Folketalsendring Bu- og arbeidsmarknadsregionar

Like dokumenter
FRAMTID FOR VESTLANDET?

Vil indre strok på Vestlandet berre tapa på eit ferjefritt E39? Eit scenario for Rv 13-regionen med samfunnsperspektiv

Vestlandet ein stor matprodusent

Avdeling for regional planlegging

Regionale effektar av Mørebyane som mellomstore byar. Professor Jørgen Amdam Høgskulen i Volda

Regional utvikling i Sogn og Fjordane etter andre verdskrigen

Arbeidsrapport nr. 110 JØRGEN AMDAM: TILHØVE OG UTFORDRINGAR PÅ SØRE SUNNMØRE

Fiskeriverksemd i Hordaland

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Nye Volda 2017 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Hornindal kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Nye Volda Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga april 2018

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Ny kommune i indre Sunnfjord

Nye Volda 2019 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Stigande utdanningsnivå i Møre og Romsdal

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Nye Ålesund 2019 Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Fræna_Eide Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Nye Molde 2019 Molde, Nesset og Midsund. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Haram kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Ålesund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Skodje kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Sula kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Hvor går utviklingen på Nordmøre? mulighetsrommet sett i et regionalt perspektiv

Molde kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Region Ålesund Ålesund, Ørskog, Skodje, Sula, Giske, Haram og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

2014/


-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Nye Molde Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Norddal_Stordal Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Maritimt Møre. Konferanse 15. september 2009 Erik W Jakobsen Menon Business Economics

Næringsanalyse Sunnfjord kommune. Mars 2019

-Ein tydeleg medspelar. Ålesundsregionen 2015

Stranda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nye Ålesund Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Volda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

STRATEGIPLAN

Kristiansund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Ulstein kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nøkkeltala eit unikt og rikt materiale. Lasse Kolbjørn Anke Hansen, spesialrådgjevar Regionalavdelinga

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Romsdal Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Fræna og Eide. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

Aukra kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Volda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Utviklingstrekk Fræna kommune

Midsund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Region Ålesund Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nye Ålesund Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga April 2018

Ålesund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Kristiansund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Stordal kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Ørskog kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Næringslivets muligheter i Forskningsrådet

Sunnmøre Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Hareid kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Nye Molde Molde, Nesset og Midsund. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga April 2018

Sula kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Tingvoll kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Giske kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

På veg mot auka regional ubalanse? Finnst det gode svar på korleis vi kan motvirke sentralisering og sikre regional vekstkraft? Regionaldirektør Jan

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Molde kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Gjemnes kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Sunndal kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Fjord Norddal og Stordal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga April 2018

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Averøy kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Kunnskapsbaserte næringsklyngjer

Kap 4 Kap 5 Kap 7 Arbeidsplassutvikling Befolkningsutvikling

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Skodje kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Vestnes kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Ørsta kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nordmøre Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Rindal, Halsa, Smøla og Aure

Stranda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Transkript:

Nordvestlandet Jørgen Amdam, Høgskulen og Møreforsking i Volda, 19.12.2000 Introduksjon Nordvestlandet har som region mange av trekka som ein internasjonalt forbind med lærande regionar (Asheim 1996, Asheim og Isaksen 1997, Hansen og Selstad 1999) eller dynamiske regionar (Amdam R. 1997a og b, Nilsson 1999), med unntak av at næringsretta forskings- og kunnskapsutviklande verksemd er svakt utvikla. Det typiske i slike område er at industrielle næringsmiljø har vokse fram nedanfrå og ut frå ein fransk modell (Wicken 1997) der det er tette samspel mellom krevjande kundar og handverksprega industri. Dei sentrale næringsvegane i området; marin og maritim verksemd (foredling, verft, reiskap og utstyr, design m.m.) knytt til fiskeri og oljeverksemd (supply) og møbelindustri har hatt sterk framgang sysselsetjingsmessig på 1990-talet og er etter kvart dominerande i ein nasjonal samanheng. Nordvestlandet som område vert normalt avgrensa til fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Om ein tek omsyn til industriell næringsstruktur og til dels kultur, kan det argumenterast for å avgrense området meir ved å ekskludere i det minste Sogn og Nordmøre ja mange vil peike på eit kjerneområde mellom Romsdalsfjorden og Nordfjorden og med Ålesund i sentrum (Sunnmørspostens dekningsområde). Ein kan kanskje definere det industrielle kjerneområdet til regionane Florø, Nordfjord, Ørsta/Volda, Ulstein, Ålesund og Molde. Kart 1. Befolkningsendring 1990 til 1998, bu- og arbeidsmarknadsregionar (Amdam m.fl. 2000) > 5.2% 0% - 5.2% Ålesund -5% - 0% < -5% Folketalsendring 1990-1998 Bu- og arbeidsmarknadsregionar 1

Regional struktur og utviklingstrekk Næringsstruktur Tabell 1 viser næringsstrukturen på Nordvestlandet i 1998. Samanlikna med Vestlandet og Noreg er spesielt andelen høg i sekundærnæringane men også primærnæringane. Berre ein av regionane på Nordvestlandet (Førde med sentralsjukehus og handel) har lavare sysselsettingsdel innan sekundærnæringane enn landet. På den andre sida er sysselsettinga i alle regionar lavare innan privat tenesteyting enn i landet. Nordvestlandet er i høgste grad ein produserande region og med ein eksport på til saman 26,5 milliardar kroner i 1999. Møre og Romsdal hadde i 1999 5% av folketalet i Noreg, men heile 12% av eksporten (19,3 milliard kr.) frå fastlands-noreg (Amdam m. fl. 2000). Tabell 1. Næringsstruktur på Nordvestlandet i 1998 (Amdam m.fl. 2000). Sysselsettingsfordeling 1998 Region Primærn Sekundærn Personretta priv.te Bedriftsr. Priv. Te Off ten Høyanger 13 % 31 % 16 % 5 % 35 % Sogndal/Årdal 8 % 32 % 22 % 7 % 31 % Førde 11 % 21 % 28 % 9 % 32 % Florø 10 % 35 % 22 % 10 % 23 % Nordfjord 14 % 31 % 24 % 6 % 25 % Ålesund 6 % 33 % 28 % 11 % 23 % Ulsteinvik 12 % 40 % 20 % 8 % 20 % Ørsta/Volda 9 % 26 % 26 % 8 % 30 % Molde 8 % 29 % 26 % 7 % 30 % Kristiansund 8 % 26 % 29 % 9 % 28 % Sunndalsøra 8 % 42 % 18 % 5 % 26 % Surnadal 18 % 30 % 22 % 5 % 26 % Vestlandet 6 % 29 % 28 % 11 % 27 % Norge 4 % 23 % 30 % 14 % 28 % Om ein ser på næringsendringane på 1990-talet (tabell 2) er det spesielt regionane Ålesund og Ulstein som står fram som dei store vinnarane med ein vekst i sysselsetting frå 1992 til 1998 på heile 17%. Dette er høgre enn gjennomsnittet for Vestlandet og for Noreg. Spesielt har veksten vore stor innan sekundærnæringane, men også privat tenesteyting. På den andre sida er heile Nordvestlandet sterkt prega av tilbakegang i primærnæringane, spesielt innan landbruk. Trass i at Nordvestlandet har høgre sysselsetting innan primær- og sekundærnæringane enn landet og til dels 2

sterk industriell vekst, er andelen av og veksten i bedriftsretta privat tenesteyting lavare i dei fleste regionane enn i Noreg. Medan til dømes Ålesund har ein sysselsettingsandel på 11% her, er den på heile 26% i Oslo. Også innan personretta privat tenesteyting har ein by som Ålesund i lag med dei fleste andre regionane lavare sysselsettingsandel og lavare vekst enn gjennomsnittet i Noreg. I det heile er Nordvestlandet underutvikla innan tenesteytande sektor. Tabell 2. Sysselsetting i 1998 samanlikna med 1992, prosent. (Amdam m.fl. 2000) Syssels 98, Personrettet Bedriftsrettet Region antal: Syss.v.92-98 Primærn Sekundærn priv. tj.yt. priv. tj.yt. Offentlig tj.yt. Surnadal 4302 108 83 117 115 131 111 Sunndalsøra 4371 101 80 98 94 129 119 Kristiansund 13452 105 82 111 106 97 110 Molde 27278 109 79 111 122 121 106 Ålesund 38350 117 83 123 115 129 117 Ulsteinvik 11485 117 77 131 123 141 110 Ørsta/Volda 7637 109 69 106 128 157 109 Nordfjord 13091 105 76 113 115 114 109 Florø 6686 105 87 98 117 137 105 Førde 12189 108 69 121 121 122 110 Høyanger 4482 105 81 109 102 115 112 Sogndal/Årdal 12251 100 71 104 94 111 109 Vestlandet 534062 113 84 115 119 129 107 Norge 2064244 114 86 110 119 139 108 På figur 1 er vist samanhengen mellom regionstorleik og sysselsettingevekst på 1990-talet. Det er typisk at veksten generelt sett er størst i dei største regionane på Nordvestlandet, men samstundes modifisert slik at regionar i kjerneområdet har større vekst enn dei andre og at regionar på Nordmøre og i Sogn har mindre vekst enn storleiken skulle tilseie. Det er også klare forskjellar mellom kyst og indre fjordområde, der veksten generelt sett er sterkast på kysten, medan kommunar og regionar i indre fjordområde har stagnasjon eller tilbakegang i sysselsetting (sjå kart 2 som har ei meir detaljert regioninndeling), spesielt på 1990-talet. 3

Figur 1. Regionstorleik og sysselsettingsendring frå 1992 til 1998. (Amdam m.fl. 2000) Befolkning 1998 og sysselsettingsendring 90000 80000 70000 60000 50000 40000 30000 20000 10000 0 Bef 98 Sysv92-98 Lineær (Sysv92-98) 120 115 110 105 100 95 90 Molde Kristiansund Nordfjord Ulsteinvik Surnadal Kart 2. Sysselsettingsendring frå 1980 til 1995, bu- og arbeidsmarknadsregionar (Selstad 1998) Befolkning På Vestlandet er det relativt klar samanheng mellom storleikane til regionane og vekst i folketal og i sysselsetting dei siste 10 til 20 åra (Amdam m.fl. 2000). Dei store regionane Bergen, Stavanger/Sandnes, Haugesund og Ålesund har vekst, medan dei små (isolerte) regionane har tilbakegang. Som vist på figur 2 er samanhengen ikkje like klar på Nordvestlandet, ein stor andel av regionane har større eller mindre folketalsvekst enn forventa ut frå storleik. På den positive sida finn ein regionar som Førde (offentleg utbygging og service), Florø (maritim verksemd), 4

Ulsteinvik (fiskeri og industri) og Ørsta/Volda (offentleg utbygging). På den negative sida er spesielt Kristiansund, Nordfjord, Surnadal og kraftindustriregionane Sogndal/Årdal, Høyanger og Sunndalsøra. Det typiske trekket er at det har vore vekst i kjerneområdet på Nordvestlandet, med eit visst unntak for Nordfjord og tilbakegang på Nordmøre og i Sogn. Figur 2. Regionstorleik 1998 og befolkningsendring frå 1980 til 1998. Befolkning og -endring Nordvestlandet 90000 80000 70000 60000 50000 40000 30000 20000 10000 0 Bef 98 Bef 1980-98% Lineær (Bef 1980-98%) 12,0 10,0 8,0 6,0 4,0 2,0 0,0-2,0-4,0-6,0-8,0-10,0 Molde Kristiansund Nordfjord Ulsteinvik Surnadal Om ein ser på samanhengen mellom befolkningsendring og sysselsettingsendring på 1990-talet, får ein situasjonen på figur 3. Dei fleste av regionane har hatt vesentleg større vekst i sysselsetting enn i befolkning, spesielt er det stor forskjell i dei heilt små regionane og i Ulstein og Ørsta/Volda. Ulsteinregionen har hatt ein vekst i sysselsetting på 17% mot ein vekst i befolkning på berre 2,7%. Noko av dette kan skuldast stor arbeidsløyse ved starten av perioden (krise i verftsindustrien), men i løpet av 1990-åra har det vore relativt stor utflytting av unge kvinner og til dels tilflytting av menn. Dette har ført til at forholdet mellom yngre kvinner og menn er forverra i perioden og er kome med på ca. 0,85 for aldersgruppa 30 til 39 år i Ulsteinregionen. 5

Figur 3. Endring i befolkning og sysselsetting på 1990-talet. (Amdam m.fl. 2000) 120 Endring i befolkning og sysselsetting Bef 90-98 Sysv92-98 115 110 105 100 95 90 Molde Kristiansund Nordfjord Ulsteinvik Surnadal Eit påfallande trekk ved utviklinga i heile landsdelen er at befolkningsveksten er relativt svak i forhold til den sterke veksten i sysselsettinga. Det er ingen enkeltregionar der veksten i befolkninga har vore sterkare enn veksten i sysselsettinga. Dette i motsetnad til Austlandet der mange regionar har hatt ein slik situasjon (Selstad 1999: 49). Sjølv ikkje i storbyregionane på Vestlandet veks folketalet raskare enn talet på arbeidsplassar. Som vist på figur 4. er det eit klart kvinneunderskot i dei strategiske aldersgruppene for hushaldsetablering på Nordvestlandet. Dette heng nok i stor grad saman med lav sysselsettingsandel i tenesteytande næringar. Enkelte relativt industridominerte regionar har til dømes vekst både i sysselsettinga og i aldersgruppa 30-39 år. Det som likevel er påfallande er at slik vekst også kan bli følgt av at kjønnsbalansen i dei same aldersgruppene blir skeivare. Dermed har enkelte regionar større mannsoverskot ved slutten av 1990-talet enn kva dei hadde i 1980. Det er såleis teikn til at rekrutteringa av nyetablerte unge vaksne er svekt i forhold til føregåande tiår. Figur 4. Forholdet mellom kvinner og menn 20 til 39 år (Amdam m.fl. 2000) 6

Forholdet Kvinner/Menn Surnadal K/M30-39 Sunndalsøra Ørsta/Volda K/M20-29 Ulsteinvik Ålesund Kristiansund Molde Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Høyanger Florø 0,8 0,85 0,9 0,95 1 1,05 Det kan vere fleire grunnar til at befolkningsveksten ikkje er i samsvar med veksten i sysselsettinga: - Det kan skuldast at det er vanskeleg å få folk til jobbane som blir skapte, noko som gjer at ein i stor grad må fylle stillingar på andre måtar. I industrien blir slike situasjonar gjerne løyste ved at ein til dømes hentar inn leigearbeidarar anten frå andre stader i Noreg eller i utlandet. - Samsvar mellom etterspurnaden etter og tilbodet av arbeidskraft er også avhengig av kva kompetanse som blir etterspurt og tilbydd. Ungdom i distrikta satsar på lik line med ungdom elles i stor grad på utdanning, også lange utdanningar. Slike utdanningsval er ofte i større grad motivert ut frå kva ein ønskjer å bli enn kva behov det er for arbeidskraft i eigen oppvekstregion. I ein slik situasjon kan det oppstå ein mismatch mellom etterspurnad og tilbod på arbeidsmarknaden. Dette vil særleg råke regionar som har vanskar med å rekruttere arbeidskraft gjennom tilflytting. - Vanskar med å skaffe jobbar til to personar frå same hushald på ein stad er også eit veldokumentert problem i mange regionar. Når eit hushald skal etablere seg vil det i mange tilfelle vere eit krav at begge kan få relevant arbeid. Slike strukturelle trekk har også innverknad på framtidige utviklingstrekk. Fordi næringslivet på Nordvestlandet er svært avhengig av internasjonal utvikling og av sysselsetting innan primær- og sekundærnæringane, i lag med spesielt ungdom sine preferansar til arbeid og samfunn, er 7

samfunnsutviklinga spesielt usikre på Nordvestlandet. Spesielt er det skremmande at undersøkingar mellom ungdom og unge vaksne i ulike kommunar viser høg misstrivsel og at mange har flytteplanar (Amdam m.fl. 2000b). Strategiske næringar I rapporten Framtid for Vestlandet? (Amdam m.fl. 2000) er desse næringane peika ut som spesielt strategisk viktige for Vestlandet (og for Nordvestlandet): 1. Energiproduksjon spesielt olje- og gassutvinning og foredling. 2. Havbruk og fiske 3. Maritim industri kluster i sør (olje/gass) og nord (fiske/olje/gass) 4. Kunnskapsrelaterte næringar delar av produksjonsretta privat tenesteyting og forsking og høgare kunnskapsformidling 5. Næringar spesielt viktige for utkantområde (landbruk, reiseliv) På Nordvestlandet er møbelproduksjon også viktig i kjerneområdet og smelteverk er viktig på Nordmøre og i Sogn. Samstundes er servicenæringane generelt sett underutvikla på Nordvestlandet, noko som skaper problem i høve til å ha varierte tilbod på arbeidsplassar. Her vert presentasjonen avgrensa til industriell verksemd og spesielt bransjane som er representert i granskingane i denne boka. Energi olje og gass Vestlandet har tradisjonelt vore ein stor nettoprodusent av energi til dels med stor eksport i form av elektrisitet til Austlandet og i form av energibasert foredling av råvarer. I dei siste 10-åra har dei store olje og gassfunna ført til store eksportverdiar og også til store økonomiske ringverknader spesielt i Rogaland og etter kvart Hordaland men også resten av Vestlandet. Større vekt på fornybar energi som vind- og bølgjeenergi har stort potensiale på Vestlandet og spesielt Nordvestlandet. Smelteverk og energiproduksjon til slike har vore viktig for Vestlandet og er det fortsatt for regionar som Sogndal/Årdal, Høyanger, Sunndalsøra og kommunar som Bremanger. Samla sysselsetting innan metallproduksjon er ca. 5000. Vidare utvikling i Sogn og på Nordmøre vil i stor grad avhenge av auka energitilgang og produksjon for å halde på sysselsettinga. I 1998 var samla sysselsetting i petroleumsretta verksemd om lag 92.500 (Leknes og Steineke 2000). Av desse ca 92.500 arbeidde i underkant av halvparten med bygging av faste og flyttbare innretningar. Om lag 70% av desse er sysselsette i Rogaland og Hordaland, berre ca. 5% på 8

Nordvestlandet. På den andre sida er Nordvestlandet viktig innan forsyningsteneste, berre i Herøy kommune disponerer reiarar over 40 supplybåtar. Det er sannsynleg at den olje- og gassrelaterte verksemda var på eit historisk høgdepunkt i 1998 og at sysselsettinga vert redusert til 50-70.000 dei neste 10 20 åra og også at den vert skjøve nordover. Ein kan imidlertid ikkje rekne med særleg auke på Nordvestlandat (Amdam m.fl. 2000, Leknes og Steineke 2000). Havbruk og fiske Fiskerinæringen er ei stor næring i Noreg, faktisk den største eksportnæringa etter råolje og på linje med naturgass målt i verdi. I 1998 blei det eksportert 1.95 millioner tonn sjømat til ein verdi av 28,2 milliarder kroner. I verdi sto oppdrett av laks og aure for omlag 1/3 av dette. Fiskeriane sin andel av norsk eksport utgjorde då 8,5 %. 1 Spesielt er det Møre og Romsdal som har fått stadig sterkare posisjon. I 1980 vart ca. 20% av all fisk målt i verdi ilandført i dette fylket, dette auka til 28% i 1990 og 32% i 1997 (SSB Nordisk statistikk på CD-rom 1999). Fiskerimiljøet på Nord- Vestlandet (M&R og S&F) hadde i 1997 42% av ilandført verdi i Noreg og 39% av mengd i tillegg til avgjerande kontroll over mykje av industrien og eksporten også frå Nord-Noreg. Vidare utvikling i regionar som Ålesund, Ulsteinvik, Nordfjord (Måløy) og Florø vil vere sterkt prega av utviklinga innan fiskeriverksemd. Av tabell 3 ser ein at Vestlandet sine fire fylke har om lag 50% av verdien til ilandført fisk i 1998 og 53% av verdien til oppdrettsfisk. Innan fiskeri er spesielt Møre og Romsdal dominerande, innan oppdrett er Hordaland litt større enn Møre og Romsdal. Tabell 3. Førstehandsverdi av ilandført og oppdretta fisk 1998, 1000 kr. (Kjelde: SSB internett) Fylke Fiskeriverdi Oppdrettsverdi Sum Rogaland 794716 556166 1350882 Hordaland 296891 1774130 2071021 Sogn og Fjordane 931888 781250 1713138 Møre og Romsdal 3184356 1389406 4573762 Vestlandet 5207851 4500952 9708803 Noreg 10409428 8513332 18922760 Innan tradisjonelt fiskeri er auke i mengdene av fangst sterkt avgrensa og bestand som torsk er 1 Kilde: www.fiskeoppdrett.no / Eksportutvalget for Fisk 9

truleg overbeskatta. På den andre sida har verdien på spesielt kvitfisk auka sterkt dei siste åra, noko som har aktualisert oppdrett. Med langsiktig konstante mengder av fanga fisk vil utfordringane framover å auke verdien ved å take betre hand om råvarene og å utnytte produkta betre. Dette gjeld både bifangst og også utfordringar knytt til biprodukt frå avfall som til for og til biokjemisk produksjon. Kvalitetsforbetring, foredling, biprodukt og nye marknader synes å vere hovudutfordringar innan tradisjonell fiskeriverksemd. Figur 5. Fiskerikjeda i Møre og Romsdal, sysselsettingsfordeling (Nås 2000) Figur 5 viser fiskerikjeda i Møre og Romsdal med ca. 2300 sysselsette innan bearbeiding og konservering av fisk og fiskevarer. Til samanlikning var det ca. 1300 industrisysselsette med fisk og fiskevarer i Sogn og Fjordane i 1997 og med tilsvarande andre aktivitetar som i Møre og Romsdal må ein rekne med at fiskerikjeda der sysselsett ca. 2600. Samla for Nordvestlandet betyr dette at over 7000 er sysselsett innan fiskerikjeda. Det er store forventningar til vekst innan oppdrett, noko som er å forvente når ein veit at mengde seld oppdretta laks auka med over 100% frå 1993 til 1998, frå ca. 160.000 tonn til ca. 360.000 tonn. Verdien har auka i litt mindre grad, ca. 80%. I rapporten Norges muligheter for verdiskaping innen havbruk (DKNVS 1999) vert det antyda eit potensiale for ein formidabel verdivekst innan fiskeri, oppdrett og tilknytta verksemd frå ca. 40 milliard kr. i år 2000 til ca. 240 milliard kr. i år 2030. Svært mykje av denne veksten vil eventuelt kome frå dyrking av artar som tidlegare berre 10

har vorte fangsta men også ei femdobling av mengde oppdrettslaks. Ei slik endring vil imidlertid krevje ei dramatisk opptrapping av forskings- og utviklingsinnsats. Det er rimeleg å tru at Nordvestlandet vil ha sin andel av ein slik vekst. Samstundes er sysselsettingseffektane av oppdrett små til no på grunn av lav foredlingsgrad innanlands. Berre 4284 personar var direkte sysselsett innan næringa direkte i 1997, av desse 389 i S&F og 678 i M&R (SSB Internett). I tillegg vil kome sysselsetting innan tilgrensande aktivitet som eksportfirma, transport m.m. som til dømes vart utrekna til ca. 9.700 av Fiskeridirektoratet i 1994 (Leknes og Steineke 2000) til saman ein sysselsettingseffekt på ca. 14.000, av dette minst 1/4 på Nordvestlandet. Maritim industri kluster Historisk har fiskeriverksemd og sjøfart vore svært avgjerande for utvikling av den marine industrien på Nordvestlandet. Utviklinga har fulgt den franske modellen (Wicken 1997) der handverkarar har utvikla industri i tett samarbeid med brukarar med grunnlag i nye utfordringar og teknologiske moglegheiter. Frå trebåtar vart utvikla metallbåtar og moderne skipsbygging. Kopiering av enkle motorar og anna utstyr førte til produksjon av det avanserte utstyret som trengst i moderne båtar. Industrien har i prinsippet utvikla produkter som fiskarar og reiarar trengde etter kvart som behov vart definert og teknologi gjorde det mogleg å produsere dette. Etter oljefunna på 1970-talet har desse miljøa på Vestlandet i det vesentlege vorte delt i to. På Sørvestlandet vart det danna eit oljekluster der den maritime industrien i stor grad omstilte seg til å dekke behov innan oljeleiting og utvinning. Tyngdepunkt her er Rogaland, men også Hordaland. På Nordvestlandet fortsette ein med skipsbygging og skipsutstyr, men med nye båttypar som supplybåtar m.m. til oljeverksemd i tillegg til båtar til fiske og ulike spesialskip. Den siste tilveksten på denne stamma er båtar for legging av optiske kablar på sjøbotnen. Tyngdepunkt her er Møre og Romsdal med base i Ulstein- og Ålesundsregionen, men også Sogn og Fjordane og dels Hordaland. Desse to til dels integrerte maritime kluster er svært viktige for Vestlandet. For å vise dimensjonane og integrasjonen vil vi vise til desse opplysningane om verksemda i Møre og Romsdal (Hervik et.al. 1998), sjå tabell 4. Av dei ca. 13.700 sysselsette i 1999 var heile 3700 i Ulstein-regionen, 3600 i Ålesundsregionen utanom Haram, 2800 i Haram, Sandøy, Midsund og Vestnes, 1500 i resten av Romsdalen og 1900 på Nordmøre (Hervik et.al. 2000). Liknande sysselsettingstal har ein nok også i Nordfjord og i Florø-regionen. I Sogn og Fjordane i 1997 var ca. 1400 sysselsette innan Andre transportmiddel som i det vesentlege er skipsverft. I dette fylket er nok dei andre delane av klusteret langt mindre utvikla (berre 500 var sysselsette i gruppene 29-33 til SSB som er maskiner og elektrisk utstyr). Det samla klusteret på Nordvestlandet har truleg 11

ein stad mellom 15.000 og 18.000 sysselsette. Tabell 4. Det maritime klusteret i Møre og Romsdal i 1997/98 (Hervik et. al. 1998) Bransje Tal føretak Omsetning 1997, mill kr. Sysselsetting Resultatgrad Skipsverft 23 5700 3000 1,2 % Leverandørar og skipskonsulentar 190 6000 4900 6 % 15 % Rederier (shipping/havfiske) 13 trad. Shipping 130 båtar havfiske 2700 2900 5300 29 % 15 % Sum: 15700 (1) 13000 (1)- korrigert for internleveransar. I realiteten er skipsverfta som er den mest synlege verksemda berre 1/3 av den totale tett samanbundne verksemda. Hervik si gransking viser at skipskonstruktørar har heile verda som marknad, at dei fører til at båtar vert bygd i Noreg og spesielt at det vert brukt norsk utstyr. Dei har ei nøkkelrolle i utviklinga av samspeleffekten i klusteret. I perioden 1994 til og med 1997 totalprosjekterte skipskonstruktørane i fylket 198 båtar, av desse 101 for utanlandske reiarar. 43% av båtane vart bygd i fylket, 31% i utlandet. Regionale reiarar har også stor tendens til å bruke regionale skipsverft og utstyrsprodusentar. Figur 6. Skipsbyggingskjeda i Møre og Romsdal, sysselsettingsfordeling (Nås 2000) 12

Møbel Møre og Romsdal er det største fylket innan møbelproduksjon i Noreg (Møre og Romsdal fylkeskommune 2000). Fylket har halvparten av norsk møbelindustri både når det gjeld tal sysselsette og brutto produksjonsverdi, samt over halvparten av samla eksport av møblar. Bransjen med sine ca 4.300 tilsette (møbel, innreiing og trevare), er den nest største industribransjen i Møre og Romsdal etter verftsindustrien. Den har derfor stor betydning for industrisysselsetjinga og verdiskapinga på Nordvestlandet, sjølv om Noreg totalt sett er rekna som ein liten møbelnasjon. Møbelindustrien slit med generelt dårleg lønsemd, spesielt i dei små bedriftene, og i furumøbelproduksjonen. Sjølve produksjonen er i hovudsak konsentrert til Ålesundsregionen med tyngdepunkt i Sykkylven, Stranda og Stordal, men også aktiv verksemd i Skodje, Haram, Ålesund og Ørsta i kjerneområdet til Nordvestlandet, men også med mindre miljø i andre delar som i Surnadal og i Nordfjord (ca. 300 sysselsette i Sogn og Fjordane i 1997). Kunnskapsnæringar og IKT I omtalen av det maritime klusteret (sjå ovanfor) peikar Hervik et.al. (1998) på den sentrale rolla til skipskonstruktørane. Dei hadde ei nøkkelrolle i kraft av evnene sine til å trekke til seg oppdrag frå heile verda og som førte til at båtar vart bygd i Noreg og spesielt at utstyr vart brukt frå norske produsentar. På 1980- og 1990- telet har vi sett at bedriftsretta tenesteyting har ekspandert sterkt, spesielt den høgt kompetansekrevjande delen av slik verksemd. Produksjonsretta kunnskapsrelaterte tenester som forretningsmessig tenesteyting og forsking voks med heile 71% i sysselsetting på 1980-talet (Selstad 1998) ja det meste av den nasjonale veksten på 14% innan desse næringane kom innan dette feltet. Tabell 1 framanfor viser at medan Noreg har ca. 14% av total sysselsetting innan bedriftsretta privat tenesteyting, har Vestlandet berre 11%. Stavanger/Sandnes og Bergen er faktisk berre på nivå med landsgjennomsnittet eller litt over, Ålesund med 11% ligg på snittet for Vestlandet. Fylke som Møre og Romsdal og spesielt Sogn og Fjordane ligg langt under landsgjennomsnittet. Figur 7 viser at det er relativt klar samanheng mellom regionstorleik og nivå på produksjonsretta privat tenesteyting på Vestlandet, som ein kan vente. Oslo og Asker/Bærum har heile 26 og 25% sysselsetting innan dette feltet. Det ein kan fastslå er at innan dette næringsfeltet er Oslo-området heilt dominerande og med mange aktivitetar som har heile landet som marknad. 13

Innan forskingsfeltet og IKT har ein om lag same sentraliserte mønster som ovanfor, sjå Leknes og Steineke (2000). I 1997 var FoU-utgiftene per innbyggjar svært forskjellige i dei fire Vestlandsfylka. Medan Hordaland låg litt over landsgjennomsnittet i utgifter pr. innbyggjar, låg Rogaland på under 50%, M&R ca. 25% og S&F berre 10% av landsgjennomsnittet. I Hordaland blei nær halvparten av FoU-innsatsen utført av universitets- og høgskolesektoren, mens næringslivet utførte det meste av FoU-arbeidet både i Rogaland og Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane sto instituttsektoren for nær halvparten av FoU-innsatsen i fylket. Sett i forhold til den store aktiviteten i sekundærnæringane på Vestlandet, er dette eit klart teikn på manglande offentleg FoU-innsats i nærområdet til næringslivet noko som gjer det vanskeleg å få til interaktiv læring mellom FoU-miljø og næringsliv (Isaksen og Spilling 1996, Isaksen 1997). 400000 350000 300000 Bef 98 % priv prodt.98 Geom. (% priv prodt.98) 16 14 12 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger Figur 7. Regionale sysselsettingsandelar innan produksjonsretta privat tenesteyting på Vestlandet sett i samanheng med regionstorleik. Bergen og Stavanger/Sandnes er dei dominerande regionane i It-næringen på Vestlandet både absolutt og relativt. I Bergen er det 8.5 arbeidsplassar i It-næringen per 1000 innbyggar. Dette utgjer i underkant av 3000 personar. I Stavanger/Sandnes er desse tala respektive 7.65 og 1650. Av andre økonomiske regionar på Vestlandet er det berre Ålesund, Molde og Haugesund som hadde 10 8 6 4 2 0 14

meir enn 100 personar sysselsett i It-næringen ved utgangen av 1998. Utfordringar på Nordvestlandet I arbeidet med landsdelsanalyse av Vestlandet (Amdam m.fl. 2000) til den nye regionalmeldinga identifiserte vi sams utfordringar for heile området og som stort sett er dei same på Nord- Vestlandet. Vestlandet og spesielt kysten er fullt av moglegheiter i åra som kjem og innan mange område. Trass i at petroleumsførekomstane i sør tek til å tømmast og at aktiviteten innan leiting og utbygging kan verte mindre, er det bygd opp kunnskapsmiljø som bør kunne omstille seg til andre former for aktivitet eller til aktivitet i andre land. Det er knytt store utfordringar til nasjonal foredling av olje og gass. Det er spådd lysande framtid for havbruksnæringa, og Vestlandet har kompetanse innan forsking og næringsaktivitet til å utnytte slike moglegheiter om det vert satsa målbevisst på FoU-innsats og entreprenørskap for dyrking av nye artar, forbetring av teknologi for transport av produkta, marknadsutvikling m.m. Dei marine og maritime miljøa er sterke på Vestlandet og har store moglegheiter til vidare utvikling spesielt knytt til petroleums- og havbruksverksemd. I tillegg er det meir lokalt aktive miljø innan reiseliv, metallurgisk verksemd, møbel m.m. Figur 8. Industrisysselsetting på Nordvestlandet (Kjelde: fylkeskommunane sine web-sider) Industrisysselsetting Nordvestlandet Kjemisk M&R 98 S&F 97 Mineral Plast m.m. Trelast m.m. Forlag og grafisk Elektronikk Tekstil/klær Maskinvarer Metallproduksjon Fiskeforedling Anna næringsmiddel Møbel Skipsbygging 0 1000 2000 3000 4000 5000 6000 7000 15

Ser ein nærare på Nordvestlandet så er området svært dyktig til å produsere og eksportere. Som i mange andre regionar med fleksibel industriproduksjon er det tradisjonell industri som dominerer, sjå figur 8 som viser industrisysselsettinga i Møre og Romsdal i 1999. I eit høgkostland som Noreg vert det kravd stor evne til omstilling og fornying skal slik verksemd kunne overleve. I teoriar om dynamisk/lærande utvikling vert det peika på behov for interaktiv læring og tette nettverk og relasjonar, mange møteplassar m.m. skal ein få tilstrekkeleg dynamikk (Amdam R. 1997, Storper 1997). Ein miljøulempe på Nordvestlandet er at spesielt kunnskapskrevjande privat, bedriftsretta tenesteyting er underutvikla i lag med forskings- og utdanningsverksemd. Nordvestlandet produserer og eksporterer, Oslo har tenesteytinga til denne produksjonen og skummar fløyten er ei faktisk beskriving av situasjonen. Dette er ei av dei største utfordringane framover for landsdelen, ikkje å redusere den produserande verksemda, men å auke forskings-, utviklings- og tenesteverksemda for å få best moglege lærings- og utviklingsmiljø og dette vil også gjere det mogleg å rekruttere velutdanna ungdom av begge kjønn. Kulturelt og historisk sett framstår Nordvestlandet (med mogleg unntak for Nordmøre) som ei identitetseining ut frå sams trekk som talespråk, ein egalitær småfiskarbondekultur, ein landsdel vendt mot og oppteken av hav, sjø og fjord nærings- og kommunikasjonsmessig m.m. Men denne oppdelte strukturen med god tilgang til sjø som skapte samfunnet, fungerer i dag i stor grad som hinder for vidare utvikling. Som eg har vist framanfor er det kysten og dei folketalsrike regionane som har vekst på Nordvestlandet. Små bu- og arbeidsmarknadsregionar spesielt inne i fjordane og på øyane har store problem med å rekruttere og halde på ungdom sjølv om dei har vekst i sysselsetting. Medan luftlinjeavstanden mellom Ålesund og Ørsta/Volda er ca. 60 km svarar reisetidsavstanden til ca 120 km. Ei satsing på kyststamvegen med kortast mogleg samband mellom dei store stadane på Nordvestlandet kan føre til eit byområde frå Ørsta/Volda, Ulstein, Ålesund, Molde til Kristiansund innan ca. 2,5 timars reisetid (mot no over 4 timar avhengig av ferje) og med ei befolkning på nærare 200.000 som kan fungere i samanbundne bu- og arbeidsmarknader (Amdam m.fl. 2000). Med aukande krav til urbanitet og variasjon i arbeidstilbod vil mange regionar, ja heile Nordvestlandet, ha store utviklingsutfordringar om ein ikkje greier å etablere større og meir varierte arbeidsmarknader. 16

Tilvisingar Amdam, J., F. O. Båtevik, E. Leknes og J. M. Steineke (2000): Framtid for Vestlandet? Scenario for Vestlandet 2000-2020. Møreforsking og Høgskulen i Volda, Forskingsrapport nr. 43. Jørgen Amdam, Kåre Beite, Finn Båtevik, Grethe Mattland Olsen, Turid Hanken, Geir Tangen (2000b): Vurdering av funksjonalitet og attraktivitet til sentra Brattvåg, Fiskåbygd og Ulsteinvik. Arbeidsrapport. Møreforsking og Høgskulen i Volda. Amdam, R. 1997a: Den forankra planen. Drøfting av kriterium for alternativ næringsplanlegging. Forskingsrapport nr. 25. Møreforsking og Høgskulen i Volda. Volda. Amdam, R. 1997b: Den forsømde regionen. Vurdering av næringsplanlegginga i Ålesundregionen. Forskingsrapport nr. 26. Møreforsking og Høgskulen i Volda. Volda. Asheim B.T. 1996: Industrial Districts as»learning Regions»: a Condition for Prosperity. European Planning Studies, Vol. 4, No. 4. Asheim B.T. and A. Isaksen 1997: Location, Agglomeration and Innovation: Towards Regional Innovation Systems in Norway? European Planning Studies, Vol. 5. No. 3. DKNVS, 1999: Norges muligheter for verdiskaping innen havbruk. www.ntnu.no/ntva/rapport. Hervik, A, E. Nesset og Ø. Opdal (1998): Utviklingen i maritime næringer i Møre og Romsdal. Rapport nr. 9805. Møreforsking Molde. Hervik, A, E. Nesset og Ø. Opdal (2000): Utviklingen i maritime næringer i Møre og Romsdal. Status år 2000. Rapport nr. 0004. Møreforsking Molde. Isaksen, A. and Spilling, O. R. (1996) Regional utvikling og små bedrifter. Kristiansand: Høgskoleforlaget. Isaksen, A. (red) (1997): Innovasjoner, næringsutvikling og regionalpolitikk. Høyskoleforlaget. Kristiansand. Leknes, E og J. M. Steineke (2000): Landsdelsstudie Vestlandet 1980 2020. Arbeidsnotater RF-2000/175. Rogalandsforskning. Stavanger. Møre og Romsdal fylkeskommune (2000): Omstilling og nyskaping i næringslivet. Arbeidsgrupperapport. Molde. Nilsson, J-E. (1998): Blomstrande näringsliv. Krafter och motkrafter bakom förändringar i europeiska och amerikanska regioner. ISBN 08-7082-630-7. IVA. Stockholm. Nås, S. O. (2000): Innovasjon i Møre og Romsdal. STEP rapport R-02. Oslo. Selstad, T. (1998): Distriktsregioner i vekst og nedgang, 1980-1995. Innspill til områderettede studier i det nye regionalforskingsprogrammet. HiL. Lillehammer. Selstad, T. (1999): Østlandets framtid oslodominert eller polysentrisk? Scenarier 1996 2015. 17

Østlandsforskning. ØF-rapport nr. 08/1999. Lillehammer Wicken, O. 1997: Regionenes industrialisering et historisk perspektiv. In Isaksen, A. 1997 (ed.) s. 80-111. 18