VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 07.06.2010 Tidspunkt: 15:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Øyvind Uren Ordførar AP Geir Inge Lien Varaordførar SPV Anne Helene Øvstedal Iversen Medlem AP Knut Flølo Medlem FRP Mareno Kennet Nakken Medlem FRP Jan Rune Jacobsen Medlem H Ellen Johanne Andreassen Medlem KRFSV Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Gayle E. Armstrong Vestnes Medlem FRP Ingrid Skjegstad Medlem SPV Guttorm Kjelsvik Ingrid Skjegstad SPV Arne-Jan Steen Gayle E. Armstrong Vestnes FRP Merknadar Fra administrasjonen møtte: Navn Tone Roaldsnes Magne Værholm Stilling Administrasjonssjef Kommunalsjef Underskrift:
Orienteringssak: Ordføraren orienterte om utbygging av Kjøpmannsgata (glasoverbygg). Han tok også opp dei politiske vedtaka i saka, kostnadane så langt, framdriftsplan og kva som kan bli sluttproduktet. Det var generalforsamling i Ørskogfjell Skisenter AS kl 17. Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 52/2010 PS 53/2010 PS 54/2010 PS 55/2010 PS 56/2010 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Regulativ for saksbehandling av byggjesaker, plansaker, delingssaker og seksjonering i Vestnes Kommune. Klima- og energiplan for Vestnes kommune - igangsetting av prosjekt og prosjektsøknad Dispensasjon frå utdanningskravet i barnehagar - delegering til administrasjonssjefen PS 57/2010 Oppfølgjing av politiske vedtak 2008 og 2009 PS 58/2010 PS 59/2010 PS 60/2010 Budsjett 2011 - Organisering av budsjettprosessen Finansreglement Budsjett 2010 - sparetiltak/reduksjonar PS 61/2010 TV-aksjonen - 2010 PS 62/2010 PS 63/2010 Nærmiljøanlegg - Fiksdal oppvekstsenter - kunstgrasbane Vestnes Energi AS - VEAS - Verdivurderingar, utbyttepolitikk, evt. sal
Side 3 PS 52/2010 Godkjenning av innkalling
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Vedtak: Innkallinga samrøystes godkjent. Ordføraren ønskte å ta opp ei drøftingssak. Tema for drøftinga var VEAS- utbyttepolitikk og verdivurderingar. Drøftingssaka vart teken ved starten av møtet. Adm.dir. Stein Berheim og styreleiar Arne Andreassen var innkalla. Ordførar la fram forslag om å lukke møtet. Heimel:K-lova 31, pkt3 (forretningsmessige forhold). Samrøystes vedteke å lukke møtet. Det vart gjort vedtak i saka, og det vart difor oppretta sak (sjå sak 63/2010)
Side 5 PS 53/2010 Godkjenning av protokoll frå siste mçte
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Vedtak: Protokollen frå sist møte samrøystes godkjent.
Side 7 PS 54/2010 Regulativ for saksbehandling av byggjesaker, plansaker, delingssaker og
Administrasjonssjefen si innstilling Kommunestyret vert rådd til å gjere slikt vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 33-1 og seksjoneringslova 7, vedtek Vestnes kommunestyre gebyrregulativ for saksbehandling av byggjesaker, plansaker, delingssaker og seksjonering slik dette går fram av forslag datert 18.05.2010. Gebyrregulativet vert gjort gjeldande frå 01.07.2010.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Avrøysting: Samrøystes vedteke, som innstillinga. Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: Med heimel i plan- og bygningslova 33-1 og seksjoneringslova 7, vedtek Vestnes kommunestyre gebyrregulativ for saksbehandling av byggjesaker, plansaker, delingssaker og seksjonering slik dette går fram av forslag datert 18.05.2010. Gebyrregulativet vert gjort gjeldande frå 01.07.2010.
Side 10 PS 55/2010 Klima- og energiplan for Vestnes kommune - igangsetting av prosjekt og p
Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre vedtek at det skal utarbeidast ein klima- og energiplan for Vestnes kommune. 2. Arbeidet skal organiserast som eit prosjekt. Det vert innleigd ekstern prosjektleiar. Deltakarar i prosjektgrupa: frå kommunestyret Leif Johann Wenaas frå Nordvest Nett AS 2 representantar for administrasjonssjefen 3. Det vert søkt om økonomisk støtte på kr 100.000 frå ENOVA til å utarbeide planen. 4. Planen skal utarbeidast som ein kommunedelplan. Planen skal sendast ut til høyring og sidan sluttbehandlast av planutval og kommunestyre innan 1.juli 2011.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Framlegg til deltakar frå kommunestyret: Guttorm Kjelsvik (Sp) Avrøysting: Samrøystes vedteke Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyre med slik innstilling: 1. Vestnes kommunestyre vedtek at det skal utarbeidast ein klima- og energiplan for Vestnes kommune. 2. Arbeidet skal organiserast som eit prosjekt. Det vert innleigd ekstern prosjektleiar. Deltakarar i prosjektgrupa: Guttorm Kjelsvik frå kommunestyret Leif Johann Wenaas frå Nordvest Nett AS 2 representantar for administrasjonssjefen 3. Det vert søkt om økonomisk støtte på kr 100.000 frå ENOVA til å utarbeide planen. 4. Planen skal utarbeidast som ein kommunedelplan. Planen skal sendast ut til høyring og sidan sluttbehandlast av planutval og kommunestyre innan 1.juli 2011.
Side 13 PS 56/2010 Dispensasjon frå utdanningskravet i barnehagar - delegering til administra
Administrasjonssjefen si innstilling Administrasjonssjefen får delegert mynde til å gi dispensasjon frå utdanningskravet for styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagane i Vestnes. Saksbehandling og vedtak skal følgje krava i Barnehagelova 17 og 18, jf forskrift av 16.desember 2005. Administrasjonsutvalet skal ha rapport om kva dispensasjonar som vert gitt.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Avrøysting: Samrøystes vedteke, som innstillinga. Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: Administrasjonssjefen får delegert mynde til å gi dispensasjon frå utdanningskravet for styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagane i Vestnes. Saksbehandling og vedtak skal følgje krava i Barnehagelova 17 og 18, jf forskrift av 16.desember 2005. Administrasjonsutvalet skal ha rapport om kva dispensasjonar som vert gitt.
Side 16 PS 57/2010 Oppfçlgjing av politiske vedtak 2008 og 2009
Administrasjonssjefen si innstilling Oversikta frå administrasjonssjefen vert teken til orientering.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Framlegg frå adm.sjefen: Saka vert utsett og sendt kontrollutvalet før behandling i politiske organ. Avrøysting: Samrøystes vedteke, som framlegg framsett i møtet. Vedtak: Formannskapet sitt endelege vedtak: Saka vert utsett og sendt kontrollutvalet før behandling i politiske organ.
Side 19 PS 58/2010 Budsjett 2011 - Organisering av budsjettprosessen
Administrasjonssjefen si innstilling Det vert oppretta ei arbeidsgruppe samansett av gruppeleiarane samt eitt ekstra medlem frå partia AP, SP, Frp og H. Denne arbeidsgruppa skal saman med administrasjonen ta føre seg sektor for sektor for å vurdere økonomiske rammer, tenesteomfang og organisering. Alle driftsleiarar skal innkallast for gjennomgang av tenester og økonomi. Administrasjonssjefen lager oversikt over forventa inntekter så snart som råd er, og seinast når statsbudsjettet er lagt fram. 30.august 6.desember 16.desember Oppstart for arbeidsgruppa. Formannskapet behandlar budsjett og økonomiplan Kommunestyret behandlar budsjett og økonomiplan
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Avrøysting: Samrøystes vedteke, som framlegget frå adm.sjefen Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: Det vert oppretta ei arbeidsgruppe samansett av gruppeleiarane samt eitt ekstra medlem frå partia AP, SP, Frp og H. Denne arbeidsgruppa skal saman med administrasjonen ta føre seg sektor for sektor for å vurdere økonomiske rammer, tenesteomfang og organisering. Alle driftsleiarar skal innkallast for gjennomgang av tenester og økonomi. Administrasjonssjefen lager oversikt over forventa inntekter så snart som råd er, og seinast når statsbudsjettet er lagt fram. 30.august 6.desember 16.desember Oppstart for arbeidsgruppa. Formannskapet behandlar budsjett og økonomiplan Kommunestyret behandlar budsjett og økonomiplan
Side 22 PS 59/2010 Finansreglement
Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre godkjenner framlegg til finsnsreglement, gjeldande frå 01.07.10. 2. Finansutvalet får fullmakt til å bestemme når ein skal starte nedtrapping frå 40 % til 20 % aksjeandel i kraftfondet.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Framlegg frå Sp v/geir Inge Lien: Endring pkt 2:..nedtrapping frå 40% til 0 % aksjehandel Avrøysting: Punktvis avrøysting: Pkt 1: : samrøystes vedteke Pkt 2: Framlegg frå Sp v/geir Inge Lien: Endring pkt 2:..nedtrapping frå 40% til 0 % aksjehandel Adm.sjefen sitt framlegg vart sett opp mot framlegg frå Sp v/geir Inge Lien. Adm.sjefen sitt framlegg vart vedteke mot 2 stemmer (SP v/lien og Kjelsvik) Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: 1. Vestnes kommunestyre godkjenner framlegg til finsnsreglement, gjeldande frå 01.07.10. 2. Finansutvalet får fullmakt til å bestemme når ein skal starte nedtrapping frå 40 % til 20 % aksjeandel i kraftfondet.
Side 25 PS 60/2010 Budsjett 2010 - sparetiltak/reduksjonar
Administrasjonssjefen si innstilling 1. Kommunestyret viser til den vanskelege økonomiske situasjonen og godkjenner at m.a. følgjande tiltak vert gjennomført for å redusere kostnadane så mykje som mogeleg: - stenge symjebassenga haust 2010 og vår 2011 - innkjøpsstopp for inventar og utstyr resten av 2010 - ta vekk tilbud om støttekontakt til leksehjelp som BUT gir - avlastning i private besøksheimar og i avlastningsbustad for barn og ungdom vert redusert til eit forsvarleg minstenivå. - tilbud om frukt og grønt i skulen vert tatt vekk - reduksjon i ekstraassistentar i SFO/skule og barnehage - holde vakanse i ledige stillingar så langt administrasjonssjefen vurderer det forsvarleg - investeringsstopp i 2011 og ingen nye tiltak i 2010 2. Kommunestyret ber administrasjonssjefen innvilge tenester til enkeltinnbyggarar utfrå eit forsvarleg minstenivå. Dette gjeld bistand i heimen, heimesjukepleie, støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, tiltak overfor rusmisbrukarar, hjelpetiltak etter barnevernlov og lov om psykisk helsevern, tiltak etter opplæringslova. Alle tiltak skal vurderast individuelt, men med eit forsvarleg minstenivå som utgangspunkt. 3. Kommunestyret ber administrasjonssjefen utgreie følgjande tiltak: - innføring av parkeringsgebyr på kommunens parkeringsplassar i Helland sentrum - om ein kan redusere antal driftsavtalar med fysioterapeutar - bemanninga i barnehagane
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Adm.sjefen endra innstillinga på eitt punkt: Framlegg I Ta bort pkt 1, strekpunkt 4 (grunngjeving: kjem inn under pkt 2) H v/jan Rune Jacobsen la fram eit alternativ til strekpunkt 1 (Parkering) Framlegg II - leige ut kommunale p-plassar i Helland sentrum Avrøysting: Det vart lagt opp til punktvis avstemming. Pkt 1: Adm.sjefen endra innstillinga på eitt punkt: Ta bort pkt 1, strekpunkt 4 (grunngjeving: kjem inn under pkt 2) Samrøystes vedteke som framlegget frå adm.sjefen Pkt 2: Samrøystes vedteke Pkt 3: H v/jan Rune Jacobsen la fram eit alternativ til strekpunkt 1 (Parkering) - leige ut kommunale p-plassar i Helland sentrum Adm.sjefens strekpunkt 1 vart sett opp mot Høgre sitt framlegg. Adm.sjefen sitt framlegg vart vedteke mot 2 stemmer (H v/jacobsen og Frp v/steen) Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: 1. 2. Kommunestyret viser til den vanskelege økonomiske situasjonen og godkjenner at m.a. følgjande tiltak vert gjennomført for å redusere kostnadane så mykje som mogeleg: - stenge symjebassenga haust 2010 og vår 2011 - innkjøpsstopp for inventar og utstyr resten av 2010 - ta vekk tilbud om støttekontakt til leksehjelp som BUT gir vert redusert til eit forsvarleg minstenivå. - tilbud om frukt og grønt i skulen vert tatt vekk - reduksjon i ekstraassistentar i SFO/skule og barnehage - holde vakanse i ledige stillingar så langt administrasjonssjefen vurderer det forsvarleg - investeringsstopp i 2011 og ingen nye tiltak i 2010 Kommunestyret ber administrasjonssjefen innvilge tenester til enkeltinnbyggarar utfrå eit forsvarleg minstenivå. Dette gjeld bistand i heimen, heimesjukepleie, støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, tiltak overfor rusmisbrukarar, hjelpetiltak etter barnevernlov og lov om psykisk helsevern, tiltak etter opplæringslova. Alle tiltak skal vurderast individuelt, men med eit forsvarleg minstenivå som utgangspunkt.
3. Kommunestyret ber administrasjonssjefen utgreie følgjande tiltak: - innføring av parkeringsgebyr på kommunens parkeringsplassar i Helland sentrum - om ein kan redusere antal driftsavtalar med fysioterapeutar - bemanninga i barnehagane
Side 29 PS 61/2010 TV-aksjonen - 2010
Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes formannskap vel ordførar Øyvind Uren som leiar av kommunekomiteen for TV-aksjonen 2010. Som komitèmedlemmer vel ein Anny Gjerde frå Frivilligsentralen (bøsseberar-koordinator) og seniorrådgivar Odd Jarle Talberg (komiteskrivar.) Kommunekomitèen vil bli supplert med medlemmer frå lokale organisasjonar. 2. Vestnes formannskap vedtek å bevilge kr til årets TV-aksjon frå Vestnes kommune. Gåva blir å belaste formannskapet sin konto.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Avrøysting: Punktvis avrøysting. Pkt 1: Adm.sjefen sitt framlegg vedteke mot 3 stemmer (Sp v/kjelsvik, H v/jacobsen og Frp v/steen) Pkt 2: Adm.sjefen sitt framlegg falt. (3 stemte for framlegget: Krf v/andreassen, Ap v/uren og Øvstedal Iversen) Vedtak: Formannskapet sitt endelege vedtak: Vestnes formannskap vel ordførar Øyvind Uren som leiar av kommunekomiteen for TV-aksjonen 2010. Som komitèmedlemmer vel ein Anny Gjerde frå Frivilligsentralen (bøsseberar-koordinator) og seniorrådgivar Odd Jarle Talberg (komiteskrivar.) Kommunekomitèen vil bli supplert med medlemmer frå lokale organisasjonar.
Side 32 PS 62/2010 Nærmiljçanlegg - Fiksdal oppvekstsenter - kunstgrasbane
Administrasjonssjefen si innstilling Saka blir lagt fram utan innstilling.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Framlegg utarbeidd i møtet: 1. Vestnes kommunestyre bekrefter at prosjektgruppa kan planlegge nærmiljøanlegg ved Fiksdal oppvekstsenter. 2. Kommunestyret vil peike på at Vestnes kommune er inne i ei svært krevjande tid, både personellmessig og økonomisk, og at kommunen difor ikkje kan engasjere seg i prosjektet verken økonomisk eller personellmessig no. Avrøysting: Samrøystes vedteke, som framlegg utarbeidd i møtet. Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: 1. Vestnes kommunestyre bekrefter at prosjektgruppa kan planlegge nærmiljøanlegg ved Fiksdal oppvekstsenter. 2. Kommunestyret vil peike på at Vestnes kommune er inne i ei svært krevjande tid, både personellmessig og økonomisk, og at kommunen difor ikkje kan engasjere seg i prosjektet verken økonomisk eller personellmessig no.
Side 35 PS 63/2010 Vestnes Energi AS - VEAS - Verdivurderingar, utbyttepolitikk, evt. sal
Ordførar si innstilling 1. Den framforhandla avtalen vert lagt fram for kommunestyret 17.juni 2010 for endeleg avgjerd. Avtalen er dermed offentleg frå dags dato. 2. Formannskapet ber om styret si innstilling i saka.
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.06.2010 Behandling: Avrøysting: Framlegget vart vedteke mot 3 stemmer (H v/jacobsen, Frp v/nakken, Krf v/andreassen) Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: 1. Den framforhandla avtalen vert lagt fram for kommunestyret 17.juni 2010 for endeleg avgjerd. Avtalen er dermed offentleg frå dags dato. 2. Formannskapet ber om styret si innstilling i saka.