Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 1, 01.2013 IKT-nettverk
1
Forklaring av forkortingar SU: Samhandlingsutvalet (www.fousam.no) FOUSAM: Forsking- og utviklingseining for samhandling (www.fousam.no) Overordna mål Faglege nettverk vert oppretta for å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige områder i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal óg ha oversikt på arena og kanalar for samarbeid på feltet. Organisering og forpliktelse for partane Samhandlingsutvalet (SU) etablerer og godkjenner faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, slik det er beskrive i samarbeidsavtalane. 1 Partane forpliktar seg til deltaking i nettverk som vert oppretta av SU. Medlemmene i nettverket er kontakt- og ressurspersonar for feltet i sin organisasjon. o Arbeidsgivar legg til rette for deltaking og korleis ressurspersonen skal nyttast i eigen organisasjon. Kvar part dekkjer utgifter til deltaking for sine tilsette. Brukarorganisasjonane dekkjer utgifter til deltaking for sine medlemmer, dei kan søkje dekning frå FOUSAM. Nettverket skal ha ein kontaktperson i FOUSAM. Nettverket skal bidra inn i utvikling av pasientforløp og tilhøyrande prosedyrar på tvers av nivå og i utforming av brosjyrar og undervisningsmateriell. SU kan via FOUSAM setje ned eigne arbeidsgrupper. Nettverket skal med bakgrunn i praksis og oversikt på meldte avvik, bidra til å avdekke flaskehalser og utfordringar i pasientforløpa. Ut frå fagleg kompetanse, erfaring og kunnskapsbasert praksis, skal nettverket komme med forbetringsforslag. Fagseminar og liknande skal arrangerast i samarbeid med FOUSAM. Nettverket skal utarbeide ein handlingsplan for kvart år og sende han til FOUSAM innan 30. november. SU vedtek satsingsområder for FOUSAM. Nettverket sin handlingsplan må vere i tråd med satsingsområda. SU kan óg bestille oppdrag hos nettverket via FOUSAM. Nettverket skal rapportere årleg utført aktivitet til FOUSAM, innan 31. januar. 1 Tenesteavtale 6, punkt 2 og Tenesteavtale 2, punkt 11 www.helse-fonna.no/samhandling 2
FOUSAM samlar rapporteringar frå alle nettverk og rapporterer vidare til SU innan 28. februar kvart år. 3
Ved etablering av nettverk, skal desse punkta avklarast og skriftleggjerast: Mål for nettverket Må ha fokus på gevinst for sluttbrukar (innbyggjar/ pasient/ brukar) Nettverket skal arbeide for enkel, sikker og rask tilgang til og overføring av påliteleg informasjon i samhandling mellom kommunane og føretaket. Bakgrunn for etablering Beskrive kvifor nettverket vert etablert, med bakgrunn i fagmiljø og leiing si vurdering. Med bakgrunn i Tenesteavtale 9 «Samarbeid om IKT-løysingar lokalt» punkt 4.1 opprettar SU i møtet 09.01.13 eit fagleg nettverk innafor IKT-området. IKT er eit område som stadig er i endring, og som har behov for eit kontinuerlig fokus. Skal ein få til samhandling som understøttar heilskaplege behandlings- og omsorgskjeder, er gode og funksjonelle IKT-løysingar ein føresetnad. Nettverket vert etablert for å sørgje for at dette fokuset blir ivaretatt. Grunnlagsdokument for etableringa Skal byggje på lover, forskrifter, retningslinjer, nasjonale handlingsplanar, samarbeidsavtalar og bestillardokument eller andre aktuelle dokument. FOR 2000-12-20 nr. 1556: forskrift om tekniske funksjonskrav til kommunikasjonsteknisk utstyr som inngår i helsetenestenes kommunikasjonsberedskap. Arbeidsområde Ha oversikt på og arbeide i takt med nasjonal, regional og lokal utvikling innan IKT og helse. Vere pådrivar for gjennomføring av Tenesteavtale 9, og gje råd om prioriteringar og satsingsområder slik at ein sikrar utvikling på feltet. Vera pådrivar for gjennomføring av Meldingsløftet. Ha oversikt over status hos samhandlingspartane via rapportar som vert mottekne kvar 6. månad. Vere eit kontaktledd for innspel frå samhandlingspartar. Gi råd ved foreslåtte IKT-prosjekter/tiltak. Gå gjennom, evaluera og gje innspel til Tenesteavtale 9 i samband med revisjon. Samhandlingsutvalet kan vurdere andre oppgåver. 4
Deltakarar i nettverket Skal synleggjere kven som deltek i nettverket: namn på kommunar, sjukehus, brukarorganisasjonar, faginstansar, faggrupper, kompetansesenter med meir. Medlemmer frå kommunane Kompetanse: Representant(ar) med IT-kompetanse Representant(ar) frå helse- og omsorgstenesta med systemansvar for fagsystem Medlemmer frå helseføretak Kompetanse: Representant med IKT- og prosesskompetanse Representant med ansvar for prosessen i forhold til å implementera og overvaka meldingar til og frå føretak Seksjonsleiar, i første omgang for PLO-pilotseksjon Medlemmer frå legekontor Kompetanse: Representant frå praksiskonsulentordning (PKO) Representant som er systemansvarleg for fagsystem Organisering av nettverket Kommune og føretak melder inn kandidatar til nettverket, SU utnemner medlemene. Nettverket konstituerer seg sjølv og fordeler leiar og nestleiarfunksjon, ein frå kommune og ein frå føretak. Nettverket vert einig om møteform og frekvens etter behov. Mandat vedteke i Samhandlingsutvalet 09.01.2013. 5
6
FoU-enhet for samhandling ved Høgskolen Stord/Haugesund Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund Telefon: 4824 6811 E-post: info@fousam.no www.fousam.no 7