunnmøre. Utdanninga går over 5 år, er samlingsbasert og det ligg godt til rette for å kombinere arbeid, familie og studie viss ein ønskjer det. Vil du gjerne vite litt meir? Då er du hjarteleg velkomen til eit ope og uforpliktande møte for meir informasjon: Åram oppvekstsenter onsdag 29. september klokka 18.30 Her vil du få vite meir om studiet! Vi kan svare på spørsmål om til dømes studiekompetanse (høve til å skaffe seg det), innhald i studiet, tal samlingar og andre ting DU måtte lure på. Vel møtt til alle! Venleg helsing Skulefagleg ansv. i Sande og Vanylven kommunar Bente Sollid Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen i Volda Tlf.: 57 67 61 94/99 02 87 69 VANYLVEN KOMMUNE FORMANNSKAPET held møte tysdag 28. september 2010 frå kl. 09.00. Møtet startar med synfaring på Åheim: jfr. arealdelen i kommuneplanen. Deretter ordinært møte på rådmannens kontor, rådhuset, Fiskå. Sakliste er tilgjengeleg på kommunen sine internettsider og på Servicetorget, Rådhuset Ordføraren Tilbod motorsager Fleire merker av toppkvalitet alle størrelsar m/sverd 25-65 cm. Alt tilleggsutstyr. Olje og smøremidlar til alle behov. Alltid lave prisar. Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76 Vi held stengt laurdag 25/9 og tek med personalet på møbelfagmesse for å auke vår møbelkunnskap. Møbler og Utstyr As, Åheim Salg og utleige av: Minigravar/betongsag/rivingsutstyr/ hageprodukt Tlf. 700 23 990 Reperasjon/ vedlikehald av motorsag - grasklippar - slåmaskin påhengsmotor o.l. Tlf. 700 23 990 Gla Dansen på Eidsåtun laurdag 25. september kl. 21.00-01.30 Musikk: Nils Petter Nes Syvde IL - Fjelltur Søndag 26. sept. går turen til Storebøra, Fiskå. Fin fam.tur. Startkontigent kr 20. Møtast kl 11.00 på v.g. skule. Info tlf: 480 71 425 OPEN BRANNSTASJON I samband med brannvernveka er det open dag på Fiskå brannstasjon Laurdag 25. september frå kl.: 10.00 til kl.: 12.00 Alle er velkomne for å sjå og lære. SMÅVILTJAKT I SYVDE Det er ope for småviltjakt i området til Myklebust sameige i tidsromet 24.09 til 23.12. Jakt med hund er forbode. NB! Kun for grunneigarar og andre med bustad adresse på G.nr. 89 på Myklebust i Syvde. KJØP/SAL/LEIGE Border Collie valper tilsalgs. Tlf.: 970 08 317 e. kl. 16.30. Brukt 4 hj.dreven traktor egna for brøyting. Maks 70.000 ønskes kjøpt. Tlf. 906 58 142 Altaskifer 13" til sals. Tlf. 920 64 708 Tørr bjørkeved leveres på døren eller plasseres i vedskjul uten ekstra kostnad. Tar igjen suksessen fra ifjor og er tidlig med levering av ved pakket i 40 l. sekker. Bestill i god tid. Våre kunder er 100% fornøyde! Tlf. 45 80 95 19 BJØRKAVED Frå vedamannen på Eid. Topp, fin og tørr kvalitet. Fritt levert. Tidlegare og nye kundar er velkomne. Tlf. 958 99 281. Årsmøte i Syvde skulekorps fredag 1. okt. kl 19 Vanlige årsmøte saker Styret Tips oss på 700 20 820 Til leige......ein stad å bu i Vanylven Har du hus eller leilegheit til leige? Du får to gratis innrykk i papiravisa + inntil fire veker i nettutgåva. Sjå www.synste.no LEIGE Møblert leiligheit til leige i Åheim sentrum. Ta kontakt på tlf. 700 22 677/95 99 37 87

SOL & MÅNE Sola står i dag opp 07.23, og går ned 19.35. SISTE 20SIDA SYNSTE MØRE SYNSTE MØRE TORSDAG 23. TORSDAG SEPTEMBER 23. SEPTEMBER 2010 2010 Månen står i dag opp 18.49 og går ned 07.45 FLO & FJØRE FLO FLO FJØRE FJØRE Tors. 12.01-05.57 18.03 Fred. 00.06 12.29 06.24 18.32 Laurd. 00.35 12.56 06.51 19.01 Sønd. 01.04 13.25 07.19 19.32 Mån. 01.35 13.55 07.48 20,05 Tys. 02.09 14.29 08.21 20.43 Ons. 02.48 15.08 08.59 21.31 Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd. Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95. FOR 20 ÅR SIDAN Vestavisa 27. sept. 1990 Klart for den store finalen på Eidsåvoll Spenninga i 6. divisjon er slett ikkje over sjølv om Åheim er klare for opprykk. Laurdag er det duka for den store haustfinalen. Vi satsar maksimalt på å ta poenga, seier VanKam-trenar Magne Berge. Med siger er det framleis håp om opprykksplass... [Men] Van-Kam kan ikkje rekne med at Åheim tek lett på kampen: Ikkje snakk om, seier Åheimtrenar Atle Jon Teigen og avlivar kategorisk alle spekulasjopnar om gratispoeng. Vi kjem til Eidsåvoll for å vinne og vi skal yte hundre prosent Magne Berge er klar over at eit formsterkt Åheim-lag med ein frisk Stig Rune Løvold på midtbana blir ei utfordring. Vi skal vise at vi er gode nok for opprykk og det må vi gjere uavhengig av Åheim, seier Berge. Fekk prøve fridykking Denne gjengen har nett fått "smake" på fridykking. Lærar har vore Kjetil Drange i dykkerklubben Ægir. Han seier at dette ikkje er å sjå på som eit fridykkingskurs - det kan kome seinare om dette gir meirsmak. Her ser vi gjengen samla på kaia nedanfor A.M. Vik i Syvde. Her blei det dykka for å sjå kva ein kunne finne på botnen - og ein kom opp med både det eine og det andre. Elles har gjengen hatt både teori, fått prøve utstyr - og altså dykka i sjøen. Taffel Eg har sommarjobb som taffelpianist på Hotel Union Øye i Norangsdalen. Dersom du lurer på kva taffelmusikk er, kan eg opplyse om at det nesten ordrett tyder bordmusikk, og er ofte rolig og behageleg bakgrunnsmusikk som går inn den eine øyra og ut den andre. Som regel. Dette er ein sommarjobb eg kjenner meg særs heldig med. Det er jo litt vittig dette her med å spele taffel, og det er ekstra kjekt når gjestane på hotellet er blide og entusiastiske. Det er nok noko med heile pakka, heile hotel Union Øye, som får dei til å pøse si begeistring over meg, dei har nettopp ete ein fortreffeleg middag (og drukke ein del vin) på Noregs vakraste hotell i Noregs vakraste fjord og er gripne av den herskapelege stilen og den ekstremt avslappa og rolige stemninga. Etter middagen kjem dei luntande inn i den kvite salongen (der eg sit og speler meir eller mindre smakfull taffelmusikk) og set seg ned i ein djup og fin stol med kaffi og konjakk, og då er det ikkje så rart at det er meg dei uttrykker si oppleving til. Kanskje er det også litt fordi eg spelar ganske fint. Ein gong var det ein mann som sa til meg at eg hadde gjort kvelden spesiell og at dette var noko heilt anna enn taffelspelet på Kielferja, noko eg sjølvsagt såg på som eit stort kompliment. Eg har tenkt litt på dette med å ta utgangspunkt i staden du taflar, når du vel ut repertoar, dersom du er taffelpianist på Kiel-ferja speler du lettfattelege hits på ein cheezy måte, dersom du jobbar på eit PÅ TAMPEN gamalt trehotell frå 1891 (det gjer eg) kan du godt spele klassisk musikk, samt fine viser og folketonar og folkemusikkinspirert musikk (passar til den svært norske naturen) og ei og anna jazz-standardlåt. Det er forresten også viktig å unngå kvite flygel med tilhøyrande, kvit dress. Eit anna triks er å sjå litt på gjestane, prøve å sjå på dei kva slags musikk dei likar. Til dømes om der er danskar til stades, då brukar eg å spele I skovens dybe, stille ro, det slår alltid skikkelig an, dei nynnar med (anbefalast på relativt edrue danskar). På eit såpass (enn så lenge) lite hotell, er det naturleg at alle må hjelpe til med litt av kvart, noko som gjer at eg byttar litt på å vere pianist, servitør, hobbyvaktmeister, stuepike og gartner. Slikt kan jo føre til ein del vittige møte, som då ein oppdagar at han som reidde opp sengene tidlegare på dagen, no har på seg tversoversløyfe og vest og speler Grieg nede i salongen. Folk kan bli overraska over at det går an å vere i stand til å klippe plen og skifte lyspærer i tillegg til å kunne spele piano. I slike situasjonar kjenner ein seg allsidig. Gjennom ein slik jobb kjem ein i snakk med mange rare folk, bergensarar som byrjar å grine når eg speler Vaaren av Grieg, russiske damer frå Vestfold, kvinner som kjem og stiller seg opp ved sida av pianoet og syng med. Når gjestane høyrer på dialekta mi, skjøner dei at eg er sunnmøring og spør om eg er frå Norangsfjorden, Nei, svarar eg då, eg er frå Dalsfjorden, ein annan liten fjord, eit par ferjer herifrå. Det elskar dei. Det med ferjene, altså, det er eksotisk, det er slikt austlendingar til dømes elskar å høyre om, eg lever opp til deira forventningar om den gjennomsnittlege sunnmøring ved at eg vurderer avstand i ferjeturar. Turistbransjen er ei artig bransje, og helst burde eg jo hatt bunad også, der eg sit og speler Grieg, berre for å bli ekstra nasjonalromantisk. HENRIK KOPPEN h_koppen_ @gotmail.com ADRESSE M.M: Postboks D, 6139 Fiskåbygd Telefon 70 02 08 20. Telefax 70 02 08 25. Bankgiro: 3972.20.33233 Heimeside: www.synste.no E-post: redaksjonen@synste.no INNLEVERINGSFRISTAR for annonsar: Tysdag kl. 14.00 Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00 BLADPENGAR: Heilår: 650 kroner Halvår: 325 kroner Student (10 mnd) : 350 kr Tillegg for porto utanom Norden LAYOUT/ UTGIVAR: Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd PRENT: Polaris Trykk Ålesund Best lokalt 70 02 08 20 PRIVAT-TELEFONAR/E-POST: Red/dgl.leiar Vidar Parr, privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48 e-post: vidar@synste.no Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755 e-post: ronnaug@synste.no Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479 e-post: olemagne@synste.no Journalist Kjell Brenne privat 70 02 41 22 mobil 950 24553 e-post: kjell.brenne@tussa.com Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)