Side 1 av 7 S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G GANG OG SYKKELVEG GROV NEDRE, ATLØY GNR/BNR 51/3 ASKVOLL KOMMUNE Utsyn over planområdet på Grov nedre, Atløy. Mot NV. Foto: Karoline Hareide Breivik. Storehagen 1B Pb. 173 6801 FØRDE Tlf.: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 7 Kommune: Askvoll Gardsnamn: Grov nedre Gnr/Bnr: 51/3 Tiltakshavar: Adresse: Askvoll kommune Namn på sak: Gang og sykkelveg Grov nedre, Atløy skule Saksnummer: 15/5629 Prosjektnummer: Registrering utført: 26.08.15 Ved: Karoline Hareide Breivik og Ine Askevold Hansen Rapport utført: 28.08.15 Ved Karoline Hareide Breivik Automatisk freda kulturminne i området: 0 Nyare tids kulturminne i området: 0 Askeladden id SAMANDRAG I samband med kulturminneregistreringa av gang og sykkelveg ved Atløy skule vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved overflateregistrering, der det primært vart leita etter aktivitetsområde, graver etc. frå steinalder og bronsealder. Rett sør for tiltaksområdet er det kjent to automatisk freda kulturminne. BAKGRUNN FOR PLANEN Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Atløy i perioden 26.08.15. Bakgrunn for registreringa er Askvoll kommune sin plan om gang og sykkelveg ved Atløy skule. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør 9 i lov om kulturminne. OMRÅDET Planområdet ligg på Atløy, vest for Askvoll sentrum, på Grov nedre gbnr. 51/3, med ferje som tilkomstmiddel. Området strekkjer seg frå fotballbana i sør-aust mot bustadhusa i nord-vest.
Side 3 av 7 Planområdet er relativt kupert og fuktig, med berg som stikk opp i dagen. I dei våtare områda mot nord-vest veks det høgt gras og mose, medan det i dei tørrare partia i sør-aust, er mykje lyng, einer og berg. Figur 1: Oversiktskart som syner planområdet markert i blått. seeiendom.no / KHB Figur 2: Kart som syner planområdet markert i blått. seeiendom.no / KHB
Side 4 av 7 Figur 3: Kart som syner kvar gang og sykkelveg skal gå. Figur 4: Planområdet. fylkesatlas.no
Side 5 av 7 Figur 5: Kjente automatisk freda kulturminne. Askeladden.ra.no / KHB KULTURMINNE I OMRÅDET Det er tidlegare registrert ei gravrøys (ID: 55426) og ein steinring (ID: 60445) frå bronsealderen rett sør for planlagt tiltak. Sør-aust om fotballbana er det registrert fleire gravrøyser frå bronsealder-jarnalder (ID: 25747, 6673, 36136, 25748). DELTAKARAR OG TIDSROM STRATEGI OG METODE Arkeologane Karoline Hareide Breivik og Ine Askevold Hansen utførte den arkeologiske registreringa på Atløy i perioden 26.08.15. 2 dagsverk vart nytta i felt og 1 dagsverk er nytta på etterarbeid. STRATEGI OG METODE Grunna eit relativt kupert terrenget innanfor planområdet vart det føretatt ei overflateregistrering. Ved overflateregistrering blir området nøye undersøkt for synlege strukturar i markoverflata, som kan tyde på førhistorisk aktivitet. Ved mistanke om førhistoriske strukturar blir området undersøkt ved hjelp av jordbor eller ved prøvestikk. Det vart ikkje føretatt prøvestikking då planområdet var prega av anten våt og djup myr, eller berg. RESULTAT Den arkeologiske registertinga på Atløy vart gjennomført ved visuell overflateregistrering. Det var ikkje teikn til liknande gravrøyser eller steinringar innanfor planområdet. Områda der røysene ligg er nærare sjøen, og er mindre fuktig og kupert enn det undersøkte arealet. Det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne innanfor planområdet.
Side 6 av 7 KONKLUSJON På Grov nedre ved Atløy skule vart det gjennomført ei arkeologisk registrering den 26.08.15 i samband med planarbeidet om gang og sykkelveg til Atløy skule. Tiltaksområdet vart overflateregistrert utan å finne spor etter førhistorisk aktivitet. Rett sør for tiltaksområdet er det kjent to automatisk freda kulturminne. FØRDE 28.08 2015 Feltleiar Vedlegg: Vedlegg 1. Fotoliste Vedlegg 2. Foto
Side 7 av 7 VEDLEGG 1: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Planområdet N-V 26.08.15 IAH 2 Planområdet V, N-V 26.08.15 IAH 3 Planområdet N 26.08.15 IAH VEDLEGG 2: FOTO