Folkemusikkarkivet i Telemark



Like dokumenter
ÅRSMELDING Innleiing. 2. Innsamling

ÅRSMELDING Innleiing. 2. Innsamling

Folkemusikkarkivet i Telemark

SØKNAD OM STØTTE TIL DIGITALISERING VED FOLKEMUSIKKARKIVET I BUSKERUD

Kari Lønnestad har vore tilsett i 50% stilling til , frå i 100% stilling.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Forslag frå fylkesrådmannen

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

august 2013 NESETDAGANE.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

8. Museum og samlingar

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Representantskapet Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Tilgangskontroll i arbeidslivet

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Lokal- og næringshistorie. Formidling, bevaring og sikring av eit fotografarkiv. Materiale: Foto, i hovudsak originalnegativ i svart/kvitt og farge.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Lønnsundersøkinga for 2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Informasjon til pasientar og pårørande

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Stemnehandboka for NKSF

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Bitraf Resultatregnskap0per

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

DIGITALISERING AV ARKIV. Kontaktkonferansen 2015 IKA Møre og Romsdal IKS Molde 28. mai 2015

Forstudie Næringshage i Vinje

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Styret har vore samansett slik i 2012 :

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Barnehageplan for Vinje kommune

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

BØ KAPPLEIK PÅ SANDVIN 05. NOVEMBER Resultatliste Spel hardingfele klasse A. Resultatliste Spel hardingfele klasse B

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Møtebok for Høgskulestyret

Transkript:

Folkemusikkarkivet i Telemark Årsmelding 2006 Handlingsplan Rekneskap Budsjett

ÅRSMELDING 2006 1. Innleiing Folkemusikkarkivet i Telemark har fast drift ved to avdelingar, i Rauland og i Bø, med arkivar tilsett i halv stilling kvar stad. Telemark kulturnettverk har driftsansvar for arkivet, medan Telemark Fylkeskommune er arbeidsgjevar for arkivarane. Det har tidlegare vore signalisert frå fylket at arbeidsgjevaransvaret kan kome til å bli overført til andre, men det har ikkje kome nye signal om dette i løpet av 2006. Dei tilsette har vore: Herdis Lien, 50% ved avd. Rauland, permisjon fram til 01.09. Kari Lønnestad, 50% ved avd. Bø, i tillegg 35% vikariat ved avd. Rauland frå 01.01. til 01.09. I den same perioden har Kjell Bitustøyl, som deler kontor med arkivet i Rauland, vore engasjert til å yte service til arkivbrukarar der i kontortida si, slik at arkivet har vore tilgjengeleg også utanom den tida arkivaren sjølv har vore til stades. Finansieringa av arkivet er delt mellom fleire partar. Fylkeskommunen løyver midlar til stillingane, og driftskostnadene elles skal vere eit spleiselag mellom kommunar og andre brukarar. I 2006 har tolv kommunar 1 og Høgskulen i Telemark bidratt til dette spleiselaget. Ei viktig hending for arkivet kom på slutten av året då Fylkeskommunen løyvde midlar til å digitalisere samlinga. Dette arbeidet, som er spesielt viktig med tanke på sikring, vil kome i gang i 2007 og blir eit stort løft for arkivet. 2. Innsamling Arkivet driv innsamling ved eigne opptak i felt og innlån og kopiering av materiale. På denne måten har det i 2006 kome inn ca 25 timar lydopptak og 3 timar videoopptak. I tillegg kjem 8 stk fonogram. I blant får arkivet større samlingar av gamle lydband og anna materiale. Også dette året har det vore arbeidd ein del med å få oversikt over og sortere slike opptak. Arkivet arbeider også med å bygge opp ei samling av skriftleg materiale. Avisklipp, artiklar m.m. blir samla kontinuerleg, og ein har kjøpt inn bøker i den grad økonomien har tillete det. (Avd. Rauland har ikkje prioritert dette då ein der har tilgang til høgskulens bibliotek.) Arkivet har hatt følgjande tilvekst i 2006: Feltarbeid Tom, Leiv og Kari, konsert (lyd) Kvedarsamling Seljord (lyd) 1 Dei deltakande kommunane er: Bø, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Notodden, Sauherad, Seljord, Skien, Tinn, Tokke og Vinje. 1

Stein Versto, Vinje, spel (lyd) Minnekonsert for Kristiane Lund, Akkerhaugen (video) Per Åsmund Omholt, Rauland, spel (lyd) Sveinung J. Sønderland, Treungen, song (lyd) Jon Elling Buen Garnås, spel (lyd) Opningskonsert Telemarkfestivalen (lyd) Ingebjørg Harman Bratland og Silje Hegg, konsert TF (lyd) Gjermund Larsen m.fl., bestillingsverk TF (lyd) Norsk-amerikansk spelemannsmøte, konsert TF (lyd) Sean Keane trio, konsert TF (lyd) Einar Øverbø, Åmotsdal, song (lyd) Birgit Landsverk, Rauland, song og spel (lyd) Fått/lånt/kopiert Eivind Groven, Lårdal/Oslo, intervju, lydopptak frå Dag Aanderaa Jørgen Tjønnstaul, Rauland, intervju, lydopptak frå Dag Aanderaa Bjarne Lindskog, Skien, song, lydopptak frå Arbeiderbevegelsens arkiv Olav O., Arnfinn og Trygve O. Vågen, Rauland, spel, lydopptak frå Thomas Vågen Ola Lavrantsen, Treungen, intervju og spel, lydopptak frå Frank E. Lien Olav Flåto, Hovin, 8mm video frå Kjetil Momrak Program om Ottar Kåsa, Rauland, VHS, frå NRK Fonogram Myllarguten, video (VHS). Norsk Film A/S Arven frå Aaste I-III, Aaste Nisi, kveding (3 mc). Buen kulturverkstad 1992. Gåve frå Hauk og Tone Buen Scordatura, Anne Svånaug Haugan (cd). Gåve frå Etnisk Musikklubb Hugen leikar så vide. Middelalderballader i Norge (cd). Gåve frå Norsk Folkemusikksamling Den gærne bøheringen, Torgeir Straand (cd). Gåve frå utøvaren Mitt liv, Olav Haugen (cd) Bøker, periodika Alsvik, Ola (red.): Musikk, identitet og sted. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 2005 (med cd) Dale, Olaus H.: 20 kåserier og historier. Utgitt av Frank E. Lien, gåve frå utgjevaren Dale, Olaus H.: Kåseri og fortelingar. Utgitt av Frank E. Lien, gåve frå utgjevaren Furholt, Ragnhild: Kor er du fødd og kor er du boren. Masteroppgåve i kulturstudiar HiT 2006 Kvedarposten, medlemsblad for Norsk Kvedarforum Kvinten, utgitt av Norsk Folkemusikk- og Danselag Munnharpa, medlemsblad for Norsk Munnharpeforum Nisi, Aaste: Tankar og Tonar. Eige forlag 1989. Gåve frå Hauk og Tone Buen. Spelemannsbladet, utgitt av Landslaget for Spelemenn Årbok for norsk folkemusikk 2006 Anna materiale Avisklipp, artiklar m.m. om folkemusikk Perm m. klipp, samla og gitt av Bjarne Bratås Versto, Stein: Springaren Stordalsnibba, særtrykk av artikkel frå Norsk Folkemusikklags skrift nr. 14, gåve frå forfattaren Visebok etter Hans Aaltvedt, Skien, kopi, frå Evelyn Tveitan Visebøker etter Aslak Aartveit, Porsgrunn, kopi, frå Karl H. Aartveit 2

3. Arkivering Arkivet nyttar databasen FIOL for registrering av opptak. Dette blir nytta av dei fleste folkemusikkarkiva i landet. Vi har lisensavtale med Folkmusikens Hus i Rättvik, Sverige, som har ansvar for oppgradering og vidareutvikling av FIOL. Dette året er programmet oppgradert til ny versjon, ein AV-versjon som er tilrettelegt for kopling til lydfilar. Denne funksjonen vil bli tatt i bruk når opptaka er lagt inn på harddisk. Registrering av materialet har foregått ved avdelinga i Bø. Ved utgangen av 2006 var det registrert 14.908 objekt (postar) i databasen, ei auke på 570 det siste året. Arkivet har også ein enkel database for skriftleg materiale. Avisartiklar utgjer hovudtyngda her. I skriftdatabasen var det ved årsskiftet registrert 4749 postar, ei auke på 399 postar siste år. Lydopptaka finst i dag på DAT-kassettar, dels også på analoge band. Av omsyn til betre tilgjengeleggjering, og ikkje minst sikring for framtida, har det gjennom fleire år vore arbeidd med planar for lagring på harddisk, og finansiering av dette. Vi har nå kome så langt at sjølve digitaliseringsarbeidet kan starte opp. Ei ekstra løyving frå Fylkeskommunen gjer det mogeleg å anskaffe nødvendig utstyr og å få utført arbeidet samstundes som dei andre oppgåvene ved arkivet blir ivaretatt. Dette vil bli eit stort og viktig arbeid for arkivet, som truleg vil gå over eit par år. Avdelinga i Bø har fått ny datamaskin denne hausten, med oppgradert operativsystem som var naudsynt i samband med AV-versjonen av FIOL og digitaliseringsarbeidet. Det har også blitt søkt om midlar frå ABM-utvikling. I den samanhengen vart det arbeidd noko med ei samarbeidsavtale på tvers av institusjonar. 4. Formidling Begge avdelingane tek imot henvendelsar frå publikum som resulterer i service av forskjellig slag - informasjon pr. telefon eller e-post, besøk i arkivet, utkopiering av lyd eller skriftleg materiale m.m. Statistikken for 2006 viser følgjande tal på tenester og besøk: Rauland Bø Sum Forespørslar 16 61 77 Besøk 26 89 115 Utkopiering lyd, stk MC/CD 9 25 34 Utkopiering skrift, stk A4 0 32 32 Forutan å yte tenester til enkeltpersonar som vender seg til arkivet, driv arkivarane også formidlingsverksemd gjennom ulike presentasjonar, utgjevingar, kurs o.l. Dette 3

året har avd. Bø ferdigstilt ei plateutgjeving med kvedaren Olav Haugen. Utgjevinga skjedde i samarbeid med Buen Kulturverkstad, og platesleppet var i Gullbring i Bø 1. september med eit stort pressekorps frå fylket til stades. Plata har blitt godt motteke og vart innkjøpt av Kulturrådet. Ved avd. Rauland har det blitt arbeidd med layout og innhald for nye nettsider. Dette arbeidet er ikkje ferdigstilt. Her er nokre stikkord for formidlingsverksemda dette året: Cd-utgjeving Olav Haugen Orientering for kvedarkurset ved Bø musikkskule Samarbeid med Bø Museum om bruk av arkivopptak under sommarutstillinga Orientering for representantar for folkemusikkarkiv under planlegging i Sverige Kurskveldar med opplæring i langeleikspel «Ope arkiv» med tema: - Olav Haugen, presentasjon av ny cd - Spelemannen Olav Evju, ved Jørund Lie Arbeid med nye nettsider Opplegg for arkivfordjuping for tre studentar, i regi av HiT 5. Fagleg oppdatering, representasjon m.m. Arkivarane deltar kvart år på ymse kurs, seminar og møteverksemd på vegne av arkivet. Dei blir også i blant nytta som fagpersonar i ulike samanhengar. Dette året har begge arkivarane deltatt på eit kurs i bruk av FIOL AV, ved Folkmusikens Hus, Rättvik Elles har Kari vore domar på Vinterkappleiken i Rauland deltatt på årleg seminar for folkemusikkarkiv site i styringsgruppa for folkemusikkprosjektet ved Bø Museum deltatt på seminar i nettverket for musikkmuseum 6. Rekrutteringsarbeid Avd. Bø har hatt ansvar for rekrutteringsarbeid i samarbeid med Telemark Folkemusikklag. Dette arbeidet blir gjort for særskilde rekrutteringsmidlar frå Telemark Fylkeskommune, og skjer altså utanfor den faste stillinga til arkivaren. Arbeidet har vore konsentrert om sommarkurset UngFolk, og har gjennom året hatt eit omfang som tilsvarar omlag 6,5% stilling. Ved utgangen av 2006 blir arbeidet overtatt av andre, og skal ikkje lenger utførast av arkivaren. 4

HANDLINGSPLAN Generelt Avklare framtidig organisering og eigarstruktur Vera pådrivar for å få med dei resterande kommunane Innsamling Auke mengda av innsamla materiale frå delar av fylket som er dårleg dokumentert Drive variert samtidsdokumentasjon Auke mengda av videodokumentasjon Arkivering Arbeide med digitalisering av lydopptaka Drive kontinuerleg registrering av innkome materiale Formidling Utføre tenester for brukarar Få på plass nye og oppdaterte nettsider Vidareføre ope arkiv og opplæring/samspelgruppe i langeleikspel 5

Regnskap 2006 Folkemusikkarkivet i Telemark Driftsregnskap Reknskap 2006 Budsjett 2006 Regnskap 2005 Budsjett 2005 Inntekter: Div. salgsinnt. 4 500 30 000 Off. tilskot 205 000 201 500 179 694 165 000 Andre tilskot 38 500 40 000 10 000 17 000 Refusjonar 1 24 686 3 000 3 612 1 000 Leieinntekter 1 700 3 417 Sum inntekter 269 886 249 000 196 723 183 000 Kostnader Lønnskostnader 58 974 75 000 71 018 64 000 Kostnader lokale 32 411 34 000 33 684 30 000 Inventar / kontorutstyr 18 552 30 000 15 000 CD, dat, foto, video 37 225 35 000 20 749 35 000 Vedlikeh / rep 11 119 5 000 5 000 Div. rekvisita 7 545 5 000 4 259 10 000 Tlf. porto frakt 7 204 12 000 11 733 10 000 Reise / diett / overantting 18 359 41 000 28 869 28 000 Marknadsføring 1 067 4 000 280 4 000 Kontingentar 500 Møte / konferanse-kostnader 3 790 1 094 Tilskot til andre Andre kostnader 25 673 28 000 4 463 54 000 Sum kostnader 222 419 269 000 176 149 255 000 Årsresultat 3 47 467 (20 000) 20 574 (72 000) 1 Ref. ifm CD-produksjon. Prosjektrekneskapen vart overførd Knut Buen. 2 Telemark fylkeskommune 69 000 inkl. 25' til rekruttering Driftstilskot frå kommunane 136 000 3 Akkumulerte midler Folkemusikkarkivet pr. 1/1-07 er på kr. 121.165.

Budsjett 2007 Folkemusikkarkivet i Telemark Budsjett 2007 Regn 2006 Inntekter: Off. tilskot 1 362 500 205 000 Andre tilskot 2 16 500 38 500 Refusjonar 5 000 24 686 Leieinntekter 1 700 Sum inntekter 384 000 269 886 Kostnader Lønnskostnader 235 000 58 974 Kostnader lokale 35 000 32 411 Inventar / kontorutstyr 20 000 18 552 Lydband / kassettar 35 000 37 225 Vedlikeh / rep 5 000 11 119 Div. rekvisita 13 000 7 545 Tlf. porto frakt 7 000 7 204 Reise / diett / overnatting 25 000 18 359 Marknadsføring 5 000 1 067 Kontingentar 500 Møte / konferanse-kostnader Tilskot til andre 3 790 Andre kostnader 4 000 25 673 Sum kostnader 384 000 222 419 Resultat 0 47 467 1 Inkl. Digitaliseringsmidler fra TeFyKo (200' i 2006, 200' i 2007) Telemark fylkeskommune (rekrutteringsarbeid ): 25' Skien (16,5'), Notodden (11'), Bø (16,5'), Sauherad (11'), Tinn (16,5') Hjartdal (11'), Seljord (11'), Kviteseid (5,5'), Nissedal (5,5'), Fyresdal (5,5'), Tokke (11,5'), Vinje (16,5')