Innhald 2 VERN AV NATUR. Layout: Guri Jermstad AS. Trykk: Skipnes. Foto: Kristine Sørlie



Like dokumenter
NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

SEILAND. Alpint øylandskap i Vest-Finnmark

Til deg som bur i fosterheim år

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

Brukarrettleiing E-post lesar

Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Juvet Landskapshotell

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

Besøksstrategi for Jotunheimen

Kom skal vi klippe sauen

Kulturhistoriske registreringar

- 1 landing ved Stølsmaradalen turisthytte i perioden frå

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NORSKE TINDEVEGLEDERE - NORTIND SØKNADSSKJEMA FOR OPPTAK TIL TINDEVEGLEDERKVALIFISERING

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kva er økologisk matproduksjon?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

VOLLASETRA I SUNNDAL

6-åringar på skuleveg

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag


Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Smak av Lom, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Ordførar Bjarne Eiolf Holø

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Møteprotokoll. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Jotunheimen. Otta - Bismo. Bismo - Otta

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN DISPENSASJON - UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - ETABLERING AV NYTT VANNINNTAK OG HELIKOTERTRANSPORT

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonalparken vart oppretta i 1980, og ligg i Lom, Luster, Vågå, Vang og Årdal kommunar, mot grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane Utladalen

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Arbeidsutvalet for nasjonalparkstyret har behandla saka ved e-post i dag, og gjort slik vedtak:

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. For seint. Libretto

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Folgefonna. Frå fjord til fonn

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Christian Hillmann Arkiv: K12 &18 Arkivsaksnr.: 07/2480

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

Innhald. Alle foto i rapporten: Svein Hjelmeset

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Klepp kommune Tu skule

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING TILHØVE OG STABILITET TILTAK... 2

Vintervèr i Eksingedalen

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Transkript:

Foto: Odd Repp

Innhald 2 VERN AV NATUR 3 Nasjonalparkar i noreg 4 Oppdag Jotunheimen 13 Opplev Jotunheimen 27 Ta vare på Jotunheimen 30 Barnesida 31 Informasjon og service 33 Quiz om natur og friluftsliv Foto: Kristine Sørlie Layout: Guri Jermstad AS. Trykk: Skipnes

Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark informasjon og inspirasjon for ei enda større naturoppleving Det svæver et land i det skinnende blaa Ei stoltere ved jeg at nævne men vil du ditop over dalene naa to stridige ting maa du evne Thi først maa du seile med ørnen avsted høit, høit over jorden og kavet og saa- maa du vide at sænke dig ned og krybe med moserne lave. Theodor Caspari Direktoratet for naturforvaltning Norsk Fjellmuseum autorisert nasjonalparksenter

Vern av natur Nasjonalparkane er dei viktigaste naturområda vi har! Dei er svært populære reisemål og spelar ei sentral rolle i den nasjonale identiteten vår. Ideen om å skilje ut eigne område for naturvern går heilt attende til 1500-talet i England. Den første nasjonalparken i verda, Yellowstone i USA, blei oppretta i 1872. I Noreg var ikkje naturvern eit aktuelt tema før på 1900-talet. Jotunheimen blir verna Arbeidet med å verne Jotunheimen er ei av dei eldste og mest sentrale sakene i den norske naturvernhistoria. Allereie i 1904 fremma Den Norske Turistforening forslag om å opprette ein nasjonalpark i Jotunheimen. I 1935 foreslo også Naturvernforbundet at det skulle etablerast ein nasjonalpark i området. Vern av Gjende stod sentralt i planane, men dette var ikkje så populært blant dei som ønskte å byggje ut vasskrafta i området. Botanikaren og naturvernaren Hanna Resvoll-Holmsen (1873-1943) er mellom anna kjend for sin intense kamp for å hindre utbygginga av Gjendevassdraget: Det for som en skræk i meg ved det eventyrlige syn en skræk for, at industriens lange, knoklede arm skulde stikke sig herind mellem fjeldene og øse av Gjendes smaragdgrønne vand. Mange meiner at ho har svært mykje av æra for at Gjende i dag ligg urørt, og at Sjoa renn fritt frå Jotunheimen til utløpet i Gudbrandsdalslågen. ULIKE FORMER FOR NATURVERN: Landskapsvernområde er natureller kulturlandskap utan store tekniske inngrep, men som likevel er prega av menneskeleg aktivitet gjennom generasjonar. Nasjonalparkar er store, samanhengande, nokså urørte område med variert topografi, vegetasjon og dyre- og planteliv. Nasjonalparkane skal ta vare på naturverdiar og sikre friluftslivet. Naturreservat er små, urørte område med ein spesiell type natur. Dei spelar ei viktig rolle i både vitskapleg og pedagogisk samanheng. Dette er den strengaste forma for vern. Her finn du meir informasjon om ulike former for naturvern: www.norgesnasjonalparker.no For naturvernarane vann fram. I 1973 blei heile Sjoa med Gjende varig verna. Nokre år seinare, i 1980, fekk Jotunheimen status som nasjonalpark. Nasjonalparken blei oppretta nettopp for å verne eit vilt, eigenarta, vakkert fjellandskap med sitt dyre- og planteliv. Her i møtet mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur skal dyr- og planter få leve sitt liv i samspill med seterdrift, reindrift, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forskning. Gjende. Foto: Per Roger Lauritzen 2

Nasjonalparkar i noreg Vi har totalt 41 nasjonalparkar. 34 ligg på fastlandet og 7 på Svalbard. Kvitøya Nordvest-Spitsbergen Indre Wijdefjorden Nordaustlandet SPITSBERGEN Forlandet Nordre Isfjorden Sassen-Bünsow Land Longyearbyen Nordenskiöld Land Edgeøya Seiland Stabbursdalen Varangerhalvøya 50 km Sør-Spitsbergen Hopen Møysalen Tromsø Ånderdalen Øvre Dividal Reisa Øvre Anárjohka Øvre Pasvik Kilde: Naturbase Mars 2012 Sjunkhatten Bodø Saltfjellet - Svartisen Rago Junkerdal Lomsdal-Visten Børgefjell Blåfjella - Skjækerfjella Lierne Jostedalsbreen Molde Dovrefjell - Sunndalsfjella Reinheimen Dovre Breheimen Jotunheimen Trondheim Forollhogna Rondane Skarvan og Roltdalen Femundsmarka Gutulia Langsua Hallingskarvet Bergen Folgefonna Hardangervidda Utladalen. Foto: Thor Østbye Oslo Stavanger Ytre Hvaler Allemannsretten er retten til fri ferdsel i utmark som sikrar friluftsliv og naturopplevingar i verneområda våre. Kristiansand 3

Oppdag Jotunheimen Jotunheimen er ei stor verd! Gå på oppdagingsferd blant mektige fjell, høge fossar og vidstrakte isbrear. La deg fascinere av plantar utan høgdeskrekk, og bli ikkje forundra om du ser skogens konge vandre over breen ein varm sommardag! Jotunheimen blir til Jotunheimen blei danna da dei to kontinentalplatene Grønland og Nord-Amerika og Europa og Skandinavia kolliderte med kvarandre og den eine blei skuva over den andre. Eit stort flak av gammalt grunnfjell (magmatiske bergartar) blei skuva frå nordvest over dei underliggjande yngre bergartane (sedimentbergartar). Sedimentbergartane, først og fremst kambrosiluriske leirskifer, som i oldtida (for 600-400 millionar år sidan) blei omdanna til fyllittar, stikk fram overalt i dalbotnen i utkantane av Jotunheimen. Sedimentbergartar er lause, rike på kalk og gir eit næringsrikt jordsmonn og eit rikt planteliv. Dei magmatiske bergartane er stort sett gabbroar og liknande bergartar, for ein mindre del granittar og syenittar. Dette er harde, næringsfattige bergartar som forvitrar seint og gir næringsfattig jord. Den dominerande bergarten i Jotunheimen er gabbro. Det er òg mange førekomstar av jernrik olivinstein, som får ein rustraud farge når han forvitrar. Det er ikkje utan grunn at mange fjelltoppar i Jotunheimen har namn som startar på Rau-. Landskapet er meisla ut av brear og elver gjennom fleire istider. Det vi ser i dag av store steinblokker, morenar, grus, sand og jord, er avsett etter siste istid for 8000-10 000 år sidan. Brear og vatn har grave botnar i fjellsidene. Mange stader har dei grave seg innover frå fleire sider, slik at fjella har fått spisse, alpine former. Der brear har grave frå motsett dalside mot same rygg, kan det stå att ein smal egg mellom dalane. Jo lenger vest ein kjem, desto fuktigare er klimaet, og breane og elvene har større kraft. Difor er også tindane kvassare, eggane skarpare, dalane djupare og dalsidene brattare i Vestenn i Aust-Jotunheimen. BERGARTAR I JOTUNHEIMEN: gabbro pegmatitt granitt basalt, dioritt, syenitt gneis konglomerat breksje skifer, fylitt, kvartsitt, mylonitt, amfibolitt Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 4

DEI STØRSTE ISBREANE I JOTUNHEIMEN: Smørstabbreen, ca. 14 km 2 Vestre Memurubre, ca. 9 km 2 Veobreen, ca. 10 km 2 Fanaråkbreen, ca. 8 km 2 Austre Memurubre, ca. 6 km 2 Storbreen, ca. 5 km 2 Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 Is og brear Om hundre år kan nesten alle breer være borte, skriv Bjerknessenteret for klimaforskning. Breane i Jotunheimen kjem til å vere av dei første som forsvinn, ettersom dei ligg i område med lite vinternedbør. Det er 370 brear i Jotunheimen. Dei utgjer omtrent ein fjerdedel av alle brear i Noreg. Ein har målt brefrontar i området sidan 1900-talet for å kartleggje korleis breane endrar seg. Variasjonen i breane viser kor følsame dei er for endringar i sommartemperatur og vinter nedbør. Målingane viser at breane stort sett har gått tilbake, men at dei har hatt enkelte kortare vekstperiodar. Jotunheimen har sannsynlegvis vore heilt isfri under ein mild klimaperiode i yngre steinalder for over 5000 år sidan, men breane kom attende i periodar med kjøligare og fuktigare klima, og breane voks kraftig i første halvdel av 1700-talet. Spor etter dette kan du sjå som ein markert morene eit godt stykke framfor breane i Jotunheimen. Når temperaturen og nedbøren varierer, minkar breane og trekkjer seg attende eller aukar i volum og veks kraftig. For at ein bre skal ha den same utstrekninga over tid, må tilveksten på toppen av breen vere like stor som avsmeltinga i fronten. Etter år 2000 har breane i Jotunheimen minka. Isbrear blir til ved at nysnø blir til kompakt snø gjennom at han fleire gonger smeltar og frys som følgje av vind og mildvêr i løpet av sommaren. Under presset frå neste års snø blir snøen omdanna til grove iskrystallar som vi kallar firn. Etter fleire år aukar presset, og firnen blir til kompakt breis. Nær overflata på breen vil det ofte danne seg bresprekkar. Bresprekkane kjem av intern spenning i isbreen på grunn av ulik rørsle og fart over underlaget eller mot fjellsidene kring breen. Bresprekkane kan oppstå overalt, men oftast der det er mest rørsle. På flater vil sprekkane lukke seg heilt eller delvis. Der isbreen bevegar seg rett bort frå ei fjellside, vil det oppstå bregleppar. Slike sprekkar kan vere djupe og vide. Nær fjellsider kan det om sommaren oppstå smeltekløfter etter at smeltevatn har runne langs fjellet og smelta isen. Bresprekkar oppstår òg på snødekte brear. Her blir det danna snøbruer over bresprekkane. Snøfall saman med vind kan dekkje til bresprekkane enda meir, slik at det er vanskeleg å sjå snøbrua. Bresprekkar med meir eller mindre solide snøbruer utgjer ein vesentleg fare om ein ferdast usikra over breane. 5

Vatn Store innsjøar og vassdrag pregar Jotunheimen. Gjende ved Besseggen er den største innsjøen i Jotunheimen, og Vettisfossen i Utladalen er det høgaste frie fossefallet i Noreg. Men har du tenkt på kvifor Gjende er grøn og Bessvatnet blått? Gjende, den mest kjende innsjøen av alle, blei av nasjonal romantikarane på slutten av 1800-talet kalla Fjell-Noregs hjarte. Den særeigne vakre, smaragdgrøne fargen får Gjende frå finfordelte leirpartiklar som breelver og bekker fører med seg frå breane og ut i innsjøen. Bessvatnet har ikkje ein slik tilførsel av leirpartiklar, og er difor blått. Mot Gjende. Foto: Rigmor Solem Vettisfossen på ca. 300 meter er det høgaste frie fossefallet i Noreg. Fossefallet er eit mektig syn, og det er lett å skjøne at dette lokka dei første turistane til Utladalen. Fleire av vatna i Jotunheimen ligg for høgt til at det er naturleg fiskeproduksjon i dei, men i mange av vatna er det sett ut aure. Dei beste fiskevatna finn vi i den austlege delen av nasjonalparken. I dei større innsjøane Gjende, Bessvatnet og Russvatnet blir det fiska ein god del, og fisken er av god kvalitet feit, fin og raud i kjøtet. I Utlavassdraget går det laks og sjøaure opp til Avdalsbrua. Vettisfossen. Foto: Kristine Sørlie DEI TRE STØRSTE INNSJØANE I JOTUNHEIMEN: Gjende Bessvatnet Russvatnet Foto: Thor Østbye 6

Plantar I Jotunheimen set plantane høgderekord. Det er funne over 36 karplantar over 2000 meter. Aller høgast går issoleia, som veks opp til 2370 meter. Berggrunnen i Jotunheimen er rik på kalk mange stader, og dette er ein viktig føresetnad for det rike plantelivet ein finn her. Her veks fleire kravfulle og kalkkrevjande plantar, som til dømes reinrose. Men dei mest spektakulære er plantane som set høgderekord heilt opp til over 2300 moh., som til dømes issoleie, raudsildre og rosenrot. Somme av planteartane, til dømes fjellskrinneblom, lodnebergknapp og fjelltjæreblom, finst berre i spreidde fjellområde rundt den nordlege delen av Atlanterhavet. Dette har botanikarane undra seg over. Artane kan ha overlevd den siste istida på isolerte, isfrie område ved kysten eller på fjelltoppar som stakk opp over isbreen. Plantelivet i den nedre delen av Utladalen, som går ned til 30 moh., står i sterk kontrast til plantelivet i høgfjellsområda. Fleire skogblomar har si største utbreiing her. Blant låglandsartane finn vi liljekonvall, jordbær, tysbast og krattfiol. Fem viktige plantar og ei dronning Issoleie, Ranunculus. 2370 moh. Issoleia er den barskaste av alle fjellblomane og har høgderekorden på 2370 moh. i Jotunheimen og 4275 moh. i Alpane. Snø, kulde, karrig steinørken og store høgder er ikkje noko problem planten trivst godt på dei mest ekstreme voksestadene, særleg på snøleie og våte plassar. Issoleia er dekt av snø i opptil ti månader, noko som krev grundig førebuing for at frøa skal modne, og for at blad og knoppar skal vere klare til å springe ut i juli august. Blomane er først kvite, seinare raudlege. Dei har kort blomstring, og bruker lang tid på å byggje opp blad og røter. Ikkje før den sjette eller sjuande sommaren blomstrar dei og set frø. Issoleia inneheld det giftige stoffet protoanemonin, men svært lite. Reinen et gjerne planten det er grunnen til at issoleia også blir kalla reinblom og reinsblomme. Bruk: Planten skal vere sveitte drivande og er særleg brukt i samband med forkjøling og influensa. Issoleie. Foto: Nataliya Holovan 7

Rødsildre. Foto: Kristine Sørlie Tuesildre. Foto: Kristine Sørlie Raudsildre, Saxifraga oppositifolia. 2350 moh. Raudsildre er den mest karakteristiske blomen i arktiske strøk og godt tilpassa ekstreme vilkår. Raudsildra blomstrar frå mai til august og har store, raude, honning søte blomar. Arten veks i tuer. Bruk: Raudsildre i form av uttrekk blanda med fløyte og sukker blir brukt mot såre lepper. Rosenrot, Rhodiola rosea. 2300 moh. Rosenrot blir kalla Nordens ginseng, da rotstokken inneheld ein god del av stoffet ginsenoid. Den tjukke rotstokken duftar av rose. Rosedufta er sterkast for plantane som veks høgast til fjells. Dei har tjukke, kjøtfulle blad. Rosenrot er særbu, det vil seie at hann- og hoblomane sit på kvar sine plantar. Hannblomane visnar straks etter blomstring, medan hoblomane utviklar vakre, raude belgkapslar om hausten. Arten blomstrar frå juni til juli, og liker seg på fuktige stader. Bruk: Rosenrot blir brukt i mat som turt og kvann, parfyme, hårolje og hårvatn. Planten blir òg brukt mot flass og håravfall, som styrkemedisin mot diaré og blodsott, mot nyrelidingar og munnsår og til behandling av sår, særleg brannsår. Garvestoffet i planten blei tidlegare nytta til garving av skinn, noko som gav skinnet ein fin, gul farge. I dag blir planten også produsert som kosttilskot som skal betre den fysiske og psykiske yteevna. Tuesildre, Saxifraga cespitosa. 2280 moh. Tuesildra tek opp konkurransen med raudsildra i arktiske strøk. Ho veks i ein utprega tuefasong, noko som gjer planten godt budd på sterk vind. Tua samlar òg opp jordpartiklar som fyk forbi, slik at planten får betre livsvilkår og mellom anna held betre på fukt. Blomane er kvite eller gulkvite, og kjem i juli. Tuesildra liker seg best på næringsrike plassar. Bruk: Planten har vore brukt av legar. Dei nyreforma blada på sildrearten blei brukte mot urinvegslidingar. Planten skulle også ha evne til å bryte sund nyrestein. Det er opphavet til det latinske namnet Saxifraga, den som bryt stein. Reinrose, Dryas octopetala. 2275 moh. Reinrosa trivst berre på tørre, kalkrike heiar. Ho er ein pionerplante som var blant dei første vekstane som slo rot etter at isen trekte seg attende etter siste istid. Dryas betyr eik, og blada til reinrosa liknar på eikeblad. Reinrose er ein dvergbusk med treaktig stengel, og bruker lang tid på å utvikle seg. Det tek opptil ti år frå eit skot slår rot, til blomen kjem. Blomane er kvite og kjem i juni. Både rein og rype beitar reinroseblad. Bruk: Planten er styrkjande og blodreinsande, og han er brukt mot diaré, snue og hoste. Reinrose inneheld kalsium og kiselsyre. Kiselsyre gir motstandskraft mot infeksjonar. Planten er også brukt til å farge garn med. Rosenrot. Foto: Thor Østbye Reinrose. Foto: Thor Østbye 8

Kva betyr dei latinske namna? Saxifraga den som bryt stein Ranunculus liten frosk Glacialis som veks ved breen Fjelldronning. Foto: Norsk Fjellmuseum Fjelldronning, Saxifraga cotyledon. Freda. 1300 moh. Fjelldronninga er ein utprega norsk plante, og har Noreg som sitt hovudsete i Europa. Det er ikkje rart at fjelldronninga er peika ut til å vere Noregs nasjonalblome. Planten er 25-50 cm høg og har kvite blomar med 100 til 200 enkeltblomar på kvar plante. Rekorden er 1525 blomar på ein 75 cm høg stand. Fjelldronninga blomstrar i juli. Kjært barn har mange namn, og planten blir kalla både bergdronning, bergfrue, bergakonge, bergabrur, bergalilje, bergrose, fjellprest, jonsokdraum, brudeslør, friarblom, lungegras (frå medisinsk bruk), tusserose og vianvang. Bruk: Fjelldronning er brukt i friarbukettar. Tørka og småknuste blad blei brukte til kyr som skranta og vantreivst. Skog Det meste av nasjonalparken ligg over skoggrensa, men skoggrensa trekkjer seg merkbart oppover på grunn av klimaendringar, mindre beiting av husdyr og mindre seterdrift. Skogen har ein gong vore meir utbreidd i Jotunheimen, med trestammar vide som kjerrehjul. Rundt Gjende veks den einaste bjørkeskogen i nasjonalparken. Bjørkeskogen ved Gjende veks heilt opp til 1200 meter, og er artsrik og frodig. I Utladalen veks edellauvskog med varmekjære treslag som lind, alm og hassel. Den einaste furuskogen av nemneverdig omfang veks på Vettismorki opp mot 800 meter. Furuskogen på Vettismorki har vore omtalt som den gildaste fjellfuruskogen i landet. Det blir fortalt at ei furu hadde ein omkrets på 5,6 meter og blei brukt til å lage kjerrehjul av. Det meste av furuskogen i Utladalen døydde diverre av den fluorhaldige røyken som kom frå aluminiumsverket i Årdal fram til 1970. I dag er utsleppet av fluor redusert, og det veks opp ny furuskog. Foto: Kristine Sørlie 9

Fannaråken 2068moh. Foto: Thor Østbye Vêr og klima På toppen av Fanaråken, på 2068 meter, blei det bygd eit vêrobservatorium som var betent frå 1926 fram til 1978. Her kunne vêrobservatørane sjå uvêret kome inn frå vest og tidleg varsle det vidare. I 1943 blei vindmålaren sprengd. Da var vindstyrken over 70 meter i sekundet, meir enn det dobbelte av orkan styrke. Jotunheimen ligg på grensa mellom kystklima og innlandsklima. Kombinert med høge fjell kan det gi raske omslag i vêret. I Jotunheimen kan du oppleve snø og sterk vind også om sommaren. Den dominerande vindretninga er sørvestleg. Fuktig havluft gir frå seg mykje nedbør i dei ytre og sentrale fjellområda kring Sognefjorden. Foto: Thor Østbye Foto: Jotunfjell Leirskule, Jan Fasting 10

Fuglar Om lag 100 fugleartar hekkar i nasjonalparken. Tøffast av småfuglane er snøsporven, som hekkar på nesten 2000 meter. Bestanden av fuglar i Jotunheimen skil seg ikkje så mykje frå det som er vanleg i norske høgfjell. Jotunheimen er eit viktig område for kongeørn og jaktfalk. Rovfuglar som fjellvåk, tårnfalk og ugler kan enkelte år vere talrike. Nede i lauvskogen kring kulturmarka i landskapsvernområdet Utladalen hekkar fleire låglandsartar. Dei vanlegaste småfuglane i fjellet om sommaren er heipiplerke, steinskvett, snøsporv, bjørkefink, gråsisik, lauvsongar og blåstrupe. Om vinteren er det derimot få fuglar som freistar tilværet i snaufjellet. Berre dei barskaste fuglane held stand, nemleg standfuglane kongeørn, jaktfalk, ramn og rype. Rypa står på menyen til både kongeørn, jaktfalk og ramn og har difor kamuflasjefarga fjørdrakt. Om vinteren er rypa kvit, medan ho skiftar til steingrå (fjellrype) og brunspraglet (lirype) når snøen smeltar. Fjellvåken er også ein karakterfugl i fjellet som er lett å oppdage. Fjellvåk. Foto: Thor Østbye Snøspurv. Foto: Thor Østbye Fjellrype. Foto: Thor Østbye FUGLAR I JOTUNHEIMEN: fjellrype, Lagopus muta fjellvåk, Buteo lagopus heilo, Pluvialis apricaria heipiplerke, Anthus pratensis jaktfalk, Falco rusticolus kongeørn, Aquila chrysaetos lirype, Lagopus lagopus ramn, Corvus corax steinskvett, Oenanthe oenanthe snøspurv, Plectrophenax nivalis Fjellrype. Foto: Thor Østbye 11

Dyr Reinen er urinnvånaren i fjellet. I Jotunheimen finn vi alle dei fire store hjortedyra og bestandar av både jerv og gaupe. Villreinen vandra inn for 10 000 år sidan, men forsvann frå Jotunheimen tidleg på 1900-talet på grunn av varmeperiodar, massefangst og geværjakt. I 1902 blei villreinen freda. Med ein redusert villreinstamme blei det starta tamreindrift i Jotunheimen på byrjinga av 1900- talet. Tamreindrifta i og omkring Jotunheimen består i dag av fire tamreinlag, og nasjonalparken blir brukt som beiteområde for tamreinen. I områda vest for Utladalen lever det framleis ein liten villreinstamme. Alle dei store hjortedyra elg, hjort, rein og rådyr lever i Jotunheimen. Det er ein fast stamme med elg i Utladalen og ved Gjende. Enkelte streifdyr tek turen langt til fjells om sommaren. Skogens konge er observert oppe på breane på varme sommardagar i høgfjellet. Hjorten lever i alle skogsområda inn mot Jotunheimen og trekkjer også høgt til fjells på varme sommardagar. Rådyr finn vi i utkanten av verneområda. Jotunheimen hadde ein fast stamme av jerv fram til 1950. Skotpremie førte til at bestanden blei kraftig redusert, og jerven blei freda i Sør-Noreg i 1973. Jerven har nok aldri vore talrik i Jotunheimen, men dei siste åra har ein sett spor og registrert ynglingar av jerv i verneområda. Gaupa jaktar helst i skogen i fjelldalane, men kan òg opptre som streifdyr i verneområda. DYR I JOTUNHEIMEN: Lemen. Foto: Thor Østbye rein, Rangifer tarandus elg, Alces alces hjort, Cervus elaphus rådyr, Capreolus capreolus jerv, Gulo gulo oter, Lutra lutra mår, Martes martes røyskatt, Mustela erminea snømus, Mustela nivalis raudrev, Vulpes vulpes lemen, Lemmus lemmus Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 12

Opplev Jotunheimen Fuldt af baade Turister og Damer i Jotunheimen var overskrifta i lokalavisa ein augustdag i 1884. Jotunheimen er den best besøkte nasjonalparken i landet, og på ein godvêrsdag på Besseggen og Galdhøpiggen gjeld overskrifta frå 1884 framleis. Fjellturisme og friluftsliv har lange tradisjonar i Jotunheimen. Det byrja på 1800-talet med at dei såkalla fjellpionerane gjorde Jotunheimen kjend gjennom turar og opplevingar dei hadde i fjellet. Dei første fjellturistane var vitskapsfolk, kunstnarar, studentar og velståande engelskmenn og nordmenn. Dei la turane til toppar og tindar noko bygdefolket den gongen ikkje fann meining i. Botanikaren Chr. Smith og dei to naturvitskapsmennene B.M. Keilhau og Chr.P.B. Boeck blir gjerne rekna som dei som oppdaga Jotunheimen. Overnattingstilbodet er variert både for dei som vil bu på betente hytter, og for dei som vil gå lengre turar og overnatte i telt. I tillegg til vanlege fotturar er utan tvil toppturane i Jotunheimen blant dei mest populære. Nasjonalparken er lett tilgjengeleg frå alle kantar. Her finn du turar som passar for barn og for dei som vil ha lette turar, og meir krevjande turar for dei som søkjer større utfordringar. Foto: Kristine Sørlie Piggurda. Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 13

FOTTURAR Ein god stad å vere liten! Ein tur er meir enn ei fysisk utfordring det er ei oppleving. I Jotunheimen kan du vere liten under ville og mektige toppar eller oppleve meistringsglede ved å gå opp på høge fjelltoppar. Du kan oppleve Jotunheimen utan å gå opp på dei høgaste toppane eller gå vekevis i strekk. Frå dei vanlege innfallsportane kan du gå lette dagsturar og likevel kome inn i nasjonalparken. Her kan du gå korte, rolege turar og nyte frisk luft. Den Norske Turistforening (DNT) har merkt opp ca. 300 km turstigar i Jotunheimen og Utladalen. I tillegg har andre lokale organisasjonar merkt opp stigar og lagt til rette for fotturar inn til nasjonalparken og i landskapsvernområdet. NYTTIGE TURTIPS: Vel tur etter evne og årstid. Skaff deg kunnskap om området og turmålet. Tidsbruk på tur: 300 høgdemeter per time, 3 km per time, legg til tid for tung sekk, ulendt terreng, større grupper. Skitur med tung sekk, 2 km per time. Ein bruker lengre tid i godt vêr enn i dårleg vêr, fordi pausane ofte blir lengre i fint vêr. Det kan vere farleg å krysse elver, spesielt om våren under snøsmeltinga og om sommaren dersom det er mykje nedbør. DEI TI HØGASTE TOPPANE: Galdhøpiggen Glittertind Store Skagastølstind Store Styggedalstind Skarstind Vesle Galdhøpiggen Surtningssui Store Memurutind Jervvasstind Sentraltind 2469 moh. 2452 moh. 2405 moh. 2387 moh. 2373 moh. 2369 moh. 2368 moh. 2366 moh. 2351 moh. 2348 moh. Foto: Kristine Sørlie Smørstabbtindane. Foto: Kristine Sørlie 14

TOPPTURAR Duka for stor utsikt! Jotunheimen har Nord-Europas største samling av fjelltoppar som er høgare enn 2000 moh. I Jotunheimen kan du gå opp på dei høgaste fjelltoppane i landet. Galdhøpiggen ruvar høgast med sine 2469 meter, og Glittertind er på ein god andreplass med sine 2452 meter. Det er i underkant av 300 toppar på over 2000 meter i Jotunheimen. Dei fleste toppane har både ei slak og ei bratt side, så det finst både lette og krevjande vegar til toppen. GODE TOPPTURAR OM SOMMAREN: Besseggen, 1700 moh. terreng: mykje opp og ned Bukkelægret, 1400 moh. terreng: mykje opp og ned Knutshø, 1517 moh. terreng: mykje opp og ned Surtningssui, 2368 moh. terreng: lang topptur frå Memurubu Glittertind frå Glitterheim, 2452 moh. terreng: middels bratt, snø, stein Glittertind frå Spiterstulen, 2452 moh. terreng: lang og bratt tur, steinur Svellnosi Kelhaustopp Galdhøpiggen, 2469 moh. terreng: lang og bratt tur, steinur Kyrkja, 2032 moh. terreng: litt bratt, luftig på toppen Stetind, 2020 moh. terreng: bratt Visbretind, 2234 moh. terreng: bratt Fanaråken frå Turtagrø, 2068 moh. terreng: middels bratt stig, steinur Glittertind. Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 Galdhøpiggen. Foto: Erland Fjeld, Klimapark2469 15

Dei vestre delane av Jotunheimen og Hurrungane, lengst vest i nasjonalparken, er eit mekka for fjellklatrarar. Her finn du både lette og vanskelege klatreruter. Du finn òg toppar der du berre treng å klyve litt utan sikringsutstyr for å kome opp. Dersom du ikkje har klatreerfaring nok til å gå på eiga hand, kan du leige ein fjellførar eller melde deg på ein guida topptur. TOPPTURAR MED FØRAR: Store Skagastølstind, 2405 moh. terreng: klatring Store Ringstind, 2124 moh. terreng: svært bratt Austabotntind, 2204 moh. terreng: klatring Galdhøpiggen frå Juvasshytta, 2469 moh. terreng: lett tur, stein, bre, ur Falketind, 2067 moh. terreng: bratt, nokre utsette parti med sva Uranostinden, 2157 moh. terreng: bratt, kryssing av bre Store Skagastølstind. Foto: Odd Repp Foto: Kristine Sørlie Midtre Bukkeholstind. Foto: Øyvind Pedersen 16

Ringsbreen. Foto: Odd Repp BRETURAR Kaldgufs i eventyris. Der det kjem meir snø om vinteren enn det som smeltar om sommaren, blir det brear. I Jotunheimen kan du oppsøkje snø og is, gå på brear og klatre i blåis. Berre nokre av breane i Jotunheimen eignar seg som besøksmål for turar og kurs. Men dei er det til gjengjeld mange som bruker. Dei fleste som går i Jotunheimen, kryssar breane på veg mot ein fjelltopp. I skisesongen kring påsketider og utpå våren er mange ruter over breane kvista. Det å ferdast på brear kan vere farleg dersom du ikkje har erfaring frå brevandring og bruk av sikringsutstyr. Isbreane rører på seg heile tida, og det oppstår sprekkar som er fleire meter breie og opptil 50 meter djupe. Områda med sprekkar kan vere dekte av snø. Overgangen mellom blåis og ein snødekt bre, der nysnø dekkjer sprekkane, er spesielt farleg. Breane kalvar det vil seie at isblokker losnar frå brefronten eller kanten av breen. Gå aldri nær brefronten eller under der breen kalvar! Dersom du ikkje har erfaring frå brevandring, kan du leige ein fjellførar eller vere med på ein guida tur. Det er fleire aktivitetsselskap og betente turisthytter som arrangerer organiserte turar i nasjonalparken alt frå enkle ski-, bre- og fotturar til meir krevjande alpine turar på brear og toppar. BRETURAR MED FØRAR: Svellnosbreen og Eventyrisen Start: Spiterstulen Styggebreen til Galdhøpiggen Start: Juvasshytta Vestre Memurubre og Heilstugubreen Start: Spiterstulen eller Gjendebu, Memurubu Smørstabbreen og Bøverbreen Start: Krossbu, Sognefjellshytta Bøverbreen og Smørstabbreen til Storebjørn, 2222 moh. Start: Leirvassbu, Krossbu, Sognefjellshytta Bøverbreen til Kalven, 2034 moh. Start: Krossbu, Sognefjellshytta 17

SKITUR Ver trygg på ski. Skiføret i Jotunheimen er normalt godt langt utpå våren. På denne tida av året kan du oppleve kontrastane i naturen på sitt aller beste. Det er ikkje oppkøyrde løyper i nasjonalparken, og terrenget krev at du har solid skiutstyr, gode ferdigheiter på ski og kunnskap om snøskredfare. Om vinteren før påsketider blir enkelte ruter mellom turisthyttene merkte med kvister. Informasjon om kvar det er kvista, får du på hyttene eller på www.turistforeningen.no. Jotunheimen er om mogleg enda vakrare om vinteren enn om sommaren. Men dagane er korte, og vêret kan skifte fort. For å ferdast trygt i bratt terreng er det nødvendig med kunnskap og evne til å vurdere risiko for skred. Viktige faktorar er vêr (vind, temperatur), snøtilhøve, terreng (helling) og menneske. Det er alltid risiko for snøskred. Er du usikker på di eiga evne til å vurdere skredfare, er rådet å køyre slakare enn 30 grader helling og ikkje vere i utløpsområdet for snøskred. FINE TOPPTURAR: Besshø, 2258 moh. Start: Bessheim Glittertind, 2452 moh. Start: Glitterheim eller Veodalen Nautgardstind, 2258 moh. Start: Russtangen eller Glitterheim Rasletind, 2105 moh. Start: Valdresflya Kvitingskjølen, 2064 moh. Start: Brimi Fjellstue eller Soleggen Loftet, 2170 moh. Start: Jotunheimen Fjellstue Veslbreatind, 2092 moh. Start: Krossbu Fannaråken, 2068 moh. Start: Sognefjellshytta Du finn meir informasjon her: www.ngi.no. VÅRSKITUR MED FØRAR ELLER GOD ERFARING: Galdhøpiggen, 2469 moh. Start: Spiterstulen Storbjørn, 2222 moh. Start: Krossbu eller Leirdalen Store Ringstind, 2124 moh. Start: Turtagrø Dyrehaugsryggen, 2147 moh. Start: Turtagrø Mot Storebjørn. Foto: Alexandra Abrahamson 18

KULTUR Noregs eldste sko. I 2006 fann Reidar Marstein frå Lom ein 3400 år gammal skinnsko i Jotunheimen. Skoen har truleg høyrt til ein reinjeger i forhistorisk tid. Global oppvarming er årsaka til at slike nye kulturminne smeltar ut av isen i høgfjellet. Dette gir nye perspektiv på klimautfordringa og kunnskap om jegerar i tidlegare tider. Jotunheimen og Utladalen er rike på spor etter menneske. Det er kartfesta mange tusen kulturminne i Jotunheimen. Dette kan vere spor etter jakt- og fangstkultur og seterdrift. Sjå godt etter når du går fottur. Når du ferdast i nasjonalparken, kan du oppdage spor etter menneske som levde her før i tida. Du kan oppleve å finne fangstanlegg, buplassar, gravplassar, gamle ferdsels vegar og seterdrift. Foto: Kulturhistorisk museum, Vegard Vike Fangstkultur Fangstfolket følgde etter reinen mot fjellområda da breane trekte seg attende for ca. 10 000 år sidan. Dei eldste spora etter fangstkulturen i Jotunheimen er over 3000 år gamle. Før som no trekkjer reinen opp på isbrear og snøfonner på dagtid, når varmen og insekta i beite områda lenger nede blir ei plage. Dette gjorde fonnene til gode jaktområde for fortidas jegerar. Ved Juvasshytta på 1850 meter kan du oppleve klimahistorie på nært hald. Kring Juvfonna ligg eit 2000 år gammalt fangstanlegg for rein, og over 600 arkeologiske funn har dei siste åra smelta fram frå isen. Foto: Mai Bakken KVA GJER DU OM DU FINN KULTURMINNE I FJELLET? La gjenstandane liggje i ro der du fann dei, elles kan viktig informasjon gå tapt. Ta bilete og merk funnstaden på kart eller med GPS. Ta kontakt med fylkesarkeologen eller Norsk Fjellmuseum i Lom. Foto: Nataliya Holovan 19

Kulturlandskap I vår nyare fortid har fjellet i Jotunheimen vore nytta av bygdefolket til setring og beite for husdyra i kombinasjon med jakt, fangst og fiske. Ved Gjende og i Utladalen er det spor i landskapet etter slått, beite og seterdrift. I Veodalen, Leirungsdalen og Skautflya har det vore fedrift og beite for hest. Det er òg spor etter klauvstigar, der bygdefolket gjekk med dyra over fjellet for å kome fram til frodige seterområde. Husdyr beitar framleis i Storådalen og Veslådalen ved Gjendebu, Veodalen og Utladalen. Fjellet blei også brukt som ferdselsveg mellom aust og vest. Det var ofte lettare for folk å ferdast til fots eller på hest over fjellet enn fram etter dalane, i tillegg til at vegen var kortare. TI GODE TURAR: Juvasshytta Klimaparken Juvfonna Veodalen Stornautgarden Bessheim Bessvatnet Memurubu Bjørnbøltjønne Eidsbugarden Mjølkedalen Leirvassbu Kyrkjeglupen Spiterstulen Heilstugu Skogadalsbøen Vormeli Utladalen Naturhus Skåri Avdalen Avdalen Stølsmaradalen Du finn meir informasjon her: Norsk Fjellmuseum - Nasjonalparksenter www.fjell.museum.no www.klimapark2469.no Bessheim Bessvatnet. Følg merka stig opp til Bessvatnet. Dårleg stig frå Grotåe til vestenden av Bessvatnet. Dyregraver i dalsøkk ved vestenden av vatnet. Attende kan du gå over Besseggen. 20

Memurubu Bjørnbøltjønne. Følg stigen mot Besseggen til Bjørnbøltjønne. Ta av frå stigen ved osen og følg nordsida av tjønne fram til ein markert rygg. Her er det to dyregraver. Gå opp eit bratt bergparti og finn den tredje dyregrava. Herfrå går du vidare mot vest og finn den stigen du fylgde opp ned att til Memurubu. Eidsbugarden Mjølkedalen. Følg stigen mot Olavsbu i starten. Ta av mot vest inn ein liten tverrdal som heiter Grøndalen. Her er det ikkje merka stig. 7 dyregraver er registrert i området. 21

Leirvassbu Kyrkjeglupen. Gå turstigen frå Leirvassbu på austsida av Leirvatnet mot Kyrkjeglupen. Etter ca 1 km kan du finne ein samanrasa dyregrav. Inn i Kyrkjeglupen ved vatnet Troget passerer du eit bågåstelle ved stigen. Ta av frå den merka stigen og gå på søraustsida av Troget, forbi 6 dyregraver, attende mot Leirvatnet og Leirvassbu. Spiterstulen Heilstugu. Følg merka stig innover Visdalen til hustuftene etter heilstugu (sælhus) og gammelsætre på vestsida av Visa. Attende kan du gå over opp lia mot Heilstuguhaugen. To dyregraver fortel at rein hadde trekkvegane sine her. Gå attende til Spiterstulen. 22

JAKT OG FISKE I Jotunheimen er det eit rikt dyreliv og mange flotte fjellvatn med gode bestandar av aure, så her ligg alt til rette for både jakt og fiske. Fiske Det er godt med aure i fjellvatna i Jotunheimen, særleg i dei større sjøane. I vatn med god næringstilgang kan du ta fisk på opptil to kilo. Tidleg på sommaren er vatn som ligg lågt og er tidleg isfrie, dei beste fiskeområda. Vatna som ligg høgare, på 1300 1500 meter, er gjerne ikkje isfrie før langt ut i juli. Du kan fiske med mark, sluk eller fluge. Du kan kjøpe eitt fiskekort som gjeld for stongfiske i heile Jotunheimen. Det gir deg lov til å fiske i meir enn 60 små og store fiskevatn og eit titals elvar. Alle, både norske og utanlandske gjester, kan kjøpe fiskekort. For barn og ungdom inntil 16 år er det gratis å fiske med stong. Garnfiske er oftast reservert dei som bur i bygda. Kontakt dei lokale fjellstyra for å få gode tips! FISKEKORT FOR JOTUNHEIMEN Kortet gjeld i heile nasjonalparken for fiske med stong eller handsnøre. Generell fredingstid er f.o.m. 20. september t.o.m. 31. oktober. I denne perioden er alt fiske forbode. Fiskereglar og kart over fiskevatn får du når du kjøper fiskekort. Her får du kjøpt fiskekort: Norsk Fjellmuseum i Lom på butikkar og bensinstasjonar kring nasjonalparken på turisthytter i fjellet www.inatur.no Foto: Odd Repp Foto: Odd Repp Foto: Kristine Sørlie 23

Jakt I Jotunheimen og Utladalen er det lov å jakte på småvilt som rype, skogsfugl og hare. Der det ikkje er private grunneigarar, er det fjellstyra som administrerer småviltjakta. Søknadsfristen for småviltjakt er 1. april. Meir informasjon får du ved å kontakte det lokale fjellstyret eller lese på www.inatur.no. Er du interessert i storviltjakt på elg, villrein og hjort, eller småviltjakt med hund, må du søkje om dette til det lokale fjellstyret. Dei siste åra har det ikkje vore jakt på villrein i Vest-Jotunheimen. For å jakte må du vere registrert i Jegerregisteret i Brønnøysund og ha betalt jegeravgift for det gjeldande jaktåret (f.o.m. 1. april t.o.m. 31. mars). I tillegg må du ha løyve frå grunneigaren. Her finn du meir informasjon om jakt: www.dirnat.no www.inatur.no Jegerregisterets nettsider: www.brreg.no/registrene/jeger Lom Fjellstyre, tlf.: 61 21 16 70 www.lom-fjellstyre.no Vang Fjellstyre, tlf.: 948 92 957 www.vang-fjellstyre.no Vågå Fjellstyre, tlf.: 61 29 37 37 www.vaga-fjellstyre.no Luster Fjellstyre, tlf.: 576 85 500 / 576 85 641 Årdal Fjellstyre, tlf.: 576 60 041 / 913 88 642 TILRETTELEGGING Merking, varding, kvisting, steinsetjing, brubygging. Eit grunnprinsipp for den frie ferdselsretten er at ein tek naturen som han er. Omsyn til naturen taler for å avgrense tilrettelegginga for friluftsliv, men mindre inngrep som å skilte og merkje stigar er greitt. Turstigar mellom hyttene og andre turmål er merkte med vardar om sommaren. Vardane er steinar som er stabla opp og gjerne måla med ein raud T (merkesignaturen til DNT). Også i fjellskogen blir det brukt vardar, men her er det vanlegare med raude ringar eller ein raud T måla på eit tre. Der turstigen er tydeleg, kan det vere stor avstand mellom merka. Same kva slags merking det er, er det viktig å bruke kart og kompass eller GPS. Vêret skiftar fort i fjellet, og da er det nødvendig å kunne orientere seg på kartet for å finne fram i terrenget og langs stigen. Foto: Kristine Sørlie Der snøen ligg lenge utover sommaren, kan vardane vere godt gøymde. Store snøfonner som ligg heile sommaren, kan gjere det vanskeleg å merkje så tett at ein kan sjå frå varde til varde. Bruer kan vere permanente eller berre lagde ut for sommaren for så å bli demonterte om hausten og sette opp att når snøen har smelta året etter. Vanlegvis blir bruene sette opp når dei betente hyttene i området opnar, og tekne ned når hyttene stengjer om hausten. Når bruene ikkje er på plass, kan det vere farleg å krysse elva og følgje ruta. Om vinteren, før påske, blir òg fleire skiruter merkte med kvister. Foto: Odd Repp 24

OVERNATTING Betent, sjølvbetent, ubetent eller telt Sov 2068 moh.! Felæger, setrar, jakt- og fiskebuer var overnattingsstader i Jotunheimen før DNT begynte å byggje husvære for turistane på slutten av 1800-talet. Den eldste DNT-hytta som eksisterer enno, er Gjendebu, som blei innvigd i 1871. Hytta som ligg høgast, er Fanaråken, på 2068 meter. Etter kvart som turisttrafikken i fjellet har auka, har turisthyttene blitt bygde om og utvida. Inne i nasjonalparken er det i dag hytter av ulik storleik og standard. DNT Oslo og omegn eig nokre av dei, andre er det fjellstyre eller andre som eig. Glitterheim. Foto: Per Roger Lauritzen I Jotunheimen og Utladalen kan du overnatte på både betente, sjølvbetente og ubetente turisthytter. Sjølvbetente og ubetente hytter er tilgjengelege for overnatting heile året dersom du har DNT-nøkkel eller gjer ein avtale med fjellstyret. Dei betente hyttene er opne berre delar av året. Betent hytte: Her kan du overnatte i oppreidd seng eller i eigen lakenpose eller sovepose. Her er det også mat servering, tørkerom og høve til å ta ein dusj i fellesanlegget. Sjølvbetent hytte: Her overnattar du i lakenpose eller sovepose. Hytta er utstyrt med matvarer og brensel, slik at du kan lage mat sjølv. Du ryddar og vaskar etter deg. Det er eit betalingssystem på hytta, der du betaler for bruk, overnatting og matvarer. Hugs at systemet er basert på tillit. Ubetent hytte: Her overnattar du med enkel standard. Du må ha med mat og utstyr sjølv. Det er betalingssystem som for sjølvbetente hytter eller etter avtale med fjellstyret. Telt: Du kan overnatte i telt i nasjonalparken. Teltet må setjast opp meir enn 150 meter frå hus og hytter der det bur folk. Du kan ikkje la teltet stå over tid utan å bruke det. Det er til dømes ikkje lov å la lavvoen stå medan du sjølv er på jobb. Hytter i Jotunheimen og Utladalen: Foto: Kristine Sørlie Glitterheim betent DNT Gjendebu betent DNT Storådalshytta ubetent Lom Fjellstyre Steinbu i Veslådalen ubetent Lom Fjellstyre Gjendehytta ubetent Lom Fjellstyre Steinbu ved Memurubu ubetent Lom Fjellstyre Memurubu betent privat Olavsbu sjølvbetent DNT Langvassbu ubetent Lom Fjellstyre Fanaråken betent DNT Skagastølsbu nødbu Skogadalsbøen betent DNT Ingjerdbu ubetent privat Stølsmaradalen ubetent Vormeli ubetent Vetti gard betent privat Avdalen betent privat Her finn du meir informasjon om overnatting: www.ut.no www.visitjotunheimen.no www.sognefjord.no lokale turistkontor 25

OVERSIKTSKART OVER JOTUNHEIMEN NASJONALPARK Lom Norsk Fjellmuseum, 15 Km Raudbergstulen Randsverk ale n 2201 n ale ird Le Fort und alen Spiterstulen Bukkehø 2142 Sognefjellshytta St. Smørstabbtind Bukkeholstindane Leirvassbu Tverbytthornet 2208 Sognefjellet Storebjørn Smørstabb- 2222 breen Kyrkja FannaråkFannaråki Turtagrø 2068 Gj l rut Sto n lad ale n Galdeberg Tyinholmen Landskapsvernområde Bessheim -vatnet ss Be Gjendesheim Gjende Knutshøe Maurvangen Tjørnholstind Knutsholstind 2340 2330 2288 Leirungsen sdal tind ung Leir Valdresflya Kalvehøgda len Hjelle std Ve 2075 Koldedalsbreen Memurubu da Eidsbugarden Vettisfossen Hjelledalen en art Sv Mjølkedalsvatnet 2067 mu ru Memurutunga ale n Falketind Me Gjendebu en Sjogholstind ree n n Ut lsb ree e al ad ar 2074 ddal 2141 da b os an Ur sm øl dalen Avdal lke Rau 2137 Besshø 2258 dal n ale jø Stølsnostind Ingjerdbu Olavsbu Mjølkedalstind M t 2368 rd Rauddalsvatnet NASJONALPARK Randsverk Ru Surtningssui Memurubreen vat ne Rauddalstindane 2157 St StyggedalsSkogadalsnosi dal en breen GjertvassSkogadalsbøen Skagadølstind 2147 tindane Skogadalen Maradals2403 Hurrungane breen M idt Vormeli ma Uradalen 2204 Stølsmaradalsrad breen ale Utladalen Austabotntind n Fleskedalen La ng et atn ssv Blåbreen JOTUNHEIMEN o St vas s le ada Veotindane 2364 2234 avd Gr n 1622 St. Memurutind Visbretind 2032 n ale breen ert Skjolden Utladalen naturhus 2102 Nautgards- 2258 tind Leirhø Veobreen 2330 2213 2174 Nautgardsbrean Styggehø 2314 Stølsdalen Glitterheim Ryggehø Svellnosbreen 2170 od Ve 2465 2469 n ale Grjotbreen Glittertind Juvasshytta Galdhøpiggen Bøvertun Loftet Krossbu Smådalen Trollhø Storhaugen Bø ve rd Jotunheimen fjellstue Nørdstedalsseter Grav Formgiving og digital kartografi: Gåsvatn kart-tjenester, www.kart-tjenester.no Digitale kartdata: Statens kartverk N250. Tillatelse nr. MAD12002-R125240 Elvesæter Torfinnstindane 2208 2119 Bygdin Torfinnsbu Bygdin Breikvam Yksendalsbu Øvre Årdal Årdalstangen Tyin Borlaug Fagernes Fagernes 0 km 26 10 km

Ta vare på Jotunheimen Det er vårt ansvar å vise omsyn og ta vare på naturen, slik at menneske også i framtida kan ha glede av friluftsliv og dei fantastiske opplevingane naturen gir. I dette kapitlet ser vi på korleis kvar og ein av oss kan bidra til å ta vare på naturen ut frå ferdselsretten, som byggjer på respekt for naturen, andre menneske og deg sjølv. Respekter naturen Følg dei stigane som finst frå før. Da slit du minst på vegetasjonen og uroar ikkje dyre- og fuglelivet. Hald deg på stigen. Når mange går på kanten av stigen, aukar slitasjen, og stigen utvidar seg. Unngå snarvegar. Dette kan lage nye stigar og auke erosjonen. Bruk dei bålplassane som allereie er laga. Det er forbode å brenne bål i skogsområde i sommarhalvåret (frå 15. april til 15. september). Brenner du bål utanom desse tidene, så gjer det nær vasskanten og bruk berre daudt trevirke. Sjekk alltid at bålet er ordentleg sløkt før du forlèt plassen. Bruk eksisterande leirplassar. Hugs at ein god leirplass er noko du finn, ikkje noko du lagar. Ha hundar i band. I Jotunheimen er det bandtvang frå 1. april til 1. oktober. Ta med deg alt søppel heim. Ta òg med deg søppel du finn på vegen. Hald avstand til dyr og fuglar du er så heldig å få sjå. Dersom eit dyr endrar åtferd, er du for nær. FAKTA OM JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN: Jotunheimen nasjonalpark Oppretta: 1980 Areal: 1151 km 2 Utladalen landskapsvernområde Oppretta: 1980 Areal: 314 km 2 Kvar finn vi områda? - Lom, Vågå og Vang kommunar i Oppland - Luster og Årdal kommunar i Sogn og Fjordane Kva særpregar områda? alpine fjellformasjonar ville og høge fjelltoppar særeigne vassdrag ei mengd isbrear frodige lågareliggjande område austlandsk og vestlandsk fjellnatur Vest i Jotunheimen lever det ein villreinstamme. Delar av Jotunheimen er sentrale beiteområde for både tamrein og husdyr (storfe, sau og hest). Områda er rike på kulturminne og spor etter fangstfolket som følgde reinen da breane trekte seg attende etter siste istid. Foto: Kristine Sørlie Foto: Kristine Sørlie 27

Respekter villreinen Vis omsyn til villreinen. Desse dyra er spesielt sky og vare for uro, og kan flykte sjølv om du er på lang avstand. Bruk oppmerkte stigar og løyper så langt det er mogleg. Ser du flokkar på avstand, så gå rundt med vindtrekken frå flokken mot deg. Dersom du kjem uforvarande på dyra, så hald deg i ro og la reinen trekkje seg unna. Ta spesielt omsyn ved utforkøyring på ski og ved kiting. Pass på at hundar ikkje uroar reinen, og følg reglane for bandtvang. Ta deg god tid, bruk augo og kikkerten for å sjå etter dyr. Respekter andre folk Også lyd kan vere forureining. I nasjonalparkar skal du kunne høyre lydar frå naturen og oppleve ro og stille. Folk har ulik fysisk kapasitet og held ulikt tempo. I norske nasjonalparkar har vi god plass til alle. Det er ikkje tillate å merkje stigar på eiga hand i nasjonalparken. Vardane langs stigane er plasserte der for at folk skal finne trygt fram. Lag difor ikkje nye vardar som kan vere villeiande. Må du på do, gå eit godt stykke frå stigen, unna vatn og bekker, og sørg for at dopapiret ikkje flyg sin veg etterpå. Set opp teltet ditt i god avstand frå andre. NYTTIG KONTAKTINFORMASJON: Nasjonalparkforvaltning: Jotunheimen nasjonalparkstyre Norsk Fjellmuseum, 2686 Lom Naturoppsyn: Statens naturoppsyn (SNO): www.dirnat.no SNO, Vang, tlf.: 959 65 158 SNO, Lom, tlf.: 957 22 733 Nasjonalparksenter: Norsk Fjellmuseum, 2686 Lom tlf.: 61 21 16 00 post@fjell.museum.no, www.fjell.museum.no Utladalen Naturhus, 6881 Øvre Årdal Utladalen.naturhus@gmail.com Her finn du meir turistinformasjon: www.visitjotunheimen.com, www.sognefjord.no, www.visitnorway.com, www.ut.no, www.turistforeningen.no Foto: Kristine Sørlie Foto: Harald Klæbo 28

Respekter deg sjølv Du er sjølv ansvarleg for å kome trygt heim! Vel tur etter evne. Vurder dei fysiske og mentale føresetnadene dine før du vel turmål. Også kunnskap, erfaring og ytre tilhøve som vêr og føre spelar inn her. Ikkje alle område i nasjonalparken har mobildekning. Det er difor ikkje sikkert at du kan ringje etter hjelp dersom det skjer ei ulykke. Vêret skiftar fort i fjellet. Det kan vere nødvendig med lue, vottar og varme klede også om sommaren, særleg på toppturar. Respekter dårlege vêrmeldingar. Ha alltid med deg kart og kompass på lengre turar og toppturar. GPS kan òg vere eit alternativ. Ha med deg rikeleg med mat og drikke. Særleg på toppturar kan det vere vanskeleg å finne vatn undervegs. Somme turruter i fjellet kan vere krevjande. Skaff deg tilstrekkeleg informasjon om turen. Snakk med andre turgåarar eller vertskapet på turisthytta om kor krevjande ruta er. På enkelte turar i fjellet må du vade. Som oftast er det enkle vad, men dersom det er stor vassføring, kan dette vere krevjande. Vurder elva, og vad aldri utan at du er sikker på å kome over. Vad aldri når elva er flaumstor. Der straumen er sterk, bør ein ikkje vade når vatnet går over tjukkleggen. Sjølv der straumen ikkje er sterk, bør ein ikkje vade om vatnet når ein over kneet. Om vinteren er det fare for snøskred i fjellet. Vis stor respekt, og skaff deg kunnskap om terreng, snø- og vêrtilhøve når du skal ut på tur. Ved uhell, ring naudnummer 112 (politi) eller 113 (ambulanse). VER TRYGG PÅ TUREN Tenk langt fram. Ver kritisk til eigne vegval, og vurder andre alternativ. Hald turfølgjet samla og ha god oversikt. Hugs å ete og drikke. La dei svakaste i gruppa gå først og bestemme farten. Ha respekt for naturen, årstida, deg sjølv og turkameratane dine. Ver merksam på at enkelte turar krev særskild kunnskap, ferdigheiter, trening og førebuing. Vel turar som passar for deg og dine føresetnader. Foto: Idunn Sørlie Nordnes 29

Barnesida Du kan samle inn blomar og lage eit fint kort Når du er ute på tur, kan du samle blomar og blad du finn undervegs. Spør på hytta der du bur, om dei har kort, lim og kontaktpapir. Så kan du lage eit kort og sende det til ein god ven. Du kan samle nokre steinar, men ikkje ein heil haug Stein er ein viktig del av naturen, og vi kan faktisk ikkje klare oss utan. Tenk at vi bruker stein, mineral og bergartar til mykje rart, som til dømes fiskebollar, softis, sminke, betong og mobiltelefonar! Så sjølv om du samlar stein til eige bruk, kan det vere lurt å ikkje ta med seg for mange. Det kan òg fort bli tungt å bere! I orda skjuler det seg fire fjelltoppar du kan gå på i Jotunheimen. Kva for fjell finn du? PALGEDHØGGIN > TRIGLETTIND > SEGGESBEN > RESALTIND > I orda skjuler det seg fire blomar du finn i fjellet. Rydd i bokstavane så det blir riktig! GMOPO > RINESORE > TROSERON > GRENNJOFILLND > Foto: Kristine Sørlie REGLAR FOR FRILUFTSLIV: Alle barn kan gå på tur. Vi vil gjerne ha med ein ven. Vi vil vere med og planleggje turen. Vi har lyst til å gå først og bestemme farten. Vi vil ha tid til å leike og oppleve spennande ting undervegs. Vi vil ha tid til å snakke om det vi ser og opplever på turen. Vi vil ha noko godt på toppen. Vi vil kose oss om kvelden når vi er på overnattingstur. Vi vil ikkje vere frosne, våte eller redde. Barnas Turlag Den Norske Turistforening, DNT Kva heitar ungane til desse dyra? HESTEN > REINEN > SOMMARFUGLEN > SAUEN > Svara finn du bakarst i permen. Foto: Kristine Sørlie Foto: Kristine Sørlie 30

Informasjon og service Nasjonalparksenteret Norsk Fjellmuseum. Foto: Kristine Sørlie Nasjonalparksenter ei open dør til natur og naturopplevingar NORSK FJELLMUSEUM ved elva Bøvre midt i Lom sentrum er ein naturleg møtestad for fjellfolk både før og etter turen. Her kan du lære om livet i fjellet og om nasjonal parkane, og du kan få gode turtips. På fjellmuseet får du òg informasjon om attraksjonar, aktivitetar, overnatting og kvar du kan ete eit godt måltid i Lom og området rundt. UTLADALEN NATURHUS ligg nedst i Utladalen landskapsvernområde og er ein god innfallsport til Jotunheimen frå vestsida. Naturhuset er ei avdeling under nasjonalparksenteret Norsk Fjellmuseum og tilbyr informasjon, servering og ei utstilling om natur- og kulturhistorie i Vest-Jotunheimen. Naturhuset har i tillegg opne arrangement for bygdefolk og turistar om sommaren. NORSK FJELLMUSEUM BESTÅR AV: Nasjonalparksenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen forvaltningsknutepunkt for Jotunheimen museum Klimapark2469 turistkontor Her finn du meir informasjon om Norsk Fjellmuseum: www.fjell.museum.no Utladalen naturhus. Foto: Rigmor Solem 31

Nasjonalparklandsby ein naturleg innfallsport til nasjonalparken LOM har status som nasjonalparklandsby. Dette er eit kvalitetsstempel som syner korleis det kan auke verdiskapinga å ha ein nasjonalpark i nærleiken. Kommunesenteret Fossbergom er ein naturleg veg inn til Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Lom har lange tradisjonar for å ta imot folk som skal til fjells. I turistsesongen er det stor trafikk og eit yrande folkeliv når turistar skal vidare til Vestlandet eller til fjells. På Fossbergom står byggjeskikk og lokale tradisjonar sentralt. Lom nasjonalparklandsby er eit moderne bygde senter og ein tettstad med særpreg. Nasjonalparkkommune med nasjonalpark innanfor kommunegrensa Kommunane Luster, Vågå og Lom er nasjonalparkkommunar. Statusen som nasjonalparkkommune skal mellom anna styrkje verdiskapinga i små lokalsamfunn med store nasjonalparkar innanfor kommunegrensa. Lom. Meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom. Dei høgaste fjelltoppane i Noreg, med Galdhøpiggen 2469, finn du i Lom kommune. Vågå. Vågå kommune ligg sentralt til som innfallsport til Jotunheimen frå aust. Nokre av dei mest besøkte attraksjonane i fjellet, Besseggen og Gjende, ligg i Vågå. Luster. Luster kommune ligg der Europas lengste fjord, Sognefjorden, møter Jotunheimen frå vest. I Luster finn vi den villaste naturen og dei kvassaste tindane med majestetiske Store Skagastølstind i spissen. LOM NASJONALPARKLANDSBY ER ein naturleg innfallsport til nasjonalparken ein stad der du får informasjon om å ferdast i nasjonalparken ein tettstad som kan tilby grunnleggjande servicefunksjonar ein tettstad med ein tydeleg og gjennomført miljøprofil Her finn du meir informasjon om Lom nasjonalparklandsby: www.visitjotunheimen.no www.lom.kommune.no NASJONALPARKKOMMUNANE har ein heil nasjonalpark innanfor kommunegrensa har minimum 30 prosent areal eller minst 300 km 2 verna som nasjonalpark amarbeider med andre nasjonalparkkommunar om informasjon, tilrettelegging og reiseliv Her finn du meir informasjon om nasjonalparkkommunane: www.dirnat.no Galdhøpiggen. Foto: Kristine Sørlie Store Skagastølstind. Foto: Thor Østbye 32