Masfjorden kommune Møteprotokoll for Formannskapet Møtedato: 18.09.2014 Møtestad: Møtetid: 08:00-09:00 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Karstein Totland, ordførar H Ordførar Lene Hansen Kvamsdal H Medlem Marit Steinestø Krf Varaordførar Egil Kvingedal V Medlem Arthur Reidar Sjursen AP Medlem Følgjande frå administrasjonen møtte: Rådmann Svein Helge Hofslundsengen, ass. rådmann Sveinung Toft og konsulent Maud Sleire Holmaas som førte møteboka Sakliste Saknr Tittel 077/2014 Godkjenning av innkalling og sakliste 078/2014 Godkjenning av møtebok 079/2014 Framlegg til forskrift om vatn og avlaup i Masfjorden kommune 080/2014 Medfinansiering tiltak Sandnesplan 081/2014 Referatsak
077/2014: Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjend Framlegg frå rådmannen vart samrøystes vedteke FS - 077/2014 VEDTAK: Innkalling og sakliste vert godkjend
078/2014: Godkjenning av møtebok Møtebok vert godkjend. Marit Steinestø ynskjer at formannskapet gjer seg tid til å gå gjennom møteboka før ein forlet møte. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS - 078/2014 VEDTAK: Møtebok frå formannskapet 09.09.14 vert godkjend.
079/2014: Framlegg til forskrift om vatn og avlaup i Masfjorden kommune Formannskapet gjer vedtak om å senda forskrift om vatn og avlaup ut på høyring i medhald av forvaltningslova sin 37. 09.09.2014 FORMANNSKAPET Ass. rådmann Sveinung Toft orienterte om saka Nytt framlegg til vedtak frå formannskapet: Saka vert utsett til ekstra formannskapsmøte i forkant av kommunestyremøte 18. september 2014 Røysting: Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke. FS - 076/2014 VEDTAK: Saka vert utsett til ekstra formannskapsmøte i forkant av kommunestyremøte 18. september 2014 Ordførar Karstein Totland gjekk gjennom saka. Saka vart drøfta. Nytt framlegg til vedtak frå formannskapet: Formannskapet sender høyringa tilbake til administrasjonen for endring, saka vert handsama på neste formannskapsmøte. Røysting: Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke FS - 079/2014 VEDTAK: Formannskapet sender høyringa tilbake til administrasjonen for endring, saka vert handsama på neste formannskapsmøte.
080/2014: Medfinansiering tiltak Sandnesplan Masfjorden kommune godkjenner avtale mellom kommunen og statens vegvesen region vest om medfinansiering av tiltak fv 570 Sandnes med 1 mill.kr. Tiltaket vert finansiert med bruk av fond. Ordføraren gjekk gjennom saka. Røysting: Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke og tilrådd overfor kommunestyret. FS - 080/2014 VEDTAK: Masfjorden kommune godkjenner avtale mellom kommunen og statens vegvesen region vest om medfinansiering av tiltak fv 570 Sandnes med 1 mill.kr. Tiltaket vert finansiert med bruk av fond.
081/2014: Referatsak Referatsaker vert tekne til orientering Skriv- og meldingar: Marit Steinestø (KrF) Innspel til oppvekstplanen: KrF vil ha informasjonsmøte for innbyggarane, slik ein hadde i samband med helseplanen, før me legg planen ut på høyring. KrF vil at helsestasjonen skal gje småbarnsforeldre tilbod om kurs i «De utrolige årene» (til dømes for dei med barn frå 0 2 år) og me ynskjer og ein vidare plan for /tilbod til foreldre med barn i barnehage, i småskulen, mellomtrinnet og ungdomstrinnet KrF vil gje foreldre og barn eit PPT tilbod som er raskare på bana enn det me har i dag. Me vil at foreldre skal oppleva å bli tatt på alvor og få hjelp når barnet treng det og sleppa den ventetida som ein del foreldre og barn opplever i dag. KrF etterspør kva planen har tenkt for aldersgruppa frå 16-18? Info om DUÅ KrF vil at helsestasjonen skal gje småbarnsforeldre tilbod om kurset «De utrolige årene» for å styrkja relasjon og skapa sterkare tilknytning mellom forelder og barn. Me ynskjer at dettetilbodet skal vera først og fremst for spebarnsfasen, då dette er ein fase der det skjer veldig mykje med barna sine fysiske, taktile og visuelle utvikling som har stor betydning for utviklinga vidare. DUÅ (Dei Utrolige Årene) er eit kurs som fokuserer nettopp på dette. Det er og eit kurs som tar for seg barnehagestadiet og vidare opp i skulealder, der ein i stor grad fokuserer på konflikt løysing. DUÅ er ein programserie med 8 utviklingsstøttande program som fremjar positivt samspel mellom barn og mellom barn og vaksne. Nokre program er universalforebyggande og andre er indirekte førebyggjande og dei resterande legg til rette for behandling av adferd og sosiale vanskar hjå born. Det finns program for 0-1 år, 1-3 år, 2-6 år, 3-6 år og 6-12 år som alle tar for seg foreldreperspektivet. DUÅ skapar -positive relasjonar mellom vaksne og barn -stressnivået i familiane går ned -betre oppdragelsesstrategiar -60% av born som henvisast til spesialhelsetjenesta for adferdsvanskar, møter ikkje lenger kriteriane for diagnose etter å ha deltatt på DUÅ. KrF fekk ikkje tilslutning for folkemøte før utlegging, men semje om folkemøte(r) seinare. Tannlege - vert handsama i fylkesutvalet snarleg - drøfting og /eller sak neste formannskap Fellesrådet - bekymringsbrev + dialogmøte - tar dialogmøte i formannskapet i oktober Møteplan - samde om uendra 2014 (som oppfølging av tidlegare drøftingar formannskap, i år Tomtar - ledig tomtar (KrF) - oppdatere heimesida FS - 081/2014 VEDTAK: Referatsaker vert tekne til orientering
Rett utskrift av møteprotokoll frå formannskapet den 18.09.14 vert vitna: Karstein Totland ordførar Marit Steinestø varaordførar