BUSTADSOSIAL HANDLINGPLAN I STORD KOMMUNE Stordkommune.doc pr

Like dokumenter
RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Kommunedelplan Bustadsosial handlingsplan

Bustadsosial handlingsplan for Time kommune TIME KOMMUNE

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

BUSTADPLAN

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Retningslinjer for behandling og tildeling av kommunal bustad i Sandøy kommune

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Omsorgsbustader i Kinsarvik. Godkjent i heradsstyret sak 27/07

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN TYSVÆR KOMMUNE

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN Vedteken Sund kommunestyre

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Retningsliner for tildeling av bustad for vanskelegstilte i Vestnes kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

I Bustadsosial handlingsplan skal følgjande målgrupper prioriterast: Overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet i Time kommune er:

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN SANDE KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Bustadsosial handlingsplan. for. Ulstein kommune

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 17:00

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

`` Slik gjer me da i Lindås `` bustadtilpassing... vegen til bustadkontoret

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Surnadal kommune Bustadsosial handlingsplan BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Kommunedelplan for oppvekst

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

6053 Boliger for flyktninger - gate 4, og gate 5, 68-72

Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låg inntekt

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Forskrift om bustøtte

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG HEISPROSJEKT -

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Mind the gap. Sluttrapport. Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne. (Dykkar referanse 2012/BQ2H34)

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Forslag til forskrift

ÅDALEN ALLÉ 6. Nye kommunale omsorgsbustader Skodje kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Tilpassa bustader erfaringar frå Karmøy. Innlegg Stavanger 4 april 2017

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN STORD KOMMUNE

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Finansiering av heisprosjekt. Husbankens finansieringsordningar v/ Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar i Husbanken

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Sund Eigedomsutvikling KF

Bustadstrategi Sogn. Regionrådet 17. juni 2016

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Til veljarane i Tysnes

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Bustadsosial handlingsplan for Skodje kommune

Bustader. Kostradokument nr. 9. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Bustader

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

2014/

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Universell utforming i Husbanken. Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Transkript:

BUSTADSOSIAL HANDLINGPLAN I STORD KOMMUNE 20032006 Stordkommune.doc pr. 20.09.06 1

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN FOR STORD KOMMUNE INNLEIING.... 3 SAMANFATTANDE DEL... 4 HOVUDMÅL:... 5 FORSLAG TIL TILTAK:... 5 1. Organisere det bustadsosiale arbeidet i kommunen slik at flest mogeleg får hjelp.... 5 2. Legge til rette for oppfølging og tilsyn der det er behov for dette.... 6 3. Tilpasse den kommunale bustadmassen etter behovet for bustader.... 6 4. Legge til rette for at vanskelegstilte og unge førstegongsetablerarar kan skaffa seg rimelege bustader.... 7 Oversikt over forslag til tiltak som fører til fleire bustader:... 8 FRAMDRIFTSPLAN.... 8 DEI VANSKELEGSTILTE PÅ BUSTADMARKNADEN:... 10 RESULTATET AV KARTLEGGINGA:... 11 Kven er dei vanskelegstilte på bustadmarknaden?... 11 Kva målgrupper som er mest vanskelegstilte på bustadmarknaden?... 11 Korleis bur dei vanskelegstilte i dag?... 12 Kva ressursar har dei kartlagde husstandane?... 13 Bustadløysingar som er tilrådd:... 13 Behov for oppfølgjing:... 14 BEFOLKNING OG BUTILHØVE I STORD.... 15 Folketalet i 2000:... 15 Framskrivingar og familietypar:... 16 Arbeidsløyse:... 17 Bustadmassen slik den er i dag:... 17 Antal brukte bustadar og nye bustadar gjennomsnittsprisar:... 18 Ungdom i etableringsfasen:... 19 KOMMUNALE BUSTADER:... 20 Kor mange og kva type bustader?... 20 Tildelingsrutinar:... 21 PRIVATE UTLEIGEBUSTADER:... 21 ØKONOMISKE VERKEMIDLAR:... 22 Korleis nyttar kommunen dei personretta verkemidla til finansiering:... 22 Etableringslån:... 22 Bustadtilskot til etablering:... 23 Bustadtilskot til utbetring/tilpassing:... 24 Kjøpslån:... 24 Prosjekteringstilskot og utbetringslån:... 25 Bustøtte:... 25 Økonomisk sosialstønad til bustad:... 25 Vedlegg: Mandat Tabellar frå kartlegginga Notat frå Stobo Stordkommune.doc pr. 20.09.06 2

INNLEIING. Det er eit overordna mål i norsk bustadpolitikk at alle har rett til å bu i ein god bustad i eit godt bumiljø. Kommunen har plikt til å hjelpa dei som av ulike grunnar ikkje er i stand til å skaffa seg eigna bustad på eiga hand, eller som ikkje greier å halda på bustaden sin. Stortingsmelding nr. 49 (1997 98) om bustadetablering for unge og vanskelegstilte oppfordrar kommunane til å utarbeida lokale bustadsosiale handlingsplanar for å kunne betre situasjonen for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Stord kommune hadde våren 2000 eit møte med Husbanken, der det vart orientert om kva ordningar Husbanken har og om at det var mogeleg å søkja om tilskot til å laga bustadsosiale handlingsplanar. I etterkant av dette møtet vart det bestemt at Stord kommune skulle overta ordninga med bustadtilskot til etablering, og at det skulle lagast ein bustadsosial handlingsplan. Det vart søkt om tilskot til dette arbeidet, og Husbanken gav eit tilsagn på 100.000 kroner. Ein bustadsosial handlingsplan fører til at kommunen får: auka kunnskap om bustadbehovet i kommunen auka kunnskap om statlege verkemidlar meir samkjørt bustadpolitikk mellom einingane betre utnytting av den kommunale bustadmassen meir målretta og meir effektiv bruk av verkemidlane større effektivitet ved å samordne ressursane Husbanken skal nytte dei lokale handlingsplanane når verkemidlar skal fordelast. Det vert difor sett krav til kva planen skal innehalda. Planen må omfatte desse områda: Skildring av generelle befolknings og butilhøve i kommunen Kartlegging av dei vanskelegstilte gruppene sine bustadbehov Kartlegging og vurdering av dei statlege og kommunale verkemidlane, inkludert den kommunale bustadmassen. Vurdere organiseringa av det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Satsingsområder, strategiar og tiltak. Planen skal ta føre seg hjelp både til å etablere seg i bustad og til å verta buande i bustad. Det vart sett ned ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe for prosjektet i 2001, men det eigentlege arbeidet med planen kom ikkje i gang før juni 2002 då kartlegginga av dei vanskelegstilte vart gjennomført. Kartlegginga og arbeidet med dei ulike delane av planen har vist at det er udekka behov knytta til bustad for grupper av vanskelegstilte. Desse gruppene har vanskar med å halda på bustaden sin utan oppfølging. I tillegg er det komen fram at det er behov for endringar i måten kommunen organiserer det bustadpolitiske arbeidet på. Arbeidsgruppa har vald ikkje å gå nøye inn på generelle bustadbygginga i kommunen då kommunen har ein eigen del om bustadbygging i kommuneplanen. Det er heller ikkje lagt vekt på ungdom i etableringsfasen, då denne gruppa ikkje ser ut til å ha store vanskar med å koma inn på bustadmarknaden på Stord. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 3

SAMANFATTANDE DEL. Dei fleste bur svært godt i Stord kommune, og har ikkje vanskar med å skaffa seg bustad på eiga hand. Det er lagt opp til ei bustadbygging på i gjennomsnitt 100 bustader i året, og det er stort sett ikkje vanskeleg å skaffa tomt eller brukt bustad i Stord kommune. Kartlegginga som vart gjennomført viste at det er mange husstandar som ikkje har eigna bustad i kommunen. Desse har problem av ulike slag, som fører til at dei har vanskar med å skaffa seg bustad på eiga hand eller med å verta buande i den bustaden dei har. Desse gruppene vil ha behov for hjelp frå kommunen, dersom dei skal få ein eigna bustad. Kartlegginga vart gjennomført i juni 2002 og 87 husstandar vart registrerte. Dette utgjer om lag 180 personar, og 70 av desse er barn under 18 år. Hovudtrekka som kom fram var desse: Den største gruppa er unge, einslege menn, men også gruppa einslege med barn er stor. Dei fleste er i alderen 20 49 år, berre eit fåtal er over 67 år. Rus er hovudproblemet for 20 av husstandane som er registrerte. Elles er det flest registrerte i gruppa med funksjonshemma og gruppa som har økonomi som hovudproblem. Dei fleste leiger kortsiktig privat, bur heime hos føresette eller har eigen bustad. Det er eit fåtal som leiger kommunalt blant dei registrerte. 22 husstandar er heilt utan bustad. Over halvparten har ei inntekt under grensa for å få bustøtte. 68 av husstandane er tilrådd ein annan bustad, medan 19 kan verta buande. 54 husstandar har behov for oppfølging. 6 av husstandane er rekna som vanskelegstilte på grunn av barn med spesielle bustadbehov. Familiar med funksjonshemma barn, vil ofte ha behov for å tilrettelegga bustaden sin. I tillegg har dei behov for avlastingsbustader som også må vera tilrettelagde. Det er planlagt avlastingsbustader ved Sæbø gard, men dette er utsett til 2005. Det vert også arbeida for eit interkommunalt samarbeid på dette området. Når desse barna vert vaksne vil dei ha behov for tilrettelagde bustader med tilsyn. Dette gjeld om lag 13 barn som ikkje er med i kartlegginga i denne omgang, då dei ikkje har bustadbehov på kort sikt. Det kjem til å bli relativt fleire eldre i kommunen, noko som vil føra til auka behov for omsorgsbustader og tilrettelegging av bustader. Kommunen har ingen bustader som er øyremerka rusmisbrukarar. Mange i denne gruppa har behov for tilsyn, dersom dei skal kunna bu, og dei har behov for eit tilbod i tillegg til Stord bu og omsorgssenter (Fasenteret) som har 7 hyblar med tilsyn. Det er i denne gruppa ein finn dei fleste som er heilt utan bustad. Dei har ofte vanskar med å skaffa seg bustad på den private marknaden, og greier ikkje å halda på bustaden utan oppfølging frå hjelpeapparatet. Kommunen har om lag 150 bustader til utleige, og har i tillegg tildelingsrett til omsorgsbustader i burettslag. Det er også planlagt omsorgsbustader og psykiatribustader i Nordbygdo. Det skulle såleis vera mange nok bustader dersom ein omdisponerer bruken av nokre, og får sirkulasjon i dei bustadene som skal vere gjennomgangsbustader. Det må leggast vekt på å få ei betre geografisk spreiing av dei kommunale bustadene, då det i dag er for mange bustader i Sagvågsområdet, og få i Nordbygda. Husleigenivået er så høgt i dei kommunale bustadene at mange av dei vanskelegstilte gruppene har vanskar med å greia å betala husleiga. Ein stor del av dei som har behov for bustad er einslege, og kan greie seg med rimelege hyblar som gjennomgangsbustader. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 4

Det er vedteke at Stord kommune skal ta imot 20 flyktningar i året dei neste tre åra.. Flyktningekontoret skaffar bustad til flyktningar etter kvart både i kommunale bustader og på den private leigemarknaden. Det er gode økonomiske ordningar for busetjing av desse, og det er ikkje vanskar med å busetje dei i burettslag. Det er behov for nokre større bustader til store husstandar. Det bustadsosiale arbeidet i kommunen er spreidd på fleire einingar. Det vert arbeidd med å laga nye rutiner for å utnytte dei verkemidlane kommunen har best mogeleg. Det er eit overordna mål at flest mogleg skal eiga sin eigen bustad. Mange av dei som søkjer/bur i kommunal bustad vil kunna greie dette dersom dei får rimelege lånevilkår, tilskot og bustøtte. Mange vil også ha nytte av ein samtale med økonomirådgjevar. HOVUDMÅL: 1. Organisere det bustadsosiale arbeidet i kommunen slik at flest mogleg får hjelp til å skaffa seg ein eigna bustad og til å behalde denne. 2. Legge til rette for oppfølging/tilsyn til dei leigetakarane som treng det. 3. Tilpasse den kommunale bustadmassen etter behovet for bustader. 4. Legge til rette for at vanskelegstilte og unge i etableringsfasen kan skaffa seg rimelege bustader. FORSLAG TIL TILTAK: 1. Organisere det bustadsosiale arbeidet i kommunen slik at flest mogeleg får hjelp. 1.1 Samordne dei oppgåvene som er knytta til det bustadsosiale arbeidet. Det er ein klar samanheng mellom tildeling av kommunale bustader, bustøtte og dei behovsprøvde låne og tilskotsordningane som kommunen administrerer. Det må leggjast til rette for eit formalisert samarbeid mellom desse eller ei samorganisering av desse tenesten. Dette samarbeidet bør også omfatte økonomisk rådgjeving. Husstandar som vender seg til kommunen med eit bustadproblem, bør få informasjon og rettleiing om kva sjansar dei har til å skaffa seg eigen bustad når det vert søkt om kommunal bustad. Leigetida i gjennomgangsbustader kan då verta redusert. 1.2 Betra rutinene knytta til tildeling av kommunale bustader og dei behovsprøvde låne og tilskotsordningane. Det må lagast retningslinjer for tildeling av kommunale bustader, med kriterier for kven som kan få tildelt kommunal bustad, kor lenge dei kan få bu der, kva type oppfølging som kan vere aktuelt og kven som har ansvaret for oppfølginga. Det må også lagast eigne husleigereglar for dei kommunale utleigebustadene. Det må lagast nye søknadsskjema for kommunale bustader. Det må koma fram kvifor det vert søkt om kommunal bustad og kva inntekt og utgifter husstanden har. Ved misleghald av kommunale husleiger og lån må det straks setjast i verk tiltak i form av økonomisk rådgjeving og eventuelle betalingsavtalar. Dette må ikkje utsetjast til restansen er blitt så høg at det ikkje er mogeleg å få betalt den. Det må skaffast betre sakshandsamingsverktøy når det gjeld vurdering av betalingsevna til lånesøkjarar for å redusere framtidige tap på utlån. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 5

1.3 Betre informasjonen om ordningane som finst både til brukarar og hjelpeapparatet. Kommunen har eigne sider på internett som er godt eigna til å gje informasjon til publikum om dei ulike låne og tilskotsordningane. Her bør dei også finne søknadsskjema til dei ulike ordningane. Det er viktig at hjelpeapparatet er kjende med dei ordningane som finst, slik at dei kan informera brukarane sine. Dei som administrerer dei ulike ordningane må halda jevnlege informasjonsmøter om ordningane for hjelpeapparatet. 1.4 Legge til rette for oppfølging og rullering av planen. Hovudansvaret for oppfølginga av planen bør leggast til strategisk leiing, sidan dei ulike tiltaka involverer ulike einingar. Situasjonen på bustadmarknaden endrar seg raskt. Det bør difor utførast ny kartlegging og vurdering av tiltak i kvar kommunestyreperiode, eventuelt oftare. 2. Legge til rette for oppfølging og tilsyn der det er behov for dette. Oppfølging og tilsyn kan vere alt frå heimehjelp og assistanse til kontroll av korleis leigetakaren har det i bustaden. Det kan også vere økonomisk rådgjeving. I retningslinjene for tildeling av kommunale bustader må det koma klart fram kven som har ansvar for om det skal setjast i verk tiltak/oppfølging og kven som har ansvar for at dei ulike typane oppfølging vert gjennomførte. Det må organiserast ei eiga gruppe med kompetanse som skal stå for oppfølging av leigetakarar med blant anna rusproblem. Dette bør vere eit samarbeid mellom dei ulike sonene og sosialkontora. Dei involverte einingane må bruke av sine budsjett til dette arbeidet. Mange av utleigebustadene er burettslagsleilighetar. Det bør haldast samarbeidsmøter med Stobo og aktuelle burettslag for å førebyggje og ta tak i problem før dei vert for vanskelege. Utleigarar, naboar og andre må veta kven dei skal venda seg til med spørsmål og klager. 3. Tilpasse den kommunale bustadmassen etter behovet for bustader. 3.1 Bygge 4 6 hyblar med fellesareal til rusmisbrukarar. Det må lagast eiga sak på dette forslaget. Kostnadsramme 34 millionar kroner. Det er mogeleg å søke om bustadtilskot til etablering i Husbanken til finansiering av utleigebustader til grupper som sjølv kvalifiserer til å få tilskot. Bustadtiltak for bustadslause har høgaste prioritet. Tilskotet utgjer normalt inntil 30 % av godkjende anleggskostnader. Ein hospitsplass i Bergen kjem på 14 20000 kroner i månaden. Det bør vera mogeleg å spara inn noko på sosialbudsjettet dersom ein får eit lokalt tilbod til nokre i denne gruppa. 3.2 Auke kapasiteten ved Stord bu og omsorgssenter (FAsenteret) til rundt 15 plassar. Det må lagast eiga sak på dette. Det er ikkje utarbeida kostnadsoverslag på ei slik utviding. Dette kan medføre flytting av senteret då det kan vere vanskeleg å utvide dei eksisterande lokala. Prisen per person vil verta lågare dersom senteret vert utvida. Frelsesarmeen har i møte opplyst at dei kan auka talet på plassar til 15, dersom dei har 1,5 stilling meir enn i dag. 3.3 Omdisponere ein del av trygdebustadene i Kringsjå og Buneset til bruk også for andre grupper. Dette er tilrettelagde bustader som ligg i nærleiken av servicetilbod og helsetjenester. Etterspørselen etter desse bustadene varierer. Mange eldre blir buande heime medan andre vel å kjøpa omsorgsbustad i burettslag. Desse bustadene kan fungera som gjennomgangsbustader for einslege/par som ikkje har spesielle problem, sjølv om det bur eldre i nokre av bustaden, men dette må vurderast nøye i kvart tilfelle. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 6

3.4 Selje nokre av dei kommunale bustadene i burettslag. I nokre burettslag eig kommunen mange leiligheter, og ein ønskjer å redusere denne andelen. Det er ikkje alle som kan fungera i eit burettslag, og det er ofte desse kommunen har størst behov for å finna bustad til. Dette vil frigjere midlar som kan nyttast til å finansiera nye prosjekt eller utbetra andre kommunale bustader. 3.5 Bygge 7 psykiatribustader i Sævarhagen Finansieringa av desse er no i orden, og dei skal vera ferdigstilte innan utgongen av 2003. 3.6 Bygge 9 omsorgsbustader i Sævarhagen Skal etter planen vera ferdig innan utgangen av 2003. 3.7 Bygge avlastingsbustader Sæbø gard Prosjektet er utsett til 2005 på grunn av manglande driftsmidlar. Det vert vurdert samarbeid med andre kommunar for å kome tidlegare i gang. 4. Legge til rette for at vanskelegstilte og unge førstegongsetablerarar kan skaffa seg rimelege bustader. 4.1 Tilby startlån til vanskelegstilte grupper og unge førstegongsetablerar i samarbeid med dei lokale bankane. Startlånet skal erstatte etableringslånet og kjøpslånet og kan i særskilte tilfelle fullfinansiere bustad til desse gruppene. Det er lagt opp til eit låneopptak på 8.millioner kroner for 2003. Det ser også ut til å vera midlar att frå opptaket i år, slik at det totalt kan vere om lag 10 millionar å låne ut. Det er mogeleg å søkje om fleire midlar dersom det vert nødvendig. 4.2 Bustadtilskot til etablering skal brukast optimalt til dei gruppene som har behov for dette. Her er det ofte knappe midlar til fordeling. Midlane vert fordelt ut frå folketal og opptak av startlån. Høgare opptak av startlån frå Husbanken fører til at kommunen får fleire tilskotsmidlar til fordeling. Kommunar som har laga bustadsosial handlingsplan skal også få større del av tilskotsmidlane. 4.3 Legge til rette for bygging av rimelege bustader i kommunen. Bruke utbyggingsavtalar med private utbyggarar og bustadbyggelag til å sikre at det vert bygd nøkterne og rimelege bustader. Tilby rimelege tomter til bustader for vanskelegstilte grupper der dette er mogeleg. 4.6 Vurdere kjøp av rimeleg bygg som kan nyttast til utleige. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 7

Oversikt over forslag til tiltak som fører til fleire bustader: Tiltak Antal Kommentar Bygging av psykiatribustader Bygging av omsorgsbustader Bygging av hyblar til rusmisbrukarar Auka kapasitet Fasenteret Omdisponering av trygdebustader Bygging av avlastingsbustader Sæbø gård 7 9 46 8 inntil 26 5 plassar Vedteken. Ferdig utgang 2003. Vedteken. Ferdig utgang 2003. Kostnadsramme 34 mill. Må lagast eiga sak. Totalt 15 plassar. Må lagast eiga sak. Vil utnytte dei kommunale bustadene betre. Utsett til 2005 Opptak av 8 10 millionar i startlån i året. Gunstig finansiering for vanskelegstilte. Fører til fleire tilskotsmidlar. Forslaget fører til 28 30 nye bustader inklusiv plassane på Fasenteret. I tillegg kjem inntil 26 husvære som kan nyttast til gjennomgangsbustader dersom behovet for trygdebustader ikkje er til stades. Dersom det vert lånt ut 8 millionar kroner i startlån på i gjennomsnitt 400.000 kroner, vil dette vere med å finansiere om lag 20 bustader i året. FRAMDRIFTSPLAN. Tiltak Ansvar Gjennomførast innan Hovudmål 1: Samordne oppgåver knytta til det bustadsosiale arbeidet. Lage nye retningslinjer for tildeling av kommunale bustader, inklusiv husleigereglar. Utarbeide nye søknadsskjema for kommunale bustader. Skaffe betre sakshandsamarverktøy til vurdering av lånesøknader inkludert kredittopplysning. Legge ut informasjon og søknadsskjema på internett Gjere ordningane kjent for det øvrige hjelpeapparat Utføre ny kartlegging rullering av planen Strategisk leiing Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom Sosiale tenester IKT Kvar eining for sine ordningar Sosiale tenester 01.09.03 01.04.03 01.04.03 01.04.03 fortløpande årleg oppdatering 2006 Hovudmål 2: Organisere eiga oppfølgingsgruppe innan rus Faste samarbeidsmøter med Stobo Informasjon til utleigarar, nabolag og andre Sosiale tenester og Helseog sosial Sagvåg Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom 01.04.03 01.04.03 fortløpande Stordkommune.doc pr. 20.09.06 8

Hovudmål 3: Bygging av hyblar med tilsyn til rusmisbrukarar Auke kapasiteten ved Buog omsorgssenteret Omdisponering av trygdebustader Selje kommunale bustader Bygging av psykiatribustader vedteken Bygging av omsorgsbustader vedteken Bygging av avlastingsbustader Utbygging og eigedom Sosiale tenester Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom 2004 2004 2003 2006 2003 2006 2003 2003 2005 Hovudmål 4: Tilby startlån Bustadtilskot til etablering til vanskelegstilte Legge til rette for bygging av rimelege bustader Vurdere kjøp av rimelege bustader til utleige Sosiale tenester Sosiale tenester Utbygging og eigedom Utbygging og eigedom frå 01.01.03 fortløpande fortløpande fortløpande Merknader: Samordninga av det bustadsosiale arbeidet i kommunen bør sjåast i samanheng med ny einingsdeling i kommunen. Forslag om bygging av hyblar til rusmisbrukarar og utviding av kapasiteten ved Stord buog omsorgssenter må det lagast eiga sak på. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 9

DEI VANSKELEGSTILTE PÅ BUSTADMARKNADEN: Stord kommune gjennomførte i juni 2002 ei kartlegging av dei vanskelegstilte på bustadmarknaden. Metoden som vart nytta er utvikla i Oslo kommune og tilpassa av Husbanken og Byggforsk. Sidan same metode vert nytta i alle kommunar som lagar Bustadsosial handlingsplan, er det lettare å samanlikna på tvers av kommunegrensene. Husbanken nyttar også resultata av kartleggingane overfor staten, når det gjeld å visa behov og å øva press. Dei som er kartlagt er husstandar som av ulike grunnar har vore i kontakt med hjelpeapparatet i kommunen i løpet av dei siste 6 månadene og som har ikkje har ein tilfredsstillande busituasjon. Ein husstand vert rekna som vanskelegstilt dersom : Husstanden bur svært dårleg. Det kan vere at ein ikkje har eigen bustad, eller kan kome til miste bustaden snart. Det kan også vere at bustaden er ueigna for husstanden. Husstanden har dårlege sjansar til å skaffe seg bustad. Dette kan vere fordi husstanden har for lav inntekt og formue til å etablere seg og /eller at det er spesielle behov som gjer etablering vanskeleg t.d. diskriminering. Sjansen for å etablere seg vil bli verande dårleg og/eller det er barn eller ein funksjonshemma i husstanden. Unge førstegongsetablerarar kan også reknast med til dei vanskelegstilte på bustadmarknaden, fordi inngangsbilletten til den første bustaden ofte er svært høg. Desse kjem i liten grad med i kartlegginga, då kun dei mest vanskelegstilte av desse har vore i kontakt med kommunen. Flyktningar som er busette og flyktningar som kommunen skal ta imot er heller ikkje med i kartlegginga, men det vert teke omsyn til denne gruppa i framlegga til tiltak. Kartlegginga vart gjennomført i einingane for sosiale tenester, heimebaserte tenester i dei ulike sonene, førebyggjande helsetenester og tenester for barn og unge (TBU). Opplysningane er registrert på bakgrunn av opplysningar einingane har om husstandane, og det er deira vurderingar som er lagt til grunn for dei tilrådde tiltaka. For å unngå høge forventningar er ikkje brukarane blitt spurde. Kartlegginga er gjennomført i løpet av eit par veker og gir berre eit bilete av situasjonen på dette tidspunktet. Det er også berre dei som har vore i kontakt med hjelpeapparatet som er registrerte. Me må difor gå ut frå at det er mange fleire som vil ha vanskar med å etablera seg, eller med å bli buande i eigen bustad enn det som kjem fram i kartlegginga. Fordi mange av bustadverkemidlane er retta mot ulike målgrupper vart husstandane registrert innanfor følgjande målgrupper: Økonomisk vanskelegstilte økonomi er hovudårsaka til bustadproblemet. Fysisk funksjonshemma personar som av denne grunn må ha fysiske tilretteleggingar for å kunna fungere i busituasjonen. 1.gongs etablert flyktning personar med opphald på humanitært eller politisk grunnlag som kommunen har tatt imot. 2.gongs flyktning flyktningar som har flytta til kommunen på eige initiativ. Psykisk utviklingshemma. Personar med psykiske sjukdomar psykiatrisk langtidspasient med diagnose eller kontakt med behandlingsapparatet i to år eller meir. Rusmisbrukar i kontakt med behandlingsapparatet eller som innrømmer eit rusproblem. Sosialt vanskelegstilt personar med bustadproblem som ikkje høyrer under dei andre kategoriane t.d diskriminering. Andre funksjonshemmingar funksjonshemma som ikkje høyrer med til dei andre kategoriane. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 10

RESULTATET AV KARTLEGGINGA: Kven er dei vanskelegstilte på bustadmarknaden? Det vart registrert 87 vanskelegstilte husstandar i kartlegginga. Dette er berre 5,4 husstandar pr 1000 innbyggarar. Me må difor gå ut frå at det er mange som ikkje er komen med i registreringa. Kartlegginga omfattar knappe 180 personar, og nesten 70 av desse er barn under 18 år. Den største gruppa som er registrert er einslege menn. Denne gruppa er på 28 husstandar og utgjer nesten ein tredjedel av dei kartlagde. Over halvparten av dei er i alderen 20 34 år. Einslege med barn er den nest største gruppa på 19 husstandar, og desse fordeler seg jamt i alderen 20 34 og 35 49 år. Gruppa anna er for det aller meste vaksne barn som bur heime med foreldra, og som har vanskar med å etablera seg åleine. I 67 av dei kartlagde husstandane er hovudpersonen mellom 20 og 49 år. Dette gjeld både einslege og familiar med barn. Berre 8 husstandar over 67 år er registrert. Antall husstander Alder Husstandstype < 16 16 19 20 34 35 49 50 66 67 79 80 + Totalt Par med barn 1 1 1 5 3 0 0 11 Par uten barn 0 0 0 0 0 0 1 1 Enslig med barn 0 0 9 9 1 0 0 19 Enslig mann 0 0 16 8 2 1 1 28 Enslig kvinne 0 0 3 2 2 1 3 11 Annet 0 1 12 2 1 1 0 17 Totalt 1 2 41 26 9 3 5 87 Tabellen viser korleis dei kartlagde fordeler seg på alder og husstandsstype. Kva målgrupper er vanskelegstilte på bustadmarknaden? I 17 av husstandane er hovudproblemet at dei ikkje har økonomi til å greia å skaffa seg eigna bustad eller å bli buande i den bustaden dei har. 15 husstandar har eit medlem som er funksjonshemma og har difor behov for annan bustad eller tilrettelegging av bustaden sin. Det er registrert 7 husstandar der hovudproblemet er psykisk utviklingshemming. Dette er for det meste vaksne som bur heime hos foreldra sine, og som har behov for ein bustad med tilsyn, men også familiar med psykisk utviklingshemma barn, der bustadtilhøva ikkje er tilfredsstillande, er registrert. 8 husstandar med eit medlem som er psykiatrisk langtidspasient er teke med i kartlegginga fordi dei ikkje har tilfredsstillande bustad. Det er registrert 20 husstandar der hovudproblemet er rusmisbruk. Det er i denne gruppa me finn dei fleste som er utan eigen bustad, og dei fleste er i alderen 20 34 år. Det er 12 husstandar som hjelpeapparatet reknar som sosialt vanskelegstilte. Mange av desse bur heime hos foreldra enno, og har ofte også problem med rus eller psykiatri. 7 husstandar er registrerte på grunn av annan funksjonshemming. Til denne gruppa høyrer eldre som har behov for å få tilrettelagt bustaden sin dersom dei skal kunna verta buande heime. Når det gjeld flyktningar er det ikkje gjort registreringar ved flyktningekontoret. Dei har greidd å busette flyktningane etter kvart, men i første tida dei bur her har alle flyktningar problem med å skaffa seg bustad. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 11

Vanskelegstilte grupper 25 20 15 10 5 0 Økonomisk vanskeligstilt Flyktning 1. gangsetablert Fysisk funksjonshemmet Psykisk utviklingshemmet Psykiatrisk langtidspasient Rusmiddelmisbruker Sosialt vanskeligstilt Annen funksjonshemming Tabellen syner korleis dei vanskelegstilte fordeler seg på dei ulike målgruppene: Korleis bur dei vanskelegstilte i dag? 65 av dei registrerte husstandane har i dag bustad, medan 22 husstandar er utan fast bustad. 13 av dei bustadslause bur i dag hos vener og bekjente, medan 3 er innkvartert kommunalt. 5 er midlertidig i institusjon som sjukehus eller fengsel, medan det for den siste ikkje er ført opp bustad. Desse 22 husstandane har akutt behov for bustad. 23 av husstandane som har bustad leiger i dag privat. 18 av desse har kortsiktige leigeavtalar, og kan difor koma til å trenga ny bustad. Dei fem husstandane som leiger langsiktig har behov for ein annan bustad på grunn av for høge buutgifter, for dårleg tilstand på bustaden eller at bustaden ikkje er tilpassa funksjonshemming. Det er ni husstandar som leiger kommunalt. Årsakene til at desse treng annan bustad varierer frå økonomiske grunnar til at bustaden ikkje er eigna. Det er 16 husstandar som bur i sjølveigande bustad som er registrerte. Nokre av desse står i fare for å miste bustaden på grunn av manglande buevne eller økonomi, medan andre har for liten bustad eller ueigna bustad. 20 15 10 5 0 Leiger kortsiktig Leiger langsiktig Leiger kommunalt Eig eigen bustad Bur hos føresette Innkvartert privat Innkvartert kommunalt Midlertidig institusjon Ikkje oppgitt Tabellen syner korleis dei som er registrerte budde. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 12

Det er i hovudsak dei med rusmisbruk som hovudproblem som er utan bustad, men også nokre få som er psykiatriske langtidspasientar og sosialt vanskelegstilte er utan eigen bustad. Dei fleste økonomisk vanskelegstilte bur i leigd bustad, oftast med kortsiktig leigekontrakt. Fysisk funksjonshemma bur for det meste i sjølveigd bustad og har behov for tilrettelegging av bustaden. Dette gjeld også for dei eldre. Dei som er psykisk utviklingshemma eller psykiatriske langtidspasientar bur for det meste hos føresette. Det er husstandar frå alle dei ulike kategoriane som leiger kommunalt. Dei aller fleste som er kartlagde har budd i kommunen i meir enn fem år. Kva ressursar har dei kartlagde husstandane? Inntekta til husstandane er vurdert ut frå desse kategoriane: 1. Kun sosialhjelp 2. Inntekt under statleg bustøttetak Kr. 143.600 for 1 2 personar i husstanden Kr. 157.300 for 3 personar i husstanden Kr. 168.400 for 4 personar i husstanden 3. Inntekt under øvre grense for bustadtilskot kr. 180 200.000 for 1 person + 20.000 pr husstandsmedlem. 4. Høgare inntekt Halvparten av dei som er rekna som økonomisk vanskelegstilte har ei inntekt under grensa for å få bustøtte. Desse kan ha vanskar med å skaffa seg eigen bustad utan tilskot eller anna støtte. Den andre halvparten har ei inntekt som er over grensa for å bustadtilskot. Desse bør greia å skaffa seg eigen bustad, dersom dei finn rimelege bustader og får gunstige lånevilkår. I den gruppa som har ein funksjonshemma i husstanden har også halvparten inntekt under grensa for å få bustøtte. Når me veit at dei fleste i denne gruppa eig sin eigen bustad, ser me at dei treng hjelp/tilskot for å få tilpassa bustaden til den funksjonshemma. Dei som er rekna som sosialt vanskelegstilte og rusmisbrukarane har så godt som alle ei inntekt under grensa for bustøtte. Her finn me også flesteparten av dei som berre har sosialhjelp å leva for. Desse vil ha behov for leigd bustad, mange også med tilsyn. Bustadløysingar som er tilrådd: 19 husstandar kan i følge hjelpeapparatet verta buande i bustaden sin. 5 av desse treng berre ny leigekontrakt for å kunna verta buande. Her finn me dei økonomisk vanskelegstilte, flyktningar, psykisk utviklingshemma og dei med andre funksjonshemningar/eldre. 12 husstandar har behov for fysisk tilpassing av bustaden sin, og 5 av desse treng også noko oppfølgjing. Dette gjeld dei fleste med fysisk funksjonshemming og mange av dei eldre. Heile 68 av dei registrerte treng annan bustad 22 fordi desse er heilt utan bustad. 24 av desse kan greie seg med ein ordinær bustad utan oppfølgjing. Her finn me dei økonomisk vanskelegstilte i tillegg til nokre av dei som er sosialt vanskelegstilte og rusmisbrukarar. 31 husstandar kan bu i ordinær bustad dersom dei får oppfølgjing. Dette dreier seg for det meste om husstandar med rusproblem, men også psykiatriske langtidspasientar, sosialt vanskelegstilte og eldre. 13 husstandar er tilrådd samlokalisert bustad. 2 kan greie seg utan bemanning og 3 treng døgnbemanning. 8 har behov for bustad med dag/kvelds bemanning. Det er flest husstandar med psykisk utviklingshemming som treng denne løysinga. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 13

Kjennetegn målgruppe Noverande bustad Annan bustad Økonomisk vanskelegstilt Flyktning Fysisk funksjonshemma Psykisk utviklingshemma Psykiatrisk langtidspasient Rusmisbrukar Sosialt vanskelegstilt Annan funksjonshemming 2 1 10 1 0 2 0 3 15 0 5 6 8 18 12 4 Sum 19 68 Tabellen viser kva bustadløysingar dei ulike målgruppene er tilrådd. I nokre tilfelle der husstanden bur i leigd bustad er det tilrådd fysisk tilpassing av bustaden. Det er ikkje sikkert at dette lar seg gjennomføra. Husstanden kan difor koma til å trenga annan bustad. Behov for oppfølgjing: Det er tilrådd oppfølgjing for 54 av husstandane som er registrerte. 24 av desse er tilrådd tilsyn/kontakt opp til ein gong per veke. Dette gjeld dei fleste med rusproblem, og nokre få økonomisk eller sosialt vanskelegstilte, psykiatrisk langtidspasientar og eldre/personar med andre funksjonshemmingar. Det er tilrådd tilsyn/kontakt fleire gonger per veke for 5 husstandar og dagleg tilsyn/kontakt for 7 husstandar. Det er husstandar med funksjonshemmingar og psykiatriske langtidspasientar som har behov for dagleg tilsyn/kontakt. 18 husstandar er tilrådd praktisk hjelp/ miljøtiltak av varierande mengd. Dette gjeld dei med fysisk funksjonshemming og psykisk utviklingshemma. 33 av husstandane vil ikkje ha behov for tilsyn. Tabellen syner dei tilrådde tiltaka fordelt på målgruppene. Antall husstander Omfang av oppfølging Målgruppe 1. kjennetegn Tilsyn / kontakt opp til 1 gang per uke Tilsyn / konta kt daglig Tilsyn / konta kt flere gang er per uke Prakti sk hjelp / miljøti ltak 1 5 timer per uke Prakti sk hjelp / miljøti ltak 6 15 timer per uke Prakti sk hjelp / miljøti ltak hver dag Prakti Ikke sk aktuelt hjelp / miljøti ltak, kontin uerlig Totalt Økonomisk vanskeligstilt 2 0 0 0 0 0 0 15 17 Flyktning 1. gangsetablert 0 0 0 0 0 0 0 1 1 Fysisk funksjonshemmet 0 0 4 1 1 1 3 5 15 Psykisk utviklingshemmet 0 0 0 1 0 4 1 1 7 Psykiatrisk langtidspasient 3 1 2 2 0 0 0 0 8 Rusmiddelmisbruker 13 0 0 1 0 0 0 6 20 Sosialt vanskeligstilt 3 2 0 2 1 0 0 4 12 Annen funksjonshemming 3 2 1 0 0 0 0 1 7 Totalt 24 5 7 7 2 5 4 33 87 Stordkommune.doc pr. 20.09.06 14

BEFOLKNING OG BUTILHØVE I STORD. Folketalet i 2000: Stord hadde ved utgangen av 2000 eit innbyggjartal på 16 242, medan talet som kom fram i folketellinga 3.november 2001 var på 16.078 personar. Utgangspunktet for analysen er tala for 2000, sidan alle resultata frå folketellinga ikkje er offentleggjort. Aldersgruppa 19 35 år er den største gruppa på 4.385 personar eller 27 % av folketalet. Talet på barn under 18 år er 4.789 personar om lag 29 %. Ein fjerdedel av desse er i alderen 14 18 år. Om lag 10 % av befolkninga eller 1.466 personar er over 67 år, medan 2% eller 368 personar er over 80 år. Personar i arbeidsfør alder dvs. 18 66 år utgjorde om lag 60 % av folketalet. Tabellen syner folketalet fordelt på aldersgrupper i 2000: Aldersfordeling 2000 Antall 5 000 4 500 4 000 3 500 3 000 2 500 2 000 1 500 1 000 500 0 0 5 år 6 13 år 14 18 år 19 35 år 36 49 år 50 66 år 67 79 år 80 år og eldre Aldersgrupper Folketalet i kommunen har auka på grunn av eit fødselsoverskot kvart år, då det har vore ei netto utflytting kvart år (unntaket var 1998). Dei fleste som flyttar både inn og ut av kommunen er i alderen 19 35 år. Årsakene til dette kan vere at dei må flytte på grunn av utdanning eller jobb. Det bør leggjast til rette for at desse gruppene kan flytta tilbake til kommunen, dersom det er arbeid til dei her. Flytting til kommunen har samanheng med utdanningsmulighetane på Stord og behovet for arbeidskraft i næringslivet. Tabellen viser fødselsoverskot, nettoflytting og endring i folketal 1996 2000 300 200 100 0 100 200 1996 1997 1998 1999 2000 Fødselsovers Nettoflytting Endring folketal Stordkommune.doc pr. 20.09.06 15

Framskrivingar og familietypar: Framskrivingane baserer seg på tal frå Statistisk sentralbyrå som har lagt middels vekst til grunn. Tala er tilrettelagt av Husbanken som også har laga dei ulike tabellane. Det er venta ein auke i folketalet på 1.517 personar eller 9,3 % frå 2000 til 2010. For perioden 2000 til 2020 er det venta ein auke på 17 %. Talet på barn i alderen 6 13 år vil gå ned mot nivået i 2001 fram mot 2020. Gruppa 19 35 år vil verta redusert fram til 2010, men det er venta ein ny auke frå 2015. Den same trenden ser me blant barn i alderen 0 5 år. Ungdom i alderen 14 18 år vil auke fram til 2015, medan det vert ein svak nedgang mot 2020. Gruppa 36 49 år vil auke fram mot 2010, for så å gå noko ned. For alle gruppene over 50 år er det venta ein auke fram mot 2020. Den største relative auken i perioden 2000 2020 er venta blant personar i alderen 67 79 år. Andelen av eldre over 80 år vil ha ein relativ auke på 50 % fram til 2010 og 79 % innan 2020. Framskrivingar folketal 4 500 4 000 3 500 000 2 500 2 000 1 500 000 500 0 2001 2010 2020 0 5 år 6 13 år 14 18 år 19 35 år 36 49 år 50 66 år 67 79 år 80 år og eldre Tabellen syner dei venta endringane i folketalet frå 2000 til 2020: Konsekvensane av denne utviklinga vil blant anna vere at behovet for pleie og omsorgstenester og bustadar vil auka. Behovet for tilrettelegging og utbetring av bustadar til eldre vil også auke. Talet på barn i alderen 0 5 år går ned, men er venta å auke igjen fram mot 2020. Behovet for barnehageplassar vil vera til stades, sidan ikkje alle som søkjer får plass i dag. Det vil vere behov for fleire plassar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen framover, medan det ikkje er behov for auke i barneskulen. Stord har mange barnefamiliar, også med tre og fleire barn i familien. Andelen av barnefamiliar er høgare enn gjennomsnittet i Hordaland og landet sett under eitt. Det er av den grunn behov for gode bustadmiljø i nærleiken av barnehagar og skular. Det er viktig å leggja til rette for at denne gruppa kan verta buande i kommunen. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 16

Arbeidsløyse: Arbeidsmarknaden på Stord er svært avhengig av hjørnesteinsbedrifta Aker Stord. Arbeidsløysa gjekk ned frå 1995, men steig att i 1999 og 2000. I 2001 gjekk arbeidsløysa ned, medan tala for 2002 ser ut til å stige att. I september 2002 var talet på arbeidslause 271, og dette var ein nedgang frå 304. Figuren viser utviklinga av arbeidsløysa fram til 2000: 600 500 400 300 200 100 0 1995 1996 1997 1998 1999 2000 Den største gruppa av arbeidslause finn me i alderen 20 29 år, men det er også mange arbeidslause i alderen 35 64 år. Dette er den same tendensen som me ser elles i landet. Gruppa 20 29 år er også den gruppa som flyttar mest på seg, medan dei andre gruppene vert verande på Stord. Dersom me skal få folk til å verta buande på Stord, og også trekkja til oss fleire, er me avhengige av arbeidsplassar i tillegg til gode bustadtilbod. Bustadmassen slik den er i dag: I Stord kommune er det vanleg at dei fleste etablerar seg i einebustad etter ei kort tid i kjellarleilighet. Over 78 % av alle bustadane er einebustadar, deretter kjem rekkehus og liknande, medan det berre finst eit fåtal hyblar og blokkleilighetar. Dette er ein klart høgare andel enn det som er gjennomsnittet i Hordaland og landet elles. I folketellinga for 2001 kom det fram at 2 av 3 nordmenn bur i einebustad. 79,1 % av husstandane eig bustaden sin sjølv, medan 20,9 % bur i leigd bustad. Det er ein mykje lågare andel av husstandar som bur i burettslag på Stord enn elles i Hordaland og landet totalt. Om lag 72 % av alle bustadane inneheld 4 rom ( stove og soverom) eller meir, medan det berre er få husvære med eitt og to rom. Tabellen syner fordeling av sjølveigande bustader og burettslagsbustader: Husstandar som eig bustaden sin I alt I alt Sjølveigande Burettslag Heile landet 1.961.548 76,7 % 62,5 % 14,1 % Hordaland 183.971 75,9 % 58,6 % 17,3 % Stord 6.177 79,1 % 71,6 % 7,4 % Stordkommune.doc pr. 20.09.06 17

Dei fleste som bur i leigd bustad, leiger privat. Berre 2,6 % av husstandane leiger kommunal bustad. Husleiga i dei kommunale husværa er like høge som på den private marknaden. Det kan sjå ut som det er den kommunale leiga som styrer prisen på dei private husværa. Det at Stord har eit studentmiljø, og at det til tider er ein del leigearbeidarar på øya, er nok også med på å pressa prisane noko. Tabellen syner korleis folk leiger: Husstandar som leiger bustad Heile landet I alt Privat Bustadselskap Kommunalt Tjenestebustad Andre vilkår 23,3% 13,0% 2,5 % 3, 8 % 1,0 % 3,1 % Hordaland 24,1% 13,6% 2,9 % 3,6 % 0,7 % 3,3 % Stord 20,9% 13,5% 1,6 % 2,6 % 1,0 % 2,3 % Det er for tida lett å få tomt i Stord. Det er ein bustadreserve i eksisterande felt på 689 bustadar, i tillegg ligg det inne i kommuneplanen nye bustadfelt på til saman 728 bustadar. Kommunen har i Økonomiplanen 2002 2005 lagt opp til at det i gjennomsnitt skal byggast 100 nye bustadar i året. Desse skal fordelast på 60 bustadeiningar i felt, 35 som fortetting og 5 som spreidd busetnad. Det er venta ein bustadavgang på 29 bustadar kvart år. Desse bustadane vil for ein stor del koma ungdom i etableringsfasen til gode. Sidan andelen av eldre vil auka, vil det etter kvart vera behov for meir tilrettelegging av eksisterande bustadar og bygging av nye omsorgsbustadar. Det er også blitt meir vanleg at etablerte husstandar vel å selja einebustaden sin for å kjøpa seg leilighet i sentrum. På denne måten vert det frigjort einebustadar for sal for barnefamiliar. Det er auka interesse for å bu sentralt i nærleiken av Leirvik, dette fører til høgare prisar i dette området. Antal brukte bustadar og nye bustadar gjennomsnittsprisar: Omsetjinga av brukte bustadar har auka med unntak av i 1999, då det berre vart selt 43 bustadar. I 2000 vart det selt 64 bustadar, og kvadratmeterprisen var i gjennomsnitt 6.588 kroner. Dette var 578 kroner lågare enn i 1999, noko som kan ha samanhang med at det var få bustadar til sals dette året. Gjennomsnittsprisen pr. kvadratmeter var om lag 2.600 kroner lågare på Stord enn gjennomsnittet i Hordaland i 2000. Bergen har svært høge prisar på brukte bustadar, og dette er noko av grunnen til det høge gjennomsnittet. Landsgjennomsnittet er på over 10.000 kroner pr kvadratmeter. Prisen på nye bustadar ligg på 6.650 kroner pr kvadratmeter, men her er tomtekostnadane ikkje teke med. Dette er berre 257 kroner lågare enn Hordaland, medan landsgjennomsnittet ligg på 7.438 kroner pr kvadratmeter. Bustadbygginga har auka etter to svake år i 1997 og 1998 og i 2000 vart det bygd 24 bustadar. Sjølv om prisnivået er lågare på Stord enn mange andre stader, vert bustadene for dyre for dei vanskelegstilte gruppene i samfunnet. Det er behov for rimelege bustader til unge førstegongsetablerarar, og det trengs også mindre husvære både på utleigemarknaden og som sjølveigande. Det har vist seg å vera vanskeleg å finna bustader under 1 million kroner, slik at husstandar som får kjøpslån i Husbanken har vanskar med å skaffa seg bustad. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 18

Ungdom i etableringsfasen: Staten og Husbanken legg stor vekt på at unge førstegongsetablerande (18 35 år) skal kunna etablera seg i eigen bustad. Kommunane blir oppfordra til å legga til rette for dette blant anna ved å gje etableringslån til desse gruppene. Grunnen til at ungdom vert rekna som vanskelegstilte er at dei ofte har høge studielån, små barn og liten eller ingen startkapital. Ordninga med startlån som vert innført frå 2003 vil for ein stor del vera retta mot desse. Framskrivingane viser at denne gruppa vil verta litt mindre fram mot 2010, for så å auke igjen. Likevel er det viktig å leggje til rette for at denne gruppa kan etablera seg i kommunen. Det har vore auka bruk av etableringslån til denne gruppa dei siste åra, og det vert også fleire som får etableringslån til nybygg. Dei ungdomane som er i arbeid, har stort sett ikkje vanskar med å skaffa seg bustad, eller å få denne finansiert. Det er difor ikkje lagt stor vekt på denne gruppa i arbeidet med planen. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 19

KOMMUNALE BUSTADER: Kor mange og kva type bustader? Kommunen har i overkant av 150 husvære til utleige. I tillegg har kommunen tildelingsretten til rundt 40 omsorgsbustader i burettslag, der det er klausul på kva målgruppe som får kjøpe bustadene. Dette gjeld Buneset burettslag, Sæbøhaugen burettslag og Lio burettslag, og kjem også til å gjelda dei nye omsorgsbustadene i Bandadalen burettslag. Det er planlagt eit omsorgssenter i Nordbygda, der det skal byggjast 9 omsorgsbustader. Det er ikkje bestemt om desse skal organiserast som burettslag. Tabellen syner ei oversikt over dei bustadene kommunen leiger ut: Type bustad totalt 2roms 3roms 4roms tilrettelagt Trygdebustader Psykiatribustader For funksjonshemma For psykisk utv.hemma Flyktningar Til andre brukarar 75 7 6 3 5 58 62 7 6 3 To og to einingar er leigd ut til store familiar 22 13 5 19 17 75 2 6 3 Totalt 154 100 37 17 86 Det er ikkje nok kommunale utleigebustader i høve til søknadsmassen på vanlege kommunale utleigebustader. Når det gjeld eldrebustader og psykiatribustader er det for tida ledige husvære. Det er viktig å finna dei rette leigetakarane som kan passa inn i psykiatribustadene, og desse kan difor verta ståande ledige i periodar. Bustader øyremerka for psykisk utviklingshemma og funksjonshemma er det heller ikkje nok av, når me ser på resultatet av kartlegginga. Desse gruppene bør kunne nytta andre tilrettelagde bustader ved behov. Flyktningekontoret finn bustad til flyktningar både privat og kommunalt. Det største problemet er å finna store nok bustader til store familiar. Det vert av denne grunn leigd ut to og to husvære til to flyktningefamiliar i dag. Kommunen skal ta imot inntil 60 flyktningar i løpet av dei tre neste åra, og nokre av desse må det skaffast kommunal bustad til. Det er i gjennomsnitt 40 50 søkjarar til vanlege kommunale bustader i løpet av eit halvt år. Mange av desse vil kunna skaffa seg privat bustad. Dei kommunale bustadene skal vere gjennomgangsbustader med maksimum butid på tre år. Det er mange som har budd i kommunal bustad over lengre tid. Dersom desse får hjelp til å skaffa seg annan bustad, ville fleire husvære frigjerast for dei med akutte bustadbehov. Nokre av dei kommunale bustadene treng så mykje vedlikehald, at det vert vurdert å selja dei. Enkelte bustader har dårlege planløysingar med for små bad og kjøkken. Desse må opprustast eller seljast. Det vert også vurdert å selja nokre leilighetar som kommunen eig i burettslag. Inntektene frå slike sal må gå til å skaffa nye bustader eller opprusting av dei eksisterande bustadene. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 20

Tildelingsrutinar: Trygdebustader vert lyst ut når dei er ledige. Eit inntaksutvalg der dei ulike sonene i heimebaserte tenester og institusjonane har medlemmer, avgjer kven som får tildelt trygdebustader. Psykiatribustader og bustader for funksjonshemma vert også tildelt av eit inntaksutval der hjelpeapparatet er med. Denne ordninga ser ut til å fungera tilfredsstillande. Det er ikkje gode nok tildelingsrutiner når det gjeld dei andre kommunale utleigebustadene. Det er ikkje klare retningslinjer på kven som kan få tildelt kommunal bustad, og det kjem ikkje fram av søknadsskjemaet kva inntekt søkjarane har eller kvifor dei treng kommunal bustad. I dag vert ofte søknad om kommunal bustad sendt til bustadkontoret utan at søkjar har drøfta bustadbehovet sitt med kommunen på førehand. Søknaden vert registrert, og søkjaren vert ståande på liste til han får tildelt bustad eller av ein eller annan grunn vert stroken frå lista. Når det er ledige husvære avgjer eit bustadråd kven som får tildelt bustad. Dei må prioritere akutte tilfelle og husstandar med barn. Det vert berre gjort vedtak ved tildelingar det vert ikkje gjeve avslag. Søkjarane har difor ikkje klagerett. Søkjarar melder som oftast ikkje frå dersom dei ikkje lenger har behov for kommunal bustad, og søkjarlistene viser difor ikkje det reelle behovet for kommunale bustader. PRIVATE UTLEIGEBUSTADER: Dei fleste som bur i leigd bustad leiger privat. Det verkar ikkje som det er vanskeleg å skaffa seg leigd bustad, dersom ein har fast inntekt og ikkje har spesielle vanskar. Dei gruppene som har vanskar med å skaffa seg bustad på den private leigemarknaden er rusmisbrukarar og einslege forsørgjarar. Det kan også vera vanskeleg å finna bustad til større husstandar, som ikkje kan bu i ein toroms kjellarleilighet. Prisane på den private leigemarknaden er ikkje høgare enn for dei kommunale bustadene. Det kan verka som om leigene på dei kommunale bustadene er retningsgjevande for den private leigemarknaden. Studentmiljøet og periodar med mange leigearbeidarar er også med på å presse prisane opp. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 21

ØKONOMISKE VERKEMIDLAR: Kommunen kan nytta seg av ulike økonomiske verkemiddel for å hjelpa husstandar til å skaffa seg eigne bustader eller å verta buande i bustaden sin. Dei viktigaste av desse ordningane er i dag: Til å skaffa seg bustad: Oppføringslån Kjøpslån Etableringslån Bustadtilskot til etablering Til å verta buande i bustad: Utbetringslån Bustadtilskot til utbetring/tilpassing Prosjekteringstilskot Bustøtte Økonomisk sosialhjelp til buutgifter Ordninga med kjøpslån opphøyrer 31.desember 2002. Det vert då innført ei ny ordning med startlån som kommunane skal administrera. Startlånet skal då nyttast til kjøp, utbetring og refinansiering. Korleis nyttar kommunen dei personretta verkemidla til finansiering: Stord kommune tek for tida hand om dei behovsprøvde ordningane sjølv. I tillegg må søknader om oppføringslån, utbetringslån, kjøpslån og prosjekteringstilskot sendast gjennom kommunen. Etableringslån: Stord kommune har eigne retningslinjer når det gjeld etableringslån og tilskot både til utbetring og etablering. Desse vart reviderte og godkjende av Husbanken i 2002, og er i tråd med den nye ordninga med startlån. Lånet vert gjeve med pant i bustad med tryggleik innanfor 100 % av kjøpesum/verdi. Det er ikkje sett noko øvre grense på lånestorleiken, men det vanlegaste er å gje om lag 20 % av kjøpesum. Søknadsmassen har auka dei siste åra, og årsaka til denne auken kan vere at unge førstegongsetablerarar no også vert prioriterte. I tillegg vert det gjeve mykje informasjon om ordninga via media, og også bankar, byggjefirma og Stobo er kjende med ordninga og gjev informasjon vidare. Dei to hovudgruppene som søkjer og får tildelt etableringslån er unge førstegongsetablerarar og vanskelegstilte husstandar. Dei siste er for det meste einslege forsørgjarar og personar som lever på trygd. Desse gruppene høyrer også med til to ulike inntektsgrupper. Ungdomane har ofte over 250.000 kroner i inntekt, men kjøper også dyrare bustad. I tillegg har dei ofte høge utgifter til studielån. Dei fleste av dei vanskelegstilte har ei inntekt på mellom 100.000 og 149.000 kroner i året. Desse kjøper rimelegare bustader, ofte i burettslag. I nokre tilfelle må dei få tilskot for å greia å finansiera kjøpet. Etableringslåna vert stort sett gjeve til kjøp av brukt bustad. Dei aller fleste som har fått kjøpslån i Husbanken, får også etableringslån i kommunen. I tillegg vert det gjeve etableringslån der hovudfinansieringa er gjeven av privat bank, og i nokre tilfelle er etableringslån einaste finansieringa. For tida kjem det mange søknader frå ungdom som bygger nye hus med oppføringslån frå Husbanken. Desse bustadene er dyre, sjølv om dei er husbankfinansierte, og det kan vurderast om dei kan reknast som nøkterne bustader. Samstundes legg staten stor vekt på at dei unge førstegongsetablerande skal koma inn på bustadmarknaden, og det er ikkje mange rimelege bustader til sals på Stord. Behovet for etableringslån i kommunen er ikkje kartlagt, men det er ikkje vanskeleg å få etableringslån dersom vilkåra for å få slike lån er til stades. Kommunen har auka innlån til fordeling, og retningslinjene er endra, slik at dei er i tråd med Husbanken sine retningslinjer. Stordkommune.doc pr. 20.09.06 22