Dei 11 bilane til Fridtjof Juleevangeliet i 2011 oversetjing Side 44

Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Informasjon til elevane

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)


Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

mmm...med SMAK på timeplanen

Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Plassebakken Barnehage

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

FANTASTISK FORTELJING

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Elevundersøkinga 2016

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Plassebakken Barnehage

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Info til barn og unge

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsplan for Hare November

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

MEH2011booklet.indd

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brukarrettleiing. epolitiker

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Transkript:

Jula 2011 7. årgang Laussal kr. 50,- Børsdalsnissen møter blånissen. Les meir side 10-12 Seks politikarar om Dagens bruk av pc og mobil Uskedalen Side 16-19 Side 26-28 Dei 11 bilane til Fridtjof Juleevangeliet i 2011 Side 5-9 oversetjing Side 44

USKEDALSPOSTEN Side 2 Leiar Framleis gode kort på handa For 4 år sidan, då det også hadde vore val, skreiv vi på denne plassen i Uskedalsposten at bygda hadde gode kort på handa. Då hadde vi fått valt inn 4 representantar i kommunestyret og så godt representert hadde ikkje bygda vore sidan 1970- talet då det var 9 og 7 i 2 periodar. Forventningane var naturleg nok store og vi spurte: Kva kan vi venta av dei? No har vi fått vald inn 6 og det er enda større grunn til å stilla dette spørsmålet. Det gjer vi på annan plass i bladet. Som Kjell Yri heilt rett strekar under er dei 6 innvalde av veljarane i heile kommunen. Det er etter dette valet særleg grunn til å peika på dette i kjølvatnet av den håplause og negative diskusjonen om indre og ytre luten. Det er grunn til å venta at dei ikkje urettmessig set noko del av kommunen til side i ei gitt situasjon, Men det er rart med det. Som Yri også peikar på står Uskedalen deira hjarta nærmast Det vil vera naturleg at dei 6 alltid er på tå hev for bygda vår. Men Børnes er også eit godt kort som ikkje bør forsømmast og vi har venta svært lenge på det kommunale initiativ som no er teke. Gang- og sykkelvegen frå brua og til Børnes er i grunnen ein naturleg del av det heile. Andre saker bør også vera aktuelle, vi tenkjer ikkje minst på ein sentrumsplan/analyse fordi vi snart må få veta kor det bør byggjast og vi treng eit meir konsentrert sentrum. Bustadbyggjinga bør få farten opp i kommande periode og Uskedalen ligg i teten i Kvinnherad med over 100 tomter. No står berre marknadsføringa att! På denne plassen skal vi ikkje gå meir i detalj om akkurat det men det er også ei sentral oppgåve å selja bygda meir effektivt. Vi har mange gode kort på handa også med omsyn til miljø og fritid og dugnadsånda har kanskje aldri vore sterkare. Kva skal dei så prioritera av oppgåver som kommunen har herredømme over? Delvis i motsetnad til sist er dei gledeleg nok svært samde. Skulen, gangveg mot Børnes og Børnes industriområde går att som dei 3 viktigaste oppgåvene og vi får tru at einigheit skaper styrke også i dette høvet. Skulen står øverst på lista og heile kommunestyret vil truleg gå inn for byggjestart neste haust. 15 millionar som står på langtidsbudsjettet er ikkje all verden men i første omgang får vi ta til takke med det sjølv om det ikkje aukar kapasiteten. Elevauken har vore stor og gledeleg i det siste og vi får vona at han held fram og legg grunnlaget for ny utviding. Eit av dei beste korta vi har på handa er slagordet Bu i Uskedalen Underforstått: Då kan du gjerne arbeida ein annan stad. Ola Matti Mathisen

USKEDALSPOSTEN Side 3 No koma Guds englar Elias Blix noregs største salmediktar vart minna i Uskedalen Kyrkje for nokre vekar sidan. Uskedalsposten bringar her ein av de mest kjende salmane hans. No koma Guds englar som han skreiv i 1875. Elias Blix vart født 1836, død 1902. No koma Guds englar med helsing i sky. Guds fred og velsigning dei bjoda. No stig ifrå jordi ein helgasong ny, som skal gjennom himmelen ljoda: Guds fred og vel møtt, du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova. Til frelsa den fyrste er kåra og krynd og komen til løysing og lukka for menneskeborn som er fødde i synd og alt uti vogga må sukka. Guds fred med dei små som honom fekk sjå! Vår fredsfyrste høgt vere lova! I djupaste mørker vart himmelen klår, då stjerna av Jakob seg viste. I hardaste vetter det grønkar av vår, og fagraste knupp spring av kviste. Guds fred og god jol med sumar og sol! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Der ute er jordi så isande kald og trei stend svarte i skogen. Men Isai stuv, som til frelsa er vald, skyt livskvisten fager og mogen. Guds fred med den tein av grønkande grein! Vår fredsfyrste høgt vere lova! No stjerna frå Betlehem lyser om land frå høgsal til armaste hytta. Det ljosnar så vent over dalar og strand der inn hennar strålar få glytta. Guds fred over mold! Vår sol og vårt skjold, Vår fredsfyrste høgt vere lova! No ljodar ein lovsong frå alle Guds born, på alle folks tunger dei kveda. Så vide som klokkone tima frå tårn, stig tonar av hugnad og gleda. Alt kling som i kor: Guds fred over jord! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Lat gjetordet ganga frå grend og til grend, så vida som tunga kan mæla, om Sonen som er oss frå himmelen send all verdi til siger og sæla! Syng ut i kvar bygd: Guds fred ifrå høgd! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Den freden meg fylgje frå vogga til grav, meg hugge i såraste suter! Så seier eg når eg frå verdi fer av og døyande hovudet luter: Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl. Vår fredsfyrste høgt vere lova!

USKEDALSPOSTEN Side 4 No koma Guds englar og Kling no klokka av Elias Blix er to viktige og store julesamlar i kyrkja vår. Vi syng salmane, men tenkjer sjeldan over kva teksten tyder og fortel oss. Det kan vera nyttig med ei tekstforståing av No koma Guds englar med helsing i sky, skriven i 1870 og gjort kjend i julenummeret av Svein Urædd. I talande naturbilete vert himmel og jord knytte saman, noko som er typisk for mange av Blix sine tekstar. Tema er: Om å tola motgang. Salmen spelar på kontrastane i menneskelivet. Fredsfyrsten skal vera lova frå vogga til grav. I dei fire fyrste versa fortel og skildrar Blix det som hender ved juletid. At Guds englar kjem med helsing i sky, er som henta rett ut or juleevangeliet. Bruken av det enkle ordet no, gjer det nærverande. Omkvedet Vår fredsfyrste høgt vere lova vert teke opp att i kvart einaste av dei åtte versa. Med dette vert vi minna på at fredsfyrsten er sendt oss frå Gud. Til frelsa er stikkordet i andre verset. Bakgrunnen er menneska sin tilstand av synd. I tredje verset vert vi minna på kontrastane myrke/ljos og kulde/varme. Ja, diktaren skriv: Guds fred og god jol med sumar og sol Vidare nyttar Blix målande bilete av ei knoppskyting som fører fram det nyfødde barnet, våret som kjem og livet som skyt fart. I vers fem og seks er framleis ljos og fred sentrale ord. Versa tek til med no og fortel oss at bodskapen er aktuell her og no. Jesus er framom alt fredsfyrsten. I vers 7 vert vi minna om misjonsbodet,- Lat gjetordet ganga frå grend og til grend. Sigeren over døden finn vi att i vers 5 i orda: Guds fred over mold. Og i det siste verset vert det så drege ei line frå vogga til grav. Elias Blix er i si samtid dristig i valet av melodi. Han nyttar ein folketone som i folkeleg song er knytta til ein tekst av Petter Dass. Fyrst i salmeog koralbøkene, som kjem på 1920 talet, er det semje om å bruka folketonar tilo salmar. Det er utruleg kor mykje diktaren får sagt i denne salmen. Eg har berre teke med eit lite utdrag og eg har ikkje sagt noko om ordval, seiemåtar og bruk av rim. Les teksten nøye og du vil finna ein innhaldsrik, konsentrert og mektig julesalme. I Nors salmebok er julesalmen tidfesta med to årstal, 1870 og 1875. Det er kjend at No koma Guds englar vart sungen i Lårdal i Tokke 1. juledag 1884. Dette vart gjort av prosten utan landsmåls-godkjenning. Statsråden var faktisk Elias Blix, diktaren sjølv. Seinare har salmen vore nytta i mange kyrkjerom og av mange kor og songlag. Vårt eige kor, Røysterett for alle, har salmen med på framføringane sine i adventstida og på julekonsert i Uskedal kyrkje. No koma Guds englar eit formfullendt vitnemål om det store ljoset og den jublande gleda frå julenatt. Ved Kristian Olav Bringedal

USKEDALSPOSTEN Side 5 Dei 11 bilane til Fridtjof Av: Ola Matti Mathisen Dei historisk interesserte og som hugsar godt veit at Aslaug og Fridtjof Sunde starta Solheim Pensjonat i 1956. Det færre er kjent med er bakgrunnen til Fridtjof både som sjømann og bilentusiast. Då han gjekk i land i 1928 som 24-åring hadde han vore innom 17 land og det heldt fram med å skje mykje på stutt tid. Året etter vart han gift med Aslaug Døssland og same året vart han den første som tok til å køyra bil i Uskedalen. Chevroleten vekte ein viss oppsikt, for eigentleg var det ikkje tillete å køyra fordi vegen frå Løfallstrand til Herøysund ikkje var open for biltrafikk. Og mellom Løfallstrand og Utåker var det 40 grinder! Men for gründaren på Nausthaugen skulle livet i stor grad bli livet bak eit ratt. Faktisk eigde og køyrde han 11 bilar gjennom livet fram til han gjekk bort i 1983 som 79-åring og ved stor hjelp av dottera Aslaug og hennes mann Henrik har vi sett nærare på Fridtjof sitt bilforbruk. Aslaug Lyse i det spesiele motormuseet i garasjen på Solheim. Lista fortel framfor alt at han var svak for amerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men den russiske bilen hadde han i minst 4 år. -Fridtjof var utadvendt og glad i folk. Han var også samfunnsbevisst og var mellom anna med og starta det private vassverket, seier Aslaug og Henrik. Dei har lagt stor vekt på å ta vare på minnene etter gründaren og kan vise fram forskjellige gjenstandar som gjer Solheim til eit lite transportmuseum. Eit poeng som var typisk for Fridtjof Sunde var at han hadde ein konkurrent eit lite steinkast unna, men han og Bjarne Myklebust var gode vener gjennom heile livet. I tillegg til vanleg drosjekøyring hadde Fridtjof postkøyringa opp til Fjellandsbø og også køyringa for Telegrafverket. Den gongen var det ikkje køyring av skuleborn. Bilen som Fritjof hadde til einkvar tid var å rekna som ein av ungane hans. Då han skulle ut i oppdrag, reingjorde han bilen før han la seg.

USKEDALSPOSTEN Side 6 Chevrolet 1923-modell, kjøpt 1929, første bilen i Uskedalen, fotografert ved Sundes barndomsheim. Sjåfør er Fridtjof sjølv og foran ved sjåføren sit Edith Kindt. Bak fru Kindt den eldre sammen med ukjent passasjer Chevrolet 1930, fotografert ved Døssland. Samme bilen, fotografert på Kaldestad.

USKEDALSPOSTEN Side 7 Lastebil, A-Ford, modell 1928/1929, kjøpt i 1935, vart nytta til køyring av trelast for Uskedal trelastlager- Vart også nytta til Transport av jernbjelkar frå Beinavikjo kai til den nye skulebrua i 1936. Felles transport saman med Bjarne Myklebust. Fritjof måtte rygga heile vegen på grunn av lengda på bjelkane. Biletet teke etter okkupasjonen i 1940, men lastebilen vart ikkje beslaglagd av tyskarane, seld til Norheimsund.. Til høgre : Studebaker 1937- modell, kjøpt året etter. Kjørt fram til krigen av Johannes Sunde, omgjort til 7-seter, beslaglagd av tyskarane. Same bil, legg merkje til blending på lykter. Jenta er Torhild, syster av Aslaug, født våren 1939. Studebaker 2, kjøpt like etter krigen.

USKEDALSPOSTEN Side 8 Dodge 1946, behalde fram til 1952 Plymouth Crombrook, produsert i Canada, 1951- modell, fotografert i Rosendal, kjøpt 1952, seld til Karmøy 1962. Staseleg bil, eigaren kvitta seg med den med tårer i augo. Plommeraud, taket vart seinare måla kvitt. Berre Olav Guddal fekk lov til å køyra han utanom eigaren. Olav køyrde brudeparet Torhild og Erling med bilen i 1961. Volga 1960-modell, kjøpt i 1962 og seld i 1966.

USKEDALSPOSTEN Side 9 Chevrolet (Chev Malibu) kjøpt 1966 som ny, bytta i ny Chevrolet 1970 (som vart den siste drosjen) her fotografert ved kyrkja i samband med vigsla til Aslaug og Henrik i 1967, Fridtjof opnar døra. Chevrolet 1970, siste drosje, seld 1973. Fridtjof kjøpte seg så ein Toyota med automatgear. Det vart den siste bilen hans. Diverse minner etter Fridtjof

USKEDALSPOSTEN Side 10 Intervju med Børsdalsnissen Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle Børsdalsnissen med trekkspel. Dei fleste i Uskedalen, både store og små, har sikkert møtt Uskedal sin eigen nisse, Børsdalsnissen. Men, veit vi så mykje om han? Vi bestemte oss for å spørja han skikkeleg ut. Gjennom 20 spørsmål kjenner vi nå Børsdalsnissen mykje betre. Håpar vi treff på han når det nærmar seg jul i år og. Kos dåke med intervjuet!

USKEDALSPOSTEN Side 11 Børsdalsnissen har fått grauten sin. -Kvifor er du julenisse? -Fordi det gler meg å sjå at born og vaksne likar og set pris på Nissen. -Korleis blei du julenisse? -Nissen er berre nissen. Det er noko du er og held fram med så lenge det er interesse og at nokon spør etter nissen. -Kva er det dei fleste ønsker seg til jul? -Borna ynskjer seg spel og sportsutstyr. Dei vaksne ynskjer seg snille born og ei god og trygg framtid. -Kva gjer du når det ikkje er jul? -Då er eg heime med nisseungane og førebur neste jul. -Finst det ein nisseskule? -Ja, det finst nisseskule i Finland og i Danmark. Ein gong hadde eg tilbod om å få vera med på nissesamling i Danmark, midt på sumaren. Det passa ikkje meg. -Kva lærer de der? -Dei lærer om korleis ein skal oppføra seg og det å kunna snakka på ein god måte til alle born. -Har du noko kjæledyr/dyr? -Nissen sine dyr er mus og reinsdyr Berre tenk på Prøysen si Musevise. -Kven er du i familie med? -Alle nissane er i slekt, men den næraste familien er nissakono og nissungane. -Korleis kjem du gjennom pipene? -Eg brukar ikkje å koma gjennom pipa, men går med kjelken min fram dit eg skal. Eg går varsamt rundt huset der eg ser det er ungar. Gjer meg synleg ute og ungane kjem i glaset og undrar seg. Så bankar eg forsiktig på døra og spør om det er snille ungar her i huset.

USKEDALSPOSTEN Side 12 Vil vi finne Børsdalsnissen ved den flotte grana i år og? Så spør eg etter foreldra, sysken, besto og bessen. Nissen veit og om nokon har mista nokon av sine nærmaste dette året. Då kan det vera trøyst å få. -Korleis kjem du deg fram på julaften? -Då går eg, men likar å få skyss med hest og slede. På kjelken ( krubba ) og i sekken har eg pakkane. -Kva trur du om framtida til julenissen? -Nissen vil alltid ha ei framtid så lenge born og vaksne tek vare på kulturarven, fantasien, det å kunna undra seg og bruka tid på forteljing og opplesing av eventyr og segner. -Klarer julenissen seg utan mobil? Korleis -Kor lenge i soga har vi hatt mobiltelefon, tru? 20 30 år. Nissen har vore til lenge, lenge før det. Treng ikkje moderne utstyr for å vera nisse. Nissen føler på seg og veit kva som skjer. -Kva syns du om dagens ungar? -Borna er snille, fantasifulle og finn på mykje positivt. Mange er flinke på skulen. Mange går i kulturskulen, i idrettslaget og på Bedehuset. Alle sunne og gode aktivitetar fører til noko positivt. -Har du ull innerst på julaften? -Nissen må ikkje frysa. Difor kler han seg med gode ullunderkle, ullgenser og ei tjukk vadmeldsbuka ytterst. -Koster det deg noko å gje presangar? -Det skal ikkje kosta noko, berre arbeid. Til det har eg god hjelp frå Nissakono og ungane mine. -Kor får du pengane frå? -Nissen har ikkje og brukar ikkje pengar. Det heiter naturhushald når ein ikkje treng driva med kjøp og sal. -Har du elles nokre gode råd om korleis vi skal kle oss når det er kaldt? -Alle må kle seg i gode strikkaplagg, laga av ull og bomull. Alle må ha ei god strikkahua på hovudet. -Kva er yndlings songen din? -Alf Prøysen sin Julekveldsvise. Elles likar eg godt Elias Blix sin julesalme: No koma Guds englar med helsing i sky. -Spelar du noko instrument? -Ja, eg spelar trekkspel. -Driv du med noko sport? -Ikkje anna enn eit aktivt friluftsliv, går tuar i fjellet og ror færingen min når eg skal til Skorpo.

USKEDALSPOSTEN Side 13

USKEDALSPOSTEN Side 14 DIN LOKALE LEVERANDØR TELEFON 53 48 61 01 HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08 Vi ynskjer alle våre kundar og leverandørar ei riktig god jul og eit godt nytt år. Vi takkar for alle oppdraga i året som snart er til endes. Stian Haugland tlf. 95 78 48 08 Tor Ove Haugland 90 51 14 71 Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39

USKEDALSPOSTEN Side 15 TI OM JULA Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik Spørsmål: - Kvifor gleder du deg til jul? - Kva ynskjer du deg til jul? Inger Lise Voll -For då skal eg kosa meg med familien. -Fint ver! Ann-Kristin Huke -Masse gode fridagar, vera med familien og kosa seg. -Nye ski og å få kosa meg med familien min. Solbjørg Musland -Håper på fint ver og snø og vera saman med familien. -At alle er friske. Thomas Eide -Masse god mat og pakkar. -Kler. Asbjørn Olsen -Mykje fri. -CD. Øyvind Sture -Samla familien. -Veit ikkje. Sveinung Bauge -Samla familien. -Veit ikkje. Simen Meling -Samla familien. -Veit ikkje. Jens Haugse -Då kan eg vera heime med familien. -Fred og ro. Mona Voll -Vera med familien. -Veit ikkje. Brekketoppen, 5463 Uskedalen Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22 Bilutleie Understellsbehandling Viking/NAF redningstjeneste Sal av Tysse-tilhengarar Leverar blomar til alle anledningar. Velkommen inn eller ring og bestill.

USKEDALSPOSTEN Side 16 Seks politikarar om Uskedalen Over er uskedelingane samla ved Rådhuset: Magne Huglen og Jostein Grov frå Arbeidarpartiet, Kjell Yri frå Venstre, Eskil Moen frå Framstegspartiet, Elin Legland frå Senterpartiet og Gunn Mari Moberg frå Høgre (Foto: OlaMatti Mathisen) Dei nyvalde set skulen først. Uskedalen har fått 6 representantar i det nye komunestyret og ein skal langt attende i førre århundre for å finna like stor representasjon frå vår bygd. Men kva kan ein venta av dei? Kva vil dei prioritera i perioden som kjem? Uskedalsposten har spurt dei og det er ingen tvil om at skulen kjem først. Trafikksikring og opparbeiding av Børnes er dei andre mest sentrale oppgåvene. Høgres Gunn Mari Moberg har dette svaret på spørsmålet. 1. Vi må få Uskedal oppvekstsenter i godkjent stand. Skulen vår er ikkje i godkjent stand i dag. Den står øverst på prioriteringslista til kommunen, så vi må arbeida for at det vert starta opp arbeid her. Barnehagen driv utan godkjent kjøken. Nytt godkjent kjøken må prioriterast. 2. Trafikksikring. Gangveg frå sentrum til Børnes industriområde. 3. Opparbeidd og tilrettelagt Børnes industriområde. Andre viktige saker er å få offentleg badestrand i sentrum av Uskedalen, midler til å vidareutvikla Kvinnherad Vekstbedrift og få fjerna (lagt i jord) luftlinja frå Ospelund til sekundærstasjonen. Ellers så oppmodar eg bygdafolket til å ta kontakt med og bruka politikarane frå bygda

USKEDALSPOSTEN Side 17 Senterpartiets Elin Legland skriv slik om partiet sitt arbeid: Det er ikkje lenge sidan valet, og vi har bare såvidt "rodd fjorden" når det gjeld arbeidet med programmet vi gjekk på val til. Heilskapen i programmet Senterpartiet har for Kvinnherad i dei 4 åra som kjem, ligg på nettsidene våre: www.senterpartiet.no/kvinnherad. For Uskedalen er skule, trafikksikring og næring dei 3 viktigaste hovudområda for dei kommande 4 åra. Desse er grunnsteinar og vil kunne stimulere vidare til utvikling innan busetnad, fritid og lokalengasjement i bygda vår. Næring er sentral. Det er næring som skapar verdiar vi kan skape samfunn av; busetnad, oppvekstmiljø, fritid og trivsel. Skule Uskedalen Oppvekstsenter ligg inne i langtidsbudsjettet med midlar om rehabilitering då skulen i dag ikkje er godkjend. Senterpartiet vil vere med å sjå til at desse midlane vert brukt til rehabilitering snarast. Kvinnherad Kommune kan gje etter- og vidareutdanning av pedagogisk personale. Staten dekkjer 40% av kostnaden, kommunen dekkjer 40% og lærar sjølv dekkjer 20%. Dette er ei super ordning, og Senterpartiet ønskjer at fleire frå Kvinnherad skal kunne ta del i denne ordninga. Vidare ønskjer Senterpartiet å arbeide for at det vert sett av meir midlar til utstyr og læremidlar i skulen. Det vart sett inn auka midlar for 2011, og dette bør halde fram. Trafikksikring Senterpartiet har vore med å ta initiativ til å rullere trafikksikringsplanen for Kvinnherad. Ein oppdatert og god plan trengs for investeringar og søknader om sentrale midlar til bygging av mellom anna gong- og sykkelsti. For 2011 har det vore øyremerka 330 millionar kroner til gong- og sykkelveg. Det er råd for bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar å søkje Transnova om midlar til tilretteleggjing for syklistar. Senterpartiet har samferdselsminister, og når vi frå lokallaget møter sentralpolitikarane tek vi opp lokalt viktige saker. Midlar til tafikksikring er ei av dei sakene. God trafikksikring sparar liv, og kan vidare bidra til mindre bilbruk, mindre forureining og betre folkehelse. Næring Trygg, solide arbeidsplassar er med på å få folk til å busetje seg i nærmiljøet. Senterpartiet ser at heile spekteret av arbeidsplassar er viktig. Vi treng jordbruk og fiske, vi treng industri og produksjon og vi treng servicenæringane våre. I Uskedalen har vi alle desse. Senterpartiet vil ha meir norsk jordbruk, enklare vilkår for mindre bedrifter, betre ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og sterke støtteordningar for miljøvenleg produksjon og flytting av offentlege verksemder til distrikta. Kvinnherad Senterparti ønskjer å sikre eksisterande næringsliv i Uskedalen, og vere med på å auke antal arbeidsplassar i bygda. Vi ønskjer å vere ein samarbeidspartnar for næringslivet i bygda, og ta aktuelle problemstillingar opp og fram i Kommunestyret, på Fylketstinget, i Stortinget og til Regjeringa. Uskedalen Utvikling gjer eit kjempearbeid med å ha ein arena som ivaretek interessene i bygda, og Dialogforum løfter fram saker og får dei debattert blant bygdafolk. Lag og organisasjonar legg ned mykje dugnadsarbeid og byggjer ei fellesskapsånd, eit engasjement og eit fritidstilbod som gjer bygdelivet verdifullt for store og små. Det som måtte vere av utfordringar og ønskjer vil vi politikarar gjerne bli orientert om for å kunne bidra til å halde oppe, og gjerne styrke, trivselen i Uskedalen. For Senterpartiet er det slike bygdesamfunn som ber nasjonen vår, kulturen vår og framtida vår. Jostein Grov frå Arbeidarpartiet svarar slik på spørsmålet om prioritering for Uskedalen i nærmaste periode: Trafikksikring Oppgradering/renovering av skulen Ljos til Beinavikjo Sentrumsplanen-stadanalyse Vidareutvikling av Børnes industriområde Uskedalen som besøksmål knytt til Folgefonn Nasjonalpark Framstegspartiets Eskil Moen prioriterer slik: 1.Renovasjon/opprustning av skolen 2. Gang- og sykkelsti fra brua til Børnes 3. Opparbeiding av næringsareal på Børnes

USKEDALSPOSTEN Side 18 Rehabilitering av Uskedalen skule er ei viktig sak for politikarane frå Uskedalen. Det er denne delen av skulen som skal rehabliteras. Venstres Kjell Yri svarar slik på spørsmålet. Skal ivareta heile Kvinnherad Som folkevalt til kommunestyret, er ein valgt for å ivareta heile Kvinnherad kommune. Åkra og Fjelberg er like viktige som Uskedalen. Når det er sagt kan eg ikkje leggja skjul på at eg har eit spesielt vakent auga for den bygda eg er fødd og oppvaksen i. Uskedalen er ei bygd som klarar seg bra. Vi har hatt ei jevnt bra folketalsutvikling, vi har ein god butikk, vi har ein god skule, vi har gode bedrifter og vi har eit blømande lagsliv. Svært mykje dugnadsarbeid vert lagt ned, og dette er ein av dei viktige berebjelkane for at folk skal trivast i Uskedalen. Det er mykje som skulle vore gjort av kommunen i vår bygd, men her er mi rangering: 1. Stå ved lovnaden om opprusting av Uskedal skule. Skulen er pr dags dato ikkje godkjent av helsemyndighetene. Skulen er ein stad der borna våre oppheld seg store deler av dagen. Difor må forholda vera i tråd med det som er kravet. Ein må ikkje risikera helseplager grunna dårlege bygningsmessige forhold på skulen. Vi har Aktivitetshuset og vi har Grusbanen. Dette er verdfulle anlegg som etter kvart bør inngå som ein kommunal del av skuleanlegget. 2. Trafikksikring. Gong og sykkelveg til Steinsletto, og gatelys fleire stader i bygda. Trygg veg for dei gåande er ein av dei viktigaste miljøfaktorane. Samstundes fremjar det folkehelsa. Etter fleire som går og held seg i form, etter ferre treng plass på sjukehus og sjukeheim. Ikkje minst møter ein andre gåande og opplever positive møter. 3. Børnes Industriområde og Børnes kai. Tilrettelegging av næringsareal er svært viktig for utviklinga. Nye bedrifrter skaper nye arbeidsplasser. Dette gjer igjen at folketalet aukar, og vi kan oppretthalda skule og andre servicetilbud i bygda. Andre saker som og er veldig viktige for bygda vår er å oppretthalda brannstasjonen i Uskedalen. Revidering av kommunedelplan og planlegging av Uskedalen sentrum er og ei heilt nødvendig sak i den kommande fireårsperioden.

USKEDALSPOSTEN Side 19 Gang/sykkelveg fra Uskedal brua til Børnes er ei viktig sak. Magne Huglen frå Arbeidarpartiet svarar slik på spørsmålet om prioritering for Uskedalen i nærmaste periode: Dei tre viktigaste sakene for Uskedalen: 1. Rehabilitering av Uskedalen skule 2. Gang/sykkelveg Uskedal bru/børnes 3. Børnes industriområde Dette er punkt som fleirtalskoalisjonen har med i sin avtale som spesielt gjeld Uskedalen. Utbetring av Uskedalen skule ligg inne i langtidsbudsjettet, og skal koma igang i 2012. Dette er eit prosjekt med høg prioritet. Gang/sykkelveg har og vore prioritert, men ei ny gjennomgang av trafikksikringstiltak som no pågår, kan kanskje forskyva denne prioriteringa. Me politikarar må heile tida vurdera tiltak i heile kommunen opp mot einannan. Tilrettelegging av Børnes industriområde er ei viktig investering for heile kommunen, og vil på sikt styrkja økonomien for kommunen. I tillegg vil eg nemna at vegljosa frå Uskedal Bru langs Kjerlandsvegen bør forlengast med 2-3 vegljos fram til Dønhaug Gardsbarnehage. (Helst også forbi Myklebustsvingen.) Dette burde vore på plass i samband med opprettinga av denne barnehagen. Ei evt. kommunal overtaking av Aktivitetshuset kan og vera ei viktig sak for bygda, dersom styret/luteigarane i Aktivitetshuset ynskjer det. Kvinnherad kommune går truleg inn i ein vanskeleg økonomisk periode, med større økonomiske utfordringar for kvart år. Dette vil sjølvsagt leggja føringar for både investeringar og drift. Den største utfordringa for oss politikarar blir å skaffa oss nok inntekter og /eller redusera utgiftene nok, slik at budsjettet balanserar. Dette vil sjølvsagt vera avgjerande for kva handlingsrom politikarane har til gjennomføring av gode tiltak for innbyggjarane.

USKEDALSPOSTEN Side 20 Mykje brukt i over 28 år Dette intervjuet vart laga for 3 år sidan av redaktør Tomas Bruvik i Kvinnheringen. Inger Lise og Dagny Haugland. Inger Lise synes det er så kjekt når ungane kan komma inn og kjøpa seg noko godt for 1 krona. (Foto over Tore Mathiesen Til høgre Kvinnheringen) I vel 25(no 28) år har Inger Lise Eidsvik drive bruktbutikk i Uskedalen. Det er no rett over 25 år sidan Inger Lise Eidsvik starta bruktbutikk i det gamle bakeriet på Geilo i Uskedalen. Sidan har ho flytta på seg eit par gonger, og no held ho til ved riksvegen midt i Uskedalen. For 25 år sidan dreiv ho rein bruktbutikk, men for 15 år sidan gjekk ho over til å selja ein del nytt òg. Då butikken opna i 1983, skreiv Kvinnheringen at det var opna ein bruktbutikk i Uskedalen. Ho fekk då mykje skryt for at det endeleg var nokon som ville satsa på sal av brukte gjenstandar. At butikken skulle halda det gåande så lenge, trudde ikkje ein gong den då 45 år gamle Inger Lise Eidsvik. No er ho fylt 70 år (no 73 år), men ser ikkje ut til å vera ein dag over 60. Helsa er utruleg viktig. På alle desse åra har eg berre vore vekke i rundt tre veker i to periodar for å ordna litt på hoftene. Elles har eg vore stort sett frisk, fortel butikkdama. Heilt sida ho var lita, elska Inger Lise å jobba i butikk. I barndomen leika ho butikk, men draumen var å kunna driva sjølv. Og det å jobba i butikk er like kjekt som det ho hadde håpa. Både for meg og kundane er det sosiale viktig. Det å kunna helsa på folk og ta seg tid til ein prat det er det ikkje mogleg å gjera i så mange butikkar i dag, meiner Inger Lise. Alt for få faktisk, legg ho til. Kontroll Om det kanskje er noko kaotisk i butikken, har butikkeigaren full kontroll over alt ho har. Når det gjeld antikvitetar og brukt utstyr, er alt nummerert og sirleg skrive ned. Totalt 7085 personar har så langt levert inn utstyr. I butikken kan du finna alt frå gamle skrivemaskiner, bøker, hyller, kjørel, gamle kister, måleri, videoar, ja alt du kan tenkja deg i grunnen.

USKEDALSPOSTEN Side 21 Inger Lise og Bjørg Olaug. (Foto Tore Mathiesen) I løpet av dei 28 åra har ho reist mykje og henta brukt utstyr. På mange av turane har svigerdøtrene Nina Rød og Valborg Sjøwall vore med. Særleg har Nina vore med svigermora på mange turar. Det er heilt utruleg kva ho har vore nøydd til å vera med på, seier Eidsvik. Ein heilt spesiell episode kramdamo hugsar, er då ho og Kirsten Rød skulle henta ut ein del brukt utstyr frå det gamle posthuset i Herøysundet. Der var det rimeleg farleg å gå, og mest alt av utstyr som vi skulle henta var ete på av mink. I tre etasjar hadde minken gått heilt berserk, minnest Inger Lise. Sommaren Butikken har mange stabile og god kundar Vinduslutstillingen i Krambua- Julebua.(Foto Tore Mathiesen) frå Uskedalen og elles i kommunen, men rik blir ho ikkje av jobben. Sjølv om det no nærmar seg den fine juletida, drøymer Inger Lise om sommar og sol. Særleg med omsyn til butikken. Sommaren er verkeleg høgtid med alle båtturistane som kjem til bygda. Faste turistar kjem innom kvar gong dei er her, det er berre så utruleg triveleg. Då er det verkeleg fart her. Dei er så fantastiske desse turistane. Dei kjem innom og seier dei er så glade for å ha butikken her. Sommaren er høgtid, utan tvil. 25 år på baken med butikk i Uskedalen er ikkje nok for den driftige dama. Nei no har eg halde på så lenge at eg ikkje kan gje meg med det første. Så lenge helsa held, blir eg ein del år til Litt av utvalget i Krambua Julebua (Foto Tore Mathiesen)

USKEDALSPOSTEN Side 22 Kva for ein julebrus er best? Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik Nissen er ofte brukt i reklame for brus. Nissen er mykje brukt i Coca Cola sine reklamekampanjer før jul. Det var seks ulike julebrusar som blei testa og fikk ternigkast av Testpanelet i Uskedalsposten sin uhøgtidlege julebrustest. Foto Ola Matti Mathisen Redaksjonsmedlemmar i Uskedalsposten var testpanelet som foretok ein uhøgtidleg test av julebrusane i butikken i Uskedalen. Nokre frå heimtraktene til redaktør Ola Matti Mathisen. Dei lokale variantane fekk tøff konkurranse med julebrusen frå Hamar/Lillehammer. Spar sin julebrus: Sunniva: Masse skum. Søt. Kjedelig og lite farge på design. Terningkast 4 Tina: Skummande og søt. Ikkje noko spesiell design.terningkast 4 Ingeborg: Søt. Kjedelig designterningkast 4 Hansa sin julebrus: Sunniva: Sterk raudfarge, beisk. God men ingen favoritt. Masse farge på dekoren. Terningkast 3. Tina: Sterk raud, beisk. Smaka maling så ingen favoritt! Fin dekor og fargerik.terningkast 2 Ingeborg: Søt. Kjedelig dekor. Terningkast 3

USKEDALSPOSTEN Side 23 Testpanelet i djup konsentrasjon for å kåre vinnaren av Uskedalsposten sin uhøgtidlege julebrustest. Foto Ola Matti Mathisen Hamar Lillehammer julebrus: Sunniva: Gråbrun farge, masse kulsyre. Søt, smaker champagne. Masse kuler farger på dekoren.terningkast 5. Tina: Lys brun farge. Meir kulsyre. Søt. Champis. Fargerik, kul og fin dekor. Terningkast 5. Ingeborg: Søt lukt og mykje kulsyre. Masse fine og kule farger på dekoren. Terningkast 5. Lerums julebrus: Sunniva: Lys raud farge, kunstig smak. Lite smak i slutten. Koselig dekor på flaska. Terningkast 4. Tina: Lys raud, ikkje mykje smak, søt og god lukt. Koselig men vanleg dekor. Terningkast 3. Ingeborg: Hadde ikkje så mykje smak. Koselig og vanleg dekor på flaska. Terningkast 3. Hansa, glasflaske Sunniva: Masse lyd når du tømer av flaska. Smkafull og søt. Terningkast 4. Tina: Luktar meir og har meir lyd enn plastflaska. Meir smak enn plastflaska, søt. Terningkast 4. Ingeborg: Skummande men ikkje så mykje kulsyre. Søt. Terningkast 4. Hamar Lillehammer julebrus, glasflaske Sunniva: Masse skum, masse smak og søt. Terningkast 6. Tina: Kulsyre, søt. Litt sur champ. Søt. Terningkast 5. Ingeborg: Skum og kulsyre. Søt.Terningkast 5. Som vi ser så kjem Hamar Lillehammer sin julebrus best ut i testen. Og glasflaskebrusen slår plastflaskebrusen. Kva vert din favoritt?

USKEDALSPOSTEN Side 24 Jule- og nyårstradisjonar Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle Vi har mange tanker om korleis jula, romjula og nyttårsfeiringa skal vera. Vi feirar denne tida på ulike måtar. For å finna ut kva vi born i Uskedalen tenkjer om denne høgtida, har vi spurt ein elev i kva klasse på skulen vår. Det vi trygt kan sei er at alle gleder seg og har forventningar til jula og fridagane i samband med jula. Fredrik 1. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Pakkane. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Veit ikkje heilt. -Går du på juletrefest? -Nei, ingen. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. Celine Musland 2. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Å få pakkar. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Snakkar saman. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. -Går du på juletrefest? -Ja. -Kva juletrefestar? -I gymsalen i Uskedalen. Silje Soldal 3. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Snø! -Kva gjer familien din på julekvelden? -Då opnar vi julepakkane. -Går du på juletrefest? -Ja. -Kva juletrefestar? -Ein på Husnes. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt.

USKEDALSPOSTEN Side 25 Thea Taranger 4. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Å kosa oss. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Opnar pakkar og et god mat. -Går du på juletrefest? -Ja av og til. -Kva juletrefestar? -Den på Dønhaug. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. Jaran Jensen Eide 5. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Rakettskyting! -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien min og av og til Ole Eik sin familie. -Kva plar du gjera i romjula? -Stå på ski og ake. -Kva julegodteri likar du best? -Alt unntatt marsipan!og julekaker. Veslemøy Haugland 6. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Rakettar og det å vera med familien. -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien og vener av familien. -Kva plar du gjere i romjula? -Vera med familien og eta god mat. -Kva julegodteri liker du best? -Julemarsipan og julekaker. Karen Pedersen Brede 7. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Då vi var på hytta til tante og dei. Då laga vi vulkan av is. Vi laga iskuler og bygde dei til vulkan. Så satte vi rakettane rundt. -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien. Kva plar du gjera i romjula? -Eta god mat og kosa oss og ser på gåvene. -Kva julegodteri liker du best? -Snopet eg får i julesokken.

USKEDALSPOSTEN Side 26 Dagens bruk av pc og mobil Av Marit Inga Tråvik Sture Marit Inga Tråvik Sture ved bærbar pc og mobil. Det er inga tvil om at bruk av pc og mobil har blitt ein svært populær fritidssyssel dei siste tiåra. Dei fleste som har si eiga datamaskin, brukar den fleire gonger om dagen. Det er ikkje alltid berre èin pc det er snakk om! Mange har 2-3 pc'ar tilsaman som prydar stovebordet, kontoret og kjøkkendisken. I tillegg er det mange ungdommar som har med seg datamaskina si på skulen, der den slett ikkje alltid blir brukt til berre skulearbeid. Den auka bruken av pc og mobil er noko forskarane lenge har diskutert og vurdert, og resultata dei har kome fram til er sjokkerande for mange. Folk har blitt sjuke, mobbing har blitt mykje meir vanleg og så vidare. I dag spør vi oss sjølve; kva er det teknologien eigentleg gjer med oss menneske og korleis kjem dette til å utvikla seg i framtida?

USKEDALSPOSTEN Side 27 Gjennom mange undersøkingar har forskarar funne ut at bruken av datamaskin kan kome til å skade helsa vår. Både vaksne og ungdommar kan oppleva å bli plaga av muskel- og skjelettlidingar, augeproblem, stress, søvnløyse og psykiske problem. Dette er dei vanlegaste lidningane/plagane som kan oppstå grunna den auka bruken av pc og datautstyr. Strålingane som kjem ifrå både datamaskina og mobilen kan òg vere farlege. Sjølv om det aldri har blitt bevist at strålingane kan føre til blant anna kreft, er det viktig å vere obs på at dette faktisk kan skje. Ein bør altså vere forsiktig med å ha pc'en for lenge på fanget eller ha mobilen for lenge i bukselomma. Mange anbefalar òg at dei som nyttar mobilen mykje, bør bruke øyretelefonar. Forskning viser at barn og unge som sit foran pcskjermen fleire timar i strekk, og heller vel denne aktiviteten istadenfor uteleik og liknande, blir inaktive. Dette igjen har konsekvensar for helsa deira. Det er t.d svært mange unge i dag som er overvektige og får diabetes 2 grunna dette. Eit anna helseproblem er at barn ikkje får nok søvn. Dei surfar på datamaskina til langt på natt og får dermed ein dårleg døgnrytme. Helsa kjem alltid først, men det er óg svært viktig å vere klar over korleis bruken av pc går utover skulearbeidet. Fleire gonger om dagen blir både data og mobil brukt på skulen, både med og utan lov. Så lenge ungdommane har tilgong til internett, vel dei heller å sufre på nettet enn å følgje med i timane. Dei klarar ikkje å sitje lenge å høyre på noko dei ikkje interesserer seg for. Nettsider som blant anna Facebook og Twitter kan lett øydeleggje for konsentrasjonsevna til ungdommane. Det kan òg hende at dei ikkje forstår leksene og at dei ikkje får, eller gidder å spørre om hjelp. Dette resulterer som oftast i at dei heller vel å skru på datamaskina. Dette problemet gjeld både heime og på skulen. Når det er sagt, må vi og sjølvsagt nemna at datamaskina kan vere eit svært godt hjelpemiddel på skulen. Oftast er det berre internettet, og slik det blir brukt, som er problemet. Ved bruk av pc går skrivinga raskare, ein får god opplæring i rettskriving og ho kjem til god nytte når ein skal ha framføringar. Innføring av pc i skulen har òg vore til svært god hjelp for dei med ulike typar funksjonshemmingar som t.d utviklingshemming, høyrselshemming og barn med lese- og skrivevanskar (dysleksi). Det norske skriftsspråket har endra seg svært mykje etter at mobilen og datamaskina kom i bruk. Ein har byrja å skriva på dialekt, med forkortingar og med kombinasjonar av bokstavar og tal. Eit problem som kan oppstå, er at dette nye «språket» også blir teken i bruk når det skal skrivast stilar eller innleveringar. Når ein først har byrja å skrive på ein bestemt måte, er det ofte veldig vanskelig å koma inn igjen på det «rette sporet». Dette kan igjen føre til både dårlegare karakterar i norsk og at det oppstår eit språk som berre bestemte grupper kan forstå seg på. Den auka pc-bruken har ført til at vi ikkje lenger er så sosiale som vi ein gong var. Kjem Facebook til å bli den nye møtestaden for ungdom? Kjem Google til å bli den nye læringsplatformen? No for tida skjer nesten alt på datamaskina; vi får nye venner, vi får kjærestar, vi leser bøker, vi ser filmar og vi speler. Takka vera den nye og forbetra teknologien, er det blitt mogleg for oss å gjere alt dette på nettet. Mange syns nok det å «henge» på chatte- og datingssider er veldig spennande og morosamt, men direkte sosialt er det ikkje. Ein kan ikkje sjå personen ein chattar med, og ein ser ikkje noko uttrykk i hans eller hennar ansikt. På den måten er det vanskeleg å vite om personen verkeleg er t.d så glad eller trist som han/ho utgir seg for å vere. Fleirtalet meinar at det må både fysisk og verbal kontakt til for å vere sosial. Den kontakten har ein ikkje dersom ein berre pratar saman på nettet. Chatting på nettet kan vere både positivt og negativt. Ved å chatte på opne sider er det mogleg å bli kjent med ulike typar kulturar, tradisjonar og språk. På den måten seier vi at internett skapar ei mindre verd. Landa i verda er altså tettare på kvarandre no enn det dei var før. Ei anna positiv side ved chatting er at t.d særskilte grupper i befolkninga har tilbod om eigne chattesider der dei kan møtast. Kanskje det er nokon som føler seg utestengd eller innelukka, og har behov for å prate med nokon som er i samme situasjon. Her kan ein nemna barn som er utsatt for vold og overgrep i heimen, ungdommar som er usikre på si eiga seksuelle legning eller barn som blir mobba. Ei ulempe ved chatting er at internett ikkje berre skapar ei mindre verd, men óg stor avstand mellom folk i t.d ei lita bygd. Mange nyttar seg nemleg av moglegheiten til å heller føre samtalar på pc istadenfor å møtast personleg. Dette fører til at vi blir mindre og mindre sosiale og at innbyggjarane «sklir» frå kvarandre. Sjølvsagt skal

USKEDALSPOSTEN Side 28 Det kan sjå ut som om dataen har innhenta nissen og.. Telfonen er eit viktig kommunikasjonsmiddel for barn og unge i dag. ein òg vere forsiktig med kven ein pratar med på nettet. Det er slettes ikkje alle ein kan stole på. Den neste du chattar med kan vere ein 60 år gamal mann som utgir seg for å vere 15 år. Kanskje han overtaler deg til å møtast, for så å gjere grusomme handlingar mot deg. Det blir stadig fleire barn som får mobil og pc i ung alder. I dag er det svært vanlig at t.o.m 5.klassingar får eigen pc til jul og eigen mobil til 10 års dagen sin. Ungdommar og barn blir meir og meir bortskjemte, og dei vil ha alt innan nyare teknologi; Iphone, Ipad, Macbook osv. Foreldre brukar meir og meir pengar på barna sine. Spesielt i ungdomsmiljøet i dag er det stort press innan teknologi. Har du ikkje den nyaste og beste telefonen, får du ikkje vere «medlem» av den kulaste gjengen. Dette presset har først og fremst vore blant ungdommar. No byrjar diverre òg barn i barneskulen å føla presset om å måtta ha alt innan den nyaste teknologien. Overalt høyrer ein om barn og ungdom som blir mobba på nett og mobil. Det er sjølvsagt ei tydeleg grense mellom spøk og alvor når det gjeld slik mobbing. Medan nokre tar seg nær av den minste ting sosiale og blir lett såra, er det andre barn som faktisk opplever å få stygge kommentarar på nettstadar kvar dag. Desse kommentarane kan gi barn svært dårleg sjølvkjensle, som igjen kan føre til depresjon og i verste fall sjølvmordstankar. Denne mobbinga skjer som oftast på nett eller mobil, og særlig på chattesider som Facebook eller MSN. Mobbarane er redde for å bli tatt på «fersken», og dei synest det er lettare å sei noko stygt om andre på nett og mobil enn ansikt til ansikt. Undersøkingar viser at barn og unge meinar det er like ille å bli mobba på nett og mobil som det er å bli mobba direkte. Diverre er det vanskelig for både mobbeofferet og «tilskodarane» å sei ifrå om mobbinga, og foreldre veit lite om kva som skjer i denne «ungdomsverda». Det er ikkje tvil om at dagens teknologi som pc og mobil er komen for å bli. Det er derimot vanskeleg for oss å sei om all nyare teknologi verkeleg har ført til eit betre samfunn. Det finst både positive og negative sider, men i denne teksten har det kome fram fleire ulemper enn fordelar. Det som til alle tider er viktig, er å tenkja sjølvstendig, vera kritisk og ikkje «sluka alt rått».

USKEDALSPOSTEN Side 29 Til bedehuset frå heile Kvinnherad Tekst og foto: Ola Matti Mathisen Dei kjem frå heile Kvinnherad og har det triveleg og trygt i Bedehuset. Nelly Kjærland er ein av eldsjelane i bedehusmiljøet i Uskedalen. Ho er sentral i fleire tiltak og eitt av dei er småbarnstreffet, som ho avviklar annakvar onsdag saman med gode hjelparar og gjestar. Uskedalsposten var med på eit treff der 9 smårollingar hadde det triveleg saman med foreldra sine i halvannan time. Dei små var intenst engasjerte då Toril Langeland fortalde. Etterpå laga dei ei løve! Jula set no sitt naturlege preg på programmet med juleverkstad 28. november, Baking av julemenn 14. desember og julefest for store og små 27. desember. Dei kom ikkje berre frå Uskedalen, men frå heile Kvinnherad. 3 var frå Uskedalen, 3 frå Valen, 1 frå Sunde, 1 frå Rosendal og 1 frå Seimsfoss. -Det er ikkje alltid like lett å få uskedelingane til Bedehuset, er kommentaren til Nelly. No har ho halde det gåande i snart 7 år med småbarnstreffa sine. Oppslutnaden har vore varierande, men det har vore så mange som 24 ein gong. Sesongen tek til i august og varar til 17. mai. Hovudposten kvar gong er ei forteljing frå Bibelen og denne dagen var Daniel i løvehola og kong Darius tema. Nelly serverer bollar

USKEDALSPOSTEN Side 30 Teksten er omsett og gjendikta av Svein Rimestad. Av Kristian Olav Bringedal Svein Rimestad Svein Rimestad er Uskedalen sitt svar på Johannes Gjerdåker frå Voss. Eller skal vi heller sei Olav H. Hauge, Haldis Moren Vesaas og Hartvig Kiran. Dei to siste omsette mykje for Det norske Teateret på 1960 talet og framover. På mest alle konsertane til Røysterett for alle vert det sagt av programleiaren at den og den teksten er omsett av vår lokale Svein Rimestad. Slik har det vore så lenge koret har funnest. Koret er stolt over å kunna ha som medlem ein dugande språkleg medarbeidar. Røysterett for alle er soleis langt på veg kjend for eit språkleg medvit i utval og bruk av tekstar. Den siste omsetjinga til Svein er den nederlandske julesongen Ver no hjartans fagna frå 1600 talet. Før det har han mellom anna omsett desse tekstane for Røysterett for alle: * Kvannsanketid * Våren ( Vivaldi - frå dansk ) * Eit rettleleg gullbryllup ( frå engelsk ) * Gåtenes marknad ( Scarborough Fair ) * Svarttrast ( Blackbird ) * Drama ved Uskedalselva ( Om the Banks og the Ohio ) Les kva Svein Rimestad sjølv skriv om det å utføra den krevande oppgåva med å gjera ei god omsetjing innhaldsmessig og språkleg.

USKEDALSPOSTEN Side 31 Å omsetja/omskriva songar frå andre språk Av Svein Rimestad Når ein ser vekk frå ei einskilt omsetjing av ei amerikansk skjemtevise som eg gjorde i studietida, er Kvannsanketid det fyrste eg har omsett med eit spesifikt føremål. Den gongen var det ein del medlemer i Røysterett for Alle som truga med å melda seg ut or koret dersom det skulle verta noko særleg tal songar på utanlandsk. Me hadde godt midtvegs i 1995 nett vore på songarstemne på Stord og vorte presenterte for Wild Mountain Thyme, ein keltisk folkesong som alle i koret iallfall lika tonen på. Med det for auga å ikkje trekkja for hardt på kontoen utanlandsk tekst, gjorde eg den om til Kvannsanketid. Denne har i ettertid vorte rett så populær, og har vorte nytta mykje. Etter den tid har eg ved ulike høve omsett songtekstar til meir og mindre hugnadsbruk internt i koret. Noko av dette har vore omsetjing av britiske tradisjonssongar som var ferdig arrangerte for blanda kor, der det berre var teksten som skurra for nokre. Til ulike festlege høve har me og nytta ulikt omsett (stort sett frå engelsk) til allsong. Eg kan forresten skryta av at eg i 1992 omsette ein russisk song (Moskvanetter), men lyt vel vedgå at sjølv om songen var russisk, var han nok alt omsett til svensk. Eg har altså omsett ein russisk song utan å kunna eit ord russisk - det er vel ikkje verst! Me nytta den i repertoaret til 5-årsjubileet. Den nederlandske julesongen hadde Elisabeth Croles med seg i haust, og lurte på om eg kunne omsetja. Ho skreiv ein nokolunde fri ord for ord -versjon som eg jobba vidare med etter ein del opplysningar om sjanger og det som elles høyrde til. Her hadde eg ein del fridom i høve til at me i Noreg ikkje er så bundne til tradisjonar som England/Nederland og ein del andre land der nede med omsyn sjangeren Christmas Carols. Vanskane med denne songen spesielt, var å få nok meining inn i dei stuttaste linene. Det viktigaste ved å gje seg i kast med omsetjing av songar, er at du må ha lyst. Dette er iallfall ein føresetnad for meg. Eit viktig omgrep er og dette med opphavsrett. Gjer du noko slikt berre for deg sjølv, står ingen hinder i vegen, men skal eit resultat sleppast laust, lyt ein ha fått tillating både frå teksteigar og toneeigar. Eg har til no halde meg til tradisjonsstoff, og så vidt eg veit er slikt folkeeige. Så lenge ein kjenner med seg sjølv at ein ikkje mishandlar teksten, trur eg at ein står ganske fritt. Så er det det med kva slag song du har med å gjera. Er det ei vise, ein salme, er det for vaksne eller born, er det høgtidsamt eller gjort i skjemt? Dette har mykje å seia for kva for ordval ein nyttar, og kva stil ein vel. Det kan vera ei utfordring å få eit resultat som er i same ånd som utgangspunktet har. Alle skjønar at det ikkje går med direkte omsetjing ord for ord; då kjem ein i beita med at det ikkje lenger vert songbart (talet på stavingar går ikkje lenger opp i høve til dei opphavelege verselinene). Altså lyt ein heile vegen ha med seg korleis teksten kan passast til kvar verseline, og at lina framleis har meining. Det er ikkje alltid originalen er så strengt bygd opp at kvart vers har same tal stavingar i same line. Då er vanlegvis dette løyst ved at ein til dømes deler opp ein firedelsnote til to åttedelsnotar for å få plass til ei ekstra staving. Manglar det ei staving, kan ein av og til slå saman to firedelsnotar til ein halvnote til dømes. Skal ein ta seg denne fridomen, tykkjer eg det er viktig at ein ikkje gjer det utan at slikt er gjort i originalen og. Orda ein vel må og plasserast slik at både trykklette og trykktunge stavingar hamnar på rett stad i verselina. For å få dette til, er det mest ein føresetnad at du kjenner tonen, og deretter testar det heile ut line for line etter som du skrir fram. Så lyt ein få med seg om det vert nytta rim i originalen. Mest aktuelt er i så fall enderim, men i eldre tekstar finst og meir avanserte former (innrim, bokstavrim, og kan henda kombinasjonar). Formene i parentesen har eg inga røynsle med, så dette kan eg ikkje seia meir om. Må du nytta enderim, set dette avgrensingar i dette med å få til både rim, meining og samanheng slik at resultatet vert både attkjennande, forståeleg og framleis i same ånd som originalteksten. Til slutt kan ein vel seia at ein omsetjingsprosess kan leggjast i ulike nivå: Enklast: Rein omsetjing - det å omsetja teksten strengt ord for ord utan å ta omsyn til rim, rytme og anna. Neste steg: Omskriving - det å få til (meir og mindre) rim, rytme og meining i det omsette produktet. Mest avansert: Attdikting - det å få til alt i steget over, men med slik skjønsemd og så kjenslevart at ein skjønar vil nytta ordet kunst om produktet. Eg trur nok at det vil vera lurt å vera varsam med å meina å jobba på nivå tre. Me vanlege kan vera godt nøgde dersom me kan operera akseptabelt på nivå to.

USKEDALSPOSTEN Side 32 Ver no hjartans fagna (Gamal nederlandsk song frå sekstenhundretalet) Omsett og attdikta av Svein Rimestad Ver no hjartans fagna, Herre, Jesus kjær. Du kom frå fjerne høge; med eitt var nær. Kom, ver hjartans fagna frå dei høge himlar ned. Du på jorderiket er sakna sidan det. Hyrdingar på marka englar songen bar Om Jesus som var komen, så nytt det var: Gå til denne staden, for der finn de Han for visst Betlehem er byen, no har det hendt til sist. Vismenn kom frå Austen, reisa den var hard. Dei søkte fromt vår Frelsar og offer bar. Myrra, gull og røykjelse dei baud til barnet søtt. Æra vera Jesus som allheim rår så støtt.