NY BARNESKULE I SUND

Like dokumenter
Elevtalsframskriving

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Skulebruksplan

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

HØYRINGSNOTAT. Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Delrapport 2 Modell 2

SKOGSVÅG SKULE LOKALISERING AV SYMJEHALL

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 41/2019 Kommunestyret PS

FRAMSKRIVING AV FOLKESETNAD OG ELEVTAL ETTER SKULEOMRÅDE. n:\501\33\ \rapport.doc 1

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Folke- og elevtalsprognose

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Høyringsrapport - skulestruktur

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ad Hoc utval - Skuleutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Høyringsdokument. Framlegg til revidert rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ivar-Otto Kristiansen Arkivsak: 2017/2285 Løpenr.: 15798/2018

Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune Strukturdel

VOLDA KOMMUNE Sektor for opplæring og oppvekst

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

ALTERNATIVE SKULESTRUKTURAR I VOSS KOMMUNE RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur. Dato: Revidert: Vedtatt i kommunestyret, den xx.xx.xxxx

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Kommunedelplan for oppvekst

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret Folkemøte Sagvåg

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 8/ Høyring Nedlegging av Fjone skule - Endring av forskrift til krinsgrenser i

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Balestrand kommune Sagatun skule

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Wenche Solheim Arkivsak: 2017/1133 Løpenr.: 7252/2017

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

DATO: SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik og Hans K. Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport - utbyggingsplan for Førde sentralsjukehus

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Oppfølging av skulebruksplanen Sak 78/15 Opplærings- og helseutvalet

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Skyssreglement for grunnskulen i Eid kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Transkript:

1 NY BARNESKULE I SUND ALTERNATIVE LØYSINGAR Rapport nr. I 27.01.2010

2 tg øya dl Revisjon Dato Beskrivelse Utarbeidet Fagkontroll Godkjent Dette dokumentet er utarbeidet av Norconsult AS som del av det oppdraget som fremgår nedenfor. Opphavsretten tilhører Norconsult. Dokumentet må bare benyttes til det formål som oppdragsavtalen beskriver, og må ikke kopieres eller gjøres tilgjengelig på annen måte eller i større utstrekning enn formålet tilsier. Oppdragsgiver Sund kommune Sak Ny barneskule i Sund - Alternative løysingar Rapport nr. I Oppdragsnummer Dokumentnummer Revisjon 5014157 01

3 INNHALD...3 Føreord...4 SAMANDRAG....5 1 GRUNNLAGET.8 1.1 Oppdraget - Ny barneskule 1.2 Strukturrapporten 2006 - hit eit steg dit eit steg 1.3 Opplæringslova og skulestruktur 1.4 Forskrift om Miljøretta helsevern 1.5 Kunnskapsløftet 2 EKSISTERANDE SKULAR, SKULESTRUKTUR OG ELEVKAPASITET..12 2.1 Skulekapasitet på barnesteget 3 ELEVFRAMSKRIVINGAR 14 3.1 Barnetal (0-5 år) 3.2 Barnesteget (6-12 år) 3.3 Framskriving for den einskilde barneskule 3.4 Framskriving av ungdomssteget 4 SENTRALE PRINSIPP FOR UTFORMING AV NYE BARNESKULAR I SUND 5 FUNKSJONS- OG AREALPROGRAM FOR BARNESKULAR....23 5.1 Tilrådde funksjonar i eit arealprogram 5.2 Framlegg til rettleiande arealprogram for framtidige barneskular 6 BARNESKULESTRUKTUR FOR FRAMTIDA. 29 6.1 Sentrale vurderingsmoment - ny skulestruktur 6.2 Ny barneskule i Sund - Alternative utbyggingsløysingar med kostnadsoverslag 6.3 Økonomiske føresetnader 7 TILRÅDING.....42 7.1 Tilrådd hovudløysing 7.2 Tilrådd alternativ løysing

4 SAMANDRAG Oppdraget Norconsult er engasjert av Sund kommune for å vurdere kapasitetssituasjonen på barnesteget generelt og for ei vurdering av elev- og skulekapasiteten ved Stranda og Skogsvåg skular spesielt. Vurderingane skal tilrå langsiktige struktur- og utbyggingsløysingar som sikrar nok framtidig skuleareal til elevane på barnesteget. Vurderingane er oppsummert i 3 hovudrapportar. Denne rapporten (nr.1) vurderer kommunen sin samla kapasitetssituasjon for heile barnesteget. Bygging av ny skule med plass til 350 elevar vil innebere ei justering og endring av eksisterande krinsgrenser. Norconsult tek utgangspunkt i at auka skulekapasitet - både kan realiserast som frittståande skulebygg og som utviding av eksisterande skular. Ny frittståande barneskule med plass til 350 elevar er synt som mogeleg løysing for Pollen skule (inkl Telavåg og Glesnes) og Skogsvåg skule (inkl. Pollen) i rapporten. Auke i elevtalet (barnesteget) Inneverande skuleår (2009/10) markerer starten på ein stor elevvokster på barnesteget i Sund. Nye framskrivingar tilseier ein progressiv elevtalsauke på barnesteget med om lag 160 nye elevar fram til 2025. Brorparten av denne veksten vil komma i løpet av dei neste 6-7 åra. Heile denne veksten fordeler seg i inntaksområda til Stranda, Pollen og Skogsvåg skular. Stranda og Pollen skular vil vekse monaleg i elevtalet framover mot skuleåret 2015/16 og 2016/17. Ved Skogsvåg skule vil elevtalsauken slå inn noko seinare - det er først i skuleåret 16/2017 at kommunen kan rekne med vekst i elevtalet her. Den samla barneskulekapasiteten bør på lang sikt - bør dimensjonerast for nær 750 elevar. For Stranda skule og Pollen skule vil den totale elevtalsauken fram mot 2015/16 utgjøre ei dobling av elevtalet - samanlikna med førre skuleår (2008/09). Eksisterande skular og skulekapasitet Det er stor skilnad i dei skulane som har det trongt og dei skulane som disponerer mykje areal pr elev i sundskulen. Skogsvåg skule har mykje ledig skulekapasitet og går på mange måtar for halv maskin i dag. Dette er og kommunen sin nyaste og mest moderne skulebygning. Stranda skule er den skulen i Sund som har minst netto læringsareal pr elev tilgjengeleg. Stranda skule er den einaste skulen i Sund som driv over sin tilrådde (Norconsult) elevkapasitet idag. Med forventa elevtalsauke ved skulen - vil denne situasjonen også forverre seg i framtida. Det er og trongt om plassen ved Glesnes og Pollen skular. Pollen skule vert av Norconsult vurdert som ein lite føremålstenleg og framtidsretta skulebygning. Norconsult tilrår Sund kommune om å enten byggja nytt i Pollen krins eller overføra elevane til Skogsvåg skule. I inneverande skuleår (09/2010) er 70% av elevtalet ved Pollen skule frå Hammersland. Dette er ei vurdering i tråd med tilrådingane i Strukturrapporten frå 2006. Det er mogeleg at gymnastikksalen kan vidareførast i eit framtidig anlegg. Norconsult har vurdert den samla elevkapasiteten - skule for skule. Ingen skular bør ha eit netto læringsareal under 6 kvm pr elev. Vurderingane tek utgangspunkt i brutto bygningsareal ( eks gymnastikk) pr elev og netto læringsareal pr elev. Skuleareala bør på lang sikt tilpassast arealnormen i tilrådde arealprogram i kapittel 4. Det er kun Stranda skule i inneverande skuleår (09/2010) som har fleire elevar enn tilrådd elevgrense. I neste skuleår (10/2011) vil også Pollen skule gå over sin tilrådde elevkapasitet.

5 Arealprogram I denne rapporten har Norconsult utarbeidd eit døme på eit rettleiande arealprogram - tilpassa dei alternative utbyggingsløysingane og behova for ulike skulestorleikar på barnesteget. Programmet kan nyttast som eit grunnlag i framtidige skuleutbyggingar og skuleombyggingar. Arealprogrammet er tilrettelagd for at nye skulebygningar kan drivast som heildagsskular. Dei fleste skulane i Sund stettar ikkje denne arealnormen i dag. Det betyr sjølvsagt ikkje at desse skulane må få auka areal, men at dei skulane som i framtida vert prioriterte med eit byggeprosjekt - får eit areal tilpassa normen. I rapporten er det samstundes synt til sentrale prinsipp for korleis nye skulebygg bør utformast. Sund kommune vurderer ei føreståande utbygging på barnesteget og difor er dette framheva i rapporten. Skolestruktur Kommunestyret ynskjer alternative løysingar på korleis kommunen kan realisere bygging av ny skule med plass til 350 elevar. Dersom dette skal realiserast som nytt skulebygg, vil det innebera strukturelle endringar på barnesteget. Norconsult har vurdert mogelege alternative utbyggingsløysingar - synt som nybygg og utviding av skulekapasitet i eksisterande skulebygg - og som kombinasjon mellom nybygg og utbygging. Dersom ei framtidig kapasitetsutbygging munnar ut i endra skulestruktur på barnesteget, syner rapporten til sentrale moment som kommunen bør vurdere i samband med nedlegging av skular. Alternative struktur- og utbyggingsløysingar er vurdert slik i kapittel 5. Sentrale kapasitetsutfordringar - Barnesteget På barnesteget i Sund er det særleg tre sentrale problemstilingar som kommunen bør søke å få løyst i ei eventuell framtidig skuleutbygging. sikre nok skulekapasitet ved Stranda skule utnytte ledig kapasitet ved Skogsvåg skule avvikle skuledrift i eksisterande skulebygning ved Pollen skule vidareføre tenlege skulebygningar og skulekapasitet Stranda skulekrins er inne i ein periode med sterk elevvokster. Dette skuldast stor bustadbygging kombinert med høg andel barn i grunnskulealder i krinsen. Prognosane til

6 Norconsult er justert opp med tanke på faktorane ovanfor - og venteleg vi elevtalet ved Stranda skule stabilisere seg rundt 170-180 elevar. Behova til Stranda skule er vurdert i rapport nr II. Vidare bør kommunen søkje løysingar som optimaliserer kommunen sin nyaste og best tilrettelagde skulebygning - Skogsvåg skule. Denne skulen fortener fleire elevar, lærarar og føresette. Elevane frå Hammersland bør overførast til Skogsvåg. Dette er og i tråd med konklusjonane frå kommunen sin eigen strukturgjennomgang. Det er etablert gang- og sykkelveg frå Hammersland til Skogsvåg skule. Pollen skule vert vurdert som ein lite tilrettelagd bygning for pedagogisk verksemd og er kommunen sin minst tenlege skulebygning. Det er lite gruppe- og spesialrom - noko som reduserer skulen sine høve for å driva tilpassa og tilrettelagd undervisning. Dei indre bygningsstrukturane er lite fleksible for ombygging. Det er elles liten variasjon i storleiken på klasseromma. Det er behova til Stranda skule som bør prioriterast først av kommunen. Norconsult tilrår at løysingane ved denne skulen har eit langsiktig perspektiv. Tilråding Norconsult tilrår alternativ II i rapporten - ei løysing som inneberer drift ved 5 barneskular i Sund. Alternativet inneberer nedlegging av Tofterøy og Pollen skular. Tofterøy skule vert lagt til Stranda skulekrins, medan Pollen skule vert overført til Skogsvåg skule. Når Norconsult ikkje tilrår blant dei mest sentraliserte strukturalternativa, skuldast dette i hovudsak omsynet til investeringskostnadane og driftskonsekvensane av desse - framfor dei reine faglege og pedagogiske vurderingane. Alternativ II inneberer skuleutbyggingar ved Stranda skule - dimensjonert for 250 elevar. Vidare må Skogsvåg skule utvidast til å kunne ta imot heile elevtalet ved Pollen skule. Denne skulen bør dimensjonerast for 350 elevar. Norconsult vurderer at eksisterande skuletomt på Skogsvåg kan tola denne utbygginga. Denne løysinga bør føre til at krevja at det vert gjort tiltak for å gjere nytt uteområde for skulen tilgjengeleg - sørover i utmarka, samt at elevane kan nytta eksisterande kunstgrasbane. Ei utbygging og utviding av Skogsvåg skule er tilpassa kommunen sine overordna arealstrategiar i høve Skogsskiftet og Skogsvåg som eit region- og kommunesenter. Stegvis utbygging. Det er kapasitetsbehova ved Stranda skule som på kort sikt bør prioriterast. Her vert elevtalet over 150 elevar allereie neste skuleår. Norconsult tilrår tiltak som er langsiktige utbyggingsløysingar ved denne skulen. Ved Skogsvåg skule kan kommunen i ein overgangsperiode overføra elevane frå Hammersland og litt utover i framskrivingsperioden starta utbygging av skulen til 350 elevar. Dersom alle elevane frå Tellnes skule (Fjell) skal overførast til Skogsvåg skule - må skulen dimensjonerast for minimum 400 elevar - alternativt 450 elevar. Eksisterande skuletomt vil vera for liten til ei slik omfattande utbygging. Dersom elevane frå Tellnes skule skal overførast til Skogsvåg skule - med ei utbygging på eksisterande skuletomt - bør ikkje heile Pollen skule overførast til Skogsvåg skule. Ut frå reine faglege vurderingar vil det sentraliserte alternativet (IV) i Strukturrapporten frå 2006 - også vera ei framtidsretta og tenleg strukturløysing. Dette er samstundes eit alternativ som erstattar store deler av eksisterande skulekapasitet. Ny skulekapasitet krev store investeringar og dette alternativet vil vere krevjande i høve økonomiske innpassingar i kommunen sine økonomiplanar. Alternativet krev nedlegging av Sund, Tofterøy, Glesnes og Telavåg skular.

7 Samstundes vert skulebygningen ved Pollen skule fasa ut i dette alternativet. Elevar ved 5 av dagens skular må difor få nye skuleareal i denne løysinga. Kostnadar for tilrådd alternativ Utbygginga ved Stranda skule med eller utan gymnastikkanlegg er kalkulert til mellom 55-68 mill kroner. Denne kostnaden er avhengig av kva løysing kommunen vel i høve felles volleyballhall (27,5 mill kroner) mellom Stranda skule og Sund ungdomsskule. Ei langsiktig løysing for Skogsvåg skule med utbygging til 350 elevar er kostnadsrekna til om lag 72 mill kroner. Vidare er det lagt inn behov for oppgradering av spesialromma ved Sund ungdomsskule til om lag 19 mill kroner.

8 1. GRUNNLAGET 1.1 Oppdraget - Ny barneskule I samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet hausten 2008 (K sak 133/08), vart det gjort følgjande vedtak ; Kommunestyret vedtek investeringstiltaka og set av midlar til dei større planoppgåvene slik det fremgår av formannskapet sitt framlegg datert 18.11.08 med følgjande tillegg : Det vert starta planlegging av 1. Ny skule med rom for 350 elevar 2. Symjehall knytt opp mot vidaregåande skule 3. Stranda skule - utviding Kommunestyret finansierte og presiserte oppdraget om behova for desse skuleutgreiingane i K-sak 072/09 - Skuleutgreiing - Kjøp av konsulenttenester. På bakgrunn av ovannemnde vedtak vart Norconsult kontakta av administrasjonen. Dei konkrete prosjekta vart utdjupa og presisert i eit eige møte slik ; 1. Vurdere byggjing av ny barneskule med plass til 350 elevar. Utgreiing med alternative løysingar. 2. Kapasitetssituasjonen for Stranda skule og vurderingar av behova for spesialrom ved Stranda skule og Sund ungdomsskule. I desse vurderingane skal sambruk utgreiast. Behova må ta høgde for ei elevtalsutvikling på lang sikt med vurdering av ei mogeleg endring av krinsgrensene til Stranda skule. 3. Skogsvåg skule. Sjå på konsekvensane av endra kapasitetssituasjon som følgje av nye overordna rammer for skulen (td ny skule, elevar frå nabokommunen, tettstadutvikling, mv). Vurdere fysiske tiltak og mogelege utbyggingsløysingar. 4. Lokalisere og vurdere plassering av framtidig ny symjehall (25 m) i etablert skule- og idrettsområde på Skogsvåg. Norconsult utarbeider kostnadskalkyler for aktuelle alternativ i vurderingane knytt til punkt 1-3. Det vert utarbeidd eigne rapportar for kvart einskild punkt ovanfor. Denne rapporten vurderer punkt 1 - i kursiv skrift ovanfor - Vurdere byggjing av ny barneskule med rom for 350 elevar. Utgreiing med alternative løysingar. 1.2 Strukturrapporten 2006 - hit eit steg dit eit steg I 2006 vart det nedsett ei tverrfagleg- og politisk arbeidsgruppe som skulle vurdere fleire sider ved skulestrukturen i Sund. Perspektivet vart i utgangspunktet sett til 20 år, men arbeidsgruppa reduserte denne tidshorisonten til 10 år. Mandatet var omfattande og gruppa skipa fleire folkemøter om problemstillinga. Arbeidet munna ut i rapporten - hit eit steg og dit eit steg - i november 2006. Venteleg avdekka arbeidet ulike syn i grendene og i arbeidsgruppa om kva for skulestruktur som er til det beste for elevane. I saka om skulestruktur skisserte arbeidsgruppa to framtidige likeverdige retningar :

9 1. Desentralisert (som i dag) skulestruktur 2. Sentralisert (10 års perspektiv) skulestruktur Den sentraliserte modellen innebar bygging av ein ny stor barneskule sentralt i kommunen (Spildepollen) og utviding av Stranda skule. Denne løysinga krev ei endring av skule- og inntaksområda - frå 7 til 3 barneskular. Nyeskulen skulle erstatta skulane Glesnes, Pollen og Tælavåg og elevane frå Hammersland vart overført til Skogsvåg skule. Stranda skule vert utvida til kunne ta imot elevar frå Sund og Tofterøy skular. Sund kommune vil med det sentraliserte alternativet stå att med skuledrift i totalt 4 skuleområder - 3 barneskular og 1 ungdomsskule. Rapporten identifiserte og oppsummerte argument for ei vidareføring av eksisterande skulestruktur og argument som tilseier skuledrift i større einingar lokalt. Vidare syner rapporten til mogelege innsparingspotensiale med ein noko strammare skulestruktur. Rapporten vart formelt overlevert frå arbeidsgruppa til politisk mynde i november 2006. Rapporten fekk på mange måtar si direkte politiske oppfølging med budsjettvedtaket i 2008 - som igjen er utgangspunktet for denne rapporten. Dei strukturelle vurderingane i denne rapporten er i hovudsak tufta på konklusjonane i Strukturrapporten frå 2006. 1.3 Opplæringslova og skulestruktur I dette kapittelet er det framheva nokre utvalte føringar i Opplæringslova som vil setja rammer for dei strukturelle vurderingane lokalt. Nærskuleprinsippet - 8-1 Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gje forskrifter om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til. Sund kommune kan på fritt grunnlag endre og justere inntaksområder og skulekrinsgrenser for å optimalisere kommunen sin samla skulekapasitet. Skulestorleik - 9-5 Skuleanlegga Til vanleg bør det ikkje skipast grunnskular med meir enn 450 elevar. Dette er ikkje eit statleg krav, men ei tilråding frå sentrale styresmakter om at elevtalet ikkje bør overstige 450 elevar i grunnskulen. Det er mange skular som har eit større elevtal enn tilrådd skulestorleik i opplæringslova. Sund kommune har ikkje fastsett ei konkret grense for kor liten ein skule kan vera. Strukturrapporten synleggjer både fordeler og ulemper med små og store skular, men Norconsult ser at mange kommunar legg til grunn robuste pedagogiske fag- og elevmiljø, framfor skuledrift i små einingar. I Lindås kommune vert små skular definert som skulestorleikar under 130 elevar. Skular under 50 elevar vert definert som svært små skuleeiningar. Sund ungdomsskule er einaste skule på ungdomssteget med om lag 250 elevar.

10 Skuleskyss - 7-1 Elevar i 2.-10- klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrense to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett på gratis skyss utan omsyn til veglengde Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskuleelevar som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, [ ] Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, [ ] kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskuleelevar. Det er fylkeskommunen som har hovudansvar for organiseringa og finansieringa av skyss for skuleelevar. Det er og sett grenser for kva gangavstand elevar kan ha til offentleg skyssmiddel. Det er gjort slike merknadar til denne lovparagrafen ; Elevar i 1. klasse som har meir enn 1 km gangavstand til offentleg skyssmiddel kan søkje om særskild skyss på denne strekninga. På same måte kan elevar i 2. - 10. klasse som har meir enn 2 km gangavstand til offentleg skyssmiddel søkje om særskild skyss på denne strekninga. Reisetida er presisert i eige rundskriv slik ; Skuleskyssen skal organiserast slik at elevane får ei akseptabel reisetid. I vurderinga vert gangtid, ventetid og tid med transportmiddel sett i samanheng. I tillegg vert eleven sin alder vektlagt. Nedanfor er det synt til anbefalte maksimale reisetider frå heimen til skulestart (ventetid er inkludert). 45 minutt for 1.-4 årssteg 60 minutt for 5.-7 årssteg 75 minutt for 8.-10 årssteg Denne reisetida er rettleiande og gjeld ikkje for elevar som går på annan skule enn nærskulen. Dersom tid på transportmiddelet utgjer hovuddelen av samla reisetid, kan elevane ikkje rekne med å få eit skysstilbod som er innafor dei rettleiande reisetidene. Ved lang reisetid på transportmiddel må eleven likevel rekne med reisetid. (jmf Hordaland fylkeskommune) Organisering av elevar i klassar / grupper - 8-2 I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal ivareta deira behov for sosialt tilhøyr. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk gruppe. klassane, basisgruppene, og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen. Dei gamle klassedelingstala vart teken ut av opplæringslova i 2008. Det er no opp til kommunen sjølv å setja klasse- og delingstal i skuledrifta. Skulebygg - 9a-1 og 9-5 Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjer helse, trivsel og læring. Kommunen skal sørgje for tenlege grunnskular.

11 På mange måtar står kommunane ganske fritt i å definere tenlege skulebygningar. Offentlege bygningar må stette fleire lovverk utover opplæringslova. Plan- og bygningslova, arbeidsmiljølova, brannlova, forskrift om miljøretta helsevern, mv er døme på anna lovverk / forskrifter som skulebygningane må følgja i samband med bygningsmessige godkjenningar og vurderingar. Uteområde I Ot.prp.nr 55 finn ein fylgjande formuleringar : Alle elevar skal aktiviserast, aktiviteten skal vere lystbetont og den skal gje elevane eit høve til å vere fysisk aktiv uansett funksjonsevne. Eit uterom som stimulerer og motiverer til fysisk aktivitet står sentralt. Skuleeigar bør ta omsyn til elevane sine interesser og evner ved utforminga 1.4 Forskrift om Miljøretta helsevern Forskrifta gjeld for barnehagar og skular. Føremålet er å syte for at skulane fremjer helse, trivsel, sosiale og miljømessige forhold i skulebygningane. Forskrifta skal i fyrste rekke vurdere dei miljømessige og fysiske sidene ved skulebygningane ovanfor elevane. For personalet er det arbeidsmiljølova som vurderer forhold knytt til den fysiske arbeidsplassen. 1.5 Kunnskapsløftet Kunnskapsløftet vart innført i skuleåret 2006/07. Reforma førte til ei rad med endringar knytt til innhaldet og organiseringa av grunnskuleopplæringa. Kunnskapsløftet skal syte for å gje elevane tilstrekkeleg med kunnskap og kompetanse til å verte ein aktør og aktiv deltakar i kunnskapssamfunnet. Norsk skule skal utviklast gjennom prinsippa om ein inkluderande fellesskapsskule med same vilkår for samtlege elevar. Einingsskulen skal vere eit overordna mål for norsk skuledrift. Vidare skal elevar med særlege behov få tilbod om tilpassa og tilrettelagd læring. Kunnskapsløftet tek utgangspunkt i 3 hovudelement : Læreplanane vektar grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål Nasjonalt system for kvalitetsvurdering Endringar og tilpassingar i lovverket

12 2 EKSISTERANDE SKULAR, SKULESTRUKTUR OG ELEVKAPASITET I Sund kommune er det skuledrift ved 8 grunnskular - 7 barneskular og 1 ungdomsskule for heile kommunen - med totalt 841 elevar i skuleåret 2009/10. Barnesteget utgjør 589 elevar og ungdomssteget 252 elevar. Det er ikkje etablert privat skule i kommunen, men eit fåtal elevar på ungdomssteget nyttar private skuletilbod i Fjell og Bergen. Sund kommune har valt ein desentralisert skule. Dette har vore eit politisk uttalt mål - for å styrka og vidareutvikla grendene lokalt. Dette skulepolitiske verdi- og strukturvedtaket kom særleg til uttrykk i samband med kommunestyret si handsaming av Kommuneplan 2003-2013 slik : Kommunen skal framleis satsa på ein desentralisert skule- og barnehagestruktur. Der det ligg til rette for det, skal skular og barnehagar samordnast i oppveksttun med felles leiing Den minste skulen i Sund er Tofterøy skule - med under 40 elevar. Alle fådelte skular vert vurderte som små skular dvs skular med eit elevtal under 100 elevar. Ser ein skulestorleikane i Sund etter denne definisjonen, vil brorparten av barneskulane kategoriserast som små skular. Elevane på Tyssøy går på Bjorøy skule (Fjell kommune). Det er kun Sund ungdomsskule som kan kategoriserast som ein middels stor skule.

13 2.1 Skulekapasitet på barnesteget Norconsult har utarbeidd eit oversyn som viser netto læringsareal og brutto bygningsareal (BTA - eks gymnastikkanlegg) pr elev i sundskulen. Netto læringsareal er alle rom som vert nytta av elevane (klasserom, spesialrom, grupperom, garderobar, lager og toalett - men ikkje gymnastikksal, personalareal og gangareal). For å få eit best mogeleg samanlikningsgrunnlag, ser vi på bruttoareal utan gymanlegg. Brutto bygningsareal er alle areal, inklusive veggar, trafikkareal og tekniske rom. Tabellane er sortert etter tal elevar i skuleåret 2009/10 - og seier noko om kor god plass det er i skuleanlegga i dag. Det stor skilnad på dei skulane som har god plass med mykje areal pr. elev og dei skulane som disponerar lite areal pr. elev. Skilnaden i bruttoareal pr. elev og netto læringsareal pr. elev seier noko om utnyttingsgraden av skulebygningen. Telavåg skule har mykje gang- og trafikkareal. Dette gjev eit høgt bruttoareal pr. elev - men gjev ikkje full utteljing i netto læringsareal. Dette gjeld og for Pollen, Sund og Glesnes skular. Skogsvåg skule skil seg ut med både høgt brutto bygningsareal pr elev og netto læringsareal pr. elev. Her er bla mykje av gang- og trafikkareala utnytta til læringsareal. Skulen har ledig kapasitet. Den samla elev- og skulekapasiteten (pr. november 2009) på barnesteget vert vurdert som god i Sund kommune. Med 100% utnytting og fordeling vil det ver plass til opp mot 740 elevar. Ein slik utnyttingsgrad er ikkje praktisk mogeleg å få til i ein skulestruktur om ein ikkje samlar alle elevane på ein skule. Skular som disponerer eit netto læringsareal under 6 kvm pr elev - vert vurdert som lågt. Skular med netto læringsareal over 8 kvm vert vurdert som høgt. Brutto bygningsareal eks kroppsøving for ein skule med 200-300 elevar bør liggje mellom 12-14 kvm pr elev. Små skular bør ha meir areal pr. elev enn store skular. Det er på bakgrunn av brutto bygningsareal pr elev og netto læringsareal pr elev, at Norconsult har vurdert elevkapasiteten ved dei einskilde barneskulane. Vurderingane knytt til elevkapasiteten i skulane ovanfor tek utgangspunkt i eit netto læringsareal på om lag 6 kvm pr elev. Dette gjev om lag 10 kvm i brutto bygningsareal pr elev i Sundskulen. Dette er ein særs nøktern arealbruk, sidan kommunen har mange små skular. Denne arealbruken ligg lågare enn Norconsult sine tilrådingar i framlegg til rettleiande arealprogram for kommunen (jmf kapittel 4). Det er Stranda skule som er den mest elevintensive skulen ved barnesteget i dag og har eit elevtal over anbefalt kapasitetsgrense. Vidare har både Pollen skule og Glesnes skule eit lågt disponibelt netto læringsareal pr elev til rådevelde.

14 3 ELEVFRAMSKRIVINGAR Norconsult har utarbeidd nye elevframskrivingar med eit særleg fokus på elevtalet på barnesteget. Framskrivingane tek utgangspunkt i registrert folketal pr.01.01.2009 (kjelde: SSB) og elevtalet på skulane i skuleåret 2009/10 (kjelde: Sund kommune). Framskrivingane vidarefører gjeldande flyttemønster, fødslar og døde som for dei siste 5 åra. Flyttestraumane er korrigert for planlagd bustadbygging. Bustadbygginga baserer seg på utbyggingspotensiale i godkjente og planlagde reguleringsplanar. For Stranda skulekrins er det lagt inn eit høgare potensiale grunna omfattande bustadbygging kombinert med tilflytting av mange barnerike familiar. I Skogsvåg skulekrins vert det forventa at bustadbygginga vil auka - grunna nye store bustadområder kombinert med nye planar om å transformere Skogsvåg til eit lokal- og kommunesenter for Sund kommune. Figuren ovanfor syner den samla folketalsutviklinga for alle aldersgrupper - fordelt på skulekrinsane. I Stranda, Skogsvåg og Pollen skulekrinsar vil folketalet auka monaleg frametter. Dette samsvarar med elevframskrivinga i disse skulekrinsane. Folketalsutviklinga i Sund skulekrins syner moderat nedgang i framskrivingsperioden. Glesnes ser og ut til å kunne få ei positiv utvikling. For Pollen skule er folketalsutviklinga på Hammersland med i grunnlaget. 3.1 Barnetal (0-5 år) Tal førskuleborn vil auke utover i prognoseperioden - frå om lag 530 barn i dag til nær 600 barn i 2025.

15 Barnetalsprognose 0-5 år 700 600 500 480 495 491 514 532 532 541 552 558 558 555 562 562 572 570 575 583 584 590 597 Tal barn 400 300 200 100 0 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 Den langsiktige barnehagekapasiteten bør dimensjonerast for om lag 500 born (1-5 år).

16 3.2 Barnesteget (6-12 år) - Kommunenivå Norconsult sine framskrivingar viser at det samla elevtalet på barnesteget i kommunen - vil auke frå 590 elevar inneverande skuleår (2009/10) til om lag 750 elevar i 2025. Dette er ein elevvekst på barnesteget på om lag 160 elevar over ein periode på 12 år. Kommunen sin skulekapasitet på barnesteget må dimensjonerast for om lag 750 elevar - på lang sikt. Brorparten av denne veksten vil skje i løpet av dei neste 6-7 åra. Veksten fordeler seg jamt i årsstega. Elevtalsprognose barnesteget - 2009/10-2022/23 800 Tal elevar 700 600 500 400 300 200 100 0 81 106 86 105 103 99 101 102 107 117 107 90 72 72 82 106 87 105 104 98 102 101 106 116 106 108 69 91 79 89 67 87 81 104 85 105 102 97 99 99 104 113 104 105 107 88 65 85 71 69 79 104 82 105 101 95 98 99 103 112 103 104 105 107 66 86 67 84 79 71 84 68 102 69 78 84 103 101 96 98 98 103 114 103 106 106 107 107 69 81 75 72 67 90 80 102 100 94 96 97 101 111 100 101 102 104 102 104 67 74 92 80 98 97 92 93 94 99 108 100 101 102 103 101 103 104 05/06 06/07 07/08 08/09 09/10 10/11 11/12 12/13 13/14 14/15 15/16 16/17 17/18 18/19 19/20 20/21 21/22 22/23 1. årssteg 2. årssteg 3. årssteg 4. årssteg 5. årssteg 6. årssteg 7. årssteg

17 3.3 Framskriving for den einskilde barneskule I dette kapittelet har Norconsult framskrive elevtalet - skule for skule i Sund. samsvarar med det totale elevtalet på barnesteget jmf figuren ovanfor. Elevtalet Stranda skule Inneverande skuleår (09/2010) markerer starten på ei særs stor elevtalsauke ved skulen. Veksten kjem i dei neste 7-8 åra - med eit toppår i 15/2016 på heile 188 elevar. Elevtalsutviklinga ved skulen skuldast høg tilflytting og bustadbygging kombinert med barnerike familiar. Det er ikkje kapasitet ved skulen til denne veksten i dag.

18 Skogsvåg skule Skogsvåg skule stabiliserer seg på rundt 90-100 elevar i dei neste 7-8 åra. Skuleåret 18/2019 er starten på ein kraftig elevtalsauke ved skulen. Merk her at elevane på Tyssøy (4) er rekna inn i prognosen. Desse elevane går på Bjorøy skule (Fjell). Telavåg skule Det er forventa stabile elevtal ved Telavåg skule innover i framskrivingsperioden. Skulen vil venteleg liggja mellom 80-90 elevar.

19 Det er drift i ein 2 - avd barnehage ved skulen i dag. Barnetalet (1-5 år) vil liggje mellom 40-55 i heile framskrivingsperioden. Pollen skule Inneverande skuleår (09/2010) markerer - tilliks med Stranda skule - starten på ein stor elevvokster ved skulen. Veksten når toppen i skuleåret 15/2016 med 161 elevar. Brorparten av denne veksten skuldast i stor grad elevar frå Hammersland. Skulen vil vekse med nær 90 elevar over ein periode på 7 år. Frå skuleåret 2008/09 og fram til skuleåret 15/2016, vil Pollen skule ha dobla elevtalet.

20 Sund skule Sund skule vil stabilisere seg med eit elevtal i underkant av 80 elevar utover i framskrivingsperioden. Dette er den einaste skulekrinsen med nedgang i det samla folketalet. Glesnes skule Glesnes skule vil stabilisere seg med eit elevtal mellom 70-80 elevar. I skuleåret 11/2012 får skulen ein elevtopp med 84 elevar. Folketalet i skulekrinsen vil auke utover i prognoseperioden.

21 Tofterøy skule Det er og forventa stabile elevtal ved Tofterøy skule. Skulen vil venteleg stabilisere seg mellom 35 og 40 elevar. I denne skulekrinsen kan små utslag i bustadbygginga gje store utslag i elevtalet. Prognosen er difor meir usikker relativt sett enn for dei litt større skulane.

22 3.4 Ungdomssteget - Sund ungdomsskule Norconsult tek også med elevframskrivingane for Sund ungdomsskule - sjølv om dette ligg på sida av oppdraget. Ungdomssteget vil i fyrste delen av framskrivingsperioden få ein marginell nedgang i elevtalet. Elevtalet ved Sund ungdomsskule vil auke til over 300 elevar i skuleåret 16/2017. Dette samsvarar med elevtalsutviklinga på barnesteget. Prognosen er ikkje korrigert for eventuell avgang av elevar til privat ungdomsskule. Den faktiske utviklinga vert truleg litt lågare enn kva prognosen viser.

23 4 SENTRALE PRINSIPP FOR UTFORMING AV NYE BARNESKULAR I SUND Det er eleven som må stå i sentrum ved eventuelle framtidige skuleutbyggingar i Sund. Norconsult vil i dette kapittelet peike på sentrale moment - som kommunen bør ha i tankane ved eventuelt framtidige byggjesteg i Sundskulen. Tilpassa opplæring Elevane er ulike og har difor ulikt utgangspunkt i høve tileigning av læring. Eit sentralt prinsipp i einingsskulen er at opplærings skal tilpassast den einskilde elev og eleven sitt kunnskapsnivå. Tilpassa opplæring handlar om å møta elevmangfaldet med varierte pedagogiske metodar og verkty. Dette vil krevje ulik tilrettelegging med ulike pedagogiske tilnærmingsmåtar. Framtidige skuleanlegg bør difor tilretteleggjast for å skape breidde i opplæringstilboda. Mangfald og fleksibilitet Opplæringa bør organiserast i mange ulike mønstre. Ulik gruppestorleikar, aktivitetar, varierte pedagogiske arbeidsmåtar som gjev mangfald og fleksibilitet bør vera sentrale stikkord når ny skular skal ombyggast eller utbyggast. Skulebygningen må leggje til rettes for sosial kontakt, for individuell fordjuping, for formidling, for praktisk tilnærming, - og ikkje minst tilretteleggjast for at det kan gjennomførast ulike aktivitetar på same tid. Læraren si rolle Læraren er skulen sin mest sentrale ressurs. Læraren har rolla som formidlar, rettleiar og omsorgsytar. Difor må læringsareala utformast slik at læraren har nærleik til sine elevar - og omvendt. Areala må vere slik at læraren har oversikt og kontroll på elevgruppa. Skulen som lærande organisasjon Ein sentral føresetnad for å utvikle livslang læring ved skulen - er å tilretteleggje for gode møteog samhandlingsarena på skulen som sikrar god kontakt mellom tilsette, føresette og andre samarbeidspartar. Ved å utvikle eit stort repertoar av arbeidsmetodar, organisering, kommunikasjonsformer, teknologi, mv kan ein lettare etablera interne kulturar for pedagogisk utviklingsarbeid. Varierte læringsmiljø / varierte læringsareal Læring inneberer kommunikasjon og interaksjon mellom lærar og elev. Skulebygget bør tilby areal som har stor variasjon : frå ope til skjerma frå allrom til spesialiserte rom frå ro og konsentrasjon til aktivitet og utfalding frå fellesskap til individ

24 5 FUNKSJONS- OG AREALPROGRAM FOR BARNESKULAR I SUND Programmet synleggjer aktuelle storleikar og typar for ny barneskule i Sund kommune. Sund kommune har ikkje vedteke ein eigen arealnorm for utforming og utbygging av skulebygg. I samband med denne rapporten har Norconsult utarbeidd eit døme på eit rettleiande arealprogram for nye og ombygde barneskular i Sund. Fleire kommunar i Hordaland har eigne standardar for arealprogram som syner arealnorm pr elev i ulike typar skuleareal og for ulike skulestorleikar. Skuleanlegg har ikkje dei same klåre retningslinene for areal som td barnehage. Fleire kommunar har difor valt å utarbeide eigne normer. Rettleiande arealprogram gjev klåre føringar på dei framtidige hovudrammene ved skuleutbyggingar. Arealnormen sikrar likeverdige rammer og forventningar til det samla arealet for skulane. Med ein vedteken arealnorm og eit vedteke arealprogram har kommunen på førehand definert det ytre rammene for skulebygningane. Det betyr at ein innleiingsvis i framtidige ut- og ombyggingar i sundskulen, kan nytta planlegginga på innhaldsdrøftingar, pedagogisk plattform og kvalitet innomhus framfor drøftingar om arealstorleikar og hovudfunksjonar. Mange skular i Sund stettar ikkje dette rettleiande arealprogrammet i dag. Det betyr sjølvsagt ikkje at alle desse skulane må få auka areal, men at dei skulane som i framtida vert prioriterte som eit byggeprosjekt - bør få eit areal tilpassa den lokale normen. Fleire skular i Sund fungerer som nærmiljøanlegg for sine omgjevnader. Dette er det teke høgde for i framlegg til rettleiande arealprogram for Sund kommune, men desse funksjonane er integrert i skulen sine areal, slik at nærmiljøbruken baserar seg på sambruk og fleirbruk Tabellane i dette kapittelet syner ein oversikt over netto læringsareal og netto bygningsareal. Netto læringsareal er summen av alle rom elevane nyttar i praktisk undervisning (td. klasserom og spesialrom). Gang/trafikkareal og lærarfunksjonar er ikkje medrekna. Netto bygningsareal er summen av alle areal i bygningen. Areala som er oppgjeve er nettoareal dvs innvendige mål av romma - lest av på teikningar/oppgjeve av kommunen. Døma i dei rettleiande arealprogramma, stetter krava til ein eventuell framtidig heildagsskule. For ungdomssteget har Norconsult og teke med eit døme på arealprogram for ungdomsskular med 270 og 360 elevar. 5.1 Tilrådde funksjonar i elt arealprogram Eit framtidig funksjons- og arealprogram bør innehalda slike funksjonar : Ålment læringsareal Eit årssteg eller ei aldersblanda elevgruppe skal høyre til i eit klasserom eller base. I tillegg kjem grupperom og formidlingsrom som gjerne kan delast mellom fleire elevgrupper. Varierte og praktiske arbeidsmetodar krev fleirfunksjonelle areal/klasserom/basar. Tilpassa opplæring vil innebere at ikkje alle elevane gjer det same samstundes. Nokon kan arbeide i mindre grupper, andre arbeider individuelt på sin pult/stasjon. Dette krev areal som gjer at lærarane kan gjennomføre ulike opplegg etter individuelle læringsbehov.

25 Spesialisert læringsareal I tillegg til ålment læringsareal vil skulen ha behov rom som er utforma med stasjonært og spesialisert utstyr. Døme på spesialisert læringsareal ; gymsal, kjøkken, mediatek, musikk, kunst og design. Behova for spesialiserte læringsareal melder seg særleg på mellomsteget og utover. Ungdomssteget skal ha store og gode spesialiserte areal. Det er ingenting i vegen for å utforme spesialromma med tanke på fleirbruk og dekke behova for fleire funksjonar. Talet på spesialrom må vurderast ut frå det samla elevtalet og storleiken på kvar skule. Areal til mat kan kombinerast med kantine og andre storstovefunksjonar. Nye skulebygg bør tilretteleggjast med tanke på framtidig servering av varm mat (storkjøkkenfunksjon). I Rapport nr 2 - tilrår Norconsult ma at gymnastikksalen ved Sund ungdomsskule vert ombygd til kantine og samlingsareal for heile skulemiljøet. Samlingsrom Nye skular bør ha mogelegheiter til å samla samtlege elevar og tilsette i eitt stort areal i skulen. Dette kan vere i eit atrium/aula/kantine eller i ein gymsal / idrettshall. Fleire skular har planlagd idrettshallar/gymsalar i samband med musikk- og småsalsfunksjonar gjerne med felles scene- og utstyrsrom. Garderobar og trafikkareal Nye skulebygg vert normalt bygd med separate inngangar, garderobe- og toalettfasilitetar for kvar klasse/elevgruppe/base. Småsteget vil ha behov for td ein våtgarderobe og ein tørrgarderobe. Elevar på ungdomssteget vil ha behov for låsbare skap. Innesko bør innførast som tiltak for å betre innemiljøet og redusere vedlikehaldet. Gang- og trafikkareal bør ikkje utviklast som lange korridorar og helst bør desse utnyttast som ein forlenga del av læringsarealet. Her må ein samsundes unngå forstyrrande gjennomgangstrafikk i læringsareala. SFO Historisk er skulefritidsordninga eitt relativt nytt tilbod i den norske skulen. Alle barnesteg bør ha eit eige SFO tilbod som ein integrert del i skulebygningen. Nye SFO bør planleggjast med tanke på ei framtidig innføring av heildagsskulen. SFO funksjonane bør lokaliserast i nærleiken til småsteget, og bør i tillegg til ein liten base - ta utgangspunkt i sambruk med småsteget. Arbeidsrom for lærarar Arbeidsplassane skal stette arealkrava til kontorarbeidsplassar - 6 m2 pr arbeidsplass. Arbeidsromma skal dekke behova for individuelt kontor- og teamarbeid. Tilpassa opplæring og varierte undervisningsformer fordrar eit tett lærarsamarbeid. Behov for faglege drøftingar, god informasjonsflyt og sams planlegging gjer det naudsynt at lærarane på kvart årssteg/elevgruppe disponerer felles arbeids- og møterom. I fellesromma kan det utførast elevsamtalar, telefonar til føresette, o.a. Ei lokalisering attmed det faste læringsarealet kan vere praktisk. Administrasjon Skulen sin administrasjon bør leggjast i nærleiken til hovudinngangen. Resepsjon/forkontor, kontor til rektor / einingsleiar / inspektør / rådgjevarar, PPT/logopedar, helsesøster (støttefunksjonar). Ofte kan det vere hensiktsmessig med eit eller fleire møterom i samband med desse funksjonane. Fleire har og valt å leggja personalgarderobar med toalett og kopirom her. Lager Gode lagerrom bør planleggjast som ein integrert del av alle hovudfunksjonane i ein skule. Nærlager til læringsareal, lagerrom i spesialareal (gymsal, musikkrom, mediatek, o.a.) og stollager til samlingsrom er berre nokre døme viktige

26 lagerfunksjonar. Utstyr, bøker og materiell krev ofte større plass i røynda enn på teiknebrettet. Inventar og utstyr Skulebygginga er ikkje over når det endelege romprogrammet er vedteke. Inventar og utstyr er ein suksessfaktor for å tilretteleggje skulen for den indre verksemda. Inventar og utstyr på hjul, vert nytta meir og meir i læringsareala. IKT IKT er kalla den femte læringsdisiplinen og det skjer stadige nyvinningar som påverkar og utfordrar dei pedagogiske metodane. It`s learning er eit døme på korleis skulen kommuniserer med sine omgjevnadar. Nye skular i Sund bør difor tilretteleggjast med oppdatert datateknologi og god tilgang på dataverkty. Ombygging og rehabilitering Norconsult har i ut- og ombyggingsprosjekt erfart at det kan vere hensiktsmessig å gjere ei ansiktsløfting for heile bygningen - ikkje berre den delen som vert nybygd. Uteområde På line med skulebygningane skal uteområda utformast fleksivelt og variert. Uteområdet skal vere ein stad for målretta læring, fysisk aktivitet, leik, avkopling og sosialt samvær. Uteareala bør i størst mogeleg grad utviklast på barna sine premissar. Uføresette behov Fleire kommunar, med naturlege variasjonar i kullstorleikane kombinert med høg folkevekst, har lagt inn ei ikkje prolongert uforutsett vekst i elevtalet på 10%. Desse 10% vert lagt inn som tryggleik og som ei ekstra arealramme ved bygginga av nye skulebygg. Røynda syner at veksten ofte vert større enn sjølv dei mest optimistiske prognosane. Lindås kommune har til dømes lagt 10% ekstra inn sitt rettleiande arealprogram. Denne regelen kan vere særleg aktuell for Stranda og Skogsvåg skular. Norconsult tilrår difor Sund kommune å leggja inn litt slingring for desse skulekrinsane jmf rapport nr. 2 og 3 frå Norconsult. Nye tekniske krav Universell utforming skal implementerast i nybygg, ombyggingar og rehabiliteringar. Vidare må nye kommunale bygg stette strenge energi, miljø- og klimakrav. Vannbåren varme, fornybare energiløysingar, passive løysingar, avfallsplan, miljøsertifisering og karbonnøytralitet kan vere nye eksterne samfunnskrav.

27 5.2 Framlegg til rettleiande arealprogram for framtidige barneskular i Sund Norconsult har utarbeidd eit framlegg til rettleiande arealprogram for framtidige utbyggingar og ombyggingar av skulane i Sund. Arealprogrammet tek utgangspunkt i nasjonale og regionale erfaringstal frå andre skuleprosjekt.

28

29 6 BARNESKULESTRUKTUR FOR FRAMTIDA - ALTERNATIVE VURDERINGAR Etablering av ny barneskule i Sund med kapasitet til 350 elevar, vil innebere ei endring av dagens skulestruktur på barnesteget. Norconsult vurderer i dette kapittelet alternative utbyggingsløysingar og skulestrukturar. To av alternativa er ei direkte vidareføring av tilrådde likeverdige alternativ i Strukturrapporten frå 2006 - synleggjort som alternativ 0 og IV i dette kapittelet. Resten av alternativa er vurdert som mogelege struktur- og utbyggingsløysingar for barnesteget i Sund. Nokre av alternativa inneberer ombygging og utviding av eksisterande skulebygg - framfor frittståande nybygg. Fordeler og ulemper med desentralisert og sentralisert skulestruktur er elles drøfta i Strukturrapporten frå 2006. Norconsult støtter seg til desse vurderingane. Årlege driftsmessige konsekvensar vert ikkje vurdert i denne rapporten. Strukturrapporten sine vurderingar om økonomisk innsparing, kan og nyttast som prinsipp også i desse vurderingane. Drift i eksisterande skulebygning ved Pollen skule vert i utgangspunktet tilrådd avvikla - enten bør det byggast ny skule i krinsen eller bør elevane overførast til Skogsvåg skule. Norconsult har vidareført ombygging av Pollen skule som naudsynt tiltak i dei alternativa som vidarefører drift ved denne skulen. Utbygging av Stranda skule vert vidareført som tiltak i alle alternativa - også alt 0. Bygging av ny felles gymnastikksal (volleyballhall) med spesialromsavdeling for kjøkken (mat og helse) for Sund ungdomsskule og Stranda skule vert vidareført som fast tiltak i alle alternativ. Utvida sambruk av kjøkkenfasilitetane for andre målgrupper på kvelds- og helgetid. Dette tiltaket er vurdert og drøfta i rapport nr 2. Oppdraget omfattar ikkje detaljerte tilstandsvurderingar av skuleanlegga. Eigedomsavdelinga i Sund har utarbeidd eigen plan for vedlikehald for skulane i Sund. Desse planane er ikkje implementert i denne vurderinga og må samordnast med eventuelle framtidige fysiske tiltak på barnesteget og Sund ungdomsskule. Tofterøy skule er tilrådd nedlagt og overført til Stranda skule - i alle alternativ utanom alt. 0. Overføring av elevane frå Tellnes skule kan gjelda for alle alternativ. Elevtalet tek utgangspunkt i Fjell kommune sine eigne prognosar. Norconsult vurderer investeringsbehovet og investeringskostnader. Driftsmessige konsekvensar er ikkje vurdert. Norconsult syner her til Strukturrapporten. Denne vil framleis vere gjeldande i høve driftsmessige vurderingar.

30 6.1 Sentrale vurderingsmoment - ny skulestruktur Fysisk læringsmiljø Hovudmålgruppa i dette utgreiingsarbeidet er omsynet til elevane og at dei skal få gode fysiske utviklingsrammer og gode læringsmiljø. Arealnorm Norconsult tek utgangspunkt i døme til arealnorm for ulike barneskulebygg - slik desse er presentert i kapittel 3. Det er desse skuleareala som ligg til grunn for areal- og kostnadskalkylene. Framskriving av elevtal Skulestrukturvurderingane baserer seg på framskrivinga av elevtalet, slik dette er presentert i kapittel 3.Barnesteget i Sund kan forvente relativ stor auke i elevtalet på nokre skular, særleg ved Stranda og Skogsvåg. For føresette og elevane er det sentralt å få etablert ei stabil og langsiktig løysing for strukturen på barnesteget. Difor må kommunen leggja til grunn langsiktige framskrivingar for eventuelle strukturendringar i framtida. Norconsult har utarbeidd nye elevtalsprognosar for kommunen. Skulestorleik / Skuletype Sund kommune står fritt til å vurdere kva for skuletypar og skulestorleik barneskulane skal ha. Opplæringslova tilrår kommunane å ikkje byggje grunnskular større enn 450 elevar. Det er mange døme på at store skular kan vere funksjonelle og gode læringsmiljø. Korleis anlegget er tilrettelagt og korleis skulekvardagen er organisert har nok meir å seie for kvaliteten enn sjølve elevtalet. Kunnskapsløftet legg opp til ei todeling av grunnskuletilbodet - med eit barnesteg frå 1.-7. årssteg og eit ungdomssteg frå 8.-10. årssteg. I utgangspunktet bør det difor ikkje etablerast nye einingar for td. 1.-4 årssteg eller 5.-10. årssteg. Det vert ikkje vurdert slike alternativ i rapporten. Dette fordi avstandane i Sund er relativt små, noko som gjer det mindre aktuelt å ikkje følgje den nemnte modellen. Kommunestyret har tidlegare gjort vedtak om at Der det ligg til rette for det, skal skular og barnehagar samordnast i oppveksttun med felles leiing. Dette kan vurderast av kommunen ved Telavåg skule og Telavåg barnehage (2 avd). Uteområde Denne rapporten vurderer ikkje uteområdet som funksjon. Uteområdet er ein sentral del av skulen sitt samla læringsmiljø og må vurderast i samband med ei eventuell bygging av ny barneskule i Sund. Skuleskyss / reisetid Skulevegen for elevane må vere trygg. Sund er ein kompakt kommune og ingen elevar vil ha reisetid på meir enn 45 minutt - for alle alternative løysingane. På ungdomssteget må elevane i heile kommunen reisa til Steinsland for å få undervisning, slik at skyssing av elevar til eit sentralt bygg ikkje er noko ukjent i Sund. Pedagogiske moment Det er ikkje noko eintydig forsking som konkluderer at overføringa av læring er betre eller verre i sentraliserte eller desentraliserte strukturar. Strukturrapporten frå 2006 peikar på pedagogiske fordelar med noko større elev- og fagmiljø. Norconsult støtter denne vurderinga, men vil og peike på at dette er viktigare jo eldre elevane er. Fleire kommunar vel strukturløysingar som gjev meir robuste og berekraftige elev- og fagmiljø. Dette skuldast at større organisasjonar er meir fleksible og mindre sårbare i

31 skulekvardagen. I eit organisasjonsutviklingsperspektiv kan det vere fordeler med større einingar i høve kompetanseoverføring og interne læreprosessar. Sosiale moment Grendaskulen vert opplevd som siste skanse for mange nærmiljø. Slik vil det nok også vera i Sund. Det lokale arbeidet med Strukturrapporten 2006 syner dette. Skulen si primære funksjon er læring og overføring av kunnskap. Samstundes fungerer skulen som senter for nærmiljøaktivitetar utover skuletida, slik at grendaskulen har ein mykje breiare kontekst og føremål utover den reine skuledrifta. Nærmiljøet opplever at dei vert fråteken eit gode om grendaskulen vert lagt ned - trass i at elevane får tilbod om nybygg på ein annan stad i kommunen. Skulenedlegginga som sak kan overskugge alle fordelar med nybygg og den politiske viljen til store kommunale skuleinvesteringar. Dette syner samstundes behovet for medverknad, kommunikasjon og open dialog mellom føresette og kommunen ved ei eventuell skulenedlegging. Overgangen til ein ny skule kan opplevast vanskeleg for elevane - særleg om dei skal inn i eit allereie etablert sosialt skulemiljø. Frå små kjende miljø til større og ukjende sosiale miljø må gjerast trygt for elevane. Merksemd rundt inkluderingsprosessar og tryggleik vert sentrale fokusområder for kommunen i slike fasar. Lokalisering / plassering Strukturvurderingar endar som oftast opp med konkrete framlegg til tomteval for ny skule. I strukturvurderingane må kommunen også sjå utbygginga i skulekapasitet opp mot langsiktige og berekraftige utviklingsprinsipp i kommuneplanen. Eit skulebygg bør planleggjast med ein tidshorisont på 50 år. Difor bør val av tomt vurderast opp mot overordna og særs langsiktige areal- og utviklingsprinsipp. Kva konsekvensar vil nytt fastlandssamband med nye tilførselsvegar ha å seia for lokaliseringsval? Kor kjem tyngda av bustadbygginga? Fortetting og tettstadutvikling? Dette er berre nokre døme langsiktige moment skuleeigar må vurdere i samband med skuleutbygging. Skulepersonale / tilsette Ei eventuell omlegging av skulestrukturen krev oppfølging av personalet som vert omfatta av strukturendringa. Det er også sentralt at personalet vert involvert og engasjert tidleg i planleggingsfasa av nye skulebygg. Kommunen bør starte planlegginga med å drøfte pedagogisk plattform og pedagogiske utviklingsprinsipp breitt i kommunen. Særleg må den pedagogiske plattforma forankrast i det personalet som får sin nye arbeidsplass i eit nybygg. Den fysiske planlegginga skal ta utgangspunkt i den pedagogiske plattforma og dei interne pedagogiske drøftingane i skuleavdelinga. Økonomi I Strukturrapporten frå 2006 vert det vist til at ei sentralisering av skulestrukturen gjev reelle innsparingar i kommunebudsjettet. Drift i mange skulebygningar resulterer i store kommunale kostnadar på struktursida. Mange skulebygg og mange klassar resulterer i høg pengebruk for å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur. Norconsult ser at einskilde kommunar vel å sentralisere skuleverksemda - ikkje berre som eit reint sparetiltak, men for å nytta pengane på elevretta arbeid - kvalitet og innhald i skulen. Det vil vere behov for investeringar i skulestrukturen i Sund - uavhengig av framtidig struktur- og utbyggingsløysing. Ny barneskule vil åleine krevje store investeringar i Sund. Nybygg og eller ombygging Sund kommune må ta stode til om kommunen skal byggja nytt eller om ein skal satse på utbygging og ombygging av eksisterande bygningsmasse - eller ein kombinasjon mellom desse. Stranda skule har i alle høve behov for auka lærings- og personalareal.

32 Storleiken og graden på denne nybygginga / ombygginga er avhengig av det framtidige dimensjonerande elevtalet som kommunen legg til grunn for inntaksområdet til Stranda skulekrins. Klima- og energi Fleire av skulebygningane i Sund har relativt høge energikostnader pr kvm. Skulane er elles lite tilpassa alternative og fornybare energikjelder. Truleg er det stort potensiale både for enøk tiltak i sjølve bygningen og enøktiltak på energistyringssida i skulane i Sund. Med eit aukande fokus på miljø- og klimavennleg drift kombinert med krav om reduksjon i lokale klimagassutslepp, må skulen sin samla bygningsmasse også vurderast inn i dette perspektivet. 6.2 Ny barneskule i Sund - Alternative utbyggingsløysingar med kostnadsoverslag Oversyn over alternative utbyggings- og strukturløysingar på barnesteget Sund kommune har drift ved 7 barneskular i dag. Den største barneskulen har eit elevtal i inneverande skuleår på 130 elevar. Såleis er det kun drift i små skuleeiningar i Sund. Norconsult har teke utgangspunkt i Strukturrapporten og utvida denne med mogelege skulestrukturløysingar - slik at kommunen får ei samla oversikt over alternative utbyggingsløysingar. Dei alternative løysingane er sortert etter talet på barneskular - frå 7 barneskular i dag ( Alt 0) til ei sentralisert løysing med 2 barneskular på barnesteget (Alt V.) Dette gjev 7 mogelege skulestrukturar.

33 Alternativ 0 : 7 barneskular - Desentralisert løysing i Strukturrapporten 2006 Strukturtiltak Dette alternativet er ei vidareføring av skulestrukturen i dag og inneber ingen strukturtiltak. Bygningsmessige tiltak Norconsult tilrår at kommunen avviklar skuledrifta i skulebygningen i Pollen skule. Dersom kommunen skal vidareføre skuleverksemd her - bør bygningen rehabiliterast og/eller erstattast med nybygg. For å møta elevveksten på Stranda skule, må kommunen iverksetja tiltak som aukar skulekapasiteten her. Det er fleire mogelege løysingar kan velje ved Stranda skule ; Utbygging av Stranda skule utan gymnastikksal - med sambruk av spesialrom på Sund ungdomsskule. Ingen fysiske tiltak i Sund ungdomsskule Utbygging av Stranda skule med eigen gymnastikksal Utbygging av Stranda skule med volleyballhall - sambruk med Sund ungdomsskule. Ombygging og oppgradering av spesialromma ved Sund ungdomsskule utstrakt sambruk med Stranda skule. Ei slik framtidig kapasitetsutbygging kan enten skje ved Stranda skule lokalt eller som eit sambruksprosjekt saman med Sund ungdomsskule. Sambruksprosjektet tek utgangspunktet i realiseringa av ein felles volleyballhall i tillegg til ombygging av spesialromma ved Sund ungdomsskule. Den rimelegaste utbyggingsløysinga ved Stranda - vert å vidareføre gjeldande bruk av gymnastikksalen og andre spesialrom ved Sund ungdomsskule og kun byggje ut naudsynt læringsareal ved Stranda skule jmf rapport nr II.

34 Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadane er skildra i kapittel 6.3. Norconsult har vidareført kostnadar knytt til rehabilitering av Pollen skule i båe alternativa. Hovudforskjellen mellom Alt. 0 A og Alt. 0 B er tiltaksprofilen ved Stranda skule og Sund ungdomsskule. Her er det særleg komponentane knytt til eigen volleyballhall og graden av oppgradering av spesialromma ved Sund ungdomsskule som vert avgjerande for framtidig ambisjons- og kostnadsnivå.

35 Alternativ I : 6 barneskular Strukturtiltak Alternativet inneberer nedlegging av Tofterøy skule. Bygningsmessige tiltak Alternativet inneberer at kapasiteten ved Stranda skule må aukast tilsvarande elevtalet frå Tofterøy skule. Nybygg ved Pollen skule som erstatning for eksisterande skulebygning. Bygging av ny felles gymnastikkanlegg (volleyballhall) med spesialromsløysing knytt til kjøkken (mat og helse) for Sund ungdomsskule og Stranda skule (jmf rapport nr 2). Investeringskostnader Dei økonomiske føresetnadene er skildra i kapittel 6.3. Forskjellen i alternativa er knytt til kva for tiltak kommunen vel for Stranda skule og Sund ungdomsskule. Dersom kommunen vel framhald i drifta ved Pollen skule, bør denne bygningen rehabiliterast og utbyggast. Dette er vidareført i kostnadsgrunnlaget under.

36 Alternativ II : 5 barneskular Strukturtiltak Alternativet inneberer overføring av elevane frå heile Pollen skule til Skogsvåg skule. Tofterøy skule vert lagt inn i inntaksområdet til Stranda skule. Bygningsmessige tiltak Alternativet inneberer kapasitetsutbygging av Skogsvåg skule til 350 elevar. Stranda skule vert utvida for å møte elevtalsauken i eigen skulekrins, samt elevane frå Tofterøy skule. Graden av totale utbyggingskostnader avhenger av den lokale løysinga ved Stranda skule og Sund ungdomsskule. Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadane er skildra i kapittel 6.3. Alternativet synleggjer mogelege tiltak i alternativ II.

37 Alternativ III A: 4 barneskular Strukturtiltak Alternativet samsvarar til den sentraliserte løysinga frå Strukturrapporten frå 2006. Elevane frå Hammersland vert overført til Skogsvåg skule. Glesnes og Telavåg skular vert integrert i nytt inntaksområde i Pollen krins. Elevane frå Tofterøy skule vert overført til Stranda skule. Bygningsmessige tiltak Skogsvåg skule har behov for auka kapasitet til å kunne ta imot 200 elevar. Ny skule i Pollenområdet bør dimensjonerast for 350 elevar. Utbygging av Stranda skule - med ein kapasitet på 250 elevar. Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadene er skildra i kapittel 6.3. Norconsult legg i dette kostnadsalternativet opp til nybygg i Spildepollen - jmf Strukturrapporten frå 2006. Mogelege alternative løysingar ved Stranda skule og Sund ungdomsskule er skildra i rapport nr. II.

38 Alternativ III B : 4 barneskular Strukturtiltak Nedlegging av Sund, Tofterøy og Pollen skular. Stranda vert nytt inntaksområde for Sund og Tofterøy. Pollen skule vert overført til Skogsvåg inntaksområde. Bygningsmessige tiltak Alternativet innberer auka læringsareal til skogsvåg skule for å ta imot elevane frå Pollen. Stranda skule bør dimensjonerast for 350 elevar - for å møta eigen vekst i skulekrinsen og elevane frå Sund og Tofterøy skular. Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadene er skildra i kapittel 6.3.

39 Alternativ IV : 3 barneskular Strukturtiltak Alternativet inneberer nedlegging av 4 skular ; Sund, Tofterøy, Glesnes og Telavåg. Elevane frå Hammersland vert overført til Skogsvåg skulekrins. Bygningsmessige tiltak Nytt skulebygg i Pollen skulekrins. Utbygging ved Stranda skule med felles gymnastikkanlegg for Sund ungdomsskule og Stranda skule. Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadene er skildra i kapittel 6.3.

40 Alternativ V: 2 barneskular Strukturtiltak Dette alternativet inneberer nedlegging av 5 skular i Sund - frå 7 barneskular i dag til 2 store skular på barnesteget. Desse skulane bør dimensjonerast til å ta imot om lag 650-740 elevar på barnesteget. Bygningsmessige tiltak Alternativet krev delvis mykje nytt skuleareal gjennom nybygg. Storstilt utbygging ved Stranda inklusiv felles gymnastikksal med Sund ungdomsskule - i tillegg til omfattande utbygging av Skogsvåg skule. Investeringskostnadar Dei økonomiske føresetnadene er skildra i kapittel 6.3.