TEMA. Tittel 30 pt for rapportmaler. Framsending. av smittefarleg biologisk. boksen. materiale. Datering, undertittel, ingress eller annen

Like dokumenter
Forsendelse av smittefarlig biologisk

Emballering og merking

Forsendelse av smittefarlig biologisk materiale

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Type innhold Merking Transportmåte Omfang Farlig gods i begrenset mengde LQ = Limited Quantity = begrenset mengde UN 3373

Forskrift om innførsel, transport og annen håndtering av materiale som er smittefarlig for mennesker

Tema. Veileder om forsendelse av smittefarlig biologisk materiale

Farlig gods Utfordringer? LTL Torgeir Bjørkestøl Bring Cargo Harold Misund Tollpost Globe

Del 1: Alminnelige bestemmelser

Prisar på porto for 2016

Prisar på porto for 2015

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Postens generelle leveringsvilkår Standardvilkår for dei leveringspliktige tenestene

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Tilbodskonkurranse farleg avfall

Storleiken på brevet avg jer prisen. Prisar Les meir på: posten.no

Nyhetsbrev. Nyheter i adr/rid Farlig gods - info

Miljøvernavdelinga Vår dato Vår referanse /4877 Astrid Holte, innvalstelefon: Arkiv nr.

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Håndtering av smittefarlig avfall i Bærum kommune Resultat av en kartlegging

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Kontroll ved. Sunnfjord Bil AS

Informasjon om verksemda Namn: NGIR Organisasjonsnr.: Kommune/kommunenr.: Lindås/1263 Bransjenr. (NACE-kode): 90.2

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik innan følgjande tema under inspeksjonen: Drift og lagring Internkontroll

Rapport frå inspeksjon 18. oktober 2012

Rapport frå inspeksjon 24. oktober 2012

UNIVERSITETET I OSLO

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 324/2008. av 9. april 2008

Kjøre og hviletid -ved transport av avfall

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Farlig gods-info. Nytt fra. 1. januar Ny utgave av ADR/RID g jelder fra 1/

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

Kontroll ved. Halsvik Bil & Gjenvinning

Privat aktivitet Forskingsaktivitet. 3. Ansvarleg for aktiviteten Namn: Fødselsdato: Nasjonalitet: Institusjon/selskap (dersom relevant): Adresse:

Mal for melding etter storulykkeforskriften

Retningslinjer for gjennomføring

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vedlegg 1: Behovsbeskrivelse 16/11619

Veileder for anskaffelse av datamodem

Ein kald fisk. Nedbryting

DATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

FARLIG GODS. Side 2 - Generelt / avsender og transportørens plikter. Side 3 - De andre aktørenes forpliktelser / Klassifisering / fareklasser

Fylkesmannen i Hordaland fant 3 avvik og 1 merknad under inspeksjonen innan følgjande tema:

Til deg som bur i fosterheim år

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

ADR 2015: Forskrift om landtransport av farlig gods nr Del 1: Alminnelige bestemmelser

Farlig gods-konferansen Nyheter i ADR/RID 2013

(UOFFISIELL OMSETJING)

Temaveiledning til storulykkeforskriften. om strategi for å forebygge og begrense storulykker TEMAVEILEDNING

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Lilleeide miljøstasjon Kontrollnummer: I.FMMR

Side 2 - Generelt / avsender og transportørens plikter. Side 3 - De andre aktørenes forpliktelser / Klassifisering / fareklasser

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Sporing og merking. Merking

NYNORSK MAL FOR: Forholdet til kommunelov og vallov. Verkeområde. 1 Forholdet til kommunelova. 2 Forholdet til vallova.

PROSEDYRE FOR KJEMIKALIEHANDTERING

liter retningslinjene 1. Iedd på bakslden av 1. eksemplar. ADR KLASSEEMBALLASJEGR. lmdg 2. ledd 3. Iedd 4. ledd Kommentarer fra Fylles Fylles ut av

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Gangstø Transport Kontrollnummer: I.FMRO

Melding om arbeidsrelatert sjukdom - eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Ot.prp. nr. 103 ( )

(UOFFISIELL OMSETJING)

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Brukarrettleiing E-post lesar

S1-eksamen hausten 2017

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Melding om arbeidsrelatert sjukdom eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

RFA100 - Driftsinstruks for mottak, håndtering og lagring av farlig avfall

Kom i gang med Avfallsdeklarering.no

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Sele Potet- og Grønnsaksforedling AS Kontrollnummer: I.FMRO

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2006/94/EF. av 12. desember 2006

SOS4011 Teorifordypning i sosiologi HAUST STUDIEPOENG HEIMEEKSAMEN

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Rapport frå inspeksjon 25. april Resultat frå inspeksjonen. Jakta Metall AS Lone 5282 Lonevåg. Rapportnummer: I.

IKT-reglement for kommunane i SING

TEM A. Tilsynsaksjon med alpine nedfartar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljøvernavdelinga. Informasjon om verksemda Namn: SIMAS Østerbø Organisasjonsnr.: (simas):

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Rapport frå inspeksjon 18. april Resultat frå inspeksjonen. Gunnebo Anja Industrier AS 5282 Lonevåg. Rapportnummer: I.

Rapport frå inspeksjon ved Baca Plastindustri AS 8. november 2016 Rapportnummer: I.FMHO

Sjåføren før og under uhell

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Klasse 9 Miljøfarlige stoffer

Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Transkript:

TEMA Framsending Tittel 30 pt for rapportmaler av smittefarleg skrives biologisk inni denne boksen materiale Datering, undertittel, ingress eller annen informasjon Praktisk rettleiing skrives under linjen

Gitt ut av: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) 2016 Omslagsfoto: ISBN: Grafisk produksjon: DSB 978-82-7768-407-9 (PDF) Erik Tanche Nilssen AS, Skien

Framsending av smittefarleg biologisk materiale praktisk rettleiing

INNHOLD Forord...7 01 Regelverket...9 02 Klassifisering...11 2.1 Kategori A...12 2.2 Kategori B...12 2.3 «Friteken prøve frå menneske» eller «friteken prøve frå dyr»...12 03 Emballering, merking og dokumentasjon... 13 3.1 Kvifor er rett emballering viktig?...14 3.2 Generelle krav til emballering av smittefarleg biologisk materiale...14 3.3 Særskilde krav for materiale i kategori A...14 3.4 Særskilde krav for materiale kategori B...15 3.5 Krav for pasientprøver som ikkje er klassifiserte som farleg gods...16 3.6 Nedkjølte og frosne materiale...17 04 Opplæring og kompetanse...19 05 Komprimert rettleiing... 21 Referansar...23 DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 5

FORORD FORORD Rett handtering og framsending av smittefarleg biologisk materiale er viktig med omsyn til pasientar, post- og transportpersonale og laboratoriepersonale. Det er særskilde reglar for transport av smittefarleg biologisk materiale som gjeld for land-, sjø- og lufttransport (7, 1, 6, 9). Det gjeldande regelverket regulerer kva slags biologisk materiale som kan sendast og korleis ein skal handtere slikt materiale. Det er sendaren sitt ansvar å sjå til at smittefarleg biologisk materiale er rett klassifisert, pakka, merkt og at dei rette dokumenta følgjer med i sendinga. Dersom dette ikkje blir gjort korrekt og i samsvar med det gjeldande regelverket, kan materialet representere ein smitterisiko. Feil handtering kan òg føre til at materialet ikkje blir framsendt til adressaten eller at det ikkje blir undersøkt. regelverk for 2015. Dei som har vore med på å utarbeide rettleiinga har vore representantar frå: Føremålet med dette dokumentet er å gi ei kortfatta og praktisk rettleiing for framsending av smittefarleg biologisk materiale som blir utført via landtransport, lufttransport og postsendingar. Utgangspunktet for rettleiinga er det engelske dokumentet «Guidance on regulations for the Transport of Infectious Substances» gitt ut av WHO, som gir ei meir omfattande rettleiing om temaet. Både WHO-rettleiinga og denne rettleiinga er tilgjengelege på internett (8, 10). Rettleiinga kan ikkje nyttast ved framsending av medisinsk eller klinisk avfall som inneheld infeksjonsfremjande stoff i kategori B (UN 3291). For denne typen avfall viser ein til den gjeldande utgåva av ADR/RID avsnitt 2.2.62.1.11 for landtransport, og ICAO Technical Instructions 6.3.5 for lufttransport. WHO-rettleiinga og denne rettleiinga erstattar dokumenta «Veileder om forsendelse av smittefarlig biologisk materiale 2007 2008» og «Forsendelse av smittefarlig biologisk materiale praktisk veileder» (2008). Førsteutgåva av den praktiske rettleiinga blei gitt ut i 2008. Rettleiinga er no revidert ut ifrå relevant Mars 2016 DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 7

KAPITTEL 01 Regelverket DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 9

Regelverket Nedanfor finn de ei oversikt over dei sentrale føresegnene for handtering og framsending av smittefarleg biologisk materiale. Detaljerte tilvisingar til heimlar for dei krava som er omtalte i kapitla 2 5 i denne rettleiinga finst i WHO-rettleiinga (8). Det er eigne regelverk for transport av farleg gods, inkludert smittefarleg biologisk materiale, som gjeld for kvar av transportmåtane; land-, sjø- og lufttransport (7, 1, 6, 9). Tilrådingar frå FN ligg til grunn for desse regelverka (5). Regelverket for sjøtransport blir nemnt, sjølv om denne rettleiinga ikkje gjeld framsending av smittefarleg biologisk materiale på sjø. Helse- og omsorgsdepartementet har fremja ei forskrift om krav til kvalitet og tryggleik ved handtering av humane celler og vev (12). Forskrifta inneheld eit eige kapittel om emballering og merking av humane celler og vev til bruk i menneske. Departementet har òg fastsett ei forskrift om innførsel, transport og anna handtering av materiale som er smittefarleg for menneske (2). Ifølgje 5 i forskrifta er det forbode å innføre smittefarleg materiale som kan innehalde smittestoff som vanlegvis ikkje finst innanfor landegrensene, og smittefarleg materiale som kan vere årsak til ein allmenn farleg smittsam sjukdom hos menneske. Etter 6 kan Helsedirektoratet gi dispensasjon frå innførselsforbodet. Tilsvarande har Landbruks- og matdepartementet fastsett ei forskrift om forbod mot innførsel av dyr og smitteførande gjenstandar (4). Etter 4 i forskrifta er det forbode å innføre dyr eller dyreprodukt som kan føre med seg smittsam dyresjukdom. Etter 10 kan Mattilsynet i særlege tilfelle gi dispensasjon frå innførselsforbodet. Avslutningsvis har Klima- og miljødepartementet fastsett ei forskrift om smittefarleg avfall frå helseteneste og dyrehelseteneste o.a. (13). Denne forskrifta er svært relevant på område som omfattar emballering, merking, handtering og transport av smittefarleg avfall. Arbeidsgivarar ved verksemder der arbeidstakarane kan bli eksponerte for biologiske faktorar, må òg syte for at relevante føresegner i forskrift om vern mot biologiske faktorar (3) blir etterlevde. Verksemder som sender eller transporterer farleg gods skal ha tilgang til ein tryggleiksrådgivar i samsvar med 10 i forskrift om landtransport av farleg gods (7). Det finst somme unnatak. Tryggleiksrådgivaren skal under verksemdsleiinga sitt ansvar setje i verk tiltak for å hindre uhell, og sjå til at dei gjeldande føresegnene blir følgde. For å bli tryggleiksrådgivar må ein ta eksamen i regi av Norsk brannvernforeining. 10 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

KAPITTEL 02 Klassifisering DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 11

Klassifisering Omgrepet smittefarleg biologisk materiale omfattar kulturar av mikroorganismar og biologiske giftstoff/ toksin, og alle prøver som blir tekne frå menneske og dyr (til dømes sekret, blod, vev, vevsvæsker og biopsiar), i tillegg til avfall relatert til dette. Slikt materiale skal klassifiserast som farleg gods (klasse 6.2 Infeksjonsfremjande stoff). Smittefarleg biologisk materiale klassifisert som farleg gods i klasse 6.2 blir delt inn i to hovudkategoriar. I tillegg omtaler ein fritekne prøver frå menneske og dyr som på visse vilkår er unnatekne ADR/RID i dette kapittelet. Tørris er òg klassifisert som farleg gods og kjem inn under føresegner i transportregelverket når det blir brukt som kjølemiddel for smittefarleg biologisk materiale. Sjå avsnitt 3.6 i denne rettleiinga for nærare føresegner. 2.1 KATEGORI A Denne gruppa omfattar kulturar av dei fleste mikroorganismane i smitterisikogruppe 3 og alle i smitterisikogruppe 4. I tillegg kjem prøvemateriale som ein mistenkjer kan innehalde virale agens i smitterisikogruppe 4 (til dømes ebola-, marburg- og lassavirus) (3, 8). Dersom friske menneske eller dyr blir eksponerte for mikroorganismar i denne kategorien, kan det valde eit permanent handikap eller livstruande sjukdom. Døme på mikroorganismar som er tilordna kategori A finst i Annex 2 i WHO-rettleiinga (8). 2.2 KATEGORI B Denne gruppa omfattar alle andre biologiske materiale og kulturar av mikroorganismar. Aktuelt UN-nummer og varenamn: UN 3373 BIOLOGISK STOFF, KATEGORI B. 2.3 «FRITEKEN PRØVE FRÅ MENNESKE» ELLER «FRITEKEN PRØVE FRÅ DYR» Etter ei fagleg vurdering (sendaren sitt ansvar) kan prøver frå menneske eller dyr (pasientprøver), der det er minimal sjanse for at det er sjukdomsframkallande organismar til stades, bli unnatekne frå å bli klassifisert som farleg gods, jf. ADR/RID avsnitt 2.2.62.1.5 (7). Desse prøvene skal emballerast som skildra i avsnitt 3.2 i denne rettleiinga. Døme på slike prøver er blod- eller urinprøver for å måle kolesterolnivå, blodsukkernivå, hormonnivå, nødvendige prøver for å overvake organfunksjonar hos menneske eller dyr med ikkjesmittsame sjukdomar, eller for terapeutisk overvaking av medisinering, jf. avsnitt 3.5. Dersom det er usikkert om prøva er smittefarleg, skal ho klassifiserast som farleg gods. Aktuelle UN-nummer og varenamn: UN 2814 INFEKSJONSFREMJANDE STOFF, RÅKAR MENNESKE. UN 2900 INFEKSJONSFREMJANDE STOFF, RÅKAR berre DYR. 12 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

KAPITTEL 03 Emballering, merking og dokumentasjon DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 13

Emballering, merking og dokumentasjon 3.1 KVIFOR ER RETT EMBALLE RING VIKTIG? For pasienten (menneske og dyr): Korrekt diagnostikk og behandling er ofte avhengig av laboratoriediagnostikk. Feil emballering kan føre til eit forseinka svar eller at materialet ikkje blir undersøkt. For post- og transportpersonalet: Brev og pakkar kan bli utsette for stor ytre påkjenning under transport. Dårleg emballert materiale kan derfor lett bli skadd. Lekkasje av materiale kan føre til at sjukdomar blir overførte. Dessutan kjem det til å søle til annan post. Pakkar som lek og annan tilsølt post blir derfor vanlegvis destruert. Ofte er det praktisk vanskeleg eller umogeleg å melde frå til sendaren om at materialet har blitt destruert. For laboratoriepersonalet: Personalet skal kunne ta imot og opne pakkar utan risiko for å komme i direkte kontakt med materialet. Materiale i pakkar som er skadde under transport vil ofte ikkje bli undersøkt ved laboratoriet. 3.2 GENERELLE KRAV TIL EMBALLERING AV SMITTE FARLEG BIOLOGISK MATERIALE Dei generelle krava til emballering gjeld for alle typar smittefarleg materiale, inkludert fritekne prøver frå menneske og dyr. Emballasjen skal alltid bestå av minst tre delar: a) Ein eller fleire lekkasjesikre primærbehaldarar (til dømes glas- eller plastrøyr med tettsluttande gummipropp eller skrulokk) som inneheld materialet. b) Ein lekkasjesikker sekundæremballasje. c) Ein tilstrekkeleg sterk ytteremballasje som kan stå imot støyt og belastingar som vanlegvis førekjem under transport, med éi side som er minst 10 x 10 cm stor. For postsendingar er minstemåla som krevst 10 x 14 cm for brev og 21 x 13 x 1 cm for pakkar. Primærbehaldarar skal emballerast i sekundæremballasjen på ein slik måte at dei under normale transportforhold ikkje kan knusast. Mellom primærbehaldar og sekundæremballasje, eventuelt mellom sekundærog ytteremballasje, skal det vere tilstrekkeleg støytdempande materiale. Dersom fleire primærbehaldarar skal sendast i pakken, skal dei pakkast slik at dei ikkje kjem borti kvarandre. Dersom materialet er i væskeform, skal det vere tilstrekkeleg absorpsjonsmateriale mellom primærbehaldaren og sekundæremballasjen til at all væska kan sugast opp om ho lek ut. 3.3 SÆRSKILDE KRAV FOR MATERIALE I KATEGORI A Det finst krav til opplæring og kompetanse for aktørar som er involverte i emballering og transport av materiale i kategori A, jf. tabellen i avsnitt 4. Ved transport av materiale i kategori A, skal ein følgje føresegnene om sikring i ADR-kapittel 1.10. «Sikring» blir i denne rettleiinga definert som tiltak eller forholdsreglar som blir sette i verk for å unngå tjuveri eller misbruk av farleg gods som kan setje menneskeliv i fare, eller skade materiell eller miljø. Emballering: Framsending av materiale i denne kategorien set særleg strenge krav til emballering. Emballeringsføresegn P620 (PI620 for lufttransport) skal følgjast, i tillegg til føresegnene om merking og dokumentasjon (7, 8, 9). Emballasjen skal vere testa og UN-godkjend i samsvar med regelverket (ADR 6.3/ICAO-TI 6.5), og påført merke med kode for skildring av emballasjetype (ADR 6.1.2/ICAO-TI 6-2-3). Materiale i kategori A kan ikkje sendast med posten. For landtransport er det ingen avgrensingar med omsyn til mengde, med unnatak av framsendingar som går som ekspressgods på jernbane (RID). Då er mengda avgrensa til 50 ml per kolli for væsker og inntil 50 g per kolli for faste stoff. Den same avgrensinga gjeld for lufttransport på passasjerfly. 14 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

Emballering, merking og dokumentasjon For lufttransport med lastefly skal totalvolumet (eller totalvekta) per kolli ikkje overstige 4 liter (eller 4 kg). Merking: Ved landtransport skal den følgjande informasjonen påførast ytteremballasjen som eit minimum: «UN 2814» eller «UN 2900». Faresetel for klasse 6.2. Namnet og adressa til sendaren og mottakaren (ikkje eit regelverkskrav). Orienteringspiler på to motståande sider, dersom ytteremballasjen inneheld primærbehaldarar på meir enn 50 ml og dei inneheld væske. Ved lufttransport skal ein påføre følgjande på ytteremballasjen: Namnet og adressa til sendaren. Namn og telefonnummer til ein ansvarleg kontaktperson hos sendaren som skal ha kunnskap om sendinga. Namnet og adressa til mottakaren. UN-nummer og varenamn (PSN: Proper Shipping Name) på engelsk: «INFECTIOUS SUBSTANCE, AFFECTING HUMANS UN 2814» eller «INFECTIOUS SUBSTANCE, AFFECTING ANIMALS UN 2900». Oppbevaringstemperatur (frivillig). Nettovekt. Faresetel for klasse 6.2. Orienteringspiler på to motståande sider, dersom ytteremballasjen inneheld primærbehaldarar på meir enn 50 ml og dei inneheld væske. Døme på korrekt merking finn de i WHO-rettleiinga (8). Transportdokumentasjon: Eit transportdokument skal følgje sendinga (7). Dette skal innehalde opplysningar om namnet og adressa til sendaren og mottakaren, namn og telefonnummer til ein ansvarleg kontaktperson som skal ha kunnskap om sendinga, UN-nummer med varenamn (eventuelt med ordet «avfall» framfor dersom det er avfall som blir transportert) og aktuelle mikroorganismar, nummer på faresetel, emballasje med type (til dømes kasse) og tal, i tillegg til samla volum eller vekt (7). Ved framsending til utlandet kan det vere ein må ha importløyve frå mottakarlandet. Mottakaren kan avklare om importløyve er nødvendig. Ved landtransport skal det følgje med skriftlege instruksjonar (7). Ved lufttransport skal ein fylle ut «Shipper s Declaration for Dangerous Goods» (8). Ei liste over innhaldet i kolliet skal pakkast mellom sekundæremballasjen og ytteremballasjen. 3.4 SÆRSKILDE KRAV FOR MATERIALE KATEGORI B Emballering: Emballeringsføresegn P650 (for lufttransport PI650) skal følgjast (7, 8, 9). Ved landtransport skal anten sekundæremballasjen eller ytteremballasjen vere stiv. Ved lufttransport må ytteremballasjen vere stiv. For landtransport er det ingen avgrensingar når det gjeld mengde, anna enn ei mengdeavgrensing knytt til farleg gods av andre klassar enn 6.2 (klasse 3, 8 eller 9) som er nødvendig å pakke saman med materialet i kategori B. I kvar primærbehaldar med materiale i kategori B er det maksimalt tillate å ha 30 ml med farleg gods frå klasse 3, 8 eller 9. For lufttransport skal primærbehaldaren for væsker ikkje innehalde meir enn 1 liter. Totalvolumet (eller totalvekt) per kolli skal ikkje overskride 4 liter (eller 4 kg). Desse mengdene er ekskludert is, tørris eller flytande nitrogen når det blir nytta til kjøling. Merking: Ved landtransport skal den følgjande informasjonen påførast ytteremballasjen som eit minimum: Varenamnet «BIOLOGISK STOFF, KATEGORI B». UN 3373-symbolet. Namnet og adressa til sendaren og mottakaren (ikkje eit regelverkskrav). DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 15

Emballering, merking og dokumentasjon Ved lufttransport skal ein påføre følgjande på ytteremballasjen: Namnet og adressa til sendaren. Namnet og adressa til mottakaren. Namn og telefonnummer til ein ansvarleg kontaktperson som skal ha kunnskap om sendinga (dette kan ein òg alternativt skrive på eit fraktdokument). Varenamnet (PSN: Proper Shipping Name) på engelsk: "BIOLOGICAL SUBSTANCE, CATEGORY B". Oppbevaringstemperatur (frivillig). UN 3373-symbolet. 3.5 KRAV FOR PASIENTPRØVER SOM IKKJE ER KLASSIFISERTE SOM FARLEG GODS Emballering: Pasientprøver som ikkje er klassifiserte som farleg gods skal pakkast i samsvar med generelle krav som er oppgitt i avsnitt 3.2. I praksis er det ofte fornuftig å nytte emballasje som oppfyller kravet til kategori B. Dette avgrensar utvalet av emballasje og reduserer såleis risikoen for at ein feilemballerer. Transportdokumentasjon: Det er ikkje krav om transportdokument ved transport av materiale i kategori B. Sending til utlandet: Ved transport til utlandet kan kvart einskild land ha særskilde føresegner. Kontakt mottakaren i det aktuelle landet. Særleg om postsending: Postsendingar med biologisk innhald skal ein etter Posten sitt regelverk levere inn på postkontor eller Post i butikk, dei skal ikkje leggjast i postkasse. Det er sendaren sitt ansvar å overhalde innleveringsfristen. Merking: Ved landtransport: «FRITEKEN PRØVE FRÅ MENNESKE» eventuelt «FRITEKEN PRØVE FRÅ DYR». Ved lufttransport: «EXEMPT HUMAN SPECIMEN» eller «EXEMPT ANIMAL SPECIMEN» Det er tilrådd at ein merkjer tydeleg med namnet og adressa til sendaren og mottakaren (ikkje eit regelverkskrav). Postsending: Sjå avsnitt 3.4. Postsendingar innanlands kan emballerast og merkast som for transport med bil og tog. Ved postsendingar til utlandet må det setjast ein grøn tolletikett CN22 på brevsendingar. På pakkar nyttar ein tolldeklarasjon CN23. Ved kommersielle framsendingar skal handelsfaktura følgje med (11). 16 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

Emballering, merking og dokumentasjon 3.6 NEDKJØLTE OG FROSNE MATERIALE Når ein transporterer nedkjølte eller frosne smittefarlege biologiske materiale, nyttar ein vanlegvis is eller tørris (karbondioksid i fast form) som blir plassert utanfor sekundæremballasjen. Nyttar ein is, må denne plasserast i ein lekkasjetett behaldar, ytteremballasjen må òg vere lekkasjetett. Fordi tørris etter kvart går over i gassform, er det viktig å nytte emballasje som kan sleppe ut gassen. Emballasjen skal behalde styrken sin ved den temperaturen som kjølemediumet har, og ein skal syte for innvendig støtte som held sekundæremballasjen på plass når isen smeltar, eller tørrisen går over i gassform. For landtransport skal ytteremballasjen for alle kategoriar materiale (A, B og fritekne prøve frå menneske eller dyr) merkast med «Karbondioksid i fast form som kjølemiddel» eller «Tørris som kjølemiddel» etter krava i ADR/RID 5.5.3 (7). Utover dette kjem ikkje tørris inn under føresegnene i landtransportforskrifta. Ved lufttransport må ein overhalde føresegnene om transport av tørris som farleg gods. Ved transport av materiale i kategori A skal nettovekta av tørris deklarerast i «Shipper s Declaration for Dangerous Goods». Ved lufttransport av materiale i kategori B og friteken prøve frå menneske eller dyr, er det ikkje krav om «Shipper s Declaration for Dangerous Goods». Dersom det følgjer ein flyfraktsetel med sendinga, skal ein likevel føre opp UN-nummer, PSN «CARBON DIOXIDE, SOLID» eller «DRY ICE», talet på kolli og nettovekt av tørris per kolli i rubrikken for type gods. For alle typar materiale skal ytteremballasjen ved lufttransport i tillegg til merkinga som er oppgitt i avsnitta 3.3, 3.4 og 3.5 merkast med faresetel 9, «UN 1845», «CARBON DIOXIDE, SOLID» eller «DRY ICE», i tillegg til nettovekta av tørrisen: «Net Wt ------ kg». Ved framsending i posten av materiale med tørris: Ta kontakt med Posten sin kundeservice tlf.: 81 00 07 10. DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 17

KAPITTEL 04 Opplæring og kompetanse DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 19

Opplæring og kompetanse Alt personell skal ha fått opplæring i samsvar med relevante føresegner i forskrift om vern mot biologiske faktorar (3). Særskilde krav når det gjeld handtering av materiale i dei tre ulike kategoriane: BIOLOGISK MATERIALE I KATEGORI A BIOLOGISK MATERIALE I KATEGORI B FRITEKEN PRØVE FRÅ MENNESKE ELLER DYR Opplæringskrav ved lufttransport ICAO-TI del 1 kap. 4 (9) Sjåførar må ha gyldig ADR-kompetanse bevis Krav om tryggleiksrådgivar hos sendar, transportør og mottakar Etter forskrift om transport av farleg gods i luftfartøy (6) Etter forskrift om transport av farleg gods i luftfartøy (6) Ja, ved landtransport Nei Nei Ja, ved landtransport Nei Nei 20 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

KAPITTEL 05 Komprimert rettleiing DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 21

Komprimert rettleiing BIOLOGISK MATERIALE I KATEGORI A BIOLOGISK MATERIALE I KATEGORI B FRITEKEN PRØVE FRÅ MENNESKE ELLER DYR Krav om å peike ut tryggleiksrådgivar hos sendar, transportør og mottakar Ja, ved landtransport Nei Nei Sikringsplan Ja, ved landtransport Nei Nei Tillaten sendt i posten Nei Ja Ja Emballering Typegodkjend, sjå emballerings føresegn P620 (PI620 for lufttransport). Oppfylle emballeringsføresegn P650 (PI650 for lufttransport). Lekkasjesikker, sjå ADR/ RID 2.2.62.1.5. Primærbehaldar Rør eller boks med tett lukkande propp/lokk. Rør eller boks med tett lukkande propp/lokk. Rør eller boks med tett lukkande propp/lokk. Absorberande materiale Støytdempande materiale Ja (for væsker) Ja (for væsker) Ja (for væsker) Ja Ja Ja (for dei som kan knusast) Sekundæremballasje Lekkasjesikker Lekkasjesikker Lekkasjesikker Rekvisisjon Skal leggjast ved i pakken utanfor sekundæremballasjen. Skal leggjast ved i pakken utanfor sekundæremballasjen. Skal leggjast ved i pakken utanfor sekundæremballasjen. Ytteremballasje Stiv ytteremballasje. Døme: Kasse av papp eller plast. Anten sekundær- eller ytteremballasjen skal vere stiv. Døme på ytter emballasje: Konvolutt (føreset stiv sekundær emballasje) eller pappøskje. Ved lufttransport: Stiv ytteremballasje*.) Døme: Tilstrekkeleg sterk konvolutt eller pappøskje*.) Merking av ytteremballasjen Sjå avsnitt 3.5 Transportdokument Skriftlege instruksjonar (transport uhells kort) Shipper's Decleration (Luftstransport) Sjå avsnitt 3.3 Sjå avsnitt 3.4 Ja, det er tilrådd at ein nyttar Multimodal Dangerous Goods Form (ADR 5.4.5). Ja, ved landtransport Nei Nei To eksemplar ved lufttransport (ICAO 5-4-1). Nei Nei Nei Nei *) Postsendingar innanlands kan emballerast og merkast som for transport med bil og tog. 22 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB TEMA

REFERANSAR REFERANSAR 1. Forskrift 1. juli 2014 om farleg last på norske skip. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2014-07-01-944. 2. Forskrift 12. september 1996 nr. 903 om innførsel, transport og anna handtering av materiale som er smittefarleg for menneske. http://www.lovdata.no/for/sf/ho/ho-19960912-0903.html. Helse- og omsorgsdepartementet. 3. Endr. i forskrift om vern mot biologiske faktorar (Forskrift 20. juni 2002 nr. 825) https://lovdata.no/dokument/lti/forskrift/2002-06-20-825. Arbeids og inkluderingsdepartementet. 4 Forskrift 2. juli 1991 nr. 507 om forbod mot innførsel av dyr og smitteførande gjenstandar. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/1991-07-02-507. Landbruks- og matdepartementet. 5 UN Recommendations on the Transport of Dangerous Goods. http://www.unece.org/trans/danger/ publi/unrec/rev13/13nature_e.html. United Nations Economic Commission for Europe. 6 Forskrift 11. januar 2003 nr. 41 om transport av gods i luftfartøy (BSL D 1-7). https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2003-01-11-41 (denne forskrifta gjeld berre fly som ikkje kjem inn under regelverket nedanfor) Luftfartstilsynet (EASA OPS Sulmart G TRANSPORT OF DANGEROUS GOODS SPA.DG.100, 105 og 110 med tilhøyrande AMC og GM). 7 Gjeldande forskrift om transport av farleg gods på veg og jernbane med rettleiing. Farleg godsregelverka ADR og RID er ein integrert del av forskrifta. https://www.dsb.no/lover/farlige-stoffer/. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. 8 Guidance on regulations for the Transport of Infectious Substances (oppdatert rettleiing) http://www.who.int/ihr/publications/guidance/en/. World Health Organization. 9 Den gjeldande utgåva av International Civil Aviation Organization Technical Instructions (ICAO Doc 9284 AN/905) for the Safe Transport of Dangerous Goods by Air. http://www.icao.int/pages/default.aspx. International Civil Aviation Organization. 10 Framsending av smittefarleg biologisk materiale praktisk rettleiing. https://www.dsb.no/lover/farlige-stoffer/tema/forsendelse-av-smittefarlig/. 11 Customer Guide International Postal shipments and Customs matters. http://www.upu.int/customs/en/customer_guide.shtml. Universal Postal Union and World Customs Organization. 12 Forskrift 7. desember 2015 nr. 430 om krav til kvalitet og tryggleik ved handtering av humane celler og vev. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2015-12-07-1430. 13 Forskrift 11. oktober 2005 nr. 1196 om smittefarleg avfall frå helseteneste og dyrehelseteneste o.a. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2005-10-11-1196. DSB TEMA / Framsending av smittefarleg biologisk materiale 23

NOTATER 24 Framsending av smittefarleg biologisk materiale / DSB RAPPORT

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Rambergveien 9 3115 Tønsberg Telefon 33 41 25 00 Faks 33 31 06 60 postmottak@dsb.no www.dsb.no ISBN 978-82-7768-407-9 (PDF) HR 2345 Mars 2016