SØKJE ARBEID I VESTNES KOMMUNE Informasjon og brukarrettleiing Generell informasjon; Vestnes kommune nyttar «Visma Enterprice Rekruttering» for handtering av søkjarar til ledige stillingar. Systemet kjenner att tilsette og søkjarar som allereie er registrert, slik at informasjonen søkjaren har lagt inn kan nyttast fleire gonger. Det er viktig at du tek deg tid til å fylle ut CV med alle opplysningane dine. Desse kjem fram på søkjarlista og er ein del av vurderinga av søkjarane. Når du har oppretta deg som brukar, vil du seinare kunne logge deg inn og finne att opplysningane dine. Viktig - Kommunalt tilsette, også vikarar, skal ikkje opprette ny brukar når dei skal logge seg inn for å søkje på ei stilling. Logg deg inn med tildelt brukarnamn og passord. Hugsar du ikkje dette, trykk «glemt brukernavn/passord». Kort forklart; - Logg inn med brukarnamn og passord, vel «meg selv» og oppdater informasjon om deg sjølv. - Gå vidare til kompetanse og legg inn opplysningane dine. - Gå til «ledige stillinger». - Vel stillinga du vil søkje på. - Trykk «søk på stilling» og følg instruksane du får vidare.
REGISTRERING AV EIGA KOMPETANSE PÅ «MEG SELV» Tilsette som har tilgang til Visma gjennom fakturaprogrammet eller andre Vismaprogram, kan logge seg inn på vanleg måte for å registrere kompetansen sin. Tilsette i Vestnes kommune som ikkje har denne tilgangen kan logge seg inn her; https://vestnes.komikt.no/vestnes_recruitment/opening;jsessionid=a7625792b6ec94 7024F717ADC3A5E75B?0 Alle fast tilsette har fått ei eiga kommunal e-postadresse (fornamn.etternamn@vestnes.kommune.no). Det er denne adressa som må nyttast for å få tilsendt brukarnamn og passord. Veit du ikkje e-postadressa di må du ta kontakt med leiaren din. For å unngå dobbelregistrering av tilsette er det er viktig at du ikkje opprettar deg som ny brukar om du allereie er registrert i systemet. For å få tilsendt brukarnamn og passord, trykkjer du «glemt brukarnavn/passord» På sida som kjem opp skriv du inn di kommunale e-postadresse og trykkjer send. Etter kort tid mottek du ein e-post med ei lenke der du må inn og verifisere e- postadressa di før du får tilsendt brukarnamn og passord. Når du opnar lenka får du dette bilete, trykk verifiser og vent på neste e-post. Når du har fått tilsendt brukarnamn og passord, loggar du deg inn og endrar passordet ved første innlogging. Når du har brukarnamn og passord tilgjengeleg vil du kunne logge deg på for å leggje inn alle opplysningane dine.
Nye brukarar Er du ny brukar går du inn på «registrer søker» Følg instruksane som kjem opp på skjermen. Etter innlogging Når du har logga deg inn, går du først til fanekortet «personalia». Her kan du redigere sivilstand, adresse og telefonnummer. Du kan også laste opp bilete av deg sjølv. Om du ligg inne med kommunal e-postadresse skal du ikkje endre denne då det kan endre tilgangane dine i andre system. Trykk lagre før du går vidare til neste fanekort, «kompetanse».
Under kompetanse legg du inn karriereinformasjon, relevant utdanning, erfaring, autorisasjonar, sertifikat, kurs, verv, uformell kompetanse og referansar. Du kan ikkje leggje til vedlegg. For å leggje til informasjon trykkjer du på plussteiknet Ver nøyaktig når du legg inn opplysningane dine, hugs å lagre for kvar kompetanselinje du skriv inn. Om du har lagt inn og lagra feil opplysningar, kan du velje å slette eller redigere kompetanselinja. Trykk på linja du vil endre eller slette. Lagre endringane eller vel slett. Alle felta merka med * må fyllast ut før du får lov til å lagre.
Søkje på stilling Gå tilbake til «hjem». Her kan du velje stillinga du er interessert i og vil lese meir om. Vel stillinga du vil søkje på, trykk «søk på stilling». Følg instruksane vidare. Merk at alle punkt merka med stjerne * må fyllast ut og eventuelle spørsmål må svarast på før du kan levere søknaden. Du kan ikkje leggje med vedlegg. Kopiar av vitnemål og attestar sendast inn ved førespurnad eller takast med til eventuelt intervju. Det er viktig at du tek deg tid til å fylle ut CV med alle opplysningane dine. Desse kjem fram på søkjarlista og er ein del av vurderinga av søkjarane. Når du har oppretta deg som brukar, vil du seinare kunne logge deg inn og finne att opplysningane dine.