Rådmannen - servicetorget MØTEPROTOKOLL Utval: Møtestad: Ungdomen sitt kommunestyre (UK). Luster rådhus, kommunestyresalen. Møtedato: 19. januar 2015. Start kl. 12.45 Slutt kl. 14.50 Til stades på møtet: Medl. og varamedl.: Luster ungdomsskule: Ida Falkgjerdet Svåi, Even Hunshamar og Hedda Njøs. Hafslo barne- og ungdomsskule: Silje Holm Carlsen og Magnus Viking Jåstad. Sogndal v.g. skule: Tomas Nyhus og Anne Marte Lingjerde. 4-H: Eline Skogstad Øvreås. Idrettslaga: Lasse Hærum. Politisk representant: Julie Hatlevoll og Erlend Morken. Meldt forfall: Sogndal v.g.skule: Stian Havellen Listou. Politisk representant: Emma Nyløy og Henrik Thorsnes Lefdal. Fråvær: Frå administrasjonen: Erling Bjørnetun, ungdomskontakt Liv Endresen og sekretær Liv Helen Nystuen. Andre: Ordførar Ivar Kvalen og tenesteleiar Anita Bjørk Ruud. Saker til handsaming: 01/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. 02/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 08. desember 2014. 03/15 Skriv og meldingar. 04/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. 05/15 Ymse. Underskrift: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemane, varamedlemane, barne- og ungdomskontakt Nanna Steinberg, Erling Bjørnetun, ordførar, varaordførar, rådmann, Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule, Luster v.g. skule, biblioteka, Sogn Avis, revisor og fadder for UK i Luster Sofie Sundberg. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
side 2 01/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste vart godkjend. 02/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 08. desember 2014. Lasse Hærum og Eline Skogstad Øvreås vart valde til å skrive under møteboka frå møte 8. desember 2014. 03/15 Skriv og meldingar. Ingen skriv og meldingar. 04/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. Vedlegg til saka: Aktivitetsplan 2014 2015, jfr. sak 4/15 i AU i møte den 07.01.2015. Representantane var på førehand oppmoda om å førebu seg på denne saka, og drøfte det med klassen og/eller sitt lag før møtet. Lasse Hærum føretok ein gjennomgang av dei ulike tiltak/arrangement som AU tilrår vert lagt inn i aktivitetsplan for 2015, jfr. sak 4/15 i AU den 7. januar 2015: ME`N`U. Medlem i ungdomsstyret i ME`N`U: Siri Sandvik med vara Magnus Øvrebø. Frå administrasjonen møter ungdomsleiar Liv Endresen i styret for ME`N`U. Liv Endresen orienterte om bra deltaking på hausten sine tiltak, og at det var stor deltaking på ski- og akekvelden på Heggmyrane den 9. januar. Val til Folkehelserådet. Her avventar ein ny organisering i folkehelsearbeidet. LustraLan. Medlem frå UK i styret for LustraLan: Lasse Hærum og Stian Havellen Listou. Lasse orienterte om bra deltaking (ca. 60 deltakarar) og flott arrangement på Hafslo 27. - 29. desember 2014. Det vert planlagt eit arrangement pr. år. Møte med elevråd og TV ved ungdomsskulane i kommunen. Lasse Hærum orienterte om arbeidsutvalet si tilråding etter informasjon om at elevråda fungerar bra. Ungdommen sitt kommunestyre sluttar seg til arbeidsutvalet si tilråding om at tiltaket vert teken ut av aktivitetsplan for skuleåret 2014-2015. Vidareutvikling av Lustramarknaden. Erling Bjørnetun orienterte om Lustramarknaden og leia gruppearbeid. Lustramarknaden er utvida både i tid og geografisk område. Dette betyr at det er opna opp for ulike arrangement i heile kommunen i tidsrommet frå 7. 14. juni 2015. Den store marknadsdagen er laurdag 13. juni. Frå før av er ungdomsinnslag som t.d. «Luster sine beste» (UKM-innslaga) eit fast konsertinnslag på scena i rådhusparken laurdagen. Men spørsmålet er korleis UK ser føre dykk fleire aktivitetar og meir tilbod for ungdom i denne veka? Etter dette vart deltakarane delt inn i grupper på 3 4 medlemar for å diskutere 6 ulike spørsmål og komme fram til idear til aktivitetar/ arrangement for ungdom (idear for å gjøre arrangementet betre). Gruppearbeidet var deretter presentert i plenum. Gruppearbeidet vart innlevert, og skal seinare brukast i arbeidet med vidareutvikling av Lustramarknaden.
side 3 Lokalt arr. av UKM 2015. Medlem i arrangørteamet frå UK i Luster: Medlem Tomas Nyhus, vara Ida Falkgjerdet Svåi. Frå administrasjonen ungdomsleiar Liv Endresen. Lokal mønstring blir i år felles med Sogndal og Leikanger i Sogndal 14. 16. mars 2015. Påmeldingsfrist er sett til 1. mars. Liv Endresen orienterte om at første samarbeidsmøte er sett til 26. januar 2015. Kulturutveksling. I 2015 skal det vera utveksling frå USA til Norge. Skjema for å søke om deltaking i kulturutvekslinga finn ein på Luster kommune si heimeside. Søknadsskjema skal leverast til Servicetorget, Luster kommune, Gaupne innan 15. mars kvart år. at ordninga med kulturutveksling vert vidareført og ber om at ordninga vert gjort kjend ved skulane i kommunen og annonsert på heimesida til kommunen i god tid før søknadsfristen. Ungdommen sitt kommunestyre i Luster (UK) si stipendordning. UK si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utvekslings- / læringstiltak for ungdom frå Luster kommune i alder 16 19 år. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år. at stipendordninga vert vidareført og ber om at ordninga vert kunngjort på heimesida til kommunen i god tid før søknadsfristen 1. mars og 1. oktober. Fylkesting for ungdom våren 2015. Ungdomspolitisk utval (UPU) inviterar ungdomsråda i kommunane til Fylkesting for ungdom ei helg kvar vår. Det vert lagt opp til skulering i taleog debatt-teknikk, gruppedebatter og spørjetime. Det skal også veljast nye representantar til ungdomspolitisk utval. Ungdomsråda kan melda på to utsendingar. at UK skal vera repr. på tinget og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. Lokale transporttilbod for ungdom (LTU). Sogn og Fjordane fylkeskommune har dei siste 10 12 åra invitert kommunane og ungdomsråda i kommunane til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar til skyssopplegg. Luster kommune og UK har søkt og fått innvilga tilskot kvart år. For 2014 vart søknaden innvilga med eit tilskot på kr. 70.000.
side 4 Ungdommen sitt kommunestyre sluttar seg til abeidsutvalet si tilråding om at Luster kommune og UK vidareførar skyssordninga og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. «Blås Grønt» natt til 17. mai. Lasse Hærum orienterte om arbeidsutvalet si tilrdåing. Ungdommen sitt kommunestyre har dei siste åra har hatt samarbeid med ME`N`U om arrangementet «Blås grønt» natt til 17. mai i Gaupne v/soltun. Julie Hatlevoll presiserte at «Blås Grønt» er UK sitt arrangement. Ungdommen sitt kommunestyre vedtek at UK også i år skal arrangera «Blås grønt» natt til 17. mai i Gaupne, og at ME`N`U blir invitert til samarbeid om arrangementet. David Høyheim Skintveit frå Luster ungdomsskule og Magnus Viking Jåstad frå Hafslo barne- og ungdomsskule vert valde til arrangørteam for «Blås Grønt» 2015. Administrasjonen bidreg med hjelp undervegs. Nettverkssamling 2015. Ungdomspolitisk utval (UPU) inviterar ungdomsråda i kommunane til Nettverkssamling ei helg kvart haust. Samlinga vert fylt med spennende foredrag, lærerrike kurs og mykje sosialt samvær, Ungdomsråda kan senda tre deltakarar. at UK skal vera repr. på samlinga og ber administrasjonen følgje opp når invitasjonen er motteken. Stemmerett for 16-åringar ved valet i 2015. Jfr. sak 48/14 i UK den 8. desember 2014. Lasse Hærum orienterte om at arbeidsutvalet, etter drøfting i møte den 7. januar, kom fram til at dei ville gjennomføre gruppearbeid i dette UK-møtet for å få innspel på korleis ungdommen kan førebu seg til kommunestyrevalet til hausten. Ordførar Ivar Kvalen og Anita Bjørk Ruud frå administrasjonen var til stades for orientering og presentasjon av gruppeoppgåver som var laga til. Dei ønskja svar på 1) Kva UK meiner at 16- og 17 åringane må få informasjon om? 2) Korleis bør 16- og 17 åringane få informasjon? Og 3) vil UK vere arrangør for arrangement for ungdom før valet i haust? Etter innleiinga vart deltakarane delt inn i grupper på 3 4 medlemar for å diskutere og svare på desse tre spørsmåla. Gruppearbeidet var deretter presentert i plenum og innlevert. 1) Kva meiner UK at 16- og 17 åringar må få informasjon om? - kva dei politiske partia står for - kva hjertesaker har dei politiske partia - kva har partia fått til tidlegare - generell informasjon om valet - konkret informasjon om korleis valet skjer 2) Korleis bør 16- og 17 åringane få informasjon? - besøk av politiske parti på skulen, helst i klasseromma, informasjon og paneldebatt - velje ut aktuell sak på førehand slik at ungdomen får engasjert seg og førebudd seg til debatt og spørsmål
side 5 - besøk av administrasjonen i klasseromma, praktisk om valet - informasjon via sosiale medium - eige valarrangement for ungdom der ungdommen sitt kommunestyre er arrangør, gode erfaringar frå arrangement til UK for fire år sidan. 3) Vil UK vere arrangør for arrangement for ungdom før valet i haust? - Ja, - UK ynskjer å vere arrangør på valseminar for ungdom. 05/15 Ymse. Ordføraren var til stades og svara på spørsmål som UK-medlemane hadde.
Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015: Vedtak i UK 22. 10.2014, sak 41/14. Ajour pr. 19.01.2015. Arrangement/ Ansvarleg: tiltak: Opplæring av UK-medlemane: 22. oktober 2014 Arbeidsutvalet frå førre skuleår og administrasjonen Møte i AU og UK Leiar og sekretær Val til styret for ME`N`U Medlem: Siri Sandvik Varamedlem: Magnus Øvrebø Val til Folkehelserådet Avvente ny organisering i folkehelsearbeidet LustraLAN 27. desember 2014 Frå UK: Lasse Hærum og Stian Havellen Listou Vidareutvikling av Lustramarknaden med ungdoms-arrangement AU og administrasjonen (tiltak/arrangement) Lokalt arr. av UKM 2015: Lokal mønstring Felles med Sogndal og Leikanger i Sogndal 14.-16. mars 2015. Kulturutveksling: Med vennskapskommunen i USA Ungdom frå landa blir utveksla. UK er økonomisk ansvarleg. Arrangørteam: Tomas Nyhus, vara Ida F.Svåi. Frå adm. Liv Endresen Administrasjonen og AU Frist for oppfølging: Bruke det ein lærte på samlinga i nye møter Rapport til AU Gruppearbeid i UKmøte den 19.01.2015 Påmeldingsfrist: 1. februar / 1. mars 2015 Rapport til AU/UK Utveksling til Norge i 2015. Søknadsfrist innan 15. mars. Økonomisk ramme: Kr. 3.000 Kr. 5.000 Ca. kr. 5.000 Kr. 25.000 Kr. 25.000 Samarbeid med Polen Stipendordning for ungdom frå Luster som deltek på yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utviklings-/læringstiltak Administrasjonen Administrasjonen og AU Vedteke i UK 14.02.2012. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år. Fylkesting for ungdom : Våren 2015 Administrasjonen og AU Då invitasjon er motteken Lokale transporttilbod for ungdom (LTU): Administrasjonen og AU. Søknadsfrist er våren 2015. Blås grønt/(nattcup): Natt til 17. mai 2015 Arrangørteam: Davis Høyheim Skintveit og Manus Viking Jåstad. Administrasjonen bidreg med hjelp undervegs. Rapport til AU/UK. Nettverkssamling Hausten 2015 Administrasjonen og AU Då invitasjonen er motteken. Kr. 10.000 Ca. kr. 2.000 pr. pers. + reise Kr. 5.000 Kr. 120.000 Ca. Kr.10.000 Ca. kr. 1.500 pr. pers. + reise Ca. kr. 5.500 Driftsutgifter, - erfaringstal Ca. kr. 40.000 Sum Budsjett 2015 Refusjon fylket Avvik +/-