Søk regionale miljøtilskot elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne foldaren er det ei skildring av korleis du søkjer elektronisk med tips og råd til utfylling. Ta vare på den og finn den fram når du skal søkje. Du kan òg få hjelp og støtte frå kommunen din. Du kan søkje elektronisk frå 1. august! Elektronisk søknad har fleire fordelar: Kartteikningane frå 2014 eller 2013 kan nyttast om att Du får ferdig utfylte opplysningar om føretaket Du får løpande beskjed om du har fylt ut skjemaet rett Opplysningane vert kontrollerte undervegs Du får kvittering i Altinn på at søknaden er motteken. «Min meldingsboks Arkivert» I Altinn «Mitt landbruksforetak» kan du sjå når det er gjort vedtak på søknaden Lever søknaden elektronisk - trygt og sikkert på www.landbruksdirektoratet.no
Landbruksdirektoratet Side: 2 av 5 Kva må du gjere på førehand? Du treng berre ein vanleg nettlesar for å søkje. Dersom du ikkje har tilgang til datamaskin, kan du kontakte landbruksansvarleg i kommunen. Dei kan hjelpe deg med å få lagt inn søknaden elektronisk. Sjølve søknadsskjemaet ligg på Altinn, så du må logge deg på med MinID eller BankID (same som i nettbanken). Det er lurt å sjekke at dette er i orden i god tid før du skal fylle ut søknaden. Slik søkjer du elektronisk Gå til www.landbruksdirektoratet.no og klikk på banneret. Søk om tilskudd i landbruket elektronisk. Der finn du direktelenke til skjemaet i Altinn. Når du kjem inn i Altinn, husk å velje å representere føretaket og ikkje deg sjølv som person. Du kjem no inn i søknadsskjemaet og får sjå grunnopplysningane om føretaket ditt. På denne sida vel du kva fylke du skal søkje i.
Landbruksdirektoratet Side: 3 av 5 Eigedomar Når du har valt fylke, klikkar du Neste>>, og legg inn eigedomane du skal søkje for. Søkte du i fjor, vil eigedomane du hadde tiltak på i fjor automatisk vere lista opp i Dersom du ikkje hadde RMP-søknad i fjor, men har sendt inn elektronisk søknad for produksjonstilskot i år, vil eigedomane der ifrå allereie vere fylt ut i Miljøtiltak på kart Dei fleste tiltaka skal stadfestast i kartet. Klikk Neste>> for å kome til sida Miljøtiltak på kart. Klikk på knappen Åpne kart. Søkte du i 2013 eller 2014, får du spørsmål om du vil importere kartteikningane kommunen godkjente. Dette kan ta litt tid, sidan alle kartteikningane du hadde skal hentast opp. Du kan etter importen endre/slette flatene, eller teikne nye. Du kan òg velje å importere kartteikningar seinare, men hugs det vil då slette det du eventuelt har teikna allereie i år. Dersom du ikkje har søkt før, får du sjå den første eigedomen som er lagt inn i søknaden. Du kan berre teikne inn tiltak på éin eigedom i gongen. Har du fleire eigedomar du skal søkje for, kan du bytte mellom desse i nedtrekksmenyen øvst til høgre i kartvinduet. Om du ynskjer å leggje til andre eigedomar i søknaden, må du gjere dette i Importknapp 1. Klikk på Velg tiltak øvst til høgre i kartet, for å velje kva tiltak du vil teikne. I lista er alle tiltak som finst i fylket tilgjengelege. Lista er sortert på aktivitetsområde og tiltak. Skal du velje tiltaksklasse, skal du velje dette etter at tiltaket er teikna inn.
Landbruksdirektoratet Side: 4 av 5 2. Før du kan teikne, må du velje mellom «Tegn i kart» eller «Velg område». 3. Slik fungerer dei to metodane: a. Vel område: Du kan no velje ein markslagsfigur innafor eigedomen med eit enkeltklikk i kartet. b. Teikn i kart: Du får beskjed om tiltaket skal teiknast som punkt, linje eller flate. Punkt vert teikna med eitt klikk i kartet. Linjer vert teikna med fleire klikk i kartet. Avslutt med eit dobbeltklikk. Flater vert teikna med eitt klikk for kvart hjørne av området. Avslutt med eit dobbeltklikk. Om kartet syner eit merka område i blått, kan tiltaket berre teiknast innafor dette. Teiknar du utanfor, vil det utanfor det blå automatisk verte klipt vekk. Det er ikkje naudsynt å teikne nøyaktig langs eigedomsgrenser el. 4. Klikk «Lagre», og hald fram med å teikne. Klikk «Angre», om du ikkje vil lagre tiltaket. 5. Alle tiltaka du har teikna vert viste i ei liste under kartet. Her kan du klikke på Endre eller Slett for å rette opp i tiltaka. 6. Når du er ferdig, klikkar du «Avslutt» øvst til høgre, og vert sendt attende til Når du har teikna i kartet og kjem attende til søknaden, må du klikke på «Hent kartdata» i skjemaet, for å få tiltaka med i søknaden. HUGS! Ta kontakt med landbruksansvarlige i kommunen, dersom du treng hjelp med å teikne i kartet. Andre miljøtiltak Nokre tiltak skal ikkje teiknast i kart. Dette er: Beite i utmark Bevaringsverdige husdyrraser Drift av enkelt- eller fellesseter med foredling. Dersom du søkjer om tilskot til desse tiltaka, skal dei fyllast ut på sida Andre miljøtiltak. Tilleggsinformasjon Klikk Neste>> for å kome til sida Tilleggsinformasjon. Her må du krysse av for dei eigenerklæringane som gjeld for deg. Om du har ei melding til sakshandsamaren, kan dette fyllast ut her. Om du skal leggje til vedlegg, klikk på fana øvst til venstre:
Landbruksdirektoratet Side: 5 av 5 Samandrag Gå vidare til Samandrag, for å sjå heile søknaden. Merk! Samandraget er ikkje ei kvittering. Innsending - Viktig! Når du er ferdig med å fylle ut søknadsskjemaet, klikkar du på knappen «Kontroller skjema». Du får då melding om det er noko som må rettast opp. Dernest klikkar du «Vidare til innsending». På den siste sida må du til slutt klikke på «Send inn», for å sende inn søknaden. For å vere heilt sikker på at søknaden er sendt inn, skal du finne det innsendte skjemaet under «Min meldingsboks - Arkivert». Ligg det ikkje der, har du kanskje gløymt å trykkje «Send inn». Innsyn i sakshandsaminga Om du lurer på om det er gjort eit vedtak på søknaden, eller om den er under handsaming, gå til «Mitt landbruksforetak» i Altinn. Der kan du sjå status på søknaden. Her kan du òg sjå på eller endre kontonummeret som tilskotet vert utbetalt til. foretakspost@mail.no 40051234567 Opne «Mitt landbruksforetak», og sjekk at kontonummeret stemmer. Nytt kontonummer må endrast i Altinn. Du kan endre dette fram til 2. februar 2016.