Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

Like dokumenter
Protokoll frå styremøte i Språkrådet 20. mai 2011

Vedtakssak. S 34/ normalen for nynorsk rettskriving. Møtedato: 20. mai 2011 Frå: styreleiaren

Ein språknormal for lang tid

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Høyringsfråsegn frå Språkrådet om framlegg til endring av lov om stadnamn

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 18. februar 2019

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 3. september 2012

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh : Arkivkode: Dato: 06/ Tove Neset, C84 & tove.

Språkrådet Boks 8107 Dep 0032 OSLO. Vår referanse RS. Hovdebygda, 21. februar 2011 HØYRINGSFRÅSEGN OM NY RETTSKRIVING FOR NYNORSK

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Vedtaksprotokoll styremøte

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen

Skuleåret 2017/2018.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Spørsmålet om godkjenning av endringar i bokmåls- og nynorskrettskrivinga

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 27. september 2018

Vel nynorsk for barnet ditt!

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2016

KR 06/16 Oslo, januar 2016

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

RETNINGSLINJER FOR UTFORMING AV UTANDØRS SERVERING OG SAL I BRYNE SENTRUM

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN


Radøy sokneråd har i møte den 24. september 2014 hatt fylgjande sak til drøfting:

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 2008/ Elin Nicolausson

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Vedtaksprotokoll styremøte II

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Til deg som bur i fosterheim år

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. september 2007

STRYN KOMMUNE Rådmannsavdelinga

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Transkript:

Kulturdepartementet Boks 8030 Dep 0030 OSLO REF. VÅR REF. DATO 10/692-27 26. mai 2011 Tilråding om ny rettskriving for nynorsk Språkrådet gir med dette si tilråding til Kulturdepartementet om ny rettskriving for nynorsk. Styret i Språkrådet rår samrøystes til at Kulturdepartementet følgjer innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet frå rettskrivingsnemnda utan endringar. Den samrøystes innstillinga frå rettskrivingsnemnda har med dette fått prinsipiell tilslutning frå eit samrøystes fagråd for normering og språkobservasjon og eit samrøystes styre. Innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet ligg ved. Framlegget til ny rettskriving gjer det lettare å skrive rett, både for den røynde språkbrukaren og for den som er språkleg usikker. Framlegget følgjer dei føresetnadene om saka som ligg føre i St.meld. nr. 35 (2007 2008) Mål og meining, og oppfyller mandatet frå Språkrådet så langt råd er. Etter store reformer i nynorsk rettskriving i 1917, 1938 og 1959 kan eit 14 år langt arbeid no avsluttast med det vi vonar kan bli kalla 2012-normalen. 2012-normalen gjer nynorsken lett å kjenne att for den jamne brukaren. Dette er ei rettskriving som skal kunne vare lenge. Difor inneheld den også nokre radikale endringar i kombinasjon med solid vidareføring av tradisjon. Rettskrivinga er eit historisk kompromiss mellom ulike regionale målmerke i Noreg som no får meir likeverdig status. Stortinget oppheva i 2002 den språklege tilnærmingspolitikken mellom bokmål og nynorsk. Framlegget representerer den første rettskrivinga etter dette vedtaket og reverserer i liten grad det som har festa seg i perioden med språkleg tilnærmingspolitikk. Nynorsk blir likevel normert på eigen grunn. Det er lagt større vekt på det som har festa seg i skrift enn i talemål. Meir enn før blir nynorsk dermed normert som eit vanleg skriftspråk. Samstundes blir nynorsk verande eit sterkt talemålsbasert skriftspråk. Den nye rettskrivinga vil vere tenleg og slitesterk for kvardagsprosa så vel som for skapande kunst. Mange eig i språket nynorsk. Framlegget er eit kompromiss der alle har fått noko og gitt noko anna, og som ikkje har nokon tydeleg sigrande part, fløy eller fraksjon. Meiningane om enkelttiltak har vore delte både i styre, fagråd, rettskrivingsnemnd og ute blant brukarane. Nokon kvar er blitt overraska over at dei på enkeltpunkt er samde med språkmiljø dei elles plar vere usamde med. Trass all slik meiningsskilnad er nynorskbrukarane likevel nærmare ei viss semje i rettskrivingsspørsmålet enn nokon gong. Dei sentrale nynorskinstitusjonane som har uttalt seg, har då også støtta hovudtrekka i framlegget, og ingen har gått prinsipielt imot. Til skilnad frå den førre debatten om nynorskrettskriving 2001 2003 har eit breitt nynorskmiljø no samla seg om den nye rettskrivinga. POSTADRESSE KONTORADRESSE TELEFON E-POST INTERNETT Postboks 8107 Dep Observatoriegata 1 B +47 22 54 19 50 post@sprakradet.no www.sprakradet.no NO-0032 OSLO NO-0254 OSLO TELEFAKS www.språkrådet.no +47 22 54 19 51

Denne prinsipielle semja rommar ulike vurderingar av enkelttiltak. Framlegget frå nemnda blir både kritisert for å stramme inn for mykje, for lite og på feil måte. Tradisjonelle former blir gjerne avviste som vestnorske, og austnorske former blir gjerne avviste som bokmålsnære. Det krev godt skjøn å handtere ein slik situasjon. Nemnda har lytta til både kritikk, kommentarar og endringsframlegg og teke omsyn til høyringa på ei rekkje punkt i innstillinga, på same måten som nemnda undervegs tok til seg ymse innspel i den opne prosessen. Alle vedtak som er gjorde, har nemnda vurdert heile fire gonger. Nemnda har først og fremst rydda og forenkla. Når tonivåsystemet med hovudformer og sideformer også fell bort, gir alt dette eit tydelegare rettskrivingssystem for nynorsk. I den grad nemnda har stramma inn, er det gjort frå den vidare rettskrivinga, ikkje frå læreboknormalen. Talet på former i rettskrivingsframlegget er såleis mindre enn det samla talet på hovud- og sideformer i dagens rettskriving, men valfridomen blir på ein god del område like stor eller større enn i dagens læreboknormal. Rettskrivinga blir enklare, på mange punkt tydelegare, men ikkje så mykje strammare. Som det verbale språket nynorsk er, har det særleg mykje å seie at det no blir lettare å bøye verba rett. Generelt blir det fleire eineformer der nemnda har funne det forsvarleg. Der innstramming ikkje viste seg å gi enkle løysingar, valde nemnda å utvide valfridomen. Generelt har nemnda stramma inn i bøyingsverket og vore rausare med valfrie former av ord. Formene som alt står sterkt i skriftleg nynorsk, blir førte vidare. Der to former er om lag like mykje brukte, blir desse valfrie. Nemnda har også vurdert forholdet mellom tradisjonelle og nyare former, og har alt i alt stroke meir i bøyingsverket enn i lydverket. Dette gjer nynorsk til eit raust, sympatisk og inkluderande språk. Stor valfridom kan vere til størst glede for den sikre språkbrukaren, og eit hinder for den usikre. Ein rettskrivingsnormal som skal vere lett å lære, må difor ha system som kan samanfattast i reglar. Å skrive er ikkje lett for nokon, men nemnda har lagt stor vekt på at den nye rettskrivinga skal vere lettare å lære og å lære bort. Den rikdomen som språkleg talemålsvariasjon representerer i Noreg, set skriftspråket nynorsk på ein særleg prøve. Nynorsk er i ein heilt annan situasjon enn bokmål og har behov som må løysast annleis for nynorsk enn for bokmål. Der er såleis ikkje noko dominerande eller klart normsenter for nynorsk i dag, medan det finst fleire slike for bokmål. Styret har vurdert nøye kva Språkrådet kan og bør gjere med dette i lys av det både usikre og andre nynorskbrukarar treng. Det vil styrkje og lette bruken av nynorsk å fastleggje ei tilrådd norm som ikkje er obligatorisk for nokon, som ligg innanfor 2012- normalen og som er strammare enn dagens læreboknormal. Eit slikt tilbod vil ikkje gå ut over den individuelle valfridomen eller den regionale krafta i nynorsk, men gir ein ferdig pakke og eit trygt kvalitetstilbod for dei som ønskjer eller treng det. Spørsmålet var om dette bør vere ei oppgåve for Språkrådet. Mot to røyster vedtok styret å utforme Språkrådets tilrådde nynorsknorm som det står alle fritt å bruke, men som ikkje skal markerast i ordlister eller ordbøker. Eit slikt arbeid vil dra vekslar på kompetansen både i rettskrivingsnemnda, administrasjonen og fagrådet for normering og språkobservasjon. Vi reknar med at tiltaket føreset ei avklaring om kva mynde Språkrådet skal ha til normering. Språkrådets tilrådde norm må vere lett tilgjengeleg og kan mellom anna publiserast på nettstaden vår. I det mandatet styret vedtok første gongen i 2007 og i endeleg form i 2009, gjaldt det å få fram ei enkel, tydeleg og stram norm etter ein open og inkluderande prosess. Med det markerte Språkrådet både ei arbeidsform og ei retning for innhaldet. Med 2012-normalen kan dei fleste skrive nynorsk som før og framleis skrive rett. Slik sett har det vore gjort større endringar i nynorskrettskriving tidlegare. Til gjengjeld inneber framlegget Side 2 av 5

at eit hundreårgamalt system med fleire nivå i rettskrivinga blir avvikla frå 2012. Rettskrivinga representerer utan tvil også den mest demokratiske reforma i nynorsk. Alle viktige synspunkt har kome fram, både om dei prinsipielle spørsmåla ei normering reiser og om dei mange enkeltframlegga. Ingen kan gjere krav på å bli trudd som hevdar at dei ikkje fekk sagt det dei ville ved dette høvet. Prosessen har truleg involvert godt over 1000 personar. Svært mange og ulike grupper av språkbrukarar har fått ta del i den kontinuerlege høyringa, både i møte og gjennom skriftlege innspel. Rettskrivingsnemnda drøfta saka på 38 møte med institusjonar, verksemder og organisasjonar. Undervegs fekk nemnda 502 blogginnlegg og e-postar. På eit ope høyringsmøte 21. februar 2011 var 79 til stades, om lag 300 følgde høyringa direkte på nett-tv, og mange har sett på opptaket etterpå. Det kom inn heile 78 høyringssvar; medrekna eitt etter fristen, dessutan fem brev til styret etter at innstillinga var lagd fram. Rettskrivingsnemnda har lagt fram ei innstilling som er oversiktleg, pedagogisk redigert og som inneheld mykje verdfull kunnskap om utviklinga i nynorsk rettskriving gjennom heile 1900- talet. Det er all grunn til å vere imponert over krafta og soliditeten i det arbeidet som er utført, som får ros for fagleg soliditet frå svært mange hald. Framlegget har den faglege tyngda og den breie politiske legitimiteten det må ha. Rettskrivingsnemnda har til punkt og prikke følgt den stramme framdriftsplanen som styret fastsette i desember 2009. Arbeidet med 2012-normalen kan gjerne bli eit lærestykke i moderne samfunnsendring om korleis prosessar av dette slaget tener til å finne fram til kloke avgjerder i vanskelege spørsmål der meiningane er svært delte. Det er all grunn til å takke dei mange hundre som har engasjert seg i arbeidet med ny rettskriving for nynorsk, og då aller mest den nemnda som så solid og tillitsvekkjande har gjort det tyngste arbeidet: å ta stilling. Grunnlag for avgjerd Innstillinga frå rettskrivingsnemnda er formelt samrøystes. Ein av medlemene kom i ettertid med nokre eigne framlegg, trykt som vedlegg til innstillinga. Fagrådet for normering og språkobservasjon slutta seg samrøystes prinsipielt til innstillinga. Fagrådet gjorde samstundes framlegg om nokre få endringar. Styret såg faglege grunnar både for å følgje nokre av dei råda og å følgje innstillinga frå nemnda. Språkrådet har først og fremst styrt denne prosessen gjennom mandat, samansetjing av nemnd, knapp frist og organisering av arbeidet. Styret stod fritt til å gjere endringar på fagleg grunnlag i framlegget. I respekt for det arbeidet som er utført, la styret til grunn at slike endringsframlegg burde vere like godt funderte som dei konklusjonane nemnda har kome til. Elles kunne element av personleg synsing få urimeleg mykje å seie etter at den opne prosessen var avslutta. Nemnda kom ofte til at det dei trudde er vanlege og uvanlege former, viste seg å samsvare noko lite med den nynorsken som faktisk blir skriven. Då var det sannsynleg at denne typen synspunkt også i styret kunne ha skiftande nærkontakt med røynda. Styret ville berre gjere endringar i den grad ein kom til at nemnda ikkje hadde følgt mandatet eller innstillinga reiser prinsipielle spørsmål som krev andre konklusjonar enn dei nemnda har trekt. Styret fann ingen slike tilfelle. Etter at rettskrivingsnemnda hadde lagt fram innstillinga si 1. april 2011, fekk styret fem brev om saka frå enkeltpersonar, to av dei med kopi til Kulturdepartementet. Alle breva kom etter at saksførelegget til styremøtet var skrive, men dei følgde sakspapira og var med i styredrøftinga. Styret merka seg mellom anna at det blei gitt faktisk feilinformasjon som nemnda har dementert før, Side 3 av 5

og at brevskrivarane er innbyrdes usamde. Breva illustrerer kor krevjande arbeidet med denne saka har vore. Språkrådet meiner det er eit balansert og heilskapleg system for nynorsk rettskriving vi rår til at Kulturdepartementet gjer gjeldande frå 1. august 2012. Vedtak i styremøte 20. mai 2011 1 Framlegget til ny rettskriving for nynorsk gir nynorsk ei moderne, landsgyldig rettskriving. Det systemet med hovud- og sideformer som blei formalisert frå 1938, blir med dette avvikla, og nynorsk blir eit språk meir på linje med andre språk, normert på eige grunnlag. 2 Den nye nynorsknormalen balanserer godt den store talemåls- og skriftspråklege variasjonen som er særmerkt for nynorsk. Framlegget kan gjere det lettare å vere nynorskbrukar, er tydelegare for alle som bruker nynorsk som sidemål, og gjer det enklare å skrive nynorsk rett uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Den nye nynorsknormalen fører vidare former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar og sikrar at nynorsk framleis kan appellere til språkbrukarar over heile landet. Med dette framlegget kan dei aller fleste nynorskbrukarar skrive nett som før, og det blir enklare for nye generasjonar å ta til seg dette skriftspråket. 3 Den opne prosessen har sikra brei deltaking i arbeidet. Dette har gitt eit godt grunnlag for å vurdere kva endringsframlegg som har brei støtte, og kva det ikkje er mogleg å vinne tilslutning til no. Den sterke posisjonen talemål har fått i Noreg dei siste tiåra, den store variasjonen i skriftspråkleg praksis og den breie debatten har gjort at framlegget i all hovudsak er så tydeleg, enkelt og stramt som det no kunne bli om det samstundes skulle bli akseptert av breie brukargrupper. Mange har strekt seg langt for å oppnå semje. Den semja markerer eit tidvende i arbeidet med nynorsk rettskriving. 4 Språkrådet sluttar seg på alle punkt til innstillinga frå rettskrivingsnemnda og rår til at Kulturdepartementet godkjenner framlegget til ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012. Av omsyn til det arbeidet som må gjerast før den nye normalen blir teken i bruk, bed Språkrådet om at departementet tek stilling før 1. september 2011. 5 Den nye rettskrivinga viser kva som er korrekt nynorsk og gjeld for alle som pliktar å skrive innanfor ein normal. Den store valfridomen inneber at mange institusjonar, organisasjonar og verksemder i praksis kjem til å gjere mange val og fastsetje eigne husnormer. Slike husnormer skal brukast av personar med ulike språklege og kulturelle føresetnader, og dei må vere fagleg godt funderte for at dei skal dekkje dei daglege behova som følgjer av særleg mållova og arbeidet med klarspråk i offentleg forvaltning. 6 Språkrådet vil difor fastsetje ei tilrådd norm for nynorsk. Den norma blir eit tilbod som ikkje er obligatorisk å bruke for nokon, men kan gjere det lettare for mange privatpersonar å skrive regelrett og stilsikkert. Språkrådet vil stimulere flest mogleg offentlege institusjonar, produsentar av digitale språkreiskapar, forlag og aviser, og andre viktige normagentar til å bruke norma. Språkrådets tilrådde norm blir seinast fastsett på styremøtet i februar 2012. Denne norma blir tilgjengeleg som eit sjølvstendig digitalt dokument frå Språkrådet, men skal ikkje på noko vis markerast i ordbøker eller ordlister. 7 Styret bed fagrådet for normering og språkobservasjon utgreie og gi sine råd om meir overordna spørsmål som rettskrivingsnemnda ikkje kunne prioritere å ta stilling til, særleg valfridomen i kjønn på substantiv og fuge i samansetjing. Dette arbeidet må gjerast uavhengig av Side 4 av 5

innføringa av den nye rettskrivingsnormalen. Likeins bed styret fagrådet om ein plan for mogleg følgjeforsking som kan syne korleis den nye rettskrivingsnormalen verkar over tid. 8 Rettskriving i seg sjølv endrar ikkje språkbruksmønster og utbreiinga av eit språk. Språkrådet vil difor halde fram og forsterke arbeidet med tiltak som kan fremje bruken av nynorsk, med særleg vekt på nye og positive tiltak som kan verke. Vedtaket er samrøystes med unntak av punkt 5 og 6, som er vedtekne med seks mot to røyster. Strategi og handlingsplan for innføring av 2012-normalen Det finst inga felles forståing hos nynorskbrukarane av kor viktig rettskrivinga av språket er. Knapt nokon meiner den ikkje har noko å seie, og svært mange framhevar kor viktige andre faktorar er, som økonomi, demografi, hegemoni, formell og reell jamstilling. Dette vil Språkrådet følgje opp i sitt vidare arbeid i tråd med språkmeldinga. Då vi kunngjorde vedtaket i styremøtet, oppmoda vi difor dei ulike miljøa av nynorskbrukarar om å slutte opp om vedtaket og skape entusiasme om det å skrive og bruke nynorsk. Styret tok i møtet 20. mai til på den viktige drøftinga av strategi og handlingsplan i tråd med den framdriftsplanen som blei vedteken i desember 2009 og i samsvar med det vi varsla i budsjettsøknaden for 2012. Språkrådet vil seinast 4. juli leggje fram ein slik plan for Kulturdepartementet. Med venleg helsing Språkrådet (sign.) Ottar Grepstad styreleiar Arnfinn Muruvik Vonen direktør Kopi Styret i Språkrådet Fagråd for normering og språkobservasjon, Språkrådet Dei som var medlemer i Rettskrivingsnemnda for nynorsk, Språkrådet Vedlegg Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling frå rettskrivingsnemnda 1. april 2011 Fråsegn frå fagråd for normering og språkobservasjon 29. april 2011 Vegen fram til ny rettskriving (frå saksførelegg til styremøtet i Språkrådet 20. mai 2011) Side 5 av 5