VERDISETJING AV NATURGODER I VOSSOVASSDRAGET EIN SAMFUNNSØKONOMISK ANALYSE Lokallag i Naturvernforbundet 1
SAMANDRAG Det har vore etablert ei oppfatning av at det ikkje er mogeleg med flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget utan at dei er finansiert gjennom inntekter frå kraftproduksjon. Kraftproduksjon har i mange tilfelle ein regulerande effekt og er truleg mogeleg også i dette vassdraget, men vert å sjå på som ein siste utveg sidan Vossovassdraget er eit verna vassdrag. Andre interessentar har fremja eit motsett syn, at naturverdiane i vassdraget er så store at dei med god margin overstig det som måtte kome av inntekter av kraftproduksjon. Deira argument fell i store trekk saman med grunngjevinga i Verneplan for vassdrag (St.prp. nr.89 (1984-85)) Utgangspunktet for denne studien har vore å kartleggje og å konkretisere naturverdiar som finst i Vossovassdraget, for betre å synleggjere desse verdiane sett opp mot eventuelle inntekter frå kraftproduksjon. Det vert her bygd på lokale undersøkingar som tidlegare er gjennomført på Voss og i regionen omkring, for å synleggjere folk sin vilje til å betale for å unngå inngrep i naturen ved utbygging av vasskraft. Resultata frå undersøkinga vert knytt opp mot dagens situasjon i Vossovassdraget i samsvar med aksepterte og etablerte metodar. Ein kostnadseffektivitetsanalyse, jfr. kap. 5.1 har vore gjennomført der kostnadene for fire alternative løysingar for flaumregulerande tiltak er valt ut, to alternativ med kraftproduksjon og to alternativ utan. Den samfunnsøkonomiske analysen etter kostnadseffektivitetsmetoden viser følgjande resultat: Rangering Alternativ Prosjektbeskriving Samfunnsøkonomisk kostnad (mill. kr.) 1 6A Flaumtunellar Lilandsosen- Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 590 2 6B Flaumtunellar Lilandsosen Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 1 045 3 2 Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 1 898 4 3 Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke Granvin. 2 553 Tabell: Rangering av alternative løysingar etter samfunnsøkonomisk kostnad. I komitéinnstillinga til energimeldinga (Meld. St. 25 (2015-16)) om flaumsikring i verna vassdrag har fleirtalet i komitéen vist til at det ikkje vert gjeve konsesjon til større kraftprosjekt i verna vassdrag. Komitéen meiner at konsesjonshandsaming for kraftutbygging over 1 MW i verna vassdrag må leggjast fram for Stortinget og berre vurderast i dei tilfelle der andre flaumdenpande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vil påverkast nemneverdig. Denne rapporten viser at det finst gode løysingar til flaumregulerande tiltak som ikkje omfattar kraftproduksjon og at dei to alternativa som ikkje rokkar ved vernestatusen for Vossovassdraget er klart gunstigast sett frå ein samfunnsøkonomisk synsstad 2
INNHALD Samandrag 2 Innhald 3 Forord 4 1. Innleiing 5 2. Naturverdiar i Vossovassdraget 6 2.1 Vernegrunnlag 6 2.2 Naturverdiar 8 3. Bakgrunn 8 4. Økosystemtenester 9 5. Metode og grunnlag 10 5.1 Ulike typar samfunnsøkonomiske analysar 10 5.2 Utrekning av naturverdiar generelt 11 5.3 Studiestad 13 6. Dagens bruk 15 6.1 Rafting og ekstremsport 15 6.2 Laks 16 7. Verdifastsetjing 18 8. Kostnadseffektivitetsanalyse 20 9. Vurderingar og konklusjon 23 10. Referansar 24 Vedlegg I Økosystemtenester 26 Vedlegg II CV-metoden brukt på Rasdalen/Geitåniutbygginga. 27 Vedlegg III Innspel om flomvern i Voss kommune 32 Av Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active AS Vedlegg IV Overføringsfunksjonar 34 3
FORORD. Rapporten er skriven som eit resultat av dei pågåande diskusjonane om flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget. Det har ved nokre høve vorte sagt at denne saka vert den viktigaste som Voss kommune skal arbeide med i 2017, og rapporten er utarbeidd som eit bidrag til å synleggjere dei verdiar som naturen representerer i ei slik vurdering, verdiar som tidlegare i noko grad har vore vurdert kvalitativt, men ikkje kvantifisert. Multiconsult (Sælthun et al. 2016) har i rapporten «Mogelegheitsstudie for flaumdempande tiltak i Vosso» sett på alle mogelege flaumregulerande tiltak og i nokon grad vurdert dei prismessige konsekvensane av tiltaka slik dei fungerar i ein regulert marknad. I denne rapporten vert det sett nærare på verdisetjing av dei naturgoder som finst i vassdrag, slik at også desse vert vurdert og teke med i det endelege reknestykket slik det kjem fram i m.a. Navrud et al. (2003). Naturverdiar er beskrive og kvantifisert basert på kunnskap og metodar utvikla dei siste tiåra, ikkje minst innanfor rammene av det delvis FN finansierte TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity). I ei vidareføring av utrekningane av økonomisk verdi ligg det til rette for å gjennomføre ein kostnadseffektivitetsanalyse, ein type samfunnsøkonomisk analyse som vert brukt til å samanlikne tiltak som alle oppfyller det same målet. I dette tilfellet er målet å førebyggje mot framtidige skadeflaumar, og å finne det tiltaket som løyser oppgåva til lågast samfunnsøkonomisk kostnad. Voss, januar 2017 Voss Naturvernlag Kåre Flatlandsmo 4
1. INNLEIING Verdifull natur er under aukande press på grunn av planlagde og gjennomførde utbyggingsprosjekt. Med Naturmangfaldlova og endringane i Plan- og bygningslova, som no har vore i bruk nokre år, har kommunane fått nye verktøy til å ta vare på naturområde som er særskilt verdifulle. Kva som er verdifulle naturområde er likevel ikkje lett å bestemme når kartlegging av naturtypar og kunnskap om verdigrunnlaget i naturen har vore avgrensa. I kommunale vedtaksprosessar har dette ofte vore medverkande til at naturverdiane ikkje har kome til syne og dermed tapt. Dette var ikkje intensjonen då dei nye lovene vart vedtatt i 2009. Dei siste tiåra har det vore gjennomført omfattande internasjonale studiar for å kartleggje og lage struktur på dei tenester som naturen yter til menneska si velferd. Det første var Millennium Ecosystem Assessment (MA) som konkluderte med at menneskeleg aktivitet har ein klar og aukande negativ effekt på det biologiske mangfaldet og økosystema. Etterfølgjaren til MA var TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity) der det vart gjort greie for den økonomiske verknaden av biologisk mangfald og økosystemtenester. Som ei oppfølging av TEEB-prosjektet la eit norsk ekspertutval i 2013 fram rapporten «Naturens goder verdier av økosystemtjenester», NOU 2013:10. I rapporten vert det peika på ein del område der verdisetjing eller prissetjing av dei tenester som naturen yter er mogleg og nyttig. Dagens norske naturforvaltning er dominert av juridiske verkemiddel, og i NOU 2013:10 vert det vidare understreka at det kan vere nyttig å supplere dagens verkemiddel med fleire økonomiske. Det må vere ei målsetjing at økonomisk verdisetjing skal bidra til å betre forvaltninga av økosystema. 5
2. NATURVERDIAR I VOSSOVASSDRAGET Figur 1. Oversiktskart over Vossovassdraget oppstraums og nedstraums Vossevangen. 2.1 Vernegrunnlag Om vernegrunnlaget seier NVE på sine heimesider følgjande om vernegrunnlaget for Vossovassdraget: Tilrådd typevassdrag. Storleik og beliggenhet. Vassdraget er viktig del av eit variert og kontrastrikt landskap frå høgfjell, ned dalsider, gjennom dalar og til lågland. Stort naturmangfald knytt til formen av elveløpet, geomorfologi, botanikk, landfauna og vassfauna. Store kulturminneverdiar. Friluftsliv er viktig bruk. Vassdraget ligg mellom indre del av Sognefjorden og Hardangerfjorden. Vosso har utløp til Veafjorden, nordaust for Bergen. Vernet gjeld til Vosso sitt utløp i Vangsvatnet ved tettstaden Vossevangen. Vernet av Vossovassdraget omfattar Strandaelva i nord, Raundalselva i aust og Bordalselva i sør, dvs. Vossovassdraget ovanfor Vangsvatnet. Strandaelva og Raundalselva renn saman ved Voss like før utløp i austenden av Vangsvatnet. Strandaelva kjem frå Vikafjellet og Oppheimsvatnet (330 moh.). Frå Vikafjellet renn elva bratt ned i Kvassdalen, ein smal v-forma dal med bratte dalsider. Elva renn vidare inn i den opnare Myrkdalen med Myrkdalsvatnet (230 moh.). Nedanfor Vinje er dalføret ope og elva renn roleg via det 3 km. lange Lønavatnet, som er den største innsjøen i feltet, til Vangsvatnet (47 moh.). Rett før vatnet kjem eit sidevassdrag frå vest, med den kjende Tvindefossen, lett synleg frå riksvegen. 6
Raundalselva kjem frå fjelltraktene ved Mjølfjell. Her ligg det fleire små fjellvatn og fjelltoppar. Herifrå renn det fleire sideelvar frå relativt flate dalføre som Rjoandalen, Ljosandalen, Uppsetedalen og Slondalen. Raundalen er trong med bratte dalsider. Elva renn for det meste i fossar og stryk, ofte gjennom tronge gjel. Bordalselva drenerar fjellområda mellom Voss og Hardangerfjorden. Dalen er hengande til hovuddalføret, og det meste av området ligg høgare enn 350 moh. Vossovassdraget er geofagleg verdifullt. Topografisk er nedbørfeltet variert med høgfjell og lågland, med breie dalar der elva renn roleg og gjennom fleire større og mindre vatn, og tronge dalar der elva går i fossar og stryk. Til dei største elvane renn det fleire sideelvar som er verdifulle bidrag til mangfaldet i vassdraget. Berggrunnen er samansett av omdanna fyllitt og skyvedekkebergarter og det er stor variasjon i kvartære avsetjingar og former. Avsetjingane spenner over eit langt tidsrom og bidrar til store variasjonar i dagens landskap. I Vinjadalen er det for eksempel funne sediment som vart avsett under siste mellomistid, og fleire stader ligg det avsetjingar som bidrar til å rekonstruere issmeltinga frå siste istid. Mellom anna finst det sediment og strandnivå frå ein bredemt sjø ved Vinje, og setenivå frå bredemde sjøar i Stordalen. Nedbørsfeltet viser eit stort mangfald knytt til alle fagfelt. Naturlandskapet er svært variert. Mellom anna finst det store fjordsjøar som Vangsvatnet omkrinsa av jordbruksland, små næringsrike låglandsvatn og kalde næringsfattige høgfjellsvatn. Figur 2. Fossestryk i Raundalsvassdraget. Foto: Jon Arne Eie Vosso har lang lakseførande strekning, og var lenge mellom dei beste lakseelvane i Hordaland. I Vangsvatnet er det kommersielt fiske etter røyr. Store faglege interesser er knytt til delta- og våtmarkssystem i Strandavassdraget. Fuglelivet høyrer til det rikaste på 7
Vestlandet. Gjennom mange år har det frå Universitetet i Bergen og Oslo vore drive omfattande undersøkingar, særleg av fisk og anna liv i ferskvatn. Fleire funn frå jernalderen viser at menneske har hatt opphald i nedre delar av nedbørsfeltet langt attende i tida. Vassdraget er rikt på gamle bygningmiljø. I dag er dalbotnane i vassdraga sterkt kulturpåverka og tettleiken i folkesetnaden er relativt stor. Vossovassdraget er eit av dei få tilnærma uregulerte større vassdraga på Vestlandet. Øvre delar er lite påverka av tekniske inngrep. Vassdraget grensar til dei vassdragsverna nedbørsfelta Nærøydalselvi og Undredalselvi i nord, Flåmselvi i aust og Granvinsvassdraget i sør. I nordaust ligg Nærøyfjorden landskapsvernområde, og ein liten del av Stølsheimen landskapsvernområde går inn i feltet i nordvest. I aust ligg Grånosmyrane naturreservat. Ved innløpet til Lønavatnet ligg Lønaøyane naturreservat og sør for vatnet ligg Håmyrane naturreservat. I St.prp. nr 89 (1984-85) tilrår Olje- og energidepartementet varig vern av vassdraget og uttalar at «vassdraget har store verneverdiar både for vilt- og fiskeinteresser, friluftsliv, kulturminne og naturvitskap. Ved å gje både Vosso, Flåm og Undredalsvassdraget varig vern, vil ein bevare eit større samanhengande natur- og friluftsområde». 2.2 Naturverdiar Hovudpoenget her er at vassdraget er verna og at ei potensiell utbygging av vassdraget per definisjon har stor negativ verknad på naturverdiane i heile regionen. 3. BAKGRUNN Bakgrunnen for at spørsmålet om flaumregulerande tiltak i Vossovassdraget no har kome opp er at fleire vassdrag på Vestlandet i oktober 2014 vart råka av storflaum. Folk flest opplevde det som skræmande medan det stod på, og det var omfattande skader på bygningar og infrastruktur. M.a. vart tettstadane Aurland, Flåm, Odda og Voss hardt råka. Klimaprognosar viser at slike flaumar vil bli større og kome oftare i framtida. På denne bakgrunn vart Multiconsult i første omgang engasjert av Voss kommune og NVE for å sjå på «alle mogelege tiltak» for å redusere omfanget av framtidige skadeflaumar. Etter ein prosess der interesserte aktørar kunne kome med innspel til Multiconsult vart i alt om lag 20 innspel registrert. Multiconsult valde å arbeide vidare med 10 av desse innspela som i sluttrapporten vart presentert som alternative løysingar på flaumproblema. Desse alternativa vart vurdert i forhold til flaumdempande evne og i nokon grad prissett. «I nokon grad» peikar attende på at i dei innspela som inneheldt element av kraftproduksjon, var korkje inntekter eller kostnadene med sjølve kraftdelen av prosjektet tatt med. I denne rapporten er det difor gjort eit grovt estimat av kostnader og inntekter ved kraftproduksjon i dei alternativa der det er relevant. 8
4. ØKOSYSTEMTENESTER. Som det alt har vore nemnt ovanfor byggjer delar av denne rapporten på det grunnleggjande arbeidet som dei siste tiåra har vore gjort for å synleggjere og å konkretisere dei verdiane som naturen yter til menneska gjennom dei tenestene som kvar dag kjem oss menneske til gode. I denne prosessen har omgrepet økosystemtenester vorte utvikla og definert. Økosystemtenester er goder og tenester som vi får frå naturen og det er fire hovudkategoriar av økosystemtenester. Vi skil mellom forsynande, regulerande, kulturelle og støttande tenester. Dei støttande tenestene er også i ein del samanhengar kalla for grunnleggjande livsprosessar. Grunnleggjande livsprosessar (økosystemfunksjonar / støttande tenester) Fotosyntese Primærproduksjon Jord- og sedimentdanning Næringsstoffkretsløp Vasskretsløp Evolusjonære prosessar og økologiske interaksjonar Forsynande tenester Mat Ferskvatn Fiber Bioenergi Genetiske ressursar Biokjemikaliar og medisinressursar Pynte- og dekorasjonsressursar Regulerande tenester Luftkvalitetsregulering Klimaregulering Vasstraumsregulering Erosjonsbeskytting Naturskadebeskytting Vassrensing og avfallsbehandling (nedbryting og avgifting) Sjukdomsregulering Skadedyrregulering og biologisk kontroll Pollinering Vedlikehald av jordsmonn Opplevings- og kunnskapstenester (kulturelle tenester) Rekreasjon, friluftsliv og naturbasert reiseliv Velvære og estetiske verdiar Stadidentitet Åndeleg beriking Religiøse verdiar Inspirasjon og symbolske perspektiv Kunnskap og læring Naturarv Figur 3. Oversikt over forskjellige typar økosystemtenester Ei nærare beskriving av økosystemtenester er funne i vedlegg I 9
5. METODE OG GRUNNLAG 5.1 Ulike typar samfunnsøkonomiske analysar. Generelt vert samfunnsøkonomiske analysar gjennomført for å finne ut kva tiltak eller alternativ som gjev den beste samfunnsøkonomiske nytten når større prosjekt skal gjennomførast og store økonomiske verdiar står på spel. Det er ulike typar samfunnsøkonomiske analysar (Direktoratet for økonomistyring(2014)): 1. Nytte- kostnadsanalyse 2. Kostnadseffektivitetsanalyse 3. Kostnadsverknadsanalyse I ein nytte-kostnadsanalyse vert alle positive og negative verknader av eit tiltak verdsett i kroner så langt det let seg gjere. Hovudprinsippet er at ein konsekvens er verd det befolkninga til saman er viljuge til å betale for å oppnå eller unngå han. Dersom betalingsviljen for alle nytteverknader av tiltaket er større enn summen av kostnadene, vert tiltaket definert som samfunnsøkonomisk lønsamt. Kostnadene ved eit prosjekt skal i prinsippet spegle verdien av det ein må forsake av andre ting (dvs. verdien som ressursane kan skape i den beste alternative løysinga) for å gjennomføre prosjektet, medan nytten skal spegle kor mykje ein er viljug til å betale (folk sin samla betalingsvilje). Dersom dei ulike tiltaka som skal samanliknast har like nytteverknader, er det ikkje naudsynt å verdsetje nytten i kroner for å rangere den samfunnsøkonomiske lønsemda av tiltaka. Rangeringa vil uansett berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka. Dette vert kalla ein kostnadseffektivitetsanalyse. I ein slik analyse vert tiltaka rangert etter kostnader og å finne det tiltaket som vil realisere målet til lågast kostnad. I ein del tilfelle vil det vere vanskeleg eller ikkje ønskjeleg å verdsetje nyttesida i kroner, samstundes som ulike tiltak har ulike nytteverknader. Ein kan då rekne ut kostnadene ved tiltaka på vanleg måte, medan nytteverknadene vert beskrive best mogleg, men ikkje i kroner eller på ein felles skala. Dette vert kalla kostnadsverknadsanalyse. Kostnadsverknadsanalysar gjev ikkje grunnlag for å rangere tiltaka etter samfunnsøkonomisk lønsemd, men gjev likevel verdfull informasjon til dei som skal fatte avgjerd. Val av type samfunnsøkonomisk analyse kostnadseffektivitetsanalyse. 4 alternativ Basert på informasjon lagt fram av Sælthun et al. 2016 i rapporten «Mogelegheitsstudie av flaumdempande tiltak i Vosso» er det valt ut 4 alternativ til vurdering i ein kostnadseffektivitetsanalyse. Under den føresetnad at dei vurderte alternativa «gjer nytten», dvs. tilfredsstiller kravet om god nok flaumsikring, er det ein situasjon der dei ulike tiltaka har lik nytteverknad, og ei rangering mellom tiltaka vil berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka, dvs. ein kostnadseffektivitetsanalyse kan nyttast. Følgjande alternativ er valt ut i ei vidare vurdering: : 10
1. alt. 2. Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 2. alt. 3. Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke - Granvin 3. alt. 6A Flaumtunellar Lilandsosen-Seimsvatnet og Evangervatn-Bolstadfjorden 4. alt. 6B Flaumtunellar Lilandsosen-Evanger og Evangervatn-Bolstadfjorden Dei to første (alt.2 og alt.3 i Sælthun et. al 2016) er basert på kraftutbyggingsprosjekt, medan dei to siste er rein flaumregulering ved bruk av flaumtunellar i og nær noverande elveløp. Figur 4. Oversikt over dei 4 alternativa til flaumførebyggjande tiltak som er vurdert i denne rapporten I ein greitt fungerande marknad er kostnadssida i eit utbyggingsprosjekt i ein kostnadseffektivitetsanalyse meir eller mindre rett fram og tatt frå Sælthun et. al (2016). Ved ei eventuell utnytting av vatnet i Raundalsvassdraget til kraftproduksjon vil store naturverdiar gå tapt. Det er difor behov for å rekne ut storleiken på desse naturverdiane som vil auke kostnadssida på dei alternativa til flaumførbyggjande tiltak som inneheld kraftproduksjon. Ved utrekning av slike naturverdiar finst det ikkje ein perfekt marknad, og det må m.a. nyttast metodar som er utvikla innan velferdsøkonomien som gjer seg nytte av sokalla parallelle og/eller hypotetiske marknader. 5.2 Utrekning av naturverdiar - generelt Naturverdiar er dei tenestene som naturen yter til oss menneska gjennom økosystema, økosystemtenester. Økosystemtenester medverkar med ei rekkje ulike verdiar som frå ein 11
økonomisk synsstad kan sjåast på som total samfunnsøkonomisk verdi, sjå vedlegg I. Det er utvikla fleire metodar som kan brukast til å rekne ut endringar i heile eller delar av den totale økonomiske verdien. Mange viktige økosystemtenester som jordbruksprodukt (mat), fisk (mat), tømmer (fiber) osv. vert omsett i marknader, og i slike situasjonar kan marknadsprisar og informasjon om åtferd og transaksjonar i vanlege marknader nyttast til å rekne ut verdien av tenestene. Slik er det likevel ikkje for alle økosystemtenester, og der det ikkje er tilgjenge til slik informasjon må den økonomiske verdien reknast ut på annan måte. Dei mest brukte metodane for å rekne ut økosystemtenestene sin økonomiske verdi når det ikkje finst marknadsprisar er enten å nytte informasjon om transaksjonar i ein marknad som har nær tilknyting til tenesta av interesse, eller å etablere ein hypotetisk marknad for ei økosystemteneste og spørje folk om korleis dei ville handle i ein slik marknad. Desse tre måtane å få fram verdiar på samsvarar med dei tre hovudkategoriane av metodar for økonomisk verdisetjing, (1) Marknadsbaserte metodar (faktiske marknadsprisar) (2) Parallelle marknader, ein marknad som har nær tilknyting til den tenesta ein er interessert i (metodar basert på avdekkande preferansar) (3) Hypotetiske marknader, etablere ein hypotetisk marknad for ei økosystemteneste og spørje folk korleis dei vil handle i ein slik marknad (metodar basert på uttrykte preferansar) Marknad Type tilnærming Type verdi Vanlegaste verdsetjingsmetode Faktiske marknader Marknadsbasert Bruksverdiar Marknadsprisar Parallelle marknader Avdekkande preferansar Bruksverdiar Reisekostnadsmetoden Eigedomsprismetoden Hypotetiske marknader Uttrykte preferansar Bruks- og ikkjebruksverdiar Betinga verdisetjing Figur 5 : Tre hovudkategoriar økonomiske verdsetjingsmetodar Figur 5 oppsummerar kven av metodane for økonomisk verdisetjing som kan nyttast til å rekne ut verdianslag for ulike typar verdiar. Ved å bevege seg frå bruksverdiar til ikkjebruksverdiar, og frå marknadsbaserte metodar til metodar som tek utgangspunkt i uttrykte preferansar, skjer det noko både med kva verdiar som vert omfatta og med kor sikre anslaga er. Når det finst marknadsprisar for ei økosystemteneste er det naturleg å ta utgangspunkt i desse prisane ved ei økonomisk verdsetjing av tenesta. Figur 5 illustrerer likevel at metodar som er basert på marknadsprisar berre fangar opp bruksverdiar, og at for økosystemtenester som berre har eller har eit stort innslag av ikkje-bruksverdiar, er det berre metodar basert på uttrykte preferansar som kan nyttast. Sidan ikkje-bruksverdiar og mangel på marknadar er noko av det som er typisk for mange økosystemtenester, er det relativt få tenester som kan verdsetjast ved hjelp av metodar som nyttar seg av data frå marknader der økosystemtenester 12
vert omsett eller marknader som er nært knytt til økosystemtenester som det er ønskjeleg å setje verdi på. Det tyder i mange tilfelle at metodar som nyttar seg av uttrykte preferansar er einaste moglegheit til å prissetje. Slike verdsetjingsstudiar er både tids- og ressurskrevjande, og det er i dag avgrensa kapasitet og røynsle med gjennomføring av økonomisk verdisetjing i miljøforvaltninga i Noreg. Eit avgrensa tal relevante eksisterande studiar reduserer også moglegheita for overføring av verdianslag frå andre stader. (NOU 2013:10, s.218) Det er difor interessant og relevant i denne samanhengen at nokre av dei mest omfattande og grundige studiane som i nyare tid har vore gjennomført nettopp er frå vårt nærområde. Og at studiane nettopp tek for seg potensiell utbygging av vasskraft i elvar der det var varsla motstand mot utbygging som, rett nok i noko mindre skala, kan samanliknast med dei påemna planane for vasskraftutbygging i Raundalselva. 5.3 Studiestad Bakgrunnen for den opphavelege studien som her vert brukt som studiestad, jfr. vedlegg IV, ligg nokre år attende i tid, og er kalla «Miljøkostnadsprosjektet, Trinn 2», Navrud (2003). Miljøkostnadene ved norsk vasskraft var då tidlegare dokumentert gjennom verdsetjingsundersøkingar av Sauda-utbygginga og full utbygging av Øvre Otta. Trinn 1 i Miljøkostnadsprosjektet tok utgangspunkt i planane for desse to utbyggingane og deira delfelt. Saman med teknikkar for geografisk overføring/generalisering (sokalla «benefit transfer, sjå vedlegg IV) av miljøkostnadsanslag, vart miljøkostnad pr. kwh for ein nasjonal portefølje av utbyggingsprosjekt anslått. Porteføljen var antatt å vere representativ for norsk vasskraft. Miljøkostnader for denne porteføljen vart m.a. uttrykt i kroner frå utrekningane av miljøkostnader basert på Sauda og Øvre Otta-prosjekta. Desse verdiane var likevel ikkje representative for mindre opprustings- og utvidingsprosjekt. Hovudmålet for neste trinn, trinn 2, var då å dokumentere miljøkostnader pr. kwh av eit representativt prosjekt for denne type utbyggingar. Av i alt 10-12 aktuelle utbyggingsprosjekt på landsbasis vart den planlagde Rasdalselva/Geitåni-utbygginga i Voss og Vaksdal kommunar valt ut. Utbyggjar var BKK. Utbyggingsplanen bestod av fire delutbyggingar, Rasdalselva, Geitåni, Skårdalselva og Fossegjelet med årleg medelproduksjon på høvesvis 20.0, 21.0, 1.8 og 0.7 GWh ved full utbygging kvar for seg, eller ein realisert energigevinst på 42.5 GWh ved ei samla utbygging. Følgjande kriteria vart lagt til grunn når prosjekt skulle veljast: 1) Utbygginga må vere planlagd, og det må vere realistisk at utbygginga kan kome, men endeleg vedtak må ikkje vere gjort før verdsetjingsstudien er gjennomført 2) Konsekvensutgreiing (KU) må vere gjennomført basert på dei endelege utbyggingsplanane 3) Representativt for komande utbyggingsprosjekt i Noreg. Prioritere oppgraderings- /utvidingsprosjekt framfor elvekraftverk 4) Lokalbefolkninga bør ha relativt god kjennskap til prosjektet for eksempel gjennom nyleg avslutta KU-prosess 13
Metode Basert på eit spørjeskjema med detaljerte, illustrerte beskrivingar av effektane på naturvern, kulturminne og friluftsliv/jakt/fiske av utbygginga av kvart av dei fire delfelta vart eit utval på 360 husstandar i mai 2002 spurde om si haldning til utbygginga, betalingsvilje i form av ei ekstra straumavgift for å unngå desse effektane, og ei rekkje bakgrunnsvariable. Beskrivinga av miljøeffektane var på førehand godkjende av alle partane; dvs. utbyggjar (BKK), kommunar, grunneigarar og protestaksjonen mot utbygging. Miljøkostnadsanslaget pr. kwh er rekna ut som gjennomsnittleg betalingsvilje pr. hushald pr. år multiplisert med talet på hushald det gjeld, dividert med den årlege middelproduksjonen av utbygginga. «Hushalda det gjeld» er teoretisk sett definert som dei som kan tenkjast å få redusert si velferd/livskvalitet ved miljøeffektane av utbygginga. I dette tilfellet vart dei definert som hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen og elles alle husstandar i dei to kommunane der utbygginga var planlagd, Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland. Sidan det kunne tenkjast at hushald i andre kommunar i Hordaland også kunne ha betalingsvilje for å unngå miljøeffektane av denne utbyggingsplanen, vart det også gjort intervju med eit utval av desse. Det var likevel stor risiko for at desse hushalda overfokuserte på denne eine utbygginga, og «gløymde» at det også var fleire andre utbyggingsprosjekt av same storleik i fylket ( som dei synest var like viktige eller viktigare å unngå). Denne risikoen var spesielt stor ved studiar av betalingsvilje av slike relativt små opprustings-/utvidingsprosjekt, medan det var mindre risiko for fokuseringseffektar for dei to tidlegare studiane av miljøkostnader i Øvre Otta (full utbygging) og Sauda-utbyggingane på høvesvis 1 000 og 1 308 GWh. Desse to prosjekta var på det tidspunktet undersøkingane vart gjennomført dei desidert største aktuelle utbyggingsprosjekta i sine heimfylke, og «hushalda det gjeld» omfatta for desse studiane også alle husstandar i dei fylka det gjeld. Sjølv om resultat frå alle tre delutval (hytteeigarar/grunneigarar Rasdalen, hushald i Voss/Vaksdal kommunar, hushald i Hordaland fylke) vart presentert, vart det difor som eit «beste» resultat brukt anslaget på miljøkostnader som er basert på at berre hytteeigar/grunneigar og Vaksdal/Voss-utvala utgjer «folkesetnaden det gjeld». Resultat Intervjuarane si evaluering av innsatsen til dei som tok del i undersøkinga viste at heile 91% av dei spurde vart vurdert til å ha tatt undersøkinga alvorleg. Utrekninga av betalingsvilje var basert på oppdatert teknikk for Uttrykte preferansar (Contingent Valuation CV), men undersøkinga var elles konstruert så lik undersøkinga av Sauda- og Øvre Otta CVundersøkinga som mogleg. Dette var for å få til ei så konsistent samanlikning av desse ulike typane utbyggingsprosjekt som mogleg. Resultata stadfesta at betalingsviljen minkar med avstand ( og grad av påverknad av folk si velferd), slik at betalingsviljen var størst for hytteeigarar/grunneigarar, deretter hushalda i Voss og Vaksdal kommunar, og så hushalda i dei resterande kommunane i Hordaland. Årleg miljøkostnad for den folkesetnaden det gjeld, dvs. hushalda i Voss og Vaksdal kommunar i tillegg til hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen, vart utrekna som hushaldet sin gjennomsnittlege betalingsvilje pr. år for å unngå miljøeffektane av utbygging, multiplisert med talet på hushald det gjeld. Tilsvarande utrekningar for kvart delfelt bygde på deltakarane si fordeling av oppgjeven betalingsvilje for å unngå effektane i kvart enkelt av dei fire 14
delfelta. Årleg miljøkostnad og tilhøyrande miljøkostnad pr. kwh for kvart av dei fire delfelta vart samansett slik: Delfelt Årleg miljøkostnad (for den omhandla folkesetnaden») i 2002 kroner Årleg middelproduksjon GWh/år Miljøkostnad øre pr. kwh i 2002 kr Rasdalselva 1 623 442 20,0 8 Geitåni 1 054 222 21,0 5 Skårdalselva 519 523 1,8 29 Fossegjelet 491 647 0,7 70 Figur 6. Årleg miljøkostnad for utbygginga samla var ca. 3,5 millionar kroner. Med ein samla årsmiddelproduksjon på 42,5 GWh, om alle fire delutbyggingane vart realisert, tilsvara dette ein miljøkostnad på 8 øre pr. kwh. Miljøkostnadene pr. kwh var som venta ut frå Sauda-undersøkinga, størst for dei aller minste delfelta. Resultata viste vidare at miljøkostnaden for Rasdalselva var klart større enn Geitåni, trass i at førstnemnde hadde ein lågare årsmedelproduksjon. Dette gav uttrykk for at denne type undersøkingar klart fekk fram kva som var det mest kontroversielle delfeltet. Basert på indikatoren «miljøkostnad pr. kwh» syntest dei store utbyggingane å vere favorisert på kostnad av dei mindre, sjølv om årleg miljøkostnad var stor. Resultat frå denne undersøkinga viste difor at det ut frå miljøkostnadene var betre å byggje ut færre, større opprustings- og utvidingsprosjekt heller enn mange små som gav tilsvarande samla elproduksjon. Dette resultatet har også vorte stadfesta i seinare forskingsarbeid (Bakken et al. 2014). 6. DAGENS BRUK AV VASSDRAGET 6.1 Rafting og ekstremsport Frå tidlegare utbyggingar og utbyggingsplanar flyttar me så fokus til dagens situasjon i eit anna vassdrag i same kommune, Vossovassdraget. Dagens bruk av vassdraget generelt, Raundalselva spesielt og samspelet med dei andre elvane i Vossovassdraget er gjort greie for i eit innspel om flaumdempande tiltak frå Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active. Innspelet er tatt inn i vedlegg III, men nokre overordna synspunkt er tatt med i teksten her: Omgrep og definisjonar (forenkla versjon, sjå vedlegg III for full versjon): Rafting: padling i elv med flåtar som tek 6-7 gjestar kvar, opptil 14 båtar 2 gongar om dagen. Ideell vassføring i Raundalselvi er 25-50 m3/s. Familierafting: padling i elv med flåtar som tek inntil 8 gjestar kombinert med små oppblåsbare kanoar som tek 2 personar. Juving: vandring/symjing i elva når det ikkje er nok vatn til rafting. Aldersgruppe 15+. Juving skjer Raundalselvi i området ovanfor Bjørke mot Selheim. Vassføring 5-14 m3/s 15
Vasstand under ideell vassføring gir dårlegare produkt, og når det nærmar seg nedre grense byrjar det å bli direkte vanskeleg å kome seg ned pga av grunner og steinar. Vi opplever kvart år at vasstanden kjem under nedre grense og turar blir kansellerte. Det har aldri skjedd kanselleringar av rafting på Voss pga høg vassføring. Voss Active AS er Vestlandets største aktivitetsbedrift og eit av Noregs aller største raftingselskap med omsetnad på 12,5 mill og 15 årsverk. Søsterselskapet Norway Active AS har omsetnad på 5 mill og er gjensidig avhengig av det andre selskapet. Voss Active AS har ei rekkje ulike aktivitetar for turistar, vennegjengar og bedrifter, men rafting/elvesport er sjølve kjernen i vårt virke. Raftingsesongen er ca 6 månadar frå mai til november og skjer i Strandaelva og Raundalselvi. Dei snillare familieturane går i Vosso. Til saman har vi ca 8 000 gjestar i elvane pr sesong og vi er avhengig av alle tre elvene. Strandaelva og Raundalselvi utfyller kvarandre på ein fin måte der vi raftar i den fyrstnemnde når vassføringa er stor og flyttar turane til Raundalselvi når vassmengda i Strandaelva blir for låg, vanlegvis i juli/august. Dersom vassføringa i Raundalselvi kjem under 14 m3/s kan vi ikkje lengre rafte men vi tilbyr juving som alternativ. Vi mister da ca 50% av førehandsbookinga sidan rafting er meir populært og tapet av nye bookingar er endå større. Vi kan juve heilt ned til 5 m3/s, deretter blir all elvesport kansellert. Vosso, som er den største elva, nyttast til familierafting heile sesongen så lenge der er nok vatn. I førre runde om kraftutbygging i Raundalselvi, blei det etter møter med Voss Energi og BKK klart at ei utbygging av Raundalselvi vil gjere elva uinteressant for kommersiell rafting for oss fordi ho blir farbar berre dei dagane vi likevel kan nytte Strandaelva. Raundalselvi har relativt stor vassføring og er difor særs viktig i tørrare periodar når Strandaelva ikkje har nok vatn. Fast redusering av vassføringa på 50 m3/s gjer altså at sesongen og tal på dagar der vi kan tilby normal rafting på Voss blir bortimot halvert. Vi vil miste ca 90 moglege raftingdagar i eit normalår, enda fleire eit tørt år. Tapet av Raundalselvi som raftingelv vil bli ei særs stor utfordring for selskapet og vil slå beina under sjølve fundamentet for drifta. Vi trur ikkje det er mogleg å drive ei lønsemd bedrift om sesongen blir korta ned eller om produktet blir vesentleg dårlegare. Ekstremsportveko er ein magnet for Voss. Veko har vore tema i fleire forskingsprosjekt som omhandlar m.a. samarbeidet mellom kommunen og Veko og undersøkingar som tek for seg kva ringverknader 16
Veko skapar i lokalsamfunnet m.a. NIBR (2012) og Vestlandsforsking (2013). Veko omsette i 2015 for 16,4 mill. kroner (avisa Hordaland 25.10.2016). For dei ansvarlege i Veko er det heilt uaktuelt å svare på spørsmål om kor stor del av denne omsetnaden som er knytt opp mot Vossovassdraget. I Veko-programmet kjem det stadig til nye aktivitetar som byggjer på tidlegare røynsle. Alle aktivitetar er avhengige av kvarandre, fell ein aktivitet bort smuldrar det heile opp. Det er likevel ikkje til å leggje skjul på at ein medverkande årsak til at Veko vart etablert var dei unike mogelegheitene til vassport som låg i Vossovassdraget. Slik sett har vassporten vore med å bære fram Vekosuksessen til det den er i dag. Kva bonuskroner som ligg i den goodwill Veko har skapt for bygda kan ein berre drøyme om, og er ikkje vidare omhandla i denne rapporten. 6.2 Laks Vossovassdraget har lenge vore kjent som eit godt laksevassdrag med mykje stor laks. Basert på historiske tal for oppfiska laks i vassdraget og lokalhistorisk kunnskap om det omfattande sjøfisket ved Stamnes like utanfor elva, er det grunn til å tru at potensialet for oppgang av laks i Vosso årleg kan vere mellom 20 000 kg og 40 000 kg om ein får kontroll med dei ulike miljøfaktorane som har ført til den negative utviklinga dei seinaste åra (Hordaland Fylkeskommune, (2004)). Den storvaksne laksen, med sjanse for å fange laks over 20 kg, har gjort elva godt kjent i sportsfiskar- og forskarmiljø over heile verda. Vossolaksen er unik og har vore nytta som stamme til oppdrett og til réetablering i vassdrag der laksen har vore utrydda. Med laksen attende i Vosso kan ein vente stor interesse for fiske i elva i framtida. Det finst utrekningar for kva økonomiske ringverknader ein kan få av sportsfiske i eit godt vassdrag. For enkelte vassdrag i Storbritannia er verdien rekna til 10 000 kr/kg sportsfiska laks. Norske tal varierar frå 1 000-3 000 kr/kg sportsfiska laks, litt avhengig av kor godt ein greier å utnytte ressursen og kva fiskekortordningar som er etablert. For Namsen i Nord- Trøndelag med om lag 2 000 kr/kg sportsfiska laks utgjer dette 50 mill. kroner årleg. Overført til Vosso kan ei restituert laksestamme representere verdiar på 20-40 mill. kroner årleg. Det vil også vere stor grad av internasjonal og nasjonal goodwill å hente om ein får på plass igjen vossolaksen. 17
7. VERDIFASTSETJING Det teoretiske grunnlaget for å utleie overføringsfunksjonar frå ein studiestad ( Rasdalen /Geitåni-utbygginga) til ein beslutningsstad (Vossovassdraget/Raundalselva) er drøfta i vedlegg IV. Ser me på tala frå den lokale undersøkinga i kap 5.3 (Navrud 2003) som omhandlar tal frå den lokale Rasdalen/Geitåni-utbygginga ser me at miljøkostnaden pr kwh spriker mykje, frå 5 til 70 øre pr kwh. Dette er relativt små utbyggingar med ein samla energiproduksjon på 42,5 GWh årleg. Det synest vere ein trend at miljøkostnaden pr kwh for store vasskraftprosjekt jamt over er lågare enn den same kostnaden for mindre utbyggingar. Held me oss difor til den lågaste av miljøkostnadene for Rasdalen/Geitåni utbygginga, dvs 5 øre pr kwh i 2002, vil ei framføring til 2015-verdiar verte 8,35 øre pr. kwh (SSB 2003) i Raundalselva (beslutningsstad). Dette er altså betalingsviljen for å behalde eit vassdrag urørt (damage cost). Etter ei samla vurdering er det i dette tilfellet funne å vere grunnlag for å bruke ei justert einingsoverføring der hovudskilnaden er at det er 13 år mellom studien og den noverande utrekninga. Studiestad og beslutningsstad er nær den same. Det er difor vurdert slik at ei justering for å reflektere opplagde skilnader på prisnivå eller inntekt gjev det beste biletet på utviklinga. Denne tilnærminga føreset at viktige parametrar som gjeld kultur, folkesetnad, næringsutvikling og bygda sitt image elles er like ved dei to tidspunkta. Ei anna tidlegare undersøking der den same metoden om betinga verdisetjing i ein hypotetisk merknad vart brukt, var den heller kontroversielle utbygginga av Øvre Otta (1000 GWhplanen) der det vart funne årlege kostnader (damage cost) på 0,6 Eurocent pr. kwh (Hansesveen og Helgås 1997) sitert i (Navrud 2001). Basert på ein omrekningskurs på 1 euro= NOK 7.99 i 1997 gjev dette ein miljøkostnad på 4,8 øre pr kwh i 1997-kroner. Den tilrådde einingsoverføringa til 2015-nivå er forholdet mellom lønsnivå på dei to tidspunkta som i følgje Statistisk Sentralbyrå er 1,91, dvs. lønsnivået i Noreg er 91% høgare i 2015 enn i 1997. Dette gjev ein tidskorrigert miljøkostnad på 9,17 øre pr kwh. Synleggjering av naturverdiane i Vossovassdraget og Raundalselva er altså gjort med basis i ei større undersøking som har vore omtala ovanfor og i kap. 5.2, 5,3 og vedlegg II. Studien som den gong vart gjennomført var basert på ei mogeleg kraftutbygging i Rasdalen heilt vest i Voss kommune, og såleis er dette to typiske vestlandsdalføre som ligg i den same kommunen. Delar av dei to dalføra liknar kvarandre, medan Raundalen i deler har ein meir dramatisk natur. Raundalen er eit hovuddalføre mellom aust og vest og har i tillegg til dei same kvalitetane som Rasdalen, eit større potensiale når det gjeld turisme ved at Bergensbanen går gjennom dalføret og er eit viktig element i konseptet «Norway in a Nutshell» og nedre del av rallarvegen går gjennom dalføret. Den periodevis dramatiske naturen gjer sitt til at m.a. desse aktivitetane har stort omfang og opplevingsverdien av attraksjonane grunngjev at ei evt. utbygging vil få store konsekvensar, inngrepa vert større og forsvarar at ei evt. utbygging av dalføret vil ha ein miljøkostnad som er proporsjonal med antal kwh produsert. Middelverdien av studiestadane (Rasdalen/Geitåni og Øvre Otta) er 8,76 øre pr kwh eller tilsvarande ein miljøkostnad på 43,8 mill kroner årleg for ei utbygging på 500 GWh slik det no er planlagt i Raundalen for både alternativ 2 og alternativ 3.Utrekninga er gjort etter dei standardar og normer som galdt i lokalsamfunnet på Voss ved årtusenskiftet. 18
Men det har skjedd mykje på Voss etter årtusenskiftet, ikkje minst bygda sitt «image» som staden for ekstremsportmiljøet og for naturbaserte opplevingar for alle. Ekstremsportveko var ved årtusenskiftet i ein heilt annan divisjon, Voss Active AS (tidlegare Voss Rafting AS) var knapt påtenkt og andre etableringar og aktivitetar med naturbasert næring som grunnlag har sidan den gong vakse fram. Ekstremsportveko og Voss Active (inkl. Norway Active) omsette i 2015 for i overkant av 33 mill kroner.(avisa Hordaland 25.10.2016). No er ikkje alt dette direkte knytt til elvesportmiljøet, men for Voss Active sin del hadde verksemda i dag knapt eksistert utan det grunnlaget som aktivitetane i elva gjev. Dette er i følgje dagleg leiar i verksemda som legg til at heile omsetnaden i verksemda kjem bygda til gode. (Frå samtalar 16.12.2016) For Ekstremsportveko sin del er biletet noko meir samansett, men for dagleg leiar er det heilt uaktuelt å knyte deler av omsetnaden opp mot einskilde aktivitetar. Her gjeld alle for alle ein for ein. Ekstremsportveko har bygd opp fleire bein å stå på, men fell noko av grunnlaget bort, smuldrar det heile opp. Og Raundalselva er ein viktig del av deira aktivitet. Også for Ekstremsportveko kjem heile omsetnaden bygda til gode. (Frå samtalar 22.12.2016). Analysar gjort av Transportøkomisk Institutt (Dybedal et al, 2008) viser at av kvar krone omsett på primærmarknaden vert det generert ein ringverknad på 30 øre til det lokale næringslivet. Dei to verksemdene genererar difor verdiar på 33,14 x 1,3 = 43,1 mill kroner årleg til lokalsamfunnet. I tillegg til dette kjem verdien av ei restituert lakseelv som i kapitel 6.2 er verdsett til 20-40 mill. kroner årleg. Ei bortføring av vassmengdene i Raundalselva til andre dalføre vil i følgje representantar for det lokale Jæger og Fiskarlaget definitivt vere kroken på døra for Vossolaksen. Sidan bortføring av vatn frå hovudvassdraget er noko ulikt for dei to alternativa med kraftproduksjon (alt 2 og alt 3 i Sælthun et al (2016)) er denne verdien ikkje rekna med i den vidare analysen. Det som førebels kan oppsummerast er difor ein miljøkostnad ved kraftutbygging på (43,8+43,1) mill. kroner = 86,9 millionar kroner årleg. Dei to alternativa som inneheldt kraftproduksjon ber altså med seg ein kostnad ved at naturverdiar i Raundalsvassdraget frå Reime og nedover går tapt ved at vatnet som skulle gått i det naturlege elveløpet vert ført gjennom tunellar Dette fører til sterkt redusert vassføring i det naturlege elveløpet, og elveløpet vil i periodar framstå som nær tørrlagt. Vidare kan det argumenterast i mot at heile omsetnaden frå aktiviteten til Voss Active og Ekstremsportveko vert tatt med som ein miljøkostnad ved kraftprosjekta. For Voss Active sin del er heile omsetnaden tatt med fordi denne aktiviteten er kome i gang på grunn av folk som har flytta til Voss på grunn av elva og naturen knytt til den. Og verksemda vert driven av folk med den same bakgrunnen og dei same motiva. Fell driftsgrunnlaget bort flyttar dei truleg, det er ikkje lenger noko her som knyter dei til bygda. For Ekstremsportveko gjeld det sameleis at leiinga ser på aktiviteten som ei eining, fell delar av grunnlaget bort, smuldrar det heile opp. Og det heile begynte med elvesport! 19
8. KOSTNADSEFFEKTIVITETSANALYSE Dersom dei ulike alternativa for flaumførebyggjande tiltak som skal samanliknast har like nytteverknader, er det ikkje naudsynt å verdsetje nytten i kroner for å rangere den samfunnsøkonomiske lønsemda av tiltaka. Rangeringa vil uansett berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka. Dette vert som tidlegare nemnt kalla ein kostnadseffektivitetsanalyse. I ein slik analyse vert tiltaka rangert etter kostnader og å finne det tiltaket som vil realisere målet til lågast kostnad. Denne type analyse høver godt til prosjektet «Flaumdempande tiltak i Vossovassdraget» fordi alle alternativa i prinsippet skal løyse oppgåva som går ut på å førebyggje flaum og sikre verdiar langs vassdraget. Det er altså valt ut 4 av alternativa i Multiconsult sin rapport (Sælthun et al. 2016), 2 alternativ med kraftutbygging og 2 alternativ utan: Alt.no. Tiltak 2. Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 3. Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke- Granvin 6A Flaumtunellar Lilandsosen-Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 6B Flaumtunellar Lilandsosen-Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden I presentasjonsmøtet på Voss den 6.12.2016 kom det fram at dei tiltaka som fører vatnet ut av vassdraget ved Reime ikkje vil hindre at flaumvatnet trengjer inn over Vossevangen og at det difor i tillegg trengs ein låg flaumvoll der. I tillegg vart det stilt spørsmål ved kapasiteten ut av Evangervatnet ved dette alternativet, dersom tunell-løysing ikkje vert valt også her. Tilsvarande spørsmål vart ikkje reist ved alternativet der vatnet vert ført ut av vassdraget ved Bjørke. I begge alternativa med flaumtunnellar nedstraums Vangsvatnet er det rekna som sannsynleg at tunell Evangervatnet Bolstadfjorden er nødvendig. Multiconsult uttrykte usikkerheit om dette fordi data for denne delen av vassdraget ikkje er så gode som for oppstraums Vangsvatnet. I Multiconsult sin rapport vert inntekter ved kraftproduksjon rekna for å vere så usikkert at det ikkje er rekna på, korkje inntekter eller kostnader ved sjølve kraftstasjonen med tilhøyrande anlegg og installasjon. Opplysningar som er innhenta frå konsulentar tyder på at kostnadene med å etablere ein kraftstasjon med tilhøyrande infrastruktur ligg i storleiksorden 2 kroner pr. kwh og at ein kraftstasjon i den storleiken det her er tale om, om lag 500 GWh produksjon på årsbasis, dermed kan estimerast til om lag 1 mrd. kroner. Sidan det både for alternativ 2 og 3 er skissert ein årleg kraftproduksjon på om lag 500GWh vert denne kostnaden lik for alternativ 2 og 3. Det er likevel i dette tilfellet valt å setje kostnaden med å etablere kraftstasjon til 800 mill. kroner både for alternativ 2 og 3. Kostnader alt 2, kapasitet tunell 400 m 3 /s: Tunell Reime-Granvin Kraftstasjon m/infrastruktur Låg flaumvoll Vossevangen 610 mill kroner 800 mill kroner 25 mill kroner 20
Tunell Evangerv.-Bolstadfj. SUM 170 mill kroner ( liten, kapasitet 200m 3 /s) 1 605 mill kroner Kostnader alt 3, kapasitet tunell 400m 3 /s: Tunell Bjørke-Granvin Tunell Reime-Bjørke inkludert kraftstasjon ++ SUM 1 060 mill kroner 1 200 mill kroner 2 260 mill kroner Evt. ekstra kostnader med infrastruktur for overføring av straum er ikkje medrekna for alt 2 og 3. Kostnader alt 6A, kapasitet 400 m 3 /s begge tunellar: Tunell Lilandsosen-Seimsvatnet Tunell Evangervatnet-Bolstadfj. SUM 250 mill kroner 340 mill kroner 590 mill kroner Kostnader alt 6B, kapasitet 400 m 3 /s begge tunellar: Tunell Lilandsosen-Evangervatnet Tunell Evangervatnet-Bolstadfj. SUM 705 mill kroner 340 mill kroner 1 045 mill kroner Tidsperspektiv. Sett på bakgrunn av at mange av dei store vasskraftkonsesjonane vart gjevne for omlag 100 år sidan, er det kanskje relevant å sjå på tidsperspektivet når desse konsesjonane no står framføre fornying. Endringar skjer utan tvil fortare enn for 100 år sidan, så på den bakgrunn kan det vere ønskjeleg med kortare konsesjonsperiodar. På den andre sida må dei som skal investere ha ein viss langsiktig tryggleik for sine investeringar. Å sjå noko lenger fram i tid enn 80 år er likevel ikkje funne tilrådeleg i denne samanhengen, og dette tidsperspektivet er difor valt når framtidige inntekter og kostnader skal diskonterast til noverdi. Inntektene frå elkraftproduksjon er frå enkelte kjelder tidlegare vurdert til å vere 20 øre pr kwh. Dette estimatet kan synast noko høgt, med den utryggleiken som ligg i framtidige kraftprisar, kan eit like realistisk alternativ vere 10 øre pr. kwh. Her er det valt ei løysing midt på treét, 15 øre pr kwh. ÅRLEGE INNTEKTER OG KOSTNADER Inntekter kraftsal: 500 000 000 kwh x 0,15 kroner/kwh = 75,0 mill kroner Noverdi av denne inntektsstraumen i 80 år, diskonteringsrente 4% dei første 40 åra, deretter 3% dei neste 35 åra og 2% dei siste 5 åra i samsvar med Rundskriv R-109/14 (2014) og Direktoratet for økonomistyring (2014). 21
Neddiskontert til noverdi utgjer kraftinntektene: 1 846 000 000 kroner. Årlege miljøkostnader som tidlegare utrekna = 86,9 mill. kroner (også her i 80 år). Neddiskontert til noverdi utgjer miljøkostnadene 2 139 000 000 kroner Miljøkostnader kraftinntekter i berekningsperioden: 2 139 000 000 1 846 000 000 = 293 000 000 kroner. Med utgangspunkt i ein årleg kraftproduksjon på 500GWh er kraftinntektene i alt.2 og alt.3 dei same. Miljøkostnadene for dei 2 alternativa er også rekna å vere dei same. SAMLA KOSTNADER ALT 2: Investeringskostnader Miljøkostnader-kraftinntekter. Samla kostnader 1 605 000 000 kroner 293 000 000 kroner 1 898 000 000 kroner SAMLA KOSTNADER ALT.3: Investeringskostnader Miljøkostnader-kraftinntekter Samla kostnader SAMLA KOSTNADER ALT 6A: SAMLA KOSTNADER ALT 6B: 2 260 000 000 kroner 293 000 000 kroner 2 553 000 000 kroner 590 000 000 kroner. 1 045 000 000 kroner. Ein samfunnsøkonomisk analyse etter kostnadseffektivitetsmetoden viser difor følgjande resultat: Rangering Alternativ Prosjektbeskriving Samfunnsøkonomisk kostnad (mill. kr.) 1 6A Flaumtunellar Lilandsosen- Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 590 2 6B Flaumtunellar Lilandsosen Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 1 045 3 2 Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 1 898 4 3 Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke Granvin. 2 553 Tabell: Rangering av alternative løysingar etter samfunnsøkonomisk kostnad. 22
9. VURDERINGAR OG KONKLUSJON Det har vore etablert ei oppfatning av at det ikkje er mogeleg med flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget utan at dei er finansiert gjennom inntekter frå kraftproduksjon. Kraftproduksjon har i mange tilfelle ein regulerande effekt og er truleg mogeleg også i dette vassdraget, men vert å sjå på som ein siste utveg sidan Vossovassdraget er eit verna vassdrag. Andre interessentar har fremja eit motsett syn, at naturverdiane i vassdraget er så store at dei med god margin overstig det som måtte kome av inntekter av kraftproduksjon. Deira argument fell i store trekk saman med grunngjevinga i Verneplan for vassdrag (St.prp. nr. 89 (1984-85)) Utgangspunktet for denne studien har vore å kartleggje og å konkretisere naturverdiar som finst i Vossovassdraget, for betre å synleggjere desse verdiane sett opp mot eventuelle inntekter frå kraftproduksjon. Det vert her bygd på lokale undersøkingar som tidlegare er gjennomført på Voss og i regionen omkring, for å synleggjere folk sin vilje til å betale for å unngå inngrep i naturen ved utbygging av vasskraft. Resultata frå undersøkinga vert knytt opp mot dagens situasjon i Vossovassdraget i samsvar med aksepterte og etablerte metodar. Ein kostnadseffektivitetsanalyse, jfr. kap. 5.1, har vore gjennomført der kostnadene for fire alternative løysingar for flaumregulerande tiltak er valt ut, to alternativ med kraftproduksjon og to alternativ utan. I komitéinnstillinga til energimeldinga (Meld. St. 25 (2015-16)) om flaumsikring i verna vassdrag har fleirtalet i komitéen vist til at det ikkje vert gjeve konsesjon til større kraftprosjekt i verna vassdrag. Komitéen meinar at konsesjonshandsaming for kraftutbygging over 1 MW i verna vassdrag må leggjast fram for Stortinget og kun vurderast i dei tilfelle der andre flaumdenpande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vil påverkast nemneverdig. Resultata frå denne analysen viser at dei to alternativa for flaumregulerande tiltak som ikkje rokkar ved vernestatusen for Vossovassdraget er klart gunstigast sett frå ein samfunnsøkonomisk synsstad. 23
10. REFERANSAR 062/1 Vossavassdraget. www.nve.no. Venstremarg: Vann, vassdrag og miljø. Verneplan for vassdrag. 062/1 Vossavassdraget. Avisa Hordaland Bakken et al. 2014 Barton et al. 2012 Diverse artiklar, m.a. «Ekstremsportveko er blitt millionbutikk», 25.10.2016 Demonstrating a new framework for the comparison of environmental impacts from small- and large-scale hydropower and wind power projects. Journal of Environmental Management., vol. 140 (2014) 93 101. David N. Barton, Henrik Lindhjem, NINA. Kristin Magnussen, Sweco Norge and Silje Holen, NIVA. Valuation of Ecosystem services from Nordic Watersheds from awareness rising to policy support? Nordic Council of Ministers. Copenhagen 2012. Direktoratet for økonomistyring(2014)veileder i Samfunnsøkonomiske analyser. Direktoratet for Økonomistyring. 2014. Dybedal et al 2003 Dybedal et al. 2008 Hansveen, H and Helgås A.G. Hordaland Fylkeskommune (2004) Steinar Johansen, Frode Kann og Petter Dybedal. Regionaløkonomiske virkninger av reiseliv. Utvikling av en analysemodell. NIBR rapport 2002-23. Norsk institutt for by- og regionforskning, Oslo. Eiving Farstad og Petter Dybedal. Økonomiske virkninger av reiseliv på Voss 2007. TØI rapport 950/2008. Transportøkonomisk Institutt, Oslo. Estimating Environmental cost of Hydropower Development in Øvre Otta. A Contingent Valuation Study. Agricultural University of Norway. 1997. Høyringsuttale i samband med etablering av nasjonale lakseelvar. Meld.St.25(2015-16) Melding til Stortinget. Kraft til endring. Energipoltikken mot 2013. Det kgl Olje- og Energidepartement. Navrud S. (2003) Miljøkostnadsprosjektet. Trinn 2. Sluttrapport 5. februar 2003, rev. 8. oktober 2003. Navrud S. (2001) Environmental cost of hydro compared with other energy options. Hydropower & Dams, Issue Two 2001. 5p. 24
NIBR 2012 Festivalkommunar. Samhandling mellom kommunar og festivalar. Guri Mette Vestby, Roar Samuelsen og Ragnhild Skogheim. Norsk institutt for by- og regionforskning. NIBR-rapport 2012:7. NOU 1983:42 NOU 2013:10 Naturfaglige verdier og vassdragsvern. Objekt no 80. Vossovassdraget Naturens goder om verdier av økosystemtjenester. Departementenes servicesenter, Oslo. Rundskriv R-109/14 (2014). Prinsipper og krav ved utarbeidelse av samfunnsøkonomiske analyser mv. 30.04.2014. Det Kgl. Finansdepartement. SSB 2003 Statistisk sentralbyrå, www.ssb.no. Lønsindeks 1997-2005 og 2002-2015 St.prp.nr.89 (1984-85) Stortingsproposisjon nr. 89 (1984-85).Verneplan III for vassdrag. Objekt no. 80 Vossovassdraget. Vassdrag no 254. Sælthun et al.2016 Nils Roar Sælthun, Kristine Lilleeng Walløe, Randi Olsen, Hilde Johnsborg, Morten Kraabøl, Jon Magnus Amundsen m.fl. Mogelegheitsstudie for flaumdempande tiltak i Vosso og Opo. Multiconsult rapport 129236-RiVass-RAP-01. Desember 2016. Vestlandsforsking 2013 Verdiskapning frå natubaserte aktiviter. Halvor Dannevig, Eiving Brendehaug og Morten Simonsen. Vestlandsforsking-rapport 10/2013. 25
VEDLEGG I ØKOSYSTEMTENESTER. TOTAL SAMFUNNSØKONOMISK VERDI. Tabell: Verdikategoriar og metodar for økonomisk verdisetjing av økosystemtenester TOTAL SAMFUNNSØKONOMISK VERDI BRUKSVERDI IKKJE-BRUKSVERDI DIREKTE INDIREKTE EKSISTENSVERDI ARVEVERDI Marknadsverdiar Forebyggings- og erstatningskostnader Avdekkande preferansar TCM/HP Uttrykte preferansar CV/CE (etter NOU-2013:10) TCM- Travel Cost Method (Reisekostnadsmetoden) HP- Hedonic pricing (eigedomsprismetoden) CV-Contingent Valuation (Betinga verdisetjing) CE-Choise experiments (Valgeksperimentmetodar) Total samfunnsøkonomisk verdi (engelsk: total economic value - TEV) vert brukt for å beskrive verdien for samfunnet av ei endring i kvaliteten eller mengda av eit miljøgode eller ei økosystemteneste. Omgrepet «total» viser her til eit ønskje om å inkludere fleire typar økonomisk verdi, ikkje berre verdien av den direkte bruken av tenester frå økosystema, men også verdiar knytt til indirekte bruk og ikkje-bruksverdiar. Det dreiar seg altså ikkje om den totale verdien av eit økosystem eller ei økosystemteneste, eller av alle økosystem eller økosystemtenester, noko som er lite meiningsfullt å prøve å anslå verdien av. Ved økonomisk verdsetjing vert det til vanleg prøvd å anslå verdien av ei endring i kvaliteten eller mengda av økosystemtenester som følgjer av eit tiltak, ein politikk etc., og det er også dette som til vanleg vert målt ved total samfunnsøkonomisk verdi. Vidare er det denne type verdianslag som er relevant å bruke i samfunnsøkonomiske analysar. Total samfunnsøkonomisk verdi kan sjåast på som eit konsept eller tilnærming som kan medverke til å auke forståinga om korleis naturen medverkar med verdi til oss menneske på mange ulike måtar. Tiltak, politikk etc. som endrar kvalitet eller mengde økosystemtenester vil omhandle fleire verdikomponentar, og det er summen av desse verdiendringane som til saman utgjer samfunnet sin totale kostnad eller nytte av eit tiltak eller ein politikk. Men det er ikkje sikkert at det er mogleg å rekne ut ein økonomisk verdi for alle dei tilknytte økosystemtenestene og/eller verdikategoriar. Total samfunnsøkonomisk verdi kan då vere eit godt utgangspunkt for ei systematisk vurdering av kva verdiar som skal takast med i eit økonomisk verdianslag og kva som må synleggjerast på andre måtar.(nou 2013:10, s.216) Total samfunnsøkonomisk verdi er samansett av bruks- og ikkje-bruksverdiar, som begge har fleire undergrupper og verdikomponentar. 26
VEDLEGG II CV-METODEN BRUKT PÅ RASDAL/GEITÅNI-UTBYGGINGA 1 CV-scenario I det følgjande er det gitt ei beskriving av CV (Contingent Valuation eller uttrykte preferansar) metoden brukt på miljøeffektar av vasskraftutbygging. CV-metoden er ei intervjuundersøking av eit tilfeldig, representativt utval av dei interessegruppene som er berørt (dvs. folkesetnaden i dei kommunane det gjeld, folkesetnaden i resten av fylket og hytteeigarar.) Sentralt i CV-metoden står ei scenario-beskriving som er samansett av følgjande steg. 1. Beskriv mengde/kvalitet av miljøgoder med og utan prosjektet. Dette er ein fagleg korrekt samanstilling av effektane av den planlagde utbygginga (inklusive avbøtande tiltak) ut frå Konsekvensutgreiinga (KU), som samstundes er forståeleg for folk flest. Denne beskrivinga må utarbeidast i samarbeid med fagfolk involvert i KU, og testast på folkesetnaden, utbyggjar og lokale miljøstyresmakter og -organisasjonar. Effektane kan illustrerast med: - Kart som framhevar lokalisering og talet på ulike typar miljøeffektar (dvs. fokuserer på verknadene (dvs. ei revidering av «utbyggingskartet», som framhevar tekniske aspekt slik som tunellar, bekkeinntak og kraftstasjonar)). - Verknadstabell som beskriv effektane på naturvern, kulturminne og friluftsliv/fiske/jakt - Bilete, som viser dagens situasjon, utan utbygging, og simulerte «med-utbygging»- bilete som viser ulike venta effektar av utbygginga, for eksempel, redusert vassføring i elvar og fossar, landskap med og utan steintippar og korleis dei ser ut når dei gror til (dvs. vise effektar over tid). 2. Beskriv prosjektet, her: utbyggingsplan med dei effektane som er beskrivne (dvs. endringar i gjeldande miljøgoder). 3. Beskriv ein realistisk og rettferdig betalingsmåte For eksempel ei ekstra avgift på hushaldet si straumrekning (som kan gå til å dekkje meirkostnadene ved å utvikle alternative og meir kostbare energikjelder eller enøktiltak dersom ein ikkje byggjer ut eitt eller fleir av delfelta i utbygginga) 4. Betalingsvilje (BV) spørsmålet Dette spørsmålet kan stillast på to ulike måtar: 1) Ope BV-spørsmål: - Kva er det meste ditt hushald er viljug til å betale pr. år. som ei ekstra avgift på straumrekninga for å unngå utbygginga og dei beskrivne miljøeffektane 2) Lukka BV-spørsmål: - Dersom alle hushald i Hordaland måtte betale ei ekstra avgift på straumrekninga lik kr. XX pr. hushald pr. år for å unngå utbygginga og dei beskrivne miljøeffektane. Ville ditt hushald då vere for eller imot utbyggingsplanen? (Beløpet XX vil variere noko frå hushald til hushald (for eksempel vert nokon 27
spurt om 100 kroner, nokon om 500 kroner, nokon om 1000 kroner osv.) for å kunne dokumentere kor stor prosentdel av hushalda som svara ja til å betale ved ulik storleik på beløpet. Med statistiske metodar kan ein så ut frå deira svar rekne ut middels betalingsvilje pr hushald pr. år). Det er her valt opne BV-spørsmål for å sikre best mogeleg samsvar med dei to tidlegare CVundersøkingane av effektar av vasskraftutbygging i Noreg; Sauda (Navrud 1993) og Øvre Otta (Hansveen og Helgås 1997). Opne spørsmål gjer det dessutan mogeleg å få eit anslag for respondentane sin maksimale BV for å unngå effektar for kvar av delfelta (ved at dei fordeler sin oppgjevne BV for delfelta samla for dei fire delfelta). Respondentane vert minna om budsjettrestriksjonane sine (dvs. netto disponibel inntekt), gjennom utsagnet: «Når du svarar, tenk på kvar du vil ta pengane frå, og at du må bruke mindre pengar på andre ting.» I denne CV-undersøkinga vart respondentane først spurt om dei ville byggje ut eller bevare kvart av dei fire delfelta i utbygginga. Deretter vart alle (uansett om dei ville byggje ut eitt eller fleire delfelt eller ikkje) spurt om hushaldet sin betalingsvilje (BV) for å unngå effektane av heile denne utbygginga. Deretter vart dei som gav opp null BV spurt om årsaka til dette, for å kunne identifisere fordelinga mellom sokalla «réelle nullsvar» og «protest nullsvar» (som har réell BV større enn null, men protesterar mot eitt eller fleire aspekt av BVspørsmålet og gjev opp null BV» Dei som gav opp BV større enn null vart spurt om kor sikkert det var at dei faktisk ville betale beløpet dei gav opp (slik at ein i tillegg til den oppgjevne BV kunne rekne ut ein BV med eit spesifisert (høgt) sikkerheitsnivå. Til slutt vart dei bedt om å fordele BVèn sin for å unngå effektane av heile utbygginga på kvart av dei fire delfelta. 2 Oppbygging av spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet vil i så stor grad det er mogeleg/forsvarleg ha den same oppbygginga som tidlegare CV-undersøkingar i Sauda og Øvre Otta ( for å lette samanlikninga med resultata frå desse studiane), vere ein høg-kvalitetsstudie som følgjer gjeldande retningsliner for CVstudiar (jfr. NOAA-panelet sine retningsliner for CV-studiar, NOAA 1993, og seinare forsking på metoden). Spørjeskjemaet har følgjande 6 hovuddelar: i) Setje temaet for spørjeundersøkinga inn i ein større samanheng for å unngå overfokusering på effektar av denne spesielle vasskraftutbygginga, ved at respondenten vert bedt om å tenkje over kva fellesgoder dei ville bruke meir eller mindre pengar på og kor viktige dei ulike samfunnsspørsmål var. ii) Kartleggje respondenten sin kunnskap og haldning til ulike energikjelder, samt kunnskap og haldningar til Rasdal/Geitåni-utbygginga, og utbygging av det som er att av uutbygd vasskraft i Noreg og Hordaland. 28
iii) CV-scenario (prosjekt, effektar, haldning til utbygging av kvart av dei fire delfelta, betalingsmåte, BV-spørsmåla); sjå kapitel 1 ovanfor (framvising av eit kart som viser effektane, 17 bilete og ein verknadstabell (som beskriv verknadene på naturvern, kulturminne og friluftsliv/jakt/fiske i kvart delfelt.)) iv) Respondentane si vudering av CV-scenario v) Respondenten sin bruk av området til friluftsliv, haldning til miljøvern, kor ofte sett naturprogram, kven dei trur står bak undersøkinga, og sosio-økonomiske variable (dvs. alder, born over 18 år i hushaldet, utdanning, kor lenge budd i kommunen, kjønn, personleg og hushaldsinntekt. vi) Intervjuaren si vurdering av respondenten sin innsats (inkl. registrering av utval), samt registreringsdata (tid, og lengde på intervju, intervjunr.) 1. Gjennomføring av undersøkinga, definisjon av folkesetnaden det gjeld og kor representative utvala er Spørjeskjemaet vart pilottesta ved å intervjue eit tilfeldig utval på 30 respondentar i Bergen og Voss/Vaksdal i mars/april 2002. Spørjeskjemaet, verknadstabell og biletmaterialet vart noko revidert etter møtet med intervjuarane, og møtet med miljørådgjevarane i Voss og Vaksdal, representantar frå vernegrupper, grunneigarar og protestaksjonen mot utbygging.10. april. Kart, verknadstabell og biletmateriale vart også godkjent av utbyggjar (BKK). Dette betyr at beskrivinga av effektane av den planlagde utbygginga var godkjend på førehand av alle interessegrupper (utbyggjar, kommunane(v/miljøvernrådgjevarar), grunneigarar/hytteeigarar samt miljø- og protestaksjonar). Dette er noko ein bør prøve å få til ifølgje retningslinene for CV (NOAA 1993), men som i praksis er vanskeleg å oppnå. Ei slik samla forståing av effektane gjer resultata meir pålitelege. Når ein skal rekne ut miljøkostnadene må ein først identifiserer folkesetnaden det gjeld, dvs. folkesetnaden som vil kunne få si velferd (livskvalitet) redusert ved utbygginga. Utvalet som vert intervjua vert trekt i frå denne folkesetnaden det gjeld, og middels betalingsvilje pr. hushald i utvalet vert multiplisert med antal hushald det gjeld for å rekne ut samla miljøkostnad. Sidan denne utbygginga utgjer ein liten del av det som er att av utbyggbart potensiale i Hordaland, vil ikkje folkesetnaden «det gjeld» omfatte alle hushald i Hordaland (Dette i motsetnad til tilsvarande CV-undersøkingar av Sauda- og Øvre Otta-utbygginga, der prosjekta var store og utgjorde ein stor del av det som var att av utbyggbart vasskraftpotensiale i høvesvis Rogaland og Oppland fylke, og at det dermed var naturleg å rekne med at folkesetnaden også utanom kommunen der utbygging fann stad også fekk sin velferd/livskvalitet påverka.) For Rasdal/Geitåni-utbygginga vil dei husstandar som er sterkast berørt vere hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen og hushalda i dei to kommunane der dei fire delfelta ligg, dvs. Voss og Vaksdal kommunar. Det kan sjølvsagt tenkjast at også nokon hushald i dei resterande kommunane i Hordaland kan få si velferd påverka, og dermed har betalingsvilje for å unngå utbygginga. Ved at desse hushalda vert halde utanfor vil miljøkostnadsestimatet såleis kunne vere eit nedre anslag på miljøkostnadene. Ved å ta dei med i utvalet er risikoen stor for at miljkostnadene ver overestimert., då desse hushalda lett 29
kan overfokusere på denne eine utbygginga, og «gløymer» at det også er fleire andre utbyggingsprosjekt av same storleik i fylket (som dei synest er like viktige eller viktigare å unngå). Sjølv om hushalda i Hordaland fylke utanom Voss og Vaksdal kommunar vil kunne ha lågare betalingsvilje pr. hushald (då dei ikkje er så direkte påverka som hushalda i Voss/Vaksdal og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen), vil dei sterkt kunne påverke samla betalingsvilje/miljøkostnad. Denne er jo rekna ut som betalingsvilje pr. hushald multiplisert med talet på husstandar det gjeld., og talet på hushald aukar drastisk om ein tek med alle kommunar i Hordaland. I denne undersøkinga er difor «folkesetnaden det gjeld» definert som hushalda i Voss/Vaksdal og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen, og dette vil verte lagt til grunn ved utrekning av samla miljøkostnad. Me vil likevel gjerne også teste hypotesen om at betalingsviljen vert redusert med avstand frå miljøeffekten, sokalla «distance decay» effekt på betalingsviljen. Eit representativt utval av hushald frå kommunar i Hordaland utanom Voss/Vaksdal(i det vidare kalla «Rest Hordaland») er difor også undersøkt. Hovudundersøkinga vart gjennomført i mai 2002, og Tabell 1 viser samansetjinga av utvalet. Voss/Vaksdal og Hordaland-utvala vart intervjua personleg i heimen, medan utvalet av hytteeigarar per telefon (CATI; Computer Assisted Telephone Interview), då dei kom frå ulike delar av landet. Gjennomgåande er utvalsprosenten akseptabel, spesielt for hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen (for denne gruppa var stor utvalsprosent nødvendig for å få eit utval av nokolunde storleik for dei statistiske utrekningane). Skjema frå pilotundersøkinga er ikkje tatt med i datamaterialet for hovudundersøkinga på grunn av dei opprettingane som vart gjort etter pilottesten. Resultatet for utvalet samla er eit vegt gjennomsnitt, der kvart delutval er vekta med talet på sine observasjonar. Middels intervjutid var 35 minutt. Tabell 1 Storleiken på delutvala. Totalt utval er n=360 husstandar Tilfeldig utval av ein person (over 15 år) per hushald, som representerar hushaldet Delutval Voss/Vaksdal Hushald i Voss og Vaksdal kommunar Rest Hordaland Hushald i andre kommunar i Hordaland Hytteeigarar/Grunneigarar Talet på hushald Populasjonen (N) Talet på hushald Utvalet (n) 8 080 167 2.07 191 052 162 0,85 45 31 68,9 Utvalsprosent (%) i Rasdalen Merknad: det er antatt 2.22 personar per hushald på Voss og i Vaksdal, dvs. det same som i Hordaland generelt. Folketal pr 1.1.2001 frå Statistisk Sentralbyrå: Hordaland totalt: 438 253 personar ( derav 340 196 over 15 år). Av desse har Voss 13 751 (derav 11 464 over 15 år) og Vaksdal 4 187 (derav 3 334 over 15 år). Dette betyr at delutvalet «Rest Hordaland» har ein populasjon på 420 315 (derav 325 398 over 15 år). http://www.ssb.no/emner/02/01/10/folkemengde/tab-2002-04-18-35.html 30
Kor representativt utvalet er, kan testast for Voss/Vaksdal- og Hordalands-utvala ved å samanlikne med SSB sin tilgjengelege statistikk over alder, utdanning og kjønn. Sidan utvalet omfattar personar over 15 år, er populasjonen alle personar i delutvalet over 15 år. I det vidare vert det presentert 23 tabellar som samanstiller svara frå spørjeundersøkinga. Heile undersøkinga kan lesast i (Navrud, S. 2003). Det er likevel tatt med eit utdrag frå den siste tabellen her Tabell 23 (Utdrag) Årleg miljøkostnad for den folkesetnaden det gjeld( dvs. hushald i Voss og Vaksdal kommunar og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen) samla (kroner) og per kwh (øre /kwh) for kvart av dei fire delfelta. Delfelt Årleg miljøkostnad (for den omhandla folkesetnaden») i 2002 kroner Årleg middelproduksjon GWh/år Miljøkostnad øre pr. kwh i 2002 kr Rasdalselva 1 623 442 20,0 8 Geitåni 1 054 222 21,0 5 Skårdalselva 519 523 1,8 29 Fossegjelet 491 647 0,7 70 31
VEDLEGG III INNSPEL OM FLOMVERN I VOSS KOMMUNE Omfanget av bruken av Raundalselva og samspelet med dei andre elvane i Vossovassdraget er best framstilt i følgjande innspel frå Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active: Innspel om flomvern i Voss Kommune Eg vil poengtere at fylgjande innspel er tufta på reint forretningsmessige og objektive vurderingar knytt til drifta til Voss Active AS. Eigarane og leiinga har meir prinsipielle og dyptgåande oppfatningar av spørsmålet omkring flomvern, kraftverk og vern av vassdrag og natur - det er ikkje omhandla her. Omgrep og definisjonar: Rafting: padling i elv med flåtar som tek 6-7 gjestar kvar, opptil 14 båtar 2 gongar om dagen. Er i elva ca 2,5 timar pr tur. Vanskegrad 3-4+, aldersgruppe 15+. Raftar i Strandaelva i området Kroken-Humlebrekke-Taulen- Åsbrekke-Tvinne-Grotland. Vassføring 10-80 m3/s ref målestasjon Myrkdalsvatnet. Ideell vassføring 25-40 m3/s. Raftar i Raundalselvi i hovudsak i området Skiple-Øyaflaten, men strekkjet ned til Meringen er også eit ynskje men i dag ikkje mogleg pga manglande løyve på tilkomst. Vassføring 14-50 m3/s ref målestasjon Kinne. Ideell vassføring 25-50 m3/s. Familierafting: padling i elv med flåtar som tek inntil 8 gjestar kombinert med små oppblåsbare kanoar som tek 2 personar. Turfølge inntil 70 gjestar pr tur 2 gongar om dagen. Er i elva ca 1,5 timar pr tur. Vanskegrad 2, aldersgruppe 5+. Raftar i området Geitle-Evanger. Vassføring over 20 m3/s ingen øvre grense, ideell vassføring 40 m3/s- 200 m3/s. Kan også nytte området Bjørke-Palmafossen i Raundalselvi på vassføring 20-50 m3/s om Vosso skulle vere stengt pga vegarbeid eller anna arbeid som involverer elva. Juving: vandring/symjing i elva når det ikkje er nok vatn til rafting. Aldersgruppe 15+. Juving skjer Raundalselvi i området ovanfor Bjørke mot Selheim. Vassføring 5-14 m3/s Vasstand under ideell vassføring gir dårlegare produkt, og når det nærmar seg nedre grense byrjar det å bli direkte vanskeleg å kome seg ned pga av grunner og steinar. Vi opplever kvart år at vasstanden kjem under nedre grense og turar blir kansellerte. Det har aldri skjedd kanselleringar pga høg vassføring. Voss Active AS er Vestlandets største aktivitetsbedrift og eit av Noregs aller største raftingselskap med omsetnad på 12,5 mill og 15 årsverk. Søsterselskapet Norway Active AS har omsetnad på 5 mill og er gjensidig avhengig av det andre selskapet. Voss Active AS har ei rekkje ulike aktivitetar for turistar, vennegjengar og bedrifter, men rafting/elvesport er sjølve kjernen i vårt virke. Raftingsesongen er ca 6 månadar frå mai til november og skjer i Strandaelva og Raundalselvi. Dei snillare familieturane går i Vosso. Til saman har vi ca 8 000 gjestar i elvane pr sesong og vi er avhengig av alle tre elvene. Strandaelva og Raundalselvi utfyller kvarandre på ein fin måte der vi raftar i den fyrstnemnde når vassføringa er stor og flyttar turane til Raundalselvi når vassmengda i Strandaelva blir for låg, vanlegvis i juli/august. Dersom vassføringa i Raundalselvi kjem under 14 m3/s kan vi 32
ikkje lengre rafte men vi tilbyr juving som alternativ. Vi mister da ca 50% av førehandsbookinga sidan rafting er meir populært. Vi kan juve heilt ned til 5 m3/s, deretter blir all elvesport kansellert. Vosso, som er den største elva, nyttast til familierafting heile sesongen så lenge der er nok vatn. I førre runde om kraftutbygging i Raundalselvi, blei det etter møter med Voss Energi og BKK klart at ei utbygging av Raundalselvi vil gjere elva uinteressant for kommersiell rafting for oss fordi ho blir farbar berre dei dagane vi likevel kan nytte Strandaelva. Raundalselvi har relativt stor vassføring og er difor særs viktig i tørrare periodar når Strandaelva ikkje har nok vatn. Fast redusering av vassføringa på 50 m3/s gjer altså at sesongen og tal på dagar der vi kan tilby normal rafting på Voss blir bortimot halvert. Vi vil miste ca 90 moglege raftingdagar i eit normalår, enda fleire eit tørt år. Tapet av Raundalselvi som raftingelv vil bli ei særs stor utfordring for selskapet og vil slå beina under sjølve fundamentet for drifta. Vi trur ikkje det er mogleg å drive ei lønsemd bedrift om sesongen blir korta ned eller om produktet blir vesentleg dårlegare. Moglegheiter ved regulering og overføring av vatn: Dersom det blir bygd elvekraftverk i Raundalselvi/Strandaelva eller overføring av vatn, er det i teorien berre utslepp av vatn i elva 2 gongar kvar dag som kan oppretthalde vår bruk av elva. Dersom det blir bygd magasin kan ein i teorien lage betre forhold for oss enn dagens situasjon, da man kan sleppe ut vatn i elva når det er særs låg vassføring. Slik kunne sesongen bli lengre og meir føreseieleg. Vi må poengtere at desse moglegheitene ikkje er eit ynskje frå Voss Active AS. Dessutan blir slike teoretiske løysingar fort lite reelle sett opp mot eventuell kraftproduksjon som ein mister. Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på! Frode Solbakk Dagleg leiar frode@vossactive.no mob: 90 100 38 33
VEDLEGG IV OVERFØRINGSFUNKSJONAR Auka bruk av økonomiske analysar i avgjerdsprosessar som gjeld natur og miljø har ført til ein auke i etterspurnaden etter verdianslag for endringar i økosystem og økosystemtenester. Det er både tidkrevjande og kostbart å gjennomføre verdisetjingsstudiar. For å gjere avgjerdsprosessar som nyttar seg av denne type data meir kostnadseffektive er det difor utvikla metodar for å overføre verdianslag (benefit eller value transfer) frå studiar som har vore gjennomført ein stad (studiestad) til andre stader der det er ønskjeleg med eit verdianslag (beslutningsstad) (NOU 2013:10 s.223, Navrud 2004, Barton et al 2012). Det er to hovuddtypar av teknikkar for overføring av verdianslag som kvar har to underkategoriar (Navrud 2004): 1. Einingsoverføring (unit value transfer) som inkluderer (i) enkel einingsoverføring og (ii) justert einingsoverføring 2. Funksjonsoverføring ( function transfer) som inkluderer (i) overføring av funksjonen for betalingsvilje (benefit function transfer) og (ii) metaanalyse (meta-analysis) Enkel einingsoverføring er den enklaste forma for overføring og tyder at verdianslag for gjennomsnittleg betalingsvilje for ei økosystemteneste vert overført frå ein opphaveleg studiestad til ein annan beslutningsstad. Justert einingsoverføring tyder at verdianslaga vert justert for å reflektere opplagde skilnader mellom studiestad og beslutningsstad. Det vert til vanleg justert for skilnader i inntekter og/eller prisnivå. Denne type justeringar vil likevel ikkje ta høgde for skilnader i preferansar, opphaveleg miljøkvalitet eller kulturelle og institusjonelle tilhøve mellom land (Navrud 2004). Overføring av funksjonar for betalingsvilje tyder at det vert brukt ein funksjon for betalingsvilje frå ein studiestad til å anslå verdiar av økosystemtenester på ein anna beslutningsstad. Variablar i funksjonen som kan vere med på å forklare skilnaden kan for eksempel vere kunnskap om økosystemtenesta, inntekt og utdanning mellom dei som tek del i undersøkinga. For at overføring av funksjonar for betalingsvilje skal gje verdianslag som kan nyttast på beslutningsstaden, må variablane som forklarar skilnaden og endringane i økosystemtenester kunna samanliknast mellom studiestaden og beslutningsstaden. Og deltakarane i undersøkinga sine preferansar må vere like på dei to stadane. Det bør difor leggjast vekt på å finne ein studiestad som størst mogeleg grad liknar på beslutningsstaden. Det kan ofte by på problem. I staden for å overføre funksjonen for betalingsvilje frå ein einskild verdsetjingsstudie, kan resultatet frå fleire verdsetjingsstudiar kombinerast i ein meta-analyse for å rekne ut ein felles funksjon for betalingsvilje. Dette gjer det mogleg å analysere korleis betalingsviljen for ei økosystemteneste varierer med ulike eigenskapar ved tenesta, særdraga ved folkesetnaden eller med den metoden som har vore nytta ved verdsetjinga. Ei viktig avgrensing ved metaanalysar er at det trengs relativt mange gjennomførde studiar for å kunne køyre ein regresjonsanalyse. For mange økosystemtenester finst ikkje desse studiane. Funksjonsoverføring verkar i mange tilfelle å vere meir tiltalande enn berre å overføre einingsanslag fordi det er tatt omsyn til meir informasjon i overføringa (Navrud 2004). Det er likevel ikkje alltid at dette gjev det beste verdianslaget. Bateman mfl. (2011) gjennomførde fleire studiar med same design på fleire, både relativt like og relativt ulike stader. Dei konkluderte med enkel einingsoverføring gjev meir pålitelege resultat når verdiar knytt til 34
relativt like endringar i same gode vert overført innanfor same kontekst. Dersom nokon av desse parametrane ikkje er særleg like vil funksjonsoverføring gje meir pålitelege verdianslag. Det er difor eit passande spørsmål i kva tilfelle det er relativt like situasjonar. 35