Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.



Like dokumenter
Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

«Ny Giv» med gjetarhund

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Informasjon til elevane

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014


Minnebok. Minnebok NYNORSK

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva er økologisk matproduksjon?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kom skal vi klippe sauen

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for Rosa september 2014

Valdres vidaregåande skule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Psykologisk førstehjelp i skulen


ehandel og lokalt næringsliv

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Frå novelle til teikneserie

mmm...med SMAK på timeplanen

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Internasjonal vidaregåande skule

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Med god informasjon i bagasjen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Brukarrettleiing E-post lesar

IKT-kompetanse for øvingsskular

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Med tre spesialitetar i kofferten

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Plassebakken Barnehage

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Hallo i nedslagsfeltet!

Søking til skuleåret

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Jon Fosse. For seint. Libretto

Transkript:

Rapport frå studiereise til USA: Tema: Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen. 1.1 Presentasjon. 1.2 Formålet med reisa. 2.1 Skildring av reiserute. 2.2 Litt om Athens. 3. Innhald av studiet dag for dag. 4.1 Erfaringar/oppfylling av målsettinga. 4.2 Endringar av studieopplegget. Vedlegg 1.1 Presentasjon Eg heiter Ingvar Øydvin og er 36 år, tilsatt som lærar på linja Hestekunnskap på Fosen Folkehøgskole. Med meg på reisa var sambuar Elin Thorbjørnsen og våre to søner Viljar, 2,5 år og Vemund 10 månader. 1.2 Formålet med reisa. Våren 2005 vart eg ferdig med PPU studiet og tenkte då at neste påfyll i forhold til jobben min bør vera fagleg. Sjansen dukka opp allereie til hausten same år. Det er lite elevar på skulen i år og eg skulle ha pappa permisjon i løpet av skuleåret. Me klarde å rydda plass til 2 månaders studietur helst i utlandet der kunnskapen om naturleg hestetrening er komen lenger, enn her i Noreg. Horsemanship treningsmetodane som me kjenner i dag har sitt utspring i frå cowboy miljøet i USA. Så kva var vel meir naturleg enn å få praksisplass på landsbygda i Texas, USA. Føremålet med reisa var å oppnå betre kunnskap og erfaring i naturleg trening av hest. 1

Sidan me for 3 år sidan starta opp eiga hestelinje på Fosen Folkehøgskole har me funne ut at vinklinga mot horsemanship er viktig for å få tak på elevar til linja. Og at læraren kan visa til fagleg tyngde i temaet. Eg har i fleire år sett at det å undervisa i horsemanship i folkehøgskulen går rett inn i grunntankane til det å driva ein folkehøgkole. 2.1 Skildring av reiserute. Me letta frå Værnes, Trondheim tysdag 15. november 2005 til Amsterdam og vidare til Minneapolis og siste flytur ned til Dallas, Texas. Der vart me henta av verten vår Belinda Arden som køyrde oss til Athens, 2 timars biltur sør øst for Dallas. Me kom fram til leilegheita hjå Belinda 23 timar etter at me reiste frå hotellet i Trondheim. Me budde på denne adressa i 2 månader, reisa heim starta tysdag 17. januar frå Dallas opp til Detroit, vidare til Amsterdam og heim til Trondheim. Me brukte litt kortare tid over dammen denne gongen. Viljar sov i nesten 20 timar etter att me kom heim. Han gleda seg slik til å sjå at vennane sine, at han ikkje fekk sove på flyturen. 2.2 Litt om Athens Som sagt Athens ligg søraust for Dallas 70 mils eller 109 kilometer som ikkje er så langt i Texas som i Noreg, det går fort på highway`en. Athens er eit landbruks county, flatt, med dyrka jord mellom skogholta. Alle har eit kjøttfe og ein hest gåande i hagen, i alle fall dei som bur utanom bykjerna. Alt kjøttfeet går ute heile året, dei fleste hestane hadde stall, ikkje alle. Klimaet skulle vore kaldt og vått vart me forklart, vår oppleving av kaldt var ikkje heilt den same, me hadde meir sommar i Texas enn ein middels sommar Trøndelag. Men me hadde flaks, det var den varmaste og tørraste vinteren i Texas sidan 1958. Vanlegvis regna det ein del i dette tidsrommet. Me hadde 2-3 dagar med regn og det var bra, for ein vanleg Texsaner går inn når det regnar. Belinda berre lo når me drog fram regntøy ein dag me trena hest og regnet kom, det hadde ikkje ho i huset. Byen Athens var stolt av at det var der hamburgaren var oppfunnen. 2

3. Innhald av studiet dag for dag. Me budde hjå familien Arden på Cuttastar Ranch, det var mora i huset som heldt på med hest. Belinda er på alder med meg sjølv og tøff som få. Ho hadde jobba fleire år i mannleg fengsel High security. Belinda hadde 9 hestar sjølv, hatt jobbar med hest og vore på mange kurs og samlingar. Innehavar av stor mengde kunnskap og erfaring i emnet. Belinda har ei venninne som heiter Paula Sue som me og hadde mykje med å gjera, ho arrangerer kurs og samlingar om hest på ranchen sin, Prearie Ranch, og mannen er heste-skoar og trenar på deltid. Kvardagen på Cuttastar Ranch starta med fôring av hestar klokka 07.30 følgt av ein liten pause og planleging av dagen. I 9 tida starta trening av hest og sidan trening av hest alltid skal avsluttast når det er positivt, gjekk det frå ein halv time til 4 timar på kvar hest. Det var ifrå 2 til 3 hestar til einkvar tid som berre var der for at eg skulle trena dei, i alt 5 hestar på dei 2 månane som me var der. Under treninga satt Belinda og såg på meg og kom med råd og løysingar etter kvart som treninga gjekk framover. Når eg var ferdig med dagens trening var det handletur, eller at Elin jobba med hest. Det var mørkt i halv seks tida, ungane la seg i 7-8 tida og etter det var et stilt i huset. Mykje inntrykk og opplevingar, kommunikasjon på eit anna språk, alt dette krevde mykje energi, så det var lite til overs når kvelden kom, men dersom det var energi att vart den brukt til å sjå filmar om hestetrening. Slik gjekk dei fleste dagane, men kvar veke hadde Belinda og hennar venninne Paula Sue, klart eit program for ein dag eller to i området rundt. Her er omtale av nokre av besøka me hadde: Me hadde omvisning på det lokale college avdeling landbruk av avdelingsledaren der, då var det også journalist frå lokalavisa der som tok bilde og seinare skreiv ein artikkel om oss, som kom som hovudoppslag rett før me reiste frå Athens. Me var på besøk hjå to lokale oppdrettarar som var godt kjent for sine hingstar og sine føl, den eine dreiv med Halter-hestar (hadde mellom anna ein World champion) og den andre med Mc Curdy Plantation Horses som til saman med Islandshesten er kjent for den femte gangart, tølt. Eg hadde og 3 eller 4 besøk hjå ein profesjonell hestetrenar som brukte horsemanship som sin metode i arbeidet med og trena hest, han hadde 3

hestane inne i 30 dagar for det meste. Her såg eg på korleis han arbeide med hestane og hestens eigar. Me var og å så på korleis profesjonelle konkurranse -folk arbeide og konkurrerte innanfor greina Cutting, (hest med ryter skal avstenga ein kalv frå resten av flokken i minst 2 minutt). Me reiste alle saman for å sjå på USA finalen i Cutting. Den var i Fort Worth rett ved sia av Dallas der har dei ein heil bydel som kunn er bygd opp for hest, det var svært. Me reiste litt rundt for å finne bra hesteutstyr for å ta med heim, noko av utstyret dei hadde var berre halv pris av kva me er vane med, bl.a. salar. Me åt fleire lunsjar ute på restaurantar ofte ilag med hesteeigarar, andre trenarar, familiane og berre for eigen glede, koma seg litt bort frå ranchen og leilegheita. Fleire gonger så tok me med hestar og bil og rei på tur andre stader, ofte på ranchen til Paula Sue. 4.1 Erfaringar/oppfylling av målsettinga. I etterkant har eg vurdert det slik at som studietur i trening i å betre forstå hesten kunne eg ikkje fått noko betre opplegg. Eg fekk i løpet av to månader med mykje erfaring og kunnskap om nettopp det temaet som eg trong mest i forhold til jobben min. Nytte av opphaldet fekk eg med ein gong eg kom heim, då hadde eg kursveke (seks dagar med intensivt kurs) i temaet trening av hest med adferdsproblem. Det var bra for meg å repetera så snart, og bra for elevane som var nyfiken på kva eg hadde lært over there. Eg trur Fosen Folkehøgskule kan bidra med mykje innanfor den utdanninga som skjer i dag om bruk av hest, og forståing av hesten. Store delar av elevkulla som kjem inn har ingen erfaring med dyr, viss me kan formidle ei forståing om hesten til elevane som dei kan ta med seg vidare i livet har me gjort noko viktig. 4

Å sjå på at nokon kommuniserar med hesten er fascinerande, å kunne det sjølv er stort, noko å vekse på. For elevar som er usikker i t.d. sosiale samanhengar og opplever denne kommunikasjonen så kan det forandre mykje. I skrivande stund er det haust og nye elvar har kome på skulen, eg gler meg til eg skal formidle erfaringane ifrå turen til Athens. Eg sender venlege tankar til Belinda og Paula Sue med familiar og takkar for innsikta og gjestfriheita. 4.2 Endringar av studietur i forhold til søknad I søknaden for stipend skreiv eg at turen kun skulle føregå i kalenderåret 2006. Dette endra me etter råd frå skulen her heime og vertane der borte. Skulen, fordi det passa betre med skuleruta at eg reiste tidlegare og kom heim 2 veker før det som var planlagt. Vertane i Texas, fordi januar og februar er rekna som dei våtaste og mest gjørmete månadane i året. Me klarde og å forlenge turen med ein månad. Vonar dette ikkje vert noko problem i forhold til tildeling av stipend. Ingvar Øydvin Er det nokon som vil nytte dei erfaringane eg gjorde meg med opphaldet i Texas er det berre å ta kontakt på e-post: i-oeydvi@online.no Rissa 22. november 2006 Ingvar Øydvin 5