- ei av dei «3 gylne vandrerutene» i Indre Hardanger : «BUFØRE- & PILEGRIMSVEGEN» i Folgefonna nasjonalpark "Sherpa-treppene" Soge: Frå slutten av 1200-talet og fram til 1941 vart det ført buskap opp Reiseterlia, over høgfjellet, og ned til dei gode beita ved Botsvatn øvst i Krossdalen, Jondal. Pilegrimmar gjekk over her i mellomalderen på veg til det undergjevande krusifikset i Røldal stavkyrkje. Frå 2012 har sherpaer frå Nepal arbeidd med tilbakeføring og istandsetjing av Buførevegen/Pilegrimsvegen, m. a. med steinsetjing og varding. I 2014 var den ferdig opp Reiseterlia i Vikebygd. Skildring av tur: De kan velja å starte turen nedante fjorden, 4 km på FV 109 frå Nå Auto, eller køyre til Pplass på Reiseter. Der er kart og skilting. Gå frå P-plass langs gardsvegen i retning sørvest, til Skrele der de kryssa Bleieelva. Ein skogsveg like sørom elva fører til den steinsette stigen opp Reiseterlia - forbi Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug og til Reisetereggjet i 1200 meters høgd. Der står den fyrste steinvarden. Turen opp Reiseterlia tek minst 2 timar, og er ei vandring på flott steinarbeid med ca 2000 trappetrinn, med vakker utsikt over Reiseter og Sørfjorden. Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande i Reiseterlia - og innafor grensene til nordlege del av Folgefonna Nasjonalpark. Råd for turen: Bruk fjellstøvlar, og gjerne vandrestavar. Deler av turen over fjellet går vanlegvis på snø. Ver merksam på at vêret fort kan endra seg - frå solskin ved start til vind, og regn/snø på høgfjellet. Ta alltid med gode kle; ull-, regn- og vindkle, lue og vottar, og niste for lang dagstur. Vatn i bekkar kan - på eige ansvar - nytast undervegs. Det er fri ferdsel i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Sesong: Juli oktober. Ikkje gå denne turen om vinteren. Det er stor skredfare i fjellsidene på vinterstid. Ikkje kast søppel i naturen! God tur!
One of Hardanger's «Golden Hikes»: - walk the new restored Sherpa's steps into Folgefonna national park: «The Cattle's trail and pilgrim's road» History: Taking cattle from Reiseterlia across the high mountain down to the rich grazing land in upper Krossdalen, Jondal, has probably been going on from the late 1200s till 1941. Pilgrims went in the middle age from Krossdalen to Reisæter on their way to the wondergiving crucifix at Røldal stave church. Sherpas from Nepal have been working with the restoration of this Buføre-/Pilgrimsroad since 2012; among other things by paving the path and raising cairns. Description of the hike You may start to walk down by the fjord and use Fv 109 from Nå auto, or you can drive those 4 km to the parking lot in Reiseter. Here are map and hiking signs. From the parking lot at Reisæter; follow the farm road towards the southwest to Skrelet. A woodland road just south of Bleieelva will lead you to the paved track upwards towards Reiseterlia, past Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug to Reisetereggjet, at 1200 meters above sea level, where the first cairn giving directions is erected. The path up to Reiseter is beautifully paved. You will have a wonderful view overlooking Reiseter and Sørfjorden; a stairway to heaven. This is at least a two hours walk. Buførevegen and the Pilgrimage track merge at Reiseterlia, within the borders of Folgefonna Nasjonalpark. Advice for the hike As quite large parts of the hike pass across snowdrifts you are advised to wear mountain boots. Be aware of rapid changes in weather, from sunshine when you start into wind and rain/snow in the high mountains. Be sure to bring a suitable outfit for rain, wind and cold. Remember caps and mittens. Wool is highly recommended. It is also important to bring a packet of sandwiches sufficient for a long hike. The water in brooks can be enjoyed as drinking water, but at your own responsibility. You have free access to outlying fields, but please take care of and respect nature and wildlife. Season: July October. Do not try this hike during winter. There is great danger of avalanches in the mountains during winter. The hike in Reiseterlia crosses the avalanche path, and avalanches occur almost every winter. Please do not leave any litter! Have a nice walk!
PHOTOS Illustrasjon 1: Start frå Reiseter - utsikt mot Folgefonna nasjonalpark Illustrasjon 2: Undervegs i lia med utsikt ned til garden Reiseter og Sørfjorden, samt grendene Hovland og Sekse på austsifa v fjorden Illustrasjon 3: På toppen av Reiseterskardet er steinvarden på Eggjet - 1200 moh - med panoramautsikt mot Hardngervidda i aust, Sørfjorden langt der nede og Folgefonna i sør
Illustrasjon 4: Sterke kroppar ber stein Illustrasjon 5: Sherpamenn frå Nepal byggjer steintreppene i Reiseterskardet Illustrasjon 6: Tid til å nyta natur og lunsj må og til
Illustrasjon 7: Nipene, dei ville fejlla på sørsida av Herrsetenuten her kan de vera på utkikk etter både ørn og ravn. Dette er utsikta mot fjella nordom buførevegen. Illustrasjon 8: Utsikt nedover frå Reiseterskardet - starten på Nipene t.v.
Illustrasjon 9: Sauer beiter i fjella her, og brukar gjerne sherpatreppene Illustrasjon 10: Turgårarar på veg mellom Nedste og Øvste Kvilinghaug
Illustrasjon 11: Mønster i isbreen ein ser langs turen Illustrasjon 12: Spennande geologi langs vegen
Illustrasjon 13: Sherpagjengen ved varden på Eggjet fin plass for gruppefoto eller selfi Illustrasjon 14: Gruppetur
Illustrasjon 15: Utsikt frå Gråsteinsnuten - NB! dette er ikkje langs vegen Illustrasjon 16: Kart Folgefonna nasjonalpark Vikebygd og buføre og pilegrimsvegn er i nordlege enden av parken