REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 12.06.07 kl 10.00 Stad: Bykle næringshage Desse møtte: Olav K. Mosdøl 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Ole P. Bruun Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum Randi Steinsholt Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 13.06.07 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Drøfting av utviklingstankar 4. Søknad om etableringstilskott - blomsterbutikk 5. Søknad om tilskott Kurs/ aktivitetar Støyledalen 6. Søknad om tilskott Kafè/ kaffibar 7. Forprosjekt Heimte 8. Søknad om tilskott Bjåen Fjellstove 9. Søknad om tilskott til Gladmatfestivalen 10. Søknad om dekking av tapte inntekter i samband med overbygging og omlegging av Rv9 11. Rekneskap i BHV og dotterselskap 12. Møteplan hausten 2007 13. Eventuelle andre saker 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar av siste utkast. : Styret godkjende referatet frå møte 04.05.07, og underskreiv dette. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. HovdenFerie - orientering Det blei orientert om planlagt gjennomgang av HF. Hans Otto Andersen er engasjert for å gjennomføre dette. Styret understreka at det er viktig å involvere dei største verksemdene i arbeidet, og at det må utarbeidast eit mandat for markedsrådet. Styret er samde i å velge Odd Grønberg og Inger Cathrine Bryne som styremedlemer, i staden for Arvid Flagestad og Terje Marcussen. B. Bykle2020 kommuneplan Det blir jobba med løysingar i høve til motsegnene som er kome til kommuneplanen. Ein legg opp til vedtak av kommuneplanen i kommunestyret i august. C. DDA Det er to tilbydarar til oppdraget med utbygging av breiband for Digitale DistriktsAgder (ein har trekt seg). Det blir avgjort 15.06.07 kven som får oppdraget. D. Prosjekt VA - Hovden Sør BHV har hatt ein omfattande gjennomgang av økonomien og framdrift i prosjektet for kommunestyret. Utfyllande informasjon som grunnlag for beslutningar blir gitt i kommunestyremøte 21.06.07. E. Reiseliv/Helse/Idrett Det er gjennomført workshop for prosjektet med deltakarar frå næringa, BHV, Høgskolen i Agder og fylkeskommunen. Det blir no utarbeidd ein prosjektrapport som skal danne grunnlag for vidare framdrift i prosjektet. F. Elgtun BHV har bistått initiativtakar med å prøve å finne ei løysing i høve til areal for satsinga, men har ikkje nådd fram i høve til grunneigar. I. Kommunedelplan tur- og skiløyper Stort arbeidspress for kartansvarleg i kommunen, har gjort at framdrifta ligg etter opprinneleg plan. Straks arbeidet med reguleringsplan for Midtregionen er ferdig, blir det sett fokus på innteikning av løyper, møte i referansegruppe m.m. 2
SAK 03. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Styret bruka starten av møtet til å drøfte tankar om utviklingstiltak. SAK 04. SØKNAD OM TILSKOTT BLOMSTERFORRETNING Søkaren skal kjøpe blomsterforretning i Valle, og hadde derfor trekt søknaden. SAK 05. SØKNAD OM TILSKOTT KURS/ AKTIVITETAR STØYLEDALEN Olav M. Holen søker om støtte til aktivitetar i Støyledalen. Då garden Holen vart neddemt i 1976 blei dei gamle stovehusa flytta til Holskrone i Støyledalen. Dei siste åra har Olav M. Holen lagt ned investeringar og arbeid for å ruste opp dei gamle husa og området rundt. I Holskrone er det fire hus (stoge, låve, lopt og badstue) og i alt 24 sengeplassar. 500 meter frå tunet har han også ein støyl med noko enklare standard, og 5-7 sengeplassar. Det er 10 minutt å gå frå bilveg til tunet. Olav M. Holen ønskjer no å nytte plassen som utgangspunkt for retreat, kurs eller seminar. Han har lagt opp til 5-dagars samlingar eller helgesamlingar, samt at han vil ha spesielle kulturkveldar og anna. Det skal vere eit unikt opplevingstilbod, der kvalitet i alt frå opplevingar til mat vert vektlagt. Økologisk tankegang skal ligge til grunn for etableringa. Han har samarbeidspartnarar innan botanikk, urter og lokal mattradisjon. Olav M. Holen får eit etableringstilskott på kr 20 000,- I tillegg får han støtte til å dekke 25 % av kostnadene med marknadsføring, oppad avgrensa til kr 10 000,- BHV vil elles gi råd og rettleiing med tanke på vidareutvikling av prosjektet. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 06. SØKNAD OM STØTTE KAFÈ/ KAFFIBAR Laila Johnsen Kjær skal opne kafe/ kaffibar (Smak og Nyt AS) i Fjellgardstun på Hovden. Ho søker om støtte til etableringa. Styret i Bykle og Hovden Vekst AS ønskjer nyetableringa velkomen, og vil gi Smak og Nyt AS eit etableringstilskott på kr 25 000,-. Utbetaling skjer i tråd med utbetalingsreglane. SAK 07. UTVIKLING AV HEIMTE Styret drøfta vidare arbeid med Heimte-prosjektet Det kom fram mange idear som skal takast med i det vidare arbeidet. Det blei understreka at det er viktig å ta tak i dei behova som Bykle har for arbeidskraft framover, og vidareformidle desse. Det bør arbeidast med 3
entreprenørskap i skulen og opplegg for gode mentorordningar, gjerne med hyttebyklarar som mentorar. Det bør vurderast om prosjektet kan støttast t.d. frå NHO Administrasjonen arbeider vidare med prosjektet, og konsentrerer seg om eit prosjekt for Bykle. Det skal leggast fram ein prosjektplan til neste styremøte. SAK 08. SØKNAD OM TILSKOTT BJÅEN FJELLSTOVE Ragnhild Bjåen har lenge jobba med planlegging av utvikling for Bjåen Fjellstove. Ho vil ruste opp den gamle Fjellstova for å nytte den til overnatting og servering, og er opptatt av å behalde den gamle atmosfæren. Bjåen har ei interessant kulturhistorie som ho gjerne vil formidle vidare. I tillegg til å drifte Fjellstova vil ho drive utvikling av matprodukt, opplevingar og aktivitetar knytt til garden og utmarka. Bykle & Hovden Vekst AS gjev Ragnhild Bjåen eit tilskott på kr 671 550,- i samband med utvikling av gardsturismeprosjektet på Bjåen. Grunnlag for tilskottet er følgande kostandsberekningar: 14 % av kostander til opprusting av Fjellstova (kr 3 082 500,-) = kr 431 550,- 20 % av kostnader til produktutvikling og aktivitetar (kr 1 200 000) = kr 240 000,- Dersom kostnadene blir mindre, blir tilskottet tilsvarande redusert. Utbetaling kan først skje etter at det er lagt fram godkjente planar med tanke på brannvern, næringsmiddeltilsyn, ev. skjenkeløyve m.m. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 09. TILSKOTT TIL GLADMAT-FESTIVAL Det blei lagt fram søknad frå Bykle Hotell, Eminent Hovdestøylen Hotell og Hovden Høgfjellshotell om støtte til deltaking på Gladmatfestivalen i Stavanger. Dagleg leiar sa seg inhabil og deltok ikkje i handsaming av saka. Bykle & Hovden Vekst AS gir søkarane, (Bykle Hotell, Eminent Hovdestøylen Hotell og Hovden Høgfjellshotell) kr 25.000 i støtte til deltakinga på gladmat-festivalen i Stavanger 4
SAK 10. SØKNAD OM DEKKING AV TAPTE INNTEKTER I SAMBAND MED OVERBYGGING OG OMLEGGING AV RV 9 Søknad frå ICA Hovden om dekking av tapte inntekter i samband med overbygging og omlegging av Rv 9, tilgang til parkeringsplassar mai/oktober 2006 blei lagt fram i styremøtet. Søknaden var oversendt frå kommunestyret, og kom så seint at det ikkje hadde vore mogleg å gjennomføre sakshandsaming før møtet. Bykle & Hovden Vekst AS vil handsame søknaden i neste styremøte. Det skal i forkant hentast inn utfyllande informasjon. SAK 11. REKNESKAP I BHV OG DOTTERSELSKAP Det blei kort orientert om rekneskapane for BHV og dotterselskapa. Styret skreiv under på dei aktuelle dokumenta. Ole P. Bruun skal møte som BHV sin representant på generalforsamlingane i dotterselskapa for BHV. SAK 12. MØTEPLAN HAUSTEN 2007 Det blir lagt opp til følgande møteplan for hausten 2007: Fredag 07.09. kl 10.00 i Kristiansand Fredag 02.11. kl 09.00 Telefonmøte Torsdag 15.11. og Fredag 16.11 i Bykle. Det blir teke sikte på fellesmøte med kommunestyret 15.11. 5