Julekorthefte 2013. Epiphany Bøker www.bok.epiphany.no www.kaldkaffisauen.no

Like dokumenter
Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

OK, seier Hilde og låser.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Snø, kakao og kakesau

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Brannsår, rus eller friheit?

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

mmm...med SMAK på timeplanen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Brødsbrytelsen - Nattverden

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Rom ved havet, rom i byen

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

FANTASTISK FORTELJING

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Alt det lyse og alt det mørke

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kom skal vi klippe sauen

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Mamma er et annet sted

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

I N N H O L D. Forord

Tor Arve Røssland. Oslo

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink.

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kva er økologisk matproduksjon?


Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Valdres vidaregåande skule

Med tre spesialitetar i kofferten

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

6. trinn. Veke 24 Navn:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Hei alle sjøstjerneforeldre

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur


mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Transkript:

Ein juledraum

Julekorthefte 2013 Dette er tredje året med julehefte. Og som tidlegare er dette laga seint på sommaren og tidleg på hausten. Eg er blitt fortalt at mange juleplater òg vert laga då. I år var det ikkje lett å skriva julehistorie på sommaren. Det sat langt inne. Så eg tydde til julemusikk, kakao og rødbrus for å få rette stemninga. Også i sommar har familien måtta tola mine rare vanar. Men rett skal vera rett. Juleheftet har gitt meg ein grunn til å feira jul på sommaren. Også som liten hadde eg juleførebuingar frå slutten av sommaren. Eg trur mor mi og far min den gongen sukka oppgitt. Kanskje gjer dei det framleis, ristar litt oppgitt på hovudet? Men her kjem igjen ei lita julehelsing frå meg, Kald Kaffi Sauen og våre venner. Frå oss til dykk med ønske om ei god jul! Ein juledraum ISBN 978-82-93330-01-1 Tekst og teikningar på ein Jule draum av Vidar Bratlund- Mæland, Nissen på låven teiknar Bjørn T. Bøe Trykk: John Grieg AS, Bergen 2013 Epiphany Bøker www.bok.epiphany.no www.kaldkaffisauen.no

Det er seint julekvelden. Det har vore ein fin dag i det vesle huset i skogbrynet. Julemiddagen er unnagjort, pakkane er opna, og om ikkje lenge kjem det kaffi og kaker på bordet.

I sofaen sit ungane og ser på ein film. Mamma, mormor og morfar snakkar om mykje og mangt. Pappa har reist seg. Det er tida no, for julekaffi og sigar på trammen. Ute laver snøen ned. Det er ei slik jul i år, ei kvit ei.

Pappa sit der og nyt. Han ser utover der noko kvitt dekker utsikta litt for litt. Det er snøen som dansar rundt i store virvlar. Pappa ser opp. Han tørkar snøen frå augo. Noko lyser der borte. Han går for å sjå. Det knirkar i snøen, og han ser noko røra på seg så lett oppå bakken. Eine augneblinken er det der, den neste er det vekke for så å dukka opp att. Pappa går vidare. Så står dei der, auga mot auga.

Ho som står framfor han er blåkvit, lita og nesten flygande. Pappa er stor og tjukk, og kledd i raud nissejakke, lue og strikkegenser. Hei, seier pappa utan å vita heilt korleis å respondera. Hei på deg og, seier ho.

Er du ein smurf? spør pappa truskuldig. Nei, ler ho hjarteleg. -Nei. Det er eg ikkje. Ho sprett inn under dei snødekte trea. Pappa vassar etter. Eg er vel ein slags snøfe, eg, seier ho. Åå..., pappa trur ikkje heilt på ho. Kva gjer du her no, spør han. Han blir litt svimmel av all hoppinga hennar, eller kanskje kjem det av julesigaren i stad?

Det er min tur i år, seier ho. Kva då? spør pappa. Å laga julefest i skogen, ler ho. Har du ikkje høyrt om det? Er det ikkje difor du er her? Ho ser leande på han. Pappa snublar og baksar seg opp i snøen. Skulle tatt på meg sko og ikkje tøflar, mumlar han. Ho hoppar glad vidare, og vinkar på han.

Kor skal me? spør han. Inn i skogen sjølvsagt, ler ho. Framfor dei opnar det seg mellom trea. Mange silhuettar rører på seg omkring. Nokre er lange og tynne. Nokre er små og kompakte. Nokre berre flyg rundt og andre drar på tunge ting. Kven er alle desse? spør pappa. Nokre kjente, nokre ein ikkje har sett før og andre som er der heile tida, ler ho.

Pappa trer inn i lysninga. Han tenker at det er rart at det er så lyst her no som det er så sein kveld. Fint, ikkje sant? Me får låna julestjerna nokre timar til å lysa opp. Ho vinkar til nokon. Ein stor, tjukk kar kjem mot dei. Dukkar du opp i år òg? seier ei venleg stemme. Trudde eg slapp unna deg i år eg, pappa! Mannen ler rungande.

Nissen? seier pappa spørjande. Ja, akkurat, ler han. Du klarer ikkje å halda deg unna ein fest, gjer du vel pappa? seier han. Men, men. Pappa gispar. Kom og hels på nokre av dei andre som er her. Kald Kaffi Sauen kjenner du jo, men husnissen her trur eg ikkje du har møtt. Pappa nikkar til han. Han bur mest i uthuset dykkar no, seier nissen. Og her er nokre vinterfear, og her er huldra. Ho er litt kald no. Ho plar å sova om vinteren.

Pappa går runden og tar alle i handa. Den vesle blå feen hoppar rundt og pyntar. Ho gir skogsnissen ein puff i sida så han skal vakna. Nissen finn fram ein krakk til pappa. Lysten på ein varm kopp te, pappa? spør han. Pappa nikkar. Rundt han berre stig stemninga. Den vesle blå feen har starta å dela ut julekaker. Musene samlar seg rundt ein stor kjeks. Ekorna syng julesangar i ein haug av nøtter. Nissen lener seg mot ei rot og finn fram ein kopp. Den blå feen er starta på runden med julegløgg.

Både husnissen og skogsnissen finn fram ein trekopp. Ekorna har tomme nøtteskal klare. Alvane har vakre krus som eitt etter eitt blir fylt opp med gløgg. Skogen glitrar av julemagi. Pappa har drukke opp teen sin, og han får litt gløgg i koppen sin og. Då manglar me berre mandelblanding med rosiner, seier nissen.

Den vesle blå feen sprett bort til ei korg. Ho stoggar og romsterer. Det er tomt... Eg veit eg hadde det her, seier ho. Ho leitar litt til. -Nei, her er ingen ting. Nissen reiser seg. Det var trist. Nissen ser ned i koppen. Det vintertrøytte piggsvinet med kristtorn på ryggen kryp fram. Eg er veldig lei meg, eg var berre litt småsvolten, stotrar han fram. Eit svakt sukk stig opp mot trekrunene. Pappa reiser seg.

Veit de? seier pappa. -Eg kan ikkje mykje magi, men eg har eit lite triks i ermet. Dei snur seg mot han. Det året eg var nisseassistent, byrjar han. Du skal ikkje fortelja den historia att vel? spør nissen. Nei. Pappa smiler. Men det året fekk eg meg ein liten sekk. Nærast ein pose. Han fomlar inne i nissejakka. Den er god å ha når det er noko ein treng.

Posen blenkjer i stjernelyset. Han trekk hakka mandlar og rosiner ut av posen. Og blandinga blir sendt rundt. -Du har ikkje noko anna og? spør ei lita stemme. Jau, det må me klara, seier pappa. Sukkerstenger ville vore godt, seier stemma att. Eg er så lei mandlar og rosiner. Piggsvinet kryp fram til pappa og får det han ønskjer seg.

Mamma kjem ut på trammen og ser etter pappa. Kjem du? Kaffi og kaker er på bordet, ropar ho. Pappa kjem ut av snøen. Har du vore ute på tur i snøen med berre tøflar? Mamma ser litt oppgitt på pappa. Berre ein liten tur, smiler pappa. I dette vêret? Mamma ristar på hovudet. Pappa ler. Eg må jo få med meg jula. Mamma sukkar lattermildt og dei går inn. Pappa ser seg attende. God jul alle saman! kviskrar han. God jul.

Det var framleis lille julaftan. Vi låg i sengene våre og snakka om det farfar hadde fortalt oss. Vi trudde ikkje på han, til å byrja med. På nissen. Men no var me ikkje heilt sikre lenger. Det var då eg var litt yngre enn dykk, hadde farfar sagt. Det var då eg såg han. Nissen. Vi lo hånleg. Ja, særleg, sa Olemann. Det finst ikkje nissar. Eller troll, eller vetter, eller spøkjelserar, sa Veslesyster. Farfar såg overraska ut. Kva seier de? Er det sant? Ikkje tull, farfar, sa eg. Vi veit at det berre er eventyr, og vi veit at du berre tullar. Hmmm farfar såg tankefullt på kvar og ein av oss. Då veit eg sanneleg ikkje kva det var eg såg. Kva meiner du, farfar? spurde eg. Den gongen, då eg var gut. Det var her på garden, då det var oldefar som dreiv han, og vi budde her. Det snødde tett, minnest eg, og eg og brørne mine måtte titt ut å måka ein sti frå tunet og ut til uthusa. Vi likte best å sitja attmed kaminen og lesa avisstriper frå vedkorga, og tykte det var traurig å trå i støvlane for å vassa ut i snøen, særleg etter at det var blitt mørkt. Eg skjøna ikkje kvifor brørne mine dreiv og melde seg friviljug før det var kveld, og storebror min sa, no er det din tur. Eg såg ut glaset, på dei store, våte flaka som lava ned, og bak dei, den mørke natta. Eg var vanlegvis ikkje mørkredd, men

bror min sa, Berre hugs på å ikkje måka for nært låven. Kvifor det? spurde eg. For nissen likar ikkje å bli forstyrra på kvelden før jul, sa han. Dei andre brørne mine såg på kvarandre og gliste. Eg svelgde. Mor skjende på meg fordi eg somla, og brått fann eg meg sjølv på trammen med spaden i neven. Det var hardt arbeid, og eg kjende sveitten sila, så eg stoppa opp. Då såg eg at eg stod like ved låvebrua. Eg hadde jobba så hardt at eg ikkje la merke til at eg hadde måka heilt fram til låven. Eg såg meg rundt, og syntest det vart kaldare. Ikkje ein lyd kunne eg høyra forutan små knirk frå snøflaka som trefte bakken. Ikkje ein ting kunne eg sjå forutan tunet og dei fremste trea i skogkanten som var synlege i det dunkle ljoset frå huset. Eg såg mot låvedøra att, og såg at ho var open. Det var uvanleg far ville ha blitt rasande om nokon hadde late låvedøra stå open. Først så tenkte eg at det var brørne mine som hadde vore ute for å spela meg eit puss, men det var ingen spor i snøen over låvebrua. Eg tenkte på kva far ville seia, og våga meg opp på brua. Snøen knirka, og stila var nesten trykkjande, minnest eg. Eg tok eitt skritt om gongen, og løfta handa mot døra for å dra ho til. Då høyrde eg det. Ei rasling som braut

tystnaden. Eg skvatt til, og dulta borti døra så ho glei att med ein tørr dunk. Før eg visste ordet av det stod eg på trammen til huset med hjarta i halsen. Eg rista på hovudet, og lo litt av meg sjølv, men eg merkte at det var halvhjerta. Då eg snudde meg for å gå inn innsåg eg at eg hadde mista spaden på låvebrua. Då kan de tru eg kjende det i magen! Men eg kunne ikkje gå inn og la spaden snø ned, og eg kunne ikkje gå inn og seia at eg hadde blitt skremd. Då ville alle le av meg. Så eg tok fjøslykta ned frå veggen, stålsette meg, og tok fatt på den lange vegen mot låvebrua. Men farfar, det er ikkje langt bort til låven, sa Veslesyster med store augo. Nei, det er det ikkje, men eg kan lova deg at det kjendest langt ut den kvelden, svara farfar. No, eg kom fram til låvebrua til slutt, og måtte rota i snøen før eg fann spaden att. Men då eg skulle snu såg eg at låvedøra var open att. Det må vera katten som er der inne, tenkte eg. Då høyrde eg rasling att. Pus-pus? ropte eg forsiktig, men raslinga heldt fram. Eg tok gode grep rundt lykta og spaden, og lirka opp døra med foten. Pusen? lokka eg, og raslinga stoppa i det lyset frå fjøslykta kraup innover rommet og fanga ein skapnad på golvet. Var det pus? avbraut Veslesyster engsteleg. Hysj! sa eg. Det var ei rotte, trur eg, sa Olemann, men han såg ikkje ut som om han var så høg i hatten han heller. Hysj! sa eg. Farfar nølte. Kven veit kva det var? sa han omsider.

Eg hadde i alle fall aldri sett noko slikt før. Men korleis såg det ut? ropte eg. Tja, sanneleg om eg veit om eg hugsar det lenger sa farfar, og vart møtt med eit hylekor. Javel, javel, lo farfar. Ro dykk ned, så skal me sjå. Vi roa oss ned, og farfar venta til vi var godt under dynene att. Ljoset kraup innover på låven, og der såg eg han Nissen. Det finst ikkje nissar! ropte Olemann. Hysj! ropte eg. Farfar brydde seg ikkje. Han var liten, litt større enn katten, med gråbrunt hår over heile kroppen, eit andlet som ein liten, gammal mann, med store øyre og og ei lang nase, og eit langt, buskete, grått skjegg. To krokete hender heldt ein tom bolle. Den vesle munnen var open, og små, kvasse tenner gliste mot meg. To små, runde perleauge glante olmt på meg. Brått freste han til meg, ein grufull, illsint låt, og eg la på sprang. Spaden sleppte eg, og lykta fór i ei snøfonn. Eg stoppa ikkje før eg var djupt begravd i mor sitt forkle. Brørne mine lo. Men far lo ikkje. Eg hugsar at han reiste seg frå stolen, la pipa på kaminen, og gjekk ut på kjøkenet. Eg høyrde kjøkkendøra gå. Kvar gjekk far? spurde eg mor. Han gjekk på låven, svara mor. For å henta spaden? spurde eg. Nei, sa mor. Han sette ut graut til nissen. Då stoppa brørne mine å le. Og difor, sa farfar, sette vi ut graut på låven i kveld, og difor fekk de ikkje vera med ut dit. Så reiste han seg, sa god natt, og gjekk frå rommet før vi fekk summa oss. Olemann snakka først. Det må ha gått ein time. Eg har sett nissen, sa han avmålt.

Eg òg, sa Veslesyster frå under dyna si. Berre augo kikka fram. Eg sa ingenting på ei stund, berre låg stille og tenkte på det farfar hadde fortalt. Så byrja vi å snakke om det. Olemann og eg var heilt vakne, men Veslesyster sovna etter ei lita stund. Vi høyrde farmor og farfar gå, og vi høyrde mor og far gå til sengs. Det var seint. Om det var sant, sa Olemann, om nissen finst, finst det spøkelse òg? Eg veit ikkje, svara eg. Eg tenkte ikkje på spøkelse. Eg tenkte på noko heilt anna. Du, sa eg. Om fjøsnissar finst, trur du at Og med det same høyrde vi noko som landa på taket. Av Bjørn Terje Bøe Det Svarte Faar av Wilfred Tveit

Julekorthefte 2013 er laga i samarbeid med: Osøyro Libris, Os mållag, Jernia P. M. Sælen, Cold Cat, AMFI Os, Café Flåten og Os kommune

ISBN 978-82-93330-01-1 ISBN 978-82-93330-01-1 9 788293 330011 > Epiphany Bøker www.bok.epiphany.no www.kaldkaffisauen.no