Øystre Slidre kommune Nemnda for levekår Hovedutskrift Møtedato: 09.10.2006 Møtetid: Kl. 10:00 13:30 Møtestad: Tingvang Saksnr.: 009/06-009/06 Medlemmer: AP - Marit Synnøve Opheim (Medlem) SP - Arne Myrvang (Medlem) SP - Magne Presthegge (Medlem) V - Gustav Fystro (Utvalsleiar) Forfall: AP - Berit Rogde Balderheim (Medlem) FRP - Wenche Skogen (Medlem) V - Lars Kristian Dalen (Medlem) Vara: V - Eli Marit Fuglesteg (Vararepr.) Fra Administrasjonen møtte: Sektorleiarane frå skule/barnehage og helse/velferd Av 7 medlemmer møtte 4. Totalt frammøtte: 5 Medlemmer: Sakliste: Sak nr. Sakstittel 009/06 Referatsaker
Øystre Slidre kommune Saksbehandlar: Anne Grete Solberg Saksframlegg Arkivsaksnr: 06/1348 Arkiv: Behandla av: Møtedato Saksnr: Nemnda for levekår 09.10.2006 009/06 Referatsaker Protokoll frå møte 11 september 2006 Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: Protokoll godkjent utan merknad.. 09.10.2006 Nemnda for levekår Behandling: Nemnda la fram følgande til budsjett-økonomiplan: Levekårsnemnda har drøfta budsjett for 2007 på generelt grunnlag. Som innspel til prosessen har vi følgjande kommentarar: Generelt: - Vi vil få større investeringar i løpet av dei kommande år. Dette vil medføre ei vesentleg auke i lånegjeld. Det er derfor viktig at vi prioriterer etter langsiktige planer, og gjennomfører nøktern budsjettering, som ikkje trugar handlingsrom på sikt. - Det er viktig å vidareføre det positive samspelet mellom idrettslag, reiselivsnæringa og kommunen. Vi vil gjerne vera ein plusskommune. - Støtte og oppmuntring til lag- og organisasjonar er viktig, spesielt gjeld dette der aktivitetar er retta mot barn og ungdom. - Kontinuerleg arbeid med å legge til rette for godt arbeidsmiljø er viktig. Over tid må skolering av leiarar ha nødvendig prioritet. Diskusjonen om fråvær er ikkje enkel, men godt arbeidsmiljø og god leiing er viktige faktorar. - Sikre tilfredsstillande kompetanse og utstyr innan IKT. Det må utviklast ein plan for IKT Valdres Helse og velferd: - Nemnda held fast ved dei tidlegare prioriterte investeringane i omsorgsbustadar. - Ha fokus på helseførebyggande tiltak, her under Fysak-satsing.
- Høg prioritet på heimetenesta. Vi må sjå dei totale tilbod under eitt (sjukeheim, omsorgsbustadar, heimetenesta mm.). - Samordning/samhandling av innsats innan psykiatri-satsinga bør vektleggast. - Ha fokus på å sikre nok tilrettelagde bustadar for eldre og funksjonshemma. - Førebu situasjonen med avvikling av den felles regionale flykningetenesta. - Fortsette arbeidet mot NAV-reformen. Skule og barnehage : - Nemnda held fast ved dei tidlegare prioriterte investeringane til skulebygging. - Vi må oppretthalde full barnehagedekning, og med høg kvalitet. Positivt med det regionale samarbeidet om kompetanseheving. - Halde fram det viktige arbeidet med den nye skulereforma Kunnskapsløftet, forme ein skule i Øystre Slidre med ein kultur for læring, samt fokuserer på tilpassa opplæring. Sikre tilfredsstillande kompetanse og utstyr innan IKT. - Vi bør prioritere arbeidet med ein kvalitetsutviklingsplan for skulen. Nemnda la fram følgjande til Opprettelse og etablering av senter mot incest og seksuelle overgrep i Oppland fylke: Levekårsnemnda har drøfta søknaden frå interimstyre for oppstart av eit støttesenter retta mot incest og seksuelle overgrep, med etablering på Gjøvik. Nemnda meiner at eit støttetilbod for denne gruppa er viktig. Omfanget av slike overgrep er etter alt å dømme stort, og der eit senter kan fylle eit udekka behov. Fordelinga av kostnader mellom kommunar og helseføretak var uklar i søknaden. Nemnda meiner elles at omsøkt beløp til kommunen er på akseptabelt nivå. Med tanke på omfang og konsekvensar av denne type overgrep er nemnda i denne samanhengen mest opptekne av at dette blir gjort på ein måte som er mest tenleg. Det er viktig å sikre kompetanse, og eit senter som skissert vil kunne ha potensiale til å nå ei målsetting her. Det er derimot grunn til å reise spørsmål ved om ei lokalisering på Gjøvik sikrar tilstrekkeleg tilgjenge til tenesta. Dette er ikkje eit enkelt spørsmål, og nemnda kan og sjå fordelar ved at det kan bli ein viss avstand til senterfunksjonen/nokre tenester. For Valdres-regionen vil det vera viktig at eit slikt senter arbeider målretta i heile ansvarsområde (etter kvart heile fylke). Det er viktig at tilstrekkeleg informasjon om tenesta, og dei støttefunksjonar som blir etablert, verkeleg når ut. Det er også viktig at det blir sett på mogleg desentraliserte tilbod der dette er tenleg (nettverk, Aurdal psykiatriske) Det vart reist spørsmål om det kan vera grunnlag for delvis samordning med krisesenter (administrativt, lokalisering). Nemnda meiner det er rett å gje støtte til etablering av senteret. Ordninga bør evaluerast etter eit par års drift, særleg med tanke på i kva grad senteret dekker reelle behov. Protokoll og andre referatsaker vart samrøystes vedteke og teke til etterretning. LK-009/06 Vedtak: Protokoll godkjent utan merknad. Referatsaker teke til etterretning.
Rett møtebok: