II. Eit nyliberalt narrespel: lagnaden for dei oppe, fridom for dei nede.



Like dokumenter
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jon Fosse. For seint. Libretto

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Månadsplan for Hare November

Kom skal vi klippe sauen

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Brødsbrytelsen - Nattverden

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den nye seksjon for applikasjonar

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Klepp kommune Tu skule

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

mmm...med SMAK på timeplanen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kva er økologisk matproduksjon?

Samansette tekster og Sjanger og stil

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin


Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

I N N H O L D. Forord

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng?

Kvalitetsplan mot mobbing

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

FANTASTISK FORTELJING

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Fonetikk og fonologi Oppgåver

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

11. Bøker og bokomsetning

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Transkript:

Til (sjølv) forsvar for Giraffane. I. Fyrst kort men naudsynt presentasjon av giraffane Giraff. Eit svært høgt dyr. Kan verta opptil 5,3 meter. Den er det høgste dyret. Den bur i dei tørre områda med spreidd vegetasjon, i sør av Sahara. Giraffane, hanndyr og hodyr, er forsynt med to eller fire korte, avrunda horn, dekkte med hud. Pelsen til giraffane har mørke flekkar over kremfarga bakgrunn, ei perfekt kamuflasje i mellom samspelet av lys og skyggar mellom greinene. Giraffane kviler og søv ståande. Dei kommuniserer ved å utstøyta grynt og andre svært lågfrekvente lydar. Giraffane forsvarar seg ved å sparka. II. Eit nyliberalt narrespel: lagnaden for dei oppe, fridom for dei nede. I det store verdsomspennande fjernsynet presenterer kanal ein, den eine og evige kanalen til nyliberalismen, eit bilete som vert repetert til det kvalmande: den rike er rik fordi lagnaden, Gud eller arven (alt etter tilfellet); i motsetnad er den fattige fattig fordi den fattige sjølv ynskjer det. Slik, må den rike lida lagnadens diktatur og vera eit offer, utan å gjera motstand, eit heilt liv med luksus og rettsleg immunitet (sjølv om, sett frå den hi sida, immuniteten også er ei luksusvare); samstundes, nyt den fattige fridomen til å velgja å vera fattig, og treng ikkje leggja seg under noko... fordi den fattige har ikkje noko. Nyliberalismen foreslår, i trippel A timeplanen, ei globalisering oppe og ei anna nede. Oppe står rikdomen fram, meir enn som på ein fjernsynskjerm, som i eit akvarie. Fiskane er vakre, ja, men dei er fangar innanfor glasets veggar. Nede står fattigdomen fram som fridomen til å velgja mellom å vera nede eller oppe... Like fullt er det dette som er refrenget som me får innprenta på mange vis og til alle tider: Du kan ikkje verta slik som oss (lagnaden har halde av inngangsbillettane til oss). Men, til gjengjeld, har du fridomen til å søkja å likna på oss. Du kan velgja å kle deg som oss, hudfargen er ikkje så viktig om den vert dekt over med merkjeklede. Du kan velgja å syngja, å dansa, å elska som oss. Men, framfor alt, bør du velgja å tenkja som oss. Kort fortald, slaveriet forkledd som overbevist fridom. III.Når Makta definerer den andre, definerer den fienden Som aldri før vert grunnen for dette brotsverket av skadd humanitet kalla kapitalisme gjeldande i alle hjørner av planeten: dei som produserer rikdomen vert frigjorde frå alt det som ikkje er deira evne til produksjon. Og det moderne verdsomspennande Operasjon Fridom kan i dag skilta med millitære og økonomiske midlar som fleire gonger overgår frigjeringskapasiteten til atombombene som vart sleppte over Hiroshima og Nagasaki. Den merkjelege alkymien til globaliseringa ovanifrå har ført til verdsleggjeringa av eit nytt dogme: frigjering av menneskeslekta er det same som frigjering av marknadane. På heile planeten og på alle språka vert den nye bøna repetert, med ein ny gud på alteret, som lik alle dei tidlegare gudane, framleis er sta, ustabil og uforståeleg: marknaden. Og, lik dei tidlegare gudane, opererer ikkje marknaden på grunnlag av rasjonelle tal, statistikkar, lovar om tilbod og etterspurnad, finansielle kalkulasjonar. Nei, den nye guden operer på grunnlag av død og øydeleggjing, krig.

Likevel vil den aldri vedkjenna seg at den øydelegg, men halda fast på at den fordeler, demokratisk, likskap pendlande mellom ei avgrensa mengd identitetar: kjøpar-selgjar. Alt og, framfor alt, alle, som ikkje kan eller ikkje vil vera det eine eller det andre, i fylgje marknadens grove og desperate mål, er dei andre. Den vil heller ikkje vedkjenna seg at den drep. Den humaniserer ved å innføra ei ny orden som befolkar jordas overflate: marknadens hegemoniske orden. Dei som forstyrrar denne orden er dei andre. Den nye sanninga er ikkje så ny... Indianarane, offer for det verste ranet i den universelle historia, held fram med å lida under utbyttinga av deira siste restar av jord, og dei held fram med å vera dømde til å fornekta si eigne ulike identitet. (...) I byrjinga vart plyndringa og [EL OTROCIDIO] utført i Gud i himmelens namn. No vert den utført i namnet til Framskrittets gud. (Eduardo Galeano: Å vera som dei.) 1 Om dei andre før var indianarane, dei svarte, dei gule eller dei raude, så har globaliseringa ovanifrå gjeve oss ei autentisk verdsomspennande demokratisering : me er alle dei andre, alle som ikkje ynskjer å likna på den hegemoniske modellen, og me nektar å homogenisera vår identitet, som vil seia at me set oss i mot å gje opp det som gjer oss ulike. I skilnaden, i godkjenninga av denne, i forsøka på forstå denne, det vil seia å respektera denne, er grunnlaget for det menneskelege. Ved å definera den ulike som fienden definerer Makta alt det menneskelege som motsetnaden som skal utslettast. IV.Den nye verdsorden, kort samanfatta: dei rike landa er rike på BEKOSTNING av dei fattige landa Den nyliberale moderniteten har attpåtil modernisert språket: der det før vart sagt kveling, vert det no sagt betaling av tenesta for utanlandsgjeld. Det lyder betre, men er meir døydeleg. I det store globaliserte fjernsynet produserer dei fattige landa rikdom, medan dei rike landa produserer finansielle mekanismar som krev inn desse rikdomane. Mexico, som er eit fattig land, har dei siste 10 åra betalt nesten 350 tusen millionar dollar for det som vert kalla teneste for utanlandsgjeld. Berre i det som forlet staten frå utbytet vert det årleg bukt seks gongar meir i betaling av gjeldstenesta enn det som i same periode vert brukt på å bekjempa fattigdomen. Av det totale som som har vorte betalt av Mexico, som er eit fattig land, dei siste 10 åra, har ein firedel vore til Verdsbanken, Det Internasjonale Pengefondet og Den Interamerikanske Utviklingsbanken (som, om dei ikkje er fattige, er er godt sminka). Nær ein tredel har vore til bankar i rike land (størstedelen i USA, og i mindre grad europeiske, japanske, kanadiske og asiatiske bankar). For kvar dollar Latin Amerika, som er eit område med fattige land, lånar, vert åtte betalt tilbake og den fira vert ståande att som resterande gjeld. Kreditorane? Nordamerikanske og europeiske bankar (hovudsakleg engelske, franske og spanske). Kort fortald har globaliseringa ovanifrå forenkla geografien: i verda finns ikkje lenger nord og sør, øst og vest. No finns land som betalar og land som krev inn. 1 Eduardo Galeano, Ser como ellos

Og ikkje berre det. Om det før heitte seg at den som betalar bestemmer, er det no den som krev inn bestemmer. Men, den nye guden har, som dei føregåande, føter av leire. Dens framdrift har ikkje samlinga av rikdom som hovudmotor, men den finansielle spekulasjonen. Den nyliberale marknaden, fascinert av den frenestiske inn og ut straumen av kapital (finanskapitalens nærvere alle alle stader, mirakelet som har vorte til på grunnlag av informasjonens SUPERHIGHWAYS), har gløymt to ting som er grunnleggjande for reproduksjonen av kapitalen: varene og dei som produserer desse (postmoderniteten held fram utan å vera perfekt, framleis er det behov for menneskeleg arbeid). Slik treng eit parasittisk system produsera fleire parasittar. Grisk etter forteneste tillet ikkje globaliseringa ovanifrå noka velferd der den plantar sin hov. Det motsette er tilfellet, som dei fire ryttarane i Åpenbaringa 2, sår den med garnti om umiddelbar haust, sult, elende, øydeleggjing og død. Den valsen vil ikkje gjera anna enn å øydeleggja verda på det enklaste viset: ved å øydeleggja dei som bur der. Vel, om dei andre tillet det... V. Nyliberalismen som rettar oppatt feila I den globaliserte nyliberale såpeoperaen er ikkje den andre eingong ein kjeltring, men monsteret som må eliminerast for å sikra happy ending (det vil sei at den vakre kvinna giftar seg med den vakre mannen, og kjeltringen kjøper seg fri -ved fyrst å visa til ein solid bankkonto-). Dei andre er feil i HUMANITETEN. Å globalisera ovanifrå er å retta opp den feilen over heile verda. Og, å retta opp er å eliminera. For å gjera dette er det naudsynt å ta identitetsymbola frå dei andre. Skilnaden er slik ein feil frå naturen si side. Indianarane i Amerika var det, og å sivilisera desse var å retta på guds arbeid... i guds namn. Men moderniteten under nyliberalismen oppfordrar ikkje til jakt på indianarar og svarte. Nei, no handlar det om å jakta mennesker... eller, betre sagt, å jakta på humane identitetar. Og, kva betre human identitet enn kulturen! Om logikken til marknaden er fortenesta (merk: ikkje det same som oppsamling av rikdom), så bør alle kulturar som ikkje fylgjer denne logikken verta utrydda. Om kulturen fyrst og fremst er ein spegel for liv (sjølv då den har døden som tema) som fortel oss: dette er, var og ska eg verta, så er angrepet (POR COMISION O POR OMISION) på kulturen eit angrep på livet. For to år sidan, under utdelinga av dei nasjonale premiane for Kunst- og Vitskap, fortalte den meksikanske journalisten og forfattaren, Vicente Leñero, om Mexico noko som kunne gjelda for heile den øvre verda: Den regjerande klassa, den politiske klassa, bedriftseigarklassa, og for ikkje å snakka om geistlege klassa nyt trassige det kulturelle begjæret; dei byggjer det ikkje inn i eigne liv, kanskje fordi dei tenkjer at denne friheten som eitkvart kunstverk frofektar, denne generøsiteten til skapingsfenomenet, er mistenkjeleg målt i praktisk nytte. 2 Johannes Åpenbaring 6, 1-8

(Tale under seremonien for utdeling av dei nasjonale premiane innan Kunst og Vitskap. Frå den meksikanske avisa Reform, Kultur, 26. februar 2002.) Nyliberalismen, andsynes kulturen, er ikkje berre ei samling av smakløyse og umiddelbare og oppløyselege overfladiske element. Dette også, men ikkje einast. Det handlar også om ein krig mot kultur, det vil seia, ein krig mot alt det som ikkje samsvarar med logikken til marknaden. I tilleg tenkjer artistane og dei intellektuelle på mistenkjeleg vis. Og å tenkja er fyrste steget mot å vera annleis. Om det å utrydda artistar og intellektuelle fører med seg dårleg publisitet, finns alternativet med kveling. Regjeringane med nyliberal tru investerer ikkje berre ikkje i vitskapane og kunstformene, dei tvingar også bort det vesle som finns i den kulturelle sfæra for å investera dette i ufråvikelege prioritetar, akutte og umoglege å utsetja... slik betalinga av den utanlandske gjeldstenesta er det. VI.Den andre og endå kortare, men like naudsynte, skildringa av giraffane Kvar einaste giraff har sitt eige mønster med flekkar, og dei har fortreffelege hørsel-, lukt- og smaksansar. Det vart drive jakt på giraffane på grunn av deira tjukke og slitesterke skinn, men i dag er dei ein verna dyreart. VII.Ei verd utan giraffar? Med si klossete gange, si synlege asymetri, si ubekymra mine, er giraffane styggfine. Vel, om ein ser godt etter, er det ikkje det at dei er stygge, det er heller det at dei er svært andre, med denne framtoninga som er så distansert frå dei pedantiske balanserte symmetriane som kjenneteiknar rovdyra. Giraffen er det mest symbolske biletet på forskjellar i dyreriket. Den er ikkje berre annleis, men den spradar rundt i si uvanlege irregulære framtoning og omskapar si differens til noko vakkert, nett fordi den viser seg fram. Menneskeslekta har også, heldigvis, sine giraffar. Dei finns, til dømes, som kvinne giraffar, forfølgde og trakasserte, ikkje berre for ikkje å anstrenga seg for å fylla skjønnhet- og oppførselstandarden som tvingar seg på ovanifrå ( pynt hverken tenkjer eller talar, kjære ), men også for å flagga sin skilnad og sin kamp for å vera den dei sjølve ynskjer å vera heller enn det som dei andre ynskjer at dei skal vera. Så finns også dei unge giraffane, kvinner og menn, mange så motvillige mot å gå inn/det vert kalla modna / i kjeda av forkrøpling, svik og prostitusjon som kjenneteiknar luftslottet. Unge, som ikkje berre ikkje skjuler asymetrien mellom kropp og sjel, men også pyntar denne, gjev den litt gel; tatoverer denne, heng ein piercing på denne, dei darke ar den, skate ar den, hip-hop ar den, punkar den, skin ar den, gjer-kva-de-skal-vera med den, dei ropar ein grafitti på ein mur med den, dei snur den i støtte til ein sosial kamp, dei lagar små sneglehus av den framføre ordenstyrkane, dei set den til å studera, men utan vinning som drivkraft og mål, og dei får den til å hoppa når rocken, dette lydspegelet forfektar oppheving av tyngdekrafta og stikk-for-der-kjem-røkkelet-for-å-få-oss-til-å-modna-som-vilsei-at-dei-vil-at-me-skal-landa-men-med-ei-verge-og-skynd-deg-med-den-malinga-at-det-skal-kunnalesast-at- dei-samla-giraffane-vil-aldri-verta-tepper men-om-det-ikkje-rimar-mann-er-me-giraffar-ogikkje-poetar... Så finns også dei andre giraffane: dei homoseksuelle giraffane, lesbiske, transeksuelle, transvestittar og kvar-og-ein-sin-stil, eller ikkje? Ikkje berre kjem dei ut av skapet, men også ved å visa fram si differens med menneskeverdet som skil menneska frå neoliberalane, unnskyld, frå dyra [ los animales

oms. anm.]. Utan å bry seg om at dei vert forfølgde og gjorde narr av, inkludert av dei som påstår å villa endra verda. Javier Lozano Barragán, katolsk biskop i Zacatecas, Mexico, samanlikna homoseksuelle og lesbiske med kakerlakkar (La Jornada, 22. okt 2004, Penultimatum). Kakerlakkane er ikkje i fare for å verta utrydda, noko Giraffane er. I tillegg, i fylgje nøyaktige vitskaplege studier, ville kakerlakkane vore dei einaste levande vesen som overlevde ei verdsomspennande holocaust. Ein veit ikkje om biskopane vil overleva. I tillegg finns urfolk giraffane, menn og kvinner og unge, som ber sin farge, sitt språk og sin kultur med same stil og fargar som deira klede, deira songar, deira dansetilstellingar, deira kampar og opprør. Og så finns arbeidar-, bonde-, tenar-, lærar-, sjåfør-, religiøse-, artist-, intellektuelle-, papirlause giraffar som går i støvlar eller joggesko eller sandalar eller mokkasinar eller berre på sine nakne bein. Fylgjeleg heile det giraffiske folket. Under nyliberalismen vert dei andre menneska, som er oss, giraffane, dei stygge, asymetriske, det vil seia det overveldande fleirtalet av menneskeslekta, jakta på for å henta fortenesta frå vår harde hud. Det burde finnast ei lov som verna oss som art i fare for å verta utrydda. Ei slik lov finns ikkje. Men, i staden for lova har me vår motstand, vårt opprør, vårt menneskeverd. Det er vår plikt å gjera motstand, fordi verda utan giraffar ville vore... hmm... korleis skal eg seia det... no veit eg!... ville vore som ein Taco al Pastor, men utan hverken tortillaen, kjøttet, annanas, koreander, løk, saus. Det vil sei kun sjølve papiret med smør, eit papir med nostalgien av å ha innehalde ein taco som, sagt i forbifarten, eg har griska til meg, men med det nye at programmet berre nesten er slutt og eg ikkje finn syrenøytralisatoren i ryggsekken, noko som vil seia, som songen seier, sett i gang og fød, latinske mødre 3. No går eg. Følg med på Det Zapatistiske Intergalaktiske Fjernsynsystemet. Eg veit at det er eit svært annleis fjernsyn, men eg kan fortelja dykk at for lenge sidan var fjernsynet i svart-kvitt, og i dag er det i fargar. Om alle me giraffane overlever, vil livet i morgon vera i fargar, i alle fargane. Fjernsynet?.. hmm... Kven bryr seg! No stikk eg... På skjermen (som vil sei på arket) kan det no lesast: Her sluttar denne spesialsendinga frå Recovery Channel, kanalen til minnet om giraffane, eksklusivt for Det Zapatistiske Intergalaktiske Fjernsynsystemet. Ikkje slå av, mejor córrale por la botana (si son tacos al pastor no sean ojaldras, dejen uno siquiera. Atte. La Dirección)." Frå fjella i det søraustlege Mexico Subcomandante Insurgente Marcos Mexico, oktober 2004. 20 og 10. 3..., a parir madres latinas.