Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Dykkar ref Vår ref Dato 16/2563-5 16/4410-22.09.2016 Om søknad om førehandssamtykke for bruksendring og omlegging frå naturgras til kunstgras på Kvåle stadion - Sogndal kommune Kulturdepartementet viser til tidlegare korrespondanse, seinast brev av 9. august 2016 frå Sogndal kommune med søknad om førehandssamtykke som nemnd over. Departementet har behandla søknaden og lagt søknaden fram for uttale frå Norges Friidrettsforbund og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vedlagt dette brevet følgjer til orientering kopi av svarbreva frå både forbundet og fylkeskommunen (kopi av fylkeskommunen sitt svarbrev har kommunen tidlegare fått frå fylkeskommunen). Vedlagt følgjer også to brev frå høvesvis leiar av Sogndal idrettsråd, Jan-Erik Weinbach, og leiar av Sogndal idrettslag, Cecilie Thaule Løvlid. Utgangspunktet for behandlinga av søknaden er departementet sitt brev av 19. februar 2010, der det heiter til slutt: "Under desse premissane vil departementet ikkje ha innvendingar mot at grasbana på Kvåle stadion vert omlagd til kunstgras". Premissane som departementet her viser til er at 1) utviklinga Kvåle stadion inngår ifølgje fylkesdelplanen som ein del av utviklinga av Fosshaugane Campus "for å dekke behovet for utomhus idrettsanlegg for mange brukargrupper, inkludert omsynet til friidrett", og at 2) det går fram av brev frå Sogndal kommune "at kommunen vil vera open for å vurdera ei tilfredsstillande løysing også for kastøvinga". Med dette som utgangspunkt har departementet vurdert søknaden om førehandssamtykke for bruksendring og omlegging til kunstgras. Departementet har merka seg dei innvendingane Posadresse Postboks 8030 Dep Kontoradresse Akersg. 59Akersg. 59 Telefon 22 24 90 90 NO-0030 OsloNO-0030 Oslo Org. nr. postmottak@kud.dep.no http://www.kud.dep.no/ 972 417 866 Avdeling for sivilsamfunn og idrett Saksbehandlar Åsmund Berge 22 24 80 60
som tidlegare er kome frå friidretten og i denne omgang frå Norges Friidrettsforbund, samt frå leiarane av Sogndal idrettsråd og Sogndal idrettslag (sjå vedlegga) På den andre sida står Sogndal kommune som har fått støtte for bruksendring og omlegging frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og dessutan frå Sogndal idrettsråd som har fatta ei avgjerd 7 mot 1 i favør av bruksendring og omlegging. Vedtaket/referat frå idrettsrådet følgjer også vedlagt. I departementet si vurdering har ein teke i betraktning alle dei momenta som er for og mot bruksendring og omlegging, og som er framført av partar denne søknaden angår, og departementet viser til vedlegga, der dei ulike momenta kjem fram. Dette gjeld først og fremst på den eine sida bruken av stadionet i dag med naturgras og den meirbruken som omlegging til kunstgras vil føre til, og på den andre sida at kastøvingar i fridretten ikkje vil vere mogleg etter omlegging. Med andre ord ville meir fotball kunne verte spelt, og mindre friidrett ville verte driven, men samla ville det verte meir aktivitet. Om kastøvingane som ville verte skadelidande, framhevar departementet spesielt at dette vil kunne finne si løysing på lengre sikt ved at Sogndal kommune anlegg ny kastsektor utanfor, men ved stadionet, og at kommunen har varsla planlegging av dette (reguleringsarbeid). Vidare framhevar departementet at på kort sikt vil friidretten sine spyd-, diskos- og sleggekastarar, som i dag er få, om dei finst, måtte drive kastøvingane på annan stad. I denne samanhang viser departementet til brevet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, kor det heiter: "I påvente av dette reguleringsarbeidet oppmodar vi Sogndal kommune om må legge til rette for kastsektor med kastbur for spyd, diskos og slegge for yngre utøvarar som ev. kan utvidast. Eit alternativ er å legge kastsektor mellombels på Kaupanger idrettspark på grasbane som er relativt lite brukt til fotball. Begge desse anlegga har Sogndal kommune uttalt kan vere gode løysingar som kommunen vil kunne støtte økonomisk". Når det så gjeld friidretten i Sogn og Fjordane generelt, viser departementet til fylkeskommunen sitt brev og omtalen der av noverande, regionale plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019. Det heiter om dette at status som fullverdige konkurranseanlegg for friidrett har dei i Florø, Førde, Byrkjelo og Øvre Årdal, og at "dette betyr regional plan ikkje tar omsyn til Kvåle stadion som fullverdig friidrettsanlegg, men eit rekrutteringsanlegg for friidrett der det ikkje vere krav om status som fullverdig konkurranseanlegg for friidrettsstemner på nasjonalt og internasjonalt nivå". På denne bakgrunn og med utgangspunkt i departementet sitt brev av 19. februar 2010 finn departementet etter ei samla vurdering å gje Sogndal kommune førehandssamtykke til bruksendring og omlegging frå naturgras til kunstgras på Kvåle stadion. Departementet gjer gjeldande det vilkåret for samtykket at kommunen startar reguleringsarbeidet eller held fram allereie starta arbeid så snart som mogleg, med sikte på å realisere kastsektor for friidretten sine kastøvingar på kort og lengre sikt til erstatning for naturgrasdekket på Kvåle stadion. Avgjerande for dette har for departementet vore den tidlegare uttalen frå departementet, Side 2
kommande auke i bruken av Kvåle stadion og omsynet til friidretten og kastøvingane vert søkt ivareteke av kommunen. Departementet opplyser at dette førehandssamtykket på vilkår er eit enkeltvedtak som kan verte gjenstand for klage. Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til vedkommande part. Klageinstans er Kongen i statsråd. Ei eventuell klage skal sendast til Kulturdepartementet. Særleg opplyser departementet at avgjerd teken av Kongen i statsråd i klagesak, ikkje kan klagast inn for Sivilombudsmannen. Med helsing Ole Fredriksen (e.f.) avdelingsdirektør Åsmund Berge fagdirektør Dette dokumentet er godkjent elektronisk og er difor utan handskriven signatur. Kopi: Norges Friidrettsforbund Sogn og Fjordane Friidrettskrins Sogn og Fjordane idrettskrins Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogndal idrettsråd Sogndal idrettslag Vedlegg (alle fem vedlagde brev/referat vert sende elektronisk i form av eit vedlegg) Side 3