Kap. 225 post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv Retningslinjer for forvaltning av tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv under statsbudsjettet, kap. 225 post 62. Fastsett av Kunnskapsdepartementet 21. desember 2011, i følge 8 i Reglement for økonomistyring i staten og kapittel 6 i Bestemmelser om økonomistyring i staten. Retningslinjene trer i kraft frå 1. januar 2012 og gjeld til nye retningslinjer blir fastsett. DEL I OM TILSKOTTSORDNINGA Sameskolane i Snåsa og Målselv er kommunale grunnskolar som skal gi opplæring etter Kunnskapsløftet - Samisk. Staten gir tilskott til drift av skole, internat, fjernundervisning og språksamlingar ved desse to kommunale skolane. Sameskolane har heile landet som opptaksområde. 1 MÅL FOR ORDNINGA 1.1 Mål Målet med tilskottsordninga er å halde oppe og vidareutvikle samisk identitet, språk og kultur i følge ILO-konvensjon 169, Grunnloven 110 A, Sameloven 3-8, Opplæringslova, spesielt kap. 6 Samisk opplæring, og forskrift til opplæringsloven kap. 14 Krav til kompetanse ved tilsetting i undervisningsstilling. 1.2 Tilskottsmottakar Snåsa kommune og Målselv kommune er mottakarar av tilskott etter denne ordninga. 1.3 Målgruppe Målgruppa er samiske elevar ved Sameskolen i Snåsa (Åarjel-saemiej skuvle) og Sameskolen i Troms (Tromssa Sameskuvla), som ligg i Målselv kommune. Målgruppa omfattar faste elevar, fjernundervisningselevar og elevar på ulike språksamlingar. 2 KRITERIUM FOR MÅLOPPNÅING Kriterium: at elevar ved skolen har fått opplæring etter opplæringslova med forskrifter, under dette Læreplanverket for Kunnskapsløftet Samisk, jf. punkt 1.1. at skolen gir fjernundervisning og språksamlingar til dei elevane som ønskjer det at elevar med behov for internatplass har fått det at undervisningspersonalet har formal- og realkompetanse til å gi god opplæring i og på samisk Opplysningar Utdanningsdirektoratet skal innhente for å vurdere måloppnåing er: oversikt over elevar ved skolane og internata oversikt over elevar som har motteke fjernundervisning oversikt over elevar som har delteke på språksamlingar
årsrekneskap og årsmelding oversikt over dei tilsette (lærarar og andre) sin formal- og realkompetanse i bruk av samisk som arbeidsspråk 3 TILDELINGSKRITERIUM, OG BEREKNINGSREGLAR 3.1 Kriterium for tildeling Tilskottet skal nyttast til drift av Sameskolen i Snåsa (Åarjel-saemiej skuvle) og Sameskolen i Troms (Tromssa Sameskuvla). Kommunane må innan fristen sende inn budsjett for tilskottsåret som m.a. viser elevtal per 1. oktober og årsverk ved skole og internat. 3.2 Berekningsreglar Tilskottsordninga er budsjettstyrt. Kommunane skal ikkje sende inn søknad, jf. punkt 8. Det blir løyvd midlar til ordninga på ein eigen post i statsbudsjettet i samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak. 4 OPPFØLGING OG KONTROLL 4.1 Tilskottsforvaltar si oppfølging og kontroll Det er Utdanningsdirektoratet som er tilskottsforvaltar. Tilskottsforvaltar skal: foreta ein generell kontroll av formalia og kontrollere at elevtalsrapportane og budsjettforslaga ser rimelege ut, før utbetaling av tilskott kontrollere at kommunane leverer årsrekneskap og årsmelding innan fastsett frist nytte informasjonen i årsrekneskap og årsmelding til å sjå om kommunane brukar tilskottet i tråd med målet for ordninga vurdere om det er behov for å foreta stikkprøvar ut frå risiko og det som er vesentleg for ordninga 4.2 Reaksjonar ved brot på vilkåra for tilskottsutbetaling Tilskottsforvaltar kan krevje tilbake tilskottsmidlar som er brukt i strid med retningslinjene. Når tilskottsforvaltar har reist krav om tilbakebetaling og fristen for å betale tilbake er gått ut, skal ein nytte Finansdepartementet sine retningslinjer for departementet si fastsetjing av sats for rente ved forseinking, jf. brev frå Finansdepartementet av 14. april 2004. 4.3 Klage på vedtak om reaksjon Vedtak om reaksjonar som følgje av brot på vilkåra for tildeling av tilskott, er enkeltvedtak etter forvaltningslova 2 bokstav b. Derfor skal ein nytte reglane i forvaltningslova kapittel IV-VI, mellom anna reglane om tilgang til å klage. Kunnskapsdepartementet er klageinstans.
5 EVALUERING Departementet skal setje i verk og sørgje for gjennomføring av evalueringar. Evalueringar skal gi informasjon om tilskottsordninga er effektiv i høve til ressursbruk, organisering og fastsette mål. Frekvens og omfang av evalueringar skal ta utgangspunkt i ei vurdering av risiko og kva som er vesentleg for den enkelte tilskottsordninga. DEL II - FORVALTNING OG SAKSBEHANDLING AV ORDNINGA 6 ANSVAR FOR Å FORVALTE TILSKOTTSORDNINGA Utdanningsdirektoratet er delegert ansvaret for å forvalte tilskottsordninga. Tilskottsforvaltar har ansvar for: saksbehandling vedrørande tilskottet utforming av tilskottsbrev utbetaling av tilskottet førebuing av klagesaker vedrørande tilskottet rapportering, oppfølging og kontroll 7 KUNNGJERING AV ORDNINGA Tilskottsordninga blir ikkje kunngjort då tilskottet berre gjeld sameskolane i Snåsa og Målselv og blir løyvd på eigen post i statsbudsjettet. Det blir gitt nærare informasjon om tilskottsordninga på tilskottsforvaltar si nettside www.utdanningsdirektoratet.no. 8 SAKSGANG FRAM TIL TILSAGN 8.1 Tildeling av tilskott Snåsa og Målselv kommunar sender ikkje inn søknad om tilskott, men skal sende følgjande dokumentasjon til Utdanningsdirektoratet: budsjettforslag for neste budsjettår, innan 30. april oversikt som viser elevtal per 1.oktober gjeldande skoleår, fordelt på skole, internat, fjernundervisning og språksamling, innan 1. november årsrekneskap og årsmelding for førre budsjettår, innan 1. mars Saksbehandling av tilskottsordninga skal gjennomførast i tråd med den interne økonomiinstruksen for Utdanningsdirektoratet som skal:
foreta kontrollhandlingar berekne tilskott, utarbeide tilskottsbrev og utbetale tilskott 8.2 Tilskottsbrev Det blir utarbeidd tilskottsbrev for kvart år. Brevet blir gjort tilgjengeleg for skolen anten pr. post eller på www.utdanningsdirektoratet.no innan 15. februar. Brevet skal innehalde: målgruppe og formålet med tilskottsordninga atterhald om endringar i løyvingar i inneverande budsjettår tidspunkt for elevteljing tidspunkt for utbetaling og korleis tilskottet blir utbetalt fristar for innsending av årsrekneskapen andre rutinar for rapportering og opplysningar om krav til oppbevaring av rekneskapsdata kommunen si plikt til å melde frå dersom grunnlaget for tilskottet blir endra eller fell bort moglege reaksjonsformer dersom kommunen ikkje opptrer i samsvar med føresetnadane for å ta imot tilskott Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen sitt høve til å kontrollere grunnlaget for utbetaling av tilskottet, og at midlane er nytta etter føresetnadene, jf. Stortingets bevilgningsreglement 17. høve til å klage etter forvaltningslova 28. 9 UTBETALING AV TILSKOTT Utbetaling av tilskott skal skje to gonger årleg, 10. februar og 10. september. Dersom føresetnadane for å få tilskott ikkje er oppfylt, kan Utdanningsdirektoratet halde tilbake tilskott. Ved feil i utrekning og utbetaling kan det foretas avrekning i påfølgjande tildelingar, jf. pkt. 4.2 Reaksjonar ved brot på vilkåra for tilskottsutbetaling. 10 RAPPORTERING Kommunane skal: rapportere faktisk elevtal per 1. oktober gjeldande skoleår, innan 1. november innan 1. juni, året etter rekneskapsåret, sende inn årsrekneskap til Utdanningsdirektoratet. Det skal gå fram at statstilskottet er inntektsført i kommunen sitt resultatrekneskap på den enkelte skole. i årsmeldinga rapportere om gjennomførte tilsyn og kontrollar ved skolen, og om resultata av desse.
11 KRAV TIL ATTESTASJON FRÅ SKOLEEIGAR Utskrift av resultatrekneskap skal vere attestert av skoleeigar, jf. pkt. 10. 12 KONTROLLRUTINAR Som eit ledd i saksbehandlinga skal det kontrollerast at: det ligg føre elevlister og rekneskap i høve til pkt. 10 elevlistene ikkje verkar usannsynlege utskrift av rekneskapen er attestert av skoleeigar og viser at statstilskottet er inntektsført i kommunen sitt resultatrekneskap på den enkelte skole, jf. pkt. 10 Utdanningsdirektoratet skal oppbevare rekneskapsdata i minimum 10 år etter at rekneskapsåret er avslutta. Se nærare beskriving i Utdanningsdirektoratet sin hovudinstruks for økonomiforvaltning. Utførte kontrolloppgåver skal dokumenterast på tilfredsstillande måte.