POLITISK ORGANISERING - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE Arbeidsgruppa har vore samansett av: Harry Valderhaug (leiar), Trude Fjærli Giskås, Gunnar Morsund og Trine Røssevold. Giske kommunestyre vedtok i sak 169/11 følgjande mandat for arbeidsgruppa: 1. Gjennomgå reglementsamlinga for folkevalde og delegeringsreglementet. Sjå og på den politiske organiseringa. Har vi ein struktur på organiseringa som ivaretar demokratiet på ein god måte? Fungerer komite-modellen som vi har i dag etter intensjonen som politisk verkstad? 2. Gjennomgå reglementet for godtgjering til politikarar. Politisk organisering Vi har i dag ein kommstruktur med 4 fagkomitear teknisk, kultur, oppvekst og helse/omsorg. Desse komiteane er samansett av både faste og vararepresentantar frå kommunestyret. Arbeidsgruppa har drøfta korleis dagens kommarbeid fungerer, vidare sett på arbeidet i komiteane og korleis behandlinga av sakene skjer i formannskapet og kommunestyret. Komiteane var tiltenkt å vere politiske arbeidsgrupper som skulle førebu saker til kommunestyret og reise eigne saker. Komiteane skal vere politiske verkstader som tek eige initiativ, og set politisk agenda. Erfaringa med dagens organisering syner at komiteane stort sett behandlar saker frå administrasjonen. Tanken om komiteen som politisk verkstad har ikkje fungert. Ved å gje komiteane eit breiare ansvarsområde må ein kunne vente at dei vil kunne gå inn på meir strategisk og langsiktig tenking, og på den måten kan komiteane verte den politiske verkstaden som opphavleg var tenkt. Gruppa ser det som vesentleg at prosessar i Giske kommune skal vere initiert av politikarar. Politikarar skal ikkje berre behandle saker som kjem frå administrasjonen. Dersom ein har breiare ansvarsområde vil ein oppnå større heilskapstenking og ikkje berre konsentrasjon om ein sektor. Når den politiske prosessen vert tydlegare, vil ein kunne oppnå breiare og grundigare behandling i komiteane og tilrådingane få betre hald når dei skal behandlast i kommunestyret. Ved i tillegg å kunne oppnemne ad hoc utval for enkelttema/større saker der administrasjonen og innbyggjarar også kan vere med vil ein oppnå større fleksibilitet. Det må utarbeidast felles retningsliner for arbeidet i komiteane, jf.
Gruppa har drøfta dagens organisering og sett litt på andre kommunar si organisering. Etter ei heilskapleg vurdering foreslår vi ei endring frå dagens 4 komitear til ein struktur med to komitear. Politisk styringsstruktur i Giske vil etter gruppa sitt framlegget verte slik: Kommunestyret 23 medlemmmer Kontrollutval 5 medlemmer minst 1 frå K- styre Formannskap Teknisk, plan, Oppvekst, helse, 7 medlemmer kultur, miljø sosial, omsorg 9 medlemmer 9 medlemmer Namn på komiteane: KomM for miljø, kultur og tekniske saker KomM for oppvekst og helse Samansetjing Medlemmene av formannskapet og dei to komiteane skal vere medlemmer av kommunestyret. Minst ein av medlemmene i kontrollutvalet skal vere medlem av kommunestyret. Varamedlemmene til komiteane skal vere medlemmer eller varamedlemmer til kommunestyret. Minst ein av medlemmene i komiteane skal vere medlem av formannskapet, og dette skal ikkje vere leiar. 2
Ansvarsområde for dei to komitåane Komitå for miljø, kultur og tekniske saker: Kultursaker Plansaker Byggjesaksbehandling Delingssaker Veg, vatn og kloakk Hamnesaker Renovasjon Brann Forureining Oljevern Trafikktrygging oppvekst og helse: Skule Sfo Barnehage PPT teneste Helsestasjon Miljøretta helsevern Skulehelseteneste Førebyggjande helsevern Pleie- og omsorg Sosialteneste Fullmakter og oppgåver vert som no. Komiteane skal utforme tilrådingar til kommunestyret. Saker med budsjettmessige konsekvensar skal behandlast av formannskapet før dei går til kommunestyret. KomM for miljø, kultur og tekniske saker har avgjerslemynde på dei områda som komiteane for teknisk og plan, og for kultur og miljø i dag. Saksordførar I saker som komiteane legg fram for kommunestyret skal det vere saksordførarar som er oppnemnde av komiteane. Saksordførar er ansvarleg for å framføre komiteen si tilråding i den aktuelle saka i kommunestyremøte, og det skal orienterast om debatten og problemstillingar som har vore framme i komiteen. Sjølv om dette kan vere ei krevjande form, vil dette og vere med på å gi meir djupnekunnskap for dei folkevalde. Funksjonen som saksordførar skal gå på omgang blant kommmedlemmene. Det er kommleiar sitt ansvar å utpeike kven som skal vere saksordførar. Fordelane ved å nytte saksordførar er at fleire blir involverte og det vil skape større politikarengasjement. I små og enkle saker treng ein ikkje nytte saksordførar. For saker som går direkte frå formannskapet til kommunestyret har ordføraren eit ansvar for å peike ut ein saksordførar. 3
Ad hoc-utval Kommunestyret, formannskapet og komiteane kan oppnemne saksutval til å utgreie eller behandle einskilde saker eller saksfelt (Ad hoc utval). Medlemmer i slike saksutval vert valde fritt - her kan både innbyggjarar, administrasjon og folkevalde vere representerte. Andre lovpålagde og ikkje lovpålagde kommunale nemnder: Eldreråd Råd for funksjonshemma Landbruksnemnd (formannskapet) Næringsutval (formannskapet) Namnenemnd Tilflyttingsnemnd Innkvarteringsnemnd Ungdomsråd Klagenemnd Viltnemnd Forliksråd Arbeidsmiljøutval Partssamansett utval Ny organisering med to komitear nokre fordelar og ulemper : Fordelar : - Enklare og meir oversiktleg struktur. - Større politisk innverknad. - Fleire kommunestyremedlemmer får meir djupnekunnskap om fleire saker. - Totalt færre personar i komiteane og berre folkevalde medlemmer. - Den politiske prosessen blir oppstramma og ein oppnår breiare og grundigare behandling i komiteane. - KomMarbeidet vert mindre "forgjeves" når tilrådingane får større tyngde ved kommunestyrebehandlinga og kommarbeidet vert ein viktigare arena for politisk verksemd. - Generell effektivisering for administrasjonen. - Færre politiske møte. - Ein oppnår større fleksibilitet ved å kunne oppnemne ad hoc utval for tema/større saker der både administrasjonen og innbyggarar også kan vere med. - Meir kontinuitet og breiare kunnskap om fleire saker for kommunestyremedlemmene. 4
- Felles retningsliner for kommarbeidet. Ulemper: - Større saksmengde for kvar komm. - Større saksområde å setje seg inn i for kommmedlemmene - Komiteane kan bli for store for å få ein dynamisk diskusjon og få alle med i diskusjonen. - Vararepresentantar som i dag deltek i kommarbeid vert mindre involverte og meir vara enn før. Tilsvarande vert dei faste medlemane i kommunestyret meir faste og involverte i sakene. Iverksetjing Kommunestyret må vurdere om omorganiseringa skal gjelde frå 1. januar 2013, eller om ein skal vente til valet i 2015. Ulempa er at ei omorganisering midt i perioden kan skape støy, og at ein vil få mindre kontinuitet i arbeidet til noverande komitear. På den andre sida er økonomisk innsparing og effektivisering eit argument for at endringa bør settast ut i livet frå 1. januar 2013. Politisk verkstad Komiteane må vere klar over sitt ansvar for å fremje saker på eige initiativ. Dette skjer nesten ikkje i dag. Eit moment for å få i gong eit slikt initiativ, er å ta med eit punkt på saklista til kommmøta som for eksempel vert kalla: Fremjing av saker, jr. spørjetime. Delegeringsreglementet Arbeidsgruppa går inn for maksimal delegering ein periode etter at omorganiseringa er sett i verk for å vinne erfaring med korleis ny politisk struktur vil fungere. Godtgjersle Arbeidsgruppa held fast på at godtgjersla til folkevalde vert uendra med eit par unntak. G skal framleis nytta som regulator og godtgjersla til ordførar vert som før, 9 G. 5
Gruppa tilrår ut over dette at møtegodtgjersla til formannskapet vert redusert til 0,15 % av ordføraren si godtgjersle. Grunnlaget for dette er at formannskapet har færre og kortare møte enn dei hadde tidlegare. Vidare tilrår gruppa at den faste godtgjersla til kommleiarane vert fjerna. Dette vert kompensert med at kommleiarane får dobbel møtegodtgjersle. Det blir vidare tilrådd at godtgjersla til barnepass m.m. (pkt. 7 i reglementet) vert sett til kr 100,- pr time (maks kr 750,- pr dag). Dette vert også gjort gjeldande for politikarar som har familiemedlemmer som treng særskilt omsorg. Sjå vedlegg nr 1 forslag til nytt godtgjerslereglement. 6